St.meld. nr. 29 (2007-2008)

Eksport av forsvarsmateriell frå Noreg i 2007, eksportkontroll og internasjonalt ikkje-spreiingssamarbeid

Til innhaldsliste

1 Innleiing og samandrag

Med denne stortingsmeldinga legg Regjeringa fram informasjon om norsk eksportkontroll når det gjeld våpen, ammunisjon og anna militært materiell 1 og fleirbruksvarer 2. Meldinga reflekterer omfanget av den faktiske eksporten i 2007 av forsvarsmateriell som er oppført på Utanriksdepartementets liste I 3, og av tenester og teknologi i tilknyting til desse varene. Liste I omfattar både A-materiell, som er våpen og ammunisjon og anna militært materiell som i vesentleg grad kan påverke dei militære styrkeforholda utover nærområdet, og B-materiell, som er andre varer som spesielt er utvikla eller modifiserte for militære formål.

Den samla verdien av eksporten i 2007 var om lag 3,6 milliardar kroner. Av dette utgjorde sal ca. 3,2 milliardar kroner, tenester om lag 308 millionar og reparasjonar for utanlandske eigarar ca. 130 millionar kroner. A-materiell utgjorde i overkant av 2 milliardar kroner og B-materiell ca. 1,2 milliardar kroner. Til samanlikning utgjorde den samla eksporten i 2006 rundt 3,5 milliardar.

I 2007 gjekk 92 % av eksporten av A-materiell og 84 % av eksporten av B-materiell til NATO-land og til Sverige og Finland. Samanlikna med 2006 var det i 2007 ein markert nedgang i den totale eksportverdien av B-materiell på nær 22 %, og eksporten av A-materiell auka med ca. 45 %.

I meldinga blir det gjort greie for norsk politikk når det gjeld strategisk eksportkontroll, og praktiseringa av det aktuelle regelverket i lisensieringsarbeidet og samarbeidet med andre etatar for å sikre gjennomføring av ein mest mogeleg effektiv kontroll. I tillegg går vi inn på det internasjonale samarbeidet leverandørlanda har etablert for å sikre høge internasjonale standardar som utgangspunkt for gjennomføringa av kontrolltiltak på nasjonalt plan.

Regjeringa er oppteken av å gi størst mogeleg åpenhet om og innsyn i utførselen av forsvarsmateriell frå Noreg. Stortingsbehandlinga av st.meld. nr. 19 (2005–2006) og st.meld. nr. 33 (2006–2007) har vist at det er brei tverrpolitisk semje om at dette er viktig. Ved behandlinga av begge dei to siste stortingsmeldingane har innstillinga frå Utanrikskomiteen vore samrøystes.

Regjeringa går i årets melding vidare for å gi auka innsyn. I meldinga i år blir det derfor for første gong lagt fram informasjon om eksport av sivile varer til militære sluttbrukarar og om utførsel av verneutstyr til bruk for humanitære organisasjonar i samband med minerydding. Elles følgjer meldinga i hovudsak same formatet som meldingane om eksporten i 2005 og 2006. Det blir informert om kva slag militære varer som er utførte til kva land, verdien av eksporten fordelt på land og regionar og om eige materiell som forsvarsstyresmaktene utfører. Vidare omtalar meldinga utførsel av handvåpen frå Noreg, formidling av forsvarsmateriell mellom tredjeland og overføring av produksjonsrettar for forsvarsmateriell til utlandet. I tillegg blir det opplyst om avslag på lisenssøknadar grunngitt i EU-kodeksen for våpeneksport.

Då st.meld. nr. 33 (2006–2007) blei framlagd 15. juni 2007, inviterte Regjeringa presse og organisasjonar til eit møte for å presentere innhaldet i meldinga. Initiativet blei godt motteke, og ein tek sikte på å vidareføre denne typen informasjonsmøte.

Regjeringa vil vidareføre praksisen med å konsultere og informere Stortinget om særleg omfattande og viktige saker. Det er etablert føreseielege retningslinjer for korleis Utanriksdepartementet skal praktisere regelverket. Dei årlege stortingsmeldingane som er framlagde sidan 1996, har gjort greie for denne praksisen og gitt omfattande innsyn i omfanget av eksporten.

