12 Merknader til lovforslaget
12.1 Barnehagelova
Til § 18 c
Paragrafen er ny. Første ledd første punktum slår fast at personar som er fast eller mellombels tilsette i barnehagen eller utfører pedagogiske oppgåver med heimel i barnehagelova, ikkje skal bruke klesplagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet i arbeidstida. Forbodet gjeld uavhengig av lengda på tilsetjingsforholdet. Det betyr at forbodet òg gjeld for vikarar og andre i korttidsengasjement. Personar som ikkje er tilsette i barnehagen, er omfatta av forbodet når dei utfører pedagogiske oppgåver med heimel i barnehagelova. Dette kan til dømes vere personar som er tilsette i kommunen, og som utfører oppgåver knytte til spesialpedagogisk hjelp eller teiknspråkopplæring i barnehagen.
Første ledd andre punktum slår fast at forbodet etter første punktum berre gjeld når personen er på området til barnehagen eller deltek i aktivitetar i regi av barnehagen. Det har ikkje noko å seie om barna er til stades eller ikkje, jf. første punktum, som slår fast at forbodet gjeld i heile arbeidstida. Det betyr at forbodet til dømes òg gjeld på personalmøte og foreldresamtalar.
Andre ledd slår fast at forbodet i første ledd ikkje gjeld når bruken av slike klesplagg er grunngitt i klimatiske, pedagogiske, helsemessige eller tryggleiksmessige forhold. Det betyr at forbodet til dømes ikkje rammar klesplagg som blir brukte på grunn av kulde eller sterk sol, utkledningsutstyr som blir brukt i samband med leik eller skodespel, bandasjar, munnbind eller verneutstyr.
Tredje ledd slår fast at dersom personar som er tilsette i barnehagen bruker klesplagg i strid med forbodet i første ledd, jf. andre ledd, skal barnehageeigaren gi dei pålegg om å fjerne klesplagget. I tilfelle der andre personar som utfører pedagogiske oppgåver med heimel i barnehagelova, bryt forbodet, skal kommunen gi dei pålegg om å fjerne klesplagget. Gjentekne brot på forbodet kan gi grunnlag for oppseiing. Oppseiing må gjerast i tråd med regelverket for dette.
12.2 Opplæringslova
Til § 2-12
I tredje ledd i bestemmelsen vert det vist til § 9-7. Endringa inneber at forbodet mot bruk av ansiktsdekkjande plagg i § 9-7 gjelder for private grunnskoler som har godkjenning etter opplæringslova § 2-12.
Til § 9-7
Paragrafen er ny. Første ledd slår fast at elevar ikkje skal bruke klesplagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet, i følgjande situasjonar: i undervisninga og i vurderingssituasjonar, på turar og arrangement i regi av skolen, i leksehjelpa og i skolefritidsordninga. Forbodet gjeld uavhengig av om undervisninga skjer på området til skolen eller ikkje. Med «vurderingssituasjonar» er det meint skriftleg og munnleg eksamen, tentamen, heildagsprøver og så vidare. Turar kan til dømes vere leirskoleopphald eller kortare turar i nærområdet kring skolen. Arrangement kan vere sommar- og juleavslutningar. Forbodet gjeld ved all leksehjelp skolen tilbyr, òg der skolen tilbyr leksehjelp ut over det som er lovpålagt. Forbodet gjeld ikkje i friminutt og pausar og heller ikkje på skolevegen.
Andre ledd slår fast at lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar ikkje skal bruke klesplagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet, når dei får opplæring i bedrift.
Tredje ledd slår fast at forbodet mot bruk av klesplagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet i første og andre ledd ikkje gjeld når bruken av slike klesplagg er grunngitt i klimatiske, pedagogiske, helsemessige eller tryggleiksmessige forhold. Det betyr at forbodet til dømes ikkje rammar klesplagg som blir brukte på grunn kulde eller sterk sol, utkledningsutstyr som blir brukt i samband med skodespel, bandasjar, munnbind eller verneutstyr.
