Tilråing
Utanriksdepartementet
tilrår:
At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 100/2000 av 10. november 2000 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om deltaking frå EFTA/EØS-statane i Fellesskapet sitt program for forvaltingsnett (IDA-programmet).
Vi HARALD, Noregs Konge,
stadfester:
Stortinget blir bedt om å gjere vedtak om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 100/2000 av 10. november 2000 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om deltaking frå EFTA/EØS-statane i Fellesskapet sitt program for forvaltingsnett (IDA-programmet), i samsvar med eit vedlagt forslag.