3 Eksportkontrollregelverket
Utanriksdepartementet har ansvaret for kontrollen med eksport frå Noreg av våpen, ammunisjon og anna militært materiell 1, fleirbruksvarer 2, teknologi og tenester. Ved kgl.res. av 18. desember 1987 nr. 967 er Utanriksdepartementet gitt fullmakt til å administrere eksportkontrollova og utarbeide forskrifter og retningslinjer for å sikre gjennomføring av dei lovpålagde eksportkontrolloppgåvene. Lova inneheld òg omfattande sanksjonsreglar. Kontrollistene (liste I og liste II) er ein del av forskriftsverket.
Den strategiske eksportkontrollen baserer seg på eiga lov og forskrift frå Utanriksdepartementet som skal sikre gjennomføring av kontrollen med eksport av forsvarsmateriell og fleirbruksvarer. Departementet behandlar søknader om løyve til å utføre forsvarsmateriell frå Noreg på grunnlag av dei retningslinjene Utanriksdepartementet har fastsett. I tillegg blir vedtak i Tryggingsrådet om sanksjonar gjorde til norske forskrifter for å sikre at tiltaka blir etterlevde. Forskriftene om sanksjonar mot Nord-Korea og Iran er omtalte for seg.
3.1 Eksportkontrollova
Eksportreguleringa er heimla i lov 18. desember 1987 nr. 93 om kontroll med eksport av strategiske varer, tjenester og teknologi m.v. Alle varer og tenester og all teknologi som kan verke inn på andre lands utvikling, produksjon eller bruk av produkt til militære formål, eller som direkte kan tene til å utvikle eit lands militære evne, og likeins varer og teknologi som kan brukast til å utøve terrorhandlingar, jf straffelova § 147 a) første ledd, må ikkje utførast utan løyve frå Utanriksdepartementet. Liste I (våpen og militært materiell) og liste II (fleirbruksvarer) omtaler produkt og teknologi som krev slikt løyve. Kontrollen med teknologi omfattar òg immateriell teknologioverføring.
Lova set forbod mot at personar med bustad eller opphaldsstad i Noreg og norske selskap, stiftingar og samanslutningar driv handel med, formidlar eller på annan måte hjelper til med sal av våpen og militært materiell frå eitt framandt land til eit anna utan særskilt løyve.
I tillegg er det lisensplikt for eksport av alle slag varer, teknologi og tenester til militær bruk til område der det er krig eller krig truar, eller til land der det er borgarkrig, og til område som er underlagde våpenembargo etter vedtak i Tryggingsrådet med heimel i FN-pakta kapittel VII.
Alle pliktar å gi Utanriksdepartementet den hjelp det treng for å kontrollere at føresegnene i lova eller forskriftene blir følgde. Det gjeld alle opplysningar som kan reknast som nødvendige i samband med behandlinga av søknader om eksportlisens. Ein slik rett til innhenting av bedriftssensitiv informasjon har sitt motstykke i teiepliktreglane i lova.
Eksportkontrollova inneheld eigne straffeføresegner. Forsettleg brot på regelverket kan straffast med bøter eller fengsel inntil fem år eller begge delar. Aktlaust brot kan straffast med bøter eller fengsel inntil to år. Når eit lovbrot er gjort av ein som handlar på vegner av eit selskap med avgrensa ansvar, eit kommandittselskap eller ei anna samanslutning eller ei stifting, kan føretaket ileggjast bot. Dersom eit tilfelle blir ramma av strengare straffebod, gjeld straffelova.
Kontroll med varer som kan brukast til terrorhandlingar
Opphavleg skulle eksportkontrollova 3 berre regulere utførsel som kunne «tjene til å utvikle et lands militære evne». I kjølvatnet av terroråtaka mot mål i USA 11. september 2001 sette Utanriksdepartementet i gang eit arbeid for å heimle kontroll med utførsel av andre typar varer, teknologi og tenester som kan brukast til terrorformål, mellom anna kontroll med formidling av visse særleg sensitive fleirbruksvarer.
