4 Styrking av næringsretta verkemiddel for å utnytte regionale fortrinn og potensial
4.1 Innleiing
Regjeringa vil byggje opp under ei målretta satsing på å utvikle næringsverksemd ut frå regionale fortrinn og potensial for å auke verdiskapinga og leggje til rette for å skape arbeidsplassar der folk bur. Dette kapitlet handlar om næringsretta verkemiddel som er utforma for å fremme distrikts- og regionalpolitiske mål utan å vere knytt til ein sektor. I kapittel 5 blir spesielle innsatsar presenterte som er knytte til utvikling av næringar og sektorar som er særleg viktige for å nå distrikts- og regionalpolitiske mål. Særskild offentleg innsats for å møte omstilingsutfordringar blir drøfta i kapittel 6.
Regjeringa legg opp til å utvikle nasjonale strategiar på dei områda der Noreg har ein særeigen næringsstruktur, mellom anna marin sektor, maritim sektor, energisektoren, miljøsektoren og reiselivssektoren. Regjeringa har som mål at Noreg skal bli ein av dei leiande innovative, dynamiske og kunnskapsbaserte økonomiane i verda innanfor dei områda vi har fortrinn, og arbeide for å utvikle regionale verdiskapingsmiljø.
Kvalitetar som er knytte til bestemte stader og miljø, blir stadig viktigare som grunnlag for næringsutvikling og som konkurransefaktorar. Regjeringa vil medverke til at desse kvalitetane blir utnytta til å utvikle lønnsame verksemder, attraktive arbeidsplassar og robuste arbeidsmarknader i alle delar av landet. I ei verd der konkurransen mellom verksemder aukar over landegrensene, blir evna til omstilling, innovasjon og entreprenørskap ein stadig viktigare del av dette arbeidet. Bedrifter i Noreg kan ikkje over tid konkurrere med tilsvarande produksjon i lågkostland, men må gjere seg nytte av det høge utdannings- og kunnskapsnivået i arbeidslivet i Noreg.
Staten har ei viktig rolle med å føre ein økonomisk politikk som medverkar til at næringslivet ikkje blir utsett for brå endringar i konkurransevilkåra, til dømes i samband med renter og kronekurs. Staten har også ei sentral rolle i å sikre ein god infrastruktur og eit solid grunnlag for kunnskapsutvikling gjennom høgare utdanning og forsking og utvikling.
Regjeringa legg også vekt på at staten i eit land som Noreg må ha ei aktiv rolle i næringsutviklinga, både for å styrkje utviklinga i dei ulike delane av landet og som eit bidrag til å utvikle den nasjonale konkurranseevna. Regjeringa vil derfor utnytte handlingsrommet innanfor EØS-avtalen for næringsretta distrikts- og regionalpolitisk innsats og styrkje dei distrikts- og regionalpolitiske verkemidlane.
Fleire nasjonale, regionale og lokale aktørar er sentrale i arbeidet med å få til næringsutvikling og nyskaping. Dei nasjonale verkemiddelaktørane Innovasjon Noreg, SIVA, Forskingsrådet og fylkeskommunane som regionale utviklingsaktørar, har særleg viktige roller i å setje i verk ein meir aktiv næringsretta distrikts- og regionalpolitikk. Det er sentralt at desse aktørane samarbeider seg imellom og med regional stat og kommunar, slik at fleire verkemiddel kan bli vurderte i samanheng og bli best mogleg tilpassa verdiskapingsutfordringane i regionen. Fylkeskommunane har eit ansvar for å ta initiativ til dette samspelet regionalt gjennom partnarskapsarbeid. Regjeringa legg i denne samanhengen stor vekt på at samspelet mellom offentlege og private aktørar blir vidareutvikla. Regjeringa ønskjer også å støtte opp om den viktige rolla kommunane spelar i å leggje til rette for næringsutvikling og entreprenørskap lokalt, som ein del av ei heilskapleg verkemiddelkjede.
Regjeringa legg vekt på at næringsretta distrikts- og regionalpolitisk innsats blir innretta slik at dei medverkar til auke i nyetableringar blant unge og kvinner.
4.2 Utvikling av miljø for innovasjon, entreprenørskap og bedriftsutvikling
Regjeringa ser det som viktig at det offentlege medverkar til å byggje opp under og styrkje konkurransedyktige lokale og regionale nærings- og innovasjonsmiljø. Motoren i regional omstilling ligg i stor grad i samarbeid og/eller konkurranse innanfor og mellom sektorar i geografisk avgrensa regionar. Regjeringa legg vekt på at det offentlege verkemiddelapparatet medverkar til å få til eit godt samspel mellom bedrifter og mellom bedrifter og kompetansemiljø om utviklingsarbeid. Dei nasjonale verkemiddelaktørane Innovasjon Noreg, Selskapet for industrivekst (SIVA) og Forskingsrådet spelar viktige roller i å styrkje bedriftene på dette området gjennom ulike programsatsingar, i samarbeid med utdannings- og forskingsmiljø, fylkeskommunar, regional stat og kommunar.
Regjeringa legg opp til at denne typen satsingar skal bli styrkte og ytterlegare målretta, og at innsatsen skal ta utgangspunkt i regionale fortrinn og potensial. Eventuelle endringar i innsatsen vil bli presenterte i dei årlege budsjetta og i dialog med verkemiddelaktørane. Regjeringa legg særleg vekt på at samspelet mellom lokalt næringsliv og kunnskapsmiljø i mindre byregionar og senter blir styrkt, der også kompetansen i dei tunge kunnskapsmiljøa i større byregionar blir utnytta.
Forskingsrådet har starta arbeid med å utvikle eit program, «Verkemidlar for regional innovasjon og FoU» (VRI-programmet). Målet er å samordne forskings- og innovasjonsinnsatsen til Forskingsrådet mot regionane basert på eksisterande program. Programmet skal medverke til auka mobilisering av nye og fleire bedrifter til auka satsing på FoU, i tett samarbeid med FoU-institusjonar i regionen og relevante nasjonale institusjonar. Målet er å utvikle ein meir heilskapleg og styrkt forskings- og innovasjonspolitikk overfor regionane. Planen er at programmet skal utløyse midlar i 2007. Regjeringa støttar intensjonane for arbeidet og vil vurdere programforslaget nærmare når det ligg føre.
