7 Høyringsforslaget
7.1 Forslaget om å lovfeste eit forbod mot bruk av ansiktsdekkjande plagg
Departementet foreslo i høyringa å lovfeste eit nasjonalt forbod mot bruk av ansiktsdekkjande plagg i barnehagar, skolar, folkehøgskolar, ved universitet, høgskolar, fagskolar og i undervisning i ordningane etter introduksjonslova. Det blei lagt til grunn at forbodet vil omfatte plagg som nikab og burka. For alle områda blei det foreslått eit unntak for bruk av plagg som er grunngitt i klimatiske, pedagogiske, helsemessige eller tryggleiksmessige forhold. Forbodet skulle med andre ord ikkje vere til hinder for at til dømes barnehagetilsette kler seg med luer eller skjerf som delvis dekkjer ansiktet, om vinteren, eller for at elevar bruker maske i undervisninga av omsyn til tryggleiken.
Departementet viste til at det i dag er mogleg å forby bruk av ansiktsdekkjande plagg lokalt. Både skoleeigarar, universitet, høgskolar og fagskolar har høve til å vedta lokale forbod ved dei respektive undervisningsstadene. Eit slikt forbod må vere nøytralt og ikkje-diskriminerande. I tillegg la departementet til grunn at det vil liggje innanfor styringsretten til arbeidsgivaren å forby tilsette i barnehage, skole, høgare utdanning og ordningane etter introduksjonslova å bruke ansiktsdekkjande plagg. Føresetnaden er at avgjerda om å forby tilsette å nytte enkelte typar plagg kviler på saklege omsyn og ikkje strir mot føresegner i den individuelle arbeidsavtalen eller anna lovgiving, som til dømes diskrimineringslovverket.
Departementet viste vidare til at det ikkje er ønskjeleg at elevar, studentar og tilsette dekkjer til ansiktet i undervisningssituasjonar, fordi dette kan hindre samhandling, kommunikasjon og eit godt læringsmiljø. Sjølv om det er opning for å forby denne typen plagg lokalt, la departementet blant anna vekt på at omsynet til lik praksis i heile landet talte for å innføre eit nasjonalt forbod. Departementet viste òg til at eit nasjonalt forbod kan verke førebyggjande og vere meir føreseieleg. Det blei òg peika på ønsket om eit ope samfunn der alle kan sjå ansikta til kvarandre, og at mange reknar dette for å vere ein viktig verdi i det norske samfunnet. Barnehagar og utdanningsinstitusjonar er sentrale samfunnsarenaer der eit slikt verdisyn bør vere grunnleggjande.
Departementet la i høyringa fram ei vurdering av moglege konsekvensar forslaget ville kunne ha for integreringa. Vurderinga inkluderte både integreringsmessige konsekvensar for den enkelte brukaren av religiøst grunngitte plagg, og konsekvensane for integrering av innvandrarar i det norske samfunnet generelt.
Departementet la i høyringsnotatet fram ei grundig vurdering av forholdet til menneskerettane og konkluderte med at det foreslåtte forbodet vil liggje innanfor Noregs menneskerettslege forpliktingar.
Departementet foreslo å forankre forbodet i ny § 18 b i barnehagelova, ny § 9-7 i opplæringslova, ny § 3-15 i friskolelova, endra § 24 i vaksenopplæringslova, ny § 5 b i folkehøgskolelova, ny § 7-8 i universitets- og høgskolelova, ny § 19 i fagskolelova og ny § 28 i introduksjonslova. Avgrensinga av verkeområdet for det foreslåtte forbodet og reguleringa av reaksjonar i dei ulike lovene er omtalt nærmare nedanfor.
På bakgrunn av innspel departementet fekk under utgreiinga av lovforslaget, bad departementet høyringsinstansane vurdere eit alternativ til å innføre nasjonalt forbod mot ansiktsdekkjande plagg i barnehagar og ved utdanningsinstitusjonar. Alternativet gjekk ut på å behalde dagens regelverk med moglegheit for lokale forbod og å innføre ei plikt for institusjonane til anten å gi ei tilvising til skolehelsetenesta eller helsestasjonen for samtale eller til å gjennomføre samtale med eleven eller studenten som møter opp til undervisninga med ansiktsdekkjande plagg.
