5 Merknadar til kvar føresegn
Til § 2 ny bokstav h:
Ved at den nye føresegna visar til vedlegg H vil COTIF-lova vise til alle vedlegga, og nytt vedlegg H blir dermed del av intern norsk rett på same måte som dei andre delane av COTIF-regelverket.
Til § 2 a
Ved at denne føresegna visar til jernbanelova vil føresegnene om myndigheitsutøving verte dei same etter både jernbanelova og COTIF-lova.
Til § 7 andre punktum
Departementet kan i medhald av føresegna fastsetje forskrifter om sikkerheitssertifisering, tilsyn og andre myndigheitsoppgåver i medhald av overeinskomsten, særleg vedlegg H.