Fjerde ledd første punktum slår fast at brot på forbodet i første ledd kan føre til reaksjonar i samsvar med ordensreglementet ved skolen. Det betyr at skoleeigar kan bestemme å setje i verk reaksjonar overfor ein elev som bryt forbodet mot å bruke ansiktsdekkjande plagg, dersom dialog med eleven ikkje fører fram. Dialog med eleven skal alltid forsøkjast, for å unngå å bruke reaksjonar. Reaksjonar som kan nyttast må gå fram av ordensreglementet ved skolen. Det kan vere ulike refsingstiltak, som merknad, skriftleg åtvaring til eleven eller føresette eller pålegg om å utføre oppgåver før eller etter skoletid. Skoleeigaren må gjere ei konkret vurdering i kvart enkelt tilfelle av kva for ein reaksjon som er rimeleg å nytte ved brot på forbodet. I vurderinga av korleis skoleeigaren skal reagere, vil det blant anna vere relevant å ta omsyn til alderen til barnet, motiva for å bruke plagget, om brotet har skjedd gjentekne gonger, og kva som er årsaka til at eleven ikkje har retta seg etter eventuelle pålegg frå skolen om å ta av plagget. Det følgjer av § 9 A-11 første og andre ledd at skoleeigaren har høve til å fastsetje i ordensreglementet at bortvising kan nyttast som reaksjon, i grunnskolen og i vidaregåande opplæring. I dei tilfella der skoleeigaren har vedteke bortvising som reaksjon i ordensreglementet sitt, kan bortvising nyttast ved brot på forbodet mot bruk av ansiktsdekkjande plagg. Skoleeigaren bør likevel vere varsam ved bruk av bortvising, særleg i grunnskolen. Bruk av ansiktsdekkjande plagg vil berre unntaksvis kunne reknast som «særleg alvorlege» brot på ordensreglementet, og dermed i vidaregåande skole gi grunnlag for bortvising resten av skoleåret, jf. § 9 A-11 andre ledd andre punktum. Det er vist til at andre tiltak skal vere vurderte før det blir gjort vedtak om bortvising, jf. § 9 A-11 fjerde ledd første punktum. Det kan ikkje nyttast strengare reaksjonar enn bortvising for brot på forbodet mot bruk av klesplagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet. Når skolen sett i verk reaksjonar for brot på forbodet, vil sakshandsamingsreglar som er fastsette i skolen sitt ordensreglement gjelde. Eit vedtak om bortvising vil vere eit enkeltvedtak som kan påklagast etter reglane i forvaltningslova §§ 28 flg. Mildare reaksjonar enn bortvising vil normalt ikkje vere enkeltvedtak etter forvaltningslova.
Fjerde ledd andre punktum slår fast at skoleeigaren fastset reaksjonar for brot på forbodet mot ansiktsdekkjande plagg som finn stad under opplæring spesielt organisert for vaksne etter opplæringslova kapittel 4A. Føresegna er teken inn fordi skoleeigaren ikkje pliktar å fastsetje ordensreglement i vaksenopplæringa.
Fjerde ledd tredje punktum slår fast at reaksjonane skoleeigaren fastset for deltakarar i vaksenopplæringa, skal gjerast kjende for deltakarane på førehand. Dette kan til dømes bli gjort i samband med at dei får tilbod om plass i vaksenopplæringa.
Femte ledd første punktum slår fast at dei som underviser på skolen, ikkje skal bruke klesplagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet når dei underviser elevane. Det er to separate vilkår som må vere oppfylte samtidig for at ein person skal vere å rekne som omfatta av forbodet etter femte ledd. For det første må vedkommande ha undervisningsoppgåver som blir utførte anten på skolen eller utanfor skoleområdet, på turar eller liknande. For det andre gjeld forbodet berre når vedkommande underviser elevane, ikkje i andre delar av arbeidstida.
Det første vilkåret inneber at vedkommande underviser ved skolen. Personkrinsen omfattar undervisningspersonale som har eit tilsetjingsforhold til skolen eller skoleeigaren, uavhengig av om det er fulltid eller deltid, fast eller mellombels, kort- eller langvarig. Også andre som underviser på skolen vil vere omfatta av uttrykket «som underviser på skolen», uavhengig av kven som er arbeidsgivaren deira, eller om dei får lønn. Det avgjerande er at vedkommande deltek i undervisning. Ordlyden er òg meint å omfatte tilsette ved skolen som har vakt eller oppsyn med elevane i friminutt og pausar, ettersom dei same omsyna til kommunikasjon med elevane gjeld her som ved rein undervisning. Personar som i utgangspunktet ikkje har undervisningsoppgåver, som administrativt personale, rådgivarar, skolebibliotekarar, sosiallærarar og inspektørar, er ikkje omfatta av forbodet med mindre dei deltek i undervisningssituasjonar. Helsesøster vil vere omfatta av forbodet når han eller ho underviser elevar, og når han eller ho har samtalar med elevar. Tilsette i pedagogisk-psykologisk teneste vil vere omfatta av forbodet når dei underviser elevar, og når dei har samtalar med elevar. Personar som arbeider i SFO eller leksehjelpordninga er òg omfatta av omgrepet «dei som underviser på skolen».
