St.meld. nr. 25 (2004-2005)

Om regionalpolitikken

Til innhaldsliste

7 Den særskilde distrikts- og regionalpolitiske innsatsen

7.1 Innleiing

Regjeringa ønskjer å vidareføre hovudinnrettinga i bruken av særskilde regional- og distriktspolitiske verkemiddel for å fremme vekst, omstilling og utvikling i alle delar av landet. Det gjeld både den differensierte arbeidsgivaravgifta og alternativa til denne, tilskot til regional utvikling over budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet og dei spesielle verkemidla i tiltakssona i Nord-Troms og Finnmark. 1 Til saman utgjer denne innsatsen om lag 11 mrd. kroner i 2005. I tillegg blir det gitt om lag 2 mrd. kroner i Nord-Noreg-tilskot og regionaltilskot over kommuneinntektssystemet som er særskild regionalpolitisk grunngitt.

Den differensierte arbeidsgivaravgifta, og alternativa til denne, og midlane til regional utvikling over budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet, blir i all hovudsak nytta til ein distriktspolitisk ekstrainnsats. Den skal medverke til å styrkje grunnlaget for busetjing og verdiskaping i område og landsdelar med særlege utfordringar knytte til lågt folketal, tynne næringsmiljø og lange avstandar til større senter og marknader for innbyggjarane og for næringslivet. Det er knytt ulike geografiske avgrensingar til dei ulike økonomiske verkemidla. Med «det distriktspolitiske verkeområdet» meiner vi det geografiske området som er fastsett i eigne føresegner, og som gjeld for midlar til regional utvikling under Kommunal- og regionaldepartementet, jf. Vedlegg 2.

Den differensierte arbeidsgivaravgifta utgjer framleis ein stor del av den distriktspolitiske ekstrainnsatsen. Ho skal medverke generelt til å styrkje grunnlaget for sysselsetjing i dei områda som er omfatta av ordninga. I tillegg kjem midlane til næringsretta utviklingstiltak og transportstøtte som alternativ til den differensierte arbeidsgivaravgifta. Arbeidet med omlegginga av ordninga og alternativa er omtalt i kapittel 7.4.

Midlane som er sette av til regional utvikling over programkategori 13.50 på budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet, skal medverke til å styrkje grunnlaget for regional utvikling gjennom utvikling av lønnsame verksemder og til å skape attraktive stader for næringslivet og befolkninga. Noko av innsatsen over budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet blir også nytta utanfor det distriktspolitiske verkeområdet, som ein regionalpolitisk innsats for å utnytte potensial og fremme utvikling i ulike typar av regionar i alle delar av landet.

Regjeringa legg vekt på at bruken av midlane over programkategori 13.50 blir koordinert med innsats på ulike sektorområde, for å utløyse effektar som ikkje oppstår av enkelttiltak aleine, eller for å fremme tiltak som ligg i gråsona mellom fleire aktørar. Regjeringa legg også vekt på at innsatsen skal byggje på ei medviten holdning til at barrierar for etablering av verksemder varierer med alder, kjønn og bakgrunn.

Boks 7.37 Nord-Noreg høgt prioritert

Nord-Noreg er høgt prioritert i fordelinga av den særskilde regional- og distriktspolitiske innsatsen, på grunn av dei spesielle utfordringane i landsdelen når det gjeld avstand til større marknader, tynne næringsmiljø og mange område med nedgang i folketal. Av ein samla særskild regional- og distriktspolitisk innsats på om lag 13 mrd. kroner i 2005 i heile landet, gjekk om lag 8,4 mrd. kroner til område i Nord-Noreg. Den største delen av dette er verdien av redusert arbeidsgivaravgift, og alternativ til denne, på om lag 5,4 mrd. kroner. I tiltakssona for Nord-Troms er det fritak for arbeidsgiveravgift. I tillegg kjem anna innsats i tiltakssona på om lag 900 mill. kroner, midlane til regional utvikling til dei tre nord-norske fylka over budsjetta til KRD på 425 mill. kroner, og om lag 1,7 mrd. kroner i Nord-Noreg tilskot og regionaltilskot over kommuneoverføringane.

Ansvaret for bruken av hovuddelen av desse midlane er desentralisert til fylkeskommunane. Dette er gjort som eit ledd i Regjeringa sitt arbeid med moderniseringa av offentleg forvaltning og fornying av regional- og distriktspolitikken. I kapittel 7.2 blir det gitt ein nærmare omtale av forvaltinga av desse midlane. Ein annan del av midlane til regional utvikling blir forvalta sentralt. I kapittel 7.3 blir det gitt ein nærmare omtale av forvaltinga av denne delen av midlane.

Handlingsrommet for nasjonal verkemiddelbruk er omtalt i kapittel 7.5, medan arbeidet med det nye konkurranseregelverket i EU blir omtalt i kapittel 7.6.

7.2 Forvaltinga av midlane som fylkeskommunane har ansvar for

Frå og med budsjettåret 2003 blei det gjennomført ei større budsjettreform, kalla «Ansvarsreforma», innanfor programkategori 13.50 på statsbudsjettet, som omhandlar regional- og distriktspolitikken. Reforma går ut på at hovuddelen av dei regionalpolitiske midlane blir overført frå Kommunal- og regionaldepartementet til fylkeskommunane, slik at vedtak om bruk av midlane kan bli gjorde så nær dei det gjeld som mogleg. Bakgrunnen for reforma var ei forståing av at ulike delar av landet står overfor ulike utfordringar, og at dette krev differensierte og fleksible verkemiddel.

7.2.1 Mål, ansvar og rapportering

Regjeringa legg til grunn at midlane skal nyttast til å fremme utvikling av lønnsame verksemder, både gjennom direkte verkemiddel og gjennom tilrettelegging for næringsutvikling, og til å skape attraktive stader for næringslivet og for befolkninga. Regjeringa legg særleg vekt på behovet for å fremme nyetableringar, innovasjon og omstilling.

Gjennom ansvarsreforma er det lagt opp til at fylkeskommunane som regionale folkevalte organ, i samarbeid med dei regionale partnarskapa, skal ha stor fridom til å avgjere korleis midlane skal brukast. Bruken skal skje innanfor overordna nasjonale regionalpolitiske mål og føringar, og vere i tråd med statstøtteregelverket i EØS-avtalen. Det er ein føresetnad at avgjerder om prioritering av bruken av midlane skjer i eit forpliktande partnarskap med representantar for kommunar, næringsliv, verkemiddelapparatet, regional stat, private organisasjonar, FoU-institusjonar og andre aktørar. Det same gjeld for Sametinget og samiske organisasjonar der dette er aktuelt. Regjeringa føreset at prioriteringane blir baserte på mål og strategiar utvikla gjennom fylkesplanlegginga, ut frå vurderingar av lokale fortrinn og utfordringar. Vurderingane bør også omfatte utfordringar knytte til kjønn og livsfase, og av innvandrarar som gruppe.

Ansvarsreforma byggjer på at fylkeskommunane, som eige politisk forvaltningsnivå, er ansvarlege for resultatet av bruken av midlane og for kontrollen med forvaltinga av midlane. Det inneber at departementet ikkje utformar oppfølgingskriterium som kan etterprøvast, men at fylkeskommunane sjølve må utarbeide eit mål- og resultatstyringssystem og eit system for forsvarleg forvalting av midlane. Dette skal danne grunnlaget for skriftlege rapportar til Kommunal- og regionaldepartementet om vurderingar av resultat og grad av måloppnåing. Departementet formidlar desse vurderingane vidare til Stortinget i samband med statsbudsjettet.

Samstundes innhentar Kommunal- og regionaldepartementet rapportar frå fylkeskommunane om fordelinga av midlane på spesielt fokuserte tema, på geografiske område og på innsats knytt til tema der det er ønskjeleg med nasjonal statistikk (miljø og kvinner). I tillegg til rapportane frå fylkeskommunane, nyttar Kommunal- og regionaldepartementet også data frå rapporteringssystemet til Innovasjon Noreg. Departementet legg også opp til evalueringar av bruken av midlane med nokre års mellomrom. Eventuelle endringar i rapporteringssystemet vil bli lagt fram i samband med statsbudsjettet.

