1 Utviklingstrekk i busetnadsmønster, bustadval og næringsliv
Punkta nedanfor byggjer på materiale frå fleire utgreiingar om utfordringar og utviklingstrekk knytte til endringar i busetnadsmønster og næringsstruktur og til bustadmotiv og bustadval. 1
Utviklingstrekk i næringsstruktur og arbeidsliv
Auken i den verdsomspennande handelen og nedbygginga av landegrensene som hinder for handel og næringsliv har lagt grunnlaget for store endringar i nærings- og arbeidslivet i Noreg. Det har gitt bedrifter høve til å vekse i nye marknader. Samtidig har mange bedrifter møtt sterk konkurranse og krav til omstilling og nyskaping for å overleve.
Integreringa av dei folkerike lågkostlanda frå Asia i verdsøkonomien har ført til at etterspurnaden etter varer og tenester og kjenneteikn ved arbeidsmarknadene i desse landa påverkar resten av verda. Dei låge lønningane gjer at arbeidskrevjande produksjon i høgkostland kan møte hard konkurranse, trass i lange avstandar. Samtidig gir det grunnlag for auke i etterspurnad etter avanserte varer og tenester og energiråvarer.
Endringane i internasjonal handel og avtaleverk gjer at vi får eit auka press på omstilling i næringslivet, i retning av verksemder som gir høg verdiskaping per tilsett, ofte basert på høgare utdanning eller samansette kunnskapsbasar.
Endringar i næringsstruktur og arbeidsliv som har følgd i kjølvatnet av auka konkurranse og effektivisering, har ulik geografisk verknad. Både delar av primærnæringane og tradisjonell industri er utsette for konkurranse, effektivisering og reduksjon i sysselsetjing. Desse næringane har størst del av samla sysselsetjing i område utanfor dei største byområda.
Sysselsetjingsveksten har kome i tenestenæringane og nye produksjonsnæringar. Veksten i kommunal tenesteyting har vore spreidd utover landet, men den sterke veksten i bedriftsretta tenesteyting har kome i større byområde.
Kompetansetung verksemd i industriselskap, som administrasjon og utvikling, som tidlegare var knytt til lokaliseringa av ei konkret industriverksemd, blir også lokalisert til byområde med større kompetansemiljø.
Sysselsetjinga i statleg sektor har blitt redusert i område med små senter og spreidd busetnad dei siste 20 åra, medan ho har auka i dei største byregionane og mest i Oslo. Den planlagde utflyttinga av tilsyna vil i liten grad påverke denne utviklinga. På 90-talet blei den relative delen av sysselsette i staten i småbyområde også redusert.
Utviklingstrekk i busetnadsmønster og demografi
Vi har sett ei sterk sentralisering i landet dei siste tiåra. Større byar veks i folketal, medan folketalet har gått ned i mange område med småsenter og spreidd busetnad.
Den direkte grunnen til sentraliseringa er først og fremst at unge flyttar frå mindre stader til større byområde for å ta utdanning og finne arbeid. Folk flyttar sjeldan frå mindre stader på grunn av arbeidsløyse.
Den delen av dei som blir fødde som flyttar frå mindre stader, er ikkje større no enn tidlegare, men i og med at det blir fødd færre barn no enn før, medverkar det til nedgang i folketal.
Det skjer ein del tilbakeflytting og tilflytting til mindre stader, men det er ikkje nok til å kompensere for utflyttinga av ungdom.
Denne ungdomsflyttinga, saman med at unge kvinner i noko større grad flyttar frå heimstaden enn det unge menn gjer, har ført til at vi over tid har fått ein skeiv kjønns- og aldersbalanse i ein del område med små senter og spreidd busetnad (forgubbing). Sjølv utan meir utflytting vil mange stader oppleve nedgang i folketal fordi dei kulla som framover kjem i etableringsfasen, er relativt små.
Den sterkaste enkeltfaktoren for å bli buande i heimkommunen er overtaking av eller tilgang til næringseigedom. Dette forklarar også skilnaden mellom kjønna i ungdomsflytting, det vil seie at unge menn i større grad enn unge kvinner har tilgang til næringseigedom.
