5 Sektorretta innsatsar og rammevilkår for næringsutvikling
Fleire målretta innsatsar innanfor sektorar som utnyttar stadbundne potensial for næringsverksemd, eller som er dominerande i lokale arbeidsmarknader, er viktige for å fremme dei distrikts- og regionalpolitiske måla regjeringa har sett seg. Regjeringa legg vekt på ein målretta innsats for auka verdiskaping og innovasjon i dei delane av ulike næringar og sektorar som har vekstpotensial. Effektiviseringa og reduksjonen i sysselsetjing i arbeidsintensive næringar må bli møtt med framvekst av nye konkurransedyktige bedrifter.
På fleire område legg staten også viktige rammer for næringsaktørar gjennom reguleringar av ressursar eller kanalisering av statsstøtte, som også har stor distrikts- og regionalpolitisk verknad. Dette gjeld til dømes rammer for utvinning av olje og gass, regulering av fiske og profilen på landbruksstøtta. Regjeringa legg vekt på at utviklinga av politikken på desse områda skal bli vurdert i høve til distrikts- og regionalpolitiske mål.
Regjeringa vil vidareutvikle fleire verdiskapingsprogram som skal medverke til å utnytte verdiskapingspotensiala og auke innovasjonsevna innanfor ulike sektorar og næringsområde. Regjeringa har starta opp arbeidet med å utvikle ein nasjonal reiselivsstrategi. Regjeringa vil også medverke til ei auka utnytting av potensiala som ligg i kulturbasert næringsutvikling, og samspelet mellom dette og reiseliv.
5.1 Landbruksnæringar er viktige for sysselsetjing og busetjing
Landbruket spelar ei viktig rolle for sysselsetjing og busetjing i store delar av landet og er berebjelken i mange bygder. I Soria Moria-erklæringa er det sett som mål å oppretthalde eit levande landbruk over heile landet. For å møte denne utfordringa har Landbruks- og matdepartementet mange verkemiddel som verkar saman for å auke verdiskapinga og realisere spreidd produksjon gjennom ein variert bruksstruktur.
Distrikts- og regionalpolitiske omsyn er derfor viktige i utforminga av dei landbrukspolitiske verkemidla. Kanaliseringspolitikken er sentral i den samanhengen. Denne politikken legg mellom anna til rette for at grasbaserte husdyrproduksjonar i stor grad kan skje i område der alternative landbruksproduksjonar er få. Mjølkeproduksjonen, med tilhøyrande kjøttproduksjon, er eit døme på dette. Over jordbruksavtalen er 55 prosent av løyvingane på tilskotsordningar distriktsdifferensierte, medan 70 prosent er på ordningar som er strukturdifferensierte og 40 prosent er både distrikts- og strukturdifferensierte. Strukturdifferensieringa gir ein meir variert bruksstruktur og eit meir omfattande jordbruk ved å kompensere for skalaulemper. Ved eit middels driftsomfang, tek gardar i Nord-Noreg imot over dobbelt så høg støtte som gardar på Jæren.
Regjeringa vil vurdere distriktsprofilen i samband med jordbruksforhandlingane. Dette vil òg bli sett i samanheng med resultata av internasjonale avtaler om handel. Landbruket møter ein stadig sterkare globalisert, kunnskapsbasert og konkurranseutsett økonomi. Ambisjonane til regjeringa i WTO-forhandlingane som går føre seg, er fastsette gjennom Soria Moria-erklæringa. Regjeringa vil forhandle med utgangspunkt i å få til best mogleg handlingsrom for å føre ein politikk som gjer det mogleg å nå måla. Inngåinga av ein ny WTO-avtale vil i alle høve ikkje endre dei distriktspolitiske ambisjonane til regjeringa når det gjeld landbruket og næringsmiddelindustrien. Landbruks- og matdepartementet legg opp til ein større gjennomgang av landbrukspolitikken når ein ny WTO-avtale har kome på plass.
I Soria Moria-erklæringa står det at regjeringa vil sikre utøvarar i landbruket ei inntektsutvikling og sosiale vilkår på linje med andre grupper. I lys av dette vil inntektsnivået bli vurdert i samband med dei årlege jordbruksforhandlingane. Dette er følgt opp gjennom jordbruksavtalen for 2006-2007. I tillegg legg avtalen til rette for ei nivåheving i inntektene.
Landbruket og landbruksbasert verksemd er ein viktig pilar for knoppskyting for næringsutvikling i område utanfor byregionane. Bygdeutviklingsmidlane saman med fleire verdiskapingsprogram skal medverke til næringsutvikling og utnytting av konkurransefortrinna i landbruket. Målet er auka verdiskaping for primærprodusentane og verksemder som vidareforedlar råvarer frå norsk landbruk.
Boks 5.1 Landbruket er viktig for sysselsetjing og busetjing
Landbrukssektoren har ei av dei mest komplette verdikjedene i norsk næringsliv, frå forsking på råvarer og heilt fram til forbrukar. Heile verdikjeda for mat sysselset over 100 000 årsverk rundt om i heile landet. Nærings- og nytingsmiddelindustrien er Noregs nest største industribransje og er svært viktig for sysselsetjinga utanfor byområda. I 2005 var nærmare 50 000 sysselsette i denne industrien. Primærproduksjonen og næringsmiddelindustrien er gjensidig avhengige av kvarandre. Utan norske råvarer vil truleg store delar av denne industrien forsvinne. Skogsektoren har også stor regional verdi for sysselsetjinga og representerer om lag 30 000 årsverk.
5.1.1 Vidareføre Bygdeutviklingsmidlane for å fremme nyskaping i landbruket
Bygdeutviklingsmidlane (BU-midlane) er viktige i arbeidet med å leggje til rette for å utvikle nye og alternative næringar og arbeidsplassar med grunnlag i ressursane i landbrukseigedomane. Dette legg grunnlag for langsiktig, lønnsam verdiskaping og desentralisert busetjing. Innanfor landbruket er potensiala store for næringsutvikling og innovasjon som er basert på regionale fortrinn, der ein ser ressursgrunnlag og marknadspotensial i samanheng. Landbruket kan utnytte den generelle velstandsauken ved å auke tenesteelementet i jord- og skogbruket og dermed utvikle produkt og tenester med eit høgare innteningspotensial.
BU-midlane kan nyttast både til tilretteleggjande og bedriftsretta tiltak. BU-midlane skal bli nytta til å støtte eit breitt spekter av næringsverksemd med utgangspunkt i ressursane i landbruket generelt og landbrukseigedomane spesielt. Landbruks- og matdepartementet legg særleg vekt på områda bioenergi, reiseliv og sal av tenester. Det er såleis mogleg å støtte lokalsamfunnstiltak av ulike slag og gi direkte støtte til bedrifter i ulike fasar. Dei fylkesvise BU-midlane blir forvalta regionalt, men er basert på overordna retningslinjer frå nasjonalt hald. Det er såleis opp til den regionale partnarskapen på fylkesnivå å vurdere kvar effekten av pengane er størst. Dersom det er særskilde utfordringar i nokre område, kan regionalt nivå prioritere å bruke BU-midlar der.
God lønnsemd i det tradisjonelle landbruket er viktig for nyskaping i landbruket generelt. Næringsutviklingsarbeidet skal medverke til å oppretthalde ein variert bruksstruktur, der deltidslandbruket og kombinasjonsbruka får sjansar til utvikling ut frå mål om levande bygder og eit allsidig næringsliv.
5.1.2 Verdiskapingsprogrammet for matproduksjon
Hovudformålet for programmet er høgare verdiskaping gjennom å stimulere til produksjon av mat med særpreg og høg kvalitet med utgangspunkt i ønske og behov i marknaden. Programmet skal vere basert på utnytting av mellom anna norske mattradisjonar og lokale og regionale matspesialitetar. Programmet skal også medverke til fornying av produksjons-, leverings- og distribusjonsmetodane og fornying og utviding av marknadene for dei aktuelle matvarene. Målgruppa er først og fremst små og mellomstore matbedrifter, men også andre kan bli støtta så lenge tiltaket er innanfor rammene av målet for programmet. Det er ein føresetnad at tiltak som blir støtta, medverkar til ei verdiskaping også i primærleddet. Det er etablert ein eigen arena for programmet med representantar frå heile verdikjeda. Arenaen skal gi råd til Innovasjon Noreg og Landbruks- og matdepartementet i arbeidet med å utvikle programmet.
