1 Innleiing og samandrag
1.1 Innleiing
I tråd med gjeldande styringsopplegg legg Samferdselsdepartementet fram ei stortingsmelding om verksemda til Posten Norge AS (Posten). Vedtektene til Posten følgjer med denne meldinga som trykt vedlegg, vedlegg 1. Styret for Posten skal etter § 10 i vedtektene for selskapet anna kvart år leggje fram for samferdselsministeren ei skriftleg orientering om dei overordna planar for verksemda til konsernet, medrekna den økonomiske utviklinga dei siste og komande år. Planen for Postens verksemd i perioden 2006-2008 (§ 10-plan) dannar grunnlaget for departementet si stortingsmelding om verksemda til Posten. Postens § 10-plan følgjer som trykt vedlegg til denne stortingsmeldinga, vedlegg 2.
Førre stortingsmelding om verksemda til Posten blei lagt fram for Stortinget den 14. november 2003, jf. St.meld. nr. 11 (2003-2004) og Innst. S. nr. 124 (2003-2004). Det blir òg vist til St.prp. nr. 62 (2001-2002) Om omdanning av NSB BA og Posten Norge BA til aksjeselskap, Ot.prp. nr. 82 (2001-2002) Om lov om omdanning av statens jernbanetrafikkselskap (NSB BA) og statens postselskap (Posten Norge BA) til aksjeselskap og lov om grunnleggende banktjenester gjennom Posten Norge AS" ekspedisjonsnett, St. meld. nr. 26 (2000-2001) om verksemda til Posten Norge BA og stortingsbehandlinga av desse.
Posttenestene er ein viktig del av infrastrukturen for å tryggja busetjing og næringsliv i heile landet. Det overordna målet på postområdet er å sikre eit landsdekkjande tilbod om formidling av leveringspliktige posttenester til rimeleg pris og med god kvalitet. Dette målet blir i dag i all hovudsak sikra gjennom sektorspesifikk regulering, krava i konsesjonen til Posten, bruk av einerettsoverskotet til å dekkje ulønsemda ved leveringspliktige tenester, og ordninga med statleg kjøp av ulønsame posttenester. Posten er gitt einerett på formidling av lukka adressert brevpost innanfor ei definert pris- og vektgrense og er gjennom konsesjonen og lov om grunnleggjande banktenester i Postens ekspedisjonsnett pålagt å tilby leveringspliktige posttenester og grunnleggjande banktenester i heile landet (samfunnspålagte tenester). Gjennom Postens einerettsoverskot, og ordninga med statleg kjøp av ulønsame posttenester, blir Posten kompensert for dei meirkostnadene som konsesjonspliktene påfører selskapet. Postens einerett og ordninga med statleg kjøp av ulønsame tenester legg vilkåra til rette for at Posten kan drive verksemda lønsamt og samtidig vareta dei samfunnspålagte krava. Formidling av ulønsame banktenester har ikkje vore ein del av ordninga med statleg kjøp etter at ny utrekningsmodell blei innført i 2002, ettersom det blei lagt til grunn at omstillinga av postkontornettet i 2001-2002 ville føre til at ulønsemda ved banktenester ville falle bort. Utviklinga med stadig mindre bruk av banktenester i postnettet har likevel gjort formidlinga av banktenestene stadig meir ulønsam. Likevel er departementet av den meining at Posten si plikt til å tilby slike grunnleggjande banktenester skal halde fram. Departementet gir i denne meldinga ei vurdering av behovet for tilby banktenester, og korleis Postens ulønsemd knytt til denne verksemda eventuelt skal finansierast.
Marknadene Posten driv aktivitet i er i kraftig endring, og Norden blir meir og meir oppfatta som éin marknad. For å sikre fortsatt lønsemd, og bevare og styrkje Posten si stilling som ein foretrukken leverandør av post- og pakketenester, har selskapet dei siste åra drive ei aktiv posisjonering gjennom eigen ekspansjon og oppkjøp av verksemd i Norden. Oppkjøp av logistikk-, kommunikasjons- og transportselskap har vore spesielt viktig for å sikre Posten si stilling som stor logistikk- og kommunikasjonsaktør i Norge og i Norden. Ein meir liberalisert marknad for posttenester har gjort at Posten har valt ei slik nordisk orientering for å utvikle kjerneverksemda og styrkje sin posisjon i Noreg og i Norden.
Posten Norge AS er organisert som eit aksjeselskap fullt ut eigd av staten. Selskapsforma byggjer på ei klar rollefordeling mellom staten som eigar og selskapsleiinga. Selskapsleiinga har ansvaret for den forretningsmessige drifta av selskapet og skal arbeide for at dei måla som eigaren set for verksemda blir varetekne.
