St.meld. nr. 21 (2005-2006)

Hjarte for heile landet Om distrikts- og regionalpolitikken

Til innhaldsliste

1 Folk skal kunne bu der dei ønskjer

1.1 Innleiing

Regjeringa legg med dette fram ei stortingsmelding om distrikts- og regional­politikken. Stortingsmeldinga er handlingsorientert, med vekt på oppfølging av mål og initiativ som er presenterte i Soria Moria-erklæringa. Meldinga tek i liten grad opp igjen tema som det var politisk semje om i Stortinget i St.meld. nr. 25 (2004–2005) Om regionalpolitikken. Meldinga inneheld derfor ikkje eit omfattande analysegrunnlag. Innretninga på meldinga reflekterer samtidig verdigrunnlaget til regjeringa, med vektlegging av distriktspolitikken og av samordning mellom ulike politikkområde som sentralt verkemiddel i distrikts- og regionalpolitikken. Meldinga inneheld derfor omtale av politikkområde på ansvarsområdet til mange departement, og oppfølging av meldinga vil skje i samarbeid mellom aktuelle departement.

1.2 Hjarte for heile landet

Regjeringa vil gi folk reell valfridom i kvar dei vil bu, og leggje grunnlaget for å ta heile landet og dei ulike naturressursane i bruk. Regjeringa har eit sterkt ønske om at alle menneske i heile landet skal kunne utvikle evnene sine og leve gode og meiningsfulle liv. Ein kan oppnå det gode livet på mange måtar, både i by og bygd.

Regjeringa har som overordna mål i distrikts- og regionalpolitikken å leggje til rette for likeverdige levekår i heile landet og oppretthalde hovudtrekka i busetnadsmønsteret. Politikken skal medverke til ei balansert utvikling mellom by og land. Auka verdiskaping og styrkt lokal og regional vekstkraft er både eit verkemiddel for å få dette til og eit mål i seg sjølv. Noreg har mange næringsmiljø med særeigne kvalitetar og store stadbundne ressursar som gir grunnlag for busetnad og næringsverksemd over heile landet.

Noreg er både eit stort og eit lite land. Det er eit lite land i folketal, men også eit stort og langstrakt land med høge fjell, djupe fjordar og mange øyar. Det har gitt ein spreidd busetnad og store variasjonar i ressurs­grunnlag, kultur, historie og identitet. Samtidig deler vi viktige fellesskapsverdiar og er avhengige av kvarandre for å utvikle eit godt samfunn for alle. Kombinasjonen av mangfald og fellesskap må bli spegla i velferdspolitikken og i ein tydeleg politikk for regional utvikling.

Det vil seie at vi må ha eit geografisk perspektiv og eit blikk for geografiske konse­kvensar i alt vi gjer. Det vil også seie at vi treng sterke lokale og regionale politiske nivå som kan tilpasse offentleg innsats til lokale tilhøve. Regionale aktørar har ei særleg viktig rolle i å utvikle ein regionalpolitikk som kan medverke til å utnytte potensiala i alle delar av landet. Men det vil også seie at vi treng eit sterkt statleg nivå for å sikre nødvendig samspel og likeverdige rammevilkår på tvers av geografiske skilnader, for å motverke at nokre regionar blir taparar sjølv om landet totalt sett går godt. I ein samla regionalpolitikk blir eit positivt samspel mellom regionane viktig. Regjeringa legg i denne samanhengen vekt på at staten må ha eit sentralt distrikts­politisk ansvar for å sikre gode tenester og ressursar til utvikling i område som har mindre økonomisk grunnlag lokalt.

Område med avstand til større marknader, nedgang i folketal og omstruktureringar i nærings- og arbeidslivet har særlege utfordringar. Regjeringa vil gjennomføre eit distriktspolitisk løft, med fokus på slike område. Eit slikt løft kan ikkje gjennomførast med økonomiske midlar aleine. Å få til utvikling krev også lyst og vilje til å få til resultat. Regjeringa legg derfor stor vekt på å støtte opp under lokale og regionale initiativ, kreativitet og engasjement som fremmar ønskt utvikling, og som viser at det nyttar å satse også utanfor byregionane.