Den offentlege merkeordninga Beskytta nemningar inngår som ein del av programmet. Ein viktig faktor for opprettinga av den norske merkeordninga har vore dei svært positive erfaringane som fleire av EU-landa har med same merkeordning. Erfaringane frå EU syner at opphavsmerking som kombinerer kriterium for geografisk opphav, tradisjon og særpreg, har ført til auka omsetning og auka lønnsemd både hos primærprodusentane og produsentane av næringsmiddel.
Den årlege løyvinga til programmet har dei siste åra vore på rundt 100 mill. kroner. Landbruks- og matdepartementet legg til grunn at verdiskapingsprogrammet for matproduksjon blir vidareutvikla i åra framover. Viktige satsingsområde vil vere differensiering og utvikling av matproduksjonen, merkeordninga Beskytta nemningar spesielt og konkurransefortrinn generelt, auke av kompetansen til norske matprodusentar og FoU.
5.1.3 Verdiskapingsprogrammet for reindrift
Verdiskapingsprogrammet for reindrift blei oppretta i 2001. Formålet med programmet er å auke verdiskapinga i næringa slik at ho kjem reineigarane til gode. Verdiskapingsprogrammet for reindrifta blir gjennomført i tråd med handlingsstrategiane for verdiskapingsprogrammet for norsk matproduksjon, men er ikkje avgrensa til berre å omfatte matprodukt. Satsingsområda er gjennomgang av regelverk som kan vere til hinder for auka verdiskaping, mobilisering av nettverk, rettleiing, motivering og kompetanseheving.
Den årlege løyvinga er på om lag 7,7 mill. kroner over budsjettet til Landbruks- og matdepartementet, og forvaltninga av programmet er lagd til Innovasjon Noreg. Landbruks- og matdepartementet legg til grunn at verdiskapingsprogrammet for reindrift blir vidareutvikla i tråd med mellom anna utviklinga i verdiskapingsprogrammet for matproduksjon for å møte dei utfordringane næringa står overfor.
5.1.4 Strategiar for utvikling av skognæringa og verdiskapingsprogram for bruk og foredling av trevirke
Noreg har store uutnytta skogressursar. Desse ressursane er eit viktig grunnlag for verdiskaping og vil kunne medverke til å sikre folk arbeidsplassar og velferd der det elles er få alternativ til sysselsetjing. Skognæringa er sett saman av både store industribedrifter, mellomstore trelast- og trevarebedrifter og mange småføretak blant skogeigarar og entreprenørar. Mange av desse verksemdene er lokaliserte i småsenter og spreiddbygde område.
Den norske skogindustrien er bygd opp omkring foredling av norsk råstoff. Dei siste åra har hogstaktiviteten i Noreg vore låg. Som ei følgje av dette har delar av skogindustrien hatt vanskeleg for å skaffe nok råstoff til produksjonen. Samtidig gir ressursgrunnlaget rom for betydeleg auka hogst innanfor ramma av eit berekraftig skogbruk. Det er også ei næring med stor eksportverdi og med potensial for auke i verdiskapinga knytt til både treprodukt og bioenergi.
Landbruks- og matdepartementet legg derfor vekt å leggje til rette for auka aktivitet i dei områda der ressursane og marknadstilhøva gir grunnlag for det. Landbruks- og matdepartementet vil utvikle nasjonale strategiar for auka avvirking av skog, jf. oppmodingsvedtak nr. 574 og Innst. S. nr. 240 (2004–2005).
Verdiskapingsprogrammet for bruk og foredling av trevirke, Treprogrammet , skapte engasjement, stimulerte til nyskaping i skog- og trebransjen, auka interessa for bruk av tre og medverka til auka fokus på betre lønnsemd og auka verdiskaping i verdikjeda. I den framtidige tresatsinga vil Landbruks- og matdepartementet arbeide vidare etter desse linjene. Nyskaping, verdikjedeutvikling, kommersialisering av produktidear og profesjonalisering av sal og marknadsføring av tre og treprodukt blir sentrale element i den nye satsinga. Parallelt med dette vil Landbruks- og matdepartementet medverke til å styrkje forskinga knytt til trebruk og treprodukt. Det er eit nært samarbeid mellom Forskingsrådet og Innovasjon Noreg i dette arbeidet.
Skogressursane er òg viktige i energi- og miljøsamanheng. Bioenergi blir eit viktig vekstområde i åra framover, og i denne samanhengen er trevirke blant dei viktigaste råstoffa. Bioenergisatsinga vil derfor bli ein sentral del av skogpolitikken framover. Produksjon av miljøvennleg energi og verdiskaping basert på bioenergi er omtalt i kapittel 5.8.
5.2 Verdiskapingsprogram på kulturminneområdet
Regjeringa legg vekt på at kulturminne og kulturmiljø blir nytta som grunnlag for utvikling av levande lokalsamfunn og verdiskaping, i tillegg til eigenverdien kulturminne har som kjelde for kunnskap og opplevingar.
På denne bakgrunnen har Miljøverndepartementet etablert eit verdiskapingsprogram på kulturminneområdet som skal gjelde frå og med 2006. Verdiskapingsprogrammet har desse måla:
Medverke til at kulturminne og kulturmiljø blir tekne i bruk i utvikling av lokalsamfunn og næringsliv.
Utvikle modellar for samarbeid mellom eigarar, personar med rettar, næringsliv, offentlege aktørar, museum og frivillige organisasjonar.
Spreie kunnskap om korleis ein berekraftig bruk av kulturminne og kulturmiljø fremmar næringsutvikling og styrkjer lokalsamfunn og regionar.
Klargjere føresetnader som kan fremme, og flaskehalser som kan hemme, verdiskaping knytt til kulturminne.
Det blir lagt opp til at fase 1 av programmet vil gå frå 2006 til og med 2009. På bakgrunn av erfaringar og resultat frå denne perioden vil Miljøverndepartementet ta stilling til vidare omfang av og innhald i programmet (fase 2). I 2006 vil inntil ti pilotprosjekt bli valde ut. Desse prosjekta vil få økonomisk og fagleg støtte til å gjennomføre prosjekta over ein fireårsperiode. Prosjekta vil inngå i ein lokal eller regional strategi for verdiskaping og innovasjon. Det vil også bli utvikla eit nettverk for kunnskapsformidling, erfaringsutveksling og koordinering.
Fylkeskommunen som regional utviklingsaktør vil stå sentralt i programarbeidet, men både eigarar, næringslivet, andre private og offentlege aktørar og frivillige organisasjonar kan søkje om å delta i programmet. Miljøverndepartementet legg vekt på etablering av aktørfellesskap over tradisjonelle fag- og sektorgrenser og at midlane i verdiskapingsprogrammet skal fungere i samspel med andre offentlege og private ressursar gjennom spleiselag. Miljøverndepartementet legg opp til at kystkultur skal bli vektlagd i verdiskapingsprogrammet, som eit strategisk verkemiddel innanfor kystkultursatsinga.
5.3 Fiskeri og kystnæringane skal gi verdiskaping langs kysten
I Soria Moria-erklæringa er marin sektor identifisert som eitt av fem satsingsområde der Noreg har særskilde fortrinn. Aktiviteten i sektoren er lokalt forankra med ulike regionale særtrekk og potensial, samtidig som næringa er svært internasjonalt konkurransedyktig.
