St.prp. nr. 18 (2000-2001)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 100/2000 av 10. november 2000 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om deltaking frå EFTA/EØS-statane i Fellesskapet sitt program for forvaltingsnett (IDA-programmet)

Til innhaldsliste

2 Europaparlaments- og rådsvedtak nr. 1719/1999/EF av 12. juli 1999 om eit sett retningslinjer, medrekna fastlegging av prosjekt av felles interesse, på området transeuropeiske nett for elektronisk datautveksling mellom forvaltingar (IDA)

EUROPAPARLAMENTET OG RÅDET FOR DEN EUROPEISKE UNIONEN HAR -

med tilvising til traktaten om skipinga av Det europeiske fellesskapet, særleg artikkel 156 nr. 1,

med tilvising til framlegget frå Kommisjonen 1,

med tilvising til fråsegna frå Økonomi- og sosialutvalet 2,

med tilvising til fråsegna frå Regionutvalet 3,

etter den framgangsmåten som er fastsett i artikkel 251 i traktaten 4, og

ut frå desse synsmåtane:

  1. I resolusjonen sin av 20. juni 1994 5

    streka Rådet under at datautvekslinga mellom forvaltingar må samordnast.

  2. I resolusjonen sin av 21. november 1996 6

    fastsette Rådet nye politiske prioriteringar med omsyn til informasjonssamfunnet.

  3. I meldinga si av 19. juli 1994 gjorde Kommisjonen framlegg om ein handlingsplan for informasjonssamfunnet.

  4. Kommisjonen har gjort framlegg om ein handlingsplan for den felles marknaden.

  5. I resolusjonen sin av 12. juni 1997 7

    oppmoda Europaparlamentet Den europeiske unionen og medlemsstatane om å gjere tiltak med omsyn til utvikling og bruk av ny informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) i dei neste ti åra.

  6. Ved vedtak nr. 2717/95/EF 8

    vedtok Europaparlamentet og Rådet eit sett retningslinjer for utvikling av EURO-ISDN til eit transeuropeisk nett.

  7. Ved vedtak nr. 1336/97/EF 9

    vedtok Europaparlamentet og Rådet eit sett retningslinjer for transeuropeiske telenett.

  8. For å kunne verkeleggjere Den økonomiske og monetære unionen og gjennomføre fellesskapspolitikk og -tiltak må forvaltingane i medlemsstatane og Fellesskapet ha tilgang til, utveksle og handsame aukande mengder informasjon.

  9. For å kunne utøve den avgjerdsmakta som dei er gjevne, må fellesskapsorgana ha tilgang til, utveksle og handsame aukande mengder informasjon.

  10. Ei fullgod, effektiv og sikker utveksling av informasjon som kan handsamast vidare, krev tilgang til integrerte datakommunikasjonssystem, heretter kalla «telematikknett».

  11. Dei transeuropeiske telenetta for forvaltingar er telematikknett som knyter saman informasjonssystema til forvaltingane i medlemsstatane og Fellesskapet over heile Europa.

  12. Det at den indre marknaden verkar tilfredsstillande, og at hindringane for kommunikasjon mellom offentlege forvaltingar og den private sektoren vert fjerna, er viktige faktorar for framgangen og konkurranseevna til industrien i Fellesskapet.

  13. Bruken av telematikknett kan medverke til å verne dei finansielle interessene til Fellesskapet, og til å motarbeide svik.

  14. Ved utviklinga av dei felles prosjekta som medlemsstatane set i verk på område som er omfatta av traktaten om skipinga av Det europeiske fellesskapet som følgje av Amsterdam-traktaten, og på andre område som er omfatta av traktaten om Den europeiske unionen, i tillegg til alle andre tiltak som dei eventuelt kan gjennomføre for å nå måla i traktaten om skipinga av Det europeiske fellesskapet, særlig artikkel 3 bokstav d) og artikkel 14, 18 og 39, bør dei ta omsyn til dei telematikknetta som er utvikla innanfor ramma av fellesskapstiltak.

  15. Det kan verte naudsynt å endre og utvikle telematikknetta i samband med førebuinga til ei utviding av Den europeiske unionen.

  16. Lydhøyre og opne offentlege forvaltingar vil oppmuntre borgarane i Den europeiske unionen til å dra nytte av informasjonssamfunnet.

  17. Fellesskapet nyttar eller dreg nytte av dei telematikknetta som medverkar til gjennomføring av fellesskapspolitikken og -tiltaka, av kommunikasjon mellom organa og av Den økonomiske og monetære unionen.

