10 Samferdselsdepartementet si vurdering
Bypakke Bodø er utvikla gjennom eit samarbeid mellom Bodø kommune, Nordland fylkeskommune, Statens vegvesen og Jernbaneverket. Pakka vil bidra til betre bymiljø, god framkommelegheit for kollektivtrafikken og vesentlig betre tryggleik og framkommelegheit for gang- og sykkeltrafikken.
Utbygging av rv 80 Hunstadmoen – Thallekrysset er prioritert i Meld. St. 26 (2012–2013) Nasjonal transportplan 2014–2023. Tidlegare er prosjekta Røvika – Straumsnes og Løding – Vikan (Tverlandsbrua) på rv 80 opna for trafikk. Utbygging av rv 80 Hunstadmoen – Thallekrysset og andre tiltak innafor Bypakke Bodø vil bidra til at reisetida mellom Fauske og Bodø blir ytterlegare korta ned.
Rv 80 Hunstadmoen – Thallekrysset utgjer heile 76 pst. av den samla ramma til Bypakke Bodø. Ein eventuell kostnadsauke på dette prosjektet vil derfor få store konsekvensar for framdrift og gjennomføring av dei andre prosjekta/tiltaka som er priorterte innafor pakka. Samferdselsdepartementet sluttar seg derfor til at ein eventuell kostnadsauke på prosjektet rv 80 Hunstadmoen – Thallekrysset skal finansierast i tråd med gjeldande retningslinjer for enkeltprosjekt. Utover dette føreset departementet at Bypakke Bodø blir gjennomført etter prinsippa for porteføljestyring, slik at optimal prosjektgjennomføring i høve til dei strategiske og økonomiske måla for pakka blir sikra.
Samferdselsdepartementet sluttar seg også til det foreslåtte bompengeopplegget, samt opplegget for å samordne bompengeinnkrevjinga for Bypakke Bodø med den igangsette bompengeinnkrevjinga for prosjektet rv 80 Løding – Vikan.
Som omtalt i Prop. 97 S (2013–2014), legg regjeringa opp til ei omorganisering av bompengesektoren frå dagens mange bompengeselskap til eit fåtal selskap. Dette kan gi kutt i administrasjonskostnader og ein meir effektiv drift. I tillegg vil det kunne kutte lånerenta. For å ytterlegare spare bilistane for å dekke store løpande finansieringskostnader, vil regjeringa òg innføre ei rentekompensasjonsordning for bompengelån. Samferdselsdepartementet opnar for å gjere endringar i takst- og innkrevjingsopplegget for Bypakke Bodø dersom den varsla omorganiseringa av bompengesektoren vil føre til reduserte finansieringskostnader for prosjektet. Samferdselsdepartementet vil komme tilbake til Stortinget om dette når den tid kjem.
Samferdselsdepartementet viser til omtalen av overgangsordning fram til rentekompensasjonsordninga er etablert i kap 7. Denne inneber at for Bypakke Bodø får lokale garantistyresmakter tilbod om at takstane kan baserast på lågare rente enn 6,5 pst. på bakgrunn av føresetnadene omtala i pkt. 7. Departementet vil òg gå i dialog med lokale styresmakter om evt. einvegs innkrevjing og ein reduksjon av talet på bomstasjonar. Departementet ber såleis om fullmakt til, i samråd med lokale myndigheiter, å endre takstar i tråd med evt. endra renteføresetnader, innføring av einvegs innkrevjing og reduksjon av talet på bomstasjonar.
Samferdselsdepartementet har merka seg at Bodø kommune og Nordland fylkeskommune har lagt opp til at det alt etablerte bompengeselskapet Veipakke Salten AS skal ha ansvaret for finansiering og innkrevjing av bompengar til Bypakke Bodø. Samferdselsdepartementet ser det som viktig at bompengeinnkrevjinga er så effektiv som mogleg. I Meld. St. 26 (2012–2013) er færre bompengeselskap omtalt som eit sentralt element i effektiviseringa av bompengeinnkrevjinga. Departementet vurderer derfor ei samordning av bompengeinnkrevjinga med dei andre prosjekta i Saltenområdet i same selskap som positiv. Det er ein føresetnad at økonomien i dei ulike prosjekta som selskapet har ansvar for, blir halden frå kvarandre, slik at det ikkje oppstår noka form for kryssubsidiering.