Fiskeri- og havbruksforvaltninga til regjeringa skal vere basert på langsiktige strategiar der berekraftig ressursutnytting og ei rettferdig ressursfordeling er sjølve fundamentet. Dei levande marine ressursane er eigedomen til fellesskapen. Dei skal bli forvalta på ein måte som gir størst mogleg verdiskaping i lokalsamfunn langs kysten og i fjordane, og særleg i samfunn som er avhengige av fiskeri- og havbruk. Fiskeri- og kystdepartementet vil på bakgrunn av dette forsterke handhevinga av leveringsplikta, revurdere strukturen i fiskeflåten og sikre ei livskraftig og miljøvennleg utvikling i havbruket. Regjeringa har i 2006 sett i verk fleire tiltak for å kome det omfattande ulovlege fisket til livs, gjennom auka kontroll både i Noreg og i samarbeid mellom Noreg og Russland og fleire EU-land.
For ei eksportretta og konkurranseutsett næring er marknad og tilgang til marknaden viktig. Regjeringa vil arbeide vidare for å sikre næringa best moglege internasjonale rammevilkår. Fiskeri- og kystdepartementet vil også medverke til tiltak for bygging av nettverk mellom bedrifter og med fokus på heile verdikjeda frå fjord til bord for å styrkje konkurranseevna.
5.3.1 Fiskeforedlingsindustrien skal sikrast stabil tilgang på råstoff
Fiskeri- og kystdepartementet ønskjer å handheve strengt leveringsvilkåra som er knytte til ferskfisktråleflåten, for å sikre fiskefordelingsindustrien langs kysten stabil tilgang på råstoff. I Soria Moria-erklæringa blir det tilrådd at konsesjonar skal bli inndregne dersom det kan bli konstatert grove brot på ordninga.
Oppbygginga av ferskfisktrålarflåten skjedde samtidig med etablering av frosenfiletindustrien på 1960-talet. Desse fartøya skulle sørgje for ein jamn og sikker tilførsel av torsk til foredlingsindustrien. Derfor blei spesielle leveringsvilkår nedfelte i konsesjonsdokumenta for torsketrålarar tilhøyrande reiarlag som var knytte til industrianlegg. Mykje har blitt endra etter det. Ei evaluering frå januar 2006 som er utført av Fiskeriforsking, syner at det er behov for ein gjennomgang av ordninga. Fiskeri- og kystdepartementet vil også etablere ei distriktskvoteordning retta mot spesielt utsette område for å sikre sysselsetjinga i industrien. Dette er nærmare omtalt i kapittel 6.
Noreg har unike fortrinn gjennom nærleik til attraktive marine ressursar. Dette gjer oss i stand til å forsyne kjøpekraftige konsumentar i Europa med ferske fiskeprodukt. Fiskeri- og kystdepartementet arbeider med å avklare korleis det offentlege kan medverke til å utnytte fortrinnet, mellom anna gjennom å utvikle ein ferskfiskstrategi.
5.3.2 Struktur i fiskeflåten
Regjeringa ser det som ein styrke at næringa har ein struktur der aktørane varierer i storleik. Det skal bli lagt til rette for ein fiskeflåte som medverkar til aktivitet og sysselsetjing langs heile kysten. 6. januar 2006 blei det nedsett eit utval som skal evaluere strukturtiltaka for fiskeflåten og fremme forslag til korleis den framtidige strukturpolitikken bør bli utforma. Mandatet for utvalet er knytt opp mot konkrete mål i Soria Moria-erklæringa om at strukturpolitikken må medverke til å sikre fiskeressursane som felles eigedom og å utvikle ein fiskeflåte som medverkar til aktivitet langs heile kysten, og som også er moderne, variert og lønnsam.
Utvalet er bede om å kome med si innstilling innan 15. august 2006. Det vil deretter bli gjennomført ei ordinær høyring. Målet er at reviderte ordningar skal tre i kraft frå og med januar 2007. Fiskeri- og kystdepartementet vurderer også å etablere investeringstilskot for kystflåten. Dette vil eventuelt bli realisert tidlegast i 2007.
5.3.3 Havbruksnæringa er viktig for kysten
Regjeringa ønskjer i tråd med Soria Moria-erklæringa å etablere konkurransevilkår for havbruksnæringa som sikrar ei livskraftig og miljøvennleg utvikling av næringa, og som kan medverke til verdiskaping langs kysten.
I Soria Moria-erklæringa blir det peika på behov for auka risikoavlasting ved oppstart av oppdrett av nye artar, og at det skal vurderast å etablere eit statleg investeringsfond for marin sektor som mellom anna skal kunne gå inn med eigarinteresser i oppdrett. Det blir også peika på tiltak som involvering av regionalt folkevalt nivå i komande konsesjonstildelingar av laks og aure, endring av avgrensingar i eigarskap, gjeninnføring av styringsverktøy som fôrkvotar og innføring av ei arealavgift som skal tilfalle vertskommunane.
Regjeringa har alt endra reglane for avgrensinga for eigarskap ved at det øvre taket på eigardel for eit selskap er redusert frå 35 prosent til 25 prosent av samla konsesjonsbiomasse i oppdrett av laks og aure. Samtidig blei grensa for eigarskap der det blir innhenta samtykke frå Fiskeri- og kystdepartementet, sett ned frå 20 prosent til 15 prosent.
Resten av tiltaka vil bli vurderte i ein samla gjennomgang av konkurransevilkåra til havbruksnæringa, med utgangspunkt i eit mål om at næringa skal vere konkurransedyktig og subsidiefri. Regjeringa har sett ned ei interdepartemental arbeidsgruppe under leiing av Fiskeri- og kystdepartementet for å vurdere ulike tiltak i samanheng. Nye endringar i regelverket vil truleg ikkje bli gjort gjeldande før tidlegast frå 1. januar 2007.
Mykje av forventninga til framtidig verdiskaping i marin sektor ligg i nye artar i oppdrett, havbeite og fangstbasert akvakultur. Oppdrett av torsk er ei vekstnæring innanfor havbruk, men også andre artar har potensial som både volum- og nisjeartar. Dei mest aktuelle andre artane er kveite, steinbit og blåskjel. Særskilde naturgitte regionale fortrinn gir gode vekstvilkår for ulike artar i ulike delar av landet. Til dømes eignar flekksteinbit og røye seg godt for oppdrett i Nord-Noreg med kaldt vatn, medan tilhøva er gode for østersdyrking på Sørvestlandet. For å få fram lønnsam produksjon av nye artar i oppdrett trengst det eit betydeleg og langsiktig engasjement av både privat og offentleg karakter.
Boks 5.2 Regionale fortrinn og potensial – samarbeid mellom regionalt og sentralt nivå
Å basere næringsutvikling på regionale fortrinn og potensial for verdiskaping reiser fleire utfordringar og spørsmål, som kva eit regionalt fortrinn eller potensial er, korleis verkemiddel kan bli nytta systematisk for å utnytte slike fortrinn, korleis satsing på regionale fortrinn kan fremme størst mogleg nasjonal verdiskaping, korleis sikre samsvar mellom innsats ved bruk av regionale utviklingsmidlar i fylka og nasjonale marine strategiar og korleis fremme samarbeid og arbeidsdeling regionane imellom når det gjeld marin næringsutvikling.
Desse spørsmåla har kystfylka, Fiskeri- og kystdepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet, Fiskeridirektoratet og dei nasjonale verkemiddelaktørane Innovasjon Noreg, Forskingsrådet og SIVA sett fokus på gjennom to arbeidsseminar.
På det første arbeidsseminaret, i mars 2005, var det brei semje om behovet for ei felles oversikt over planar og innsats i kystfylka for marin utvikling. På eit arbeidsseminar i mars 2006 la SINTEF Fiskeri og havbruk fram ein samla dokumentasjon av dette for kystfylka frå Rogaland til og med Finnmark. Oversikta viser eit stort mangfald i engasjement mot marin sektor. Ho indikerer at auka koordinering mellom regionane og mellom regionalt og nasjonalt nivå vil kunne gi auka utteljing av den samla offentlege verkemiddelbruken.