Med verknad frå 1. juli 2005 blei verkeområdet for eksportkontrollova endra til å omfatte utførslar som kan brukast i utøvinga av terrorhandlingar. I tillegg blei lova endra til å heimle kontroll med formidling av fleirbruksvarer mellom to tredjeland. Endringane er omtalte i st.meld. nr. 19 (2005–2006) om eksporten av forsvarsmateriell frå Noreg i 2005 og st.meld. nr. 33 (2006–2007) om eksporten av forsvarsmateriell frå Noreg i 2006.
Gjennomføringa i forskrift tredde i kraft i 2007 og er nærmare omtalt i kap. 3.2 nedanfor.
Utanriksdepartementet arbeider òg med å styrkje kontrollen med varer og teknologi, mellom anna transport, når det ligg føre informasjon om at varene er tenkte til terrorformål. Arbeid som Justisdepartementet har sett i gang for å styrkje straffelova på dette området, må avventast før ein kan gå vidare med dette.
3.2 Forskrift til gjennomføring av eksportkontrollen
Forskrift frå Utanriksdepartementet av 10. januar 1989 fastset nærmare reglar om gjennomføringa av eksportreguleringa. Forskrifta inneheld m.a. krav om lisens ved utførsel av varer og tilhøyrande teknologi på vareliste I (våpen og militært materiell) og vareliste II (fleirbruksvarer). Løyve krevst òg ved utførsel av nærmare spesifisert teknologi, mellom anna immaterielle ytingar, tekniske datapakkar og produksjonsrettar for varer, og likeins visse tenester. Vidare inneheld forskrifta føresegner om visse unntak frå lisensplikta, høve til tilbakekalling av lisensar og administrative føresegner om oppbevaring av løyve og rett for departementet til å setje vilkår for tildeling av lisens.
Arbeidet med forskriftsendringar
I st.meld. nr. 36 (2004–2005) og st.meld. nr. 19 (2005–2006) om utførsel av forsvarsmateriell frå Noreg, eksportkontroll og internasjonalt ikkje-spreiingssamarbeid blei det gjort greie for forskriftsendringar som blei gjennomførte i 2004.
For å sikre gjennomføring av lovendringa som tok til å gjelde 1. juli 2005, vedtok Utanriksdepartementet forskriftsendringar med verknad frå 4. juli 2007 for å styrkje kontrollen med alle varer som kan vere tenkte til bruk i eit program for masseøydeleggingsvåpen (såkalla «fangar alt»-kontroll), og dessutan føresegner om formidling av fleirbruksvarer.
Etter forskriftsendringane lyder § 1 bokstav g) og i) slik:
§ 1 g. Uten hensyn til Utenriksdepartementets lister er det lisensplikt for utførsel av enhver vare, teknologi og tjenesteytelse der eksportøren er kjent med eller har grunn til å forstå at varen, teknologien eller tjenesten er eller kan være ment, helt eller delvis, for bruk i forbindelse med utvikling, produksjon, håndtering, drift, vedlikehold, lagring, deteksjon, identifikasjon eller spredning av kjemiske, biologiske eller kjernefysiske våpen eller andre kjernefysiske sprenglegemer. Tilsvarende regler gjelder i forbindelse med utvikling, produksjon, vedlikehold eller lagring av missiler som kan levere slike våpen.
§ 1 i. Handel, formidling eller annen bistand ved salg av de militære varer og teknologi som omfattes av liste I fra et fremmed land til et annet, er ikke tillatt uten tillatelse fra Utenriksdepartementet. Tilsvarende gjelder ved formidling av varer oppført på Utenriksdepartementets liste II, samt for tilhørende teknologi og tjenesteytelse der det er kjent eller grunn til å forstå, at varen, teknologien eller tjenesten er eller kan være ment, helt eller delvis, for bruk i forbindelse med utvikling, produksjon, håndtering, drift, vedlikehold, lagring, deteksjon, identifikasjon eller spreiing av kjemiske, biologiske eller kjernefysiske våpen eller andre kjernefysiske sprenglegemer, og i forbindelse med utvikling, produksjon, vedlikehold eller lagring av missiler som kan levere slike våpen.
