St.meld. nr. 25 (2004-2005)

Om regionalpolitikken

Til innhaldsliste

3 Utviklingstrekk i norske regionar

3.1 Innleiing

I fleire ti-år har eit sentralt mål i distrikts- og regionalpolitikken vore å halde oppe hovudtrekka i busetjingsmønsteret. Målet har hatt ulikt innhald, men det er ofte blitt knytt til å halde oppe busetjinga i utkantstrøk og kommunar som har opplevd nedgang i folketalet. Utviklinga har i hovudsak gått i retning av vekst i sysselsetjing og folketal i byområda, særleg i storbyområda, og nedgang i område utanfor byområda. Dette er ein av grunnane til at Regjeringa har ønskt å fastsetje eit meir realistisk busetjingsmål, eit mål som har truverde som grunnlag for praktisk verkemiddelbruk.

Den skisserte utviklinga heng nært saman med tunge trendar i næringsstruktur, i demografi og i flyttemønster. I primærnæringane og i mange konkurranseutsette industrinæringar er sysselsetjinga blitt redusert, medan sysselsetjinga har auka i privat og offentleg tenesteyting. Særleg i storbyområda, men også i ein del mellomstore byregionar, har det vore ein sterk vekst både i nye konkurranseutsette og kompetansebaserte næringar og i bedrifter knytte til lokal tenestetyting. I småbyar og bygdeområde er nedgangen i sysselsetjinga i primærnæringane og i industrien i mindre grad blitt erstatta av ein tilsvarande auke i sysselsetjinga i nye tenestetytande næringar.

Dei vareproduserande næringane er likevel heilt sentrale for verdiskapinga i landet, både på kort og på lang sikt. Desse næringane er lokaliserte over heile landet, både i store og små byområde og på småstader. Ei positiv utvikling for landet er derfor avhengig av ei positiv utvikling også for dei ulike delane av landet.

Om vi ser utviklingstrekka i folketalet og i næringsstrukturen i samanheng, og opp mot måla om balanse i busetjing og utnytting av nærings- og verdiskapingspotensialet i alle delar av landet, er utviklinga byområda i dei ulike landsdelane viktig. Byregionar er i aukande grad viktige som motorar for regional utvikling og for den samla verdiskapinga. Det er knytt både til vekst i folketal og næringsliv i byregionen sjølv og til tilbodet av tenester for verksemder og befolkning i eit større omland. Samstundes er næringslivet i byregionane gjennom verdikjeder ofte direkte knytt til verdiskapinga i næringar i mindre sentrale område, som landbruk og fiske, og som reindrift og reiseliv basert på ressursar i utmark, kulturlandskap og nasjonalparkar i fjellområde. Gjennom til dømes reiseliv basert på kultur- og naturopplevingar og nisjeprega matvareproduksjon er rollene til desse områda i nasjonal verdiskaping i endring.

Dersom byregionar i somme landsdelar ikkje blir attraktive for busetjing og lokalisering av verksemder, vil det også over tid vere vanskeleg å halde oppe balansen i busetjinga mellom landsdelane og å utnytte ressursane i og omkring byane til verdiskaping. Det vil også svekke grunnlaget for å ta vare på mangfald i kultur, levesett og kulturlandskap i landet.

Kapitla nedanfor skal medverke til å klargjere grunnlaget for, og utfordringar knytte til, desse perspektiva. Innhaldet byggjer i stor grad på rapporten Regionenes tilstand (Østlandsforskning 2004 1 ), og på Effektutvalet og Distriktskommisjonen.

Regionar nytta som grunnlag for analyse og vurdering av innsats

I denne regionalmeldinga blir det lagt vekt på å nytte inndelingar av landet i grupper av kommunar i samanhengande, funksjonelle regionar som grunnlag for analyser av utviklingstrekk. Vi nyttar både bu- og arbeidsmarknadsregionar og økonomiske regionar, jf. boks 3.1. Dei to regioninndelingane dekkjer på ulike måtar området for daglege reiser til arbeid og tenester og anna dagleg kontakt for både personar og verksemder. Dette gir eit bilete av utviklingstrekka i nærings- og befolkningsstrukturen som ofte er meir relevant i drøftinga av utfordringar i ulike delar av landet, enn det vi får ved å nytte administrative inndelingar som kommunar og fylkeskommunar. Vi nyttar i tillegg ei inndeling av regionane etter storleik på det største senteret i regionen som skilje mellom ulike typar av regionar, for å synleggjere samanhengar mellom senterstorleik og variasjonar i utviklingstrekk.

Inndelinga av regionane i regiontypar etter storleik på det største senteret er basert på rapporten Regionenes tilstand . Vi nyttar følgjande namn på regiontypane: 2

  • Storbyregionar , har senter med over 50 000 innbyggjarar 3

  • Regionar med mellomstore byar , har senter med mellom 15 000 og 50 000 innbyggjarar

  • Småbyregionar , har senter med mellom 5 000 og 15 000 innbyggjarar

  • Småsenterregionar , har senter med mellom 1 000 og 5 000 innbyggjarar

  • Område med spreidd busetjing , har senter med under 1 000 innbyggjarar (oftast enkeltkommunar)

Kartet i figur 3.1 viser alle byar og senter, frå dei største byane med over 50 000 innbyggjarar i senteret og ned til småsenter med mellom 1 000 og 5 000 innbyggjarar.

Figur 3.1 Kart med oversikt over byar og senter med ulike storleikar,
 og ulike typar av regionar etter storleik på det største
 senteret

Figur 3.1 Kart med oversikt over byar og senter med ulike storleikar, og ulike typar av regionar etter storleik på det største senteret

Kjelde: Østlandsforskning, 2004

Boks 3.3 Inndeling i regionar

Omgrepet «region» blir her nytta som ei analyseeining for funksjonelle område ut frå bustad- og arbeidsmarknad og/eller tenester. Det blir nytta to ulike inndelingar av kommunar i regionar. Den eine inndelinga er ei inndeling i 161 bu- og arbeidsmarknadsregionar (Juvkam, NIBR 2002), den andre er ei inndeling i 89 økonomiske regionar (SSB 1999).

Bu- og arbeidsmarknadsregionar (BA-regionar, 161 stykke): Denne inndelinga er basert på data om pendling, det vil seie arbeidsreiser over kommunegrenser, supplert med vurderingar av potensiell pendling ut frå data om reiseavstandar. Ho følgjer kommunegrensene, men det er ikkje teke omsyn til fylkesgrenser. Dersom pendlinga over kommunegrensene er under eit visst nivå, blir ein kommune sett på som ein eigen «arbeidsmarknadsregion». Dette gjeld for over 50 kommunar ut frå dei aktuelle kriteria, og tydeleggjer at avstandane mellom sentra i kommunar i mange delar av landet set grenser for storleiken på dei lokale bu- og arbeidsmarknadene.

Økonomiske regionar (89 stykke): Denne inndelinga er basert på data om både pendling og handelsreiser over kommunegrenser til nærmaste større senter. Regionane blir av og til kalla arbeids-, reise- og serviceregionar (ABS-regionar), eller bu-, arbeids- og serviceregionar (BAS-regionar). Til skilnad frå inndelinga i BA-regionar følgjer dei økonomiske regionane fylkesgrensene. Det er også sett som kriterium at ein region skal bestå av minst to kommunar. Dette gjer at dei økonomiske regionane er mindre enn BA-regionane i storbyområde som kryssar fylkesgrenser, medan dei er større enn BA-regionar i perifere strøk, etter som småkommunar med store avstandar blir knytte saman eller lagde til nærmaste kommune med eit større senter.

I denne meldinga blir BA-regionar nytta i samband med presentasjonen av utviklingstrekk i folketal. Det er gjort for å få fram utviklingstrekka både i dei største samanhengande arbeidsmarknadene og i dei små kommunane som utgjer eigne, isolerte arbeidsmarknader. Når det gjeld data om næringsstruktur og næringsspesialiseringar, nyttar vi inndelinga i økonomiske regionar. Det gir ei meir tilgjengeleg oversikt, og dessutan dekkjer næringsspesialiseringar gjerne større område.

I tillegg til desse fagleg baserte inndelingane for analyseformål finn vi regiondanningar basert på samarbeid mellom kommunar. Samarbeidet kan vere organisert i form av politiske samarbeidsorgan, som regionråd , eller det kan vere samarbeid om konkrete oppgåver (sjå meir om desse regionane i Vedlegg 3).

3.2 Utviklinga i næringsstruktur i ulike typar av regionar

Frå 1990 til 2001 blei det netto skapt nesten 230 000 nye arbeidsplassar i Noreg. Samstundes har det skjedd ei omfordeling av sysselsetjinga både mellom sektorar og mellom regionar. Sysselsetjinga har auka sterkt i tenesteytande næringar, medan det har vore ein sterk nedgang i primærnæringane, jf. tabell 3.1. Ut frå fordelinga av næringsstrukturen har dette ført til at sysselsetjinga har auka mest i større byområde, og lite i regiontypar med lita befolkning. Desse utviklingstrekka kan også ha ein sjølvforsterkande tendens.