Regjeringa vil føre ein politikk som medverkar til ei balansert utvikling mellom by og land. Regjeringa ønskjer byar som fungerer som ei drivkraft i nasjonal og regional utvikling. Regjeringa vil leggje fram ei eiga stortingsmelding om hovudstadsregionen hausten 2006.

Stortingsmeldinga om distrikts- og regionalpolitikken er ei konkretisering av korleis regjeringa vil arbeide for å fremme måla i distrikts- og regionalpolitikken i denne stortingsperioden. Konkreti­seringa vil ta utgangspunkt i dei tre hovudstrategiane for distrikts- og regional­politikken som blei utmeisla i Soria Moria-erklæringa:

  1. Betre grunnlaget i dei enkelte regionane ved å styrkje kompetansen, leggje til rette for nyskaping og næringsutvikling, redusere avstandshinder, utvikle livskraftige lokalsamfunn og fremme berekraftig bruk av naturressursane. Regional- og distriktspolitiske omsyn skal bli tillagde sterkare vekt i politikken på dei enkelte sektorane.

  2. Satse på å utvikle næringsverksemd på område der dei enkelte regionane har spesielle fortrinn. Statens politikk skal byggje opp under ei målretta satsing på regionale fortrinn.

  3. Setje inn ein særskild innsats for å møte utfordringane i dei mest utsette områda. Dei distriktspolitiske verkemidlane skal bli styrkte.

1.3 Hovudinnretninga i ein meir offensiv distrikts- og regionalpolitikk

Regjeringa vil setje i verk eit distrikts- og regionalpolitisk krafttak for å nå måla i distrikts- og regionalpolitikken. Ambisjonane til regjeringa er klare: Folk skal ha ein reell fridom til å busetje seg der dei ønskjer, vi skal ta heile landet i bruk for å styrkje verdiskapinga, og vi skal medverke til auka tilflytting til distrikta.

Arbeidsplassar, infrastruktur og eit godt og likeverdig teneste- og velferdstilbod der folk bur er grunnleggjande føresetnader for at folk skal ha fridom i val av kvar dei vil busetje seg. Dette krev ein målretta innsats på fleire politikkområde, noko både Distriktskommisjonen og Effektutvalet understreka. Mange ønskjer også å bu utanfor dei største byområda dersom forholda blir lagde til rette for dette. Regjeringa legg stor vekt på at politikken på område som er viktige for regional utvikling, har ei innretning som gjer at dei medverkar til å nå dei distrikts- og regionalpolitiske måla. Det er svært viktig at det er eit regional- og distriktspolitisk perspektiv på politikkområde som er knytte til utdanning, helse, samferdsel, kultur, næringsutvikling og utnytting av naturressursane. Regjeringa legg opp til ein meir aktiv bruk av konsekvensutgreiingar.

Velfungerande, trygge og identitetsskapande lokalsamfunn er avgjerande for eit godt velferdssamfunn. Trygge og gode bumiljø og attraktive stader blir skapte lokalt. Ein sterk og sunn kommuneøkonomi er ein føresetnad for eit godt teneste- og velferdstilbod i heile landet, og er derfor ein botnplanke i ein aktiv distrikts- og regionalpolitikk. Regjeringa vil rette opp den økonomiske ubalansen i kommunesektoren. Vi vil ha eit inntektssystem for kommunane som sikrar innbyggjarane eit godt og likeverdig tenestetilbod i heile landet, og eit helsetilbod som legg vekt på nærleiken til brukarane.

Vi vil også ha ein infrastruktur både for fysisk transport og for elektroniske medium som er likeverdig for heile landet. Alle stader må ha god tilgang på breiband, mobildekning og TV-signal for å vere attraktive for busetjing over tid, og den fysiske transportinfrastrukturen må vere tilpassa behova til næringslivet og befolkninga.

Regjeringa vil gjennomføre ulike tiltak som i sum kan medverke til å skape optimisme og framtidstru i dei områda som har dei største utfordringane knytte til folketal og næringsutvikling. Dette inneber mellom anna å leggje til rette for og støtte opp under lokale initiativ for å utvikle attraktive stader, nye arbeidsplassar og gode teneste-, kultur- og butilbod. Det er viktig at ungdom blir involvert i utviklinga av lokalsamfunnet. Ungdom må få høve til å påverke planprosessar og få reell påverknad i saker som vedkjem dei.