I Noreg har vi sidan etterkrigsåra hatt brei politisk semje om eksporten av forsvarsmateriell. Regelverket og praksisen baserer seg på ei regjeringserklæring og eit stortingsvedtak av 11. mars 1959. Erklæringa slo fast at «hovedsynspunktet bør være at Norge ikke vil tillate salg av våpen og ammunisjon til områder hvor det er krig eller krig truer, eller til land hvor det er borgerkrig». Stortinget tok «til etterretning den erklæring Statsministeren på vegne av Regjeringen har lagt frem. Stortinget vil sterkt understreke at eksport av våpen og ammunisjon fra Norge bare må skje etter en omhyggelig vurdering av de uten- og innenrikspolitiske forhold i vedkommende område. Denne vurderingen må være avgjørende for om eksport skal finne sted».

I 1997 slutta Stortinget seg samrøystes til ei presisering om at «Utenriksdepartementets vurdering av disse forholdene omfatter en vurdering av en rekke politiske spørsmål, herunder spørsmål knyttet til demokratiske rettigheter og respekt for grunnleggende menneskerettigheter». Endå omsynet til menneskerettane og humanitærretten frå før var eit sentralt element i vurderinga av søknader om eksport av forsvarsmateriell, avgjorde Regjeringa i 2007 å ta denne presiseringa inn i retningslinjene. 4

Utanriksdepartementet er ved kongeleg resolusjon gitt mynde til å administrere eksportkontrollova og utarbeide forskrifter og retningslinjer for å sikre ei effektiv gjennomføring av kontrollen. Departementet er òg lisensieringsinstans.

Noreg praktiserer ei svært streng handheving av eksportkontrollregelverket for å sikre at forsvarsmateriell ikkje kjem på avveie. Dette er bakgrunnen for at hovudmottakarane av norsk forsvarsmateriell er medlemsland i NATO og andre nærståande land. 5 Noreg sel forsvarsmateriell bare til bruk for myndigheter.

Dokumentasjon som godtgjer kven som er mottakar av forsvarsmateriellet, må liggje føre før utførselsløyve blir innvilga. Regjeringa vil vidareføre denne praksisen. I kapittel 3 er det gjort nærare reie for regelverket og krava til sluttbrukardokumentasjon. Noreg deltek vidare aktivt innanfor fleire internasjonale fora for tiltak som skal hindre at våpen kjem på avveie.

Ved utførsel av forsvarsmateriell til land utanfor NATO og den nærståande landgruppa blir dei nemnde retningslinjene nøye vurderte og strengt praktiserte. Dersom det blir konkludert med at slikt sal kan tillatast, må det leggjast fram sluttbrukardokumentasjon der mottakaren erklærer at vedkommande er endeleg mottakar av materiellet, opplyser kvar det skal installerast og brukast og forsikrar at materiellet ikkje skal vidareseljast utan samtykke frå norske styresmakter.

Ved tildeling av løyve til sal av forsvarsmateriell er spørsmålet om framtidig vedlikehald, reparasjon og levering av reservedelar ein del av den totalvurderinga departementet gjer. Omsynet til norske leverandørar som truverdige handelspartnarar er òg eit moment som styresmaktene må ta med i vurderinga når det gjeld å gi løyve til oppfølgingsleveransar.

Kontrollen med eksport av fleirbruksvarer 6 tek sikte på å hindre spreiing av masseøydeleggingsvåpen og er utelukkande basert på samordning av kontrolltiltak innanfor ramma av internasjonalt samarbeid. Dei siste åra har det òg utvikla seg eit nærmare samarbeid i internasjonale forum om betre kontroll med konvensjonelle våpen, særleg handvåpen og lette våpen. Dette er ei utvikling Regjeringa støttar aktivt. I løpet av våren 2008 tek Regjeringa sikte på å leggje fram ei eiga stortingsmelding om det aktive norske engasjementet for nedrusting og mot spreiing av masseøydeleggingsvåpen.