Desse to endringane representerer ei vesentleg styrking av kontrollen med alle varer som kan brukast i samband med eit masseøydeleggingsprogram. Det same gjeld kontrollen med forsvarsmateriell eller fleirbruksvarer som blir formidla mellom to tredjeland.
I tillegg blei det ved forskriftsendringa gjort ei presisering av eksisterande unntak frå lisensplikta når det gjeld retur av utstyr tilhøyrande eit NATO- eller EU-land etter øving eller trening i Noreg.
Anna lisensplikt. Særlege unntak frå lisensplikt
I tillegg til lisensplikta for varer, teknologi og tenester som står i kontrollistene, er det reglar i forskriftene som i spesielle tilfelle fangar opp varer som ikkje står i listene. Ein slik regel er retta mot masseøydeleggingsvåpen, jf omtale ovanfor av §1 bokstav g).
Når det gjeld varer til militær bruk, finst det to «fangar alt»-reglar i forskriftene (§ 1 bokstav f) og h)). For det første heiter det at ved utførsel for militær bruk til område der det er krig eller krig truar, eller til land der det er borgarkrig, er alle typar varer, teknologi og tenester lisenspliktige sjølv om dei ikkje står på listene. I tillegg er det lisensplikt for alle typar varer, teknologi og tenester til militær bruk i område som er underlagde våpenembargo vedteken av Tryggingsrådet med heimel i FN-pakta kapittel VII. Dette er i tråd med vedtak fatta innanfor ramma av Wassenaar-samarbeidet.
For gjennomføring av bindande vedtak i Tryggingsrådet om fullstendig eller delvis handelsembargo mot visse land, blir det utferda forskrifter med heimel i lov 7. juni 1968 nr. 4 om gjennomføring av bindende vedtak av De forente nasjoners Sikkerhetsråd. På denne måten blir bindande vedtak i Tryggingsrådet gjorde til norsk rett.
3.3 Utanriksdepartementets retningslinjer
Utanriksdepartementet behandlar søknader om eksport av våpen, militært materiell, teknologi og tenester for militære formål på grunnlag av retningslinjene frå 28. februar 1992. Retningslinjene blir òg lagde til grunn i vurderinga av eksportsøknader om sivile varer til militær sluttbruk.
Med 1959-vedtaket og presiseringa frå 1997 som politisk utgangspunkt (kapittel 2) fastset retningslinjene prinsipp som det skal leggjast vekt på når Utanriksdepartementet behandlar søknader om eksport av forsvarsmateriell med heimel i eksportkontrollova og -forskriftene.
Den militærtekniske utviklinga sidan 1959 har medført at dei omsyna regjeringserklæringa og stortingsvedtaket tok utgangspunkt i, berre kan varetakast gjennom ei eksportregulering som femner om meir enn det som utan vidare følgjer av ordlyden i erklæring og vedtak. Retningslinjene skal sikre dette. Dei gjeld både ved behandling av søknader om eksportlisens for våpen og ammunisjon og for anna materiell konstruert eller modifisert for militære formål, ved delleveransar og for teknologi og tenesteytingar.
Det er definert tre landgrupper som er retningsgivande for Utanriksdepartementet i vurderinga av kven som kan ta imot forsvarsmateriell frå Noreg.
Landgruppe 1 er NATO-medlemslanda og dei nordiske landa, i tillegg til andre land som etter ei grundig vurdering kan godkjennast av Utanriksdepartementet som mottakarar av våpen og ammunisjon.
Landgruppe 2 er land som Noreg ikkje eksporterer forsvarsmateriell til. Dette er land der det er krig eller krig truar, land der det er borgarkrig, land som det ikkje bør eksporterast forsvarsmateriell til etter ei omhyggeleg vurdering av dei utan- og innanrikspolitiske tilhøva, og land som Tryggingsrådet har vedteke sanksjonar mot.
