St.meld. nr. 21 (2005-2006)

Hjarte for heile landet Om distrikts- og regionalpolitikken

Til innhaldsliste

6 Særskild innsats i dei mest utsette områda

6.1 Meistre endring

Regjeringa ønskjer å medverke til ei positiv utvikling for dei områda i landet som er mest utsette i høve til busetjing og arbeidsmarknad. Dette gjeld ulike typar område og samfunn som kvar på sine måtar står overfor spesielle utviklingstrekk og utfordringar som krev ekstra handling og innsats. Dette kan vere samfunn med ulike typar kjenneteikn:

  • Småsamfunn med lange avstandar til senter, små arbeidsmarknader med ein utsett næringsstruktur og nedgang i folketal. Innsats i slike samfunn bør fokusere både på næringsutvikling, gode tenestetilbod og utvikling av attraktive stader.

  • Omstillingssamfunn av ulik storleik som blir råka av sterk reduksjon i sysselsetjinga i hjørnesteinsbedrifter eller i fleire mindre bedrifter samtidig. Utfordringane i slike samfunn er særleg knytte til relativt rask utvikling av alternative arbeidsplassar og er større di meir einsidig og mindre arbeidsmarknaden er.

Dette kapitlet handlar om ulike tiltak og innsatsar under ansvarsområdet til fleire departement som skal medverke til å møte utfordringar i slike samfunn. Felles for dei utsette områda er at dei må meistre endring gjennom omstilling, nyskaping og eigenbasert utvikling. Mindre lokalsamfunn, kommunar, regionale styresmakter, ulike sektorstyresmakter og nasjonale styresmakter må samarbeide og koordinere innsatsen om utviklingsoppgåver og politikkutfordringar. Det er særleg viktig at planar og program på nasjonalt og regionalt nivå for innsats som skal støtte opp lokalt utviklingsarbeid, er godt koordinerte, som til dømes for småsamfunn generelt, for fjellområde, kystsamfunn og ungdom og for omstillingsområde.

Endringar i næringsgrunnlaget ei viktig årsak

Endringar i næringsgrunnlaget er ein hovudgrunn til utfordringane i utsette samfunn. Endringane kan kome som resultat av internasjonale avtalar og politisk bestemte rammevilkår, som til dømes følgjer av WTO-avtalen for landbruket. Det kan også kome av strukturelle endringar innanfor konkurranseutsette næringar, som til dømes i fiskerinæringa og ulike typar industriverksemd. Dette kan gi store «punktproblem» og skape kriser i fleire samfunn samtidig. Denne typen kriser kan vere akutte, som resultat av omstilling og endring innanfor både privat og offentleg sektor. Vertskommunar for store smelteverk eller for Forsvaret er døme på det. Slike samfunn er gjerne prega av ein kultur som er basert på at hjørnesteinsbedrifta har vore ein garantist for både arbeid og sosial tryggleik. Endringar kan også skje meir gradvis, til dømes ved at bedriftene genererer mindre overskot og over tid går konkurs, eller ved gradvis reduksjon i offentlege verksemder.

Endringar i næringslivet og næringsstrukturen er naturlege og bør bli møtte med aktiv innsats for nyetableringar. Heile lokalsamfunnet kan bli sterkt påverka gjennom usikre oppfatningar om framtida på staden, og dermed kor trygt det er å satse på å slå seg ned eller bli buande der.

Eigenbasert utvikling er heilt sentralt

Hovudutfordringa er å drive eit utviklingsarbeid som medverkar til å meistre endring på ein konstruktiv måte. Regjeringa meiner at utgangspunktet for alt utviklingsarbeid må vere at initiativet og hovudansvaret for prosessen ligg lokalt eller regio­nalt. Å ta tak i utfordringane krev mobilisering og involvering av både private og offentlege aktørar på tvers av sektorar og forvaltningsnivå.

