10 Merknader til lovforslaga
Til § 1-3
«Praksisbrevkandidat» er innarbeidd i førsteledd. Departementet viser til vurderingane i kapittel 4.6.
Til § 2-1
Nytt andre ledd tredje punktum slår fast at opplæringsplikta fell bort ved opphald utanfor Noreg som varer i meir enn tre månader. Noverande tredje punktum blir nytt fjerde punktum. Departementet viser til vurderingane i kapittel 7.5.
Til § 3-1
«Praksisbrevkandidat» er innarbeidd i andre, tredje, sjuande og niandeledd. Departementet viser til vurderingane i kapittel 4.6.
Til § 3-2
«Praksisbrevkandidat» er innarbeidd i første ledd. Departementet viser til vurderingane i kapittel 4.6.
Til § 3-3
I nytt femte leddandre punktum er det presisert at praksisbrevkandidatar ikkje kan få tilbod om bedriftsdelen av opplæringa i skole. Dersom ein praksisbrevkandidat ikkje kan formidlast til opplæring i bedrift, må kandidaten få tilbod om anna opplæring enn praksisbrevløpet. Vedkomande vil da ikkje vere praksisbrevkandidat, sjå merknad til § 4-1 andre ledd.
I sjette ledd er «praksisbrevkandidat» innarbeidd.
Departementet viser til vurderingane i kapittel 4.6.
Til § 3-4
Nytt første ledd andre punktum gir departementet heimel til å gi forskrifter om nasjonale krav til lokalt fastsette læreplanar for praksisbrev, og om opplæring i fellesfag for praksisbrevkandidatar. Noverande tredje og fjerde punktum blir fjerde og femte punktum.
I første ledd siste punktum er det teke inn ein heimel for å gi forskrifter om restopplæring for praksisbrevkandidatar, nærmare bestemt ein heimel for å forskriftsfeste kva opplæring kandidatane har rett til.
«Praksisbrevkandidat» og «praksisbrevprøve» er innarbeidde i første og andreledd.
Departementet viser til vurderingane i kapittel 4.6.
Til ny § 3-4 a
Første ledd gir departementet ansvar for og kompetanse til å godkjenne utanlandsk fagopplæring som sidestilt med norsk vidaregåande opplæring. Godkjenninga skal innebere verifisering av dokumentasjon, godkjenning av nivå og omfang og godkjenning av fagleg innhald.
Andre ledd gir departementet heimel til å fastsetje vilkår for godkjenning, reglar om saksbehandling og klage i forskrift. Føresegnene om klage kan mellom anna omfatte kven som skal vere klageinstans, og at høvet til å klage ikkje gjeld alle delar av vedtaket.
Departementet viser til vurderingane i kapittel 6.6.
Til § 3-13
«Praksisbrevkandidat» er innarbeidd i tittelen på føresegna og i første ledd. Føresegna slår fast at praksisbrevkandidatar med behov for alternativ og supplerande kommunikasjon har dei same rettane som elevar, lærlingar og lærekandidatar.
Merk at det ikkje er gjort endringar i andre ledd av føresegna. Praksisbrevkandidatar får ikkje rett til spesialundervisning i bedriftsdelen av opplæringa. Kandidatar som har behov for spesialundervisning i bedriftsdelen av opplæringa, bør få tilbod om lærekandidatordninga. Praksisbrevkandidatar vil ha rett til spesialundervisning i skoledelen av opplæringa, der dei vil ha status som elevar.
Departementet viser til vurderingane i kapittel 4.6.
Til § 4-1
I nytt første ledd andre punktum kjem det fram kven som er praksisbrevkandidat. Noverande andre punktum blir tredje punktum.
I nytt andre ledd blir gjeldande rett for lærlingar og lærekandidatar lovfesta, samtidig som det blir presisert at også praksisbrevkandidatane skal ha status som elevar den tida dei får opplæring i skole. Reglane i opplæringslova om elevane sine rettar og plikter gjeld tilsvarande for lærlingane, praksisbrevkandidatane og lærekandidatane. I bedriftsdelen av opplæringa har den enkelte status som lærling, praksisbrevkandidat eller lærekandidat.
Departementet viser til vurderingane i kapittel 4.6.
