3 Nærare om framlegget
3.1 Gjeldande rett på området
Etter COTIF-lova § 1 gjeld Overenskomst om internasjonal jernbanetrafikk (COTIF) med dei endringane som går fram av Protokoll av 3. juni 1999 som norsk lov, i den utstrekning som står i § 2 og med dei innskrenkingane som går fram av forskrift 8. juni 2007 nr. 588 om innskrenking av COTIF-lovens virkeområde. Etter COTIF-lova § 2 gjeld vedlegg A-G til konvensjonen som norsk lov.
Noreg har med verknad frå 18. juni 2014 ikkje lenger nokre reservasjonar om bruk av vedlegga til COTIF.
Lov 11. juni 1993 nr. 100 om anlegg og drift av jernbane, herunder sporvei, tunnelbane og forstadsbane m.m. (jernbanelova) med tilhøyrande forskrifter inneheld krav til jernbanekøyretøy og sikkerheitssertifisering av togselskap. Desse krava regulerer fleire av dei same tinga som COTIF. Sjå omtala i kapittel 2.2.
3.2 Departementet sitt framlegg
3.2.1 Framlegg som tar inn nytt vedlegg H i COTIF-lova
Det går fram av høyringsnotatet at «Når det gjeld det nye vedlegg H, må det takast inn i COTIF-lova § 2 ein ny bokstav H som viser til dette vedlegget for at det skal gjelde internt i norsk rett. For at det etter at vedlegg H trer i kraft ikkje skal vere mishøve mellom det som gjeld etter folkeretten og intern norsk rett, bør nytt vedlegg H og vere omfatta av verkeområdet til COTIF-lova.
Den nye regelen vert utforma på same måte som dei noverande bokstavane i § 2 som viser til dei einskilde vedlegga til konvensjonen.»
Øvrige endringar i COTIF som følgjer av vedtaka på 12. og 13. generalforsamling er allereie omfatta av COTIF-lova.
3.2.2 Framlegg om å endre reglane for myndigheitsutøving
Departementet viste i høyringsnotatet til at «COTIF-lova [bør] vise til reglane i jernbanelova om utøving av sikkerheitssertifisering, tilsyn og andre myndigheitsoppgåver. Det er etter departementets syn naturleg at Statens jernbanetilsyn utøver desse myndigheitsoppgåvene, slik dei no gjer i medhald av jernbaneloven. Departementet føreslår difor ein ny § 3 a i COTIF-lova om dette.
Vidare er det etter departementets syn naudsynt å fastsette tilhøyrende reglar om utøving av dei nemnde myndigheitsoppgåvene i forskrift i medhald av COTIF-lova § 7. Forskriftsheimelen i § 7 bør då endrast, slik at det er ein tydeleg forankring i lova for at departementet kan fastsetje forskrifter om sikkerheitssertifisering, tilsyn og andre myndigheitsoppgåver i medhald av konvensjonen, særleg vedlegg H.»
3.3 Høyringsinstansane sine syn
Justis- og beredskapsdepartementet, Klima- og miljødepartementet og NHO Transport hadde ingen merknader til høyringa.
Statens jernbanetilsyn sendte inn eit høyringssvar der dei viste til krava i nytt vedlegg H om krav til sikkerheitssertifikat for jernbaneforetak, krav til sikkerheitsstyring av togdrift og regler om utøving av myndigheit og tilsyn. Det er etter vedlegg H krav om å peike ut ein sikkerheitssertifiserande myndigheit og tilsynsmyndigheit, og departementets framlegg gjekk ut på å ta inn ny § 3 a i COTIF-lova, slik at jernbanelova gjeld tilsvarande for krav i COTIF som omhandler sikkerheitssertifisering, tilsyn og utøving av myndigheitsoppgåver for øvrig. Dette fører til at det er Statens jernbanetilsyn som vil utøve desse myndigheitsoppgåvene etter COTIF. Det går vidare fram av høyringssvaret: «Slik vi forstår forslaget innføres en tilsvarende ordning i Cotif sitt område som allerede følger av EU/EØS-regelverket og som er gjennomført i Norge. Etter vår forståelse vil derfor ikke forslaget medføre noen endringer av praktisk betydning for våre myndighetsoppgaver. Disse vil utøves på samme måte som etter jernbaneloven. Virksomheter som vil drive grensekryssende trafikk inn til Norge vil måtte komme fra EU-land og dermed inneha et felles sikkerhetssertifikat fra Det europeiske jernbanebyrået. Vi har ingen øvrige merknader til høringen.»
3.4 Departementet sin vurdering
Departementet skreiv i høyringsnotatet at «Både historisk gjennom norsk OTIF-medlemskap og gjennom EØS-avtala er det materielle innhaldet i COTIF og dens vedlegg frå før gjeldande rett i Noreg. Endringane som er omtala her går i hovudsak ut på å innføre ei ordning med sikkerheitssertifikat for jernbaneføretak og krav til eining med ansvar for vedlikehald innanfor COTIF sitt område. Desse ordningane er frå før gjort gjeldande i Noreg som oppfølging av EØS-avtala. Omsyna bak endringane i både konvensjonen og vedlegga er i tråd med norske interesser, og gjer det enklare å drive internasjonal jernbanetransport, særleg utanfor EØS.»
Det har i høyringa ikkje kome inn nokre merknader som tyder på at vurderinga no blir ein annan. Departementet merkar seg Statens jernbanetilsyn sitt høyringssvar, og at tilsynet har den same forståinga som departementet om utøving av myndigheitsoppgåver. For felles sikkerheitssertifikat som er utferda av EU sitt jernbanebyrå og som skal brukast for trafikk i Noreg, må Statens jernbanetilsyn i alle høve ha gjort ein vurdering av samsvar med relevante norske sikkerheitsreglar.
Departementet held dermed fast på at det er naudsynt å gjere endringar som lagt fram i høyringa, men den nye regelen om myndigheitsutøving passar etter departementets syn betre å plassere inn som ny § 2 a i COTIF-lova.
Vidare held departementet fast ved at det er eit relevant og naudsynt tiltak at Noreg godkjenner endringane i COTIF som omtalt. Dette krevjer både ei endring i COTIF-lova og eit samtykkevedtak frå Stortinget.