Tidlegare erfaringar frå utviklings- og omstillingsarbeid tilseier at eigenbasert utvikling gir best resultat på lang sikt. Erfaringane har vist at eit vellykka resultat krev at mange krefter i fellesskap aktivt tek tak. Lokal forankring og medverknad sikrar nødvendig ansvarleggjering av lokale aktørar. Å meistre endring er ein samhandlingsprosess der ulike grupper og aktørar har ulike roller og funksjonar. Utviklings- og omstillingsarbeid handlar om å skape ein kultur for og ein klar vilje til endring. Lokalt engasjement og lokal pådrivarkraft, kombinert med evne og vilje til å tenkje nytt, er avgjerande for graden av måloppnåing. Erfaringar tilseier også at innsatsen bør vere kombinasjonar av langsiktige og kortsiktige tiltak innanfor både bedriftsretta og meir regionale tiltak.

Staten kan leggje til rette for lokalt utviklings- og omstillingsarbeid

Sjølv om initiativ og hovudinnsats bør liggje lokalt og regionalt, har staten ei viktig rolle som tilretteleggjar og bidragsytar. I kapitla 2, 3, 4 og 5 er det peika på ulik innsats som skal gi grunnlag for grunnleggjande tenestetilbod, for gode bustader, for sysselsetjing og næringsutvikling og for utvikling av attraktive stader i alle delar av landet. Hovudvekta ligg på område innanfor det distriktspolitiske virkeområdet. Regjeringa meiner det i tillegg er behov for ein spissa innsats overfor særleg utsette samfunn.

Kapitla 6.2 og 6.3 handlar om spesielle innsatsar retta mot småsamfunn generelt, og fjellbygder og fiskeriavhengige småstader spesielt. Kapittel 6.4 handlar om statens rolle og ansvar i særleg store omstillingsprosessar.

Kompetansesenter for distriktsutvikling

Kommunal- og regionaldepartementet planlegg i samarbeid med andre departement å etablere eit kompetansesenter som kan samle opp og spreie erfaringar og kunnskap om verknaden av utviklingsprosjekt, pilotar og tiltak for å møte utfordringar og fremme lokal utvikling i utsette område.

Det er behov for eit meir systematisk arbeid for å løfte fram og spreie gode døme på livskraftige lokalsamfunn, og for eit ressurssenter og ein ressursbank for kommunar og fylke når det gjeld kunnskap om organisering av og innhald i utvik­lingsarbeid. Eit kompetansesenter kan også samle inn og vidareformidle bakgrunnsinformasjon om utviklingstrekk i småsamfunn og område med ekstra utfordringar ved å setje i gang evalueringar og analysar i FoU-miljø. Eit slikt senter vil vere nyttig også for sentrale styresmakter, både for tilgang til informasjon på tvers av sektorgrenser og for å få råd om organisering og innretting av tiltak. Kommunal- og regionaldepartementet vil i første omgang etablere eit forprosjekt for å få eit betre grunnlag for å vurdere korleis eit slikt kompetansesenter bør bli bygt opp.

6.2 Småsamfunnssatsing

Utfordringane i ulike småsamfunn er svært samansette. Det gjeld både å gjere stadene attraktive for innbyggjarar, tilflyttarar og bedrifter, fremme næringsutvikling basert på lokale ressursar og sikre tilbod av offentlege og private tenester. Dette inneber at utviklingsarbeidet må byggje på utstrekt grad av samarbeid og samordning.

6.2.1 Ei ny småsamfunnssatsing for å styrkje lokale initiativ

Kommunal- og regionaldepartementet vil setje i gang ei eiga satsing for å stimulere til vekst og utvikling i småsamfunn. Ei ny småsamfunnssatsing har særleg fokus på gode teneste- og velferdstilbod, attraktive lokalsamfunn og næringsutvikling. Kommunal- og regionaldepartementet legg vekt på at eksisterande, relevant utviklingsarbeid skal vere utgangspunkt for ei ny satsing. Den nasjonale ekstrainnsatsen for småsamfunn skal supplere og støtte opp under den breie innsatsen som alt skjer lokalt og regionalt.