4.2.1 Vidareutvikling av regional innovasjonsinfrastruktur gjennom SIVA
Den regionale innovasjonsinfrastrukturen med forskingsparkar, kunnskapsparkar, inkubatorar, inkludert industriinkubatorar og distribuerte inkubatorar og næringshagar, utgjer viktige bindeledd i regionale næringsmiljø. Dette er ein sentral del av innovasjonsinfrastrukturen i regionane og bind denne saman med den nasjonale regionalpolitikken. SIVA har vore ein svært viktig aktør i oppbygginga av denne infrastrukturen og medverka til at også aktørar i områda utanfor større byregionar har fått tilgang til sterke kompetansenettverk på eigne føresetnader. Engasjementet til SIVA inkluderer bygningar, eigedomar og innovasjonsselskap som på ulike måtar tilbyr leigetakarbedriftene nettverk av investorar og nærings- og kompetansemiljø. SIVA samarbeider både med Innovasjon Noreg, Forskingsrådet, fylkeskommunar, kommunar og private aktørar i arbeidet ut frå ulike roller og verkemiddel.
Regjeringa vil vidareutvikle og styrkje arbeidet i SIVA for å fremme betre samspelseffektar mellom dei ulike miljøa, der også miljø for rådgiving og risikovillig kapital er kopla inn. Dette inneber mellom anna eit tettare samarbeid mellom SIVA og fylkeskommunane og resten av verkemiddelapparatet.
SIVA har som hovudmål å medverke til å oppfylle dei distrikts- og regionalpolitiske måla til regjeringa og innanfor denne ramma fremme innovasjon i alle delar av landet. SIVAs særlege ansvar for å medverke til å fremme vekstkrafta i distrikta skal følgjast opp og vidareutviklast.
4.2.2 Styrking av næringshageprogrammet
Regjeringa ser på næringshagane som ei vellykka satsing for å fremme næringsverksemd og nyskaping i område med små arbeidsmarknader og små senter. Næringshageprogrammet skal særleg stimulere til utvikling av nye arbeidsplassar innanfor kunnskapsintensive næringar i desse områda gjennom samlokalisering i utviklingsmiljø av både gründerar og eksisterande verksemder.
Regjeringa ønskjer å vidareføre og styrkje denne satsinga. Frå og med 2006 starta Kommunal- og regionaldepartementet opp ein ny programperiode for næringshagane med vekt på både å etablere nye næringshagar og å styrkje nyskapingsarbeidet i dei eksisterande næringshagane. I 2006 er det løyvd 32 mill. kroner over Kommunal- og regionaldepartementets budsjett til næringshagesatsinga i SIVA. Denne ramma skal nyttast til å auke nyskapinga i eksisterande næringshagar, ei eiga gründersatsing på kvinner i næringshagane og oppstart av nye hagar. Med dei nye hagane vil det bli eit samla nettverk over heile landet av rundt 50 næringshagar der SIVA medverkar, i samarbeid med kommunar, fylkeskommunar og andre private og offentlege aktørar. Dei fleste næringshagane er lokaliserte i det distriktspolitiske virkeområdet.
Gründersatsing på kvinner i regi av SIVA i næringshagane er ein viktig del av arbeidet for å auke talet på bedriftsetableringar gjennomført av kvinner i distrikta. Målet for satsinga er å auke talet på kvinner som etablerer bedrifter med vekstambisjonar, særleg innanfor servicesektoren. Kvinner utgjer 38 prosent av dei sysselsette i næringshagane på landsbasis, og mange næringshagar har kvinnelege leiarar. Dette tyder klart på at næringshagane er eit tilbod der kvinner trivst og kan utvikle sine forretningsidear. Satsinga skal skje i nært samarbeid med Innovasjon Noregs program «Kvinner i fokus».
4.2.3 Utvikling av fleire Norwegian Centres of Expertise
Regjeringa ønskjer at den nye satsinga på Norwegian Centres of Expertise (NCE) skal bli sterk og gi varige resultat. Norwegian Centres of Expertise er retta mot spesialiserte klyngjer med konkurransedyktige bedrifter. Programmet skal medverke til å byggje næringsmiljø i verdsklasse gjennom å fremme godt samarbeid mellom FoU-miljø og næringslivet. Programmet er ikkje avgrensa geografisk, men er tilpassa andre verkemiddel som vil styrkje næringsmiljø utanfor større senter, slik at dei også kan konkurrere om deltaking i programmet i seinare utpeikingar.
Programmet skal drivast i eit samarbeid mellom Innovasjon Noreg, SIVA og Forskingsrådet, og med finansiering frå både Kommunal- og regionaldepartementet og Nærings- og handelsdepartementet. I budsjettet for 2006 blei det løyvd 20 mill. kroner frå Kommunal- og regionaldepartementet og 16 mill. kroner frå Nærings- og handelsdepartementet til programmet (1 mill. kroner av desse gjekk til SIVA). Programmet skal ha eit tiårsperspektiv. Det blir lagt opp til at 10-12 næringsmiljø frå heile landet kan bli tekne opp i programmet og få NCE-status i programperioden. Programmet har vekt stor interesse, og fleire miljø har søkt om å få midlar til å etablere eit NCE. Seks næringsmiljø fekk status som NCE i 2006. Desse er NCE Maritime Møre, NCE Microsystems i Vestfold, NCE Systems Engineering i Kongsberg, NCE Ekspertsenter Undervannsteknologi i Hordaland, NCE Raufoss og Instrumenteringsklyngen i Trøndelag. Felles for dei klyngjene som har fått status som NCE, er at dei består av bedrifter som er internasjonalt orienterte og har stort potensial for vidare vekst basert på innovasjon, auka samarbeid, internasjonalisering, forsking og utvikling.