I nært samråd med kystfylka og nasjonale fagorgan og verkemiddelaktørar vil Fiskeri- og kystdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet ta initiativ til eit oppfølgingsprosjekt med sikte på å utvikle ein metode for identifikasjon av regionale fortrinn for marin verdiskaping. Målet er at fylka sjølve skal ta ein slik metode i bruk i kartlegginga av eigne marine fortrinn og potensial, og nytte dette til å styrkje sitt samarbeid med andre regionar og nasjonale styresmakter. I ein regionalpolitisk samanheng vil det vere nyttig å vurdere både kvar ein har klart å utnytte sine regionale fortrinn og potensial, og kvar det kan vere behov for auka innsats for å utvikle eit betre tilpassa og meir konkurransedyktig næringsliv.
5.3.4 Marint verdiskapingsprogram
Regjeringa legg vekt på at utviklinga i fiskeri- og havbruksnæringane skal medverke til at vi får lønnsame arbeidsplassar og auka aktivitet langs kysten. Samtidig er det ei utfordring å styrkje den globale konkurransekrafta til desse næringane, som er svært konkurranseutsette. Tidlegare har konkurransen i hovudsak prega detaljistleddet. I dei seinare åra har globaliseringa også nådd råvaremarknaden. Norsk fiskeforedlingsindustri møter no ein auka internasjonal konkurranse, også om lokalt fanga råstoff.
I ein slik situasjon meiner Fiskeri- og kystdepartementet at det er heilt sentralt at fiskeri- og havbruksnæringane blir vidareutvikla, særleg på produkt- og marknadssida. Fiskeri- og kystdepartementet ønskjer å støtte opp om dette arbeidet i næringa gjennom å etablere eit nytt marint program for innovasjon og auka verdiskaping. Gjennom programmet skal det offentlege medverke til å styrkje kompetansen i bedriftene om marknadskrav og internasjonalisering og til å omsetje slik kompetanse til strategisk marknadsretta verksemd.
I 2006 er det sett av 40 mill. kroner til det nye marine verdiskapingsprogrammet. Programmet vil bli administrert av Innovasjon Noreg. Fiskeri- og kystdepartementet har saman med Kommunal- og regionaldepartementet og Innovasjon Noreg etablert nær kontakt og dialog med fylkeskommunane og andre regionale organ om utforming og iverksetjing av programmet. Det skal medverke til ei meir effektiv planlegging og gjennomføring av innsats for marin næringsutvikling, der ein kan sjå nasjonale og regionale satsingar i samanheng.
5.3.5 Rekruttering
For å sikre ei berekraftig utvikling av fiskeriavhengige kystsamfunn og at ungdommen skal ønskje og finne ein plass i fiskerinæringa, vil Fiskeri- og kystdepartementet leggje til rette for rekrutteringsordningar som kan medverke til at ungdom finn ein veg inn i næringa. Departementet vil setje ned eit eige utval i inneverande år for ein gjennomgang og ei nærmare vurdering av temaet.
5.4 Regjeringa vil utvikle ein nasjonal reiselivsstrategi
Regjeringa vil i tråd med Soria Moria-erklæringa utvikle ein nasjonal reiselivsstrategi som byggjer på nærleik til natur og norsk kultur, og som sikrar satsinga på grønt reiseliv, reiselivsnæringa som distriktsnæring og attraktiviteten i kulturlandskapet.
Reiselivsstrategien vil bli utforma av Nærings- og handelsdepartementet i nært samarbeid med andre departement. Det er lagt opp til ein brei prosess og tett dialog med næringane og ulike offentlege aktørar. Som ein del av oppstarten av prosessen er mange ulike aktørar inviterte til samråd for å drøfte aktuelle problemstillingar og hente inn synspunkt. Formålet er å få klarlagt kva som er viktig for ei vidare positiv utvikling av reiselivsnæringane, og samtidig få ei grundig gjennomdrøfting av og eit breitt engasjement i arbeidet med moglege tiltak.
Reiselivsstrategien skal leggje grunnlaget for å styrkje konkurranseevna til reiselivsnæringane. Aktuelle tema i strategiarbeidet er internasjonal profilering, opplæring og styrking av kompetansen i næringane, fysisk infrastruktur, fellesgodefinansiering, kvalitetssikring av reiselivsprodukta og betre samarbeid mellom næringsaktørane og mellom næringane og styresmaktene. Regjeringa tek sikte på å leggje fram strategien våren 2007.
Arbeidet med reiselivsstrategien vil mellom anna byggje på erfaringane med ulike tiltak nasjonalt og regionalt for å fremme utvikling av reiseliv. Landbruks- og matdepartementet har til dømes medverka til å utvikle reiseliv knytt til landbruket over fleire år, mellom anna gjennom satsinga på grønt reiseliv, jf. også kapittel 6.3.2. I dette arbeidet har det blitt lagt vekt på å styrkje lokal identitet, lokal matkultur, kultur- og kunnskapsformidling og ei bevisst miljøtenking. Landbruks- og matdepartementet vil også framover medverke til å utvikle landbruksrelatert reiseliv og opplevingsproduksjon med vekt på dei fortrinna landbruket har i reiselivsmarknaden. Innsatsen gjeld både produktutvikling, kvalitetsforbetring, kompetanseutvikling, marknadsføring, sal, alliansebygging og samarbeidsnettverk.
Turisme knytt til kystfiske og kystkulturen er ein av fleire vegar mot auka verdiskaping og sysselsetjing i kystkommunar. I november 2005 arrangerte Fiskeri- og kystdepartementet eit møte om fisketurisme i Noreg, med brei deltaking frå både reiselivsnæringa og fiskerinæringa. Havforskingsinstituttet vil setje i gang eit omfattande kartleggingsarbeid som vil gi grunnlag for framtidig forvaltning av kystnært fiske. Der vil mellom anna «fisketurisme» vere eit viktig tema. Kystverket arbeider med å styrkje verdien fyrstasjonar, vardar og andre installasjonar har i mange lokalsamfunn langs Kyst-Noreg, mellom anna for auka reiseliv og turisme. Dette kan bli vidareutvikla ved auka lokalt og regionalt engasjement knytt til vern og utnytting av anlegg og område der staten i dag er eigar og forvaltar.
Ein vesentleg del av dei regionale utviklingsmidlane som blir desentraliserte frå Kommunal- og regionaldepartementet til fylkeskommunane, går til reiselivsrelaterte formål. Som regional utviklingsaktør skal fylkeskommunen etablere regionale partnarskapar med klart mandat for å avklare og koordinere innrettinga av innsatsen ut frå nasjonale og regionale mål og strategiar. Dette gjeld også for reiselivsnæringa. Eit døme på dette er kulturturismeprosjektet Nordsjøløypa, der fleire fylkeskommunar deltek, og der målet er å utvikle småskala opplevingsturisme i kyststrøk.
Nasjonale turistvegar er eit landsdekkjande prosjekt i regi av Statens vegvesen. Gjennom prosjektet blir det lagt til rette og marknadsført for bilturisme på 18 utvalde vegstrekningar (om lag 1 800 km). Det overordna målet for prosjektet er at turistvegane skal bli særskilde turistattraksjonar som skal gjere Noreg attraktivt som reisemål for vegfarande turistar frå inn- og utland. Lokalt engasjement og eigarskap er avgjerande for å få til eit levedyktig turistvegprodukt. Samtidig er gjennomføringa av dei tiltaka som Statens vegvesen har ansvar for, viktig for å stimulere private og lokale offentlege aktørar til å satse på og følgje opp med utviklingstiltak innanfor deira ansvarsområde.
Jernbanen er viktig for turistnæringa i Noreg. Eit godt togtilbod medverkar til god framkomst i og mellom regionar og gjer turistattraksjonar rundt om i landet meir tilgjengelege. Mange store turistattraksjonar ligg langs jernbanen. Bergensbanen, Flåmsbana og Raumabanen blir rekna for å vere blant dei flottaste banestrekningane i Europa med eit mangfald av naturopplevingar langs strekningane. Samferdselsdepartementet meiner at eit godt togtilbod er svært viktig for å nå måla om auka turisme i Noreg, og vil mellom anna derfor halde fram med ordninga med statleg kjøp av persontransporttenester med tog.