7.2 Barnehagar
For barnehagar foreslo departementet at forbodet mot bruk av ansiktsdekkjande plagg skulle gjelde tilsette i barnehagen når dei er på barnehageområdet eller deltek i aktivitetar i regi av barnehagen utanfor barnehageområdet. Ifølgje forslaget skulle forbodet berre gjelde i situasjonar der barn er til stades. Departementet grunngir dette med at forbodet skal vareta omsynet til god kommunikasjon mellom dei tilsette og barna i barnehagen. Ifølgje forslaget ville det til dømes vere mogleg for dei tilsette å bere ansiktsdekkjande plagg på personalmøte. Forbodet blei foreslått å gjelde tilsvarande for andre personar som utfører pedagogiske oppgåver med heimel i barnehagelova, til dømes studentar som har praksisopphald i barnehagen.
Forbodet i høyringsforslaget omfatta ikkje barna i barnehagen, ettersom departementet såg det som særs lite sannsynleg at barn i barnehagealder bruker ansiktsdekkjande plagg utanom i dei tilfella som ville vore regulerte som unntakstilfelle, jf. punkt 7.1.
Høyringsforslaget frå departementet omfatta føresegner om reaksjonar som følgje av at barnehagetilsette eller andre personar bryt forbodet mot bruk av ansiktsdekkjande plagg. Departementet foreslo at barnehageeigaren eller kommunen først skal gi den det gjeld pålegg om å fjerne ansiktsplagget. Om vedkommande ikkje rettar seg etter pålegget, skal barnehageeigaren eller kommunen oppmode personen om å forlate barnehageområdet for resten av arbeidsdagen. Gjentekne brot på forbodet kan gi grunnlag for oppseiing etter reglane i kapittel 15 i arbeidsmiljølova. Departementet understreka i høyringa kor viktig det er at barnehageeigaren eller kommunen freistar å løyse saka gjennom dialog med den det gjeld, før dei set i verk reaksjonar.
7.3 Skolar
I høyringa foreslo departementet å innføre forbod mot ansiktsdekkjande plagg for elevar og tilsette ved skolar regulerte av opplæringslova, friskolelova, vaksenopplæringslova kapittel 4 og folkehøgskolelova.
For elevar i offentlege skolar, friskolar og skolar godkjende etter vaksenopplæringslova kapittel 4 foreslo departementet at forbodet skulle gjelde i undervisninga, i friminutt på skoleområdet, på turar og arrangement i regi av skolen, i leksehjelpordninga og i skolefritidsordninga.
For elevar i folkehøgskolar foreslo departementet at forbodet skulle gjelde i undervisninga, i friminutt på skoleområdet og på turar og arrangement i regi av skolen.
Departementet foreslo at høvesvis skoleeigaren og styret ved dei ulike skolane skal fastsetje kva for nokre reaksjonar som skal gjelde ved brot på forbodet. Ved offentlege skolar, friskolar og skolar godkjende av vaksenopplæringslova kapittel 4, blei det lagt opp til at reaksjonane skulle fastsetjast i ordensreglementet ved skolen. Det er ikkje krav om at folkehøgskolar har eit ordensreglement. For folkehøgskolar foreslo departementet at styret skal fastsetje reaksjonar på brotet, utan å vise til at dette skal gjerast i ordensreglementet. Departementet understreka i høyringa kor viktig det er at skoleeigaren freistar å løyse saka gjennom dialog med den det gjeld, anten tilsett eller elev, før dei set i verk reaksjonar.