Tabell 3.1 Sysselsetjing i 2001, og utviklinga frå 1990, ut frå ei tredeling av næringane og fordelt på økonomiske regionar etter senterstorleik (dei to minste kategoriane av regiontypar er her slått saman)

RegiontyparSysselsette etter næring, absolutte talSysselsette etter næring, prosentRelativ endring 1990–2001
  TotaltPrimærSekundærTertiærTotaltPrimærSekundærTertiærTotaltPrimærSekundærTertiær
Totalt2 077 37373 601458 4901 545 2821003,522,174,412,4-31,8-2,621,8
Storbyregionar1 059 13014 653208 260836 2171001,419,77916,6-18,7-3,624
Mellomstore byregionar510 49417 445125 122367 9271003,424,572,112,5-34,90,821,4
Småbyregionar327 40522 85881 236223 311100724,868,26,6-34,8-6,420,5
Småsenterregionar og område med spreidd busetnad180 34418 64543 872117 82710010,324,365,31,2-33,5-0,311

Kjelde: Østlandsforskning, 2004

Primærnæringane sysselset ein stadig mindre del av befolkninga. Fleire av dei som arbeider med råvareuttak kan også i større grad enn før bu andre stader enn der uttaket skjer, som til dømes i fiskerinæringa. Dette får sterkast utslag i dei områda der primærnæringane utgjer den største delen av sysselsetjinga, det vil seie i område med småsenter og spreidd busetjing.

Industrien er svakare representert i storbyområda enn i dei andre områdetypane. Dette reflekterer spreiinga av vareproduserande og konkurranseutsette næringsmiljø utover landet. Sjølv om industrien samla går noko tilbake i sysselsetjing, har dei mellomstore byområda styrkt sin relative del av dei sysselsette i industrien. Dette gjeld særleg teknologiindustrien, trass i at denne og andre industrisektorar har gått igjennom omfattande effektiviseringar.

Det tradisjonelle lokaliseringsmønsteret for industri i småby- og småsenterområde er pressa frå fleire kantar. Nærleik til råvarekjelder og energi er blitt mindre viktig enn tilgang på kvalifisert arbeidskraft og nærleik til kompetansemiljø, marknader og transportårer. Samstundes er konkurransen frå land med lågare kostnadsnivå blitt hardare, og produksjon blir flytta ut. Meir kompetansetunge administrasjons- og utviklingsfunksjonar blir relokaliserte til område med større kompetansemiljø, som vi typisk finn i storbyområde. Det same skjer ofte med ny industriaktivitet som er mindre stadbunden, til dømes på felta IKT og bioteknologi. Også tenester og funksjonar som tidlegare var ivaretatt av produksjonsbedriftene, men som i dag er blitt flytta, selde eller er blitt konkurranseutsette, er ofte blitt omlokaliserte til byregionar.

Ein stadig større del av befolkninga arbeider innanfor privat og offentleg tenestetyting . Veksten er størst i byområde, og aukar med storleiken på sentra. Det gjeld særleg hovudstadsregionen og landsdelsentra, men også fylkessentra eller andre byar med spesielle funksjonar. Dette kjem ikkje minst av at offentleg og privat administrasjon, større helse- og kulturinstitusjonar, høgre utdanning, FoU og ulike typar av forretningsretta tenesteyting i stor grad blir lokaliserte til desse byområda. Den personretta offentlege og private tenesteytinga er avhengig av nærleik til befolkninga. I denne sektoren er det derfor i stor grad samsvar mellom aktivitet og busetjing.

Boks 3.4 Næringar som ikkje kjem tydeleg fram i statistikken

I statistikken for tenesteyting er ein del næringar vanskelege å få auge på, ettersom dei er sette saman av fleire andre kategoriar i statistikken. Det gjeld til dømes reiseliv og næringar baserte på kultur eller kulturminne. Reiseliv har lenge vore oppfatta som ein viktig del av verdiskapinga. I Konjunkturbarometer for Nord-Noreg frå 2004 går det fram at sysselsetjinga knytt til reiselivet i landsdelen er like stor som sysselsetjinga i primærnæringane.

Utrekningar i Noreg og i andre land viser også at ulike kulturuttrykk og kulturminne er viktige kjelder for sysselsetjinga og verdiskapinga i vestlege land, ofte som ein sentral del av grunnlaget for reiselivet. I St.meld. nr. 16 (2004–2005 Leve med kulturminner , blir det peika på at berre 6–10 pst. av det daglege forbruket til dei som besøkjer eit kulturminne, er knytt til tenester som blir ytte direkte i samband med kulturminnet. Resten av pengeforbruket skjer i lokalsamfunna i nærleiken av kulturminna.

På oppdrag frå Nærings- og handelsdepartementet har Østlandsforskning kartlagt kulturnæringane i Noreg, jf. ØF-rapport nr. 10/2004. Østlandsforskning kom fram til at kulturnæringane sin del av den totale sysselsetjinga og av BNP i Noreg er på om lag 3,5 pst. Det vil seie at kulturnæringane sysselsette om lag 76 000 personar i Noreg i 2002.

Kommuneøkonomien og personretta overføringar er viktige delar av den lokale økonomien

Både den kommunale sektoren og personretta overføringar til eldre og andre trygda utgjer stabiliserande element i den lokale økonomien, gjennom indirekte og direkte verknader for sysselsetjinga i offentleg og privat tenestetytande sektor. I rapporten frå Effektutvalet (NOU 2004: 2) blir det vist til at dei personretta overføringane og overføringane gjennom det kommunale inntektssystemet har auka med høvesvis 155 prosent og 120 prosent sidan 1978, korrigert for prisvekst. Til samanlikning har næringsoverføringane i same periode blitt redusert med over 30 prosent. I område med næringar i tilbakegang får statlege overføringar til personar og kommunar stadig meir å seie for lokaløkonomien. Effektutvalet peikar på at dette i realiteten er nasjonale oppgåver som blir løyst. Samstundes blir område som har ein relativt stor del av økonomien knytt til slike overføringar, meir avhengige av politiske avgjerder og endringar i demografi, enn område som har vekst i privat sysselsetjing.

Vekst knytt til lokale marknader eller til konkurranseutsette næringar

I takt med velstandsauken vil vi få ein vidare vekst i produksjon av varer og tenester for lokale marknader. Denne veksten vil samla sett vere større i folkerike enn i mindre folkerike område. Store marknader er attraktive og trekkjer til seg nye tenestetilbod og arbeidsplassar, noko som igjen fører til meir utbygging av infrastruktur, bustader osv. Veksten blir langt på veg sjølvforsterkande, og han kan bli forsterka ved at slike område trekkjer til seg fleire personar med relativt høge lønner enn mindre folkerike område.

Verdiskaping og vekstkraft knytt til produksjon av varer og tenester for marknader utanfor den lokale marknaden er i større grad basert på utnytting av regionale fortrinn knytte til råvarer og lokale næringsmiljø. Veksten kan kome i tradisjonelle, vareproduserande næringar eller i «nye» næringar innanfor forretningsmessig tenesteyting, massemedium eller kultur. Med tanke på framtidige inntekter for landet er det særleg viktig at potensialet i eksportretta verksemd blir teke ut. Ein viktig del av ein differensiert regionalpolitikk vil derfor vere å medverke til å utvikle og utnytte den regionale næringsspesialiseringa, med særleg fokus på konkurranseutsette næringar. I boks 3.3 er det vist ulike måtar å måle konkurransekraft på.

Boks 3.5 Indeks for «Konkurransedyktige regionar»

Østlandsforskning har i rapporten Regionenes tilstand målt vekstkrafta i næringslivet i økonomiske regionar på to ulike måtar, basert på data om endring i sysselsetjing:

  • Struktureffekt. Med utgangspunkt i eit utval av næringar med vekst og næringar med nedgang i sysselsetjinga i landet, har Østlandsforsking berekna kor mange i ein region som er sysselsette i vekst- eller nedgangsnæringar i høve til landsgjennomsnittet for dei aktuelle næringane. Relativt mange sysselsette i vekstnæringar gir ein gunstig struktureffekt, medan relativt mange sysselsette i næringar med nedgang gir ein ugunstig struktureffekt.

  • Dynamisk effekt. Den andre måten å måle vekstkrafta i næringslivet på er å vurdere utviklinga i sysselsetjinga i enkeltnæringar, både innanfor næringar i vekst og næringar i nedgang. Brukt på regionar kan vi sjå om bedriftene i ei næring i ein region til saman har ei utvikling i sysselsetjing som er betre enn landsgjennomsnittet, og dermed om regionen er meir konkurransedyktig enn andre regionar.

Bruk av sysselsetjing som indikator må gjerast med varsemd. Isolert sett seier endringar i sysselsetjinga i ei bedrift ikkje noko om vekstkrafta eller om endringa i verdiskaping i den bedrifta. Tvert imot kan ein reduksjon i sysselsetjinga bidra til vekst i omsetninga og i den samla verdiskapinga. Dette vil vere typisk for bedrifter knytte til primær- og sekundærnæringar som opplever konkurranse og krav om effektivisering. Desse næringane er ofte dominerande utanfor dei større byområda. Vekstnæringane målt i sysselsetjing er derimot typiske bynæringar. Dermed vil val av «vekst»– og «nedgangsnæringar» gjere at byområde oftast kjem betre ut enn mindre folkerike område i «struktureffekten», utan at det kjem fram at veksten i «nye» næringar i byområda også kan vere av avhengige av ei positiv utvikling i andre typar av regionar.

