Prop. 131 S (2013–2014)

Utbygging og finansiering av vegprosjekt og tiltak i Bodø kommune (Bypakke Bodø) og endra takst- og rabattopplegg for rv 80 Løding – Vikan (Tverlandsbrua)

Til innhaldsliste

2 Omtale av aktuelle prosjekt og tiltak

Bypakke Bodø har ei samla økonomisk ramme på 2 820 mill. 2014-kr. I tillegg vil fylkeskommunen styrke drifta av kollektivtilbodet med til saman 59 mill. 2014-kr i perioden 2014–2021, og det vil bli bygd ny haldeplass for tog på Tverrlandet i regi av Jernbaneverket.

Utbyggingsplanen er vist i tabell 2.1. Summane er inkl. auka meirverdiavgift som følgje av oppheving av vegfritaket frå 1. januar 2013.

Tabell 2.1 Utbyggingsplan for Bypakke Bodø

Mill. 2014-kr

Økonomisk ramme

Vegprosjekt

2 080

Rv 80 Hunstadmoen – Thallekrysset

2 080

Tiltak for gåande og syklande (inkl. trafikktryggleikstiltak)

500

Tiltak på det kommunale vegnettet

358

Tiltak på det fylkeskommunale vegnettet

75

Tiltak på det statlege vegnettet

67

Kollektivtrafikktiltak1

210

Tiltak på det kommunale vegnettet

166

Tiltak på det fylkeskommunale vegnettet2

15

Tiltak på det statlege vegnettet

29

Etablering av bomstasjonar

30

Sum

2 820

1 Ekskl. Tverlandet haldeplass for tog.

2 Ekskl. fylkeskommunalt tilskot på 59 mill. 2014-kr til auka drift av kollektivtilbodet.

2.1 Vegprosjekt

Innafor ramma for bypakka er det lagt opp til å fullfinansiere bygging av ny rv 80 mellom Hunstadmoen og Thallekrysset. Dagens veg er delvis trefelts veg, der midtfeltet blir reversert avhengig av trafikkmengda. Strekninga har låg standard og kapasitet ut frå trafikkmengda. Vegen går gjennom eit område med tett busetnad.

Prosjektet omfattar bygging av 5,4 km ny firefelts veg. Frå Hunstadmoen vert det bygd ein om lag 2,8 km lang tunnel i to løp vestover til Bodøelv. Prosjektet går vidare langs dagens rv 80 til Thallekrysset og langs Olav V gate (arm av rv 80) forbi kryss med Gamle Riksvei.

Reguleringsplanen for rv 80 Hunstadmoen – Thallekrysset blei vedteken i Bodø bystyre 17. februar 2011.

Det blei hausten 2013 gjennomført ekstern kvalitetssikring (KS2) av prosjektet rv 80 Hunstadmoen – Thallekrysset. Statens vegvesen og ekstern kvalitetssikrar er samde om kostnadsoverslag. Samferdselsdepartementet legg etter dette til grunn ei styringsramme for prosjektet på 2 030 mill. 2013-kr. Kostnadsramma er fastsett til 2 340 mill. 2013-kr. Rekna om til 2014-kr blir styringsramma 2 080 mill. kr og kostnadsramma 2 400 mill. kr.

Samfunnsøkonomisk netto nytte for prosjektet rv 80 Hunstadmoen – Thallekrysset er rekna til om lag 230 mill. kr, og netto nytte over totale kostnader er rekna til 0,1.

Figur 2.1 Kartskisse for rv 80 Thallekrysset – Hunstaadmoen

Figur 2.1 Kartskisse for rv 80 Thallekrysset – Hunstaadmoen

2.2 Tiltak for gåande og syklande (inkl. trafikktryggleikstiltak)

For å møte venta trafikkauke i sentrum av Bodø i åra som kjem, er det lagt opp til å gjennomføre tiltak som sikrar og legg til rette for gåande og syklande. I tillegg er det naudsynt med tiltak for å betre trafikktryggleiken. Tiltaka omfattar både riks-, fylkes- og kommunal veg.

For å ta omsyn til luftkvalitet, støy og trafikktryggleik er det lagt opp til å gjennomføre ei rekke fartsreduserande tiltak, inkl. kryssombyggingar. I tillegg vil det bli etablert eit tryggare gang- og sykkelvegnett ved at eksisterande fortau blir utbetra og bygde om. Satsinga inkluderer òg etablering av gågater og stiar, sykkelvegar og sykkelfelt, samt etablering av sykkelparkeringsplassar.

I Bodø sentrum omfattar bypakka naudsynte tiltak for å betre trafikktryggleiken. I dei løysningane som blir valde, vil det bli lagt vekt på universell utforming for å sikre gode tilhøve for alle trafikantgrupper. Trafikktryggleikstiltak inkluderer mellom anna ombygging av kryss og gatestrekningar, etablering av over- og undergangar, samt betra belysning. For alle punkt eller strekningar som har hatt minst to alvorlege ulykker dei siste 8 åra, skal det gjennomførast tiltak for å redusere risikoen for ulykker.

2.3 Kollektivtrafikktiltak

Dette omfattar tiltak både på riks-, fylkes- og kommunal veg. Betre framkommelegheit skal medverke til redusert køyretid og betre regularitet. Kryss vil bli bygde om, og det vil bli etablert eigne vegar og snuplassar for buss.

Det vil bli satsa på utbetring og utbygging av haldeplassar med trygg og god tilkomst. Mellom anna vil det bli lagt vekt på universell utforming av haldeplassane.

Løysingar som er valt for kollektivtrafikken, bygger mellom anna på prinsipp om at det skal vere enkelt for alle å reise kollektivt i eit samanhengande reisenettverk for heile byen og regionen.

2.4 Andre verkemiddel

Nordland fylkeskommune vil dessutan styrke kollektivtilbodet ved å auke driftstilskotet med til saman 59 mill. 2014-kr i perioden fram til og med 2021. Desse midlane kjem i tillegg til det som er føresett i utbyggings- og finansieringsplanen for Bypakke Bodø.

I tillegg er det lagt opp til å bygge ny haldeplass for tog på Tverlandet i regi av Jernbaneverket. Dette prosjektet inngår ikkje i utbyggings- og finansieringsplanen for Bypakke Bodø.

Bodø kommune sin strategi for byutvikling er ei satsing på tiltak som på sikt skal redusere transportetterspørselen i bykjernen samstundes som trafikk blir flytta over til meir miljøvenlege transportmiddel. På kortare sikt er parkeringspolitikken, betring av kollektivtilbodet, trafikksanering og fysisk regulering av trafikken viktige tiltak.