  18. Skipinga av slike nett ei oppgåve både for Fellesskapet og for medlemsstatane.

  19. For å oppnå stordriftsføremoner og auke nytten av slike nett er det viktig å gjere mest mogleg bruk av standardar, offentleg tilgjengelege spesifikasjonar og open programvare for å sikre smidig samverknadsevne.

  20. Desse netta bør gjennom ei samordna utvikling førast saman til eit felles telematikkgrensesnitt mellom Fellesskapet og medlemsstatane.

  21. For å gjere effektiv bruk av dei finansielle midlane til Fellesskapet må kostnadene ved slike nett fordelast på ein rimeleg måte mellom medlemsstatane og Fellesskapet, samstundes som unaudsynleg auke i utstyrsmengd, overflødige granskingar og bruk av ulike framgangsmåtar må unngåast.

  22. I prinsippet skal kvar medlemsstat bere kostnaden ved si eiga gjennomføring av IDA-prosjekt og -tenester.

  23. Difor må det fastleggjast særlege retningslinjer som skal gjelde for alle slike nett, og ei særleg finansiell ramme for prosjekt som er av felles interesse i samsvar med desse retningslinjene.

  24. I samsvar med nærleiksprinsippet og prinsippet om rimeleg samhøve slik det er nemnt i artikkel 5 i traktaten, kan ikkje målet med skipinga av slike nett nåast i tilstrekkeleg grad av medlemsstatane, og kan difor på grunn av omfanget eller verknadene av det framlagde tiltaket, betre nåast på fellesskapsplan. Det framlagde tiltaket går ikkje lenger enn det som er naudsynt for å nå dette målet.

  25. Gjennomføringa av avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet og assosieringsavtalene med Det europeiske fellesskapet krev at dei aktuelle telematikknetta vert endra og betra.

  26. Telematikknett og elektronisk kommunikasjon har ein ibuande internasjonal dimensjon.

  27. Dei tiltaka som tek sikte på å sikre samverknadsevna til telematikknetta mellom forvaltingar, er i samsvar med dei prioriteringane som er vedtekne i samband med retningslinjene for transeuropeiske telenett.

  28. Det er sett i verk tiltak i samsvar med rådsavgjerd 95/468/EF av 6. november 1995 om fellesskapstøtte til telematisk datautveksling mellom administrasjonar i Fellesskapet (IDA) 10

    . Domstolen oppheva avgjerd 95/468/EF 28. mai 1998. Verknadene av dei tiltaka som Kommisjonen har gjort på grunnlag av denne avgjerda før ho vart oppheva av Domstolen, vert haldne ved lag.

  29. I dette vedtaket er det fastsett ei finansiell ramme som i medhald av punkt 1 i fråsegna frå Europaparlamentet, Rådet og Kommisjonen av 6. mars 1995 11

    , er det viktigaste referansegrunnlaget for budsjettstyresmakta ved den årlege budsjetthandsaminga.

  30. 20. desember 1994 kom det i stand ein modus vivendi mellom Europaparlamentet, Rådet og Kommisjonen om gjennomføringstiltaka for rettsakter som er vedtekne etter den framgangsmåten som er fastsett i artikkel 251 i traktaten 12

    -

GJORT DETTE VEDTAKET:

Artikkel 1

Verkeområde og mål

  1. Fellesskapet skal i samarbeid med medlemsstatane vere verksamt på området transeuropeiske telematikknett for forvaltingar og gjere dei tiltaka som er fastsette i dette vedtaket, og som har følgjande mål:

    1. skipe verksame og samverkande transeuropeiske telematikknett mellom forvaltingane i medlemsstatane, anten dei er nasjonale eller regionale, og eventuelt mellom desse forvaltingane og fellesskapsorgan og -institusjonar, slik at det vert mogleg å utveksle informasjon på ein fullgod, effektiv og sikker måte med sikte på å støtte skipinga av Den økonomiske og monetære unionen, og med sikte på at medlemsstatane og Fellesskapet kan gjennomføre den fellesskapspolitikken og dei fellesskapstiltaka som er nemnde i artikkel 3 og 4 i traktaten, på dei høvesvise ansvarsområda sine, samstundes som det vert teke omsyn til det arbeidet som alt er sett i gang innanfor eksisterande program i Fellesskapet eller i medlemsstatane,

    2. skipe integrerte telematikknett for å lette kommunikasjonen mellom fellesskapsinstitusjonane og støtte avgjerdsprosessen i Fellesskapet.

