8 Norsk forsvarsindustri og internasjonalt samarbeid
Dei siste ti åra har det gått føre seg ei omfattande tilpassing av forsvarsindustrien i Noreg. Ei drivkraft i denne utviklinga har vore det stadig aukande innslaget av teknologi i forsvarsmateriellet og kompleksiteten og dei store kostnadene ved utvikling av forsvarsmateriell.
Forsvarsmateriell er blitt stadig dyrare å utvikle, og tettare samarbeid om utvikling og produksjon av nytt materiell er blitt nødvendig. Fleire norske forsvarsindustribedrifter sit inne med viktig nisjekompetanse. Norsk forsvarsindustri har difor utvikla eit tett samarbeid med internasjonale partnarar.
Ved større materiellkjøp (over 75 millionar kroner) frå utlandet arbeider Forsvarsdepartementet aktivt for at norsk forsvarsindustri skal kunne delta som underleverandør. I fleire tilfelle er det gjennom gjenkjøpsavtalar etablert langvarig samarbeid mellom norsk og utanlandsk forsvarsindustri om materiellutvikling og -produksjon. Større materiellkjøp i Forsvaret (over 500 millionar kroner) skal godkjennast av Stortinget.
Norske styresmakter fokuserer på industriprosjekt som kan medverke til effektive løysingar for Forsvaret, og som samtidig støttar opp om behovet for eit meir integrert samarbeid med allierte. Dei største forsvarsindustribedriftene og mest aktuelle partnarane for norsk forsvarsindustri er lokaliserte i USA og i EU-landa.
For forsvarsindustrien i mindre land kjem fleirnasjonalt samarbeid om anskaffing og utvikling av forsvarsmateriell til å bli stadig meir avgjerande for å sikre at industrien kan overleve på lengre sikt. Noreg vil difor prioritere fleirnasjonale løysingar med utvalde samarbeidspartnarar framover.
Forsvarsmateriellsamarbeid går føre seg mellom dei nordiske landa, mellom allierte land og multilateralt innanfor ramma av NATO og EU.