Landgruppe 3 er land utanfor gruppe 1 og 2 som Noreg ikkje sel våpen og ammunisjon til, men som etter ei grundig vurdering eventuelt kan ta imot anna militært materiell.
Varene som er omfatta av retningslinjene, står på liste I (våpen, ammunisjon og anna militært materiell). Retningslinjene skil mellom kategori A-materiell og kategori B-materiell.
Kategori A-materiell er våpen og ammunisjon av alle slag, og materiell som i vesentleg grad vil kunne påverke dei militære styrkeforholda utover nærområdet, mellom anna materiell for havovervaking og elektroniske tiltak mot satellittborne system.
Kategori B-materiell er anna forsvarsmateriell som ikkje har eigenskapar eller bruksområde som definert for varekategori A.
Eksportsøknaden blir behandla uavhengig av om utførselen til mottakarlandet skjer direkte eller indirekte.
Kategori A- og kategori B-produkt kan som hovudregel ikkje leverast til land i gruppe 2.
For eksport av varer i kategori A kan det normalt innvilgast eksportlisens dersom kunden er eller opptrer på vegner av forsvarsstyresmakta i eit land i gruppe 1. Dokumentasjon må godtgjere dette.
I tillegg gir retningslinjene nærmare føresegner om lisensiering av samarbeids- og utviklingsprosjekt, fleirnasjonale produkt, eksport av varer med sjølvstendig funksjon, eksport av teknologi (m.a. produksjonsrettar og datapakkar), delleveransar og tenesteytingar. Retningslinjene er offentleggjorde for at det skal vere lettare å vurdere utsiktene til å få utførselsløyve.
Dokumentasjonskrav og sluttbrukarkontroll
I tillegg til dei politiske vurderingane skal behandlinga i Utanriksdepartementet sikre at det ligg føre tilfredsstillande dokumentasjon før utførselsløyve kan innvilgast. Kravet til dokumentasjon er avhengig av det endelege mottakarlandet og kva slag materiell det er snakk om.
Eksport av våpen og anna militært materiell mellom forsvarsstyresmakter i NATO-land byggjer på eit langsiktig utanriks- og tryggingspolitisk samarbeid der leveransar av materiell mellom partane er forankra i avtalar og mangeårig praksis.
Ved utførsel av forsvarsmateriell til medlemsland i NATO eller til nærståande land som etter ei grundig vurdering er godkjende som mottakarar av forsvarsmateriell, krevst dokumentasjon som godtgjer kven sluttbrukaren er. Det blir såleis ikkje lagt geografiske avgrensingar på kvar forsvarsstyresmaktene i NATO-land kan bruke militært materiell importert frå Noreg. Når det gjeld innsatsvarer som krut og sprengstoff eller komponentar, må det liggje føre ei kundeerklæring om at materiellet fullt ut skal inngå i produksjonen hos importøren. Dokumentasjonen må òg gi forsikringar om at materiellet ikkje skal vidareeksporterast separat, og at det skal inngå i det ferdige produktet utan at dette står fram som norsk.
Søknader om eksport til land utanfor den allierte og nærståande krinsen av land blir underkasta ei grundig vurdering av dei aktuelle utanriks- og innanrikspolitiske tilhøva, jf. Utanriksdepartementets retningslinjer. Dersom konklusjonen er at eksport kan tillatast, må det leggjast fram dokumentasjon der mottakaren erklærer at vedkommande er endeleg brukar/mottakar av materiellet, og at materiellet ikkje skal bli vidarelevert utan etter samtykke frå norske styresmakter. Dokumentasjonen må òg gi opplysningar om kvar materiellet skal installerast og brukast. I visse tilfelle kan det stillast krav om at sluttbrukarerklæringa skal vere stadfest av styresmakt.