  2. Dette vedtaket omfattar alle nett under IDA-programmet.

Artikkel 2

Definisjonar

I dette vedtaket tyder

  1. «telematikknett» eit omfattande datakommunikasjonssystem som ikkje berre femner om fysisk infrastruktur og koplingar, men òg om dei tenestene og brukarprogramma som byggjer på denne infrastrukturen og såleis gjer det mogleg med elektronisk informasjonsutveksling mellom organisasjonar og einskildpersonar,

  2. «IDA-nett» eit transeuropeisk telematikknett for forvaltingar som er skipa eller utvikla vidare innanfor ramma av dette vedtaket. Eit slikt nett vert skipa på initiativ frå Fellesskapet i eigenskap av å vere brukar av nettet, deltakar i nettet eller fordi det dreg nytte av nettet og dermed har interesse av å sikre at det vert sett i verk,

  3. «sektornett» eit transeuropeisk telematikknett for forvaltingar, eller eit sett tenester og brukarprogram som er særskilt meint for å setje i verk eller lette den forvaltingsmessige gjennomføringa av ein særskild fellesskapspolitikk, eit særskilt fellesskapstiltak eller eit særskilt fellesskapsmål, heretter kalla ein «forvaltingssektor»,

  4. «IDA-prosjekt» eit sett innbyrdes samanhengande tiltak som er gjorde eller førde vidare innanfor ramma av dette vedtaket, slik det er oppført i vedlegget, og som gjeld skiping eller utvikling av sektornett.

Artikkel 3

Prosjekt av felles interesse

  1. For å nå dei måla som er nemnde i artikkel 1, skal Fellesskapet og medlemsstatane gjennomføre prosjekt som er av felles interesse, slik det er fastsett i vedlegget.

  2. Desse prosjekta skal gjennomførast i samsvar med IDA-arbeidsprogrammet og dei overordna gjennomføringsplanane som det er gjort greie for i artikkel 5.

Artikkel 4

Prioriteringar

Når det gjeld utforminga av IDA-arbeidsprogrammet og tildeling av finansielle midlar frå Fellesskapet til IDA-prosjekt, skal dei prosjekta prioriterast som betrar den økonomiske stillinga til offentlege forvaltingar, til organa i Det europeiske fellesskapet, til medlemstatane og til regionane, og som ved skipinga eller utviklinga av eit sektornett

  1. medverkar direkte til å fjerne hindringane for fritt varebyte og fri rørsle for personar, tenester og kapital, eller

  2. medverkar direkte til at Den økonomiske og monetære unionen vert gjennomførd på ein vellukka måte eller verkar tilfredsstillande, eller

  3. fremjar samarbeid fellesskapsorgana imellom og mellom fellesskapsorgana og dei nasjonale og regionale forvaltingane, medrekna dei nasjonale og regionale parlamenta, eller

  4. medverkar til å verne dei finansielle interessene til Fellesskapet og medlemsstatane, eller til å kjempe mot svik, eller

  5. lettar førebuinga av ei utviding av Den europeiske unionen, eller

  6. lettar den industrielle konkurranseevna til Fellesskapet, særleg konkurranseevna til små og mellomstore verksemder, eller

  7. gagnar personar i Den europeiske unionen.

Artikkel 5

Hovudlinjer for gjennomføringa

  1. Gjennomføringa av IDA-prosjekt skal følgje dei prinsippa som er fastsette i denne artikkelen.

  2. Gjennomføringa av eit IDA-prosjekt krev eit rettsleg grunnlag. Med omsyn til dette vedtaket vert eit IDA-prosjekt rekna for å stette dette kravet når det aktuelle nettet eller dei aktuelle netta lettar kommunikasjonen mellom forvaltingar innanfor ramma av gjennomføringa av éi eller fleire fellesskapsrettsakter.

    Det første leddet skal ikkje nyttast på prosjekt som lettar kommunikasjonen mellom organa eller avgjerdsprosessen i Fellesskapet, eller på felles tiltak til støtte for to eller fleire IDA-prosjekt.

  3. IDA-prosjekta skal omfatte alle tiltak som er naudsynte for skipinga eller utviklinga av sektornett, medrekna føregranskingar og førehandsdemonstrasjonar, skiping av arbeidsgrupper som er samansette av sakkunnige frå medlemsstatane og frå Fellesskapet, og eventuelt innkjøp av varer og tenester til Fellesskapet.

  4. IDA-prosjekta skal omfatte ein innleiande fase, ein føregranskingsfase, ein utviklings- og valideringsfase og ein gjennomføringsfase.