Det mest interessante med denne metoden kan derfor seiast å vere den «dynamiske» effekten, det vil seie korleis ein region greier seg i høve til landsgjennomsnittet. Østlandsforskning finn ut, ikkje uventa, at det nesten berre er dei seks landsdelhovudstadane som har ein gunstig næringssamansetning, eller «struktureffekt». Mange andre regionar har likevel ei sterk positiv «dynamisk» effekt, sjølv om næringsstrukturen er «negativ» ut frå dei valde indikatorane. Det gjeld fleire mellomstore byregionar, som Arendal, Haugesund, Ålesund og Molde. Det gjeld også det vi her kallar småbyregionar, som Førde, Søre Sunnmøre, Orkanger og Alta, og småsenterregionar som Oppdal og Nord-Troms. På den andre sida har ein del regionar med næringar i tilbakegang også ein svak «dynamisk» effekt. Det gjeld gjerne tradisjonelle primærnærings- eller industriområde, der det kan vere ei vanskeleg utfordring å få til nyetableringar innanfor nye eller etablerte næringar. Samstundes kan desse tala også tilsløre effektivisering og auka produktivitet i bedrifter som reduserer talet på sysselsette.

Østlandsforskning har laga ein samleindeks for ti indikatorar som dekkjer både struktureffektar og dynamiske effektar i endringar i næringsstruktur, og har rangert dei 89 økonomiske regionane i landet etter denne indeksen. Indikatorane og kart med resultatet av rangeringa går fram av Vedlegg 1.

3.3 Forsking og utdanning – viktige drivkrefter og rammer for regional utvikling

Høgre utdanning og regional utvikling

Noreg har ei relativt høgt utdanna befolkning i høve til andre land. I 2003 hadde 23 prosent av befolkninga høgre utdanning. Det er ei dobling på 20 år. Ei undersøking frå NIFU (2004) viser at fordelinga av personar med høgre utdanning er svært skeiv. I 2002 hadde 37,7 prosent av befolkninga i Oslo høgre utdanning, mot 17 prosent av befolkninga i Hedmark, Oppland og Nordland. Talet er særleg høgt i universitetsbyane og høgskolesentera og i nokre spesialiserte næringsområde, som Kongsberg og Tønsberg. Fleire kvinner enn menn tek høgre utdanning. Det er ei av forklaringane på at vi har ei skeiv regional kjønnsfordeling.

Tabell 3.2 Dei ti økonomiske regionane med flest studentar i høve til folketalet, 2001

RegionStudentarProsent
Notodden/Bø349114,9
Ørsta/Volda258113,9
Trondheim2762513,6
Tromsø898312,3
Oslo5540210,9
Halden303010,6
Alta22519,9
Elverum35339,3
Sogndal/Årdal23358,8
Bergen282678,1

Kjelde: Østlandsforskning, 2004

Universitetsregionane har eit større utdanningstilbod og fleire studieplassar enn befolkninga skulle tilseie, og har dermed ei netto tilstrøyming av studentar. Det same gjeld for ein del mindre høgskoleregionar. Sjølv om universitetsbyane i absolutte tal tek hovuddelen av studentane, har høgskoleutbygginga også medverka til ei spreiing av studentar til større og mindre byar og bygdebyar (jf. tabell 3.2).

Effektutvalet viser også til at ei relativt spreidd lokalisering av utdanningsinstitusjonane i landet har hatt ein positiv verknad når det gjeld tilføring av kompetanse til offentleg og privat verksemd i ulike delar av landet. Biletet er med andre ord todelt: Ein aukande del av befolkninga tek høgre utdanning, og dei største byane får ein større del av denne gruppa på grunn av endringar i næringsstrukturen. Samstundes er tilgangen på høgre utdanna personar blitt betre også i småbyområde og små kommunar, mellom anna på grunn av høgskoleutbyggjinga. Eit døme er utbygginga av Distriktshøgskolane i 1970 og 1980-åra. Eit anna døme er Samisk høgskole i Kautokeino som har ansvaret for tilboda av samisk førskolelærar- og allmennlærarutdanning og andre samiske utdanningar på høgre nivå.

FoU går i all hovudsak føre seg i universitetsregionane, mest i Osloregionen

Ei fylkesvis fordeling av FoU-innsatsen syner svært store regionale skilnader i lokaliseringa av aktiviteten, sjølv når vi korrigerer for folketal. Om lag 70 prosent av FoU-aktiviteten skjer i Oslo, Akershus, Hordaland og Sør-Trøndelag. Fordelt i høve til innbyggjartalet ligg Oslo og Sør-Trøndelag langt over dei andre fylka.

Dersom vi berre ser på FoU-aktivitet i universitets- og høgskolesektoren er konsentrasjonen enda sterkare. Da går over 90 prosent av forskingsmidlane til universiteta og dei vitskaplege høgskolane, medan dei regionale forskingsmiljøa i 14 andre fylke deler på dei resterande 10 prosent. Den same konsentrasjonen finn vi i instituttsektoren, om enn ikkje så sterk. Forskinga i regi av næringslivet er litt meir fordelt utover landet, men også her er om lag halvparten av aktiviteten samla i Oslo og Akershus.

Vi finn likevel spesialiserte FoU-miljø i private bedrifter i mange delar av landet. Om vi ser på FoU-utgifter i næringslivet per 1000 sysselsett i dei økonomiske regionane i 2001, kjem Kongsberg ut som den mest FoU-intensive regionen for bedriftsintern forsking, tett følgd av Bærum/Asker. Stader som Arendal og Sunndalsøra kjem også høgt opp (Østlandsforskning, 2004), jf. også fig. 3.2.

Figur 3.2 Fordelinga av forskingsaktiviteten i dei ulike økonomiske
 regionane fordelt på forsking i universitets- og høgskolesektoren,
 i forskingsinstitutt og i næringslivet, målt etter
 kroner per innbyggjar, sysselsetjing i regionen i høve
 til landsgj...

Figur 3.2 Fordelinga av forskingsaktiviteten i dei ulike økonomiske regionane fordelt på forsking i universitets- og høgskolesektoren, i forskingsinstitutt og i næringslivet, målt etter kroner per innbyggjar, sysselsetjing i regionen i høve til landsgjennomsnittet (lokaliseringskvotient, LQ) og kroner per sysselsett

Kjelde: Østlandsforskning, 2004

3.4 Infrastruktur og transport – nødvendige føresetnader for regional utvikling

Utviklinga av økonomien og næringslivet i vår tid hadde ikkje vore mogleg utan ein revolusjon i infrastrukturen. Den aukande globaliseringa er også langt på veg avhengig av ein verdsomspennande transportinfrastruktur og IKT. Hamner og sjøfart er basis for den globale tungtransporten, supplert av jernbane. Trailerar står for mykje av transporten for bedrifter som er samanvevde i eit stadig meir komplekst nettverk av leverandørar. Utan ein moderne infrastruktur basert på telekommunikasjon og informasjonsteknologi ville samspelet mellom dei økonomiske aktørane ikkje kunne ha utvikla seg slik det har. Og for arbeidstakarar og bedrifter er kollektivtilbodet eller vegnettet avgjerande for kor stort arbeids- og tenestetilbod ein kan velje frå utover det som finst i det nærmaste lokalmiljøet.

Østlandsforskning har sett saman ti indikatorar for å lage eit samlemål som viser styrken i dei økonomiske regionane i høve til transport og infrastruktur, kalla «tilgang», jf. tabell 3.3.

Tabell 3.3 Ti indikatorar for kor «tilgjengeleg» ein region er

Strukturelle aspektDynamiske aspekt
1. Infrastrukturfordel6. Kollektiv tilgang
2. Tilgang med bil7. Multimodal tilgang
3. Nettopendling8. Endring i nettopendling
4. Spesialisering i transport9. Endring i transport
5. Spesialisering i post og tele10. Endring i post og tele

Kjelde: Østlandsforskning, 2004

Ved ei rangering av dei 89 økonomiske regionane etter dei ti indikatorane kjem Osloregionen på topp. Det er ikkje uventa, ettersom ein av indikatorane nettopp er tilgjenge til hovudstaden. Osloregionen skårar også svært høgt på andre indikatorar. Deretter følgjer andre landsdelsenter og større byar på Austlandet. Bodø kjem også relativt langt opp, og før Tromsø, mellom anna på grunn av jernbanetilknytinga. Dei regionane som skårar lågt, ligg alle langt frå Oslo, men også langt frå landsdelssenter. Døme på slike regionar er Lofoten, Søre Sunnmøre, Tynset, Ørsta/Volda, Setesdal, Nord-Troms, Nordfjord, Odda og Flekkefjord. Figur 3.3 viser eit kart der poengskåre for dei 89 regionane er markert

Østlandsforskning peikar på at spørsmålet om infrastrukturen si rolle for den regionale utviklinga ikkje har eit eintydig svar. Regionar med eit svakt utgangspunkt kan ikkje i same grad som velutvikla regionar rekne med at investeringar i vegar eller flyplassar gir forsterka vekst. I folkerike regionar med gunstig næringsstruktur kan investeringar i infrastrukturen i større grad utløyse eller stimulere vekstprosessar, særleg når ein fjernar flaskehalsar som knyter saman ulike område. På den andre sida kan ei bedrift i eit utkantområde få auka konkurranse når flaskehalsar blir fjerna og området blir knytt tettare til omverda.

