St.meld. nr. 25 (2004-2005)

Om regionalpolitikken

Til innhaldsliste

3 Politiske samarbeidsorgan mellom kommunar og fylke

3.1 Allment interkommunalt samarbeid (regionråd o. l.)

Praktisk talt alle kommunar i Noreg deltar i eit breitt, interkommunalt samarbeid med nabokommunar i form av regionråd. Telemarksforsking har gjennomført fleire undersøkingar av omfanget av regionråd, og har nytta desse kriteria for at ei samarbeidsordning skal bli kalla regionråd:

  1. Det er eit politisk samarbeidsorgan mellom nabokommunar der minimum ordførarane er med.

  2. Organet har eigne vedtekter.

  3. Organet har mange slags saker som arbeidsfelt (er ikkje sektororgan).

Gjennom dei seinare åra har samarbeidet auka nokså mykje. I ei undersøking frå 1999 registrerte Telemarksforsking 52 regionråd, der ca. 75 prosent av kommunane i landet var med ( Regionråd i Norge – hvem, hva, hvor? , Telemarksforsking 2000). I 2002 hadde talet auka til 63 regionråd. I tillegg blei det registrert 17 meir eller mindre faste samarbeidskonstellasjonar, der fleire var på grensa til å kunne bli definerte som regionråd ( Vellykkede interkommunale tjenestesamarbeid, Telemarksforsking 2003).

I rapporten Nærings-analyse for Østlandet frå 2004 presenterte Telemarksforsking ein samla oversikt over 79 såkalla «politiske regionar», der alle kommunar i landet er med, jf. kartet i figur 3.1. Med politiske regionar meiner Telemarksforsking her «… klynger av kommuner som har inngått samarbeid i form av regionråd eller interkommunale næringsselskap».

Ressursinnsatsen i regionråd, og i liknande samarbeidsorgan, varierer sterkt. Mange disponerer under eitt årsverk til administrative ressursar, medan den største administrasjonen har 18 – 20 årsverk. Fleire fylkeskommunar har medverka til etablering av regionråd, mellom anna ved å gi økonomisk støtte til oppretting og drift av regionorgan og tilknytt administrasjon, eller med sekretariatsfunksjonar. Ein del fylkeskommunar deltek også i styringsorgan i regionråd.

Dei fleste regionråda har frå fem til åtte medlemskommunar, men det finst regionråd med frå to til 13 deltakande kommunar. Avgrensingane av regionane har mange fellestrekk med dei meir teoretisk baserte inndelingane av kommunar i regionar som blir nytta til analyse og statistikk, som bu- og arbeidsmarknadsregionar (NIBR 2002) og dei økonomiske regionane til SSB.

3.2 Innhaldet i samarbeidet i regionråd og i anna interkommunalt samarbeid

I undersøkinga til Telemarksforsking frå 2000 blei næringsutvikling og samferdsel nemnt oftast som dei viktigaste oppgåvene til regionråda. Deretter kom regionutvikling og deltaking i fylkesplanarbeid. I mange tilfelle var organ for interkommunalt næringssamarbeid utgangspunkt for etablering av regionråd. Den klart viktigaste grunngivinga for å opprette regionråd er at kommunane ønskjer å stå sterkare saman som region i høve til omverda. Vidare er regionråda grunngitt ut frå ønsket om å ha eit betre grunnlag for interkommunalt sakssamarbeid.

Fylkeskommunane trekkjer regionråd inn i sitt arbeid på ulike måtar, mellom anna i arbeidet med fylkesplanlegginga, og nyttar regionråda som kontaktledd mellom fylkeskommunen og primærkommunane. Ofte blir det laga strategiar og handlingsplanar eller fylkesdelplanar for regionar i fylket. I plansamanheng kan regionane i fylka også vere inndelte etter andre grenser enn grensene for regionråd, alt etter temaet. Til dømes kan dette vere aktuelt ved utarbeiding av areal- og transportplanar for større byregionar.