7.2.2 Bruken av midlane og fordelinga mellom fylka

Fordelinga av midlane mellom fylkeskommunane er basert på ein fordelingsnøkkel og på skjønnstildeling som samla sett gir ei sterk prioritering av fylke med område innanfor det distriktspolitiske verkeområdet. Dei fylka som har liten eller ingen busetnad innanfor verkeområdet, blir gitt ei mindre minimumsløyving. Det kan vere aktuelt å justere kriteria for fordeling av midlar mellom fylka noko som del av den planlagde gjennomgangen av det distriktspolitiske verkeområdet per 1. januar 2007.

Tabell 7.1 viser fordeling av midlane mellom fylka i 2003 2 , og korleis midlane i dei enkelte fylka blei fordelte på ulike verkemiddelaktørar. Den relativt store variasjonen i fordelinga av midlar på ulike verkemiddelaktørar er for ein stor del ei vidareføring av variasjonar som var der også før innføringa av ansvarsreforma. Årsaka til dette er mellom anna ulik storleik på løyvingane til fylka, og skilnader i kva typar verkemiddel ein kan nytte i ulike delar av landet.

Rapporteringa frå fylka i 2003 indikerer at fylka nytta fridomen dei fekk ved ansvarsreforma til å prioritere kommunale næringsfond på nytt. Bedriftsretta verkemiddel var høgt prioritert, og utgjorde framleis den største delen av verkemidla til regional utvikling, men frå 2002 til 2003 gjekk løyvinga til SND/Innovasjon Noreg ned til 578 mill. kr mot 745 mill. kr i 2002. Nedgangen skuldast mellom anna ei noko mindre totalramme (ein nedgang på 17,6 mill. kr), i tillegg til prioritering av kommunale næringsfond og etableringa av eit maritimt fond i Finnmark. Kontrollert for dette, fekk SND ein reduksjon på 70,5 mill. kr i høve til dei samanliknbare tala for 2002.

Tabell 7.1 Fordeling av midlar over kapittel 551, post 60, mellom ulike verkemiddelaktørar i prosent1 i 2003

  Fylkes-kommuneInterregKommunale næringsfondLU2SNDTotalt (pst.)Total løyving3 (mill. kr)Totalt gitte tilsegner4 (mill. kr)
Østfold45733510013,813,8
Akershus385571005,55,5
Oslo11891005,55,5
Hedmark311764710071,871,8
Oppland3955610055,454,3
Buskerud356510017,517,5
Vestfold56441005,55,5
Telemark425810043,343,3
Aust-Agder36125210012,112,1
Vest-Agder564410014,314,3
Rogaland277310019,619,6
Hordaland514910066,665,4
Sogn og Fjordane3755710064,764,7
Møre og Romsdal28135910078,177,0
Sør-Trøndelag181266410067,264,3
Nord-Trøndelag243965810086,478,0
Nordland3223360100200,1200,1
Troms2119465100128,1116,3
Finnmark44512336100112,0112,0
Totalt (pst.)32462561000
Totalt (mill. kr)5338,241,763,918,7578,51067,51041,05

1 Prosenttala i tabellen er baserte på tilsegner i 2003 (ikkje på samla løyving).

2 LU: Landsdelsutvalet for Nord-Noreg og Nord-Trøndelag.

3 Frå Kommunal- og regionaldepartementet til fylkeskommunane.

4 Frå fylkeskommunane til ulike aktørar og enkelttilsegner gitt frå fylkeskommunane (basert på rapportar frå fylkeskommunane).

5 Summen av gitte tilsegner er om lag 26,5 mill. kr mindre enn den totale løyvinga. Det kjem av at somme fylkeskommunar har sett av midlar til større prosjekt, eller at igangsetjing av større program er forsinka.

Tilsegnene frå SND/Innovasjon Noreg i 2003 var fordelte på tapsfond for risikolån (89 mill. kr for lån på 295 mill. kr), distriktsutviklingstilskot (395 mill. kr) og etablerarstipend (113 mill. kr). I tillegg blei noko av midlane nytta til satsingar på tvers av fylkes- og kommunegrenser, som ulike typar av bedriftsretta nettverkssatsingar, bransjesatsingar og verdikjedesatsingar.

Av tabellen går det fram at om lag ein tredjedel av dei samla midlane i 2003 vart forvalta av fylkeskommunane, og fordelte vidare til prosjekt og tiltak ulike stader i fylka. Fysisk tilrettelegging i kommunane, som bygging av kaier, vassverk og liknande, og ulike typar av innsats for omstilling var høgt prioritert i 2003.

Størstedelen av midlane som SND/Innovasjon Noreg fekk tildelt frå fylkeskommunane i 2003, blei nytta i mindre sentrale regiontypar. Om lag 36 prosent av midlane blei nytta i dei minst sentrale regionane, om lag 18 prosent i småbyregionar, om lag 15 prosent i mellomstore byar, medan om lag 15 prosent av midlane blei nytta i storbyar (i hovudsak Tromsø). Om lag 16 prosent av midlane blei nytta i fylkes- og kommuneoverskridande prosjekt.

7.2.3 Endringar i avgrensingar for bruken av midlane

Ansvarsreforma var ei forenkling som mellom anna har ført til ein vesentleg reduksjon i talet på retningslinjer og nasjonale føringar for verkemiddelbruken. Representantar for fylkeskommunane gir likevel uttrykk for at det framleis er for sterke bindingar når det gjeld bruken av midlane, jf. til dømes rapporten frå Nordregio/NIBR (2005) der fylkeskommunen som regional utviklingsaktør er vurdert.

Regjeringa meiner at dei gjeldande retningslinjene gir fylka stor fridom i bruken av midlane. Regjeringa ønskjer likevel å auke handlingsrommet ytterlegare ved å redusere dei geografiske grensene for tilrettelegging for næringsutvikling.

Støtte til næringsretta kompetanseheving og tilrettelegging for kunnskapsoppbygging for å fremme omstilling, innovasjon og nyetablering kan i dag bli gitt i heile fylket, uavhengig av det distriktspolitiske verkeområdet, så lenge det er i tråd med regionale planar og prioriteringar gjort i partnarskapa. Støtte til ein del kommunale, næringsretta fysiske investeringar og til utvikling av stader kan i dag berre bli gitt innanfor det distriktspolitiske verkeområdet. Kommunal- og regionaldepartementet legg opp til å endre retningslinjene på dette punktet frå 2006, slik at midlane kan nyttast til slike formål også utanfor verkeområdet, ut frå lokale og regionale føresetnader, utfordringar og prioriteringar. Ei viktig grunngjeving er at mellomstore og små byområde også utanfor verkeområdet bør utnyttast som motorar for regional utvikling.

Med denne endringa vil fylka ha stor fridom til å vurdere kvar i fylket innsats for tilrettelegging for næringsutvikling og for attraktive stader bør bli sett i verk. Dette gjeld både for såkalla «blandingsfylke» og «utanforfylke», dvs. fylke med delar av arealet innanfor det distriktspolitiske verkeområde og fylke utan areal innanfor verkeområdet i det heile.

Departementet legg til grunn at bruk av midlane utanfor det distriktspolitiske verkeområdet skal skje på grunnlag av regionale planar og prioriteringar i partnarskapen, ut frå ei heilskapsvurdering av kva som tener utviklinga i heile fylket.

Dei gjenståande avgrensingane i bruken av midlane vil etter dette vere geografisk avgrensing av bedriftsretta støtte, med ein del unntak, og ordinær drift av og investeringar i kommunal og fylkeskommunal tenesteproduksjon. Regjeringa meiner at det er behov for å halde på desse avgrensingane i bruken av dei spesielle midlane for regional utvikling.

Direkte bedriftsstøtte, med unntak av etablerarstipend og støtte til regional omstilling, skal i utgangspunktet berre nyttast innanfor områda A, B og C i det distriktspolitiske verkeområdet. Grunngivinga for desse avgrensingane er at den regionalpolitisk grunngitte direkte bedriftsstøtta er ein ekstrainnsats som skal medverke til å styrkje grunnlaget for lønnsame verksemder i område med lang avstand til større senter og med tynne næringsmiljø. Innsatsen skal dekkje fleire problem enn til dømes problemet med å skaffe såkornkapital, som kan vere ei utfordring også i sentrale område, og bør derfor ha ei relativt klar avgrensing. I tillegg må bruk av direkte bedriftsstøtte vere i tråd med statsstøtteregelverket i EØS-avtalen. Noreg kan ikkje einsidig endre dei geografiske grensene for regionalpolitisk grunngitt bedriftsstøtte. Det er likevel til ein viss grad lov til å bruke av desse midlane til direkte bedriftsstøtte også utanfor A-, B- og C- områda, men da innanfor ramma av bagatellmessig støtte.