Boks 4.1 NCE-programmet i Horten
Mikrosystemklyngja i Horten har vore eitt av forprosjekta for det nye programmet Norwegian Centres of Expertise (NCE). Bedriftene i klyngja vender seg til ulike marknader og område, med leveransar til mellom anna bilindustri, helsesektoren og satellittkommunikasjon. Bedriftene har likevel klare fellesnemnarar og felles interesser: Dei utviklar og produserer produkt og løysingar som er baserte på mikrosystemteknologi, dei nyttar ei teknologisk plattform, og dei er avhengige av det same avanserte kompetansegrunnlaget.
For mikrosystemklyngja har deltakinga i forprosjektet medverka til å styrkje det regionale nettverket, forsterke og fokusere samarbeidet mellom bedriftene i klyngja og mot Høgskolen i Vestfold, og medverka til ytterlegare internasjonal profilering av miljøet. Merksemda rundt og det samla arbeidet med klyngja har hatt mykje å seie for å synleggjere miljøet overfor omverda, og i særleg grad å trekkje til seg utanlandsk eigarskap.
Ei av utfordringane som føretaka i klyngja står overfor, er variasjon i oppdragsmengda. Dette kombinert med kvalifisert personell er ein kritisk faktor. Sidan verksemdene leverer til ulike marknader, kan dei ulike bedriftene ha varierande oppdragstoppar. Denne situasjonen har gitt grunnlag for ei ordning med utleige av arbeidskraft mellom bedriftene. Ordninga medverkar til effektiv utnytting av personell og gjer det mogleg å halde på kjernekompetansen over tid.
Ein annan effekt er ei forsterka satsing på fagområdet mikroelektronikk ved den regionale høgskolen. Høgskolen i Vestfold tilbyr i dag utdanning på doktorgradsnivå innanfor fagområdet og har undervisningspersonell som også arbeider i eller har bakgrunn frå industrien. Dette gir eit fortrinn for bedriftene ved at dei får betre tilgang på kjernekompetanse.
Etableringa av NCE byggjer mellom anna på erfaringar frå Arenaprogrammet i Innovasjon Noreg. Arenaprogrammet har som siktemål å styrkje samspelet og verdiskapinga i regionale næringsmiljø og i ulike bransjar. Dette programmet vil bli vidareført som eit viktig verkemiddel for å styrkje samarbeidet mellom verksemder i regionale næringsmiljø.
4.3 Kapitaltilgang, investeringsstøtte og såkornfond
Levedyktige bedrifter og sterke næringsmiljø er ein viktig suksessfaktor for busetjing og verdiskaping. Regjeringa meiner det er ønskjeleg og tenleg å ha offentlege verkemiddel som er særleg retta mot å fremme vekst i område der omstilling og nyskaping er viktige føresetnader for å nå distrikts- og regionalpolitiske mål om busetjing og verdiskaping. Målet med innsatsen er å skape betre grobotn for arbeidsplassar og næringsmiljø med vekstkraft på lengre sikt. Det er behov for å ha fokus på omstilling og nyskaping i denne innsatsen, særleg i det distriktspolitiske virkeområdet der mange bedrifter er i konkurranseutsett sektor.
Den viktigaste grobotnen for arbeidsplassar og næringsmiljø er dei mange bedrifts- og næringsmiljøa som alt finst. Regjeringa ønskjer å motverke at lokale bedrifts- og næringsmiljø forvitrar, og å leggje til rette for fleire levedyktige verksemder.
Offentlege verkemiddel skal ikkje kompensere for svak lønnsemd i enkeltbedrifter eller næringar, men senke terskelen for å få utløyst gode bedriftsutviklingsprosjekt, både i «vekstbedrifter» og «levevegsbedrifter». Når det offentlege stiller ekstra midlar til risikolån og investeringstilskot til disposisjon innanfor det distriktspolitiske virkeområdet, er det for å utløyse prosjekt som er lønnsame etter støtte. Verkemidla skal supplere og utløyse den private kapitalmarknaden.
Regjeringa ønskjer å stimulere til næringsutvikling både gjennom generelle og selektive verkemiddel, og meiner at Innovasjon Noreg har ei særs viktig rolle i finansieringa av investeringar i næringslivet i områda utanfor dei største byområda.
Regjeringa er òg oppteken av at dei nye, distriktsretta såkornfonda blir eit reelt tilskot til å betre tilgangen til risikokapital for gode bedriftsprosjekt i områda utanfor dei største byregionane.
4.3.1 Klargjering av behov og utfordringar på kapitalmarknaden
Bedriftsutvikling, innovasjon og nyetableringar er ofte knytte til lokale og regionale prosessar mellom bedrifter, kundar, leverandørar, finansielle aktørar, FoU-miljø, offentlege aktørar og så vidare. Slike prosessar kan vere kostnadskrevjande.
Det er ei utfordring å få fram fleire gode prosjekt i næringslivet og fleire nye vekstbedrifter i heile landet. Ein av fleire viktige føresetnader for dette er ein kapitalmarknad som fungerer effektivt i alle delar av landet, slik at mangel på risikokapital ikkje blir eit hinder for nye forretningsidear og utvikling av eksisterande verksemder og næringsmiljø. Ein godt fungerande kapitalmarknad sikrar finansiering av gode prosjekt, stoppar dei dårlege og er ein viktig del av eit innovasjonssystem.
Det er ikkje grunnlag for å hevde at tilgangen på risikokapital til norsk næringsliv generelt er for knapp. Tilgang på kapital for bedriftsetableringar i ein tidleg fase er likevel ei særleg utfordring. Denne utfordringa kan vere ekstra stor for bedrifter og etablerarar med nye prosjekt i dei minst sentrale delane av landet, der det finst færre investorar, såkornfond og ventureselskap. Det kan derfor vere eit behov for auka kunnskap om korleis kapitalmarknaden fungerer i etableringsfasen og i ulike delar av landet. Til dømes kan det tenkast at geografisk og kulturell avstand mellom investor og entreprenør kan ha innverknad på korleis spesielt risikokapital til tidlege fasar blir distribuert geografisk. At ein investor investerer mest i nærområdet sitt, kan henge saman med at nærleik mellom prosjekteigar og kapitalkjelder gjer informasjonstilgangen lettare for begge partar. I tillegg kjem reint praktiske årsaker, som reiseavstand og oppfølgingskostnader for prosjekt langt unna.