Østlandsforskning peikar samstundes på at forbetra infrastruktur og høgre mobilitet gagnar den regionale integrasjonen. Folk som bur i utkantane av eit folkerikt område, får større rekkjevidd og blir innlemma i regionale arbeidsmarknader. Ved å akseptere ei viss dagleg pendling kan ein bli buande på heimstaden. Nabokommunar kan og lettare samarbeide om tenestetilbod til befolkninga ved forbetra infrastruktur. Utbygging av transportinfrastruktur kan såleis bli nytta bevisst til å uvikle større og meir integrerte regionar.

Figur 3.3 Kart som viser samlemål på styrke i høve
 til transport og infrastruktur i økonomiske regionar, 2001

Figur 3.3 Kart som viser samlemål på styrke i høve til transport og infrastruktur i økonomiske regionar, 2001

Kjelde: Østlandsforskning, 2004

Potensial for å forstørre bu- og arbeidsmarknadsregionar

Transportøkonomisk institutt (TØI) har på oppdrag frå Kommunal- og regionaldepartementet sett på potensialet for å forstørre bu- og arbeidsmarknadsregionar rundt og mellom store og mindre byar med frå 5 000 til 50 000 innbyggjarar i senteret 4 . TØI har brukt fire indikatorar:

  1. Busette med ei reisetid med bil innanfor 15, 30, 45 og 60 minutt med det eksisterande vegnettet

  2. Forstørring av regionar ved å erstatte ferjer med over 40 minutt overfartstid med tunnel eller bru på same stad

  3. Oppgradering av vegnettet i same trasé som det noverande vegnettet til motorvegstandard og ny gjennomsnittsfart til minimum 70 km i timen, kombinert med avvikling av ferjesamband

  4. Fullstendig ombygging av vegnettet, der alle vegsamband går i rett linje inn til regionhovudsenteret (luftlinje), i tillegg til tiltak som er nemnde under indikatorane 2 og 3.

Innanfor eit omland der reisetida er på mellom 45 og 60 minutt frå eit senter, kjem dei største effektane av regionforstørring i Møre og Romsdal, på grunn av alle ferjesambanda. Tidlegare undersøkingar har vist at hovuddelen av arbeids- og handlereiser varar under 45 minutt (Engebretsen 2002). Innanfor kortare avstandar frå regionsenteret kjem dei største effektane for enkelte BA-regionar på Austlandet og Sørlandet. Dette er område med ein kombinasjon av relativt låg standard på vegnettet og mange busette i omlandet.

Sjølv om vi kan forvente størst auke i det samla talet på reiser på dei kortaste strekningane, er likevel også «yttergrensene» for daglege arbeidsreiser innanfor eit større omland av interesse. Dei er viktige både for personar og bedrifter med spesielle behov og ønske, som til dømes for ektepar der begge har høgre utdanning og bedrifter med behov for spesialisert arbeidskraft.

3.5 Busetnadsmønster og demografi

Noreg er eit stort land i utstrekning, men har eit lågt folketal. Sett i høve til andre land har busetnadsmønsteret i Noreg vore relativt stabilt sett over tid. Samstundes finn vi skilnader i utviklingstrekk i ulike regiontypar og landsdelar.

Samanlikna med Sverige og Finland har vi ein relativt stor grad av busetnad i alle delar av landet. Busetnaden i nabolanda våre er i større grad samla i sør. Kartet i figur 3.4 viser også at utviklinga i busetjinga og i demografiske faktorar har eit meir variert geografisk mønster i Noreg enn i Sverige og Finland.

Figur 3.4 Befolkningsutvikling etter årsak til vekst eller fall
 i folketalet i bu- og arbeidsmarknadsregionar, Norden, 1992–2002

Figur 3.4 Befolkningsutvikling etter årsak til vekst eller fall i folketalet i bu- og arbeidsmarknadsregionar, Norden, 1992–2002

Kjelde: Nordregio

3.5.1 Utvikling i folketalet i ulike typar av regionar og i ulike landsdelar

Endringar i busetnadsmønsteret skjer relativt sakte, men utviklinga i folketalet i 1990-åra viser to markante trekk (jf. tabell 3.4):

  • Nord-Noreg og det indre Austlandet (Innlandet) hadde svært svak vekst, og i delar av perioden var det ein nedgang i folketalet.

  • Det sentrale Austlandet, inkludert Osloregionen, hadde nesten dobbelt så stor vekst i folketalet som landsgjennomsnittet.

I SSB si framskriving av folketalet fram til 2020, der det samla folketalet er berekna å auke med 10 prosent, er denne tendensen vidareført. Innlandet og Nord-Noreg får redusert sine delar av det samla folketalet, medan det sentrale Austlandet får auka sin del. Likevel er det berre i alternativet med høg flytting at Nord-Noreg, som den einaste landsdelen, får ein nedgang i folketal. 5

Tabell 3.4 Utviklinga i folketalet i ulike typar av bu- og arbeidsmarknadsregionar i sju landsdelar etter storleiken på det største senteret, i absolutte tal og i prosent, 1990–2003

 StorbyregionarRegionar med mellomstore byarSmåby-regionarSmåsenter- regionarOmråde med spreidd busetnadSum landsdel
Østviken119801980769358051314593
Andel 200326,21,80,828,7
Vekst 1990–200313,98,86,713,4
Innlandet18841176836718574889341993
Andel 20034,11,71,60,17,5
Vekst 1990–20033,1-0,5-5,8-6,40,2
Vestviken266938220059778193189811692608406
Andel 20035,84,81,70,70,313,3
Vekst 1990–20036,510,73,4-2,8-6,16,8
Sørlandet1192017253535896308328142266606
Andel 20032,61,60,80,70,25,8
Vekst 1990–200312,97,44,81,74,38,6
Vestlandet613840254588155897125250303581179933
Andel 200313,45,63,42,70,725,8
Vekst 1990–200314,46,33,8-3,3-5,08,5
Trøndelag2301111009765436317581403031
Andel 20035,02,21,20,48,8
Vekst 1990–200310,80,0-1,3-9,35,2
Nord-Norge6430310654910330314211246628462895
Andel 20031,42,32,33,11,010,1
Vekst 1990–200319,05,4-1,3-3,5-13,30,5
Norge24924129229115865324563121192904577457
Andel 200354,420,212,810,02,6100,0
Vekst 1990–200313,06,81,8-3,2-8,77,7

Kjelde: Østlandsforskning, 2004

Endringane i busetjingsmønsteret går i retning av bysamfunn. I 2003 budde omlag 87 prosent av befolkninga i det vi kan kalle byregionar. I 1980 var tilsvarande tal ca. 85 prosent. Utviklinga går altså relativt sakte. Endringane sidan 1980 kom særleg i 1990-åra. Det er berre storbyområda som har auka sin relative del av folketalet. (Sjå også Vedlegg 1 om utviklinga i folketalet i alle BA-regionane i perioden 1990–2003.)

Det er sjølvsagt variasjonar innanfor desse gjennomsnittstala. Hovudtendensen er likevel at vi finn ein samanheng mellom storleiken på senteret i eit område og veksten i folketalet. Data frå Sverige syner tilsvarande tendensar til ein samanheng mellom storleiken på arbeidsmarknadsområda og veksten i folketalet. Bak desse utviklingstrekka ligg endringar i næringsstrukturen og sjølvforsterkande vekstprosessar i dei større byområda, og at innvandrarar ofte busett seg i byområda. I område med småsentra og spreidd busetnad medverkar derimot fleire demografiske trekk til at vi får nedgang i folketal, nesten uavhengig av kva som måtte skje med andre faktorar.

Innanfor hovudtendensen finn vi relativt store skilnader i utviklinga mellom tilsynelatande like typar av regionar. Fleire småbyregionar, som Narvik, Sandnessjøen, Steinkjer og Kongsvinger, har hatt stagnasjon eller tilbakegang i folketal, medan til dømes Førde, Mandal og Alta har hatt sterk vekst. Ein del kommunar med små senter hadde ein nedgang i folketalet på over 20 prosent i perioden, medan andre i den same kategorien hadde vekst. Forklaringa på desse skilnadene finn vi ofte i ein kombinasjon av regionale funksjonar, næringsstruktur og demografi.

3.5.2 Demografi, flytting og livskraftige regionar

Ei tilsynelatande opplagt forklaring på endringar i folketalet i eit område er at det heng saman med flytting, og dermed av kvar folk ønskjer å bu. Det er ein sentral dimensjon, men det er óg fleire andre faktorar bak endringane i folketal.

  • Alder : Dess yngre ein befolkning er, dess større er potensialet for vekst. Tendensen er at storbyområda, som einaste regiontype, har fått fleire yngre som del av folketalet, og dermed ein reduksjon i prosentdelen eldre.