    Under den innleiande fasen skal det utarbeidast ein innleiande rapport om måla, verkeområdet og grunngjevinga for prosjektet, og særleg om forventa kostnader og nytte, i tillegg til at det skal arbeidast for å sikre at deltakarane etter tilbørleg samråd får den naudsynte forståinga og interessa for prosjektet.

    Under føregranskingsfasen skal det utarbeidast ein overordna gjennomføringsplan som skal omfatte

    1. ei utgreiing om det nettet eller dei netta som er planlagde innanfor ramma av prosjektet med omsyn til mål, funksjonar, deltakarar og teknisk metode,

    2. tildeling av roller og oppgåver til Fellesskapet og til medlemsstatane i den påfølgjande utviklings- og valideringsfasen og gjennomføringsfasen,

    3. ei detaljert utgreiing om dei forventa føremonene og om kriteria for å vurdere desse føremonene etter gjennomføringsfasen,

    4. eit skjema der det er fastlagt ei rimeleg fordeling mellom Fellesskapet og medlemsstatane av drifts- og vedlikehaldskostnadene for dei aktuelle netta etter at gjennomføringsfasen er over.

      Under utviklings- og valideringsfasen kan den løysinga som er lagd fram for det aktuelle nettet eller dei aktuelle netta, eventuelt utarbeidast, prøvast, vurderast og overvakast i ein mindre målestokk, og resultata nyttast til å tilpasse den overordna gjennomføringsplanen tilsvarande.

      Under gjennomføringsfasen skal det aktuelle nettet eller dei aktuelle netta skipast og kome i full drift i samsvar med den overordna gjennomføringsplanen.

  5. IDA-prosjekt skal byggje på dei tverrgåande tiltaka og åtgjerdene som Fellesskapet gjennomfører innanfor ramma av europaparlaments- og rådsavgjerd 1720/1999/EF av 12. juli 1999 om vedtaking av eit sett tiltak og åtgjerder for å sikre samverknadsevne mellom og tilgang til transeuropeiske nett for elektronisk datautveksling mellom forvaltingar (IDA) 13

    ; det skal særleg nyttast felles allmenne tenester og felles brukarprogram der det er føremålstenleg.

  6. Igangsetjinga og gjennomføringa av eit IDA-prosjekt, fastlegginga av fasane og av tekniske og funksjonelle brukarkrav for det nettet eller dei netta som er omfatta av eit slikt prosjekt, finn stad innanfor ramma av tilsvarande fellesskapspolitikk eller -tiltak, og vert kontrollerte i samsvar med den eventuelle gjeldande utvalsframgangsmåten.

    Dersom det ikkje finst nokon framgangsmåte for sektorutval, skal Fellesskapet og medlemsstatane oppnemne sektorgrupper av sakkunnige som skal vurdere desse spørsmåla.

    Kommisjonen skal sende konklusjonane frå desse sektorutvala eller gruppene av sakkunnige til det utvalet som er nemnt i artikkel 8, saman med framlegga sine om dei tiltaka som er nemnde i artikkel 7.

  7. For kvart IDA-prosjekt skal det utarbeidast tekniske spesifikasjonar med tilvising til høvesvis europeiske standardar eller offentleg tilgjengelege spesifikasjonar, som t.d. opne internettstandardar, for såleis å sikre ein høg grad av samverknadsevne mellom nasjonale system og fellesskapssystem innanfor og mellom forvaltingssektorar og med den private sektoren. Når det gjeld offentlege innkjøp på området system og tenester innan informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT), skal det takast særleg omsyn til fellesskapsretningslinjer og støtteverktøy på området standardisering.

  8. Fastlegginga og gjennomføringa av kvart IDA-prosjekt skal byggje på eigna resultat som er oppnådde innanfor ramma av andre relevante fellesskapstiltak, særleg fellesskapsprogramma for forsking og teknologisk utvikling og fellesskapstiltaka på området transeuropeiske telenett.

  9. Kvart IDA-prosjekt skal gjennomgå ei sluttvurdering, som skal utførast i samordning med medlemsstatene innanfor ramma av den aktuelle fellesskapspolitikken eller det aktuelle fellesskapstiltaket, og leggjast fram for det rette sektorutvalet og for det utvalet som er nemnt i artikkel 8, innan eitt år etter at gjennomføringsfasen er avslutta. Denne vurderinga skal omfatte ein nytte- og kostnadsanalyse.

Artikkel 6

Finansielt tilskot frå Fellesskapet

  1. Ved gjennomføringa av IDA-prosjekt skal Fellesskapet bere kostnader i høve til sine eigne interesser i prosjekta.

  2. Det finansielle tilskotet frå Fellesskapet skal fastsetjast for kvart IDA-prosjekt i samsvar med nr. 3-7. Dette tilskotet omfattar ikkje kostnader som kjem på dersom bruken av program eller spesifikasjonar som strir mot prioriteringane eller krava i dette vedtaket eller i europaparlaments- og rådsavgjerd 1720/1999/EF, held fram.