Regjeringa legg vekt på at distrikts- og regionalpolitikken har ein kjønnsdimensjon, og ser behov for at omsynet til ønske og behov særleg hos kvinner blir lagde til grunn for utviklingsarbeidet regionalt og lokalt.

Vekstkraftige næringsmiljø blir utvikla lokalt og regionalt, i kontakt mellom aktørar i arbeidsmarknadsregionar og innanfor og på tvers av bransjar. Ved målretta satsing på regionale fortrinn, potensial og stadbundne ressursar har Noreg gode føresetnader for å møte den aukande globale konkurransen i handelen og næringslivet.

Den politiske innsatsen må vere innretta slik at regionar og lokalsamfunn kan meistre endringar lokalt og regionalt som følgjer av endringar i næringslivet og auka konkur­ranse. Det inneber at politikken må medverke til å styrkje endrings- og læringsevna, ved å utvikle kompetanse, kreativitet, entreprenørskap og innovasjonsevne, og utvikle regionale nærings- og kompetansemiljø. Regjeringa vil også medverke med ulike typar av risikokapital og leggje til rette for eit samspel mellom næringsliv, offentleg sektor og forskings- og kompetansemiljø. Det er viktig at dette blir realisert i alle delar av landet og ikkje berre i sentrale strøk.

Den næringsretta distrikts- og regionalpolitiske innsatsen skal mellom anna medverke til å utvikle ein sterk konkurranseutsett sektor. Nedbygging av konkurranseutsett sektor er uheldig for sysselsetjinga i industriavhengige og mindre folkerike område og tappar landet for kompetanse. Regjeringa vil føre ein politikk som skal styrkje den samla konkurranseevna til landet, særleg gjennom satsing på utdanning, forsking, samferdsel og ein meir aktiv næringspolitikk som styrkjer det næringslivet vi har, og stimulerer til at nye verksemder veks fram i alle delar av landet.

Innsatsen for å fremme regional utvikling skal bli målretta og forsterka. Regjeringa legg vekt på å utnytte handlingsrommet som ligg i distrikts- og regionalpolitikken innanfor internasjonale avtaler. Regjeringa vil gjeninnføre ordninga med regionalt differensiert arbeidsgivaravgift frå 1. januar 2007 i eit så stort geografisk område som mogleg. Regjeringa legg i tillegg opp til å utvide det distriktspolitiske virkeområdet. Regjeringa vil også styrkje verkemiddelbruken gjennom Innovasjon Noreg, SIVA, Forskingsrådet, fylkeskommunane og kommunane.

Regjeringa legg vekt på norsk deltaking i internasjonalt regionalt samarbeid som ein viktig del av det regionale utviklingsarbeidet. Dei grenseregionale og transnasjonale programma gjennom EUs territorielle samarbeid (Interreg) vil bli førte vidare frå 2007 til 2013. Regjeringa vil leggje til rette for at regionale og lokale aktørar kan delta aktivt i utforminga og oppfølginga av slike program.

Regjeringa vil føre ein aktiv nordområdepolitikk og styrkje nordområdearbeidet, med vekt på å fremme ei berekraftig utnytting av havområda i nord. Dette skal mellom anna medverke til auka økonomisk aktivitet på land i Nord-Noreg, ikkje berre innanfor olje- og gassverksemd, men også i næringar som fiske og havbruk, reiseliv, landbruk og reindrift. I nordområda er det også særleg viktig å ta omsyn til tradisjonelle samiske næringar som dannar grunnlaget for samisk kultur og språk.

Regjeringa vil vidareføre den store ekstrainnsatsen i Finnmark og Nord-Troms. 1 Dette området har framleis store utfordringar som følgje av endringar i nærings- og arbeidsliv og store avstandar mellom relativt små busetnader.

Regjeringa vil styrkje lokaldemokratiet og desentralisering av oppgåver og ansvar. Kommunane har det overordna ansvaret for velferdstenestene til innbyggjarane sine og ei viktig rolle som lokal samfunnsutviklar. Fylkeskommunar har ei viktig rolle som regional utviklingsaktør for å fremme ei positiv samfunnsutvikling i sine område, i samarbeid med kommunane, regional stat og private aktørar. Regjeringa legg vekt på at fylkeskommunane og kommunane har eit ansvar for å medverke til ei ønskt regional utvikling, men at staten har eit overordna ansvar for å sikre at vilkåra for at dette kan skje, er likeverdige.

