Tilråding
Samferdselsdepartementet
tilrår:
At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om endringar i lov om Overenskomst om internasjonal jernbanetrafikk (COTIF-lova) og samtykke til godkjenning av endringar av 30. september 2015 og 26. september 2018 i Overenskomst om internasjonal jernbanetrafikk.
Vi HARALD, Noregs Konge,
stadfester:
Stortinget blir bedt om å gjere vedtak til lov om endringar i lov om Overenskomst om internasjonal jernbanetrafikk (COTIF-lova) og vedtak om samtykke til godkjenning av endringar av 30. september 2015 og 26. september 2018 i Overenskomst om internasjonal jernbanetrafikk i samsvar med eit vedlagt forslag.