  3. Under den innleiande fasen og føregranskingsfasen til eit prosjekt kan tilskotet frå Fellesskapet dekkje alle kostnader til dei naudsynte granskingane.

  4. Under utviklings- og valideringsfasen og gjennomføringsfasen til eit prosjekt skal Fellesskapet bere kostnadene i samband med dei oppgåvene som det har fått tildelt innanfor ramma av den overordna gjennomføringsplanen for prosjektet.

  5. I særskilde høve og i samsvar med den framgangsmåten som er fastsett i artikkel 8, kan Fellesskapet ta på seg å dekkje ein del av kostnadene til éin eller fleire medlemsstatar i form av direkte tilskot, slik at desse medlemsstatane kan

    1. gjere tiltak i samband med eit IDA-prosjekt eller -nett som vert rekna for å vere nyttige for andre deltakarar eller for andre IDA-prosjekt eller -nett,

    2. betre eit system slik det synest naudsynt, slik at den overordna gjennomføringa av eit særskilt IDA-nett vert betre eller enklare.

Dei tilskota som er planlagde for kvart aktuelle IDA-prosjekt eller -nett og for det inneverande budsjettåret, skal fastleggjast i IDA-arbeidsprogrammet, som skal opplyse om høgste tillatne tilskotssummar, forventa føremoner for IDA-prosjekta og -netta, mål som skal nåast, kva forvaltingar i medlemsstatane som får tilskot, og kva oppgåver som skal finansierast ved hjelp av slike tilskot.

Bortsett frå i særskilde høve kan tilskota ikkje overstige halvparten av dei faktiske utgiftene som kvar mottakande medlemsstat har til gjennomføring av dei oppgåvene som tilskotet er gjeve til.

  1. Fellesskapsfinansieringa som er fastsett ved dette vedtaket, fell bort når gjennomføringsfasen til eit IDA-prosjekt er avslutta. I særskilde høve og i samsvar med den framgangsmåten som er fastsett i artikkel 8, kan vidare finansiering likevel tildelast i medhald av dette vedtaket for å dekkje alle eller delar av kostnadene til drift og vedlikehald av eit IDA-nett inntil utgangen av året etter det året då gjennomføringa vert avslutta.

  2. Fellesskapet kan òg innanfor ramma av dette vedtaket og innan utgangen av 1999 bere kostnadene til drift og vedlikehald av dei IDA-netta som vert vidareførde i medhald av dette vedtaket, og som alt var i drift den dagen då dette vedtaket tok til å gjelde.

  3. Dei finansielle midlane som er fastsette i medhald av dette vedtaket, skal i prinsippet ikkje ytast til prosjekt eller fasar i prosjekt som får støtte frå andre finansieringskjelder i Fellesskapet.

Artikkel 7

Gjennomføring

  1. Kommisjonen skal gjennomføre det fellesskapstiltaket som er fastlagt i artikkel 3-6.

  2. Framgangsmåten i artikkel 8 skal, på grunnlag av samsvar med prioriteringane i artikkel 4 og prinsippa i artikkel 5, nyttast på godkjenning av den delen av IDA-arbeidsprogrammet som gjeld gjennomføring av dette vedtaket, og som Kommisjonen utarbeidar årleg. IDA-arbeidsprogrammet skal omfatte ei fordeling på ulike prosjekt av utgiftene for det føregåande året eller tidlegare år.

  3. Framgangsmåten i artikkel 8 skal, i samsvar med prinsippa i artikkel 5, nyttast på godkjenning av den innleiande rapporten og den overordna gjennomføringsplanen for kvart IDA-prosjekt ved utgangen av føregranskingsfasen og utviklings- og valideringsfasen, og på godkjenning av alle etterfølgjande vesentlege endringar av denne gjennomføringsplanen.

  4. Framgangsmåten i artikkel 8 skal, på grunnlag av prioriteringane i artikkel 4 og prinsippa i artikkel 5 og 6, nyttast på godkjenning av fordelinga av dei årlege budsjettutgiftene på ulike prosjekt innanfor ramma av dette vedtaket. Eventuelle framlegg om budsjettendringar på meir enn 250 000 euro per prosjektområde gjennom eit år, skal òg handsamast etter denne framgangsmåten.

