9 Garanti
Bodø kommune og Nordland fylkeskommune har fatta vedtak om å stille garanti for ei gjeld på til saman 1 430 mill. kr, fordelt med halvparten på kvar. Garantiperioden er sett til 17 år. Bompengeselskapet si maksimale gjeld er rekna til om lag 1 430 mill. kr i 2019. Ved ein eventuell kostnadsauke på prosjektet Hunstadmoen – Thallekrysset opp til kostnadsramma, vil den maksimale gjelda auke med om lag 220 mill. kr.
Bodø kommune og Nordland fylkeskommune har i tillegg fatta vedtak om å forlenge gjeldande garantiar til prosjektet rv 80 Løding – Vikan (Tverlandsbrua) med 4 år.
Den kommunale og fylkeskommunale garantien er føresett godkjent av høvesvis fylkesmannen i Nordland og Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Garantien blir redusert i takt med nedbetaling av låna. Garantistane sine utlegg kan dekkast gjennom ein auke av realtakstane med inntil 20 pst. og ei forlenging av bompengeperioden med inntil 5 år.