Midlane kan heller ikkje nyttast til finansiering av investeringar i eller til ordinær drift av fylkeskommunal eller kommunal tenesteproduksjon, eller til fysiske investeringar som til dømes vegutbygging (riks- og fylkesvegar), generell energiutbygging og offentlege bygg. Grunngivinga for denne avgrensinga er at dei regionalpolitiske verkemidla ikkje skal bli nytta som finansieringskjelde for innsats som skal bli dekt over ordinære budsjett i kommunar, fylkeskommunar eller statlege verksemder.

7.3 Mål og prioriteringar for midlar forvalta av Kommunal- og regionaldepartementet, SIVA, Innovasjon Noreg og Forskingsrådet

7.3.1 Mål og prioriterte satsingsområde

Måla og strategiane i Regjeringa sin heilskaplege regionalpolitikk ligg til grunn for bruken av midlane løyvde over kapittel 552, post 72, Nasjonalt samarbeid for regional utvikling, under Kommunal- og regionaldepartementet. Saman med dei regionalt forvalta midlane, skal desse midlane byggje opp under ein differensiert politikk for ulike regionar med sikte på utvikling av lønnsame verksemder og attraktive stader å bu.

Innsatsen skal nyttast på område som av ulike grunnar bør bli koordinerte og/eller stimulerte frå nasjonalt hald. Regjeringa legg vekt på at hovuddelen av midlane skal brukast til å styrkje regionale konkurransefortrinn og byggje ned hindringar for innovasjon. Det skal skje gjennom innsats tilpassa regionale potensial, utfordringar og føresetnader. Innsatsen skal primært nyttast innanfor det distriktspolitiske verkeområdet, men kan også nyttast utanfor, til dømes i mellomstore og mindre byregionar, i tråd med strategien om å utnytte meir av utviklingspotensiala knytt til desse områda. I kapittel 5.5 er det gitt ei nærmare grunngiving for innrettinga av verkemiddelbruken. Midlane er også med på å dekkje norsk deltaking i EU-programma Interreg B og C, som er viktige arenaer for internasjonalt regionalpolitisk samarbeid.

Av ei total ramme på 278 mill. kr i 2004, forvalta Innovasjon Noreg, Forskingsrådet og SIVA om lag tre firedelar. Av dei resterande midlane, forvalta av Kommunal- og regionaldepartementet, blei det sett av midlar til Interreg, til nye pilotprosjekt og program i regi av verkemiddelaktørane, til MERKUR, til småsamfunnssatsing, Ungt entreprenørskap, Utviklingsselskapet for Indre Finnmark, Barentssekretariatet og stadutviklingsprogrammet.

7.3.2 Prinsipp for bruken av midlane

Dei nasjonale midlane til regional utvikling skal supplere dei regionale midlane ved at dei blir nytta ut frå prinsipp om

  • læring og kompetanseutvikling, ved at nasjonale møteplassar og evalueringar av resultat og arbeidsmåtar medverkar til at regionale og nasjonale aktørar får nye impulsar.

  • utvikling av nye verkemiddel, arbeidsmåtar og spisskompetanse, gjennom forsøksverksemd, pilotprosjekt og tidsavgrensa program. Dette er spesielt nyttig på område som krev nasjonal/internasjonal spisskompetanse og koordinering mellom fleire sektorar og aktørar på nasjonalt nivå.

  • samarbeid mellom fleire departement om finansiering og utvikling av konkrete programsatsingar, der meininga er å medverke til at tiltak som blir sette i gang blir innretta ut frå eit mål om gjensidig forsterkande effektar, og der medverknad frå Kommunal- og regionaldepartementet kan styrkje den regionale tilnærminga i verkemiddelbruken. Diskusjon mellom sektorstyresmakter og med verkemiddelaktørar om kva som er den beste og mest effektive innrettinga av verkemiddel for å nå ulike mål, er ein viktig del av arbeidet og medverkar til kvalitetssikring av offentlege verkemiddel.

  • effektivitet, der det er kostnadseffektivt å tilby nasjonale fellesløysingar og nasjonal koordinering. Utvikling av nye program og handteringa av programsatsingar kan vere ressurskrevjande og lite effektivt å gjennomføre i dei enkelte fylka. I nokre høve, til dømes i satsingar som er retta mot aktørar som har stort vekstpotensial nasjonalt og internasjonalt, er det også ønskjeleg med nasjonal konkurranse om midlar, for å sikre at dei beste prosjekta får støtte.

Dei nasjonale midlane skal som prinsipp nyttast i tidavgrensa satsingar. Dette er ikkje til hinder for at program kan bli vidareførte inn i ein ny periode, men da på grunnlag av ei ny vurdering, og vurdert opp mot behovet for å frigjere midlar til nye satsingar.

Ansvaret for å forvalte midlane og skape resultat skal i hovudsak liggje hos nasjonale verkemiddelaktørar eller andre fagmiljø som departementet meiner har kvalifikasjonar til å forvalte midlane på ein god måte. Innanfor overordna føringar og forventningar til resultat skal verkemiddelaktørane ha stor fridom til å utforme innhaldet i og gjennomføringa av programma.

Regjeringa vil peike på at gjennomføringa av ansvarsreforma og etableringa av eit regionalisert, heilskapleg verkemiddelapparat har gjort at verkemiddelapparatet er blitt meir brukarnært og effektivt. Dei 17 regionale kontora til Innovasjon Noreg i Noreg dekkjer alle fylka 3 og er næringslivet si hovuddør inn til alle typar av offentlege tenester for næringsutvikling, men det er også svært positivt at Noregs forskingsråd har fått på plass sju eigne regionale representantar, og at både Forskingsrådet og SIVA har inngått samarbeidsavtalar med fleire av fylkeskommunane. Gjennom omorganiseringa av verkemiddelapparatet har også det tidlegare Eksportrådet no direkte kontakt med bedrifter i alle fylka.

7.3.3 Den innovasjonsretta innsatsen

I 2004 blei om lag 220 mill. kr av eit samla budsjett på 278 mill. kr nytta til innovasjonsretta program og tiltak i regi av Innovasjon Noreg, SIVA og Forskingsrådet. Innovasjonsretta innsats er innsats som blir retta inn mot dei satsingsområda som er omtalte i kapittel 5.5, det vil seie å styrkje lokale/regionale næringsmiljø, satsing på entreprenørskap og kommersialisering og å skaffe nødvendig risikokapital. Midlane skal i hovudsak nyttast til å styrkje utvikling av næringsmiljø og til entreprenørskap/kommersialisering, ettersom midlane frå Kommunal- og regionaldepartementet til direkte bedriftsretta risikoavlasting er desentraliserte til fylka.

Boks 7.38 Strategisk analyse av innovasjonsprogram som er finansierte av Kommunal- og regionaldepartementet

I 2004 gjennomførte Samfunns- og næringslivsforsking AS (SNF) ein strategisk analyse av dei innovasjonsprogramma som er finansierte av Kommunal- og regionaldepartementet (SNF-rapport 14/04). SNF konkluderer med at programma og satsingane er godt i samsvar med dei regionalpolitiske og innovasjonspolitiske strategiane. Undersøkinga stadfestar at nyskapingselementet står sentralt i programma. Det er variasjonar i kor godt programma i geografisk nedslagsfelt treffer det distriktspolitiske verkeområdet. Merksemda omkring viktige målgrupper som kvinner og ungdom, er også varierande. SNF skriv at nasjonal koordinering sikrar god programutvikling og drift. Nasjonal koordinering gjer at det blir lettare å oppnå læring på tvers av programma og å innhente internasjonale impulsar. Nasjonal konkurranse om midlane sikrar at dei gode prosjekta blir valte.

Tabell 7.2 gir ei oversikt over kva typar av tiltak som blir finansierte over kapittel 552, post 72. Tabellen syner at fleire program har fleire målgrupper og dekkjer fleire målsetjingar i regionalpolitikken og innovasjonspolitikken. 4

Regjeringa vil leggje opp til at dei enkelte tiltaka i større grad kan bli tilpassa regionale variasjonar. Det blir gjort ved å opne for større fleksibilitet i organiseringa og innrettinga, og ved å opne for ulike regionale løysingar. Verkemiddelaktørane nasjonalt og regionalt må vurdere korleis den regionale tilpassinga konkret skal skje. Det inneber også å vurdere korleis regionalt eigarskap til nasjonale satsingar kan styrkjast. Nye konsept bør bli utvikla og testa gjennom pilotsatsingar i utvalde regionar.