  5. Dei tekniske spesifikasjonane for tilbodsinnbydingar som skal utferdast under gjennomføringa av dette vedtaket, skal fastleggjast i samordning med medlemsstatane dersom kontrakten er verd meir enn 500 000 euro.

Artikkel 8

Utvalsframgangsmåte

  1. Kommisjonen skal få hjelp av eit utval som er samansett av representantar for medlemsstatane og vert leidd av ein representant for Kommisjonen. Dette utvalet skal kallast «Utvalet for telematikk mellom forvaltingar» (TAC).

    Leiaren skal leggje fram for utvalet eit utkast til tiltak som skal gjerast. Utvalet skal kome med ei fråsegn om utkastet innan ein frist som leiaren kan fastsetje etter kor mykje saka hastar. Fråsegna skal gjevast med det fleirtalet som er fastsett i artikkel 205 nr. 2 i traktaten for avgjerder som Rådet skal ta etter framlegg frå Kommisjonen. Ved røysting i utvalet skal røystene til representantane for medlemsstatane ha den vekta som er fastsett i den førnemnde artikkelen. Leiaren skal ikkje røyste.

    Kommisjonen skal vedta tiltak som skal setjast i verk straks. Dersom tiltaka ikkje er i samsvar med fråsegna frå utvalet, skal Kommisjonen straks gje Rådet melding om dei.

    I slike høve skal Kommisjonen utsetje iverksetjinga av dei tiltaka som han har vedteke, i tre månader rekna frå den dagen då meldinga vart gjeven.

    Rådet kan med kvalifisert fleirtal ta ei anna avgjerd innan den fristen som er fastsett i førre leddet.

  2. Kommisjonen skal kvart år leggje fram for TAC ein rapport om gjennomføringa av dette vedtaket.

Artikkel 9

Kontroll og vurdering

  1. Kommisjonen skal annakvart år og i samordning med medlemsstatane gjere ei vurdering av gjennomføringa av dette vedtaket.

  2. Vurderinga skal slå fast kva framsteg som er gjorde med omsyn til dei prosjekta av felles interesse som er oppførde i vedlegget.

    I lys av dei utgiftene som Fellesskapet har hatt, skal vurderinga òg omfatte ei gransking av dei føremonene som IDA-netta har tilført Fellesskapet, medlemsstatane, europeiske føretak og borgarane i Den europeiske unionen med omsyn til å utvikle ein felles politikk og institusjonelt samarbeid, i tillegg til ei fastlegging av område der det kan gjerast betringar og ei vurdering av overføringsverdien i høve til fellesskapstiltak på området transeuropeiske telekommunikasjonsnett.

  3. Etter at TAC har granska henne, skal Kommisjonen sende vurderinga si over til Europaparlamentet og Rådet saman med eventuelle høvelege framlegg til endring av vedlegget. Vurderingane skal ikkje sendast over seinare enn budsjettframlegga for høvesvis 2001, 2003 og 2005.

Artikkel 10

Utviding til EØS og assosierte statar

  1. Innanfor ramma av dei avtalene som dei har med Det europeiske fellesskapet, kan statane i Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, dei assosierte statane i Sentral- og Aust-Europa og Kypros ta del i IDA-programmet i prosjekt av felles interesse som er omfatta av desse avtalene.

  2. I samband med gjennomføringa av prosjekt skal det oppmuntrast til samarbeid med tredjestatar og eventuelt med internasjonale organisasjonar eller organ.

Artikkel 11

Andre sektornett

  1. Med omsyn til skiping eller utvikling av andre sektornett som ikkje er IDA-prosjekt (heretter kalla «andre sektornett»), skal medlemsstatane og Fellesskapet i samsvar med dei relevante føresegnene i regelverket til Fellesskapet om skipinga av desse sektornetta, syte for at nr. 2-6 vert stetta.

  2. Dei andre sektornetta skal nytte seg av dei tverrgåande tiltaka og åtgjerdene som Fellesskapet gjennomfører innanfor ramma av europaparlaments- og rådsavgjerd 1720/1999/EF, med mindre desse tiltaka eller åtgjerdene ikkje er eigna til å stette dei krava som er fastlagde for dei andre sektornetta.

  3. For kvart av dei andre sektornetta skal det utarbeidast tekniske spesifikasjonar med tilvising til høvesvis europeiske standardar eller offentleg tilgjengelege spesifikasjonar, som t.d. opne internettstandardar, for såleis å sikre ein høg grad av samverknadsevne mellom nasjonale system og fellesskapssystem innanfor og mellom forvaltingssektorar og med den private sektoren. Når det gjeld offentlege innkjøp på området system og tenester innan informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT), skal det takast særleg omsyn til fellesskapsretningslinjer og støtteverktøy på området standardisering.

