1 Innleiing
Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram eit forslag om utbygging og finansiering av vegprosjekt og tiltak i Bodø kommune (Bypakke Bodø). I tillegg blir det foreslått endringar i takst- og rabattopplegget for prosjektet rv 80 Løding – Vikan (Tverlandsbrua), slik at dette blir samordna med bompengeopplegget for Bypakke Bodø.
Bypakke Bodø skal vidareutvikle Bodø som ein attraktiv by å bu og drive verksemd i ved å fremje effektiv, miljøvenleg og trygg transport. Bypakka er tidlegare omtalt i mellom anna Meld. St. 26 (2012–2013) Nasjonal transportplan 2014–2023, side 313, Prop. 1 S (2012–2013), side 55, og Prop. 1 S (2013–2014), side 116.
Formålet med Bypakke Bodø er å bygge ein ny og trafikksikker innfartsveg til Bodø og samstundes legge til rette for gåande, syklande og kollektivreisande. Målet med tiltaka er mellom anna at talet på drepne og alvorleg skadde i trafikken skal reduserast med minst 50 pst. Vidare er det eit mål at talet på personar som går, syklar eller brukar kollektivtransport skal utgjere minst 21 pst. av trafikantane, og talet på personar som er sterkt plaga av vegtrafikkstøy skal reduserast med 25 pst.
Det dominerande prosjektet i pakka er utbygginga av rv 80 på strekninga Hunstadmoen – Thallekrysset. Trafikken på innfartsåra rv 80 har auka vesentleg dei seinare åra. Det er venta at årsdøgntrafikken på dagens vegnett vil auke med om lag 17 pst. fram mot 2030. Dagens veg er ikkje dimensjonert for dette. Vegstrekninga har dårleg trafikkavvikling, mange trafikkulykker og dårleg tilrettelegging for gåande og syklande. I tillegg er bustadmiljøet langs vegen dårleg på grunn av støy og forureining.
I perioden 2003–2012 var det i alt 109 politirapporterte trafikkulykker med personskade på strekninga rv 80 Hunstadmoen – Thallekrysset. Totalt blei 3 drepne, 10 hardt skadde og 141 lettare skadde i desse ulykkene. Sjølv om det er bygd fleire kilometer med støyskjermar langs strekninga, er det framleis mange hus med gjennomsnittleg utandørs støynivå over 55 dBA.
Det er gjennomført konseptvalutgreiing (KVU) og ekstern kvalitetssikring (KS1) for Bypakke Bodø. KVU/KS1 for rv 80 Løding – Bodø sentrum blei handsama i samband med arbeidet med Nasjonal transportplan 2014–2023, jf. omtale i Meld. St. 26 (2012–2013) Nasjonal transportplan 2014–2023, side 310. Det er vedteke at «kombinasjonskonseptet» skal leggjast til grunn for vidare planlegging. Konseptet omfattar mellom anna utvida vegkapasitet frå Bertnes til Bodø hamn, styrka kollektivtilbod, ny haldeplass for tog og tilrettelegging for gåande og syklande.