I tillegg til kvinner og ungdom, er også potensielle nyskaparar/etablerarar blant innvandrarar ei spesiell målgruppe.

Regjeringa meiner at det er viktig å få svar på kva satsingane gir av effektar. Dei enkelte programma blir stadig følgde opp gjennom årlege rapporteringar, særleg av gjennomførte aktivitetar, men ofte vil det ta mange år før effektane kjem til syne. Fleire av tiltaka er utforma for å påverke aktørar og setje i gang prosessar, med sikte å at dette i neste omgang skal fremme innovasjon og lønnsame verksemder. Dette kan gjere det særs vanskeleg, i enkelte høve umogleg, å måle verknaden av tiltaka direkte ved å måle slutteffektar. Kva satsingane samla gir av resultat, må ein likevel forsøke å avdekkje og vurdere gjennom eigne evalueringar.

Tabell 7.2 Innovasjonsretta satsingar og program finansierte heilt eller delvis over kapittel 552, post 72, i 2004

MålgruppeUtfordringarProgram/satsingsområdeGeografiPlanlagt avslutta
Nyetablerarar og gründerarFleire nyetableringar og knoppskytingar/ kommersialiseringarEntreprenørskap (IN)IN Take-offDistriktspolitisk verkeområdeIkkje bestemt
FRAM Entreprenør (IN)Distriktspolitisk verkeområde2005
Inkubatorstipend (IN)Alle delar av landetIkkje bestemt
NT-programmet (IN)Nord-Noreg2007
FORNY (FR)Alle delar av landet2010
Etablerte bedrifterAuka kompetanse og innovasjonAuke etterspørselen etter FoU frå bedrifterFRAM (IN)Distriktspolitisk verkeområde2005
BIT (IN)Ikkje bestemt
NT-programmet (IN)Nord-Noreg2007
MOBI (FR)Alle delar av landet2009
VS 2010 (FR)2010
Regionale verdiskapings- og innovasjonssystem mellom bedrifter, kunnskapsinstitusjonar, offentlege aktørar osv.Utvikling av næringsmiljøARENA (IN)Alle delar av landet2010
MOBI (FR)2009
VS 2010 (FR)2010
Institusjonell endring/ åtferdsendringMOBI (FR)Alle delar av landet2009
VS 2010 (FR)2010
Kunnskapsmessig infrastrukturInkubator (SIVA)Større byar/tettstader i alle delar av landetIkkje bestemt
Industriinkubator (SIVA)IndustristaderIkkje bestemt
Næringshagar (SIVA)Tettstader i distriktspolitisk verkeområdeIkkje bestemt
Område med behov for omstillingStørre omstilling av kommunar og regionarRegional omstilling (IN)Enkeltkommunar/-regionarIkkje bestemt
ForskingsmiljøKunnskapsmessig infrastrukturKUNI (FR)Alle delar av landet2005
Kvinner og ungdomAuka deltaking i næringslivetKvinner i fokus (IN)Distriktspolitisk verkeområdeIkkje bestemt
Ungdomssatsing (IN)Ikkje bestemt

Ansvaret for innhenting og spreiing av kunnskap og for læring både undervegs og ved avslutninga av program, ligg i hovudsak hos verkemiddelaktørane. I tida framover vil departementet leggje vekt på at det blir utvikla ein betre systematikk for læring og styring både innanfor og mellom program, mellom verkemiddelaktørane og mellom regionane. Dette er også i tråd med konklusjonar i SNF sin strategiske analyse av innovasjonsprogramma (sjå boks 7.2).

Samstundes er det nyttig å vurdere resultat av enkeltprogram/-tiltak for å vurdere i kva grad det konkrete målet for programmet/tiltaket er nådd. Det er utvikla ei rad måleindikatorar innanfor dei enkelte programma. For å styrkje grunnlaget for å vurdere resultata på tvers av program og tiltak vil Kommunal- og regionaldepartementet samarbeide med dei tre verkemiddelaktørane om å vidareutvikle eit rapporterings- og resultatmålingssystem som høver for dette.

Departementet vil samle programma i færre, men større tematiske satsingar. Siktemålet er å forenkle systemet og gjere det enklare å orientere seg i for brukarane. Samstundes vil det auke fleksibiliteten med tanke på regionale tilpassingar innanfor dei prioriterte satsingsområda omtalte i kap. 5.5.

Viktige nye satsingar eller endringar framover

Følgjande nye satsingar eller endringar på kapittel 552, post 72, er viktige for oppfølginga av meldinga, og vil bli konkretiserte nærare i dei komande statsbudsjetta. Fleire av desse tiltaka er omtalt i kap. 5.5:

  • «Centres of Expertise» er eit verkemiddel for å styrkje regional vekstkraft der ho allereie finst, med vekt på mellomstore og mindre byregionar. Forprosjektet og pilotane i Ålesund, på Raufoss og i Horten vil gi erfaringar med tanke på ei større programsatsing frå 2006. Kommunal- og regionaldepartementet, Nærings- og handelsdepartementet og Undervisnings- og forskingsdepartementet vil samarbeide om programmet.

  • Nytt næringshageprogram. Det eksisterande næringshageprogrammet er i avslutningsfasen. Evalueringa syner at næringshagane er viktige hjelpemiddel for næringsutvikling i område med tynne næringsmiljø og utan eigne høgskoler og FoU-miljø. Det er aktuelt med ei ny næringshagesatsing frå 2006.

  • Nytt inkubatorprogram. Det eksisterande inkubatorprogrammet er i avslutningsfasen. Det er aktuelt å vidareføre delar av inkubatorprogrammet frå 2007. For KRD er det særleg aktuelt å vidareføre dei delane av inkubatorprogrammet som er retta mot inkubatorar i senter utenfor storbyområda, distribuerte inkubatorer og arbeidet med å utvikle nettverka mellom næringshagar, inkubatorar, kunnskapsparkar og forskingsparkar.

  • Industriinkubatorprogrammet. Dette er ei ny satsing i regi av SIVA som vil bli vidareført. Målet er å medverke til utvikling av eit meir robust og mangfaldig industrimiljø på industristader med særlege behov for omstilling og nyskaping. Hovudvekta ligg på å følgje opp og utvikle spinn-off frå eksisterande bedrifter i området.

  • Særskild høgskolesatsing i FORNY-programmet: Programmet for forskingsbasert nyskaping (FORNY) skal medverke til å få ei meir effektiv kommersialisering av gode forretningsidéar frå utdannings- og forskingsmiljøa. Innanfor dette programmet er det sett i gong ei særskild regionalpolitisk satsing retta mot høgskolemiljøa.

  • Nyskapings- og Teknologiprogrammet i Nord-Noreg. Kommunal- og regionaldepartementet ser behov for at dette programmet blir knytt nærare til den regionale brukarfronten til Innovasjon Noreg. Departementet legg opp til å finansiere programmet i ytterlegare tre år, det vil seie ut 2007. Samstundes har departementet bedt Innovasjon Noreg, saman med andre viktige partar, om å vurdere korleis arbeidsformene i programmet kan vidareførast dersom Innovasjon Noreg skal overta forvaltinga av programmet.

  • Internasjonalt regionalt samarbeid – Interreg B og C, omtalt i kap. 6.4. Omfanget av og innrettinga i den framtidige strukturfondspolitikken vil bli avgjort i EU sitt regjeringssjefsmøte i desember 2005. Da vil også opplegget for det framtidige europeiske territorielle samarbeidet (Interreg) bli kjent. Etter det vil Regjeringa vurdere norsk deltaking og økonomisk engasjement i dette samarbeidet.

7.4 Næringsretta utviklingstiltak som del av omlegginga av differensiert arbeidsgivaravgift frå og med 2004

Frå 1. januar 2004 blei ordninga med differensiert arbeidsgivaravgift endra etter pålegg frå overvakingsorganet i EFTA, ESA. Tiltakssona i Finnmark og Nord-Troms, landbruk og fiskeri er ikkje omfatta av omlegginga av den differensierte arbeidsgivaravgifta. Til saman utgjer vidareføring av ordninga og kompenserande ordningar om lag 8,9 milliardar kroner i 2005, jf. tabell 7.3. Regjeringa har lagt opp til at dei auka inntektene frå avgifta, som følgje av omlegginga av ordninga, skal tilbakeførast til dei områda som endringane får verknader for. Dette betyr at dei kompenserande ordningane samla sett skal ha eit omfang som svarar til dei auka avgiftsinntektene som følgjer av omlegginga av arbeidsgivaravgifta. Stortinget har slutta seg til dette.