Til § 4-2
«Praksisbrevkandidat» er innarbeidd i tittelen på føresegna og i første, andre, tredje og fjerde ledd. Endringa har til følgje at praksisbrevkandidatar har dei same rettane og pliktene som lærlingar og lærekandidatar, med unntak av retten til spesialundervisning, som berre gjeld for lærekandidatar.
Departementet viser til vurderingane i kapittel 4.6 og merknad til § 3-13.
Til § 4-3
«Praksisbrevkandidat» er innarbeidd i første og tredje ledd. Endringa slår fast at det skal stillast dei same krava til godkjenning av lærebedrifter som tek på seg opplæring av praksisbrevkandidatar, som til godkjenning av lærebedrifter som tek på seg opplæring av lærlingar og lærekandidatar.
Departementet viser til vurderingane i kapittel 4.6 og merknad til § 3-13.
Til § 4-4
«Praksisbrevkandidat» er innarbeidd i første, andre og fjerde ledd av føresegna.
Det følgjer av nytt tredje ledd andre punktum at det er lærebedrifta som har ansvaret for oppmelding til praksisbrevprøva. I noverande tredje ledd andre punktum er det fastsett at lærekandidatar ved slutten av opplæringstida skal få høve til å gå opp til ei kompetanseprøve som viser det nivået opplæringa har ført til. Dette punktumet er fjerna og erstatta av nytt tredje ledd tredje punktum om at lærebedrifta melder lærekandidaten opp til kompetanseprøva.
Departementet viser til vurderingane i kapittel 4.6.
Til § 4-5
«Praksisbrevkandidat» er innarbeidd i første, andre og tredje ledd. Endringa i første og andre ledd inneber at praksisbrevkandidatar skal ha opplæringskontrakt, og at det er dei same vilkåra for praksisbrevkandidatar som for lærekandidatar.
Endringa i tredje ledd inneber at reglane om prøvetid og oppseiing av læreforholdet som gjeld for lærlingar over 21 år, òg gjeld for praksiskandidatar på same vilkår.
Departementet viser til vurderingane i kapittel 4.6.
Til § 4-6
Endringa i første ledd første og andre punktum slår fast at lærlingar og lærekandidatar kan få endra lærekontrakten eller opplæringskontrakten til opplæringskontrakt med praksisbrevprøva som mål. I nytt første ledd tredje punktum går det fram at opplæringskontrakten til praksisbrevkandidaten kan endrast til å bli anten ein lærekontrakt med sikte på fag- eller sveineprøve eller ein opplæringskontrakt med sikte på ei kompetanseprøve. Merk at ei endring til lærekontrakt med fag- eller sveinebrev som mål inneber at kandidaten må fylle dei same krava som lærlingar for å kunne gå opp til fag- eller sveineprøva. Det blir stilt krav om bestått i dei faga som er fastsette i fag- og timefordelinga for Vg1, Vg2 og Vg3 for det aktuelle utdanningsprogrammet, jf. forskrifta § 3-51.
«Praksisbrevkandidat» er innarbeidd i tredje, femte, sjette, åttande og niande ledd. Endringa inneber at det er dei same reglane for å endre og heve opplæringskontrakt for praksisbrevkandidatar som det er for lærekandidatar. Endringa i tiande ledd inneber at unntaket frå reglane om heving og endring av kontrakten som gjeld for lærlingar som har prøvetid etter § 4-5 tredje ledd, gjeld tilsvarande for praksisbrevkandidatar.
Departementet viser til vurderingane i kapittel 4.6.
Til § 4-7
«Praksisbrevkandidat» er innarbeidd i første og andre ledd.
Departementet viser til vurderingane i kapittel 4.6.
Til § 4-8:
Endringa i tredje ledd slår fast at «praksisbrev» er nemninga på dokumentasjonen på bestått praksisbrevprøve, og at det er fylkeskommunen som skriv ut dette.
Til § 4A-1
Med eit nytt andre ledd får føresegna utvida verkeområde. Nytt andre ledd gjer det mogleg for kommunar og fylkeskommunar å tilby grunnskoleopplæring til ungdommar som har rett til vidaregåande opplæring etter lova § 3-1.
