7 Rammer for bruken av distrikts- og regionalpolitiske verkemidlar under Kommunal- og regionaldepartementet
Dette kapitlet handlar om rammer for bruken av dei distrikts- og regionalpolitiske verkemidlane. Det gjeld først og fremst nytt distriktspolitisk virkeområde frå 2007 som følgje av nytt regelverk i EU/EØS.
Det gjeld også geografisk fordeling og avgrensingar i retningslinjene for bruken av dei distrikts- og regionalpolitiske midlane over Kommunal- og regionaldepartementets budsjett.
7.1 Nytt distriktspolitisk virkeområde for dei distrikts- og regionalpolitiske midlane frå 2007
Med bakgrunn i det nye regelverket skal Noreg revidere det distriktspolitiske virkeområdet. Virkeområdet for dei distrikts- og regionalpolitiske verkemidlane avgrensar mellom anna bruken av distriktspolitiske lån og tilskot til bedrifter gjennom Innovasjon Noreg. Det gjeldande virkeområdet går ut 31. desember 2006. Før det må ESA ha godkjent eit nytt virkeområde for Noreg. EU-kommisjonen og EFTAs overvakingsorgan, ESA, har vedteke nye retningslinjer for regionalstøtte for EU/EØS som skal gjelde frå 1. januar 2007 til 31. desember 2013, jf. omtale i kapittel 3.1.
7.1.1 Geografisk virkeområde og satsar
Ifølge dei nye retningslinjene kan Noreg framleis gi investeringsstøtte til område med låg folketettleik, det vil seie regionar med mindre enn 12,5 innbyggjarar per kvadratkilometer på fylkesnivå (NUTS III). I tillegg opnar regelverket for at næringssvake regionar i fylke som har fleire enn 12,5 innbyggjarar per km2 kan bli inkluderte i det distriktspolitiske virkeområdet i staden for sterke regionar i fylke med færre enn 12,5 innbyggjarar per km2 . Også øyar med færre enn 5 000 innbyggjarar eller andre kommunar med tilsvarande geografiske utfordringar kan få regionalstøtte.
Maksimale støttesatsar (offentleg støtte som del av totale investeringskostnader i enkeltprosjekt) for investeringsstøtte i det nye regelverket er
15 prosent for store bedrifter
25 prosent for mellomstore bedrifter (inntil 250 tilsette)
35 prosent for små bedrifter (inntil 50 tilsette)
For store og mellomstore bedrifter blir den maksimale støttesatsen i hovudsak noko lågare enn i dag. For små bedrifter er taket sett fem prosentpoeng høgare enn i dag.
7.1.2 Auka fleksibilitet og handlingsrom
Dei nye retningslinjene for regionalstøtte opnar for eit noko større distriktspolitisk virkeområde enn det vi har i dag. Dersom ESA aksepterer eit større virkeområde frå 2007, er dette eit særs godt resultat for Noreg. Med eit høgare befolkningstak kan fleire kommunar inkluderast samanlikna med i dag. Dette inneber auka handlingsrom for ein offensiv distrikts- og regionalpolitikk og gir betre rom til å møte dei utfordringane næringslivet i virkeområdet står overfor og vil møte i åra framover. Regjeringa har derfor notifisert eit virkeområde som inkluderer 24 fleire kommunar enn i dag i virkeområdet for distriktsretta investeringsstøtte.
Regjeringa er nøgd med fleksibiliteten i regelverket som gjer at sterke område i fylke som tilfredsstiller folketettleikskriteriet, kan bli bytte ut mot svake område i fylke som ikkje tilfredsstiller kriteriet. Ein slik fleksibilitet er heilt avgjerande for at Noreg skal kunne behandle likt område som har dei same utfordringane.