Profesjonelle private investorar, såkornfond og ventureselskap er i stor grad konsentrerte til dei store byane. Den fysiske avstanden representerer ei informasjonsutfordring når det gjeld å kople etterspørjarsida og tilbodssida av kapital. Det kan vere eit problem at kapitalmiljøa i større byregionar har for liten kunnskap om kva potensial som finst på andre, mindre stader. Samspelet med det offentlege verkemiddelapparatet og med bankane blir desto viktigare. Reduksjon i talet på bankar og bankfilialar som følgje av oppkjøp og samanslåingar kan gi auka avstand til enkelte lokalmiljø for bankane og såleis mindre lokalkunnskap om desse miljøa. Det kan igjen gjere at samspelet med det offentlege verkemiddelapparatet blir enda viktigare i nokre område.
Kommunal- og regionaldepartementet har i samarbeid med Nærings- og handelsdepartementet og Innovasjon Noreg sett i gang ei utgreiing om korleis tilgangen på og tilbodet om kapital til SMB varierer i ulike delar av landet. Utgreiinga blir gjennomført i 2006 og vil gi auka kunnskap om korleis kapitalmarknaden fungerer. Slik kunnskap gir grunnlag for å vurdere behovet for og innrettinga av den offentlege innsatsen for å stille risikokapital til disposisjon i ulike delar av landet.
Dei nye, distriktsretta såkornfonda og ulike ordningar under Innovasjon Noreg er blant dei tiltaka som skal medverke til å redusere avstandsulemper. I område utanfor dei større byane er andrehandsverdien (salsverdien ved opphøyr) av fysiske investeringar som bygg, anlegg og andre mindre mobile kapitalgjenstandar også lågare enn i meir sentrale område av landet. Risikoen ved lån til slike investeringar vil dermed bli høgare og låna dyrare som følgje av verdivurderinga og manglande sikkerheitsstilling. Bedriftsretta investeringsstøtte gjennom tilskot og lån kan kompensere for at den private lånekapitalen er dyrare i område med låg andrehandsverdi av fysiske investeringar, ved at staten overtar noko av risikoen frå dei private aktørane. Slike tilskot kan også nyttast til å kompensere for eventuell marknadssvikt.
4.3.2 Utnytting av handlingsrommet for investeringsstøtte
Handlingsromutvalet (NOU 2004:15) og Distriktskommisjonen (NOU 2004:19) har peika på at det innanfor EØS-regelverket er handlingsrom for auka bruk av investeringsstøtte totalt sett og rom for auka støtte per prosjekt innanfor fastsette maksimalstøttesatsar. Effektutvalet (NOU 2004:2) understreka at investeringstilskot er eit verkemiddel med positive effektar for å oppfylle distrikts- og regionalpolitiske målsetjingar. Utvalet peika også på at den sterke reduksjonen i dei distrikts- og regionalpolitiske løyvingane dei siste ti åra har ført til at det er blitt langt mindre midlar å kanalisere til dette formålet gjennom Innovasjon Noreg.
Ein viktig del av politikken til regjeringa er å få fram fleire gode bedrifter og gjere det lettare for bedrifter og lokale bedrifts- og næringsmiljø å utvikle seg og skape nye arbeidsplassar i det distriktspolitiske virkeområdet.
Regjeringa vil leggje til rette for at verkemiddelapparatet i større grad kan utnytte handlingsrommet for investeringstøtte gjennom investeringstilskot og risikolån. Regjeringa har som mål å auke løyvingane av dei distrikts- og regionalpolitiske utviklingsmidlane som er desentraliserte til fylkeskommunane, slik at dei i samarbeid med partnarskapen, kan prioritere å auke overføringa av midlar til distriktskontora til Innovasjon Noreg.
I samsvar med EØS-regelverket er det fastsett ulike maksimale støttesatsar i ulike delar av det distriktspolitiske virkeområdet. Kommunal- og regionaldepartementet legg til grunn at Innovasjon Noreg vurderer kor mykje tilskot som trengs for at dei einskilde prosjekta skal bli gjennomførte, dvs. bli bedriftsøkonomisk lønnsame. Dersom prosjekt kan bli realiserte utan å bruke maksimalsatsane for tilskot, bør desse som hovudregel heller ikkje bli nytta. Slik kan dei samla tilskotsløyvingane hjelpe til å realisere fleire gode prosjekt. I ein del tilfelle kan ein kombinasjon av tilskot og lån ivareta finansieringsbehovet.
Krevjande nyetableringar og nyskapande prosjekt i eksisterande bedrifter har ofte finansielle utfordringar, høg risiko og ikkje god nok bedriftsøkonomisk lønnsemd til å finne tilstrekkeleg finansiering i den private marknaden. Fordi det er ønskjeleg at ein del slike prosjekt skal bli gjennomførte også i mindre sentrale delar av landet, er det behov for støtte som avlastar for delar av risikoen. Slike prosjekt vil kunne bli støtta med tilskot.
Normal fornying, mindre kapasitetsutvidingar og effektivitetsfremmande investeringar bør normalt ha ei tilfredsstillande bedriftsøkonomisk avkasting. Denne typen investeringar bør derfor i hovudsak bli finansierte med lån. Svak pantesikring, knytt til lokalisering av bedrifta, kan gjere det nødvendig at verkemiddelapparatet aktivt gir tilbod om risikolån i slike høve.
Kommunal- og regionaldepartementet legg samtidig vekt på at dei distriktsretta tilskota blir brukte fleksibelt til investeringar og prosjekt i område med «tynne» næringsmiljø og med svak tilgang på risikovillig kapital. Dette inneber mellom anna eit redusert krav til innhald av nyskaping i prosjekta.