  • Fødselsoverskot : Tidlegare hadde mindre sentrale strøk eit større fødselsoverskot enn byane, men dette har jamna seg ut i dei siste åra. Talet på fødde per 1000 innbyggjarar i landet har også gått ned generelt, frå 3,6 i 1990 til 2,4 i 2002. Forskjellar i aldersstruktur er ei viktig årsak til forskjellar i fødselsoverskot. Storbyområda er den einaste regiontypen med fødselsoverskot over landsgjennomsnittet. Andre byområde ligg på landsgjennomsnittet, medan småsenterregionar og område med spreidd busetjing har fødselsunderskot. Det sentrale Austlandet har fått auka fødselsoverskotet i perioden, og har gått forbi Vestlandet i dei siste åra. Det indre Austlandet (Innlandet) har hatt fødselsunderskot i heile den siste tiårsperioden, medan fødselsoverskotet i Nord-Noreg har gått raskt nedover. Frå 2000 har det lege under landsgjennomsnittet.

  • Kjønnsbalanse: Prosentdelen kvinner er høg i større byområde. Som vi skal sjå nedanfor, flyttar kvinner tidlegare i livet enn menn. Før flytta også fleire kvinner enn menn frå mindre sentrale strøk til meir sentrale strøk, men det har jamna seg ut. Samstundes flyttar fleire kvinner enn menn tilbake til regionsenteret i området dei kjem ifrå.

Sjølv om dei demografiske faktorane er viktige, står vi likevel tilbake med flytting, eller rettare sagt nettoflytting, som ein sentral faktor for utviklinga i folketalet. Den mest omfattande flytteprosessen står innvandrarane for. Dei utgjer ein stor del av folkeauken i landet. I 2002 voks folketalet med netto 28 000 innbyggjarar, og av dette stod innvandringa for over halvparten.

Innvandrarbefolkninga har ein vesentleg yngre aldersstruktur enn landsgjennomsnittet. Storbyane, og særleg Oslo, hadde den største delen (ca. 65 prosent) av innvandrarbefolkninga i 2002. Storbyane har også størst del av innvandrarbefolkning i høve til det samla folketalet, med ca. 10 prosent i snitt. I dei andre regiontypane varierer talet mellom 3 og 5 prosent i gjennomsnitt.

I tillegg flyttar nordmenn oftare enn dei fleste europearar. Mange unge dreg frå småbyar og bygder til større senter for å ta utdanning og skaffe seg arbeid, men dei flyttar også mellom kommunar i sin eigen «nærregion». Mange unge vaksne flyttar også heim eller til nabokommunar etter avslutta utdanning. Det er summen av slike flytteprosessar som gir pluss og minus i flytterekneskapen for ein kommune eller ein bu- og arbeidsmarknadsregion.

Boks 3.6 Om innvandrargruppa

Ved inngangen til 2004 utgjorde innvandrarbefolkninga i Noreg 349 000 personar. Innvandrarbefolkninga omfattar både førstegenerasjons innvandrarar og personar fødde i Noreg av to utanlandsfødde foreldre. Av desse har i overkant av 70 prosent ikkje-vestleg bakgrunn. Det er stor forskjell på kor stor del av den totale befolkninga innvandrarbefolkninga utgjer i dei ulike fylka. I 2003 varierte det frå nesten 20 prosent i Oslo til 2,5 prosent i Nord-Trøndelag. Oslo og Akershus hadde samla sett om lag 45 prosent av innvandrarbefolkninga. Personar med bakgrunn frå arbeidsinnvandrarland er i mykje større grad busette i Oslo enn personar med bakgrunn frå typiske flyktningland.

Sidan byrjinga av 1990-åra har det vore eit prinsipp at flyktningar skal busetje seg over heile landet. Prinsippet har mellom anna gitt som resultat at det no bur fleire innvandrarpersonar med ikkje-vestleg bakgrunn enn innvandrarar med vestleg bakgrunn i alle fylka i landet. Den største konsentrasjonen av innvandrarbefolkninga finn vi i og nær hovudstaden, rundt landsdelssentra og større byområde elles i landet og i nokre enkeltkommunar som ligg eit godt stykke unna større byar. Båtsfjord kommune er eit eksempel på den siste typen. Denne kommunen hadde ved inngangen til 2003 ein innvandrarbefolkning på 16 prosent. Også Fjaler i Sunnfjord og Vardø kom nær 10 prosent.

I dei aktuelle kommunane i Finnmark vil nok talet på innvandrarbefolkninga variere ein del med tilhøva i fiskeindustrien. Finnmark var lenge kjent for å sysselsetje mange flyktningar (særlig frå Sri Lanka) i fiskeindustrien. Dette har endra seg i dei siste åra. Finnmark har ein mindre del med ikkje-vestleg bakgrunn i si innvandrarbefolkning enn andre delar av landet, både som følgje av utflytting til resten av landet og fordi fleire av innvandrarane kjem frå Finland. Samstundes har Finnmark nesten like mange innvandrarar frå Russland som Oslo.

Analysar av kull fødde i Noreg i perioden 1955–64 (Sørlie), viser dette busetjingsmønsteret for dei som flyttar frå oppvekstkommunen sin før dei fyller 35–40 år:

  • 45 prosent endar opp i ein meir sentral kommune

  • 35 prosent endar opp i ein kommune med same sentralitet

  • 20 prosent endar opp i ein kommune som er mindre sentral enn den dei voks opp i

Hovuddelen av flyttinga skjer i yngre alder, og minkar etter fylte 35 år. Enkelt sagt viser tala at ein større del av dei yngre vaksne buset seg i storbyar. Det sentrale Austlandet er særleg attraktivt, spesielt for kvinner. Kvinner har også ein litt større tendens enn menn til å busetje seg i små og store byområde, medan noko fleire menn buset seg i område med småsenter og spreidd busetjing. Talet på kvinner per 100 menn i alderen 20–39 år viser også ei dalande kurve frå storbyar, der talet er nesten likt, til dei minst folkerike områda, der det berre er 88 kvinner per 100 menn.

Valet av bustad for aldersgruppa fram til 35 år avgjer kvar neste generasjon veks opp, for dei meir permanente bustadvala er ofte knytte til etableringar av familie. Dersom ein ønskjer å påverke flytte- og busetjingsmønsteret blir det dermed viktig å påverke busetjingsønska i denne aldersgruppa, spesielt busetjingsønska til kvinner.

Østlandsforskning har laga ein samleindeks for ti demografiske indikatorar. I Vedlegg 1 er indikatorane presenterte saman med eit kart der dei 161 bu- og arbeidsmarknadsregionane er rangerte etter denne indeksen.

3.6 Regionale særtrekk – senterstruktur, busetnadsmønster og næringsspesialiseringar

I dette delkapitlet presenterer vi utviklingstrekk og særpreg i senterstruktur, busetnadsmønster og næringsspesialiseringar i ulike delar av landet, basert på rapporten Regionenes tilstand (Østlandsforskning, 2004). Gjennomgangen er knytt til følgjande faktorar:

  • Senterstruktur og busetnadsmønster : Dette er ein kortfatta presentasjon av bystrukturen og korleis busetnaden er fordelt på regiontypar av ulike storleik.

  • Utvikling i folketal i kohorten 1957–59 : Netto tap eller gevinst for flyttinga til denne aldersgruppa i perioden mellom fylte 15 og 35 år, fordelt på kjønn, er nytta som ein indikator for utviklinga i folketalet i dei ulike regiontypane, da denne aldersgruppa er viktig for komande utvikling i folketal.

  • Næringsspesialiseringar : Dette er ein kortfatta presentasjon av kva næringsspesialiseringar som dominerer i dei økonomiske regionane i landsdelane. Det er lagt vekt på å få fram næringar utover lokal offentleg og privat tenesteproduksjon. «Næringsspesialisering» blir målt ved bruk av lokaliseringskvotient (LQ), det vil seie overrepresentasjon av sysselsetjing i ein næringssektor i ein region i høve til landsgjennomsnittet.

Figur 3.5 Næringsspesialiseringar i dei økonomiske
 regionane i Nord-Noreg

Figur 3.5 Næringsspesialiseringar i dei økonomiske regionane i Nord-Noreg

Kjelde: Østlandsforskning, 2004

Innimellom presentasjonane er det lagt inn fleire kart og tabellar frå rapporten Regionenes tilstand som viser i kva regionar ein del enkeltnæringar er overrepresenterte i sysselsetjinga i høve til landsgjennomsnittet.

I rapporten Regionenes tilstand er næringsspesialiseringane i alle dei økonomiske regionane presenterte i kart, fordelt på sju landsdelar. Nedanfor er oversikten over næringsspesialiseringar i dei økonomiske regionane i Nord-Noreg presenterte. Dei tilsvarande oversiktene for andre delar av landet finst i rapporten.

Nord-Noreg

Senterstruktur og busetnadsmønster

  • Byområda er relativt små i folketal. Dei to største byregionane har 64 000 (Tromsø) og 46 000 (Bodø) innbyggjarar, som utgjer om lag av folketalet i landsdelen.

  • Ein relativt stor del av befolkninga bur i småsenterområde (ca. 30 prosent) med senter med mellom 1 000 og 5 000 innbyggjarar og i spreiddbygde område med senter med under 1 000 innbyggjarar (ca. 10 prosent).

  • 37 av kommunane i Nord-Noreg dannar ikkje noko felles arbeidsmarknad med nabokommunar, og mange av desse kommunane har lågt folketal.

Landsdelen er prega av små senter og store avstandar mellom sentera. Tilhøva ligg i liten grad til rette for å knyte folkerike område nærmare saman i større arbeidsmarknader, utover det som alt er gjennomført eller planlagt. Helgelandskrysset er eit aktuelt døme på regionforstørring der utbygginga er i gang.