Den fordelen som låg i den differensierte arbeidsgivaravgifta, er ført vidare så langt det er råd. I sonene 2, 3 og 4 i verkeområdet for differensiert arbeidsgivaravgift blir satsane frå før omlegginga vidareførte innanfor grensene for såkalla bagatellmessig støtte. Det svarar til ein avgiftslette på inntil 100 000 euro over tre år per føretak. Fordelen av lågare sats inntil denne grensa, blir kalla «fribeløpet». Når dette taket er nådd skal det svarast høgre avgiftssats enn tidlegare av lønnskostnadane. I sone 2 blei det innført full sats på 14,1 prosent frå og med 2004. I sone 3 og sone 4 blir avgiftssatsane trappa gradvis opp over tre år.

Som ein kompensasjon til industriføretaka som har fått auka avgiftskostnadar som følgje av omlegginga, er det innført ei nasjonal transportstøtteordning. Det geografiske dekningsområdet for denne ordninga dekkjer ikkje heile det området som fekk auka avgift, men omfattar alle område der det kan dokumenterast tilstrekkeleg store ekstra godstransportkostnadar for næringslivet som følgje av lange avstandar.

Den resterande auken i innbetalte avgifter frå privat næringsliv blir ført tilbake til dei områda som er omfatta av endringane i form av næringsretta utviklingstiltak. Summen til næringsretta utviklingstiltak aukar i takt med at overgangsordningane blir fasa ut. I 2005 vil dei næringsretta utviklingstiltaka utgjere 795 mill. kroner.

Tabell 7.3 Provenyverknaden av omlegginga av differensiert arbeidsgivaravgift og midlane til kompenserande tiltak i 2005. Mill. kroner

  Påløpt*Bokført*
Auka proveny ved full sats (14,1 pst.) for arbeidsgivaravgift i heile landet8 9058 845
Kompenserande tiltak8 9058 845
Vidareføring av nullsatsen i tiltakssona for Nord-Troms og Finnmark1 5851 575
Vidareføring av ordninga før omlegginga for landbruk og fiskeri320315
Ein overgangsperiode på tre år i privat sektor i sonene 3 og 4 (full sats blir innført i 2007)700750
Bagatellmessig støtte i sonene 2–42 4102 400
Ein overgangsperiode på tre år i kommunal sektor (full sats blir innført i 2007)830900
Kompensasjon til offentleg sektor1 9501 950
Direkte transportstøtte300200
Næringsretta utviklingstiltak i sonene 2–4810755

* Merknad: Delar av inntektstapa og utgiftene vil først bli bokførte i statsrekneskapen for 2005. At den bokførte provenyverknaden av overgangsperioden i privat og offentleg sektor er høgre enn den påløpte, kjem av at siste termin for arbeidsgivaravgift i eitt år (sjette termin) blir innbetalt i januar året etter.

Kjelde: Finansdepartementet

Særleg vil Nordland og Troms få ein auke i midlane i 2005 i høve til 2004, ettersom størstedelen av kostnadsauken frå 2004 til 2005 kjem i arbeidsgivaravgiftssone 4. Nordland får om lag 30 prosent og Troms får om lag 15 prosent av den totale kostnadsauken. Også andre fylke vil få ein viss auke, både på grunn av opptrappinga av avgiftssatsen i sonene 3 og 4 og som følgje av pris- og lønnsjusteringar, samt sysselsetjingsendringar. Også i 2006 vil kostnadsauken i all hovudsak kome i Nordland og Troms.

7.4.1 Rammer for disponering av midlane til næringsretta utviklingstiltak

Dei næringsretta utviklingstiltaka utgjer store midlar i dei områda som får ein kostnadsauke. Regjeringa legg stor vekt på at midlane skal nyttast til tiltak som kan gi varige, positive effektar for næringslivet og for næringsutviklinga i dei aktuelle regionane. Innsatsen skal medverke til å fremme målet om å ta vare på hovudtrekka i busetnadsmønsteret og, med utgangspunkt i dei spesielle utfordringane og ressursane som finst i kvar region, ta ut det verdiskapingspotensialet som finst der.

Midlane blir fordelte over budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet. Kostnadsauken i kvart område er utgangspunktet for den geografiske fordelinga av midlane. Det blir også tatt omsyn til kor mykje transportstøtte som blir gitt til kvart enkelt fylke. Det er lagt til grunn at midlane kan nyttast innanfor mange sektorar og område, men dei kan ikkje nyttast til finansiering av investeringar i, eller til ordinær drift av, fylkeskommunale eller kommunale tenester eller kommunal tenesteproduksjon. Bruken av midlane må også skje innanfor dei rammene som er sette i regelverket om offentleg støtte etter EØS-avtalen.

For å få ei god regional og lokal forankring blir midlane tildelte på grunnlag av handlingsplanar som er utarbeidde regionalt. Næringslivet skal ha ein sentral plass i samarbeidet om utviklinga av planane, og det er ein føresetnad at næringslivet sluttar seg til forslaga. Departementet ser det derfor som eit mål at det er størst mogleg semje om dei tiltaka som er omtalte i handlingsplanen.

Forvaltinga av midlane kan bli blitt lagt til fylkeskommunar, kommunar, verkemiddelapparatet, Kommunal- og regionaldepartementet, andre departement eller andre aktørar, alt etter kva typar av tiltak som blir prioriterte i kvar region. Ramma kan også nyttast til å finansiere utgreiings- og evalueringsoppgåver som fell inn under formålet med posten.

7.4.2 Erfaringar med næringsretta utviklingstiltak i 2004

I 2004 blei det tildelt om lag 500 mill. kroner over denne nye posten. Kostnadsauken for kvart fylke blei lagt til grunn for den fylkesvise fordelinga av midlane. Kostnadsauken varierte frå 4,1 mill. kroner i Vest-Agder til om lag 77 mill. kroner i Troms og 123 mill. kroner i Nordland.

Prosess

Handlingsplanane viser at det har vore ei brei lokal mobilisering og forankring i utarbeidinga av planane. I alle fylka har det vore lokale prosessar, anten i regi av regionråd eller i regi av andre grupperingar, som har resultert i lokale/regionale planar. I dei fleste fylka er det etablert ei sentral styringsgruppe som har gjennomgått og arbeidd med dei lokale innspela. Næringslivet har spelt den sentrale rolla i alle fylke. I dei fleste fylka er det NHO som har hatt leiinga i arbeidet. Også ein del enkeltbedrifter som fekk meirutgifter i samband med auka arbeidsgivaravgift, er blitt trekte inn i arbeidet. Medverknaden frå kommunane si side varierer noko, men i dei fleste fylka er dei blitt involverte anten direkte eller gjennom representasjon i regionråda. Fylkeskommunen har teke på seg sekretariatsansvaret og koordineringsrolla i alle fylka. I somme fylke har handlingsplanane også vore til politisk behandling i fylkesutvalet. Behandlinga har hatt ein rådgivande karakter.

I vurderinga av handlingsplanane har Kommunal- og regionaldepartementet tatt omsyn til at tida har vore for knapp til at planane kunne bli heilt konkrete i omtalen av dei føreslåtte prosjekta. Mykje av arbeidet er prega av nybrottsarbeid, med nye samarbeidsrelasjonar osv. I tillegg kom planleggingsramma for kvart fylke relativt seint frå departementet. I komande år vil det i større grad bli lagt vekt på at dei ulike tiltaka blir konkretiserte og vurderte i eit lengre tidsperspektiv. På denne måten er det større sjanse for at det berre er dei «gode» prosjekta som blir sette i gang.

Kommunal- og regionaldepartementet har lagt vekt på at det ikkje skulle etablerast nye «forvaltingsnivå» eller nye «verkemiddelorgan». Samstundes er det blitt lagt vekt på at næringslivet og ikkje fylkestinget skulle ha den sentrale rolla i prioriteringane av midlane. Dette er i dei fleste fylka i praksis blitt løyst ved oppretting av styringsgrupper på regionalt nivå som skal prioritere og avgjere korleis midlane skal disponerast, medan fylkeskommunane står som teknisk førstemottakar av midlane. Fylkeskommunane har også fått ei viktig rolle i arbeidet med å rapportere til departementet om bruken av midlane.

