4 Multilateralt samarbeid om eksportkontroll og ikkje-spreiing
Samarbeid mellom leverandørland og koordinering av nasjonale tiltak på eksportkontrollområdet er eit viktig verkemiddel i arbeidet for å hindre spreiing av masseøydeleggingsvåpen og oppbygging av offensiv militær slagkraft som kan utgjere ein trussel mot internasjonal stabilitet og tryggleik. Dette samarbeidet går først og fremst føre seg i dei multilaterale eksportkontrollregima. 1 Samarbeidet er etablert av leverandørland for å sikre etterleving av folkerettslege avtalar på ikkje-spreiingsområdet. Dette gjeld særleg avtalen om ikkje-spreiing av kjernevåpen (NPT), kjemivåpenkonvensjonen (CWC) og konvensjonen om forbod mot biologiske våpen (BWC). På denne måten tek land som sit inne med sensitiv teknologi, ansvar for å sikre at varer og teknologi ikkje blir nytta til utvikling av masseøydeleggingsvåpen eller kjem i hendene på terroristar. Innanfor dei multilaterale eksportkontroll- og ikkje-spreiingsregima er det teke ei rekkje initiativ som skal medverke til å oppfylle tryggingsrådsresolusjon 1373 og 1540 om tiltak mot terrorisme.
Dei seinare åra har leverandørland også arbeidd for at alle land skal gjennomføre eksportkontroll. Bakgrunnen for dette er i hovudsak kunnskapen om at oppkjøparar til skjulte våpenprogram utnyttar land med svake kontrollrutinar for å få hand om varer og teknologi som dei treng. For å kunne sikre ein adekvat sluttbrukarkontroll er leverandørlanda avhengige av å utveksle informasjon og samarbeide i internasjonale forum for eksportkontroll. I tillegg er det viktig at land har slike eksportkontrollreglar at dei kan kontrollere transitt, transport, formidling mellom tredjeland og immaterielle teknologioverføringar.
Innanfor ramma av eksportkontrollregima blir det m.a. arbeidd for å identifisere dei sensitive varene som kan vere mest attraktive for terroristar og som ikkje står på kontrollistene i dag. Dette er t.d. utstyr som kan forstyrre samband (jammeutstyr), og visse typar laserutstyr. Innanfor Wassenaar-samarbeidet er det framforhandla høge internasjonale kontrollstandardar for handel, transport og lagring av berbare luftvernsystem (MANPADS). 2 I hendene på terroristar er slike våpen ein alvorleg trussel mot sivil luftfart.
I tillegg til utveksling av informasjon om sluttbrukarar, frontselskap, anskaffingsmetodar, fraktruter og prosjekt som er særleg urovekkjande i spreiingssamanheng, skjer det ei omfattande utveksling av informasjon mellom regimelanda om faktisk eksport og om avslag på lisenssøknader. Landa legg denne informasjonen til grunn i sitt nasjonale lisensieringsarbeid. Det skjer m.a. ved å avslå å innvilge lisensar som andre regimeland tidlegare har avslått og som er notifiserte.
Arbeidet med å hindre spreiing av masseøydeleggingsvåpen følgjer fleire spor. Eit sentralt tiltak er tryggingsrådsresolusjon 1540, som pålegg medlemslanda i FN å setje i verk ei rekkje nasjonale tiltak. Arbeidet med å følgje opp resolusjonen er krevjande for mange land, og det legg beslag på store ressursar.
Dei siste åra har vi sett aukande aktivitet frå EU-hald i de multilaterale eksportkontrollregima. Eksportkontroll er eitt av tre satsingsområde for EU i kampen mot internasjonal terrorisme. Det er etablert eit omfattande program for dialog med og opplæring av relevante styresmakter i land som ikkje er med i eksportkontrollregima.
Frå norsk side er det etablert eit nært samarbeids- og koordineringssystem overfor EU på eksportkontrollområdet. Noreg har m.a. fleirbruksregimet i EU som utgangspunkt for den norske kontrollen. Det gjeld både kontrollista og kontrollmekanismane. Dette er med på å sikre at regelverket i størst mogeleg grad er det same for norske eksportørar som det som gjeld for europeiske samarbeidspartnarar og konkurrentar.