Innanfor ramma av det multilaterale eksportkontrollsamarbeidet blir det m.a. utveksla informasjon om avslag på søknader om eksport av forsvarsmateriell. Sjølv om eit enkeltland ikkje er bunde av avslag frå andre, blir det teke omsyn til denne typen informasjon. Noreg arbeider aktivt for etablering av forpliktande førehandskonsultasjonar i tilfelle der eit land vurderer ein søknad om eksport av tilsvarande varer som eit anna land har avslått søknad om eksportlisens på. Målsetjinga er at ein slik framgangsmåte over tid skal føre til ein meir felles, ansvarleg internasjonal praksis i handelen med våpen og militært materiell.
Innanfor OSSE og Wassenaar-samarbeidet er det vedteke rettleiande format for sluttbrukarsertifikat. Når det gjeld utførsel av berbare luftvernsystem (MANPADS), har medlemslanda i Wassenaar-samarbeidet vedteke strenge retningslinjer. Desse retningslinjene omfattar også krav til sluttbrukarkontroll, mellom anna krav om dokumentasjon på styresmaktnivå. Tilsvarande retningslinjer er vedtekne av OSSE.
Delleveransar, samarbeidsavtalar og fleirnasjonale produkt
Retningslinjene tek omsyn til at eksporten kan ha ulike formål, t.d. samarbeids- og utviklingsprosjekt, tenester eller teknologioverføringar. Produkta kan ha sjølvstendig funksjon eller vere delleveransar. Delar er varer utan sjølvstendig funksjon, t.d. elektronikkomponentar, programvare eller metallhylser. Søknader om delleveransar blir i utgangspunktet behandla på same måten som ved eksport av sluttproduktet. Ved samarbeidsavtalar som er godkjende av norske styresmakter, jf retningslinjene kap. VII.2, kan krav til sluttbrukardokumentasjon fråvikast i unntakstilfelle. Desse reglane skal brukast når det ferdige produktet ikkje står fram som norsk.
På visse vilkår kan det òg gjerast unntak frå hovudregelen om norsk sluttbrukarkontroll dersom produktet er eit resultat av eit fleirnasjonalt samarbeid. Dersom det endelege produktet ikkje står fram som norsk, kan det ferdige produktet eksporterast etter reglane i samarbeidslandet, jf retningslinjene kap. III om samarbeids- og utviklingsprosjekt.
Retningslinjene frå 1992 gjorde det ikkje heilt klart korleis søknader om utførsel av produkt med fleirnasjonal identitet skulle behandlast. Auka integrasjon i forsvarsindustrien og større internasjonalt samarbeid om utvikling og produksjon av forsvarsmateriell skapte nye utfordringar for eksportkontrollen.
I 1998 blei det difor teke inn eit nytt kapittel IV som gir nærmare reglar for behandlinga av fleirnasjonale produkt.
3.4 Oversikt over FN-sanksjonar, EU-tiltak og terrorismetiltak som inneheld våpenembargoar
Sanksjonsregime vedtekne av Tryggingsrådet
Sanksjonar som er vedtekne gjennom bindande vedtak i Tryggingsrådet, er gjennomførte i norsk rett ved forskrift med heimel i lov 7. juni 1968 nr. 4 til gjennomføring av bindende vedtak av De Forente Nasjoners Sikkerhetsråd (gjennomføringslova).