Dette er ein modell som har fleire interessante trekk. Representantar for næringslivet er aktivt med i planlegging og prioritering av midlar til næringsutvikling, samstundes som modellen gir grunnlag for god koordinering opp mot dei midlane til regional utvikling som fylkeskommunane disponerer i samarbeid med partnarskapen regionalt. Fylkeskommunane har på si side høve til å ta på seg ei aktiv leiarrolle som initiativtakar og tilretteleggar for dei regionale prosessane. I tillegg er det ein fordel at det praktiske arbeidet går via fylkeskommunane, og at dei tar på seg ansvaret for å rapportere til Kommunal- og regionaldepartementet.

Innhald

I dei godkjende handlingsplanane for dei næringsretta (ca. 400 mill. kroner) og dei bransjeretta (100 mill. kroner) tiltaka for 2004 er det særleg prioritert tiltak innanfor samferdsel, bedriftsutvikling, digital infrastruktur, kompetanseutvikling og marknadsføring. Innsatsen er fordelt på denne måten:

  • infrastruktur (for fysisk og digital transport): ca. 150 mill. kroner

  • kompetanseutvikling/bedriftsutvikling: ca. 120 mill. kroner

  • bedriftsutvikling/lokal næringsutvikling: ca. 95 mill. kroner

  • innovasjon/nyskaping: ca. 50 mill. kroner

  • regionbygging/profilering/marknadsføring: ca. 60 mill. kroner

  • andre tiltak: ca. 25 mill. kroner

7.4.3 Den vidare prosessen

EU er i gang med ein revisjon av regelverket for regionalpolitisk heimla statsstøtte. Denne prosessen er nærmare omtalt i kapittel 7.6. Det nye regelverket vil gjelde frå 1.1.2007. Dette vil kunne føre til endringar i ordninga med næringsretta utviklingstiltak. Regjeringa legg derfor opp til at den sentrale godkjenningsfunksjonen blir liggjande i Kommunal- og regionaldepartementet også for budsjettåra 2005 og 2006. Fylka skal sende inn reviderte handlingsplanar for godkjenning begge åra. Ein eventuell revisjon av denne godkjenningsordninga vil først bli vurdert i samband med innføring av nye statsstøttereglar og gjennomgangen av norske ordningar i lys av dette.

Midlane til næringsretta utviklingstiltak er store, og utgjer for somme fylke langt større summar enn dei regionale utviklingsmidlane som er desentraliserte til fylkeskommunane under kapittel 551, post 60, på budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet. Det er svært viktig å få til eit godt og systematisk samarbeid regionalt om bruken av dei ulike midlane som skal medverke til regional næringsutvikling. Det er ei utfordring for fylkeskommunane, som regionale utviklingsaktørar og som ansvarlege for den regionale planlegginga, å leggje opp til gode koordineringsprosessar i lys av den etablerte rolle- og arbeidsdelinga mellom ulike aktørar. Fylkeskommunane bør vurdere å nytte erfaringar frå arbeidet med dei næringsretta utviklingstiltaka i arbeidet med å vidareutvikle samarbeidet i partnarskapa om prioritering av midlane til regional utvikling.

Kommunal- og regionaldepartementet har engasjert Møreforsking til å følgje arbeidet med dei næringsretta utviklingstiltaka i tre år. Følgjestudien skal vere eit hjelpemiddel til å vidareutvikle dei regionale handlingsplanane. Studien skal ha fokus på kva som kan vere gode modellar for å få fram prosjektforslag i breie prosessar med næringslivet i førarsetet, der dei økonomiske rammene er definerte og målet er størst mogleg konsensus om prioriteringar. Møreforsking skal også vidareformidle erfaringar og kunnskap til dei regionale aktørane og til Kommunal- og regionaldepartementet.

Om midlane skal bli vidareførte etter 2007, vil mellom anna vere avhengig av det nye statsstøtteregelverket til EU, som skal gjelde frå 2007. Det kan også bli aktuelt å gjeninnføre den differensierte arbeidsgivaravgifta i delar av landet, jf. kap. 7.6.

7.5 Handlingsrommet for nasjonal verkemiddelbruk

I internasjonale avtalar blir det lagt auka vekt på å regulere støtte til næringslivet. EØS-avtalen, WTO-avtalen om subsidiar og utjamningsavgifter og avtalen om landbruk i WTO er dei viktigaste avtalane på dette feltet. Disse avtalene får stadig meir å seie for omfanget og utforminga av næringsstøtte i Noreg.

Gjennom EØS-avtalen er norsk økonomi og næringsliv ein del av den indre marknaden i Europa og knytt opp mot dei same konkurransereglane som gjeld i EU. Reglane om statsstøtte går inn under konkurransereglane i EU/EØS og regulerer mellom anna nasjonale og distriktsretta støtteordningar til næringslivet. Konkurransen mellom bedrifter i ulike EØS-statar skal vere fri og rettvis («free and fair»). Reglane om statsstøtte byggjer på ei erkjenning om at statane kan undergrave like konkurransevilkår ved å gi bedrifter offentleg støtte. Derfor kan kvart enkelt land ikkje aleine avgjere om, kva slags og kor mykje, offentleg støtte næringslivet skal få. I samsvar med artiklane i EØS-avtalen om statsstøtte, fastset Kommisjonen og ESA mellom anna meir konkrete reglar for kva slags statsstøtte som skal vere tillaten. Desse reglane blir reviderte med jamne mellomrom. Omlegginga av ordninga med differensiert arbeidsgivaravgift i 2004 var ein konsekvens av at ESA og Kommisjonen meinte at denne ordninga er i strid med dei gjeldande reglane for regionalstøtte.

Boks 7.39 Konkurransereglar og offentleg støtte

Offentleg støtte til bedrifter grip inn i marknaden og kan påverka samhandelen mellom land, og er derfor ikkje i samsvar med ideen om like vilkår på den indre marknaden. Derfor er statsstøtte (offentleg støtte) som hovudregel forbode. Det er likevel gjort unntak som inneber at offentleg støtte i visse tilfelle likevel er lovleg. Slike unntak er heimla i artikkel 61 i EØS-avtalen. I tilfelle der støtte blir ramma av forbodet i artikkel 61(1), gir artikkel 62 i EØS-avtalen ESA mynde til å godkjenne ei planlagd støtte dersom minst eitt av dei fire alternative vilkåra som er lista opp i artikkel 61(3) bokstavane a – d er oppfylte. ESA og Kommisjonen er her gitt ei mynde til å utøve skjønn når minst eitt av vilkåra er oppfylt. Unntaket byggjer på det synet at offentleg støtte i somme tilfelle kan vere eit ønskjeleg og forsvarleg verkemiddel for regional utjamning eller for å oppnå gevinst for samfunnet, til dømes positive samfunnsgevinstar av forsking og utvikling. I praksis er fridommen til ESA til å utøve skjønn avgrensa gjennom reglar (ulike for ordningar om støtte), gjennom dei retningslinjene ESA har gitt med heimel i artiklane 5(2) bokstav b og 24 i ODA og ved at ESA er pålagt å vedta tilsvarande retningslinjer som Kommisjonen har vedtatt. Retningslinjene uttrykkjer dei nærmare vilkåra for og nivået på den støtta som kan rekne med å bli godkjent.

7.5.1 Handlingsrommet for næringsretta verkemiddel i regionalpolitikken

I samband med omlegginga av den differensierte arbeidsgivaravgifta oppnemnde Regjeringa våren 2004 eit utval for å vurdere kva handlingsrom EØS-avtalen gir for bruk av alternative verkemiddel retta mot næringslivet. Utvalet la fram innstillinga si, NOU 2004: 15, i august 2004.

Utvalet har kartlagt kva type verkemiddel som er lovlege å nytte under EØS-reglane for offentleg støtte. Utvalet har også samanfatta kunnskap om bruk av slike verkemiddel i andre EØS-land. Utvalet har gjennomgått dei mest relevante delane av regelverket for statsstøtte, kartlagt dei viktigaste bedriftsretta ordningane i Noreg som er knytte opp mot dei formåla som er legitime, og vurdert i kor stor grad handlingsrommet som reglane gir, er utnytta. Kartlegginga omfattar særleg støtte til nyinvesteringar, sysselsetjing, opplæring, konsulentbistand og andre tenester, forsking og utvikling, transportstøtte, risikokapital og miljøvern.