Virkeområdet for dei distrikts- og regionalpolitiske verkemidlane avgjer mellom anna i kva område av landet dei distriktspolitiske direkte bedriftsretta støtteordningane kan nyttast, og kva maksimale støtteintensitetar som gjeld. Virkeområdet må vere i tråd med EØS-retningslinjene for regionalstøtte og vere godkjent av EFTAs overvakingsorgan, ESA. Ifølgje dei nye, vedtekne retningslinjene for perioden 2007–2013 frå ESA er Noreg ikkje pålagt å differensiere satsane geografisk innanfor det godkjende virkeområdet. ESA har fastsett ulike maksimale støtteintensitetar for små, mellomstore og store bedrifter. Noreg har derfor sendt ESA eit forslag til eit generelt virkeområde for dei distriktspolitiske verkemidlane som ikkje er delt inn i A-, B- og C-soner. Forslaget er no til behandling i ESA.
For å sikre at verkemidlane blir mest mogleg treffsikre, meiner regjeringa at det er rett å vidareføre ei viss geografisk differensiering av dei maksimale støtteintensitetane for investeringsstøtte , ved at satsane i dei sterkaste områda i virkeområdet blir sette noko lågare enn i dei svakaste og sterkast prioriterte områda innanfor distriktspolitikken. Differensieringa av maksimale støtteintensitetar vil såleis bli knytt til dei enkelte støtteordningane og ikkje som i dag vere førehandsdefinert av det generelle virkeområdet. For distriktsretta investeringsstøtte legg regjeringa opp til å ha to soner (A og B) i staden for tre soner frå og med 2007.
I nokre tilfelle, til dømes i samband med særskild omstillingsinnsats, legg regjeringa opp til å kunne utnytte maksimalsatsane fullt ut, uavhengig av kvar ein er i virkeområdet. Regjeringa meiner denne løysinga gir ein treffsikker verkemiddelbruk, samtidig som ei slik løysing sikrar omsynet til nødvendig fleksibilitet.
Det vil som i dag vere opp til fylkeskommunane og Innovasjon Noreg å avgjere i kva grad ein vil utnytte maksimalgrensa for tillaten støtte.
Opning for ei regional transportstøtteordning
Det nye regelverket for regionalstøtte tillet transportstøtte til føretak i fylke med mindre enn 12,5 innbyggjarar per km2 og som i tillegg kan dokumentere ekstra transportkostnader. Kommunal- og regionaldepartementet legg opp til eit samarbeid med dei aktuelle fylka om å notifisere ei regional transportstøtteordning, jf. omtale i kapittel 3.3.4.
7.1.3 Vidare prosess
Det nye virkeområdet vil etter planen gjelde fram til 31. desember 2013. Den norske notifikasjonen med forslag til nytt distriktspolitisk virkeområde frå 2007 blei send ESA i juni 2006. 1
Det er ESA som endeleg avgjer kva for regionar og kommunar som fell innanfor virkeområdet for dei distriktspolitiske verkemidlane. Regjeringa legg til grunn at notifikasjonen blir godkjend i løpet av hausten slik at virkeområdet kan ta til å gjelde frå 1. januar 2007.
Kommisjonen arbeider for tida med eit nytt gruppeunntak for regionalstøtte. Dersom gruppeunntaket kjem på plass før året er omme, kan det bety at ESA ikkje på førehand treng å godkjenne alle dei støtteordningane som Noreg i dag har notifisert overfor ESA i samsvar med regionalstøttereglane. I staden vil støtteordningane kunne meldast til Fornyings- og administrasjonsdepartementet og ESA gjennom forenkla notifikasjon. Unntaket vil berre gjelde støtteordningar som er «transparente», med andre ord ordningar der støtteelementet er mogleg å rekne ut på støttetidspunktet.
7.2 Geografisk fordeling og avgrensingar for bruk av distrikts- og regionalpolitiske verkemidlar under Kommunal- og regionaldepartementet
7.2.1 Geografisk fordeling av dei ordinære distrikts- og regionalpolitiske verkemidlane
Midlane blir i all hovudsak nytta innanfor det distriktspolitiske virkeområdet
Dei ordinære distrikts- og regionalpolitiske midlane under kapittel 551 post 60 over budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet blir i all hovudsak nytta innanfor det distriktspolitiske virkeområdet, som ein distriktspolitisk ekstrainnsats. Ein mindre del blir nytta utanfor virkeområdet for å medverke til å utnytte verdiskapingspotensialet i alle delar av landet.