Utviklinga av kulturlandskapet er viktig for å utvikle reiselivet i Noreg. Kulturlandskapet omfattar store delar av landarealet i Noreg og har unike kvalitetar knytt til gammal og tradisjonsrik byggjeskikk, gamle kulturminne, kulturmarker, vegar og liknande. Ivaretaking av kulturlandskapet er mellom anna kopla til fleire verkemiddel under Landbruks- og matdepartementet, jf. også kapittel 2.3.5.
Regjeringa legg også vekt på at dei store potensiala for reiseliv i område rundt nasjonalparkar og verneparkar og andre verneområde blir utnytta. Arbeidet i Miljøverndepartementet med handlingsplanen for berekraftig bruk og skjøtsel av nasjonalparkar, saman med ei rekkje andre departement, vil vere eit viktig innspel for å fremme dette, jf. kapittel 5.7.
5.5 Auka satsing på kulturbasert næringsutvikling
Regjeringa ønskjer å leggje til rette for kulturbasert næringsutvikling og auka verdiskaping i kulturnæringane med særleg fokus på å etablere bedrifter og arbeidsplassar. Regjeringa meiner ei medviten satsing på kultur og utvikling av kulturnæringar kan spele ei viktig rolle i regional og lokal utvikling og vere ein sentral del i arbeidet med å skape attraktive stader. Det er også viktig med koplingar mellom kulturbasert næringsutvikling og reiseliv, opplevingar knytt til lokal mat, kulturarv og natur. Ut frå eit distrikts- og regionalpolitisk perspektiv er det to naturlege og overordna perspektiv på ei slik satsing.
Bedriftsretta perspektiv
Det eine er kulturbasert næringsutvikling og verdiskaping gjennom å stimulere til bedriftsetableringar og å skape nye arbeidsplassar. Fokuset kan vere retta både mot eksport og mot nasjonale marknader og dreier seg om eit breitt spekter av næringar, som film, musikk og media, og lokale mattradisjonar og oppleving som innsatsfaktorar i reiselivet.
Regjeringa er oppteken av at det nærings- og innovasjonspolitiske verkemiddelapparatet blir brukt meir aktivt for å sikre ei betre utnytting av det potensialet som ligg i skjeringsfeltet mellom kultur og næring. I St.meld. nr. 22 (2004–2005) Kultur og næring blei det mellom anna peika på det uutnytta verdiskapingspotensialet som finst innanfor kulturnæringane i dag. Østlandsforskning viser i rapporten Kartlegging av kulturnæringene i Norge at kulturnæringane sin del av sysselsetjinga og BNP er nesten like stor som verkstadindustrien og over tre gonger så stor som fisket målt i BNP (ØF-rapport nr. 10:2004). Internasjonale kartleggingar viser òg at kulturnæringane er økonomiske vekstnæringar.
Dei kulturbaserte næringane kan møte særlege utfordringar og barrierar når det gjeld tilgang på risikovillig kapital, fordi kulturbaserte prosjekt kan ha høg risiko, men lågt avkastningspotensial. Mange kulturbaserte prosjekt har mellom anna vanskar med å synleggjere lønnsemd, særleg i eit kortsiktig perspektiv. Det kan derfor vere behov for meir kunnskap og kompetanse for å sjå på kva som skal til for å vinne over slike barrierar. Regjeringa meiner også det er behov for å vurdere kor eigna eksisterande verkemiddel er for å utløyse verdiskapingspotensialet i kulturnæringane, og sjå på behovet for samordning mellom ulike tiltak og om det er behov for særskilde tiltak retta mot desse næringane.
Kommunal- og regionaldepartementet har i budsjettet for 2006 sett av midlar til ein målretta innsats for kulturbasert næringsutvikling. Satsinga skal ha eit særleg fokus på å fremme kulturbasert næringsutvikling i område med småsenter og småbyregionar. Innovasjon Noreg, SIVA og Forskingsrådet har fått i oppdrag å utarbeide eit forslag til ei nasjonal satsing innanfor kulturbasert næringsutvikling, med utgangspunkt i eigen kompetanse og ein analyse av dei eksisterande verkemidla. Ein del av satsinga vil vere oppstart av to-tre pilotprosjekt. Verkemiddelaktørane skal også medverke til å auke den forretningsmessige kompetansen, fremme nettverksbygging mellom aktørar som er knytte til kulturbasert næringsutvikling og betre kunnskapsgrunnlaget gjennom ulike forskings- og utgreiingsprosjekt på feltet. Departementet legg vekt på at satsinga skal sikrast lokal og regional forankring, gjennom mellom anna samarbeid med lokal og regional forvaltning, og at tiltaka skal ha overføringsverdi til liknande utviklingsarbeid.
Lokalsamfunnsretta perspektiv
Kultur spelar ofte ei viktig rolle i arbeidet med å skape attraktive stader. Lokale, kulturbaserte prosjekt oppstår gjerne som eit resultat av dugnadsand og brei mobilisering i lokalsamfunnet, og er drivne fram av engasjerte eldsjeler som vil skape noko positivt i nærmiljøet sitt. Slike initiativ spring som regel ikkje ut frå ein ambisjon om økonomisk vinning, men handlar meir om eit genuint ønske om å vere med på å skape aktivitet og liv i lokalsamfunnet og på den måten styrkje lokal identitetskjensle. Dette kan over tid gi viktige ringverknader både økonomisk og for identitet og attraktivitet.
Det finst mange døme på slike tiltak rundt om i Distrikts-Noreg. Kjernen er ofte eit kulturarrangement, men dei mest vellykka av desse gir til dels store ringverknader både økonomisk og arrangementsmessig. Særleg regionalpolitisk interessant er det å observere korleis enkeltståande kulturarrangement i nokre tilfelle blir utvida til heilårs arbeidsplassar og gir knoppskytingar i form av eigne selskap. Slike arrangement klarer ofte også å oppretthalde den lokale forankringa, dugnadsånda og mobiliseringseffekten, samtidig som verksemda blir profesjonalisert. Peer Gynt-stemnet i Gudbrandsdalen, revyfestivalen på Høylandet og Malakoff Rockfestival på Nordfjordeid er alle døme på dette, jf. også omtale i boks 5.3. Bevaring og utnytting av kystkultur og kulturminne og satsinga innanfor matkultur og opplevingar innafor landbruksnæringa er døme på det same. På denne måten kan kulturbaserte initiativ bli ei drivkraft i lokale utviklingsprosessar. Dette er også i tråd med tradisjonane for lokalt tiltaksarbeid, som har vore ein viktig strategi i distriktspolitikken sidan 1970-talet, og som har klare fellesnemnarar med Småsamfunnssatsinga.
Kommunal- og regionaldepartementet meiner at både fylkeskommunane og kommunane kan spele ei viktig støtte- og pådrivarrolle i slike samanhengar, mellom anna ved å leggje til rette for lokale initiativ gjennom rettleiing og oppstartsstøtte. Det er ei sentral oppgåve for Kommunal- og regionaldepartementet å vere oppdatert på feltet mellom anna for å medverke til å spreie erfaringar og samordne tiltak og program på andre politikkområde. I ei vidareføring av ein målretta innsats for kulturbasert næringsutvikling vil departementet også leggje sterkare vekt på lokalsamfunnsretta tiltak og initiativ. Dette inneber også at ei vidareført og forsterka satsing innanfor kulturbasert næringsutvikling blir sett meir i samanheng med småsamfunnssatsinga. Kommunal- og regionaldepartementet vil kome tilbake til dette i samband med statsbudsjettet 2007.