Utanriksdepartementet arbeider stadig med å sikre eit tidsmessig og effektivt regelverk. Med verknad frå 1. juli 2005 blei det gjort endringar i eksportkontrollova for å reflektere at kontrollen også rettar seg mot leveransar som kan vere meinte for utøving av terrorhandlingar. Ved denne endringa blei det likeins etablert heimel til å utøve kontroll med formidling av visse sensitive fleirbruksvarer mellom to framande land. Denne meldinga gjer greie for forskriftsendringar som blei gjorde i 2007 for å sikre gjennomføring av lovendringane. I st.meld. nr. 36 (2004–2005), st.meld. nr. 19 (2005–2006) og st.meld. nr. 33 (2006–2007) blei det gjort utførleg greie for det arbeidet Utanriksdepartementet gjer med lov- og forskriftsendringar.

Eksport av våpen og militært materiell byggjer på eit overordna internasjonalt prinsipp om at slik eksport er underlagd nasjonal suverenitet. Dette har utgangspunkt i at våpeneksport er nært knytt til kvart lands tryggings- og utanrikspolitiske interesser. Dette suverenitetsprinsippet er klart nedfelt i FN-pakta. Roma-traktaten slår fast at denne handelen ikkje er ein del av den felles EU-politikken, men at avgjerder om eksport av forsvarsmateriell skal takast på nasjonalt grunnlag. Samtidig har det dei siste åra utvikla seg eit stadig breiare internasjonalt samarbeid også når det gjeld handelen med konvensjonelle våpen. Dette samarbeidet er eit viktig bidrag til å hindre ulovleg våpenhandel og spreiing av masseøydeleggingsvåpen.

Noreg slutta seg til EU-kodeksen for eksport av våpen og militært materiell i 1998. Kodeksen har gjennomgått ei vesentleg styrking dei siste åra og dannar i aukande grad eit internasjonalt rammeverk for prinsippa om leveransar av våpen og militært materiell. I 2004 inngjekk Noreg som einaste ikkje-medlem eit nærmare samarbeid med EU innanfor ramma av EU-kodeksen.

Innanfor dei multilaterale eksportkontrollregima er det etablert eigne ekspertforum for handheving og kontroll, og informasjonsutvekslinga mellom deltakarlanda er vesentleg styrkt dei seinare åra. Tekniske arbeidsgrupper skal sikre at varelistene er oppdaterte og relevante i forhold til den teknologiske utviklinga og spreiingstrusselen. Årlege plenumsmøte fattar vedtak som medlemslanda skal gjennomføre i nasjonale regelverk og nasjonal praksis. Wassenaar-samarbeidet har vedteke standardar om felles kriterium for kontroll med berbare luftvernsystem (MANPADS) og handvåpen, og om felles kriterium for kontroll med formidling av våpen mellom tredjeland. I tillegg er det etablert retningslinjer som grunnlag for nasjonal kontroll med særleg sensitive fleirbruksvarer og tilsvarande teknologi.

Regjeringa vil arbeide for å styrkje retningslinjene i Wassenaar-samarbeidet ytterligare når det gjeld kontrollen med konvensjonelle våpen og relevant høgteknologi. I tillegg vil eit norsk initiativ innanfor ramma av Wassenaar-samarbeidet om å styrkje innsynet i internasjonal våpenhandel bli følgt aktivt opp framover.

Både EU-kodeksen og kontrollstandardane som er vedtekne innanfor Wassenaar-samarbeidet, legg føringar for korleis Noreg praktiserer eksportkontrollen med forsvarsmateriell. Dei åtte kodekskriteria og konsensusvedtaka frå Wassenaar-samarbeidet blir gjennomførte på grunnlag av det norske regelverket.

Noreg gjennomfører relevante vedtak om våpenembargo fatta av FNs tryggingsråd og OSSE anten dei er bindande eller ikkje. I praksis har Noreg også slutta seg til og etterlever EU-vedtak om våpenembargoar. Dette er ein politikk Regjeringa tek sikte på å vidareføre .