Kommunal- og regionaldepartementet har for 2006 sett av 8 mill. kroner som skal brukast til ulike utviklings- og pilotprosjekt retta mot småsamfunn. Midlane skal nyttast til å hjelpe fram prosjekt og pilotar som er nyskapande, synlege og spissa. Departementet legg stor vekt på at prosjekta som blir sette i gang, skal ha nasjonal overførings- og læringsverdi. Det er eit sentralt siktemål å oppnå læring og overføring av kunnskap mellom ulike småsamfunn, over kommune- og fylkesgrenser og mellom lokalt og nasjonalt nivå. Departementet vil derfor medverke til læring og varig kunnskapsoppbygging innanfor feltet. For å gi satsinga tilstrekkeleg tyngd, kraft og merksemd skal småsamfunnssatsinga ha eit fleirårig perspektiv. Kommunal- og regionaldepartementet legg derfor opp til å vidareføre og forsterke satsinga dei neste åra.

Fylkeskommunane, med ansvar for størstedelen av dei distrikts- og regionalpolitiske verkemidlane, skal vere sentrale samarbeidspartnarar for departementet i konkretiseringa av småsamfunnssatsinga. Arbeidet med å forme og konkretisere satsinga skal også skje i nært samarbeid med kommunar og nasjonale styresmakter. Dette skal gi eit breitt kunnskapsgrunnlag om sentrale utfordringar i ulike småsamfunn.

Lokalt engasjement og vilje til å satse er avgjerande føresetnader dersom ei småsamfunnssatsing skal lykkast. All erfaring tilseier at arbeid av denne typen krev genuin, lokal tru på at det er mogleg. Kommunal- og regionaldepartementet ønskjer å medverke til å forsterke slike haldningar i lokalsamfunna, mellom anna ved å etablere ein pris.

6.2.2 Vidareutvikling av utkantbutikkar

I område med spreidd busetnad kan det vere vanskeleg å halde oppe grunnleggjande butikktenester på grunn av eit tynt marknadsgrunnlag. Lokalbutikken er ofte ein viktig aktør i nærmiljøet og representerer gjerne det siste servicetilbodet i ei bygd, når funksjonar som post, bensinstasjon og skole forsvinn. I denne situasjonen blir butikken ein sentral leverandør av også andre tenester enn sal av daglegvarer. Dersom lokalbutikken sviktar, forsvinn også ein viktig del av grunnlaget for busetnaden.

Kommunal- og regionaldepartementet medverkar til å styrkje grunnlaget for slike butikkar gjennom Merkantilt kompetanseprogram for utkantbutikkar (MERKUR). Programmet fokuserer på kompetansebygging for å gjere utkantbutikkane meir attraktive og konkurransedyktige. Programmet har som mål å styrkje den butikkfaglege kompetansen og butikken si stilling i lokalsamfunnet. Ein viktig del av MERKURs arbeid er å få lagt ulike tilleggsoppgåver til butikkane, slik som Post i butikk, tipping, reiselivsrelaterte tenester og ulike offentlege tenester.

MERKUR-programmet er nyleg blitt evaluert av Møreforsking (2006). Resultata frå evalueringa er svært gode og viser at butikkane som er med i programmet, opplever ei betring av servicetilbodet. Eit stort fleirtal av butikkdrivarane er positive til den jobben MERKUR gjer.

Boks 6.1 Hovudfunn frå evalueringa av MERKUR-programmet

Evalueringa av MERKUR-programmet som er gjennomført av Møreforsking (2006), byggjer i første rekkje på dei erfaringane 75 butikkdrivarar har gjort gjennom deltaking i MERKUR-programmet. I tillegg er sentrale aktørar rundt butikkdrivarane, som representantar for kjedene, tilleggstenestene og kommunane, viktige informantar. Møreforsking meiner eit hovudfunn er at både butikkdrivarane og andre aktørar, som kjedene, er svært positive til den måten MERKUR er organisert på. Møreforsking peikar vidare på desse funna i evalueringa:

  • Nesten alle butikkane har fått eit breiare servicetilbod gjennom vekst i talet på tilleggstenester. Det betyr at utviklinga på dette området er snudd samanlikna med både trendar og analysar frå 1990-talet.