Regjeringa har sett i gang eit arbeid med ein handlingsplan for kultur og næring, som skal skje i nært samarbeid mellom fleire departement. Dei tiltaka Kommunal- og regionaldepartementet set i gang allereie i inneverande år vil bli samordna med denne handlingsplanen, som etter planen skal bli lagd fram i samband med statsbudsjettet til hausten. Handlingsplanen vil vere både bedriftsretta og lokalutviklingsretta og ha innretting mot både kompetanse, ulike former for nettverksbygging, verkemiddelbruk og finansieringsordningar.
Boks 5.3 Malakoff Rockfestival på Nordfjordeid
Malakoff Rockfestival er eit godt døme på korleis aktiv innsats og dugnadsånd frå lokale eldsjeler kan resultere i eit profesjonelt kulturarrangement som engasjerer heile lokalsamfunnet. Frå å vere tre personar med ein idé om å skape noko for ungdom i bygda, medverkar i dag store delar av Eid i å arrangere festivalen. Medan festivalen trekte til seg i overkant av 650 besøkjande i oppstartsåret 2003, fann over 2 000 deltakarar frå heile landet vegen til Malakoff i 2005. Budsjettet for festivalen i 2006 er på 1,3 mill. kroner. Frå første år har festivalen vekt stor interesse i lokalsamfunnet på Nordfjordeid, og det har blitt lagt stor vekt på å engasjere innbyggjarane og næringslivet i bygda. Kvart år deltek om lag 300 frivillige i ein massiv dugnadsinnsats. Særleg ungdomen er aktive. Etter oppstarten i 2003 har Malakoff Rockfestival no fått på plass ein fastare organisasjon, som gir ei meir organisert og profesjonell gjennomføring av arrangementet. Det er mellom anna etablert ei ungdomsbedrift der om lag 30 elevar deltek og har ansvar for festivalarrangementet. Festivalen har i dag nokre av dei største og mest aktuelle norske rockebanda på programmet, som til dømes Turboneger, Bigbang og Serena Maneesh. Festivalen blei òg kåra til «Årets festival» av Norske Rockfestivaler (NRFE) både i 2004 og i 2005. Meir informasjon finst på nettsidene www.malakoff.no.
5.6 Auka aktivitet i Nord-Noreg som følgje av auka petroleumsverksemd i nordområda
Regjeringa ser på nordområda som det viktigaste strategiske satsingsområdet i åra som kjem. Regjeringa legg vekt på at nordområdesatsinga også i stor grad handlar om å få auka aktivitet på landsida i Nord-Noreg. Dette gjeld særleg potensiala for ringverknader av auka petroleumsaktivitet i nordområda. Samtidig er det viktig å fremme ei positiv utvikling innanfor andre viktige næringar, som fiske og havbruk, reiseliv, landbruket og reindrifta. Det gjeld også næringar som er viktige for dei samiske busetjingane og den samiske kulturen i tillegg til reindrifta. Auka aktivitet innanfor olje- og gassverksemda kan ha verknader for tilgang på arbeidskraft til dømes til fiskeforedlingsindustrien og turistnæringa. Dette vil stille krav til vidare omstilling og utvikling av attraktive arbeidsplassar i dei områda der desse næringane er viktige, slik at dei ikkje tapar i kampen om arbeidskrafta.
Nordområda framstår i aukande grad som eit energipolitisk kraftsentrum. Området står samtidig overfor store miljøpolitiske utfordringar. Regjeringa legg stor vekt på å sikre norske interesser i nordområda knytte til økonomi, miljø og tryggleik, særleg i dei store havområda i nord, og vil før sommaren 2006 leggje fram ein samla nordområdestrategi om mål og innsats for å fremme ei ønskt utvikling i nordområda.
Regjeringa ser på Barentssamarbeidet som eit sentralt verkemiddel for å kople større utanrikspolitiske mål og distrikts- og regionalpolitiske mål. Heilt sidan etableringa i 1993 har grunngivinga for Barentssamarbeidet vore å medverke til auka aktivitet og styrkt busetjing i dei tre nordlege fylka gjennom auka handel og kontakt med Russland, Sverige og Finland. Kontakten mellom styresmaktene, samarbeidet mellom næringslivet og «folk-til-folk»-samarbeid er ei nyttig plattform for å utvikle kunnskap og kompetanse med direkte verknad for næringsutvikling.
Nord-Noreg er alt den høgast prioriterte landsdelen med omsyn til tildeling av distrikts- og regionalpolitiske utviklingsmidlar, både for bedriftsstøtte og for tilrettelegging for næringsutvikling og attraktive stader. Regjeringa legg vekt på at styresmaktene på både lokalt, regionalt og nasjonalt nivå arbeider etter same mål og strategiar med omsyn til utnytting av potensiala i Nord-Noreg i åra framover.
Regjeringa legg vekt på at det skal bli ein auke i forskingsaktiviteten knytt til nordområda. I ein distrikts- og regionalpolitisk samanheng er det viktig at dette også medverkar til auka FoU-verksemd både i og om Nord-Noreg. Utanriksministeren har sett ned eit ekspertutval for nordområda med særleg mandat å medverke til konkretisering av kunnskapssatsinga Barents 2020 . Mykje av dette vil vere retta mot langsiktige utfordringar i samband med utnytting av naturressursane i nord der ein både tek vare på dei viktige naturverdiane og sikrar grunnlaget for næringsverksemd.
5.6.1 Forvaltningsplan for verdiskaping gjennom berekraftig bruk av ressursar
Regjeringa la våren 2006 fram ein forvaltningsplan for havområda i nord. 1 Forvaltningsplanen legg til rette for verdiskaping gjennom berekraftig bruk av ressursar og gode i Barentshavet og havområda utanfor Lofoten, samtidig som økosystema i områda blir haldne ved like. Planen klargjer dei overordna rammene for aktivitet i havområda og legg til rette for sameksistens mellom ulike næringar som fiskeri, sjøtransport og petroleumsaktivitet innanfor rammene som omsynet til økosystemet set. Forvaltningsplanen skal mellom anna leggje til rette for næringsverksemd som er samfunnsøkonomisk lønnsam, og som i størst mogleg grad medverkar til verdiskaping og sysselsetjing i regionen. I forvaltningsplanen legg regjeringa også stor vekt på at sjøtryggleik og oljevernberedskap er eit avgjerande element i utviklinga av ein effektiv sjøtransport i Nord-Noreg, knytt til den auka transporten med olje langs den vêrutsette kysten av landsdelen.
Ved framlegginga av forvaltningsplanen har regjeringa skapt klare og framtidsretta rammevilkår for petroleumsverksemda i nord, samtidig som det er teke omsyn til miljø og anna næringsverksemd. Forvaltningsplanen legg til rette for meir effektiv leiteverksemd og for utbygging og drift av nye felt som kan gi verdifull aktivitet i regionen.
Dei uoppdaga ressursane i Barentshavet og Lofoten er vurderte til å utgjere vel 35 prosent av dei samla uoppdaga ressursane på norsk kontinentalsokkel. Overslaga er usikre, da desse områda er dei vi kjenner minst til på norsk sokkel. Dei er samtidig blant områda på norsk sokkel der det er mest sannsynleg å gjere nye, store funn.
Gjennom tildelingane i den 19. konsesjonsrunden våren 2006 har regjeringa lagt til rette for ny leiteverksemd i Barentshavet. Som i andre «umodne» delar av norsk sokkel blir det lagt opp til ei skrittvis utforsking. Dette er ein utforskingsstrategi som styresmaktene har gode erfaringar med. Interessa for Barentshavet har tradisjonelt vore varierande, men den store interessa som oljeselskapa har vist for den nye konsesjonsrunden, viser at Barentshavet no har fått ein ny giv. Denne interessa, kombinert med dei store ressursane som er påviste i russisk del av Barentshavet, gjer at dette havområdet kan bli ein svært viktig petroleumsprovins internasjonalt i åra som kjem. Påvising av nye kommersielle funn kan på sikt gi ny aktivitet og ringverknader knytte til petroleumsverksemda i Nord-Noreg.
