4 Økonomiske og administrative konsekvensar
Dei framlegga til endringar som gjeld reglar som allereie er gjeldande rett, vil ikkje påverke norske jernbaneaktørar merkbart, då departementet legg til grunn at dei allereie er innarbeida og etterlevd av dei aktuelle aktørane.
For råka myndigheiter, det vil for alle praktiske høve seie Statens jernbanetilsyn, vil ikkje framlegget føre med seg merkbare administrative eller økonomiske konsekvensar, særleg med tanke på at dei nye materielle endringane omtala her allereie gjeld i EU/EØS og er gjeldande rett i Noreg. Sikkerheitssertifisering, tilsyn og andre myndigheitsoppgåver blir utført på same måte som etter jernbanelovgivinga.