Prop. 131 S (2013–2014)

Utbygging og finansiering av vegprosjekt og tiltak i Bodø kommune (Bypakke Bodø) og endra takst- og rabattopplegg for rv 80 Løding – Vikan (Tverlandsbrua)

Til innhaldsliste

Forslag
til vedtak om utbygging og finansiering av vegprosjekt og tiltak i Bodø kommune (Bypakke Bodø) og endra takst- og rabattopplegg for rv 80 Løding – Vikan (Tverlandsbrua)

I

  1. Stortinget samtykker i at bompengeselskapet får løyve til å ta opp lån og krevje inn bompengar til delvis bompengefinansiering av vegprosjekt og tiltak i Bodø kommune (Bypakke Bodø). Vilkåra går fram av denne proposisjonen.

  2. Samferdselsdepartementet får fullmakt til å inngå avtale med bompengeselskapet og fastsetje nærare reglar for finansieringsordninga. Samferdselsdepartementet får fullmakt til å redusere takstane i Bypakke Bodø basert på lågare berekningsteknisk rente i tråd med føringane i føreliggande proposisjon. Samferdselsdepartementet får fullmakt til å gjere endringar i innkrevjingsopplegget i Bypakke Bodø frå tovegsinnkrevinjing til envegsinnkrevjing og ein eventuell reduksjon i talet på bomstasjonar etter ein dialog med lokale styresmakter.

  3. Stortinget samtykker til eit endra takst- og rabattsystem for prosjektet rv 80 Løding – Vikan (Tverlandsbrua) i tråd med vilkåra i denne proposisjonen.