4.3.3 Etablering av såkornfond
Staten har dei siste åra vedteke å opprette to såkornkapitalordningar, ei landsdekkjande og ei distriktsretta. Ordningane er eit samarbeidsprosjekt mellom statleg og privat kapital. Dei skal styrkje tilgangen på kapital og kompetanse til innovative prosjekt i ein tidleg fase. Den landsdekkjande ordninga er lagd til universitetsbyane Oslo, Bergen, Stavanger og Trondheim. Fonda i den distriktsretta ordninga skal opprettast i Bodø, Tromsø, Namsos og på Sørlandet og Vestlandet. I tillegg går Regjeringa i revidert statsbudsjett 2006 inn for at det blir etablert eit fond som skal investere i B-, C- og D-kommunar 1 i Trøndelagsfylka og Møre og Romsdal, og eit fond som skal investere i heile Hedmark og Oppland, og B-, C- og D-kommunar i Østfold, Buskerud og Telemark. Målet er å sikre at risikokapital er tilgjengeleg i heile Sør-Noreg. Desse fonda får elles vilkår som den landsomfattande ordninga.
For dei distriktsretta fonda gjeld i høve til dei landsdekkjande fonda mellom anna dette:
Det er lågare rente på det ansvarlege lånet.
Staten skyt inn 70 prosent av kapitalen gjennom ansvarlege lån i dei distriktsretta fonda mot 50 prosent i dei landsdekkjande fonda.
Staten dekkjer delar av administrasjonskostnadene til dei distriktsretta fonda, men ikkje til dei landsdekkjande fonda. Stønaden utgjer 850 000 kroner per fond i 2006 og skal å sikre eit tilstrekkeleg kompetent og robust forvaltarmiljø.
Dei distriktsretta fonda kan berre investere i A-, B- og C-kommunar i det distriktspolitiske virkeområdet.
Ordningane vil totalt ha ein kapitalbase på 2 402,4 mill. kroner. Regjeringa reknar med at dei fleste fonda vil vere oppretta i 2006.
4.4 Stimulere gründerar og entreprenørskap
Regjeringa ser på stimulering til entreprenørskap som ein sentral del av distrikts- og regionalpolitikken. Etablering av nye verksemder gjennom entreprenørskap og gründerverksemd skjer ofte i det området der gründeren er busett, og er også ofte knytt til eksisterande næringsmiljø. Dermed kan gründerverksemda medverke til å styrkje både den lokale arbeidsmarknaden og det lokale næringsmiljøet.
Regjeringa ønskjer å fremme forståing for entreprenørskap. Regjeringa vil auke talet på gründerar og nyetablerarar gjennom
auka satsing på entreprenørskap i skolen
bistand til etablerarar med både lokale og globale ambisjonar
å fremme kommersialisering av forskingsbaserte idear
å fremme knoppskytingar frå eksisterande næringsliv
Både kommunane, fylkeskommunane, regional stat og dei nasjonale verkemiddelaktørane har viktige roller i dette arbeidet, i samarbeid med utdanningsinstitusjonar, FoU-miljø og enkeltbedrifter. Regjeringa ser også på styrkinga av kommunale næringsfond som ein del av satsinga på entreprenørskap og nyetableringar, jf. kapittel 4.5 nedanfor.
4.4.1 Entreprenørskap i skolen
Regjeringa ser på opplæring i entreprenørskap i skolen som ein viktig del av satsinga på entreprenørskap. Elev-, ungdoms- og studentbedrifter er sentrale i dette arbeidet. Utdanningssystemet skal medverke til verdiskaping, nyetableringar og innovasjon i Noreg ved å stimulere haldningar, kunnskap og dugleik hos elevar, studentar og lærarar på alle nivå og utvikle ein kultur for entreprenørskap. Entreprenørskap i utdanninga har vist seg å ha ein svært gunstig effekt på etablering av nye arbeidsplassar. Det er dokumentert at dei som har vore med på ordninga med ungdomsbedrifter medan dei går på skolen, langt oftare etablerer eiga verksemd når utdanninga er over. Entreprenørskap i utdanninga verkar òg sosialt utjamnande. Mange som ikkje er teoretisk skoleflinke, finn ein arena som styrkjer sjølvkjensla, og tiltaket fører til høgare gjennomføringsgrad i grunnutdanninga.
Regjeringa vil vidareføre og styrkje støtta til foreininga «Ungt entreprenørskap», som tilbyr entreprenørskap som opplæring i skoleverket. Kommunal- og regionaldepartementet, Kunnskapsdepartementet og Nærings- og handelsdepartementet har støtta Ungt entreprenørskap økonomisk sidan 2002, og Landbruks- og matdepartementet sidan 2003, jf. prosjektet «Ungt entreprenørskap på matområdet». Den samla støtta til Ungt entreprenørskap har auka kraftig frå 2005 til 2006. Til dømes auka støtta over budsjettet til Nærings- og handelsdepartementet frå 4 mill. kroner til 10 mill. kroner, og over budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet frå 2,5 mill. kroner til 6 mill. kroner.
Boks 4.2 Om Ungt entreprenørskap
Det har vore ein stor auke i aktivitetane til Ungt entreprenørskap sidan foreininga blei etablert i 1997. Ungt entreprenørskap tilbyr i dag program for alle utdanningstrinn. Spesielt utbreidd er konseptet «Ungdomsbedrift» som blir tilbydd for vidaregåande skole. I 2005 deltok om lag 19 000 elevar i 300 bedrifter i alle fylka i landet. Ei undersøking utført av Nord-Trøndelagsforsking i 2005 viser at blant dei som har gjennomført konseptet Ungdomsbedrift, har 26,6 prosent etablert si eiga bedrift. Den normale etableringsraten er 7,5 prosent.
4.4.2 Kommersialisering av FoU
Universitets- og høgskolesektoren har eit generelt ansvar for å samarbeide med næringslivet. Kommersialisering av FoU-resultat er viktig i innovasjonspolitikken og fører til nye idear, produkt og nye bedrifter og nødvendig omstilling og utvikling av eksisterande næringsliv. Endringar i lova om universitet og høgskolar og arbeidstakaroppfinningslova har gitt institusjonane større ansvar for samarbeid med samfunns- og næringsliv. Institusjonane engasjerer seg no langt meir i arbeidet med å kommersialisere forskingsresultat enn tidlegare.