Midlane over kapittel 551 post 60 blir desentraliserte til fylkeskommunane, som igjen fordeler dei til Innovasjon Noreg, kommunale og interkommunale næringsfond og lokale og regionale utviklingstiltak. I kriteria for fordelinga mellom fylka blir virkeområdet nytta som det sentrale grunnlaget. Det gjer at hovuddelen av midlane går til dei tre nordnorske fylka, og dei fylka i Sør-Noreg som har større område innanfor virkeområdet. Fylke med få kommunar innanfor virkeområdet, som Aust-Agder, Vest-Agder, Buskerud, Østfold og Rogaland, får ei mindre tildeling, medan fylke som ikkje har kommunar innanfor virkeområdet i det heile, får eit minstebeløp 2 .
Departementet fordeler også midlar over kapittel 552.72 til mellom anna programverksemd under Innovasjon Noreg, SIVA og Forskingsrådet. Også desse midlane skal primært nyttast innanfor det distriktspolitiske virkeområdet. Dei blir også i nokon grad nytta utanfor virkeområdet. Døme på dette er Norwegian Centres of Expertise, inkubatorar og programsatsingar for å kople kunnskapsmiljø og verksemder. Desse tiltaka er ofte finansierte av fleire departement og utforma for å fremme innovasjons- og nyskapingsevna i bedrifter. Dette arbeidet tek ofte utgangspunkt i kompetansemiljøa som er knytte til høgskolar og FoU-miljø, som ofte er lokaliserte til mellomstore og mindre byregionar.
Også behov for regionalpolitiske verkemidlar utanfor det distriktspolitiske virkeområdet
Dei særskilde distrikts- og regionalpolitiske verkemidlane skal etter regjeringa sitt syn framleis i all hovudsak nyttast til å fremme ei positiv utvikling i områda innanfor det distriktspolitiske virkeområdet.
Samtidig ser regjeringa behov for ein noko sterkare regionalpolitisk innsats for å fremme nyskaping, innovasjon og utnytting av potensiala i næringsmiljø i regionar også utanfor det distriktspolitiske virkeområdet. Måten dei distrikts- og regionalpolitiske verkemidlane under Kommunal- og regionaldepartementet blir forvalta på, gjer at dei bidreg på ein god måte til å utløyse verdiskapingspotensialet også utanfor virkeområdet. Løyvingane utgjer også ofte ein viktig del av dei midlane fylkeskommunar disponerer til distrikts- og regionalpolitiske formål og er med på å styrkje deira rolle som regionalpolitisk aktør. For å oppnå ein god effekt er det viktig at fylkeskommunane i desse områda sikrar ei god kopling mellom dei regionalpolitiske og dei landsdekkjande ordningane.
Ein slik innsats utanfor virkeområdet kan også medverke til å styrkje utviklinga innanfor virkeområdet, både med omsyn til kompetanseretta næringsutvikling for bedrifter også innanfor virkeområdet og utvikling av attraktive senter som gir grunnlag for tenester i eit større omland. Mange av fylka frå Nord-Trøndelag og sørover har kommunar både utanfor og innanfor virkeområdet. Nokre av sentralfylka har også «utkantstrøk» som har utsette lokalsamfunn, men som likevel ikkje er med i virkeområdet.
Regjeringa har varsla at ho ønskjer å styrkje dei distrikts- og regionalpolitiske verkemidlane under Kommunal- og regionaldepartementet. Løyvingane blei auka for budsjettåret 2006. Denne auken gjekk i hovudsak til fylke i det distriktspolitiske virkeområdet. Ved ein ny auke kan det vere aktuelt å fordele tildelinga på den måten at også fylka med alle eller fleire kommunar utanfor virkeområdet får betre grunnlag for å drive regionalt utviklingsarbeid i heile fylket. Departementet vil vurdere dette nærmare i budsjettsamanheng.