Utviklinga i folketalet i aldersgruppa fødd i 1957–59

Innanfor landselen hadde berre Tromsø netto innflytting, men gevinsten var langt større for menn (+21 prosent) enn for kvinner (+15 prosent). Samla hadde landsdelen eit tap på 18 prosent for kvinnene og 15 prosent for mennene. Sterk vekst i Tromsø er altså ikkje nok for å halde oppe nivået på yngre vaksne i landsdelen, og flyttevillige kvinner frå Nord-Noreg dreg lenger enn til Tromsø.

Næringsspesialiseringar

  • Landsdelen er prega av spesialiseringar i fiskerisektoren. Av dei 18 nordnorske økonomiske regionane var i 2001 13 spesialiserte i fiskeoppdrett, 10 i fiske og fangst og 9 i fiskeforedling.

  • Sysselsetjinga både i teknologiindustrien og i annan industri gjekk i 1990-åra meir ned i Nord-Noreg enn i andre landsdelar.

  • Hotell- og restaurantsektoren hadde nullvekst i sysselsetjinga i 1990-åra i Nord-Noreg, medan resten av landet hadde ein vekst på over 20 prosent.

  • I forretningsretta tenesteyting og FoU var det liten forskjell i veksten i sysselsetjinga i Nord-Noreg og i landet som heilskap. Det vil i praksis seie at byregionane fekk ein vekst i denne sektoren på linje med større byar i andre landsdelar.

  • I åtte av regionane er innanriks sjøfart ei spesialisering, medan jordbruk er ei spesialisering sør i Helgeland.

Figur 3.6 Dei økonomiske regionane rangert etter største
 spesialisering i tre fiskerisektorar

Figur 3.6 Dei økonomiske regionane rangert etter største spesialisering i tre fiskerisektorar

Kjelde: Østlandsforskning, 2004

Tabell 3.5 Dei ti økonomiske regionane med størst spesialisering i tre fiskerisektorar, 2002

Fisk og fangstSysselsetteLQ 2002FiskeoppdrettSysselsetteLQ 2002FiskeforedlingSysselsetteLQ 2002
Lofoten121220,8Frøya/Hitra17320,5Frøya/Hitra85438,1
Ulsteinvik79311,8Sandnessjøen20114,1Vadsø63614,7
Vesterålen92211,6Nord-Troms13713,7Rørvik32713,1
Hammerfest72210,8Brekstad15110,9Lofoten72812,5
Nord-Troms28210,6Rørvik10210,9Sandnessjøen43911,6
Finnsnes4329,1Høyanger889,1Nord-Troms2368,9
Frøya/Hitra1868,3Alta1969Nordfjord6888,6
Vadsø3478Florø1278,2Hammerfest5688,5
Rørvik1927,7Finnsnes1257Finnsnes3888,2
Sandnessjøen2857,5Kristiansund2036,5Vesterålen6348
Ti fiskeregionar5373 Ti oppdrettsregionar1503 Ti fiskematregionar5498 
Noreg129201Noreg48611Noreg129191

Kjelde: Østlandsforskning, 2004

Trøndelag

Senterstruktur og busetnadsmønster

  • Trondheimsregionen dominerer, med over halvdelen av befolkninga i dei to Trøndelagsfylka (230 000 innbyggjarar).

  • Fylka har ingen mellomstore byar. Ein fjerdedel av befolkninga bur i dei fire småbyregionane i fylka, som har sentra med mellom 5 000 og 15 000 innbyggjarar.

Om lag av befolkninga i Trøndelag er busett i nærleiken av aksen Orkdal – Trondheim – Steinkjer. Denne bykorridoren blir knytt stadig tettare saman gjennom utviklinga av infrastrukturen, spesielt når det gjeld vegar og jernbane.

Utviklinga i folketalet i aldersgruppa fødd i 1957–59

Berre storbyområdet Trondheimsregionen hadde gevinst i flyttinga til denne aldersgruppa i landsdelen, med litt større gevinst for menn enn for kvinner. Samla hadde landsdelen eit tap på 4 prosent for menn og 6 prosent for kvinner. Trondheim greier såleis ikkje å vege opp for utviklinga i dei mindre folkerike delane av fylket. Fleire kvinner enn menn dreg vidare, som i Nord-Noreg.

Næringsspesialiseringar

  • I 9 av 12 økonomiske regionar utgjer jordbruket ein større del av sysselsetjinga enn landsgjennomsnittet skulle tilseie, og i kystområda er fiske og havbruk viktige spesialiseringar. I tillegg er næringsmiddelindustrien relativt stor i Trondheim. Ressursar frå jorda og havet er derfor viktige i store delar av fylka.

  • Andre ressursbaserte næringar, som trelast og treforedling, er overrepresenterte som sysselsetjingsfaktor i halvparten av regionane. I 2001 finn vi også ein overrepresentasjon av skipsbygging og oljeinstallasjonar i sysselsetjinga i to økonomiske regionar.

  • Sysselsetjinga i teknologiindustrien var i 2002 relativt sett mindre i Trøndelag enn til dømes på Vestlandet og Sørlandet. I 1990-åra fall sysselsetjinga i Trøndelag i denne delen av industrien, medan ho auka til dømes på Vestlandet.

Figur 3.7 Dei økonomiske regionane rangert etter størst
 spesialisering i to landbrukssektorar

Figur 3.7 Dei økonomiske regionane rangert etter størst spesialisering i to landbrukssektorar

Kjelde: Østlandsforskning, 2004

Tabell 3.6 Dei ti økonomiske regionane med størst spesialisering i to landbrukssektorar, 2002

JordbruksregionarSysselsetteLQMatregionarSysselsetteLQ
Oppdal7656,6Fredrikstad/Sarpsborg29393
Tynset12156,4Hamar17962,9
Nord-Gudbrandsdal14145,8Jæren7412,6
Jæren25255,3Tynset2872,5
Midt-Gudbrandsdal8125Askim/Mysen6462,4
Surnadal5684,9Nordfjord4862,1
Grong3024,5Tønsberg/Horten17732,1
Brekstad7684,5Oppdal1422
Steinkjer18724,4Egersund2621,7
Brønnøysund6464,4Levanger/Verdalsøra4051,7
Ti jordbruksregionar10877 Ti matregionar9477 
Noreg60 6951Noreg371961

Kjelde: Østlandsforskning, 2004

Vestlandet

Senterstruktur og busetnadsmønster

  • Dei to storbyområda Bergen og Stavanger/Sandnes utgjer om lag halvdelen av folketalet på Vestlandet, med over 600 000 personar, og dannar saman med folkerike område imellom, ein stor samanhengande senterstruktur.

  • På Nordvestlandet dannar regionane med dei tre mellomstore byane Ålesund, Molde og Kristiansund kjernane i senterstrukturen, med til saman ca. 160 000 personar.

  • Sogn og Fjordane har eit busetnadsmønster prega av relativt mange busette i småsenter og i område med spreidd busetnad. Fylket har ingen mellomstore byar ut frå vår definisjon, men to småbyregionar, Førde og Florø, med om lag 20 000 og 15 000 busette i arbeidsmarknadsregionane. Det utgjer om lag 1/3 av folketalet i fylket.

Utviklinga av infrastrukturen medverkar stadig til å knyte saman dei folkerike områda mellom Bergen og Stavanger/Jæren. Også andre stader blir ulike senterområde knytte saman. Eit døme er Søre Sunnmøre og Ørsta/Volda.

Utviklinga i folketalet i aldersgruppa fødd i 1957–59

Også på Vestlandet er det storbyane som får all gevinsten av flyttinga til denne aldersgruppa i perioden mellom 15 og 35 år. Gevinsten av kvinner var litt større enn av menn. Likevel hadde Vestlandet eit samla tap i aldersgruppa, og eit svært stort tap av kvinner i høve til menn (15 prosent mot 4 prosent). Heller ikkje her fangar storbyane opp all flyttinga til unge vaksne, og særleg kvinnene flyttar vidare.

Næringsspesialiseringar

  • Vestlandet er dominerande i landet innanfor olje- og gassproduksjon. Den største effekten på sysselsetjinga finn vi i utstyrsproduksjonen, der skipsindustrien også er rekna med. Teknologiindustrien voks sterkt i 1990-åra (15 prosent), medan det var ein liten nedgang i denne industrigreina i resten av landet.

  • For kysten av Vestlandet er også fiske og havbruk viktige næringar. I alle regionar på kysten frå Sunnhordland og nordover, også i Bergen, finn vi overrepresentasjon av sysselsette i fiske og fiskeoppdrett.

  • Vestlandet hadde i 2002 om lag halvdelen av både sysselsetjinga og verdien knytt til foredling i mineral- og råmetallindustrien her i landet.

  • Landbruket og tekstilindustrien er overrepresenterte i over halvdelen av dei økonomiske regionane på Vestlandet. I hotell- og restaurantsektoren hadde Vestlandet ein sterkare vekst enn resten av landet i 1990-åra.

