11 Økonomiske og administrative konsekvensar
I høyringsnotatet vurderte departementet at forslaget ikkje ville få særlege administrative eller økonomiske konsekvensar. KS peikar i høyringssvaret sitt på at alle kommunar og fylkeskommunar vil måtte revidere forskriftene og ordensreglementa sine dersom eit nasjonalt forbod blir innført. Det vil måtte utarbeidast internkontrollrutinar for kommunen og fylkeskommunen si handheving av forbodet både for elevar og tilsette.
Departementet sluttar seg til KS si vurdering om at forslaget vil gi administrative konsekvensar knytte til at kommunar og fylkeskommunar må gjennomgå ordensreglementet for skolar og reglar for reaksjonar overfor deltakarar som opptrer i strid med forbodet mot ansiktsdekkjande plagg i vaksenopplæringa og i opplæring etter introduksjonslova. Også friskolar, skolar som er godkjende etter vaksenopplæringslova kapittel 4, folkehøgskolar, fagskolar og universitet og høgskolar vil få noko meirarbeid knytt til å fastsetje reaksjonar for brot på forbodet, og i tillegg retningslinjer for handheving av forbodet.
Departementet legg til grunn at forslaget om å forby bruk av plagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet i barnehagar og undervisningssituasjonar vil ha få økonomiskeog administrative konsekvensar utover dette.