Deltakarar i tilbod om meir grunnskoleopplæring etter nytt andre ledd må oppfylle to vilkår. For det første må dei ha ungdomsrett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1. Dette inneber at dei må ha fullført grunnskolen, og at dei ikkje har brukt opp retten til vidaregåande opplæring for ungdom. Det andre vilkåret er at skoleeigaren må meine at dei har behov for meir grunnskoleopplæring. Behovet for meir grunnskoleopplæring skal knytast til det faglege grunnlaget den enkelte har frå grunnskolen, og korleis dette verkar inn på sjansane for at dei klarer å fullføre vidaregåande opplæring.
Dei som deltek i eit tilbod om meir grunnskoleopplæring etter andre ledd, blir å rekne som deltakarar etter kapittel 4 A i opplæringslova, og bruker ikkje av retten sin til vidaregåande opplæring etter § 3-1. Eit tilbod etter § 4A-1 andre ledd skal vere gratis for deltakarane. Opplæringa vil vere grunnskoleopplæring etter opplæringslova. Dei som bruker tilbod om meir grunnskoleopplæring, skal kunne få dette dokumentert på vitnemålet frå grunnskolen.
Departementet viser til vurderingane i kapittel 5.5.
Til § 4A-4
I første ledd er det tatt inn at § 13-1 andre ledd om friare skoleval ikkje gjeld for vaksne. Departementet viser til vurderingane i kapittel 3.6.2.
Til § 9-5
Andre ledd om tilråding om skolestorleik blir oppheva. Opphevinga inneber ikkje noka realitetsendring fordi det oppheva leddet ikkje er rettsleg forpliktande. Noverande tredje ledd blir nytt andre ledd. Departementet viser til vurderingane i kapittel 8.5.
Til § 13-3
Nytt andre ledd første punktum inneber at fylkeskommunane har plikt til å behandle søknader og ta imot søkjarar frå andre fylke dersom dei har ledig kapasitet. Denne plikta omfattar søkjarar med rett til opplæring etter opplæringslova § 3-1. Søkjarane sine rettar blir tilsvarande utvida. Dersom det ikkje er ledig kapasitet på det konkrete tilbodet ein gjesteelev har søkt seg til, inneber forslaget at fylkeskommunen kan avslå søknaden. Fylkeskommunen er framleis ansvarleg for dimensjoneringa av det vidaregåande tilbodet og fastset sjølv kva kapasitet den enkelte skolen skal ha ut frå relevante faktorar som skolebygning, tilgjengeleg personale, klassetal og klassestorleik.
Nytt andre ledd andre punktum inneber ei plikt for fylkeskommunen til å refundere utgiftene til vertsfylka dersom søkjarar som er busette i fylket, får inntak til skolar i andre fylke. Denne plikta omfattar søkjarar med rett til opplæring etter opplæringslova § 3-1. Plikta til å finansiere skoleplassar i andre fylke fritek ikkje fylkeskommunen frå plikta til å oppfylle retten til vidaregåande opplæring for søkjarar som er busette i fylket.
Nytt andre ledd tredje punktum inneber ein heimel for departementet til å gi forskrift om refusjon ved inntak av gjesteelevar.
Noverande andre til femte ledd blir tredje til sjette ledd.
I nytt fjerde ledd blir andre punktum tekne ut. Endringa må sjåast i samanheng med ny forskriftsheimel om refusjon i andre ledd. Novarande tredje punktum blir andre punktum.
Nytt femte ledd andre punktum pålegg fylkeskommunen ei plikt til å gi tilbod om praksisbrevopplæring i sitt fylke. Fylkeskommunen står fritt til å vurdere kva for utdanningsprogram det skal givast tilbod om praksisbrev i, og om det skal givast tilbod om praksisbrev innanfor fleire lærefag.
Departementet viser til vurderingane i kapittel 3.6 når det gjeld endringane i andre og fjerde ledd, og kapittel 4.6 når det gjeld endringa i femte ledd.
Til § 15-2
Endringa i tredje ledd andre punktum inneber at reglane om klageinstans i forvaltningslova § 28 gjeld for vedtak om inntak av gjesteelevar. At reglane i forvaltningslova om klageinstans gjeld for slike vedtak, inneber at det er fylkestinget som er klageinstans, eller formannskapet, fylkesutvalet eller ei særskild klagenemnd dersom fylkestinget bestemmer det.
Departementet viser til vurderingane i kapittel 3.6.