Rapporten er sendt ut til ei rekke aktørar, mellom anna til fylkesmenn, fylkeskommunar, Innovasjon Noreg, SIVA, Forskingsrådet og KS, til informasjon og for eventuelle kommentarar. Kommunal- og regionaldepartementet har fått totalt fem svar.

7.5.2 Regjeringa sine vurderingar

Regjeringa meiner at kartlegginga som er gjord i NOU 2004:15 på ein god måte synleggjer at det nasjonale handlingsrommet er relativt stort og at unntaka frå det generelle forbodet mot offentleg støtte opnar for fleire typar av verkemiddel. Rapporten er eit nyttig grunnlag for både nasjonale og regionale aktørar, ikkje minst i samband med regionale prioriteringar av bruken av dei midlane som er førte tilbake til regionane og næringslivet etter omlegginga av den differensierte arbeidsgivaravgifta. Samstundes meiner Regjeringa, til liks med utvalet, at den konkrete verkemiddelbruken må vurderast ut frå kva som er effektiv verkemiddelbruk regionalt og nasjonalt, ikkje berre kva som er lovleg.

Regjeringa meiner at dagens verkemiddelbruk til næringsretta innsats i regionalpolitikken er fornuftig, i tråd med regjeringa sine prioriteringar i regionalpolitikken og ikkje i strid med dei gjeldande reglane for offentleg støtte. Regjeringa legg ikkje opp til vesentlege endringar verken når det gjeld dei sentralt forvalta verkemidla eller når det gjeld dei overordna føringane for regionale utviklingsmidlar til fylka. Fram til nye reglar for statsstøtte innanfor regionalpolitikken trer i kraft, vil verkemiddelbruken frå nasjonalt hald derfor i store trekk liggje fast. Eventuelle endringar vil bli vurderte når endringar i retningslinjene for regional statsstøtte blir kjende. Dette er omtalt nærmare i kap. 7.6.

Ein aukande del av midlane blir forvalta regionalt. Dette gjeld både tilskot til fylkeskommunar for regional utvikling (kapittel 551, post 60) og næringsretta utviklingstiltak som kompensasjon for auka arbeidsgivaravgift (kapittel 551, post 61). Regjeringa meiner at utgreiinga til handlingsromutvalet kan vere til hjelp i arbeidet med å prioritere bruken av midlene regionalt. Når det gjeld næringsretta utviklingstiltak (kapittel 551, post 61) er arbeidet med bruken av midlane i fylka i ein utviklingsfase. Kommunal- og regionaldepartementet har engasjert Møreforsking til å følgje arbeidet med dei næringsretta utviklingstiltak i tre år framover.

Bruk av distriktsretta lån og tilskot til verksemder i det distriktspolitiske verkeområdet

Distriktskommisjonen og Effektutvalet peikar på at Noreg ikkje utnyttar heile handlingsrommet når det gjeld regional- og distriktspolitisk grunngitt tilskot og lån til verksemder. Dei peikar også på at evalueringar viser at slike verkemiddel er relativt effektive tiltak. Effektutvalet peiker samstundes på at evalueringane ikkje har rekna på eventuelle fortrengingseffektar, det vil seie verknader av om verksemdene som har mottatt støtte konkurrerar med andre verksemder i virkeområdet som ikkje har mottatt støtte. Utvalet peiker likevel på at dette ikkje treng å vere eit stort problem, sidan Innovasjon Noreg har betydeleg fokus på det.

Regjeringa meiner at lån og tilskot frå Innovasjon Noreg er relevante risikoavlastningsverkemiddel for å utløyse investeringar i distrikta og vil vidareføre desse ordningane. Regjeringa meiner at dagens rammer ligg på eit riktig nivå, og at innrettinga, der fylkeskommunane er gitt midlar og ansvar for å prioritere bruk av distriktsretta lån og tilskot via Innovasjon Noreg, er ein fornuftig bruk av handlingsrommet. Kundeundersøkingar av Innovasjon Noreg sin verkemiddelbruk tyder på at distriktsretta lån og tilskot er relevante sett i høve til behova til næringslivet og at ein kombinasjon av at prosjekt får tilgang til kapital, kompetanse og nettverk, utløyser viktige meirverdiar, slik innsatsen er meint å verke.

Regjeringa vil peike på at også annan innsats i det distriktspolitiske verkeområdet er viktig. Det gjeld både breie innsatsar gjennom generelle økonomiske rammevilkår, satsing på infrastruktur, verkemiddel som differensiert arbeidsgivaravgift, innsats for å fjerne flaskehalsar for innovasjon og stimulere til entreprenørskap, og innsats for omstilling. Alle desse innsatsområda er omtalte andre stader i denne meldinga. I område med tynne næringsmiljø og lange avstandar til større senter og marknader, kan tilfanget av gode investeringsobjekt også vere eit problem. For å få fram gode prosjekt med potensial for lønnsam næringsutvikling er det viktig med eit breitt spekter av verkemiddel og arbeidsmåtar. Dette har også Distriktskommisjonen peika på.

Både nasjonale og regionale styresmakter må heile tida gjere prioriteringar mellom ulike typar av verkemiddel. Sjølv om EU/EØS-regelverket opnar for at vi kan bruke meir pengar enn det vi gjer i dag på visse typar av tiltak, vil ikkje det seie at vi bør gjere det. Felles retningslinjer om statsstøtte i EØS-området regulerer maksimumsramma for offentleg næringslivsstøtte. Regjeringa og Stortinget kan og bør på fritt grunnlag vurdere kva som er fornuftige økonomiske rammer og formålstenleg verkemiddelbruk i regional- og distriktspolitikken. Innanfor nasjonalt bestemte rammer er det, som nemnt over, også opp til fylkeskommunane å prioritere innsatsområde og bruk av tildelte distrikts- og regionalpolitiske midlar og eigne midlar.

Notifisering av næringsretta støtteordningar

Kommunal- og regionaldepartementet vurderer jamleg om ny eller endra verkemiddelbruk i regional- og distriktspolitikken krev notifisering til ESA. I samband med omlegginga av den differensierte arbeidsgivaravgifta og etableringa av avbøtande tiltak og alternativ næringsretta verkemiddelbruk legg Regjeringa vekt på å vurdere eventuelle konsekvensar nye tiltak og endringar i tiltak har for eksisterande, notifiserte og ikkje-notifiserte, ordningar. Dette gjeld også bruken av bagatellmessig støtte. I denne samanhengen vil alle støtteordningane bli gjennomgåtte for å vurdere om det er behov for å notifisere nye eller endra ordningar.

7.6 Nye retningslinjer for bedriftsretta regionalpolitisk offentleg støtte frå 2007

Kommisjonen arbeider med å utvikle nye retningslinjer for regionalpolitisk statsstøtte som skal gjelde frå 1. januar 2007, når eksisterande retningslinjer går ut. Eit utkast til nye retningslinjer skal vere klare i mai 2005, og dei endelege retningslinjene er forventa vedtatte hausten 2005.

Regjeringa har vore aktive i heile prosessen. Gjennom omfattande skriftlege innspel i fleire rundar, i møte med Kommisjonen og gjennom samarbeid med andre land har Noreg argumentert for at det er nødvendig med ein viss fleksibilitet i retningslinjene. Dette gjeld både i høve til utforming av verkemiddel og i avgrensing av verkeområdet for regionalpolitisk støtte, slik at vi kan ivareta dei særlege behova som mellom anna er knytte til lange avstandar, spreidd busetnad, hardt klima og vanskeleg topografi i Noreg og i dei andre av dei nordlege delane av Europa. Noreg sendte sitt første skriftlege innspel til revisjonen av Kommisjonen sine retningsliner i juli 2003. Regjeringa argumenterte mellom anna for at det nye regelverket bør gi rom for ei ordning som differensiert arbeidsgivaravgift, ettersom dette er eit treffsikkert verkemiddel for å stimulere sysselsetjing og motverke avfolking.

Eit første konsultasjonsnotat blei sendt ut frå kommisjonen i mai 2004. I konsultasjonsnotatet foreslo Kommisjonen mellom anna å opne for andre formar for driftsstøtte, i tillegg til direkte transportstøtte, i regionar med kontinuerlig befolkningsnedgang. Dei norske kommentarane blei oversendte Kommisjonen i juli 2004. Her uttrykte Noreg mellom anna si støtte til at retningslinjene bør bli utforma slik at dei gir rom for differensiert arbeidsgivaravgift som verkemiddel.

