Forslag
til lov om endringer i barnelova og statsborgerloven (foreldreskap og statsborgerskap for barn født i utlandet)
I
I lov 8. april 1981 nr. 7 om barn og foreldre gjøres følgende endringer:
§ 4 andre ledd første punktum bokstav d) skal lyde:
d) utsend utenrikstenestemann dersom faren er i utlandet.
§ 4 nye femte og sjette ledd skal lyde:
Er det naudsynt for å fastslå farskapen til eit barn født i utlandet, kan myndigheita be om ei eigna prøve til DNA-analyse for barnet og for han som vil erklære seg som far, dersom
a) barnet, mora eller han som vil erklære seg som far, ikkje kan godtgjere identiteten sin, eller
b) det er grunn til å tru at det for å få norsk statsborgarskap til barnet er gitt urette opplysningar om kven som er far.
Det er òg eit vilkår at opplysningane i saka elles ikkje gir grunnlag for med rimeleg sikkerheit å fastslå farskapen. Dersom DNA-analyse godtgjer at mannen ikkje kan vere far til barnet, kan han ikkje erklære farskap. Det same gjeld om han avslår ei oppmoding om DNA-analyse.
Departementet kan ved forskrift gje utfyllande reglar om gjennomføring av reglane i femte ledd.
§ 81 nytt andre ledd skal lyde:
Farskap skal ikkje fastsetjast i Noreg dersom partane har nær tilknyting til ein annan stat der dei kan krevje fastsetjing av farskapen, og saka vil bli betre opplyst og handsama i denne staten.
Andre ledd blir nytt tredje ledd.
II
I lov 10. juni 2005 nr. 51 om norsk statsborgerskap gjøres følgende endringer:
§ 4 første ledd første punktum skal lyde:
Barn blir norsk statsborger ved fødselen dersom faren eller moren er norsk statsborger og foreldreskapet følger av barneloven.
§ 37 andre ledd første punktum skal lyde:
Barn under 18 år født før loven her trådte i kraft som ikke er norsk statsborger, har ved melding rett til å bli norsk statsborger dersom faren var norsk statsborger da barnet ble født og farskapet følger av barneloven.
III
Loven gjelder fra den tid Kongen bestemmer. Kongen kan sette i kraft de enkelte bestemmelsene til ulik tid.