I tråd med Soria Moria-erklæringa skal det etablerast eit fornya og styrkt, folkevalt regionalt forvaltningsnivå. Regjeringa ønskjer å sikre ein velfungerande offentleg sektor på tre nivå. Regjeringa vil leggje til rette for eit levande folkestyre og robuste kommunar og regionar som utnyttar lokale og regionale fortrinn til beste for innbyggjarane, næringslivet og samfunnet. Desentralisering av oppgåver til lokalt og regionalt nivå vil medverke til betre utnytting av lokale og regionale fortrinn. Forvaltningsreforma skal desentralisere makt og myndigheit og medverke til å sikre arbeidsplassar og velferd der folk bur.

Regjeringa tek sikte på å leggje fram ei melding for Stortinget hausten 2006 om den framtidige oppgåvefordelinga mellom forvaltningsnivåa. Endringar i oppgåvefordelinga skal ikkje føre til reduksjon i kommunale oppgåver eller til sentralisering internt i regionen. Drøftingar, lokalt og regionalt, om framtidig inndeling skal skje hausten 2006 og våren 2007. Arbeidet med forvaltningsreforma skal etter planen vere fullført og lagt fram for Stortinget slik at reforma kan setjast i verk 1. januar 2010.

1.4 Utviklingstrekk og utfordringar i distrikts- og regionalpolitikken

Politikken til regjeringa byggjer på ei oppfatning av kva som er sentrale utviklingstrekk og utfordringar i distrikts- og regionalpolitikken i høve til måla, og korleis dei kan bli påverka gjennom systematiske, politiske val 2 . Sentraliseringa er ikkje berre eit resultat av endringar i næringsstruktur, demografi og bustadønske, men også i stor grad av rådande idear om kva som er det gode liv og korleis samfunnet bør innrettast og styrast.

Utviklinga blir påverka av politiske val

Mange statlege sektorar og verksemder har dei siste åra endra den lokale og regionale organiseringa. Posten, Forsvaret og sjukehusa er døme på dette. Slike omorganiseringar har hatt som hovudformål å få ein meir effektiv tenesteproduksjon ut frå sektorpolitiske mål, basert på styringsmodellar frå privat sektor. I sum har dette i stor grad medverka til den sentraliseringa som har skjedd innanfor statleg sektor, der småsenterregionar og område med spreidd busetnad sakte, men sikkert har blitt tappa for både kompetanse og arbeidsplassar. Dette er i praksis resultatet av politiske val der sektorpolitiske effektivitetsomsyn og vurderingar har vore prioriterte, utan at negative verknader for dei distrikts- og regionalpolitiske måla er blitt tekne omsyn til.

Demografisk «nullsumspel» krev aktiv politisk innsats

Vilkåra for å nå målet om å oppretthalde hovudtrekka i busetnadsmønsteret har endra seg dei siste tiåra. Tidlegare blei det fødd flest barn i kommunar utanfor dei større byområda. Dermed blei det lite nedgang i folketal sjølv om halvparten av dei unge flytta ut for å ta arbeid eller utdanning. I dag har denne geografiske skilnaden i talet på fødde blitt utjamna, samtidig som talet på unge som flyttar ut, har halde seg på same nivå. Talet på fødde per kvinne har også gått ned. Sjølv om nedgangen i Noreg ikkje er så stor som i andre delar av den vestlege verda, har dette to viktige konsekvensar:

  • Vi har ein svært liten folkeauke å fordele geografisk kvart år. I 2002 auka folketalet med 28 000 personar. Innvandrarar og flyktningar utgjorde om lag halvparten av auken.

  • Ein god del av auken vil kome i større byregionar, medan utviklinga i folke­talet i mange andre område vil vere under press som følgje av kombinasjonen færre fødde, skeiv aldersfordeling og utdanningsflytting som før.

Dette demografiske «nullsumspelet» gjer utfordringa om å nå målet om å oppretthalde hovudtrekka i busetnadsmønsteret meir reell og synleg enn tidlegare. Fleire kommunar vil gå ned i folketal sjølv utan utflytting på grunn av aldersstrukturen. Dersom vi ikkje legg til rette for at «straumen» kan snu, ved å få meir flytting på kryss og tvers og ikkje berre vekst i dei større byområda, kan vi få større endringar i det norske busetnadsmønsteret i tiåra framover enn i tiåra etter den andre verdskrigen.