  • Butikkdrivarane opplever at MERKUR har ei viktig rolle i å påverke sentrale aktørar rundt butikken, og for kontakt mellom kjede og butikk.

  • MERKUR har ei viktig rolle i arbeidet med å involvere befolkning og lokalsamfunn i butikken.

  • Svært mange butikkdrivarar opplever at Merkur er med er med på å styrkje grunnlaget for at deira eigen butikk skal overleve.

  • Kundane i MERKUR-butikkane vurderer butikken meir positivt etter at han har vore med i MERKUR-systemet over tid.

  • Noreg blir vurdert som eit føregangsland når det gjeld arbeidet med å leggje til rette for utkantbutikkar.

  • MERKUR-programmet er svært viktig for motivasjonen til å drive butikk i utkantane, både som arena for ny kunnskap og for kontakt med andre som opplever dei same utfordringane som dei sjølve møter i kvardagen.

Kommunal- og regionaldepartementet ønskjer derfor å halde fram med å finansiere MERKUR-programmet. I tillegg vil departementet vidareføre ei eiga utviklingsstøtte til dei mest marginale utkantbutikkane. Dette er ei ordning som har eksistert i tre år. Kommunal- og regionaldepartementet vil vurdere om det skal gjerast endringar i innrettinga på utviklingsstøtta, for å gjere henne mest mogleg målretta i arbeidet med å oppretthalde eit svært viktig tenestetilbod i små og perifere lokalsamfunn.

6.2.3 Særskilde ungdomsretta tiltak

Unge er ei viktig gruppe i distrikts- og regionalpolitikken, både når det gjeld å utnytte ressursane til unge i lokalt utviklingsarbeid og å leggje til rette for at dei som ønskjer det, kan busetje seg utanfor dei større byområda. At ungdom vel å etablere seg i distrikta, er avgjerande for å sikre busetjing, verdiskaping og levedyktige lokalsamfunn over heile landet. I den samanhengen er særleg unge kvinner ei viktig målgruppe for å motverke ei skeiv kjønnsfordeling. Omsynet til behova unge har både før og etter etablering i arbeids- og familieliv, er derfor viktige faktorar i fleire av dei tiltaka som er omtalte i denne distrikts- og regionalmeldinga. Det er derfor viktig at ungdom blir involvert i utviklinga av lokalsamfunna. Om lag tre av fire kommunar har eit ungdomsråd eller eit anna organ der barn og ungdom får påverke kommunale avgjerder. Erfaringar viser at ungdom som har vore med på slikt arbeid, i større grad ønskjer å busetje seg i kommunen. Regjeringa vil ha eit sterkare fokus på medverknaden frå barn og unge i kommunane.

I avsnitta nedanfor blir det peika på nokre ungdomsretta tiltak som er utforma spesielt for å treffe ungdom i område med store avstandar til større senter eller med særlege utfordringar i utviklinga i folketalet.

Ungdomssatsing i distrikta

Barne- og likestillingsdepartementets tilskotsordning «Ungdomssatsing i distrikta» har som utgangspunkt at ungdom skal få vere med på å utvikle og gjennomføre tilbod og tiltak som skal føre til auka trivsel og styrkt identitet til heimkommunen. Formålet er å stimulere til auka aktivitet og gi ungdom tru på ei framtid lokalt. Midlane går til lokale satsingar på kultur- og fritidsområdet og blir lyst ut i små kommunar med sterk nedgang i folketalet. Interessa for ordninga, som har eksistert sidan 1999, har vore stor, og ho har blitt teken godt imot i kommunane. Midlane har mellom anna gått til å utvikle møteplassar og ulike ungdomsaktivitetar.

Målet med ordninga er ikkje berre å stimulere til auka ungdomsaktivitet, men i like stor grad å stimulere til dialogar mellom ungdom og kommune. Dei relativt små tilskota kommunane har teke imot har gitt store resultat. Dei har stimulert til engasjement og stor innsats frå ungdom og til ein meir aktiv dialog mellom ungdom og kommunen.