Figur 3.8 Dei økonomiske regionane rangert etter størst
 spesialisering i to teknologisektorar

Figur 3.8 Dei økonomiske regionane rangert etter størst spesialisering i to teknologisektorar

Kjelde: Østlandsforskning, 2004

Tabell 3.7 Dei ti økonomiske regionane med størst spesialisering i to teknologisektorar, 2002

MetallvareregionarSysselsetteLQMaskinind.regionarSysselsetteLQ
Risør32310,1Kongsberg179310,6
Ørsta/Volda4175,7Jæren18769,9
Moss10455,2Rjukan1815,8
Ulsteinvik5435,1Risør1313,5
Odda2434,6Sande/Svelvik1313,4
Sunndalsøra1703,9Ulsteinvik3943,1
Lyngdal/Farsund2463,6Ålesund13282,9
Frøya/Hitra1273,6Sunnhordland6962,8
Jæren5223,3Gjøvik8692,6
Lillesand1102,6Stjørdalshalsen2432,5
Ti metallvareregionar3746 Ti maskinvareregionar7642 
Noreg203681Noreg241841

Kjelde: Østlandsforskning, 2004

Sørlandet

Senterstruktur og busetnadsmønster

  • Dei to byregionane Kristiansand og Arendal utgjer om lag av folketalet på Sørlandet. Det er ca. 120 000 og ca. 73 000 busette i desse bu- og arbeidsmarknadsregionane. Mellom og omkring desse byregionane ligg fleire småbyar og småsenter, og saman med dei større byområda dannar dei ein samanhengande senterstruktur langs kysten.

  • Innlandet på Sørlandet er prega av område med spreidd busetnad og lågt folketal. Desse områda skil seg frå andre spreiddbygde område i landet ved at dei hadde vekst i folketalet i 1990-åra.

Kysten av Sørlandet er prega av overlappande arbeidsmarknader mellom større og mindre byområde. Utviklinga av vegsystemet langs kysten legg til rette for ein stadig sterkare integrasjon av bu- og arbeidsmarknader i dette bybeltet. For områda innover i landet blir avstandande store, noko som gjer det vanskeleg å knyte dei saman med meir folekrike område.

Utviklinga i folketalet i aldersgruppa fødd i 1957–59

Arendal fanga i større grad opp flyttinga til dei unge vaksne i denne aldersgruppa fram til fylte 35 år enn storbyen Kristiansand. Småbyane og dei indre delane av Agder tapte i «kampen» om aldersgruppa, men ikkje på langt nær så mykje som tilsvarande regionar på Vestlandet, i Trøndelag og i Nord-Noreg. Samla tapte landsdelen berre litt av flyttinga til denne gruppa, og det er ingen kjønnsskilnad.

Næringsspesialiseringar

  • På Sørlandet var det ein vekst i sysselsetjinga i teknologibransjane på over 25 prosent i 1990-åra. Til samanlikning hadde Vestlandet ein vekst på 15 prosent, medan sysselsetjinga i sektoren gjekk ned med 1,7 prosent på landsbasis.

  • Småbyregionane vest for Kristiansand hadde i 2002 ein stor overrepresentasjon av sysselsette i jern- og stålindustri, råmetallindustri og kjemisk-teknisk industri.

  • Landsdelen har hatt ein større vekst i forretningsretta tenesteyting enn resten av landet. Shipping er ei av desse næringane.

  • I hotell- og restaurantsektoren hadde Sørlandet ein sterkare vekst enn landsgjennomsnittet i 1990-åra, om lag på linje med Vestlandet.

  • Fleire regionar i innlandet på Sørlandet har ein overrepresentasjon av sysselsette i jord- og skogbruk og trefordeling. Sysselsetjinga i bygg og anlegg og i kraftproduksjon voks meir på Sørlandet enn i resten av landet i 1990-åra.

Figur 3.9 Dei økonomiske regionane rangert etter størst
 spesialisering i grafiske næringar, forsking og forretningsretta
 tenesteyting

Figur 3.9 Dei økonomiske regionane rangert etter størst spesialisering i grafiske næringar, forsking og forretningsretta tenesteyting

Kjelde: Østlandsforskning, 2004

Tabell 3.8 Dei ti økonomiske regionane med størst spesialisering i grafiske næringar, forsking og forretningsretta tenesteyting, 2002

Grafiske regionarSysselsetteLQForskingsregionarSysselsetteLQForretningsretta tenesteytingSysselsetteLQ
Oslo125782,3Halden2684,1Bærum/Asker159992,1
Askim/Mysen5082,3Trondheim21323,9Oslo681351,9
Lillestrøm11721,3Follo5923Stavanger/Sandnes121921,2
Kragerø1001,3Lillestrøm8062,4Trondheim107051,1
Sunndalsøra761,1Tromsø4412,1Follo35841,1
Stavanger/Sandnes17011Oslo36831,8Mo i Rana12591
Mo i Rana1961Sogndal/Årdal1241,8Bergen154911
Halden1731Kirkenes371,7Kristiansand41210,9
Elverum2231Bergen14781,6Tønsberg/Horten41110,9
Orkanger1221Sunndalsøra411,6Sandefjord/Larvik29050,9
Ti grafiske regionar16849 Ti forskingsregionar9602 Forretningsretta tenesteyting138592 
Noreg309121Noreg116541Noreg2002651

Kjelde: Østlandsforskning, 2004

Austlandet

Senterstruktur og busetnadsmønster

  • Byregionane rundt Oslofjorden dannar eit stort og samanhengande byband med om lag 1,8 mill. menneske. Osloregionen er det dominerande senteret i regionen, med om lag 1 mill. menneske.

  • I innlandet på Austlandet dannar dei tre mellomstore byregionane Lillehammer, Gjøvik og Hamar ein «Mjøsby» med ca. 190 000 innbyggjarar. Det utgjer over halvdelen av befolkninga i dei to fylka Oppland og Hedmark. I tillegg dannar fem mellomstore og små byregionar i innlandet knutepunkt i senterstrukturen.

  • Innlandet har også ein relativt stor del av folket busett i område med småsenter i dalføra og opp mot fjellområda i Oppland, Hedmark, Buskerud og Telemark, der fleire av bu- og arbeidsmarknadsområda er meir folkerike enn i andre delar av bygde-Noreg.

Veg- og jernbanesambandet i dei sentrale delane av denne delen av landet er i stadig utvikling, og styrkar integrasjonen mellom byområda på begge sider av Oslofjorden og innover mot Mjøsbyane og andre byar i innlandet. Samstundes utgjer den store og aukande trafikken både lokalt og gjennom Osloregionen og Østfold mot utlandet ei stor utfordring, med omsyn til kapasitet, køproblem, tryggleik og ureining. I dalføra i Oppland og Hedmark er avstandane til større senter relativt store, men også her kan utbygging av infrastrukturen nokre stader medverke til auka integrasjon mellom småsenter.

Utviklinga i folketalet i aldersgruppa fødd i 1957–59

Byområda langs Oslofjorden hadde gevinst for denne aldersgruppa ved fylte 35 år. Spesielt trakk Osloregionen til seg unge vaksne frå heile landet, og særleg yngre kvinner. Dei indre delane av Austlandet tapte i «kampen» om denne gruppa. Samla sett greier ikkje dei mellomstore byområda å fange opp tilflyttarar på same måten som byområda langs Oslofjorden. I innlandsfylka Oppland og Hedmark var tapet av kvinner dobbelt så stort som tapet av menn, og større enn i Nord-Noreg. Prosentdelen av kvinner i befolkninga er da også låg fleire stader i desse fylka.

Næringsspesialiseringar

  • Hovudstadsregionen skil seg ut frå dei andre delane av landet ved at det er flest personar sysselsette i forretningsretta tenestetyting. Det er stor overrepresentasjon av FoU-verksemder, hovudkontor i store bedrifter og private organisasjonar, konsulentverksemd, IKT-retta verksemd, grafisk produksjon, forlag og medieføretak, statleg sentraladministrasjon og statlege kulturinstitusjonar. Denne typen verksemder er i størst vekst i landet, og er attraktive for høgt utdanna personar, mellom anna på grunn av relativt god lønn. Dette gir igjen grunnlag for stor aktivitet i byggenæringa, varehandel og hotell- og restaurantbransjen. Den siste bransjen har hatt ein dobbelt så sterk vekst i Osloregionen som i resten av landet.

  • Også i teknologiindustrien finn vi sterke miljø i denne delen av landet, mellom anna både i Kongsberg-, Gjøvik-, Drammen- og Tønsbergregionane. Osloregionen har også relativt mange sysselsett i instrumentindustrien, elektrovareindustrien og farmasøytisk industri.

  • Bedriftsretta tenesteyting står relativt sterkt også i dei store byane langs vestkysten av Oslofjorden, og desse næringane veks meir enn landsgjennomsnittet.

  • Den kjemiske tungindustrien i Grenland utgjorde i 2002 om lag ein tredel av den samla sysselsetjinga i denne sektoren i landet.

  • Treforedlingsindustrien som er lokalisert rundt Oslofjorden og Hønefoss, står for over halvdelen av sysselsetjinga i denne sektoren. I dei indre delane av Austlandet er dei fleste økonomiske regionane spesialiserte på skogbruk og trelast.

  • I Oppland og Hedmark er foredling av landbruksvarer den største industrisektoren. Matvareproduksjon er relativt stor også i Osloregionen og i Fredrikstad/Sarpsborg-området.