Omgrepet «på skolen» skal ikkje forståast som fysisk «på skolen». Forbodet gjeld til dømes òg der det blir gitt undervisning utanfor skoleområdet.
Det andre vilkåret inneber at forbodet berre gjeld når vedkommande faktisk underviser elevane. I resten av arbeidstida, til dømes når vedkommande gjer andre oppgåver, som å førebu undervisninga, rette oppgåver eller delta i personalmøte, gjeld ikkje forbodet. For tilsette i SFO og leksehjelpa gjeld forbodet ikkje når dei ikkje er saman med elevane.
Bestemmelsen slår vidare fast at forbodet mot bruk av ansiktsdekkjande plagg ikkje gjeld om bruken er grunngitt i klimatiske, pedagogiske, helsemessige eller tryggleiksmessige forhold. Personar som underviser på skolen kan derfor uavhengig av forbodet til dømes bruke skjerf framfor ansiktet om det er nødvendig på grunn av kulde.
Femte ledd andre punktum slår fast at dersom personar som underviser på skolen og er omfatta av forbodet bruker klesplagg i strid med forbodet i første punktum, skal skoleeigaren gi dei pålegg om å fjerne klesplagget. Skoleeigaren kan delegere myndigheita til å påleggje personar å fjerne ansiktsdekkjande plagg som blir brukte i strid med forbodet til til dømes skoleleiaren eller andre personar i skolen som naturleg representerer skoleeigaren.
Femte ledd tredje punktum slår fast at gjentekne brot på forbodet kan føre til oppseiing. Oppseiing må gjerast i tråd med regelverket for dette.
§ 9-7 gjeld for elevar og undervisningspersonale når det blir gitt opplæring etter § 13-2, § 13-2 a og § 13-3 a i barnevernsinstitusjonar, i fengsel og i helseinstitusjonar.
12.3 Friskolelova
Til § 3-15
Paragrafen er ny. Første ledd slår fast at elevar ikkje skal bruke klesplagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet, i følgjande situasjonar: i undervisninga og i vurderingssituasjonar, på turar og arrangement i regi av skolen, i leksehjelpa og i skolefritidsordninga. Forbodet gjeld uavhengig av om undervisninga skjer på området til skolen eller ikkje. Med «vurderingssituasjonar» er det meint skriftleg og munnleg eksamen, tentamen, heildagsprøver og så vidare. Turar kan til dømes vere leirskoleopphald eller kortare turar i nærområdet kring skolen. Arrangement kan vere sommar- og juleavslutningar. Forbodet gjeld ved all leksehjelp skolen tilbyr, òg der skolen tilbyr leksehjelp ut over det som er lovpålagt. Forbodet gjeld ikkje i friminutt og pausar og heller ikkje på skolevegen.
Andre ledd slår fast at forbodet mot bruk av klesplagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet, ikkje gjeld når eleven bruker ansiktsdekkjande plagg på grunn av klimatiske, pedagogiske, helsemessige eller tryggleiksmessige forhold. Det betyr at forbodet til dømes ikkje rammar klesplagg som blir brukte på grunn kulde eller sterk sol, utkledningsutstyr som blir brukt i samband med skodespel, bandasjar, munnbind eller verneutstyr.