Det ligg føre ei rekkje utgreiingar om ringverknader av petroleumsaktivitet i nord. Det gjeld studiar av konkrete verknader og tiltak, som følgjestudie for utviklinga av Snøhvitutbygginga og leverandørutviklingsprosjekt under Hydro og Statoil. Det gjeld også scenarium og utgreiingar om perspektiv, som scenarium utført av ECON, Ringverknadsprosjektet i regi av Barentssekretariatet og studie om utbyggingsperspektiv og ringverknader av Barlindhaug AS.
Kommunal- og regionaldepartementet vil starte eit prosjekt for å kartleggje ringverknadene på land av aktivitetane i Barentshavet. Prosjektet vil ta for seg viktige næringar som fiskerinæring og turisme i tillegg til oljerelaterte næringar. Tidlegare arbeid vil bli gjennomgått som ein del av dette prosjektet.
5.6.2 Strategiar for å fremme ringverknader i Nord-Noreg av auka petroleumsaktivitet i nord
Regjeringa legg stor vekt på at det blir skapt ringverknader i Nord-Noreg av aktiviteten i petroleumssektoren i nordområda som gir landsdelen eit varig løft. Regjeringa vil i denne samanhengen peike på at utviklinga i petroleumsaktiviteten på russisk side også kan gi grunnlag for ringverknader i Nord-Noreg, og særleg Finnmark.
Ringverknadene frå petroleumsverksemda i Nord-Noreg vil følgje aktiviteten i dei nordlege havområda. Det er særlig utbyggingar av og produksjon frå felt som kan gi ringverknader til landsdelen. Feltutbyggingar med ilandføring av olje og gass gir mest omfattande verknader. Regjeringa meiner det er viktig å leggje til rette for ei slik utvikling.
Snøhvitutbygginga er eit godt døme på ringverknader i Nord-Noreg, jf. boks 5.4. Regjeringa har lagt til rette for leiting etter tilleggsressursar i Snøhvitområdet. Eventuelle nye funn knytte til Snøhvit gir potensial for eit nytt LNG-anlegg med tilsvarande kapasitet som det som blir bygd i dag. Ei utbygging av Goliatfunnet, under dei føresetnadene som mellom anna er definerte i forvaltningsplanen, vil på tilsvarande måte kunne gi positive effektar for sysselsetjing og kompetanse i området. Dette vil supplere og byggje opp under dagens næringsstruktur.
Boks 5.4 Ringverknader av Snøhvitutbygginga
I konsekvensutgreiinga for Snøhvitprosjektet blei den lokale delen av kontraktane i utbyggingsfasen estimert til om lag 600 mill. kroner. Snøhvitutbygginga har hatt langt større verknader for lokalt og regionalt næringsliv enn venta. Regionale leverandørar har blitt tildelte kontraktar til ein verdi av 2,8 milliardar kroner. Rundt 2,1 milliardar kroner har blitt tildelt leverandørar i Hammerfestregionen. I utbyggingsfasen har så langt meir enn 3 700 sysselsette frå Nord-Noreg vore i arbeid på Melkøya, over 2 200 frå Vest-Finnmark.
Snøhvitprosjektet vil også gi positive effektar i driftsfasen. Samla sett er det venta at fase I av prosjektet vil auke den lokale sysselsetjinga i driftsfasen med 400–500 stillingar.
Utbygginga gir kompetanseoppbygging i regionen og skaper eit miljø for høgkompetansejobbar. Dette vil også kunne ha verknad for andre næringar. Det tek tid å byggje opp høgteknologisk spisskompetanse. Regionen har inngått eit samarbeid med NTNU for å styrkje den tekniske og realfaglege kompetansen i regionen.
Dei siste tiåra har industri- og tenesteverksemda knytt til olje- og gassproduksjonen strekt seg nordover i takt med den auka aktiviteten i Norskehavet. Ved utbygging av nye felt føreset regjeringa at dette skal gi eit verdiskapingsløft i landsdelen. Regjeringa ønskjer også at det blir nye ilandføringar av petroleum i området.
Regjeringa ser det som ønskjeleg at verksemda i Barentshavet skal føre til auka industriell utvikling og verdiskaping i Nord-Noreg, ved at det blir lagt til rette for at næringslivet i Nord-Noreg blir trekt inn i utvikling av petroleumsverksemda. Regjeringa legg også vekt på at det vedtekne mønsteret for drifts- og basestruktur i oljesektoren skal liggje fast og bli brukt aktivt i samband med utbyggingar på sokkelen, jf. Soria Moria-erklæringa. Olje- og energidepartementet vil følgje opp desse forventningane ved behandling av planar for utbygging og drift.
I arbeidet med å sikre direkte ringverknader av olje- og gassverksemda i nord vil regjeringa særleg leggje vekt på dette:
1 Posisjonering av nordnorsk industri
Industrifylket Nordland er i mindre grad involvert i det som har skjedd i petroleumsverksemda i nord til no. Det er ønskjeleg å auke den nordnorske delen på fleire og meir krevjande næringsområde, noko som også vil gi god effekt i utviklinga av næringslivet i Nord-Noreg over tid.
Dette er først og fremst spørsmål om kompetanse og marknadsnettverk for å kunne konkurrere med sørnorsk næringsliv som alt er innanfor. Oljeselskapa må leggje til rette for at bedrifter i Nord-Noreg deltek i konkurransen om underleveransar, mellom anna gjennom samarbeid med lokale og regionale næringsforeiningar. Offentlege verkemiddelaktørar som Innovasjon Noreg og fylkeskommunane kan også spele ei rolle i å etablere slikt samarbeid. Innovasjon Noreg kan også ha ei rolle i å gi råd om behov og forventningar i oljeindustrien.
2 Etablering av sørnorske selskap i Nord-Noreg
I tillegg til auka underleveransar frå næringslivet i Nord-Noreg vil etablering av selskap frå Sør-Noreg i Nord-Noreg også gi auka aktivitet i Nord-Noreg. Eit døme er bedrifta som har fått kontrakten på vedlikehald og modifikasjonar på Snøhvit, som har etablert seg i Hammerfest. Både næringsforeiningar, Innovasjon Noreg, fylkeskommunar og kommunar kan spele ei rolle i å formidle kontakt mellom aktørar i dei ulike landselane og informere om fordelar ved og potensial for lokalisering av verksemder i Nord-Noreg.
3 Vidareutvikling av næringssamarbeidet til russisk side
Det vil skje ei omfattande utbygging av olje- og gassverksemda på russisk side i åra framover. Norske bedrifter har alt gitt store underleveransar til å utvikle petroleumsverksemd på russisk side, og norske oljeselskap er aktuelle partar i utvinning av olje og gass i desse områda. Regjeringa ønskjer at dette også skal medverke til auka aktivitet i Nord-Noreg.
Regjeringa legg vekt på auka «bedrift-til-bedrift»-samarbeid mellom bedrifter i Noreg og Russland som ein del av Barentssamarbeidet, saman med ei vidareføring av «folk-til-folk»-samarbeid. Det er etablert eit samarbeid mellom i første rekkje små og mellomstore norske og russiske bedrifter for å utvikle kompetanse og posisjonering i marknaden i høve til forventa petroleumsverksemd på norsk og russisk side. Også på fleire andre felt er det etablert næringskontaktar, til dømes innanfor jordbruk og skogbruk, kystfiske og kommersialisering av FoU-verksemd, for å medverke til auka verdiskaping også på norsk side.
Boks 5.5 Nye transportkorridorar som grunnlag for næringsutvikling
Noreg samarbeider med EU, mellom annan gjennom Interreg-prosjekt, om å utvikle Motorways of the Seas (MoS). Den forventa auken i transport av olje og gass frå Barentshavet og Nordvest-Russland, kan gjere det aktuelt å inkludere Nordlig maritim korridor i EUs system for Motorways of the Seas. Dette vil kunne opne for utvikling av strategisk viktige hamner i ein slik korridor. Nordlig maritim korridor vil binde saman Northern Sea Route (Nordaustpassasjen) med Motorways of West Europe og Motorways of Baltic Sea.