Regjeringa meiner programmet for kommersialisering av forskingsbaserte idear (FORNY) er viktig i denne samanhengen. Programmet bør sjåast i samanheng med og styrkje arbeidet i andre satsingar og program som Norwegian Centres of Expertise (NCE) og Sentre for forskningsdrevet innovasjon (SFI).
Innanfor FORNY er det sett i gang ei særskild satsing for dei statlege høgskolane (FORNY Høgskole), som er særleg viktig i ein distrikts- og regionalpolitisk samanheng på grunn av den landsomfattande lokaliseringa av høgskolane. FORNY Høgskole skal medverke til auka kommersialisering av forretningsidear blant studentar og tilsette og er nær kopla til andre næringsretta satsingar mot høgskolesektoren.
Nærings- og handelsdepartementet har sett i gang ein gjennomgang av verkemidla for kommersialisering av FoU-resultat. Resultata av evalueringa vil vere klare vinteren 2006/2007. På bakgrunn av evalueringa vil regjeringa vurdere endringar i eksisterande verkemiddel for å sikre auka kommersialisering og nyskaping frå heile universitets- og høgskolesystemet.
4.4.3 Redusere barrierar for entreprenørskap blant unge, kvinner og innvandrarar
I arbeidet med entreprenørskap legg regjeringa stor vekt på at tilhøva blir lagde godt til rette for unge og for kvinner og innvandrarar som ønskjer å starte opp si eiga verksemd. Desse gruppene utgjer ein stor ressurs som i dag synest å vere for lite utnytta. Talet på kvinner, unge og innvandrarar som har lyst til å etablere eiga verksemd, er i dag større enn det talet på nyetablerarar faktisk viser. Regjeringa meiner det er særleg viktig å leggje til rette for etablering av eiga verksemd nær heimstaden til folk for å gjere fridomen i busetjingsval reell.
Felles for desse gruppene er at dei ofte ikkje har det nettverket og den tilgangen til kapital som er nødvendig i ein etableringsprosess. I mindre samfunn har entreprenørane ei særskild utfordring ved at dei ofte er svært synlege. I ei undersøking gjennomført av Innovasjon Noreg har kvinnelege entreprenørar peika på at den negative fokuseringa på dei problema ein kan møte som entreprenør, utgjer ein barriere for etablering. Tett oppfølging er derfor viktig for å halde på motivasjonen hos potensielle etablerarar. Både Innovasjon Noreg, fylkeskommunane og Ungt entreprenørskap har gode ordningar for å støtte potensielle etablerarar og skape ein kultur for entreprenørskap. Det er viktig at både dei nasjonale verkemiddelaktørane, fylkeskommunar, regional stat og kommunar medverkar til å byggje ned eventuelle barrierar for desse gruppene i forvaltninga av næringsretta verkemidlar, eller utviklar eigne spesialtilpassa tilbod.
Regjeringa legg i tråd med Soria Moria-erklæringa opp til at det skal bli utvikla ein nasjonal handlingsplan for kvinnelege entreprenørar. Nærings- og handelsdepartementet vil utarbeide handlingsplanen i samarbeid med andre departement. I planen vil ulike tiltak bli vurderte. Det gjeld mellom anna finansieringsordningar som stimulerer til innovasjon og entreprenørskap blant kvinner, inkludert vilkår for sjølvstendige næringsdrivande til å kombinere yrkeskarriere med omsorg for barn. Over budsjettet til Nærings- og handelsdepartementet er det i 2006 øyremerkt 10 mill. kroner til ei eiga innovasjonssatsing for kvinner i regi av Innovasjon Noreg. Nærings- og handelsdepartementet har også pålagt Innovasjon Noreg å gå gjennom sine eksisterande verkemiddel for å sjå om desse inneheld barrierar som hindrar kvinner i å bruke dei.
I undersøkinga Ready for take-off (Kunnskapsparken i Bodø, 2005) går det fram at unge etablerarar gjennomgåande har betydelege utfordringar i samband med både kunnskap, erfaring, nettverk og kapital. Unge ser på tilgang til marknaden som ei stor utfordring. Mange unge meiner dei har behov for ekstern kompetane for å lykkast, men kan oppleve det som ein barriere å finne rett ekstern kompetanse som ikkje kostar for mykje. Kompetansebehovet kan gjelde både marknadsføring, forretningsdrift, økonomi, teknologi eller meir generell rettleiing og coaching. Unge har også særlege utfordringar når det gjeld tilgang på kapital da dei manglar nettverk og tidlegare resultat å vise til.
For å møte desse utfordringane har Innovasjon Noreg ei gjennomgåande satsing på unge etablerarar, med kontaktpersonar for unge på alle distriktskontora. Regjeringa legg vekt på at arbeidet retta mot unge etablerarar i Innovasjon Noreg blir vidareført og forsterka i ein dialog med målgruppa slik at arbeidet mot unge etablerarar blir betra. Det er også viktig at dei regionale partnarskapane utviklar strategiar for å møte behova og byggje ned barrierar for unge etablerarar.
4.4.4 Vurdering av ein ny type støtte for nyetablerte bedrifter
Det nye regelverket for regionalstøtte i EØS-området som skal gjelde frå 2007, opnar for å gi støtte til ulike typar driftsutgifter i nyetablerte verksemder. Regjeringa vil vurdere korleis dette handlingsrommet bør utnyttast og korleis ein slik type støtte eventuelt bør innrettast.
Det er i dag store regionale skilnader i omfanget av etableringar i Noreg. Målt i talet på nyregistrerte verksemder per innbyggjar ligg Oslo og fylka med storbyområde eller nærleik til Osloregionen gjennomgåande høgare enn fylke med større avstand til storbyområda og Osloregionen. For å etablere vekstkraftige verksemder er det ofte avgjerande at etablerarane er sikra inntekt i etableringsfasen. Dei nye støttereglane opnar for å løyse likviditetsproblemet til nyetablerarane i den første tida og opnar for å følgje verksemda lenger ut i den vanskelege oppstartsfasen, der ein har erfaring med at dei fleste nye verksemder fell frå.