Førarkortopplæring i vidaregåande utdanning

Som ein del av ei aktiv satsing på ungdom vil Samferdselsdepartementet i samarbeid med Kommunal- og regionaldepartementet starte opp eit prøveprosjekt om føraropplæring knytt til dei vidaregåande skolane for unge som bur i distrikta. Vidaregåande skolar vil bli inviterte til å delta i ei frivillig forsøksordning i 2006–2007.

Førarkortopplæring i distrikta representerer ei spesiell utfordring med store avstandar til ­køyreskolane, samtidig som bil ofte er einaste transportalternativ. Prosjektet vil derfor setje særleg fokus på desse forholda. Prosjektet har òg som formål å betre trafikktryggleiken for unge trafikantar. Prosjektet har som målsetting å gjere opplæringa meir tilgjengeleg og å redusere fråværet til elevane i den ordinære undervisninga utan at kostnadene for førarkortkandidatane aukar. Prøveprosjektet vil bli evaluert.

Opprette eit råd med unge i utdannings- og etableringsfasen

Kommunal- og regionaldepartementet ønskjer å få synspunkta til unge betre fram i utviklinga av distrikts- og regionalpolitikken. Dette gjeld særleg unge som er i ferd med å etablere seg med arbeid og familie. Departementet ønskjer derfor å opprette eit råd med unge i utdannings- og etableringsfasen som kan medverke til å setje aktuelle tema på dagsorden og gi innspel i arbeidet med distrikts- og regionalpolitikken.

Boks 6.2 Bygdebyggjarar

Gjennom ungdomssatsinga «Bygdebygger» ønskjer Innovasjon Noreg å styrkje bygdene gjennom motivasjon av unge, idérike næringsutviklarar. Målet er å få ei enklare gjennomføring frå idé til næring og setje bygdebyggjarar på den nasjonale dagsordenen. 200 kommunar har blitt spesielt inviterte til å delta i satsinga. Felles for dei 200 utvalde kommunane er at dei har under 10 000 innbyggjarar og har hatt negativ folketalsutvikling det siste året. Kommunane får tilbod om eit opplegg som skal medverke til å setje søkjelys på unge etablerarar som har lykkast og fått til noko positivt i lokalsamfunnet.

Kriteria for å bli utnemnd til bygdebyggjar er at ein

  • er i alderen 18–35 år

  • er sjølvstendig næringsdrivande/bedriftsleiar

  • utviklar ei berekraftig og lønnsam næring i bygda

  • ser potensialet i lokale ressursar

  • er ein inspirator som skaper positive, lokale ringverknader

Synleggjering og merksemd rundt lokale gründerar som har fått til noko positivt, har vist seg å verke motiverande og stimulere til pågangsmot for andre ungdommar som ønskjer å skape sin eigen arbeidsplass. Bygdebyggjaren som blir utnemnd, vil derfor få diplom og eit merke frå Innovasjon Noreg. Alle bygdebyggjarane skal samlast i ein database som er tilgjengelig via nettstaden www.bygdebygger.no. Basen skal vere til inspirasjon og presentere gode døme for andre ungdommar med planar om etablering. Tanken er å halde ei nasjonal bygdebyggjarkåring i 2007.

6.3 Spesiell innsats for små fiskeriavhengige samfunn og utviklingsstrategiar for fjellområda

6.3.1 Distriktskvoteordningar for fisk

Det er nedfelt i Soria Moria-erklæringa at den eksisterande distriktskvoteordninga skal forsterkast og takast meir aktivt i bruk. Nasjonale styresmakter skal årleg kunne setje av inntil ti prosent av den nasjonale kvoten til landing og foredling i spesielt utsette område for å sikre sysselsetjinga i industrien.

Regjeringa har lagt til rette for innføring av distriktskvotar i torskefisket for enkelte fartøygrupper i 2006. Det er sett av eit kvantum for distriktskvote tilsvarande tre prosent av gruppekvotane av torsk for fartøy mellom 15 og 28 meter og for torsketrålarane.