4.1 Dei multilaterale eksportkontrollregima
Det er etablert fem multilaterale eksportkontrollregime. Dei dekkjer teknologiområde knytte til masseøydeleggingsvåpen og konvensjonelle våpen. Regima har ei rekkje fellestrekk. Med sikte på å vidareutvikle regima, særleg for å halde tritt med den teknologiske utviklinga og aktuelle spreiingstruslar, blir det ført stadige forhandlingar i faste arbeidsgrupper. I tillegg blir det regelmessig halde ekspertmøte for m.a. lisensierings-, kontroll- og handhevingsinstansane i medlemslanda. Det går òg føre seg ei omfattande informasjonsutveksling, mellom anna om gjennomført eksport, avslag på søknader om eksport, om anskaffingsforsøk, frontselskap, fraktruter og bekymringsverdige våpenprogram. Arbeidsgruppene rapporterer til det årlege plenumsmøtet, og alle vedtak blir fatta ved konsensus.
Wassenaar-samarbeidet
Wassenaar-samarbeidet (WA, The Wassenaar Arrangement) er det einaste eksportkontrollregimet som rettar seg mot konvensjonelle våpen, militært materiell og sensitiv høgteknologi. Samarbeidet blei etablert i 1996 og har 39 deltakarland.
Målsetjinga er å hindre leveransar som kan føre til destabiliserande oppbygging av konvensjonelle våpen og sensitiv høgteknologi, og å hindre terroristar og terrorgrupper i å få tilgang til slike våpen.
WA byggjer i stor grad på tillitsskapande tiltak gjennom utveksling av informasjon om innvilging og avslag på lisenssøknader og om nasjonal praktisering når det gjeld våpeneksport. Det er vedteke retningslinjer på ei rekkje område, mellom anna kontroll med berbare luftvernsystem, handvåpen og lette våpen, immateriell teknologi og formidling av våpen mellom tredjeland. WA har etablert seg som eit solid eksportkontrollregime som set høge standardar for kontroll med konvensjonelle våpen og relevant høgteknologi.
Zangger-komiteen og Nuclear Suppliers Group (NSG) rettar seg mot kjernefysisk-relatert eksportkontroll. Zangger-komiteen blei oppretta i 1971 som ei arbeidsgruppe under avtalen om ikkje-spreiing av kjernefysiske våpen (NPT) for å sikre ei mest mogeleg felles fortolking av artikkel III.2 i avtalen, som pålegg partane å sikre at det ikkje blir eksportert materiale som kan brukast til utvikling av kjernefysiske våpen.
I 1976 gjekk ei rekkje land saman og danna Nuclear Suppliers Group (NSG). Bakgrunnen var eit ønske om meir omfattande eksportkontroll med kjernefysiske varer og teknologitypar og om informasjonsutveksling for å hindre ytterlegare spreiing av kjernefysisk våpenkapasitet.
NSG har 46 medlemsland, deriblant alle dei fem faste medlemmene av Tryggingsrådet. NSG-retningslinjene ligg m.a. til grunn for sanksjonane mot Iran som er vedtekne av Tryggingsrådet. Kvart av medlemslanda i NSG sit med formannskapen i eitt år om gongen.
Australia-gruppa (AG) har til formål å hindre spreiing av kjemiske og biologiske våpen. Det er grunn til mistanke om at fleire land sit inne med slike våpen. Mange sensitive kjemikaliar er billege og enkle å bruke, og verknaden kan vere alvorleg i avgrensa område. Risikoen for spreiing, m.a. til terroristar, er såleis reell. AG har 39 medlemsland. Australia har formannskapen på fast basis.
Regimet for kontroll av missilteknologi (MTCR) har til målsetjing å avgrense spreiing av missil, rakettsystem og ubemanna luftfartøy som kan levere masseøydeleggingsvåpen. Varelistene og retningslinjene for regimet er brukte som referanse i tryggingsrådsresolusjonen om sanksjonar mot Iran. MTCR har 34 medlemsland, og kvart av medlemslanda leier arbeidet i eitt år om gongen.