Eit nytt kommentarutkast frå Kommisjonen, basert på skriftlege kommentarar og møte med medlemsland, regionar og organisasjonar, og med ESA og Noreg, blei lagt fram i januar 2005. Dette utkastet er nærmare omtalt under. Dei norske synspunkta på det siste kommentarutkastet frå Kommisjonen blei oversendte Kommisjonen 10. mars 2005. Kommunal- og regionalministeren har også hatt eit møte med den ansvarlege kommisjonæren for statsstøtte om dei norske synspunkta på nye retningslinjer.

Ved alle høve har det blitt lagt stor vekt på å få fram dei norske synspunkta om at retningslinjene som avgrensar regionalpolitisk grunngjeve offentleg støtte i EU/EØS må gi rom for nasjonale verkemiddel som er tilpassa dei særskilde regionalpolitiske utfordringane i kvart land, og på at differensiert arbeidsgivaravgift, som ein del av ein samla innsats, er eit effektivt verkemiddel for å møte dei spesielle regional- og distriktspolitiske utfordringane i Noreg. Noreg, Sverige og Finland har, så langt det har vore mogleg, samordna sine innspel til EU-kommisjonen.

7.6.1 Hovudpunkt i forslaget frå Kommisjonen

Kommisjonen legg i forslaget sitt til grunn konklusjonar frå Det Europeiske Råd om ein generell reduksjon av statsstøtta som prosentvis del av BNP og om meir målretta bruk av støtta. Dei foreslår at det nye regelverket berre skal omfatte dei fattigaste landa og regionane i EU/EØS, og i tillegg område med færre enn 12,5 innbyggjarar per km2 på NUTS III-nivå (fylkesnivå). Dette inneber ein vesentleg reduksjon i omfanget av det geografiske verkeområdet for regionalpolitisk statsstøtte i mange av EU sine medlemsland. Mange regionar i EU som i dag blir omfatta av regelverket, vil falle ut i det nye regelverket. Samstundes gjennomgår Kommisjonen også det meste av det horisontale, landsdekkjande regelverket (som støtte til FoU, til SMB, til innovasjon og miljøstøtte) for å gi medlemsstatane tilstrekkeleg fleksibilitet til å utforme støtteformar som skal fremme gjennomføringa av dei måla som er fastsette i Lisboa-prosessen.

Desse hovudpunkta i forslaget frå Kommisjonen er dei viktigaste for Noreg:

  • Område med færre enn 12,5 innbyggjarar per km2 på NUTS III-nivå skal framleis vere inkludert i regelverket for statsstøtte.

  • I område med færre enn 12,5 innbyggjarar per km2 skal dei maksimale støttesatsane til investeringar bli sette til 20 % for store bedrifter, 30 % for mellomstore bedrifter (opp til 250 tilsette) og 40 % for små bedrifter (opp til 50 tilsette). Dette fører til ein viss reduksjon for store bedrifter og ein auke for små bedrifter. Driftsstøtte i form av transportstøtte skal framleis vere lov i område med få innbyggjarar per km2 .

  • I regionar med mindre enn 8 innbyggjarar per km2 kan andre former for driftsstøtte enn transportstøtte aksepterast, med sikte på å motverke avfolking av desse områda. For denne typen av støtte vil det bli gjennomført periodiske vurderingar med omsyn til om støtta er i samsvar med fellesskapet sine interesser.

7.6.2 Vurderingar

Forslaga frå Kommisjonen er eit godt utgangspunkt for vidare dialog med Kommisjonen om det framtidige regelverket og gir i stor grad nødvendig rom for regionalpolitiske verkemiddel som er tilpassa norske utfordringar. Forslaget om at det for å motverke avfolking i regionar med færre enn 8 innbyggjarar per km2 skal bli opna for andre former for driftsstøtte enn transportstøtte, er eit heilt nytt element i statsstøtteregelverket.

Generelt har Noreg ei positiv holdning til Kommisjonen sitt mål om å redusere nivået på statsstøtte, og også til målet om ei sterkare målretting av støtta. Enkelte regionar i dei nordiske landa, spesielt dei lengst nord, står overfor særleg store utfordringar knytte til nedgang i folketal. Regjeringa meiner at differensiert arbeidsgivaravgift er eit treffsikkert og målretta verkemiddel for å styrkje grunnlaget for sysselsetjing og busetjing i desse områda. Dersom det blir høve til å gjeninnføre differensiert arbeidsgivaravgift i delar av landet, vil Regjeringa vurdere kvar og korleis dette skal skje.

Regjeringa støttar derfor forslaga frå Kommisjonen om å tillate andre former for driftsstøtte i regionar der det er større utfordringar knytte til nedgang i folketal. Kommisjonen har også i sitt andre kommentarutkast kome i møte forslaga frå Noreg, Sverige og Finland om at avgrensinga av desse regionane bør ta utgangspunkt i kriteriet 8 innbyggjarar per km2 . (Dette er det same kriteriet som for avgrensing av mål 6-området frå forhandlingane med EU i 1994). Kriteriet er enkelt og operasjonelt. Det er så langt ikkje klart frå Kommisjonens side om det er landsdelar (NUTS II) eller fylke (NUTS III) som skal leggjast til grunn for den geografiske avgrensinga av kor andre former for driftsstøtte enn transportstøtte skal kunne nyttast. Regjeringa vil arbeide aktivt for at minimum dei fire nordlegaste fylka blir med i det norske verkeområdet for slik støtte.

Det er positivt at Kommisjonen foreslår å vidareføre kriteriet om at det kan bli gitt regionalpolitisk statsstøtte i område med mindre enn 12,5 innbyggjarar per km2. . Det er ønskjeleg at det nye regelverket tillet ein viss fleksibilitet i avgrensinga av verkeområdet, slik at det nye verkeområdet også kan bli tilpassa til dei norske regionalpolitiske utfordringane. I det føreliggjande forslaget frå Kommisjonen er det ikkje opna for slik fleksibilitet. Ut frå forslaget vil det derfor berre vere lov med særskild regionalpolitisk heimla statsstøtte i dei fire nordlegaste fylka og i Sogn og Fjordane, Aust-Agder, Telemark, Oppland og Hedmark. Det inneber at ingen regionar eller kommunar i Sør-Trøndelag, Møre og Romsdal, Hordaland, Rogaland eller Vest-Agder i utgangspunktet vil kunne inkluderast i verkeområdet for distriktsretta investeringsstøtte.

Regjeringa har derfor nytta alle høve til å ta opp med Kommisjonen at det nye regelverket må tillate ein viss fleksibilitet i avgrensinga av det geografsike verkeområdet. Dette har vore eit viktig tema både i skriftlege innspel og i møter på ulike nivå. Ei løysing norske styresmakter har foreslått, er at regelverket gir opning for å bytte ut sterke regionar (bu- og arbeidsmarknadsområde og/eller kommunar) i fylke med færre enn 12,5 innbyggjarar per km2 med svakare regionar/kommunar i fylke med over 12,5 innbyggjarar per km2 . Dette er eit prinsipp som mellom anna allereie blir brukt innanfor regelverket for transportstøtte, og som både er gjennomsiktig og kontrollerbart. Regjeringa vil fortsette det aktive arbeidet for å sikre at det regelverket som blir endeleg vedtatt til hausten inneheld ein slik fleksibilitet.

Dei maksimale støttesatsane som er foreslått for investeringstilskot, er i hovudsak dei same som i dag. Dei gir etter Regjeringa si vurdering eit tilfredsstillande handlingsrom for å kunne gi offentleg støtte til nødvendige bedriftsretta tiltak innanfor verkeområdet.

Fotnotar

1.

Innsatsen i tiltakssona blei drøfta i St.meld. nr. 8 (2003–2004) Rikt mangfald i nord, og vil ikkje bli nærmare omtalt her.

2.

Rapportane for 2004 var ikkje klare før meldinga var ferdig.

3.

Akershus og Oslo har felles kontor. Det same gjeld Vest- og Aust-Agder.

4.

Forklaring til tabellen: Nokre av programma dekkjer fleire målgrupper og geografiske område og er derfor plasserte fleire stader i tabellen. «Distriktspolitisk verkeområde» tyder at hovuddelen av innsatsen skjer i verkeområdet, men at det også er aktivitet utanfor verkeområdet. NT-programmet er organisert som ei sjølvstendig eining, men midlane blir kanaliserte via Innovasjon Noreg. IN = Innovasjon Noreg, SIVA = Selskapet for industrivekst SF, FR = Forskingsrådet.

Til forsida