Fordeling og kriterium for tildeling av distriktskvote skal bli utgreidde, inkludert fordeling på distrikt, krav til bedrifter som skal ta imot råstoffet, kriterium for tildeling til fartøy og når det skal drivast fiske. Det er sannsynleg at regionalt folkevalt nivå vil ha ei operativ rolle i forvaltninga av ordninga.

6.3.2 Utviklingsstrategiar for fjellområda

Regjeringa har som mål å utvikle ein politikk for fjellområda parallelt med vidareutviklinga av landbrukssektoren, i tråd med Soria Moria-erklæringa. Dette heng saman med at fjellområda i Sør-Noreg er prega av å ha den relativt høgaste delen sysselsette innanfor primærnæringane. Fjellområda er derfor spesielt utsette ved større handelspolitiske endringar i landbrukssektoren, jf. kapittel 5.1.

Ut frå regjeringa sine mål om å utvikle næringsverksemd på område der dei ulike regionane har spesielle fortrinn, og med særleg fokus på dei mest utsette områda, er det viktig å medverke til å utnytte potensiala som ligg i næringskombinasjonar i fjellregionane i ein samanheng. Dette må også bli sett i samanheng med arbeidet med handlingsplan for berekraftig forvaltning, skjøtsel og bruk av nasjonalparkar og andre verneområde, jf. kapittel 5.7.1.

Regjeringa ønskjer å medverke til ei satsing for å vidareutvikle samarbeid mellom lokalt og regionalt næringsliv, forvaltning og kunnskapsinstitusjonar med sikte på auka innovasjon basert på lokale fortrinn i fjellområda, mellom anna grønt reiseliv. Arbeidet bør bli lagt opp etter mal av arbeidet med Innlandet 2010, med lokalt næringsliv som premissleverandørar for val av innsatsområde.

Satsinga skal ha som mål å

  • utnytte samspelet mellom ulike sektorar og næringar om er lokaliserte i fjellområda

  • stimulere til auka tilflytting til fjellområda

Satsinga må bli sett i samanheng med eksisterande strategiar og lokal og regional innsats for næringsutvikling i dei same områda. Det vil derfor bli lagt vekt på godt samarbeid mellom ulike aktørar som arbeider med regional utvikling i samband med satsinga.

6.4 Omstilling i område med einsidig næringsstruktur som blir råka av nedlegging av arbeidsplassar

Område med einsidig næringsstruktur er særleg sårbare for raske endringar i nærings- og arbeidsliv og er meir utsette di mindre arbeidsmarknadene er. Eit langsiktig utviklings- og nyskapingsarbeid kan medverke til å unngå kriser som kan følgje av raske endringar i arbeidsmarknaden. Staten medverkar på mange ulike måtar til å finansiere slikt nyskapingsarbeid, jf. mellom anna innsatsen og tiltaka som er nemnde i kapittel 4 og kapittel 5. Industriinkubator er til dømes eit spesielt verkemiddel som er utvikla med sikte på å fremme nyskapingsarbeid på industristader før ei krise oppstår, i samarbeid med eksisterande næringsliv. I samfunn med tynt næringsgrunnlag er også næringshagar eit verke­middel for å møte utfordringane i framkant.

Det vil likevel oppstå spesielle situasjonar i kommunar og regionar som krev ekstra innsats for omstilling i nærings- og arbeidslivet. Dette kapitlet tek for seg dei strategiane regjeringa vil leggje til grunn for å møte slike utfordringar.