Tredje ledd slår fast at brot på forbodet i første ledd kan føre til reaksjonar i samsvar med ordensreglementet ved skolen. Det betyr at styret i friskolen kan avgjere å setje i verk reaksjonar overfor ein elev som bryt forbodet mot å bruke ansiktsdekkjande plagg, dersom dialog med eleven ikkje fører fram. Dialog med eleven skal alltid forsøkjast, for å unngå å bruke reaksjonar. Reaksjonar som kan nyttast, må gå fram av ordensreglementet ved skolen. Det kan vere ulike refsingstiltak, som merknad, skriftleg åtvaring til eleven eller føresette eller pålegg om å utføre oppgåver før eller etter skoletid. Styret må gjere ei konkret vurdering i kvart enkelt tilfelle av kva for ein reaksjon som er rimeleg å nytte ved brot på forbodet. I vurderinga av korleis styret skal reagere, vil det blant anna vere relevant å ta omsyn til alderen til barnet, motiva for å bruke plagget, om brotet har skjedd gjentekne gonger, og kva som er årsaka til at eleven ikkje har retta seg etter eventuelle pålegg frå skolen om å ta av plagget. Det følgjer av § 3-10 første og andre ledd at styret har høve til å fastsetje i ordensreglementet at bortvising kan nyttast som reaksjon, i grunnskolen og i vidaregåande opplæring. I dei tilfella der styret har vedteke bortvising som reaksjon i ordensreglementet, kan bortvising nyttast ved brot på forbodet mot bruk av ansiktsdekkjande plagg. Styret bør likevel vere varsame ved bruk av bortvising, særleg i grunnskolen. Bruk av ansiktsdekkjande plagg vil berre unntaksvis kunne reknast som «særleg alvorlege» brot på ordensreglementet og dermed i vidaregåande skole gi grunnlag for bortvising resten av skoleåret, jf. § 3-10 andre ledd andre punktum. Departementet viser til at andre tiltak skal vere vurderte før det blir gjort vedtak om bortvising, jf. § 3-10 fjerde ledd første punktum. Det kan ikkje nyttast strengare reaksjonar enn bortvising for brot på forbodet mot bruk av klesplagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet. Når skolen sett i verk reaksjonar for brot på forbodet, vil sakshandsamingsreglar som er fastsette i skolen sitt ordensreglement gjelde. Eit vedtak om bortvising vil vere eit enkeltvedtak som kan påklagast etter reglane i forvaltningslova §§ 28 flg. Mildare reaksjonar enn bortvising vil normalt ikkje vere enkeltvedtak etter forvaltningslova.
Fjerde ledd første punktum slår fast at dei som underviser på skolen, ikkje skal bruke klesplagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet når dei underviser. Det er to separate vilkår som må vere oppfylte samtidig for at ein person skal vere å rekne som omfatta av forbodet etter fjerde ledd. For det første må vedkommande ha undervisningsoppgåver som blir utførte anten på skolen eller utanfor skoleområdet, på turar eller liknande. For det andre gjeld forbodet berre når vedkommande underviser elevane, ikkje i andre delar av arbeidstida.
Det første vilkåret inneber at vedkommande underviser ved skolen. Personkrinsen omfattar undervisningspersonale som har eit tilsetjingsforhold til skolen eller skoleeigaren, uavhengig av om det er fulltid eller deltid, fast eller mellombels, kort- eller langvarig. Også andre som underviser på skolen vil vere omfatta av uttrykket «som underviser på skolen», uavhengig av kven som er arbeidsgivaren deira, eller om dei får lønn. Det avgjerande er at vedkommande deltek i undervisning. Ordlyden er òg meint å omfatte tilsette ved skolen som har vakt eller oppsyn med elevane i friminutt og pausar, ettersom dei same omsyna til kommunikasjon med elevane gjeld her som ved rein undervisning. Personar som i utgangspunktet ikkje har undervisningsoppgåver, som administrativt personale, rådgivarar, skolebibliotekarar, sosiallærarar og inspektørar, er ikkje omfatta av forbodet med mindre dei deltek i undervisningssituasjonar. Helsesøster vil vere omfatta av forbodet når han eller ho underviser elevar, og når han eller ho har samtalar med elevar. Tilsette i pedagogisk-psykologisk teneste vil vere omfatta av forbodet når dei underviser elevar, og når dei har samtalar med elevar. Personar som arbeider i SFO eller leksehjelpordninga er òg omfatta av omgrepet «dei som underviser på skolen».
Omgrepet «på skolen» skal ikkje forståast som fysisk «på skolen». Forbodet gjeld til dømes òg der det blir gitt undervisning utanfor skoleområdet.
Det andre vilkåret inneber at forbodet berre gjeld når vedkommande faktisk underviser elevane. I resten av arbeidstida, til dømes når vedkommande gjer andre oppgåver, som å førebu undervisninga, rette oppgåver eller delta i personalmøte, gjeld ikkje forbodet. For tilsette i SFO og leksehjelpa gjeld ikkje forbodet når dei ikkje er saman med elevane.