Vidare sterk sentralisering har mange kostnader

Strukturendringar i næringslivet og ein fleksibel arbeidsstyrke har over tid vore viktige føresetnader for å auke levestandarden og velferda i Noreg. Samtidig har slike endringar betydelege kostnader på samfunns- og individnivå. Det har ein kulturell og sosial kostnad ved at det reduserer valfridomen til å busetje seg kvar ein vil. Mangfaldet i det norske samfunnet blir også mindre. Det har sosiale kostnader og miljøkostnader i pressområda. Og ikkje minst har det økonomiske kostnader. Det gir behov for auka investeringar i infrastruktur og utvikling av tenestetilbod i pressområde og dårleg og meir kostbar utnytting av tilbod i område med nedgang i folketalet. Det gir også dårleg utnytting av naturressursar og næringsmiljø og svekkjer det potensialet for vekst og sysselsetjing som ligg i å ta heile landet i bruk.

Regjeringa ønskjer å vidareutvikle kunnskapen om verknader og kostnader av den aukande sentraliseringa av befolkninga i større byregionar og reduksjon i folketalet i distriktskommunane. Kommunal- og regionaldepartementet vil derfor setje i gang ei utgreiing som skal sjå nærmare på verknader både på individ- og samfunnsnivå som følgjer av denne utviklinga. Dette kan mellom anna gi eit betre grunnlag for å vurdere dei samfunnsøkonomiske kostnadene ved distriktspolitiske tiltak.

1.4.1 Sentrale utfordringar for å nå distrikts- og regionalpolitiske mål

Stader, verksemder og individ i ulike delar av verda og i Noreg blir stadig meir samanbundne som følgje av store teknologiske endringar, auka samhandel mellom land og økonomisk vekst. Den økonomiske utviklinga gjer at folk i Noreg blir rikare og at utdanningsnivået aukar. I sum påverkar desse utviklingstrekka tankegangen og veremåten til folk. Dei får større fridom i val av livsstil og forbruk og kan velje seg ein livsstil gjennom å kombinere globale og lokale marknader. Dei kan også kommunisere ved hjelp av ei rekkje teknologiske nyvinningar som ikkje eksisterte for berre få år sidan. Utviklingstrekka fører også til strukturendringar i nærings- og arbeidslivet i retning av auka aktivitet og sysselsetjing i tenestesektoren. Delar av produksjonen handlar også i aukande grad om å gi varer og tenester kulturelle tilleggsverdiar.

Desse utviklingstrekka gir grunnlag for fleire utfordringar som er knytte til å nå distrikts- og regionalpolitiske mål. Dei kan medverke både til å styrkje og redusere sentraliseringa av busetnad og næringsliv, avhengig av kor offensivt dei blir møtte.

Utfordring nr. 1: Utløyse verdiskapingspotensialet i alle delar av landet

Vi finn næringsmiljø, kompetansemiljø og verksemder i alle delar av landet som medverkar til verdiskaping og konkurransekraft for landet. Det er viktig å utnytte potensiala i desse miljøa i ein stadig meir globalisert økonomi. Innbyg­gjarane utgjer den største produktive ressursen til landet. Det er derfor ei utfordring å fremme ei vidare utvikling og få utløyst det ekstra verdi­skapings­potensialet som finst i næringsmiljøa, ut frå lokale føresetnader og der folk bur. For å snu utviklinga på stader som opplever stagnasjon eller tilbakegang i folketalet, er det avgjerande å utnytte eksisterande ressursar og arbeidsstyrke på ein betre måte for å oppnå vekstkraft i næringslivet.

By og land fyller ulike roller i verdiskapinga. Store delar av eksportretta næringsliv ligg utanfor dei største byområda, i bedrifter innanfor til dømes marine og maritime næringar, teknologi, energi, kraftkrevjande industri og reiseliv. Sjølv om direkte sysselsetjing i primær- og sekundærnæringane har gått ned, legg desse næringane framleis grunnlaget for aktivitetar og sysselsetjing i mange ledd i økonomien. Noreg har store rikdommar i form av stadbundne ressursar. Det er ei utfordring å vidareutvikle aktiviteten i dei stadbundne næringane, både gjennom heilskapleg verdikjedeperspektiv og utnytting av regionale fortrinn og marknadspotensial. Store delar av reiselivsnæringa og ulike kultur­baserte vekstnæringar er avhengige av at vi har livskraftig busetnad i alle delar av landet.

