6 Konklusjon og tilråding
Dei same vilkåra for tilknytning som no vert opna for EFTA/EØS-statane, vert òg gjorde tilgjengelege for statar utanfor EU, medrekna nye søkjarstatar til unionen. Arbeids- og administrasjonsdepartementet meiner at det difor er naudsynt og føremålsteneleg for Noreg å vere knytt til den same infrastrukturen for datautveksling innan EU slik dette nettet vert utvikla m.a. i nært samarbeid med nabostatane våre. Utanriksdepartementet er samd i dette.