MTCR har vore det einaste internasjonale forumet som har til formål å hindre spreiing av leveringsmiddel for masseøydeleggingsvåpen. Som eit ledd i styrkinga av dette arbeidet tok MTCR-landa initiativ til ein internasjonal kodeks mot missilspreiing, The Hague Code of Conduct (HCOC), som blei etablert i 2002, og som i dag har over 120 land tilslutta.
4.2 Andre spreiingstiltak
Tiltak mot missilspreiing
Gjennom ei rekkje tillitsskapande tiltak er målsetjinga at HCOC (kodeks mot missilspreiing) skal medverke til å avgrense utvikling og spreiing av missil som kan levere masseøydeleggingsvåpen. Førehandsvarsling om utskytingar av rakettar og ballistiske missil frå eige territorium og årleg rapportering om relevante aktivitetar er blant dei viktigaste tiltaka. Sidan etableringa i 2002 har over 120 land slutta seg til kodeksen.
Noreg arbeider for å utvikle HCOC til eit rettsleg bindande FN-instrument mot missilspreiing.
Initiativet for spreiingstryggleik
Faren for at terroristar skal tileigne seg masseøydeleggingsvåpen, har dei seinare åra ført til eit sterkare internasjonalt samarbeid gjennom initiativet for spreiingstryggleik (Proliferation Security Initiative, PSI). Formålet er å kunne avskjere handel med og transport av masseøydeleggingsvåpen og relatert teknologi. Det blir særleg lagt vekt på toll-, politi- og justissamarbeid og på opprulling av internasjonale nettverk for oppkjøp og spreiing av innsatsvarer knytte til masseøydeleggingsvåpen. Norsk deltaking i PSI representerer ei naturleg vidareføring av arbeidet vi gjer for å sikre ein effektiv eksportkontroll, og av engasjementet vårt for ikkje-spreiing og kamp mot internasjonal terrorisme.
Det er etablert eit interdepartementalt samarbeid i form av ei kontaktgruppe som blir koordinert av Utanriksdepartementet. Dette samarbeidet har medverka til auka nasjonal beredskap for å kunne reagere i internasjonale krisesituasjonar. Hausten 2005 var Noreg vertskap for ei omfattande øving ved Sjøkrigsskolen i Bergen med deltakarar frå 17 land, der ein prøvde ut prosedyrar for avskjering av lufttransport med masseøydeleggingsvåpen i spreiingsaugemed. I januar 2007 arrangerte departementet ei øving som samla alle relevante instansar i Noreg. Formålet var å gå gjennom avgjerdsnivå og -rutinar i tilfelle ei avskjering skulle bli nødvendig innanfor norsk jurisdiksjon. I tillegg har Noreg delteke i fleire øvingar som er arrangerte i andre PSI-land.
FN-registeret for overføringar av konvensjonelle våpen
Hovudforsamlinga i FN vedtok i desember 1991 ein resolusjon som oppmoda medlemslanda til å rapportere om eksport og import av tyngre konvensjonelle våpen til eit eige FN-register for våpenoverføringar kvart år frå og med 1992. Registeret inneheld opplysningar om sju våpenkategoriar: stridsvogner, pansra stridskøyretøy, tungt artilleri, jagarfly, angrepshelikopter, krigsskip og missil/missilplattformer.
FN-registeret for konvensjonelle våpenoverføringar skal gi auka innsyn i internasjonal våpenhandel. Registeret har sine manglar og gir ikkje eit fullstendig bilete av den internasjonale handelen med konvensjonelle våpen. Enno er det under halvparten av medlemslanda som rapporterer til registeret, men blant desse er nesten alle dei store eksportørane av tyngre konvensjonelle våpen og dei fleste store importlanda. Noreg støttar aktivt opp om initiativ som er tekne for å utvide registeret til å omfatte fleire våpenkategoriar.
Handvåpen og arbeidet for å hindre ulovleg våpenhandel
Eksportkontroll og ulovleg internasjonal handel med handvåpen står på dagsordenen i m.a. FN, EU, OSSE og i Wassenaar-samarbeidet (WA).