Det knyter seg stor uvisse til dei kjernefysiske aktivitetane i Iran og Nord-Korea. Arbeidet for å hindre spreiing av masseøydeleggingsvåpen er ei prioritert oppgåve for Regjeringa. Tryggingsrådet har vedteke bindande sanksjonar mot ei rekkje land, deriblant Nord-Korea og Iran. Sanksjonane rettar seg mot dei kjernefysiske programma i desse landa, også leveringsmiddel for masseøydeleggingsvåpen, og mot transport, formidling og eksport av konvensjonelle våpensystem. Resolusjonskrava blir gjennomførte i særskilde norske forskrifter og utgjer ein del av eksportkontrollregelverket.

Meldinga gjer òg greie for saksbehandlinga i Utanriksdepartementet når det gjeld søknader om utførselsløyve for forsvarsmateriell og fleirbruksvarer. Oppgåvene i samband med dette omfattar mellom anna produktklassifisering, sluttbrukarkontroll, informasjonsverksemd og samarbeid med eksportørane.

Forsterka internasjonal innsats medfører auka forventningar til at enkeltlanda evnar å gjennomføre effektiv eksportkontroll. Stadig meir avanserte kontrolltiltak og ein vesentleg auke i talet på søknader om eksportlisens har dei siste åra ført til at det blir stilt stadig større krav til kontroll- og lisensieringsapparatet. Dette gjeld både kompetansen og kapasiteten til å behandle lisenssøknader på ein måte som verken svekkjer den lovpålagde kontrollen eller er til ulempe for norske bedrifter i konkurranseutsette marknader.

Som ledd i å sikre gjennomføring av ein forsvarleg og effektiv eksportkontroll leier Utanriksdepartementet eit tverrinstitusjonelt samarbeid med Politiets tryggingsteneste, Tollvesenet og Forsvaret. Målet er at denne koordineringa av aktivitetane i dei ulike instansane skal medverke til å sikre både effektiv kontroll og best mogeleg ressursutnytting. Regjeringa legg stor vekt på at norske styresmakter skal ha eit fagleg godt og effektivt eksportkontrollapparat.

Dei siste åra har forsvarsindustrien gjennomgått store tilpassingar i takt med endringane i den internasjonale marknaden. Omstrukturering og internasjonalisering har ført til at norske forsvarsmateriellbedrifter har satsa på utvikling av nisjekompetanse innanfor ramma av fleirnasjonalt samarbeid. Utviklinga i retning av større globalisering i handelen med forsvarsmateriell og fleirbruksvarer kjem til å halde fram. Dette inneber behov for tilpassingar også når det gjeld eksportkontrollen i framtida. Regjeringa er oppteken av at Noreg skal stå i fremste rekkje i dette arbeidet.

Som ledd i målsetjinga om innsyn i internasjonal våpenhandel blir eit samandrag av stortingsmeldinga omsett til engelsk og lagt ut på heimesida til departementet (www.eksportkontroll.mfa.no).

Fotnotar

1.

Heretter kalla forsvarsmateriell.

2.

Fleirbruksvarer har i utgangspunktet sivile bruksområde, men kan i tillegg ha viktige militære bruksmåtar.

3.

Varene på liste I omfattar forsvarsmateriell. Utanriksdepartementets liste I (vedlegg 1) beskriv dette materiellet og tilhøyrande teknologi. Oversiktene i kapittel sju i meldinga omfattar berre verdien av utførte varer og tilhøyrande teknologi som står på liste I, og tenester knytte til desse varene.

4.

Retningslinjer av 28. februar 1992 for Utenriksdepartementets behandling av søknader om eksport av våpen, ammunisjon og annet militært materiell, samt teknologi og tjenester.

5.

Dei nordiske landa, NATO-medlemslanda og andre land som etter ei grundig vurdering kan ta imot forsvarsmateriell frå Noreg.

6.

Omtalt på Utanriksdepartementets liste II.

Til forsida