Folketilveksten i landet er låg, og om lag halvparten av tilveksten kjem frå innvandring. Fleirtalet av innvandrarane har til no busett seg i bynære strok, og flest i Osloregionen.
Utviklingstrekk i bustadmotiv og bustadval
Bustadvala endrar seg gjennom livsløpet og varierer med kva val ein gjer tidleg i livet. Om lag halvparten av ungdommen på mindre stader tek kortare utdanning og finn arbeid nær heimstaden. Resten dreg ut for å studere og finne arbeid andre stader, og ein stor del av desse dreg til større byområde.
Dei som skal studere dreg dit det er relevante studieplassar. Vi finn hovudtyngda av utdanningsplassar i dei største universitetsbyane og til dels i fylkessentra. Etter at utdanninga er ferdig søkjer mange etter arbeid i området der dei har studert, eller i større senter der sjansen er størst for å få nytte av utdanninga.
I spørjeundersøkingar seier ein god del unge som alt har flytta frå heimstaden sin, at dei kan tenkje seg å flytte tilbake til oppvekstkommunen ein gong i framtida. I praksis er det berre ein mindre del av desse som gjer det.
Unge som seier dei vil flytte frå heimstaden, og som blir spurde om kvar dei vil flytte, svarar ofte ein mellomstor by eller tettstad/bygdeby. Talet på unge som seier dei vil bu i ein storbyregion er mindre enn det faktiske resultatet av busetjinga.
Når unge i større byområde stiftar familie og skal etablere seg, flyttar mange ut av storbykommunen. Dei fleste barnefamiliane (og andre vaksne) som flyttar ut frå bysentra, flyttar likevel i praksis berre til kommunar innanfor arbeidsmarknaden til byen eller til andre byområde med relativt stor arbeidsmarknad.
For mange er det i praksis valalternativa på arbeidsmarknaden som bestemmer kvar dei opplever at dei er frie til å etablere og busetje seg. På stader med små arbeidsmarknader er tilbodet om stillingar avgrensa. Det kan vere ekstra vanskeleg å finne arbeid på same tid for eit par som skal etablere seg.
Val knytte til busetjing og flytting blir dermed også val knytte til yrke, karriere og ambisjonar og til idear om «det gode liv» for seg og familien.
I ei spørjeundersøking (Orderud 2002) der folk i periferikommunar blei spurde kva som er viktig for busetjing dersom jobbtilbodet er likt, kom bumiljø og bustandard øvst på lista. Deretter kom i rekkjefølgje venner og slekt, natur- og friluftsliv, avstand til heimstaden, kommunikasjonar, næringsliv, kulturtilbod og klima. Heilt nedst kom bra kafe- og butikktilbod.
Ein aukande del av befolkninga veks også opp i bynære strøk. Desse buset seg i liten grad i område med mindre senter enn dei sjølve har vakse opp i.
«Unge» pensjonistar er etter kvart blitt ei mobil gruppe menneske, som uavhengig av arbeidsmarknaden kan flytte til attraktive strøk. Det kan vere nærmare familien, til fritidsbustaden eller frå bygder i utkanten av eit byområde og inn til nye bustader i sentrum.
Auka pendling mellom fritidsbustad og hovudbustad kan vere eit alternativ for ein del personar i yrke der ein kan ta med seg arbeidet ved hjelp av heimekontor.
Ein del innvandrarar frå europeiske land buset seg i norske bygder for å finne alternative liv. Dei kan utgjere ei stor gruppe menneske i enkeltbygder, men relativt få i ein større samanheng.
Fotnotar
Sørlie, notat om bumotiv og flytting, NIBR 2005, Effektutvalet NOU 2004:2, Distriktskommisjonen NOU 2004:19 og Regionenes tilstand, ØF-rapport nr. 07/2004. Desse nytta mellom anna kunnskap som var henta frå eit større forskingsprogram som blei avslutta i 2003, kalla Regional utvikling. Stortinget fekk ein større samla presentasjon av regionale utviklingstrekk i St.meld. nr. 25 (2004–2005) Om regionalpolitikken frå regjeringa Bondevik II våren 2005.