Prop. 131 S (2013–2014)

Utbygging og finansiering av vegprosjekt og tiltak i Bodø kommune (Bypakke Bodø) og endra takst- og rabattopplegg for rv 80 Løding – Vikan (Tverlandsbrua)

Til innhaldsliste

5 Finansierings- og bompengeopplegg

Finansieringa av Bypakke Bodø er basert på innkrevjing av bompengar og statlege, fylkeskommunale og kommunale midlar. Finansieringsplanen er vist i tabell 5.1.

Tabell 5.1 Finansieringsplan for Bypakke Bodø

Mill. 2014-kr

2014–2017

Etter 2017

SUM

Statlege midlar

380

162

542

– Store prosjekt

380

100

480

– Programområda

62

62

Nordland fylkeskommune1

27

23

50

Bodø kommune

148

55

203

Bompengar

1 305

720

2 025

Sum2

1 860

960

2 820

1 Ekskl. tilskot på 59 mill. 2014-kr til auka kollektivtilbod

2 Ekskl. statlege midlar til Tverlandet jernbanehaldeplass

Samla ramme for prioriterte prosjekt og tiltak er rekna til 2 820 mill. 2014-kr. Samanlikna med det som er lagt til grunn i dei lokalpolitiske vedtaka har ramma blitt auka. Årsaka til dette er auka kostnader for prosjektet rv 80 Hunstadmoen – Thallekrysset og auka meirverdiavgiftspåslag som følgje av oppheving av vegfritaket frå 1. januar 2013.

Statlege midlar

Riksvegprosjekta i Bypakke Bodø er kostnadsrekna til om lag 2 180 mill. kr. Av dette er det lagt til grunn 480 mill. kr i statlege midlar frå ramma til store prosjekt, fordelt med 380 mill. kr i perioden 2014–2017 og 100 mill. kr i perioden 2018–2023. Dette er ein auke på om lag 60 mill. kr samanlikna med Meld. St. 26 (2012–2013) Nasjonal transportplan 2014–2023. Dette skuldast at kostnadsoverslaget (styringsramma) for prosjektet rv 80 Hunstadmoen – Thallekrysset er auka etter at meldinga vart lagt fram.

Det er vidare lagt til grunn 62 mill. kr til tiltak innafor programområda i perioden 2018–2023.

Fylkeskommunale og kommunale midlar

Dei fylkeskommunale prosjekta er kostnadsrekna til 90 mill. kr. Nordland fylkeskommune har vedteke å løyve 50 mill. kr rekna i 2014-prisar. I tillegg kjem 59 mill. kr til styrking av kollektivtilbodet i perioden 2014–2021.

Dei kommunale prosjekta er kostnadsrekna til 524 mill. kr inkl. meirverdiavgift. Av dette har Bodø kommune vedteke å løyve 113 mill. kr ekskl. meirverdiavgift rekna i 2014-prisar. Bodø kommune vil i tillegg måtte dekke om lag 90 mill. kr i meirverdiavgift på dei kommunale prosjekta.

Bompengar og bompengeopplegg

Det er lagt opp til delvis parallellinnkrevjing av bompengar i 7 automatiske bomstasjonar (AutoPASS) med innkrevjing i begge retningar. Figur 4.1 viser plasseringa av bomstasjonane:

  • Rv 80 Jernbaneveien

  • Rønvikveien

  • Kirkeveien

  • Junkerveien

  • Ny rv 80 ved Bodøelv

  • Eksisterande rv 80 ved Bodøelv

  • Gamle riksvei

Det blir vurdert som realistisk å starte opp innkrevjinga i 2015.

Basisføresetnader

Følgjande basisføresetnader er lagt til grunn for vurdering av bompengepotensialet:

  • Innkrevjingsperiode: om lag 15 år

  • Trafikkgrunnlag: 49 500 køyretøy per døgn i 2014

  • Årleg trafikkvekst: 0,5 pst.

  • Årleg prisstiging: 2,5 pst.

  • Lånerente: 6,5 pst.

  • Bruk av brikke: 80 pst.

  • Årlege innkrevjingskostnader: 21 mill. kr.

Takst- og rabattsystem

Det er lagt til grunn følgjande bompengetakstar:

Lette køyretøy:

15 kr

Tunge køyretøy (over 3 500 kg)

45 kr

Bompengetakstane er føresett justerte i samsvar med prisutviklinga.

I dei lokalpolitiske vedtaka er det lagt til grunn ein rabatt på 20 pst. I Meld. St. 26 (2012–2013) Nasjonal transportplan 2014–2023 er det lagt opp til ein flat rabatt på 10 pst. for alle køyretøy ved bruk av brikke. Samferdselsdepartementet legg derfor til grunn ein rabatt på 10 pst. ved bruk av brikke både for lette og tunge kjøretøy. Som ein kompensasjon for redusert rabatt legg Samferdselsdepartementet opp til eit passeringstak på 80 passeringar per kalendermånad.

Rabatt- og fritaksordningar blir etter dette følgjande:

  • Bruk av brikke: 10 pst. rabatt

  • Timesregel: Det skal berre betalast for ei passering per time. Denne skal òg gjelde for prosjektet rv 80 Løding – Vikan (Tverlandsbrua), jf. omtale i kap. 4.

  • Passeringstak: Det skal betalast for maksimum 80 passeringar per køyretøy i kalendermånaden.

Elles er det føresett rabattar/fritak for betaling i samsvar med gjeldande takstretningslinjer. Alle rabatt- og fritaksordningar føreset bruk av brikke.

Med 3 pst. tunge køyretøy er gjennomsnittleg inntekt per passering rekna til 10,67 kr i første året med bompengeinnkrevjing.

Bompengeinntekter

Basert på føresetnadene i denne proposisjonen er dei samla bompengeinntektene rekna til om lag 3 100 mill. kr i 2014-prisnivå. Av dette er 1 995 mill. kr føresett nytta til investeringar i prosjekt og tiltak innafor Bypakke Bodø, 30 mill. kr til etablering av bomstasjonar, 760 mill. kr til å dekke finansieringskostnader og 315 mill. kr til å dekke innkrevjingskostnader og drift av bompengeselskapet.

Det lagt til grunn at bompengeselskapet vil stille til disposisjon om lag 280 mill. kr i 2014.

I samband med ekstern kvalitetssikring (KS2) av prosjektet rv 80 Hunstadmoen – Thallekrysset, blei òg trafikkgrunnlaget og føresetnadene for finansieringsopplegget vurdert. Departementet vurderer både trafikkgrunnlaget og dei andre føresetnadene for finansieringsopplegget som sannsynlege og robuste.