Departementet foreslo vidare at dei som arbeider på skolen, og som er i kontakt med elevane, òg skal vere omfatta av forbodet mot bruk av ansiktsdekkjande plagg. Foreldre til elevar var derimot ikkje foreslått omfatta. Når det gjaldt reaksjonar, gjekk forslaget ut på at dersom ein tilsett opptrer i strid med forbodet, skal skoleeigaren eller styret be den tilsette om å fjerne plagget som dekkjer ansiktet. Dersom den tilsette ikkje fjernar plagget, skal skoleeigaren eller styret be den tilsette om å forlate skoleområdet for resten av arbeidsdagen. Gjentekne brot på forbodet kan gi grunnlag for oppseiing av den tilsette etter reglane i arbeidsmiljølova kapittel 15. Forslaget hadde likelydande føresegner for tilsette i opplæringslova, friskolelova, vaksenopplæringslova og folkehøgskolelova.
7.4 Universitet, høgskolar og fagskolar
Departementet foreslo i høyringa å innføre eit forbod mot ansiktsdekkjande plagg for studentar og tilsette ved universitet, høgskolar og fagskolar i samband med undervisning. Dette omfattar òg turar, ekspedisjonar og liknande i tilknyting til undervisninga eller verksemda ved utdanningsinstitusjonen, og på områda til utdanningsinstitusjonen i pausar og liknande i tilknyting til studiane.
Som reaksjon overfor studentar ved universitet, høgskolar og fagskolar som trass skriftleg åtvaring bryt forbodet, foreslo departementet at studenten kan visast bort i inntil eitt år. Om studenten trass skriftleg åtvaring ikkje rettar seg etter eit vedtak om bortvising, kan studenten bli utestengd frå utdanninga i inntil eitt år. Departementet foreslo at avgjerda om bortvising kan treffast av rektor eller den rektor gir fullmakt. Avgjerd om utestenging er det styret sjølv eller klagenemnda ved institusjonen som tek.
Som reaksjon overfor ein tilsett ved universitet, høgskolar og fagskolar som opptrer i strid med forbodet, foreslo departementet at den tilsette får beskjed om å fjerne klesplagget som dekkjer ansiktet. Gjentekne brot på forbodet kan vere grunnlag for å seie opp den tilsette. Departementet understreka i høyringa kor viktig det er å freiste å løyse saka gjennom dialog med den det gjeld, før ein set i verk reaksjonar.
7.5 Ordningane etter introduksjonslova
Departementet foreslo i høyringa å innføre forbod mot ansiktsdekkjande plagg for deltakarar i opplæring eller kvalifiseringstiltak som blir gitt etter introduksjonslova. Lova gjeld introduksjonsprogram og opplæring i norsk og samfunnskunnskap retta mot nykomne innvandrarar. Forbodet blei foreslått å gjelde tilsvarande for tilsette som utfører oppgåver etter introduksjonslova.
Når det gjeld reaksjonar på at ein deltakar bryt forbodet mot ansiktsdekkjande plagg, foreslo departementet at kommunen får myndigheit til å stanse ordninga for deltakaren. Forslaget innebar ei utviding av høvet til å stanse programmet og opplæringa i norsk og samfunnskunnskap som allereie er regulert i lova. Departementet foreslo at det bør vere høve til mellombels eller permanent stans, slik at det første gong forbodet blir brote, berre kan gjerast vedtak om mellombels stans, og ved gjentekne brot permanent stans. Stans i introduksjonsordninga inneber blant anna at utbetaling av introduksjonsstønaden etter kapittel 3 i introduksjonslova blir stansa. Departementet presiserte i høyringa at kommunen gjennom dialog skal freiste å finne løysingar som gjer at forbodet blir følgt, før dei set i verk stans i ordninga.
Når det gjeld reaksjonar på at ein tilsett bryt forbodet, foreslo departementet at kommunen skal gi den tilsette pålegg om å fjerne klesplagget. Om den tilsette ikkje rettar seg etter pålegget om å fjerne klesplagget, skal kommunen oppmode personen om å forlate undervisningsstaden for resten av arbeidsdagen. Gjentekne brot på forbodet kan gi grunnlag for oppseiing av den tilsette etter reglane i kapittel 15 i arbeidsmiljølova.