Ei faggruppe under EU-kommisjonen har tilrådd at Narvik hamn, saman med Oslo hamn, blir MoS-hamner. I tillegg meiner faggruppa at sambandet St. Petersburg–Vartius–Tornio–Haparanda–Narvik bør bli inkludert i det utvida transeuropeiske nettverket for transport (TEN-T). Det er også under planlegging ein ny transportkorridor frå Kina til USA via Narvik hamn, basert på jernbanetransport gjennom Russland til Narvik og sjøtransport frå Narvik til austkysten av USA. Dette er kalla den nordlege aust-vest-korridoren (NEW). Barents-Link utgjer den delen av NEW som går gjennom Barentsregionen. Dersom NEW-korridoren blir etablert med Narvik som utskipingshamn, kan dette opne for utvikling av industri og næringsliv, både i Narvik-regionen, i andre delar av Nord-Noreg og i resten av landet. Utvikling og drift av NEW-korridoren er i utgangspunktet eit kommersielt prosjekt. Norske styresmakter har likevel ei rolle når det gjeld å leggje til rette for utvikling av denne nye transportkorridoren. Fiskeri- og kystdepartementet koordinerer innsatsen på dette området, både nasjonalt og internasjonalt, også i høve til komande budsjettprosessar og Nasjonal transportplan 2010–2019.
Med auka norsk aktivitet mot Nordvest-Russland vil Innovasjon Noreg styrkje Investeringsfond Nordvest-Russland med éi stilling med investerings- og Russlandskompetanse i Finnmark. Det vil også bli oppretta ei ny stilling ved generalkonsulatet i Murmansk, som vil ha som ei av sine oppgåver å gi finansiell rådgiving til norske bedrifter som ønskjer å etablere seg i Nordvest-Russland.
5.7 Vern, forvaltning og bruk av verneområde
5.7.1 Berekraftig bruk av verneområde
Vedtak om vern av område kan få store konsekvensar for dei områda som blir omfatta. Vern og bruk blir ofte sedde på som konkurrerande interesser. Miljøverndepartementet meiner vern er ei god investering i miljøkvalitetar som kan fremme andre utviklingstiltak. Regjeringa er oppteken av å finne måtar der dei ulike interessene kan sjåast i samanheng. Det er sett ned ei arbeidsgruppe som skal gi råd til Miljøverndepartementet om nødvendige tiltak for å styrkje forvaltning og skjøtsel av verneområda, og avklare rammevilkåra for verksemd i og knytte til verneområde. Arbeidet skjer i samarbeid med fleire departement og andre aktørar.
Med utgangspunkt i positive og mindre positive døme på næringsutvikling i og rundt dei store verneområda skal det utgreiast korleis verneområda i større grad kan nyttast betre til lokal og regional næringsutvikling og verdiskaping innanfor ramma av norsk vernepolitikk. Gjennomgangen skal i hovudsak byggje på eksisterande kunnskap, til dømes om bereevna til områda og om brukarkonfliktar. Ulike økonomiske verkemiddel vil bli vurderte. Det er oppretta ei breitt samansett arbeidsgruppe som skal gi departementet faglege råd i det vidare arbeidet.
Regjeringa vil også sjå nærmare på korleis erstatningsordningane etter verning av område kan bli betra. Arbeidet med erstatningsordninga for vern etter naturvernlova skal skje som ledd i arbeidet med ei ny naturmangfaldlovgiving. Regjeringa tek sikte på å leggje fram lova for Stortinget i 2007.
5.7.2 Prøveordningar med lokal forvaltning av verneområde
Arbeidet med å sikre lokal deltaking i etablering og forvaltning av verneområde har vore i gang i fleire år gjennom to ulike forsøksopplegg:
Forsøk med avtalebasert overføring av forvaltningsmynde for verneområde. I overkant av 40 kommunar har i dag sagt ja til statens tilbod om å få overført forvaltningsmynde for naturreservat og mindre landskapsvernområde. Vedtaka er baserte på avtalar mellom stat og kommune der det er trekt opp særskilde retningslinjer for arbeid med og utøvinga av forvaltningsmyndet.
Forvaltningsforsøk for nokre utvalde større verneområde. Om lag 20 kommunar deltek i desse forsøka. Forsøka omfattar Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane (SVR), Forollhogna nasjonalpark med tilhøyrande landskapsvernområde, Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark med tilhøyrande landskapsvernområde, Blåfjella/Skjækerfjella nasjonalpark med tilhøyrande landskapsvernområde saman med Lierne nasjonalpark. Det er lagt opp til at forsøka skal vare til 2008.
Forsøka skal evaluerast. Saka vil bli lagd fram for Stortinget i 2008/09.
5.8 Alternative energiformer
Regjeringa fører ein ambisiøs politikk for å auke produksjonen av fornybar energi. Satsinga til Enova gjennom Energifondet er regjeringa sitt viktigaste verkemiddel i satsinga. Verksemda til Enova er retta mot auka varmeproduksjon frå miljøvennlege energikjelder, auka produksjon av vindkraft, energieffektivisering og utvikling av ny teknologi på desse områda. Energifondet, som finansierer aktiviteten, blir tilført om lag 700 mill. kroner årleg. I 2005 blei det gitt støtte til 220 prosjekt. Dette gav eit energiresultat på om lag 2 TWh, fordelt på 585 GWh vindkraft, 409 GWh varme og 1 TWh energieffektivisering.
Støtte frå Enova til fornybar varme går i stor grad til investeringar i prosjekt som nyttar bioenergi. Enova har eit langsiktig mål om 4 TWh vassboren varme basert på nye fornybare energikjelder, spillvarme og varmepumper i perioden 2001–2010.
Olje- og energidepartementet vil i 2006 mellom anna gjennomføre ei evaluering av Enovas forvaltning av Energifondet, og Enovas organisering av verksemda.
Skogressursane er også viktige i energi- og miljøsamanheng. Bioenergi representerer ein viktig ressurs for auka energiproduksjon som fornybar energikjelde, og det største råstoffpotensialet ligg i skogressursane. Auka produksjon av bioenergi gir grunnlag for verdiskaping og lønnsame arbeidsplassar i alle delar av landet. Bioenergiprogrammet under Landbruks- og matdepartementet blei etablert i 2003 og blir forvalta av Innovasjon Noreg. Løyvinga for 2006 er på 25 mill. kroner. Hovudformålet med programmet er å fremme produksjon og varmeleveransar frå aktørar i landbruket, med vekt på å styrkje forretningskonseptet der landbruket ikkje berre er ein leverandør av råvare, men òg ein aktør langt ute i verdikjeda. Dette skal gi ein større del av verdiskapinga tilbake til landbruket og skape størst mogleg lokale ringverknader.
Boks 5.6 Bioenergisatsing i Hedmark og Oppland
Som eit resultat av Innlandet 2010 er det etablert ei særleg satsing på bioenergi i Hedmark og Oppland. Arbeidet blir ført vidare gjennom ARENA-programma til Innovasjon Noreg, med desse måla:
Heve stasjonær bruk av bioenergi i regionen opp til 30 prosent (landsgjennomsnitt 6 prosent), tilsvarande 3,0 TWh
Levere biodiesel for mobil bruk med 30 mill. liter/år tilsvarande 2 prosent av avgiftspliktig dieselforbruk i Noreg
Eksportere biobrensel og bioenergikompetanse til resten av landet og Norden
Synleggjere eit kompetansemiljø (FoU, utdanning og rådgiving)
Skape 300–500 nye arbeidsplassar som er knytte til auka bruk av bioenergi
Medverke til reduksjon av CO2 -utslepp tilsvarande 130 000 tonn (gitt bioenergi til erstatning for olje)
Fotnotar
St.meld. nr. 8 (2005-2006) Helhetlig forvaltning av det marine miljø i Barentshavet og havområdene utenfor Lofoten (forvaltningsplan) .