  4. Ved fastlegginga og gjennomføringa av kvart av dei andre sektornetta bør det leggjast vekt på å byggje på eigna resultat som er oppnådde innanfor ramma av andre relevante fellesskapstiltak, særleg fellesskapsprogramma for forsking og teknologisk utvikling og fellesskapstiltaka på området transeuropeiske telenett.

  5. Alle dei andre sektornetta skal gjennomgå ei sluttvurdering.

  6. Ved gjennomføringa av andre sektornett skal Fellesskapet bere kostnader i høve til sine eigne interesser i netta.

  7. Innan 3. oktober 1999 og deretter kvart år skal Kommisjonen leggje fram for TAC ein rapport om gjennomføringa av nr. 1-6. I denne rapporten skal Kommisjonen opplyse om alle relevante brukarkrav som hindrar andre sektornett i å dra nytte av dei allmenne tenestene som er nemnde i nr. 2, og drøfte om det er mogleg å tilpasse desse tenestene slik at dei stettar desse brukarkrava.

Artikkel 12

Finansiell ramme

Den finansielle ramma for gjennomføringa av det fellesskapstiltaket som er fastlagt i dette vedtaket, er 38,5 millionar euro for tidsrommet 1998-2000.

Dei årlege løyvingane skal godkjennast av budsjettstyresmakta innanfor ramma av dei finansielle overslaga.

Artikkel 13

Iverksetjing

Dette vedtaket vert kunngjort i Tidend for Dei europeiske fellesskapa.Det tek til å gjelde den dagen det vert kunngjort og gjeld fram til 31. desember 2004.

Artikkel 14

Adressatar

Dette vedtaket er retta til medlemsstatane.

Utferda i Brussel, 12. juli 1999.

For EuropaparlamentetFor Rådet
J. M. GIL-ROBLESS. NIINISTÖ
PresidentFormann

Vedlegg

Prosjekt av felles interesse på området transeuropeiske nett for datautveksling mellom forvaltingar

Følgjande prosjekt vert rekna som prosjekt av felles interesse innanfor ramma av IDA-programmet:

A. Generelt

  1. Utvikling og gjennomføring av telematikknett til støtte for Den økonomiske og monetære unionen og fellesskapspolitikken og -tiltaka (i samsvar med del B), informasjonsutveksling mellom organa (i samsvar med del C) og globalisering av IDA-nett (i samsvar med del D).

  2. Vidareføring og betring av sektorprosjekt og sektornett som er skipa innanfor ramma av rådsavgjerd 95/468/EF, bortsett frå dei netta som er nemnde i del E.

  3. Skiping av dei netta som krevst for at europeiske kontor og institusjonar skal fungere, og som er til støtte for den rettslege ramma for skipinga av desse europeiske kontora.

  4. Skiping av nett i samband med den politikken som gjeld fri rørsle for personar, i den grad netta er naudsynte for å støtte tiltaka til Fellesskapet og/eller medlemsstatane innanfor ramma av traktaten om skipinga av Det europeiske fellesskapet.

  5. Skiping av nett som innanfor ramma av fellesskapspolitikken og -tiltaka, og under uventa omstende, er tvingande naudsynte for å støtte tiltaka til Fellesskapet og medlemsstatane, m.a. for å verne om livet og helsa til menneske, dyr og planter, rettane til europeiske forbrukarar, levevilkåra til personar i Den europeiske unionen eller dei grunnleggjande interessene til Fellesskapet.

B. Særskilde nett som er til støtte for Den økonomiske og monetære unionen og for fellesskapspolitikken og -tiltaka

  1. Telematikknett som gjeld den økonomiske og monetære politikken, særleg for å lette kontrollen med at kriteria for økonomisk tilnærming og innføring av euroen vert stetta.

  2. Telematikknett som gjeld utvidinga av Den europeiske unionen, særleg for gjennomføring av eit effektivt system for elektronisk kommunikasjon på den eine sida mellom omsetjingstenestene til Kommisjonen og Rådet, og på den andre sida mellom dei mellombels omsetjings-/revisjonskontora som kan verte skipa i kvar søkjarstat.

  3. Telematikknett som gjeld regions- og utjamningspolitikken, særleg for å lette innsamlinga, forvaltinga og spreiinga av opplysningar om gjennomføringa av region- og utjamningspolitikken på sentralt og regionalt forvaltingsplan.

