5 Regulering av bruk av ansiktsdekkjande plagg i andre land
5.1 Norden
Verken Danmark, Sverige, Finland eller Island har innført nasjonale reglar om bruk av plagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet, i barnehagar. I Danmark er bruk av plagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet, blant personalet i «dagtilbud» omtalt i «Vejledning om dagtilbud». Denne rettleiinga er ikkje rettsleg bindande, men gir ei utdjupande skildring av reglane om «dagtilbud». Det går fram av punkt 259 Påklædning i rettleiinga at:
«Reglerne på dagtilbudsområdet giver kommunerne mulighed for f.eks. i retningslinjer for de kommunale dagtilbud at opstille saglige og nødvendige hensyn, som efter en konkret vurdering kan tillægges vægt i forbindelse med besættelse af stillinger i kommunale dagtilbud, herunder krav til ansøgerens beklædning med videre.
En beklædning, hvor både dagplejerens krop og ansigt er tildækket, kan som udgangspunkt ikke anses som foreneligt med at passe børn i hverken kommunale dagtilbud eller private pasningsordninger, fordi det vanskeliggør kommunikationen med børnene. Hensynet til en forsvarlig pasning af barnet vil således altid komme i første række.
Det skal i den forbindelse imidlertid generelt påpeges, at den almindelige forvaltningsretlige grundsætning om, at en myndighed ikke lovligt kan opstille regler, der afskærer eller begrænser en skønsmæssig afvejning, også gælder for sager om ansættelse i den offentlige forvaltning, f.eks. i kommunal dagpleje. Dette indebærer, at eventuelle udarbejdede retningslinjer for, hvorledes ansøgernes kvalifikationer skal bedømmes, jf. herom ovenfor, ikke må udformes på en sådan måde, at en enkelt faktor opstilles som en ufravigelig regel.»
Verken Danmark, Sverige eller Island har innført nasjonale reglar om bruk av plagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet, i skolar. I Sverige har Skolverket, som svarer til det norske Utdanningsdirektoratet, utarbeidd nasjonale retningslinjer om «heltäckande slöja i skolan». Dei svenske retningslinjene slår fast at utgangspunktet er at alle kan kle seg som dei vil i skolen. Den svenske diskrimineringslova hindrar i utgangspunktet skolen i å nekte elevar å gå med plagg som dekkjer ansiktet. Det er læraren, med støtte frå rektor, som har ansvar for å leggje til rette for at alle elevar lærer det dei skal, uavhengig av kva klede den enkelte eleven møter i. Læraren kan likevel, i særskilde situasjonar, be ein elev ta av seg eit plagg som dekkjer ansiktet, eller forby eleven å ha på plagget. Dette er når plagget vesentleg forvanskar kontakten og samspelet mellom lærarar og elevar i situasjonar der samspelet mellom elevar og mellom lærar og elevar er særleg viktig. Likeins kan læraren forby ansiktsdekkjande plagg der plagget utgjer ein særleg risiko ved laboratorieforsøk eller liknande forsøk, eller i undervisningssituasjonar der det er særlege reglar knytte til hygiene. Læraren må vurdere om undervisninga kan tilpassast, og om det finst andre måtar å gjennomføre undervisninga på enn å be eleven ta av plagget som dekkjer ansiktet. I dei tilfella der det er behov for å identifisere eleven, fastslår retningslinjene at dette bør kunne ordnast gjennom at eleven løftar på plagget og viser ansiktet.
I Danmark er det som hovudregel opp til leiinga ved den enkelte skolen eller utdanningsinstitusjonen å avgjere korleis elevar og tilsette skal vere kledde. Det finst døme på utdanningsinstitusjonar som har forbod mot tildekking i undervisninga som ein del av ordensreglementet. Dette gjeld ei rekkje vaksenundervisningssenter. Det følgjer vidare av «ledelsesretten» at leiinga på skolar og ungdomsutdanningar og liknande kan fastsetje nærmare reglar for dei tilsette, medrekna reglar om påkledning.
Folketinget i Danmark skal behandle eit «beslutningsforslag» fremja av Dansk Folkeparti i oktober 2017, der regjeringa blir pålagd å leggje fram eit lovforslag om innføring av forbod mot «maskering og heldækkende beklædning i det offentlige rum» i Danmark.
5.2 Andre land i Europa
5.2.1 Frankrike
I april 2011 blei Frankrike det første europeiske landet som innførte eit generelt forbod mot bruk av plagg som dekkjer ansiktet, i det offentlege rommet. Den europeiske menneskerettsdomstolen slo i 2014 fast at forbodet ikkje er i strid med menneskerettane. Sjå nærmare omtale av dommen frå 2014 under punkt 9.3. Franske myndigheiter har tre hovudargument for å innføre eit forbod mot bruk av nikab. For det første kan bruk av denne typen plagg bidra til å krenkje rettane til kvinner, oppretthalde stereotype kjønnsroller og motverke likestilling. For det andre kan det ha negative konsekvensar for tryggleiken i det offentlege rommet. For det tredje er det å dekkje til ansiktet i strid med dei grunnleggjande verdiane det franske samfunnet byggjer på. Forbodet må sjåast i samanheng med Frankrikes sterke sekulære tradisjon, som byggjer på eit klart skilje mellom stat og religion. Dei religiøse eller livssynsmessige overtydingane til borgarane er rekna for å vere ei privatsak.
5.2.2 Belgia
I Belgia tredde eit generelt forbod mot all påkledning som skjuler identiteten til den som ber plagget, i kraft i juli 2011. Lova gjeld i det offentlege rommet. Personar som bryt forbodet, kan få ei bot på mellom 15 og 20 EUR og/eller bli fengsla i 1–7 dagar.
Når det gjeld skolar, er det ulik praksis, sidan utdanning i Belgia er regulert av høvesvis det flamske, det franske og det tysktalande samfunnet. Ifølgje den belgiske grunnlova har alle samfunna ei plikt til å organisere nøytral utdanning. Det inneber respekt for religiøs, ideologisk og politisk overtyding hos både elevar og foreldre. Tidlegare har mange skolar og lokale myndigheiter innført interne reguleringar som forbyr tildekking av hovudet generelt og bruk av religiøse og kulturelle symbol og plagg spesielt.
5.2.3 Tyskland
Tyskland har i dag ikkje eit generelt forbod mot å bruke ansiktsdekkjande plagg. Det er samtidig 16 delstatar som har innført lover som forbyr lærarar å bruke synlege religiøse klede og symbol i offentlege skolar, inkludert ansiktsdekkjande plagg. Lovene er ikkje direkte retta mot muslimske klesplagg, men dei gjer eit unntak for klede og symbol som høyrer saman med kristendommen eller annan vestleg tradisjon. Fleire av forboda gjeld òg for elevar.
5.2.4 Nederland
I Nederland er det per i dag ikkje noko generelt forbod mot å bruke ansiktsdekkjande plagg i det offentlege rommet, men eit avgrensa forbod mot å dekkje til ansiktet i utdannings- og helseinstitusjonar og på offentleg transport.