Kommunal- og regionaldepartementet har sett i gang eit arbeid med å vurdere grunnlaget og behovet for å ta i bruk ein slik type støtte i distrikts- og regionalpolitikken. Arbeidet vil skje i nært samarbeid med verkemiddelapparatet. Tidspunktet for eventuell notifisering og iverksetjing av ordninga må vurderast i lys av dette arbeidet.
Regjeringa vil i denne stortingsperioden også vurdere etablering av ein gründerbank. Spørsmålet om gründerbank vil bli behandla i samband med at ein ser på spørsmålet om å skipe eit kapitalfond.
4.5 Styrking av rolla kommunane spelar i lokal næringsutvikling
Regjeringa er oppteken av å styrkje den rolla kommunane spelar som førstelinje innanfor arbeidet med næringsutvikling. Mange kommunar, særleg innanfor det distriktspolitiske virkeområdet, har i ei årrekkje arbeidd aktivt med næringsutvikling der kommunale næringsfond har betydd mykje. I fleire kommunar har også arbeidet med generell næringsutvikling og landbruksoppgåver blitt samordna gjennom ein felles kommunal næringsetat. Erfaringane så langt tyder på at ein del kommunar har oppnådd gode og interessante resultat i arbeidet med næringsutvikling. Samtidig er det eit potensial for betring og effektivisering.
4.5.1 Styrkt ordning med kommunale næringsfond
Hovuddelen av midlane over dei ordinære kommunebudsjetta går til dei tunge lovpålagde tenesteoppgåvene. Fleire kommunar nyttar likevel litt av inntektene til å fremme næringsutvikling, og ein del kommunar kan nytte inntekter frå kraftfond eller kommunalt eigde verksemder som elverk.
Regjeringa meiner at alle kommunane i det distriktspolitiske virkeområdet bør ha økonomiske midlar til å stimulere til lokal næringsutvikling, og vil medverke til dette gjennom satsing på kommunale næringsfond via fylkeskommunane. Kommunal- og regionaldepartementet ser positivt på at kommunar som ønskjer det, nyttar midlane i samarbeid med fleire kommunar i regionale næringsfond. I ei nyleg gjennomført kartlegging blir det peika på at kommunane opplever at slike fond hjelper til med å etablere næringsverksemd i kommunen/regionen og til dialog med personar som ønskjer å etablere seg og utvikle bedriftsidear (Østlandsforskning 2006). Tidlegare evalueringar har vist at ordninga med kommunale næringsfond har medverka til etablering av mange arbeidsplassar, og at dei har vore kostnadseffektive (Teigen 2003).
Kommunal- og regionaldepartementet løyvde 100 mill. kroner til kommunale næringsfond i statsbudsjettet for 2006, som ein del av skjønnstildelinga i fordelinga av dei distrikts- og regionalpolitiske verkemidlane til fylkeskommunane. Kommunal- og regionaldepartementet legg opp til å auke tildelinga av midlar til fylkeskommunane slik at fylkeskommunane i større grad kan prioritere midlar til dette formålet. Det er viktig at fylkeskommunane ser bruken av midlar til kommunale næringsfond i samanheng med dei strategiske planane og målsetjingane for regional utvikling i kvart fylke. God rapportering utgjer ein viktig del av kunnskapsgrunnlaget i slike vurderingar.
Kommunal- og regionaldepartementet meiner bruksområdet til dei kommunale næringsfonda framleis må inkludere meir enn å gi direkte bedriftsretta støtte. Midlane kan også bli nytta til mellom anna tiltak for kompetanseutvikling for både ny og eksisterande verksemd og til tilrettelegging av areal og infrastruktur for næringsutvikling. Undersøkinga frå Østlandsforskning viser at om lag ein tredel av midlane som blei nytta i 2004, gjekk til direkte bedriftsutviklingstiltak. Av dei resterande midlane gjekk om lag halvparten til infrastrukturtiltak for tilrettelegging for næringsutvikling.
Spørsmålet om notifisering av kommunale næringsfond
Undersøkinga til Østlandsforskning om omfang og innretting av dei kommunale næringsfonda viser at midlane blir fordelte på mange prosjekt med relativt små summar, jf. boks 4.3. Det er derfor lite som tyder på at støtte frå kommunale næringsfond kjem i konflikt med EØS-regelverket. Svært få kommunar som deltok i undersøkinga, har erfart at kompensasjon for auka arbeidsgivaravgift har ført til at bedrifter ikkje har kunna ta imot støtte frå kommunale næringsfond. Kommunal- og regionaldepartementet meiner dette tilseier at det er svært sjeldan at midlar frå kommunale næringsfond ikkje kan bli gitt til bedrifter på grunn av ordninga med redusert arbeidsgivaravgift innanfor de minimis -regelverket. Slike situasjonar kan eventuelt bli løyste gjennom notifisering av det aktuelle tiltaket. Kommunal- og regionaldepartementet legg derfor ikkje opp til å notifisere kommunale næringsfond.
Når det gjeld midlar nytta til næringsutvikling gjennom ulike kraftfond legg Kommunal- og regionaldepartementet til grunn at kommunane har ansvar for å sørgje for notifisering av desse dersom praktiseringa av fonda gjer det nødvendig i høve til EØS-regelverket.
Boks 4.3 Kartlegging av kommunale næringsfond
Prosjektet Kartlegging av kommunale næringsfond blei utført av Østlandsforskning på oppdrag frå Kommunal- og regionaldepartementet. 2 Sluttrapporten presenterer resulata frå ein registerdataanalyse og ei nettbasert spørjeundersøking retta mot alle kommunar og interkommunale aktørar som hadde eller forvalta kommunale næringsfond i 2004/2005. Prosjektet har ikkje hatt som formål å evaluere eller vurdere effektar av dei kommunale næringsfonda.