  4. Telematikknett som gjeld fellesskapsfinansiering, særleg for å skape eit grensesnitt til eksisterande databasar i Kommisjonen med sikte på å lette tilgangen for europeiske organisasjonar, særleg små og mellomstore føretak, til finansieringskjelder i Fellesskapet.

  5. Telematikknett på området statistikk, særleg når det gjeld innsamling og spreiing av statistiske opplysningar.

  6. Telematikknett på området offentleggjering av offisielle dokument.

  7. Telematikknett i landbruks- og fiskerisektoren, særleg med omsyn til forvalting av marknader for landbruksvarer og landbruksstrukturar, meir effektiv økonomistyring, utveksling av rekneskapsdata for driftseiningar i landbruket (RICA) mellom nasjonale organ og Kommisjonen, og kamp mot svik.

  8. Telematikknett i industrisektoren, særleg med omsyn til informasjonsutveksling mellom forvaltingar som handsamar industrispørsmål og mellom desse forvaltingane og samanslutningar av føretak, datautveksling mellom forvaltingar med omsyn til typegodkjenning av motorvogner, og dessutan tenester som skal betre og forenkle framgangsmåtane for utfylling av skjema til forvaltingane.

  9. Telematikknett som gjeld konkurransepolitikken, særleg med omsyn til gjennomføring av betre elektronisk datautveksling med dei nasjonale forvaltingane for å lette informasjons- og samrådsordningane.

  10. Telematikknett på områda kultur, informasjon og kommunikasjon og på det audiovisuelle området, særleg for informasjonsutveksling som gjeld innhald på opne nett, og for å fremje utvikling og fri omsetnad av nye audiovisuelle tenester og informasjonstenester.

  11. Telematikknett i transportsektoren, særleg for å lette datautveksling med omsyn til førarar, køyretøy og transportørar.

  12. Telematikknett på området turisme, miljø, forbrukarvern og vern av helsa til forbrukarane for å lette informasjonsutvekslinga mellom medlemsstatar.

C. Nett mellom organ

Telematikknett som er til støtte for informasjonsutveksling mellom organa, særleg når det gjeld:

  1. framgangsmåten for avgjerdstaking i Fellesskapet og spørsmål frå Parlamentet,

  2. innføring av det telematikksambandet som er naudsynt mellom Kommisjonen, Europaparlamentet, andre europeiske organ og Rådet (medrekna nettstaden til det sitjande formannskapet i Den europeiske unionen og dei faste representasjonane til medlemsstatane),

  3. fremjing av fleirspråksbruk i informasjonsutvekslinga mellom organa, betre styring av omsetjingsprosessen og bruk av støtteverktøy for omsetjing, felles handtering/utveksling av fleirspråklege ressursar og tilrettelegging av felles tilgang til terminologidatabasar,

  4. felles handtering av dokument mellom europeiske kontor, organ og institusjonar.

D. Globalisering av IDA-nett

Utviding av IDA-nett til å omfatte EØS-statane og EFTA-statane, statane i Sentral- og Aust-Europa og dei andre assosierte statane, og dessutan G7-statane og internasjonale organisasjonar, særleg når det gjeld telematikknett på områda trygd, helsestell, lækjemiddel og miljø.

E. Andre sektornett

Prosjekt som før vart finansierte gjennom IDA-programmet, og som no har si eiga fellesskapsfinansiering, kjem inn under gruppa «andre sektornett», som er nemnd i artikkel 11 i dette vedtaket.

Fotnotar

1.

TEF C 54 av 21.2 1998, s. 3, og TEF C 23 av 28.1 1999, s. 8.

2.

TEF C 214 av 10.7 1998, s. 33.

3.

TEF C 251 av 10.8 1998, s. 1.

4.

Europaparlamentsfråsegn av 18. november 1998 (TEF C 379 av 7.12 1998, s. 68), felles haldning frå Rådet av 21. desember 1998 (TEF C 55 av 25.2 1999, s. 1) og europaparlamentsavgjerd av 13. april 1999 (TEF C 219 av 30.7 1999). Rådsavgjerd av 21. juni 1999.

5.

TEF C 181 av 2.7 1994, s. 1.

6.

TEF C 376 av 12.12 1996, s. 1.

7.

TEF C 200 av 30.6 1997, s. 196.

8.

TEF L 282 av 24.11 1995, s. 16.

9.

TEF L 183 av 11.7 1997, s. 12.

10.

TEF L 269 av 11.11 1995, s. 23.

11.

TEF C 102 av 4.4 1996, s. 4.

12.

TEF C 102 av 4.4 1996, s. 1.

13.

TEF L 203 av 3.8 1999, s. 9.

Til forsida