Bestemmelsen slår vidare fast at forbodet mot bruk av ansiktsdekkjande plagg ikkje gjeld om bruken er grunngitt i klimatiske, pedagogiske, helsemessige eller tryggleiksmessige forhold. Personar som underviser på skolen, kan derfor uavhengig av forbodet bruke skjerf framfor ansiktet om det er nødvendig på grunn av kulde.
Fjerde ledd andre punktum slår fast at dersom personar som underviser på skolen og er omfatta av forbodet bruker klesplagg i strid med forbodet i første punktum, skal styret gi dei pålegg om å fjerne klesplagget. Styret kan delegere myndigheita til å påleggje personar å fjerne ansiktsdekkjande plagg som blir brukte i strid med forbodet til til dømes skoleleiaren eller andre personar i skolen som naturleg representerer skoleeigaren.
Fjerde ledd fjerde punktum slår fast at gjentekne brot på forbodet kan føre til oppseiing. Oppseiing må gjerast i tråd med regelverket for dette.
12.4 Vaksenopplæringslova
Til § 24
Første ledd sjette strekpunkt er nytt og slår fast at friskolelova § 3-15 om forbod mot bruk av plagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet, gjeld så langt ho passar for skolar som er godkjende etter kapittel 4. Det betyr at forbodet mot ansiktsdekkjande plagg gjeld for elevar og dei som underviser ved skolar godkjende etter kapittel 4, på same måte som i friskolar, så langt det passar. Forbodet vil til dømes ikkje gjelde i leksehjelp og i skolefritidsordning, fordi det ikkje finst slike tilbod i skolar godkjende etter kapittel 4.
12.5 Folkehøgskolelova
Til § 5b
Paragrafen er ny. Første ledd slår fast at elevar ikkje skal bruke klesplagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet, i undervisning på og utanfor skoleområdet, og når elevane er på tur i regi av folkehøgskolen. Forbodet gjeld ikkje i pausar mellom undervisninga og på fritida til elevane. Forbodet gjeld ikkje på private turar, til dømes når elevane reiser heim i feriar.
Første ledd slår vidare fast at forbodet mot bruk av klesplagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet, ikkje gjeld når eleven bruker ansiktsdekkjande plagg på grunn av klimatiske, pedagogiske, helsemessige eller tryggleiksmessige forhold. Det betyr at forbodet til dømes ikkje rammar klesplagg som blir brukte på grunn av kulde eller sterk sol, utkledningsutstyr som blir brukt i samband med skodespel, bandasjar, munnbind eller verneutstyr.
Andre ledd første punktum slår fast at styret ved folkehøgskolen fastset kva for reaksjonar som skal gjelde ved brot på forbodet. Reaksjonar kan berre nyttast når dialog med eleven ikkje har ført fram. Dialog med eleven skal alltid forsøkjast, for å unngå å bruke reaksjonar. Styret må gjere ei konkret vurdering i kvart enkelt tilfelle av kva for ein reaksjon som er rimeleg å nytte ved brot på forbodet. I vurderinga av korleis styret skal reagere, vil det blant anna vere relevant å ta omsyn til motiva for å bruke plagget, om brotet har skjedd gjentekne gonger, og kva som er årsaka til at eleven ikkje har retta seg etter eventuelle pålegg frå folkehøgskolen om å ta av plagget.
Andre ledd andre punktum slår fast at reaksjonane skal gjerast kjende for elevane på førehand. Det betyr at folkehøgskolen må opplyse om kva for reaksjonar elevane kan forvente dersom dei bryt forbodet mot ansiktsdekkjande plagg. Dette kan til dømes gjerast samtidig som elevane får tilbod om plass.
Andre ledd tredje punktum slår fast at reaksjonane ikkje kan innebere fysisk refsing eller anna krenkjande behandling. Dei same skrankane for kva for reaksjonar skolen kan vedta overfor elevar, gjeld i opplæringslova § 9 A-10 tredje ledd andre punktum og friskolelova § 3-9 andre ledd andre punktum.
Andre ledd fjerde punktum slår fast at styret kan fastsetje at elevar kan visast bort frå undervisninga om dei bryt forbodet mot plagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet fleire gonger. Føresegna gir styret ved folkehøgskolen høve til å bestemme bortvising som reaksjon dersom elevane gjentekne gonger bryt forbodet. Styret har ikkje høve til å fastsetje strengare reaksjonar enn bortvising.