7.2.2 Vurdering av avgrensingar for bruken av dei ordinære verkemidlane
Dei gjeldande retningslinjene for bruken av dei distrikts- og regionalpolitiske verkemidlane under Kommunal- og regionaldepartementet gir stort regionalt og lokalt handlingsrom for innrettinga på innsatsen. Regelverket har likevel nokre avgrensingar som Kommunal- og regionaldepartementet vil vurdere nærmare, mellom anna for å få til forenkling og betre samsvar med retningslinjene for dei alternative verkemidlane til differensiert arbeidsgivaravgift, jf. kapittel 3.3.3.
Avgrensingane som gjeld i dag for dei ordinære verkemidlane, er dels ein konsekvens av EØS-avtalen, dels sjølvpålagde:
Handlingsrommet for å gi direkte distriktsretta bedriftsstøtte er primært avgrensa til det distriktspolitiske virkeområdet. Avgrensinga omfattar investeringsstøtte og lån under Innovasjon Noreg. Denne avgrensinga bør halde fram for å sikre prioritering av denne typen innsats i det distriktspolitiske virkeområdet. Krav til maksimale støtteintensitetar følgjer av EØS-avtalen og kan ikkje bli endra einsidig av Noreg.
Støtte til fysiske investeringar kan ikkje bli gitt utanfor virkeområdet (sjølvpålagd). Avgrensinga blei opphavleg sett inn fordi det først og fremst var behov for støtte til investeringar i industriområde, hamner og vassverk i område med lågt folketal og liten marknad. Den faktiske handlefridomen til å gjere dette blir i praksis sikra gjennom prioritering av midlar til fylke med stor del av kommunar i virkeområdet. Denne avgrensinga bør likevel halde fram fordi dette ofte er kostbare tiltak som berre bør bli i sette i verk innanfor virkeområdet.
Støtte skal heller ikkje bli gitt til tiltak som skal bli finansierte over ordinære budsjett i stat, fylke eller kommune (sjølvpålagd). Desse avgrensingane er meinte å skjerme dei distrikts- og regionalpolitiske utviklingsmidlane mot å bli nytta til drift og investeringar som er knytte til å oppretthalde velferds- og tenestilbod. Dette gjeld både visse typar fysiske investeringar, som veginvesteringar, og drift og investeringar som er knytte til fylkeskommunal eller kommunal tenesteproduksjon.
I tråd med ansvarsreforma meiner Kommunal- og regionaldepartementet at prioriteringar av bruk av dei regionale utviklingsmidlane i størst mogleg grad bør bli tekne regionalt og lokalt. Departementet vil likevel peike på at grunngivinga for midlane er at dei skal bli nytta til særskilde utviklingstiltak for å fremme næringsutvikling og utvikling av attraktive stader. Departementet ser derfor framleis behov for å ha ei klar avgrensing mot bruk av midlane til drift og investeringar knytte til offentleg velferdsproduksjon.
Departementet vil samtidig peike på at spesielle infrastrukturinvesteringar og utviklingstiltak som skal medverke til å utvikle eit betre tenestetilbod, kan vere nyttige for å fremme næringsutvikling og attraktive stader. Departementet ønskjer derfor at fylkeskommunane i samarbeid med den regionale partnarskapen, skal få større fridom til å avgjere kva typar fysiske investeringar og utviklingstiltak innanfor det distriktspolitiske virkeområdet som best kan medverke til å fremme regional utvikling. Departementet legg opp til å endre retningslinjene for midlane i tråd med dette, og at det blir harmoniserte retningslinjer for midlane over kapitla 551 post 60 og 551 post 61.
Fotnotar
Oppdatert og meir detaljert informasjon finst på heimesidene til Kommunal- og regionaldepartementet.
Vestfold, Oslo og Akershus, som ikkje har kommunar innanfor virkeområdet, fekk i 2006 tildelt eit mistebeløp på om lag 5,6 mill. kroner kvar, som utgjer om lag 1,5 prosent–2 prosent av det som blir overført til fylkeskommunane. Bakgrunnen er tidlegare tildelte etablerarstipend frå ei landsomfattande ordning. Løyvingane kan no også nyttast til å drive regionalt utviklingsarbeid.