I tillegg til det politiske samarbeidet gjennom regionråd, finst det mange konkrete samarbeidstiltak mellom to eller fleire kommunar. Telemarksforsking har analysert dei 303 mest vellykka samarbeidstiltaka frå eit materiale dei har innhenta frå regionråda o.l. samarbeidsorgan (Vellykkede interkommunale tjenestesamarbeid, Telemarksforsking 2003). Fordelte på sektorar tilhøyrer dei fleste tiltaka ei av desse gruppene:

  • administrasjon o.a., som revisjon og innkjøp

  • vatn, avløp og renovasjon (VAR)

  • grunnskoleopplæring

  • brann- og ulykkesvern

  • tilrettelegging og bistand for næringslivet

3.3 Nytt samarbeid i Storosloregionen

Eit arbeidsutval etablert i 2003, av Oslo, Akershus, Østfold og sju regionråd, laga forslag til eit felles samarbeidsopplegg for Osloregionen. Invitasjonen til å delta i samarbeidsalliansen blei send til Akershus og Østfold fylkeskommunar og dei 46 kommunane som kjem inn under definisjonen av «Stor-Osloregionen» i storbymeldinga (St.meld. nr. 31 (2002–2003)), og dessutan Ringerike, Aremark og Rakkestad kommunar.

På ein konferanse i mai 2004 gav representantar for fylkeskommunane og dei fleste kommunane i Osloregionen tilslutning til at arbeidsutvalet skulle vidareføre arbeidet, med sikte på etablering av den strategiske alliansen 1. januar 2005. I forslag til vedtekter er det lagt opp til at også andre enn dei kommunane som er nemnde i storbymeldinga, etter søknad kan bli tatt opp som medlemmer. I desember 2004 hadde 55 kommunar meldt si interesse, i tillegg til fylka Oslo, Akershus og Østfold. Kommunane er fordelte på dei aktuelle fylka på denne måten: Østfold 18, Akershus 22, Oppland 3, Buskerud 8 og Vestfold 4.

3.4 Samarbeid mellom fylka

Det finst også fleire politiske samarbeidskonstellasjonar mellom fylkeskommunane. Kommunal- og regionaldepartementet har laga denne korte oversikta over hovudkonstellasjonane, basert på tilgjengeleg informasjon:

Landsdelsutvalet for Nord-Noreg og Nord-Trøndelag (LU)

Dette er eit regionalpolitisk organ for dei fire fylkeskommunane (Finnmark, Troms, Nordland og Nord-Trøndelag), som blei oppretta i 1970-åra. LU har eigen administrasjon og forvaltar midlar til å gjennomføre utviklingstiltak, finansiert av fylkeskommunane.

Trøndelagsrådet

Samarbeidsorganet Trøndelagsrådet, der dei to fylkeskommunane og Trondheim kommune er med, blei oppretta i 2000. Trøndelagsrådet skal arbeide med koordinering av landsdelsretta verksemd og mellom anna fremme interessene til landsdelen med utgangspunkt i den felles fylkesplanen for dei to fylka.

Vestlandsrådet

Vestlandsrådet er etablert av dei fire vestlandsfylka (Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland), med fem medlemmer frå kvart fylke, valde av og blant medlemmene i fylkestinget. Oppgåva til rådet er å utvikle Vestlandsregionen gjennom ulike felles satsingar og utviklingsprosjekt.

Agderfylka

Vest- og Aust-Agder fylkeskommunar har over lang tid hatt samarbeid over fylkesgrensene om regionale utviklingsspørsmål, både seg imellom og gjennom Agderrådet, der også kommunane deltar.

Østlandssamarbeidet

Dette er ein samarbeidsorganisasjon for dei åtte fylkeskommunane på Austlandet: Akershus, Buskerud, Hedmark, Oppland, Oslo, Telemark, Vestfold og Østfold. Samarbeidet omfattar særleg regional utvikling, med hovudvekt på samferdsel, kompetansebygging og internasjonalt arbeid.

Regionsamarbeidet Buskerud, Telemark, Vestfold (BTV)

Dette samarbeidet er knytt til eit forsøk der dei tre fylkeskommunane saman overtek oppgåver frå staten innanfor samferdsel, næringsutvikling, regional planlegging og internasjonalt engasjement. Fylkeskommunane er i denne samanhengen organiserte i eit «regionråd». Forsøket varar frå 1. januar 2004 til 31. desember 2008.

Figur 3.1 Kart over 79 regionråd eller interkommunale næringsselskap

Figur 3.1 Kart over 79 regionråd eller interkommunale næringsselskap

Kjelde: Telemarksforsking, 2004

Til forsida