6 Konsekvensar for prosjektet rv 80 Løding – Vikan (Tverlandsbrua)
Innkrevjinga av bompengar til delfinanseiring av prosjektet rv 80 Løding – Vikan (Tverlandsbrua) starta 9. november 2013. Som det går fram av den lokalpolitiske handsaminga, jf. kap. 3, har Nordland fylkeskommune og Bodø kommune vedteke at innkrevjing av bompengar i Bypakke Bodø skal samordnast med innkrevjinga til Tverlandsbrua ved at timesregelen skal gjelde i begge prosjekta. Av praktiske årsaker inneber dette vedtaket at òg passeringstaket på 80 passeringar per månad må gjelde for Tverlandsbrua.
Årsdøgntrafikken på Tverlandsbrua er rekna til 8 300 kjøretøy. Det er rekna med at om lag 60 pst. vil vere trafikk som òg vil passere bomstasjonar i bypakka.
Ved handsaminga av Prop. 63 S (2010–2011) og Innst. 248 S (2010–2011) blei det lagt til grunn ein takst- og rabattstruktur der det i tillegg til 10 pst. rabatt for alle passeringar med brikke, var lagt til grunn ein rabatt på 20 pst. ved bruk av brikke og avtale om forskotsbetaling. For å sikre mest mogleg likskap med Bypakke Bodø, blir dette endra slik at det berre blir gitt 10 pst. rabatt for alle passeringar med brikke.
Det er rekna med at innføring av timesregel, passeringstak og endra rabattstruktur vil gi ei forlenging av innkrevjingstida med om lag 2 år, dvs. frå om lag 5 år til om lag 7 år.
Bompengetakstane på Tverlandsbrua blir etter dette i 2014-kr:
Lette køyretøy: | 21 kr |
Tunge køyretøy (over 3500 kg): | 42 kr |
Bompengetakstane er føresett justerte i samsvar med prisutviklinga.
Rabatt- og fritaksordningar blir etter dette:
Bruk av brikke: 10 pst. rabatt
Timesregel: Det skal berre betalast for ei passering per time. Denne skal òg gjelde ved passering av bomsnitta i Bypakke Bodø.
Passeringstak: Det skal betalast for maksimum 80 passeringar per køyretøy i kalendermånaden.
Elles er det føresett rabattar/fritak for betaling i samsvar med gjeldande retningsliner. Alle rabatt- og fritaksordningar føreset bruk av brikke.