  • I dei indre delane av Austlandet skil Hallingdal og Gudbrandsdalen seg spesielt ut med ein relativt stor del av sysselsetjinga i hotell- og restaurantbransjen, det vil seie i reiselivsnæringa. I dei andre regionane med småsenter og spreidd busetjing er det overrepresentasjon av næringar som jordbruk, skogbruk og bygg og anlegg.

3.7 Små variasjonar i levekår, med unntak for storbyar og Nord-Troms og Finnmark

I Storbymeldinga drøftast skilnader i levekår mellom ulike delar av landet. Her kjem det fram at levekårsproblem særleg er konsentrert til Oslo indre aust og kommunar i Troms og Finnmark 6 . Variasjonen i levekår er vurdert ved hjelp av levekårsindeksen, som mellom anna byggjer på registerinformasjon om sosiale tilhøve.

Statistikken viser at vi finn dei minste levekårsproblema samla sett i småbyar/ bygdebyar og perifere strøk, og i delar av storbyane. I denne enden av fordelinga er det ei stor overvekt av småkommunar på Vestlandet, og delar av Osloregionen som Bærum, Asker og Oslo ytre vest.

Oslo er ein by med store kontrastar. I nokre bydelar finn vi både den sterkaste konsentrasjonen i landet av personar med levekårsproblem, medan andre bydelar i Oslo har den sterkaste konsentrasjonen av personar utan slike problem (saman med delar av Asker og Bærum). Også nokre andre større byar har bydelar med konsentrasjonar av levekårsproblem.

Variasjonane i levekårsproblem var relativt stabile frå 1996 til 2001. I Oslo, og til dels i andre storbyar, er skilnadene knytte til konsentrasjon i visse bydelar av innvandrarbefolkning frå ikkje-vestlege land og personar med låg utdanning. Desse gruppene har mellom anna større problem på arbeidsmarknaden og lågare inntekter enn andre, og vil søkje seg til dei områda i byane som har dei lågaste bukostnadene. I Troms og Finnmark er levekårsproblema også i stor grad knytte til arbeidslivet, ved at det er ei relativt stor arbeidsløyse og eit relativt høgt tal på uføretrygda.

Skilnader i inntekter skaper også eit grunnlag for skilnader i levekår. Den høgste delen med låg inntekt i høve til den samla befolkninga finn vi i Oslo og i områda utanfor store og mellomstore byar. Bakgrunnsdata syner at dette i hovudsak er knytt til at innvandrarbefolkninga med ikkje-vestleg bakgrunn utgjer ein stor del av den samla befolkninga i området. Elles syner statistikken ein tendens til at byane har relativt mange einslege under 45 år med låg inntekt, medan mindre sentrale kommunar har relativt mange einslege eldre med låg inntekt.

Tilbodet av kommunale tenester er også ein viktig velferds- og levekårsfaktor, ettersom desse tenestene utgjer sentrale delar av velferda til befolkninga. Det kommunale inntektssystemet, saman med nasjonale retningslinjer og minstekrav, skal sikre at kommunane har eit relativt likt grunnlag for å yte tenester. I tillegg får kommunar med færre enn 3 000 innbyggjarar og kommunar i Nord-Noreg ekstra tilskot. Dette gjer at desse kommunane skal kunne gi eit betre tilbod enn andre kommunar. KOSTRA-tal syner at det er visse skilnader i tilbodet mellom store og små kommunar, men at inntektene er vel så avgjerande som storleiken på kommunane. I små og mellomstore kommunar med høge inntekter, er til dømes utgiftene til barnehagar og grunnskolar og legedekninga per innbyggjar høgre enn landsgjennomsnittet.

3.8 Oppsummering av utviklingstrekk

Konkurranseutsett og eksportretta næringsliv finst over heile landet, i både grisgrendte og folkerike område, medan veksten i befolkninga i store trekk er konsentrert til dei største byregionane. Område med småsenter og spreidd busetjing må også i tida framover rekne med å få ein nedgang i folketalet, mellom anna ut frå demografiske årsaker, men dei har samstundes ressursar som er viktige for verdiskapinga i landet.

Ein stadig mindre del av befolkninga er sysselsett i primærnæringane og industrien, mellom anna som følgje av auka effektivisering. Ein stadig større del av befolkninga arbeider innanfor privat og offentleg tenesteyting. Sett under eitt har veksten i tenestesektoren vore sterkast i større og mindre byar. Meir av sysselsetjinga og verdiskapinga kjem også til syne lenger ute i verdikjeda, i form av støttefunksjonar som sal og marknadsføring eller forsking og utvikling. Slike funksjonar blir ofte lokaliserte nær større kompetansemiljø og byregionar, anten som delar av eige konsern eller som utskilte og sjølvstendige bedrifter. I dei større byområda finn vi ein stor vekst i kompetanseintensive næringar. Dette er næringar som er knytte til forretningsretta tenester, til produksjon i nye næringar som IKT og bioteknologi, og til kulturfeltet.

Noreg har mange regionar med eit stort innslag av bedrifter som er i internasjonal konkurranse. Relativt små endringar i rammevilkåra kan ha store konsekvensar for overlevingsevna til desse bedriftene, og dermed for dei regionane dei ligg i. Konsekvensane blir særleg store for samfunn med eit einsidig næringsliv, til dømes dominerte av kraftkrevjande industri og fiskeriverksemd, men også for byområde med stort innslag av industri.

Bustadvala er samansette og endrar seg etter livsfasane. Stadig fleire unge vaksne synes å føretrekkje byane. Ein del vaksne i storbyane, og særleg familiar med barn, gir i større grad uttrykk for ønske om å busetje seg i mindre byar enn det som faktisk skjer. Ein aukande del av befolkninga veks opp i bynære område. Om lag halvparten av veksten i folketalet kjem av innvandring. Fram til no har eit fleirtal av innvandrarbefolkninga valt å busetje seg i hovudstadsområdet eller i nærleiken av ein annen storby. I tillegg skaffar fleire unge menneske enn tidlegare seg høgre utdanning. I mange tilfelle rekrutterer dette folk til eit liv i byen. Blant dei unge er det også klare kjønnsskilnader når det gjeld flyttemønsteret. Mange område med småsenter og spreidd busetnad er prega av høg gjennomsnittsalder, underskot på kvinner i yngre aldersklassar og lågare fødselstal enn tidligare. Sjølv utan netto utflytting, vil folketalet i desse områda framleis gå ned.

Hovudstadregionen er det store vekstområdet i landet, både i folketalet og i sysselsetjinga innanfor nye næringar. Også dei andre storbyregionane og nokre andre mellomstore og små byregionar har sterk relativ vekst i folketal. Dette er framfor alt regionar med byar som har funksjonar som fylkessenter eller som har utdannings- og FoU-institusjonar. I dei mindre regionane utgjer veksten i folketal relativt lite i absolutte tal, sett i høve til veksten i absolutte tal i Osloregionen.

Ein del mindre byregionar og nokre av dei mellomstore byregionane opplever liten vekst i sysselsetjing i nye næringar og i folketalet. I nokre tilfelle har dei hatt nedgang i folketalet i det siste tiåret. Det gjeld særleg i Nord-Noreg, Trøndelag og delar av innlandet på Austlandet. Dei kan likevel ha relativt store og livskraftige næringsmiljø innanfor tradisjonelle industrisektorar eller primærnæringar. Dei har i tillegg ofte viktige funksjonar som tenestesenter for eit større omland. Dersom desse byregionane ikkje blir meir attraktive for busetjing eller lokalisering av ny verksemd, vil dei ikkje kunne vere med på å demme opp for reduksjonen i folketalet i landsdelen. Over tid kan det føre til at næringsmiljøa i området i mindre grad kan medverke til auka verdiskaping i landet.

Fotnotar

1.

Hovudforfattar av rapporten er Tor Selstad, professor ved Høgskolen på Lillehammer, med bidrag frå medarbeidarar frå NIFU, CIVITAS, Østlandsforskning og Høgskolen på Lillehammer. Rapporten er lagt ut på heimesidene til Kommunal- og regionaldepartementet, http://odin.dep.no/krd/

2.

Namna skil seg litt frå namna nytta i rapporten.

3.

Denne inndelinga av mellom anna storbyregionar ut frå storleiken på det største senteret er basert på data om innbyggjarar i samanhengande tettstader, uavhengig av kommunegrenser (SSB). I storbymeldinga blei det definert seks storbyar i «norsk forstand» (Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger, Kristiansand og Tromsø), der utgangspunktet var innbyggjarar i kommunen og funksjonar til byen. Det er framleis desse byane som i første rekkje er aktuelle i samband med oppfølging av storbymeldinga.

4.

TØI-rapport 742/2002.

5.

Utviklinga i folketalet i landsdelar blir her knytt til inndelinga som er nytta i rapporten Regionenes tilstand. Dette er ein modifisert variant av SSB si inndeling av landet i sju landsdelar for statistikkformål (NUTS II). «Østviken» er Oslo, Akershus og Østfold, «Innlandet» er Oppland og Hedmark og «Vestviken» er Buskerud, Telemark og Vestfold. Dei fire andre «landsdelane» er her sett saman av Aust- og Vest-Agder, dei fire vestlandsfylka, dei to trøndelagsfylka og dei tre fylka i Nord-Noreg.

6.

Storbymeldinga byggjer mellom anna på SSB Notat 2003/33.

Til forsida