Andre ledd femte punktum slår fast at andre tiltak overfor eleven skal ha vore vurderte før styret ved folkehøgskolen gjer vedtak om bortvising. Dette er i tråd med føresegnene om bortvising i opplæringslova § 9 A-11 fjerde ledd og friskolelova § 3-10 fjerde ledd.
Tredje ledd første punktum slår fast at dei som underviser på folkehøgskolane, ikkje skal bruke klesplagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet når dei underviser elevane. Det er to separate vilkår som må vere oppfylte samtidig for at ein person skal vere å rekne som omfatta av forbodet etter tredje ledd. For det første må vedkommande ha undervisningsoppgåver på skolen. For det andre gjeld forbodet berre når vedkommande faktisk underviser, og ikkje elles i arbeidstida.
Personkrinsen omfattar lærarar, assistentar, vikarar, lærarstudentar i praksis og andre med undervisningsoppgåver, uavhengig av om dei underviser fulltid eller deltid, fast eller mellombels, kort- eller langvarig, og uavhengig av kven som er arbeidsgivaren deira, eller om dei får lønn. Tilsette ved folkehøgskolen som ikkje har undervisningsoppgåver, som administrativt personale, kjøkkenpersonale, «husvert» m.m., er ikkje omfatta av forbodet, med mindre dei deltek i undervisninga.
Omgrepet «på folkehøyskolen» betyr ikkje «på folkehøgskolen» i fysisk forstand. Forbodet gjeld òg der det blir gitt undervisning utanfor folkehøgskoleområdet, til dømes på turar.
Det andre vilkåret inneber at vedkommande faktisk underviser elevane. Forbodet gjeld ikkje når vedkommande utfører oppgåver som ikkje er undervisning, til dømes når vedkommande deltar i personalmøte eller førebur undervisning.
Bestemmelsen slår vidare fast at forbodet mot bruk av ansiktsdekkjande plagg ikkje gjeld om bruken er grunngitt i klimatiske, pedagogiske, helsemessige eller tryggleiksmessige forhold. Tilsette og andre personar som underviser på folkehøgskolen, kan derfor uavhengig av forbodet bruke skjerf framfor ansiktet om det er nødvendig på grunn av kulde.
Tredje ledd andre punktum slår fast at dersom personar som underviser på skolen og er omfatta av forbodet, bruker klesplagg i strid med forbodet i første punktum, skal styret gi dei pålegg om å fjerne klesplagget. Styret kan delegere myndigheita til å påleggje personar å fjerne ansiktsdekkjande plagg som blir brukte i strid med forbodet til til dømes skoleleiaren eller andre personar i skolen som naturleg representerer skoleeigaren.
Tredje ledd fjerde punktum slår fast at gjentekne brot på forbodet kan føre til oppseiing. Oppseiing må gjerast i tråd med regelverket for dette.
12.6 Universitets- og høgskolelova
Til § 7-8
Paragrafen er ny. Første ledd slår fast at det er forbode å bruke klesplagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet i samband med undervisning. Undervisning inkluderer òg munnleg og skriftleg eksamen, turar, ekspedisjonar og liknande i tilknyting til undervisninga ved utdanningsinstitusjonen. Forbodet gjeld ikkje når bruken av slike plagg er grunngitt i klimatiske, pedagogiske, læringsmessige, helsemessige eller tryggleiksmessige forhold.
Andre ledd regulerer reaksjonane ved brot på forbodet i første ledd. Ein student som trass skriftleg åtvaring bruker klesplagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet i strid med regelverket, kan visast bort i inntil eitt år. Om studenten trass skriftleg åtvaring ikkje rettar seg etter vedtak om bortvising, kan studenten bli utestengd frå utdanninga i inntil eitt år. Vedtak om bortvising kan takast av rektor eller den rektor gir fullmakt. Vedtak om utestenging er det styret sjølv eller klagenemnda ved institusjonen som tek. Vedtak om bortvising eller utestenging er enkeltvedtak, som kan påklagast til klagenemda ved institusjonen eller til felles klagenemnd, som er oppretta av departementet.
Tredje ledd slår fast at tilsette som bryt forbodet mot å bruke ansiktsdekkjande plagg, skal bli bedne om å fjerne plagget, slik at lovbrotet opphøyrer. Gjentekne brot på forbodet kan vere grunnlag for å seie opp den det gjeld. Oppseiing må gjerast i tråd med regelverket for dette.