FN-handlingsplanen mot ulovleg handel med handvåpen er det sentrale styringsverktøyet for det internasjonale arbeidet Noreg gjer på området. Vi har òg etablert eit positivt samarbeid med fleire regionale organisasjonar, særleg i Afrika. Innanfor ramma av OSSE har Noreg, Nederland og Tyskland samarbeidd om iverksetjing av dei felles prinsippa om kontroll med formidling av handvåpen som blei vedtekne i 2004.
Hovudforsamlinga i FN vedtok hausten 2005 eit internasjonalt dokument om merking og sporing av handvåpen. På oppdrag frå Hovudforsamlinga sette Generalsekretæren i 2006 ned ei ekspertgruppe for å vurdere vidare skritt for å motverke ulovleg våpenmekling. Noreg var representert i ekspertgruppa, som leverte rapport til Generalsekretæren i juni/juli 2007. Denne rapporten skal så behandlast vidare i Hovudforsamlinga hausten 2008 og blir ståande sentralt under det tredje toårlege møtet i samband med FN-handlingsplanen.
Frå norsk side er utgangspunktet at vi vil framforhandle eit globalt, omfattande og folkerettsleg bindande instrument for å motverke ukontrollert våpenmekling. Fleire land fryktar òg at bindande internasjonale avtalar med omsyn til omsetning av handvåpen skal svekkje den nasjonale handlefridommen og den militære forsvarsevna deira.
Hausten 2007 sette Generalsekretæren ned ei ekspertgruppe som skulle sjå på spørsmålet om trygg lagring av overskotsammunisjon for handvåpen for seinare destruksjon. Slike våpen representerer ofte ei alvorleg miljøutfordring og ein stor tryggingsrisiko, noko ei rekkje ukontrollerte eksplosjonar i våpendeponi den siste tida har vist. Noreg er med i ekspertgruppa.
Vidare støttar Noreg ei rekkje prosjekt som har til mål å betre lovgiving og internasjonalt samarbeid og å leggje til rette for innsamling og destruksjon av handvåpen i utsette område. I denne samanhengen går det føre seg eit nært samarbeid både med regionale, subregionale og frivillige organisasjonar.
Noreg har slutta seg til den felles EU-haldninga om handvåpen av 12. juli 2002.
Arbeidet med ein konvensjon om kontroll med eksport av konvensjonelle våpen
Frå norsk side går vi inn for betra global kontroll med alle våpenoverføringar. Vi støttar eit britisk initiativ om å setje i gang eit arbeid med ein internasjonal avtale om betre kontroll med omsetning av alle typar konvensjonelle våpen (Arms Trade Treaty, ATT). Det er m.a. lagt til grunn prinsipp som skal sikre at våpeneksport ikkje bryt embargoar eller blir brukt i samband med brot på menneskerettar eller internasjonal humanitærrett. Til liks med fleire andre land har Noreg i FN teke til orde for prinsipp som bør bli omfatta av ein ATT for å sikre at våpeneksport ikkje bryt med embargoar eller blir brukt i samband med brot på menneskerettane eller internasjonal humanitærrett. Saman med dei fleste medlemslanda i FN støtta Noreg at vi skulle vurdere å innleie eit arbeid i FN for å framforhandle ein ATT.
Ei ekspertgruppe blei nedsett i 2008 skal sjå på utsiktene for å komme i gang med forhandlingar om eit slikt dokument. Gruppa skal leggje fram ein rapport for Hovudforsamlinga hausten 2008. Ein ATT kan dessutan lette kontrollen med handel med handvåpen og såleis vere eit viktig skritt i arbeidet mot ulovleg handel med slike våpen. Det er likevel ingen tvil om at ein ATT som omfattar heilt sentrale eksport- og importland, ligg langt framme i tid.
Fotnotar
Australia-gruppa (kjemiske og biologiske våpen); Nuclear Suppliers Group, NSG, og Zangger-komiteen (kjernefysiske våpen); Regimet for eksportkontroll av missilteknologi, MTCR; Wassenaar-samarbeidet, WA (konvensjonelle våpen og sensitiv høgteknologi).
Man Portable Air Defence Systems, MANPADS.