6.4.1 Lokalt og regionalt omstillingsarbeid

Regjeringa sitt utgangspunkt er at det er eit lokalt og regionalt ansvar å arbeide med omstilling for å motverke og møte akutte krisesituasjonar. Sjansane for å få til ei vellykka omstilling er størst dersom det kan byggje på eit langsiktig utviklings- og nyskapingsarbeid på lokalt og regionalt nivå og før ei akutt krise oppstår. Ein viktig del av omstillingsarbeidet er å skape brei lokal og regional forståing og mobilisering som grunnlag for positive utviklingsprosessar i dei aktuelle områda. Tidlegare erfaringar viser at omstillings- og nyskapingsarbeid må sikrast brei lokal og regional forankring gjennom ein forpliktande eigarskap til prosessen. Utfordringane kan best løysast gjennom involvering og ansvarleggjering av fleire ulike aktørar i fellesskap. Både private og offentlege aktørar på tvers av forvaltningsnivå bør delta i eit felles løft og saman skape sams oppfatning og ein sams analyse av situasjonen. Det er særleg viktig at næringslivet blir involvert og får eigarskap til arbeidet.

Staten bidreg i dag til lokalt omstillingsarbeid mellom anna med økonomiske midlar gjennom dei ordinære distrikts- og regionalpolitiske utviklingsmidlane frå Kommunal- og regionaldepartementet til fylka. Til grunn for fordelinga av desse midlane ligg det mellom anna ei skjønsvurdering som skal ta omsyn til omstillingsutfordringar i dei ulike fylka. I fordelinga av skjønsmidlane byggjer departementet mellom anna på innspel frå fylkeskommunane om omstillingsbehov. Fylkeskommunane har ansvaret for å fordele desse midlane vidare til kommunar med omstillingsutfordringar og å samarbeide med kommunane og Innovasjon Noreg om innrettinga av omstillingsarbeidet. Innovasjon Noreg er gitt rolla som nasjonalt kompetansesenter for lokalt omstillingsarbeid. Departementet legg til grunn at denne rolla skal vidareførast.

Kommunal- og regionaldepartementet er oppteke av at fylkeskommunen skal vere proaktiv og ha oversikt over regionale utfordringar og identifisere omstillingsbehov. Departementet vil arbeide vidare med å betre kunnskapsgrunnlaget og dialogen med fylka om konkrete utfordringar i samband med omstilling.

6.4.2 Særlege omstillingstiltak og staten si rolle

Det skal framleis vere fylkeskommunane som har hovudansvaret for omstillingsarbeidet i eige fylke. Men frå tid til anna oppstår det kriser i lokalsamfunn som har eit slikt omfang at ansvaret for å takle den ekstraordinære situasjonen ikkje kan overlatast til kommunen og fylkeskommunen aleine. Dette kan dreie seg om særskilde situasjonar i næringslivet eller nedlegging av offentleg verksemd som fører til store tap av arbeidsplassar i enkelte kommunar eller regionar på relativt kort tid. Dette skaper særleg store utfordringar på einsidige industristader eller der statlege verksemder er ein hjørnestein i den lokale arbeidsmarknaden. Fiskeri- og landbruksavhengige samfunn som står overfor store strukturelle endringar, kan også møte spesielle omstillingsutfordringar dersom endringar skjer fort. I slike situasjonar kan det vere nødvendig med ein ekstrainnsats frå staten utover dei ordinære utviklingsmidlane. Det er viktig at også dette omstillings- og nyskapingsarbeidet blir sikra brei lokal og regional forankring gjennom ein forpliktande eigarskap til prosessen. Lokalt og regionalt engasjement og pådrivarkraft i kombinasjon med evne og vilje til å tenkje nytt er avgjerande for graden av måloppnåing i slike situasjonar.

Regjeringa legg desse kriteria til grunn for når det kan vere aktuelt for staten å gå inn med ein ekstraordinær innsats:

  • Reduksjonen i den direkte sysselsetjinga i hjørnesteinsbedrifta/næringa over ein treårsperiode skal som hovudregel utgjere minst 15 prosent av den totale sysselsetjinga i kommunen. I absolutte tal bør nedlegginga som eit minimum liggje på 150 personar. I heilt særskilde tilfelle bør det vurderast om krava kan vere noko lågare på små og isolerte stader.