Desse sanksjonsregima inneheld våpenembargo og er gjennomførte med heimel i gjennomføringslova: 4
1990.08.09 nr 0635: Forskrift om gjennomføring av De Forente Nasjoners Sikkerhetsråds resolusjoner om sanksjoner mot Irak
1992.02.07 nr 0077: Forskrift om sanksjoner mot Somalia
1992.11.27 nr 0879: Forskrift om sanksjoner mot Liberia
1997.10.23 nr 1116: Forskrift om sanksjoner mot Sierra Leone
1999.12.22 nr 1374: Forskrift om sanksjoner mot Usama bin Laden, Al-Qaida og Taliban
2003.10.10 nr 1221: Forskrift om sanksjoner mot Den demokratiske republikken Kongo
2004.12.10 nr 1617:Forskrift om sanksjoner mot Elfenbenskysten
2006 – 06 – 02 nr 573: Forskrift om sanksjoner mot visse grupper, militser og personer som opererer i Darfur-provinsen i Sudan
2006 – 09 – 08 nr 1040:Forskrift om sanksjoner mot aktører i Libanon
2006 – 12 – 15 nr 1405:Forskrift om sanksjoner mot Nord-Korea
2007 – 02 – 09 nr 149: Forskrift om sanksjonar mot Iran
Terrorismetiltak
Desse terrorismetiltaka inneheld våpenembargo:
Tryggingsrådsresolusjon 1540 (ikkje-spreiing av masseøydeleggingsvåpen)
Tryggingsrådsresolusjon 1267/1333/1390/1455/1617/1677/1735(sanksjonar mot Al-Qaida/Taliban)
Tiltaksregime i EU
EU-landa har vedteke ei rekkje felles ikkje-spreiingstiltak overfor ulike land. Fleire av desse tiltaksregima inneheld m.a. føresegner som skal hindre leveransar av våpen og militært materiell. Noreg blir invitert til å slutte opp om desse felles haldningane, som ofte blir gjennomførte på politisk grunnlag innanfor ramma av det eksisterande eksportkontrollregelverket.
Norsk tilslutnad til tiltaksregima i EU eller andre internasjonale ikkje-militære tiltak kan òg gjennomførast ved forskrift med heimel i lov 27. april 2001 nr. 14 om iverksetjing av internasjonale, ikkje-militære tiltak i form av avbrot eller avgrensing av økonomisk eller anna samkvem med tredjestatar eller rørsler § 1.
3.5 Vedtak i Tryggingsrådet om sanksjonar mot Iran
Tryggingsrådet vedtok sanksjonar mot Iran 23. desember 2006 (resolusjon 1737), 24. mars 2007 (resolusjon 1747) og 3. mars 2008 (resolusjon 1803). Sanksjonane rettar seg mot det kjernefysiske programmet i Iran, også leveringsmiddel for masseøydeleggingsvåpen, og mot transport, formidling og eksport av konvensjonelle våpen. Sanksjonane omfattar likeins reiserestriksjonar for iranske statsborgarar som er knytte til det kjernefysiske programmet, og forbod mot investeringar og finansiering i samband med dette.
Det er utarbeidd ei eiga norsk forskrift 5 for å sikre gjennomføring av resolusjonane. Ved gjennomføring av eksportkontrolltiltak skal alle statar hindre eksport til Iran av produkt som er regulerte av dei multilaterale eksportkontrollregima for kjernefysisk eksport 6 og missilteknologi 7. Alle statar skal dessutan hindre eksport av alle typar varer som Iran kan bruke til opprikingsverksemd, opparbeiding av tungtvassrelaterte aktivitetar eller utvikling av leveringsmiddel for kjernevåpen. Før løyve til eksport av dei listeførte varene til Iran kan innvilgast, må den endelege sluttbruken og staden varene skal til, kunne verifiserast effektivt.
Vidare gjeld forbod mot eksport av våpensystem til Iran og transport og formidling av våpen til landet.
3.6 Tryggingsrådsvedtak om sanksjonar mot Nord-Korea
Med utgangspunkt i tryggingsrådsresolusjon 1718, vedteken 14. oktober 2006, fastsette Utanriksdepartementet ei eiga forskrift 8 om sanksjonar mot Nord-Korea for å sikre gjennomføring i nasjonal rett.
Forskrifta set m.a. forbod mot at norske rettssubjekt og alle som oppheld seg på norsk territorium, leverer våpensystem, nærmare spesifisert militært materiell eller fleirbruksvarer for masseøydeleggingsvåpen til Nord-Korea. I tillegg inneheld forskrifta forbod mot eksport av visse luksusvarer og føresegner om frysing av formuesgode som visse personar og einingar har til rådvelde.
