5 Utanriksdepartementets arbeid for auka innsyn
Regjeringa ønskjer størst mogeleg innsyn i utførselen av norsk forsvarsmateriell. I meldinga i år er det for første gong informert om utførsel av sivile varer til militære brukarar. Elles følgjer meldinga i hovudsak same formatet som st.meld. nr. 19 (2005–2006) og st.meld. nr. 33 (2006–2007).
Informasjonen i meldinga omfattar
beskriving av varene som er utførte, mellom anna korleis varene fordeler seg på kategori A og B
avslag på lisenssøknader
løyve til formidling av forsvarsmateriell frå eitt tredjeland til eit anna
løyve til overføring av produksjonsrettar
utførsel av handvåpen
relevante utlån av forsvarsmateriell frå forsvarsstyresmakta
utførsel av sivile varer til militære brukarar
utførsel av verneutstyr for humanitær minerydding
Det er lagt vekt på å gjere informasjonen meir oversiktleg ved bruk av grafiske framstillingar og forklaringar, mellom anna i form av fotnotar.
Dei siste åra er det gitt vesentleg utvida rett til innsyn i eksporten av forsvarsmateriell. Forsvarsbedriftene er pålagde rapporteringsplikt som krev godt innarbeidde system og rutinar.
Praktiseringa av innsynsretten må haldast innanfor dei avgrensingane som følgjer av teiepliktreglane i eksportkontrollova. Etter lova pliktar alle å yte den hjelp Utanriksdepartementet treng for å kontrollere at føresegnene i lova eller forskriftene er følgde. Det gjeld alle opplysningar som blir rekna som nødvendige i samband med behandlinga av søknader om eksportlisens. Ein slik rett til innhenting av bedriftssensitiv informasjon har sitt motstykke i dei strenge teiepliktreglane i lova.
Då st.meld. nr. 33 (2006–2007) om eksporten av forsvarsmateriell i 2006 blei lagd fram i juni 2007, inviterte Regjeringa presse og organisasjonar til eit møte for å presentere innhaldet i meldinga. Regjeringa tek sikte på å halde fram med slike informasjonsmøte.
Likeins vil Regjeringa vidareføre praksisen med å konsultere og informere Stortinget om særleg omfattande og viktige saker. Det er etablert føreseielege retningslinjer for korleis Utanriksdepartementet skal praktisere regelverket. Dei årlege stortingsmeldingane som er framlagde sidan 1996, har gjort greie for denne praktiseringa og gitt omfattande innsyn i omfanget av eksporten. Regjeringa vurderar fortløpande ulike sider ved auka eksportkontroll og vil drøfte dette med Stortingets organar på egna måte.