  • I ei totalvurdering av situasjonen i området skal det også leggjast vekt på reduksjonen i den indirekte sysselsettinga, den generelle arbeidsløysa og høve til pendling innanfor den aktuelle bu- og arbeidsmarknadsregionen. I tillegg kan det også vere aktuelt å vurdere storleiken på trygdebudsjettet, kor mange som er yrkesaktive i kommunen, og kommuneøkonomien for å få eit mest mogleg komplett bilete av tilstanden i lokalsamfunnet.

  • Det kan oppstå situasjonar i små og isolerte samfunn som kvar for seg er for små til at staten i utgangspunktet bør gå inn med ekstramidlar. Dersom slike situasjonar oppstår og råkar fleire små og sårbare samfunn i same området samtidig og det samla støttebehovet som dette skaper går ut over det som er rimeleg å vente at fylkeskommunen kan stille opp med av midlar til, bør det likevel vurderast om staten kan gå inn med ekstra ressursar.

6.4.3 Omstilling av Forsvaret

Regjeringa vil følgje opp dei lokaliseringsvedtaka som følgde av Stortingets handsaming av gjeldande langtidsplan for Forsvaret. Dette inkluderer dei spesielle tiltaka som er sette i verk for å handtere distriktspolitiske konsekvensar av den pågåande omstillinga. Ved behandlinga av St.prp. nr. 42 (2003–2004) blei det føreslått å setje av ei ramme på 60 mill. kroner for perioden 2005–2008 for å tilføre ekstraordinære midlar til kommunar som er særleg hardt råka av omstillinga. I forsvarsbudsjettet for 2006 er det sett av 19,5 mill. kroner til avbøtande tiltak. Det vil som tidlegare vere eit nært samarbeid mellom Forsvarsdepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet og Innovasjon Noreg i forvaltninga av midlane.

Som eit ledd i den vidare moderniseringsprosessen i Forsvaret vil det også vere nødvendig å vurdere framtidig innretting av basestrukturen i Forsvaret. Det er no for tidleg å seie konkret kva for basar og leirar det eventuelt kan bli aktuelt å føreslå lagde ned eller flytta i framtida. Det er ikkje gjort ei politisk vurdering eller behandling av Forsvarets framtidige basestruktur og geografiske lokalisering utover inneverande langtidsperiode. Rammene for utviklinga av Forsvaret etter 2009 skal etter planen leggjast fram i ein stortingsproposisjon våren 2008.

Vurderingar som er knytte til den framtidige lokaliseringa og strukturen i Forsvaret vil bli gjennomførte i eit heilskapleg perspektiv der ulike omsyn må vegast mot kvarandre. Distrikts- og regionalpolitiske konsekvensar vil inngå som ein naturleg del av dette vurderingsgrunnlaget. Regjeringa vil innanfor ramma av ei slik overordna vurdering sjå etter løysingar som i størst mogleg grad dekkjer dei nødvendige behova i Forsvaret. Dette inkluderer også omsynet til å sikre robuste og berekraftige fagmiljø og evna til raskt å kunne vere til stades med rett kapasitet der det er behov for det. Regjeringa legg opp til å vidareføre eit nært samarbeid mellom Forsvarsdepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet og Fornyings- og administrasjonsdepartementet med sikte på å handtere dei distrikts- og regionalpolitiske og dei personalpolitiske konsekvensane av den vidare omstillinga av Forsvaret.

6.4.4 Aetats rolle ved omstillingar

Aetat har ei sentral rolle med å yte service ved nedbemanning eller nedlegging som fører til at mange arbeidstakarar blir ledige på same tid. Regjeringa meiner at Aetat, frå og med 1. juli 2006 Arbeids- og velferdsetaten, skal spele ei aktiv og viktig rolle i situasjonar som krev omstilling og nyskaping. Det er viktig at Arbeids- og velferdsetaten får tidleg kunnskap om at ei verksemd har vanskar og ønskjer å nedbemanne eller leggje ned produksjonen, for å avklare kva for tiltak som kan setjast i verk. Erfaringar frå mange omstillingssituasjonar har vist at tidleg kontakt mellom Aetat og dei som er råka, er med på å gjere overgangen til ny jobb enklare og hurtigare.

Til forsida