Hovudresultat frå kartlegginga:
Kommunale næringsfond blir i hovudsak administrerte innanfor den kommunale organisasjonen, og det er dei folkevalde som styrer og avgjer korleis fondet skal nyttast.
Storleiken på dei kommunale næringsfonda varierer mykje. Eit gjennomsnittleg næringsfond (saldo) ved inngangen til 2004 var på knapt 500 000 kroner.
Totalt sett blei nesten to tredelar av midlane frå kommunale næringsfond i 2004 nytta til tilretteleggjande tiltak og ein tredel til direkte bedriftsstøtte.
Den næringa som har størst del av tilsegnene til bedriftsretta tiltak, er privat tenesteyting (23 prosent av bedriftsretta tilsegner).
Kommunale næringsfond er først og fremst eit verkemiddel for dei minste bedriftene, med frå éin til fem tilsette.
Støtta går i like stor grad til etablerte bedrifter som til bedrifter som er under etablering.
Berre tre kommunar har svara at dei i praksis har opplevd at kompensasjon for auka arbeidsgivaravgift gjennom vidareføring av differensiert sats innanfor «taket» for bagatellstøtte, har ført til at bedrifter ikkje har kunna ta imot støtte frå kommunale næringsfond.
4.5.2 Kommunale næringsfond og rolla som førstelinje i næringsretta innsats
Regjeringa er oppteken av å få til ryddige og tenlege oppgåve- og ansvarslinjer mellom kommunane og andre aktørar som driv næringsutviklingsarbeid. Kommunal- og regionaldepartementet føreset at kommunane har gode rutinar for avgjerder og oppfølging i næringsfondssaker. Innanfor kvart fylke må fylkeskommunen og den regionale partnarskapen avklare ei tenleg arbeidsdeling og samordning mellom bruk av kommunale næringsfond og ordningar som særleg Innovasjon Noreg forvaltar. Det er viktig at kommunane sjølve byggjer opp relevant kompetanse og medverkar til utnytting av best mogleg kompetanse i andre delar av verkemiddelapparatet.
Regjeringa si styrking av innsatsen gjennom kommunale næringsfond er sett i verk frå 2006. Kommunal- og regionaldepartementet vil hente inn og vidareformidle erfaringar om korleis arbeidet med desse midlane blir organisert og forvalta rundt om i kommunane. Dette kunnskapsgrunnlaget vil liggje til grunn for seinare vurderingar av organisering og innretting av ordninga. Departementet vil også vurdere behovet for eigne retningslinjer for bruken av midlar frå kommunale næringsfond.
Kommunal- og regionaldepartementet, Landbruks- og matdepartementet, KS og Innovasjon Noreg samarbeider om eit prosjekt som skal sjå på spørsmål som er knytte til kommunane som førstelinje for småskala næringsutvikling. Prosjektet har omfattar 47 kommunar frå 13 fylke. Det skal gjere kommunane betre i stand til å fylle rolla som førstelinje ved å medverke til at kommunane i samarbeid blir aktive, kompetente og resultatorienterte aktørar i lokal og regional næringsutvikling. Ein viktig del av dette er å styrkje samhandlinga mellom det regionale og det lokale nivået i arbeidet med næringsutvikling. Prosjektet blei starta i 2004 og skal vere ferdig hausten 2006. Resultata frå dette prosjektet vil vere viktige bidrag til det vidare arbeidet med å avklare roller og ansvarstilhøve, særleg i høve til Innovasjon Noreg.
Regjeringa meiner også at mindre kommunar med felles arbeidsmarknader kan ha stor nytte av å etablere samarbeid om felles kontaktpunkt og rettleiingstenester for nyetablerar og etablert næringsliv. Dette kan vere ei form for lokale servicekontor for næringslivet som har kompetanse både om kommunale tenester og om tilbod frå verkemiddelapparatet elles. Slikt samarbeid mellom kommunar kan også gi grunnlag for tiltak av felles nytte i området på tvers av kommunegrenser. Frå og med 2004 er det sett i gang forsøk med oppgåvedifferensiering av BU-midlane i to område i Oppland. Forsøket er førebels evaluert etter to år og vil bli fullført.
Boks 4.4 Samarbeid om næringsutvikling i Telemark
Mange kommunar ser nytten i å etablere formelt samarbeid med omkringliggjande kommunar og det lokale næringslivet i arbeidet med å skape næringsutvikling og ny aktivitet. Midt-Telemark næringsutvikling AS (MTNU) er eit døme på dette og er eit regionalt næringsutviklingsselskap for kommunane Nome, Bø og Sauherad. Selskapet blei etablert hausten 2003 og var i drift frå juni 2004. Styret i selskapet er samansett av ordførarane i dei tre kommunane, tre næringslivsrepresentantar og éin frå høgskole- og forskingsmiljøet i regionen. Kommunane eig 51 prosent av selskapet, medan resten av eigarskapen er lagd til næringslivet i dei tre kommunane. Selskapet blir drifta med kommunale midlar i tillegg til eigne prosjektinntekter. Regionen har eit felles næringsfond på 15 mill. kroner; Midt-Telemark interkommunale næringsfond. Avkastinga av fondet kan kvart år nyttast til utviklingsprosjekt og bedriftsretta tilskot. Styret i MTNU er ansvarleg for å fordele desse midlane. Selskapet skal først og fremst vere eit fagleg støtteapparat for eksisterande og nytt næringsliv i regionen og fungere som den operative eininga til kommunane for næringsutvikling og profilering av regionen som marknad for arbeid og etablering. Primæroppgåvene er etablerarrettleiing og bedriftsrådgiving til eksisterande næringsliv og ulike fellesprosjekt for næringslivet, mellom anna innan industri, handel, reiseliv og landbruk. Grunnlaget for den vidare utviklinga er nedfelt i ein strategisk næringsplan, som er utvikla i tett samhandling mellom næringsliv, kulturliv og kommune og er vedteken i alle tre kommunestyra.