3.7 EU-kodeksen
Noreg slutta seg til EU-kodeksen for våpeneksport i 1998. Dei åtte kriteria i kodeksen har til no vore handheva innanfor ramma av det norske regelverket. Kodeksen har utvikla seg til å bli eit internasjonalt referanseverk for lisensiering av våpen og militært materiell. I det multilaterale eksportkontrollsamarbeidet blir det i aukande grad vist til EU-kriteria. I tillegg dannar kodeksen i aukande grad ramma for innsyn i utførsel av våpen og militært materiell. I EU blir det no arbeidd for å vidareutvikle og styrkje kodeksen.
Frå norsk side er det lagt vekt på å medverke til internasjonal aksept for høge standardar på dette området. Det gjeld både ansvarleg behandlinga av søknader om utførsel og høve til innsyn i slik handel. På denne bakgrunnen inngjekk Noreg og EU i 2004 ein avtale om eit nærmare samarbeid innanfor ramma av kodeksen. Samarbeidet inneber m.a. at det jamleg skal utvekslast informasjon om avslag på søknader om eksport av våpen og militært materiell med utgangspunkt i kriteria i kodeksen. Oversikt over avslag på søknader om utførselslisens for våpen og militært materiell etter kodeksen går fram av kapittel 9.
Kodeksen har som hovudformål å hindre våpenleveransar som er i strid med internasjonale ikkje-spreiingsreglar. Kriteria krev m.a. at eksportkontrollinstansane skal vurdere om det er ein klar risiko for at den planlagde eksporten kan bli brukt til intern undertrykking, kan framprovosere eller forlengje væpna konfliktar eller kan forverre eksisterande spenningar i mottakarlandet, eller om det ligg føre ein klar risiko for at mottakaren vil bruke materiellet aggressivt mot ein annan stat eller for å tvinge gjennom territorialkrav med makt. Kodeksen føreset dessutan det skal takast omsyn til kva verknad den påtenkte eksporten kan ha på eigne og på vennlegsinna og allierte lands forsvars- og tryggingsinteresser, mellom anna risikoen for at utstyret kan bli brukt mot eigne styrkar eller mot styrkane til vennlegsinna og allierte land. I tillegg skal det takast omsyn til korleis kjøparlandet ter seg i det internasjonale samfunnet, særleg korleis det stiller seg til terrorisme, kva slag alliansar det har inngått, og i kva grad det respekterer folkeretten. Vurderinga skal òg omfatte risikoen for at utstyret kan bli omdirigert i kjøparlandet eller reeksportert på ugunstige vilkår. Det skal òg takast omsyn til i kva grad våpeneksporten samsvarer med den økonomiske evna og den tekniske kunnskapen i mottakarlandet, mellom anna om den planlagde eksporten kan hindre ei berekraftig utvikling i mottakarlandet. Risikoen for utilsikta teknologioverføring, mellom anna at mottakarlandet blir sett i stand til å utvikle og produsere det aktuelle materiellet sjølv, skal òg takast med i vurderinga.
Fotnotar
Forsvarsmateriell omtalt på Utanriksdepartementets liste I.
Sivile produkt med viktige militære bruksområde. Omtalte på Utanriksdepartementets liste II.
Lov 18. desember 1987 nr. 93 om kontroll med eksport av strategiske varer, tjenester og teknologi m.v.
I tillegg til sanksjonar vedtekne av Tryggingsrådet vedtok OSSE i 1992 ein våpenembargo i tilknyting til konflikten om Nagorno Karabakh. Som medlem av OSSE følgjer Noreg dette vedtaket.
Forskrift om sanksjonar mot Iran fastsett ved kgl.res. 9.februar 2007 med heimel i lov 7. juni 1968 nr. 4 om gjennomføring av bindende vedtak av De Forente Nasjoners Sikkerhetsråd. Fremja av Utanriksdepartementet.
Nuclear Suppliers Group (NSG)
Regimet for eksportkontroll av missilteknologi (Missile Technology Control Regime, MTCR)
Forskrift om sanksjonar mot Nord-Korea fastsett ved kgl.res. 15. desember 2006 med heimel i lov 7. juni 1968 nr. 4 om gjennomføring av bindende vedtak av De Forente Nasjoners Sikkerhetsråd. Fremja av Utanriksdepartementet.