1 Bakgrunn
Avgjerd i EØS-komiteen nr. 100/2000 av 10. november 2000 gjeld innlemming i EØS-avtala av Fellesskapet sitt program for forvaltingsnett (IDA-programmet). Programmet blei skipa ved europaparlaments- og rådsvedtak nr. 1719/1999/EF av 12. juli 1999 om eit sett retningslinjer, medrekna fastlegging av prosjekt av felles interesse, på området transeuropeiske nett for elektronisk datautveksling mellom forvaltingar og europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 1720/1999/EF av 12. juli 1999 om eit sett tiltak og åtgjerder for å sikre samverknadsevne mellom og tilgang til transeuropeiske nett for elektronisk datautveksling mellom administrasjoner (IDA). IDA er EU-programmet som skal lette den elektroniske utvekslinga av data mellom forvaltingane i EU og med institusjonane i EU. Dette skjer delvis ved tilskot til utvikling av nye telematikkløysingar innanfor prioriterte fagsektorar og politikkområde, og ved framskaffing av felles kommunikasjonsnett og tenester.
IDA-programmet, som varar i 5 år og tok til å gjelde 3. august 1999, byggjer på to rettsakter frå Europaparlamentet og Rådet, som vert viste til som sektorvedtaket eller vertikale tiltak med retningslinjer for prosjekt av felles interesse (europaparlaments- og rådsvedtak nr. 1719/1999/EF av 12. juli 1999) og interoperabilitetsavgjerda eller fellestiltak av horisontal karakter (europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 1720/1999/EF av 12. juli 1999). Statar utanfor EU vil og kunne ta del med status som observatør når dei gjev økonomisk støtte til IDA.
EFTA-statane i EØS vart med i det førre IDA-programmet mot slutten av den tida det varte, så seint som i 1997. I ein interimperiode med utfasing av det gamle programmet og førebuingar til nytt IDA-program har Noreg teke del med observatørstatus. På mange av dei sektorområda som får støtte av det nye IDA-programmet, medverkar Noreg gjennom EØS-avtala.
Norsk deltaking i rammeprogrammet fører med seg ei plikt til å løyve midlar over fleire år. Då EØS-komiteen vedtok å innlemme programmet i EØS-avtala, informerte Noreg difor dei andre avtalepartane om at forfatningsrettslege krav må vere stetta i Noreg før avgjerda vil verte bindande.
Norsk omsetjing av avgjerd i EØS-komiteen nr. 100/2000 av 10. november 2000 og offisiell norsk omsetjing av europaparlamentets- og rådsvedtak nr. 1719/1999/EF av 12. juli 1999 og europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 1720/1999/EF av 12. juli 1999 følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.