12.7 Fagskolelova
Til § 43
Paragrafen er ny. Første ledd slår fast at det er forbode å bruke klesplagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet i samband med undervisning. Undervisning inkluderer òg munnleg og skriftleg eksamen, turar, ekspedisjonar og liknande i tilknyting til undervisninga ved fagskolen. Forbodet gjeld ikkje når bruken av slike plagg er grunngitt i klimatiske, pedagogiske, læringsmessige, helsemessige eller tryggleiksmessige forhold.
Andre ledd regulerer reaksjonane ved brot på forbodet i første ledd. Ein student som trass skriftleg åtvaring bruker klesplagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet i strid med regelverket, kan visast bort i inntil eitt år. Om studenten trass skriftleg åtvaring ikkje rettar seg etter vedtak om bortvising, kan studenten bli utestengd frå utdanninga i inntil eitt år. Vedtak om bortvising kan takast av rektor eller den rektor gir fullmakt. Vedtak om utestenging er det styret sjølv eller klagenemnda ved fagskolen som tek. Vedtak om bortvising eller utestenging er enkeltvedtak, som kan påklagast til klagenemnda ved fagskolen eller til nasjonalt klageorgan for fagskoleutdanning.
Tredje ledd slår fast at tilsette som bryt forbodet mot å bruke ansiktsdekkjande plagg, skal bli bedne om å fjerne plagget, slik at lovbrotet opphøyrer. Gjentekne brot på første ledd kan vere grunnlag for oppseiing av den tilsette. Oppseiing må gjerast i tråd med regelverket for dette.
12.8 Introduksjonslova
Til § 23
I første ledd i bestemmelsen vert det tilføya ei tilvising til § 27 a. Føresegna inneber at fylkesmannen òg skal føre tilsyn med at kommunane overheld forbodet i introduksjonslova § 27 a.
Til § 24
I første ledd i bestemmelsen vert det tilføya ei tilvising til § 27 a. Føresegna inneber at kommunen òg skal føre internkontroll for å sikre at forbodet blir overhalde i tråd med introduksjonslova § 27 a.
Til § 27 a
Første ledd slår fast at personar som deltek i introduksjonsprogram eller opplæring etter introduksjonslova, ikkje skal bruke klesplagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet i samband med opplæringssituasjonar. Med opplæringssituasjonar er det meint opplæring etter introduksjonslova og opplæringsliknande tiltak. Opplæringsliknande tiltak kan til dømes vere språk- og arbeidspraksis og andre tiltak etter § 4 tredje ledd bokstav c. Turar som inneber opplæring vil òg vere omfatta av forbodet. Forbodet gjeld òg ved gjennomføring av avsluttande prøver i norsk og samfunnskunnskap og statsborgarprøva. Kommunen pliktar å leggje til rette for gjennomføringa av prøvene. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere identifisering framfor berre éin person og gjennomføring av prøva på eit eige rom. Forbodet gjeld ikkje når bruk av ansiktsdekkjande plagg er grunngitt i klimatiske, pedagogiske, helsemessige eller tryggleiksmessige forhold. Det er til dømes tillate å bruke ansiktsdekkjande plagg ved opplæring ute i sterk kulde.
Andre ledd angir reaksjonar ved brot på forbodet i første ledd. Kommunen kan stanse introduksjonsprogram eller opplæring mellombels, jf. §§ 7 og 19 fjerde ledd, for personar som trass skriftleg åtvaring bruker klesplagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet. Skriftleg åtvaring kan bli gitt fleire gonger. Kommunen skal alltid freiste å få den det gjeld til å rette seg etter forbodet gjennom samtale før dei set i verk reaksjonar. Terskelen for å stanse introduksjonsprogrammet eller opplæringa mellombels skal vere høg.
Tredje ledd slår fast at forbodet i første ledd gjeld tilsvarande for lærarar og andre personar som i opplæringssituasjonar bidrar til at kommunen oppfyller pliktene i lova. Dette gjeld òg personar med liknande roller som arbeider for private rettssubjekt som har etablert samarbeid med kommunen om oppfylling av pliktene kommunen har etter introduksjonslova. Ved brot på forbodet skal den det gjeld bli pålagd å fjerne klesplagget. Gjentekne brot på forbodet kan gi grunnlag for oppseiing etter arbeidsrettslege reglar. Oppseiing må gjerast i tråd med regelverket for dette.