I byområda finn vi spesialiserte næringsmiljø, forskings- og kunnskapsmiljø og ein stor og variert arbeidsmarknad. Det er ei utfordring å utnytte potensiala i desse miljøa til auka verdiskaping og leggje til rette for samarbeid mellom kunnskaps- og næringsmiljø i og utanfor byområda. Storbyane har spesielle roller i samspelet mellom dei ulike regionane for at Noreg skal hevde seg i den globale konkurransen, i og med den store samlinga av kunnskapsmiljø, verksemder og offentlege institusjonar.

Utfordring nr. 2: Tilgang på arbeidsplassar og teneste- og velferdstilbod der folk bur

Tilbod om meiningsfylt og attraktivt arbeid og eit likeverdig teneste- og velferdstilbod i alle delar av landet er ein grunnleggjande føresetnad for at folk skal ha ein reell fridom til å busetje seg kvar dei vil.

Tilbodet om offentlege velferds- og samfunnstenester blir i stor grad styrt av politiske avgjerder og er resultat av politiske val og ambisjonar. Utfordringa her er ofte å finne måtar å organisere og finansiere ordningane på som gjer tilbodet likeverdig uavhengig av geografi. Kommunar og fylkeskommunar er ansvarlege for store delar av tenestene, slik at dei kan bli tilpassa lokale tilhøve. Staten har også ansvar for viktige tenester. Det er ei utfordring å sikre at distrikts- og regionalpolitiske omsyn blir innebygde i sektorpolitiske avgjerder, mellom anna gjennom konkrete krav om tilgang på tenester.

Når det gjeld arbeidsplassar, er utfordringane i stor grad knytte til å leggje til rette for utvikling av verksemder som er retta mot andre marknader enn den lokale personretta marknaden. Dette utgjer eit av dei sentrale elementa for busetnad på sikt, sjølv om ein stor del av veksten i sysselsetjinga i landet kjem i lokal, personretta tenesteyting og i kommunal sektor, der arbeidsplassane er spreidde på alle kommunar. Ei tilleggsutfordring er at arbeidsplassane må vere attraktive. Dette er viktig for utvikling av likeverdige levekår og for at områda utanfor dei større byområda skal bli opplevde som attraktive for tilflytting.

Dei siste tiåra har sysselsetjinga innanfor servicenæringane auka mykje, samtidig som sysselsetjinga i vareproduksjonen har gått tilbake. Auka velstand er, saman med globalisering, rasjonalisering i industrien og internasjonale avtalar som WTO-avtalen, ei viktig drivkraft bak desse endringane i nærings- og arbeidslivet. Dette gjer at mange område utanfor dei større byregionane opplever tilbakegang i sysselsetjinga i etablerte næringar. Dette kan gjerne vere kombinert med ein auke i produksjonen og i eksporten. Reduksjon i sysselsetjinga i tradisjonelle eksportretta næringar er ofte eit resultat av nødvendig omstilling i ein stadig hardare konkurranse.

Det kan vere vanskeleg å erstatte tradisjonelle arbeidsplassar med nye verksemder. Veksten i sysselsetjinga i privat sektor i Noreg er mellom anna knytt til bedriftsretta tenesteytande næringar. Desse blir ofte lokaliserte til større byområde og er ein viktig del av veksten i dei største byområda og særleg hovudstadsregionen. Storbyområda har føremoner knytte til store nærmarknader, gode kommunikasjonar, lokaliseringa av hovudkontora til store private og offentlege verksemder, tunge FoU- og kompetansemiljø og store utdanningsinstitusjonar som trekkjer til seg store grupper ungdom.

Vilkåra for utvikling av arbeidsplassar er derfor meir avgrensa på mange av stadene utanfor dei største byområda, sjølv om dei kan ha sterke og levande næringsmiljø og tilgang på store naturressursar, og sjølv om bruken av ny teknologi har redusert fleire av avstandsulempene. Dei manglar likevel ein del av føremonene til dei store byområda og har i tillegg ofte ulemper som stor avstand til større marknader, kapitalmiljø og spesialiserte tenester, små arbeidsmarknader, einsidig næringsstruktur og avstand til større utdannings- og FoU-miljø. Dette gjer dei sårbare ved større omstillingar eller nedleggingar. Det er ei stor utfordring å medverke til vidare omstilling og framtidsretta utvikling av nye, konkurransedyktige verksemder i desse delane av landet, basert på regionale fortrinn og potensial og på utnytting av det høge kunnskaps- og kompetansenivået vi finn i landet.

Utfordring nr. 3: Innsats som i sum kan skape optimisme og framtidstru

Innanfor det distriktspolitiske virkeområdet finn vi mange småsenter og område med spreidd busetnad som er spesielt utsette for nedgang i folketalet og i sysselsetjing. I område med lågt folketal, einsidig næringsliv og liten arbeidsmarknad er det spesielle utfordringar knytte til utvikling av arbeidsplassar og tilgang på gode tenestetilbod, som er nødvendige vilkår for busetnad og for tilflytting av nye innbyggjarar. Nedgang i folketalet treng ikkje seie noko avgjerande om livskrafta på staden, men kan skape usikkerheit om framtida. Det er ei utfordring å etablere eit breitt spekter av distrikts- og regionalpolitiske tiltak som kan medverke til å byggje opp under optimisme og framtidstru i desse områda, slik at både personar og næringsdrivande ønskjer å satse på staden.

Utfordring nr. 4: Bygder og tettstader som attraktive stader for busetjing, særleg for unge og kvinner

For å få tilflytting til eller unngå utflytting frå mindre stader og tettstader er det ofte ikkje tilstrekkeleg at dei grunnleggjande føresetnadene knytte til arbeid, inntekt og tenester er til stades. Også butilhøva, landskapet og senteret i bygder og tettstader må opplevast som attraktive når folk skal vurdere busetjing eller tilflytting til ein stad. Attraktiviteten er knytt til både kultur- og fritidstilbod, nettverk for omsorg, friluftsopplevingar, tilgang på møteplassar, estetisk utsjånad og bustadtilbod, til dømes gjennom utnytting av bygningsressursar i landbruket. I tillegg vil ein attraktiv stad vere prega av opne haldningar til innflyttarar og mangfald i interesser og livsformer. Mange bygder og tettstader har kvalitetar knytte til oppvekstmiljø, bustad og natur som kan synleggjerast enda betre enn i dag.

Det er ei særleg utfordring å gjere stadene attraktive for unge i etableringsfasen og for kvinner, for å motverke utviklinga mot ei skeiv alders- og kjønnsfordeling på stader med lågt folketal. Eit godt barnehagetilbod er ein viktig faktor som kan medverke til å auke attraktiviteten for unge og kvinner. Attraktiviteten kan også påverke kvar etablering av nye verksemder kjem, både ved at personar tek med seg arbeidsplassen, eller at verksemder blir lokaliserte til stader der det er attraktivt å bu.

Utfordring nr. 5: Små og mellomstore byar som attraktive alternativ til dei største byane

Små og mellomstore byområde er viktige for å ta vare på hovudtrekka i busetnadsmønsteret, både i seg sjølv og gjennom rolla dei spelar for omlandet som regionsenter for spesiali­serte tenester, utdanningstilbod og kompetansemiljø. Fleire småbyregionar, særleg innanfor det distriktspolitiske virkeområdet, opplever betydelege omstillingar i nærings- og arbeidslivet og stagnasjon i folketalet. Samtidig har mange av desse regionane gode utdannings- og kompetansemiljø og nærings­miljø med store potensial for vidare utvikling. Det er ei betydeleg utfordring å snu utviklinga og gjere små og mellomstore byar attraktive som alternativ til dei største byane, både når det gjeld busetjing, utvikling av personlege karrierar og etablering av næringsverksemd.

Fotnotar

1.

Jamfør St.meld. nr. 8 (2003–2004) Rikt mangfold i nord. Om tiltakssonen i Finnmark og Nord-Troms, og handsaminga av denne i Stortinget, jf. Innst. S. nr. 176 (2003–2004).

2.

I vedlegg 1 er det gitt ei oversikt over viktige utviklingstrekk som gir grunnlag for vurderingane.

Til forsida