Regjeringa vurderer gjeldande organisasjonsform som formålstenleg med omsyn til å oppfylle måla på postområdet og sikre ei effektiv drift av Posten Norge AS. For å sikre viktige samfunnsinteresser er det i § 10 i vedtektene til selskapet bestemt at styret skal leggje fram for samferdselsministeren alle saker som blir vurdert å vere samfunnsmessig viktige eller prinsipielt vesentlege. Det betyr at departementet vil få informasjon om slike saker før vedtak blir fatta av styret. Den formelle eigarstyringa av selskapet skjer gjennom generalforsamlingsvedtak. Statsråden grip normalt ikkje inn i leiinga av selskapet. Dette betyr blant anna at det ikkje er statsråden si oppgåve som forvaltar av staten sin eigarskap å gjere vedtak som gjeld drifta av verksemda. Det er Regjeringas politikk at Posten Norge AS skal vere 100 prosent eigd av staten.
Formålet med stortingsmeldingane om verksemda til Posten er å gje Stortinget ei orientering om utviklinga i konsernet og Postens planar for verksemda dei næraste åra og departementet si vurdering av desse. Vidare vil Samferdselsdepartementet orientere om forhold departementet føreset at selskapsleiinga vektlegg i styringa av verksemda.
Meldinga vil i all hovudsak ikkje innehalde drøftingar av regulatoriske forhold knytt til postverksemda med unntak av Postens lovpålagte plikt om å tilby grunnleggjande banktenester i ekspedisjonsnettet, som vil bli nærare vurdert i kapittel 4. Andre regulatoriske problemstillingar som Posten har teke opp i sin § 10-plan, vil ikkje bli handsama i denne meldinga. Posten har mellom anna kommentarar til konsesjonen til Posten, tidspunkt for implementering av endringar i direktivet til EU om offentlege innkjøp i norsk rett og harmonisering av meirverdiavgiftsreglane for posttenester i EU, jf. kapittel 6 i vedlegg 2. Ny konsesjon for Posten for perioden 1. januar 2007 til 31. desember 2010 blei fastsett i desember 2006, og innspel frå Posten og andre høyringsinstansar blei vurdert før endeleg konsesjon blei vedteke. Dei andre regulatoriske problemstillingane som Posten tek opp i § 10-planen ligg ikkje under Samferdselsdepartementet sitt ansvarsområde, og Posten må ta desse forholda opp som eigne saker med dei ansvarlege departementa.
Postens einerett på formidling av lukka adressert brevpost blei innskrenka den 1. januar 2006, og omfattar i dag brevpost med vekt inntil 50 gram og med pris inntil to og ein halv gonger grunntaksten for eit innanriks prioritert brev innanfor fyrste vektklasse. Endringa følgjer av postlova, og er ei oppfølging av EU-direktivet på postområdet om stegvis liberalisering av postmarknaden, jf. Ot.prp. nr. 41 (2002-2003). Regjeringa Bondevik II la i desember 2004 fram eit forslag om å avvikle eineretten til Posten frå 1. januar 2007, jf. St.prp. nr. 34 (2004-2005). Forslaget blei vedteke i Stortinget mot stemmene til Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, jf. Innst. S. nr. 132 (2004-2005).
Regjeringa meiner at eineretten til Posten framleis er grunnleggjande viktig for å sikre rimelege og gode posttenester i heile landet. Geografisk utjamning av prisane er enklare å gjennomføre i ein marknad med einerett ettersom lønsame område elles vil bli utsette for konkurranse frå nye aktørar utan tilsvarande plikter. Vidare er eineretten eit godt verkemiddel for å sikre finansiering av Postens meirkostnader knytte til den ulønsame delen av dei leveringspliktige posttenestene. Erfaringar frå andre land som har avvikla eineretten, tyder på at det fyrst og fremst er kundar med store postvolum som tener på at marknaden blir liberalisert. Sjølv om auka konkurranse kan føre til betre posttilbod for nokre få, særleg verksemder i store byar med store volum, meiner departementet at omsynet til forbrukarar, næringsliv og distrikta veg tyngst. Lønsemda i Posten er i dag generelt betre enn nokon gong, samtidig har utviklinga i kvaliteten på dei samfunnspålagte tenestene vore for dårleg. Regjeringa vil ikkje risikere at ei forsert liberalisering skal svekkje kvaliteten ytterlegare, men tvert i mot leggje til rette for å heve den. Regjeringa vil òg hindre at det skal bli vesentleg dyrare å nå målet om landsdekkjande posttenester til rimelege prisar og god kvalitet. Regjeringa fremja i St.prp. nr. 58 (2005-2006) forslag om å oppheve tidlegare stortingsvedtak om avvikling av eineretten til Posten. Forslaget blei vedteke av Stortinget i juni 2006.
EU-kommisjonen la den 18. oktober 2006 fram forslag til eit nytt postdirektiv der det blir foreslått full liberalisering av postmarknaden frå 1. januar 2009. Regjeringa støtta ikkje forslaget og arbeidde aktivt overfor EU for å behalde eineretten/utsetje liberaliseringa. Medlemmene i EU sitt Rådsmøte tilrådde i oktober 2007 å behalde eineretten lenger, og å opne den europeiske postmarknaden først frå 2011 – to år seinare enn planlagt, og med moglegheit for ei ytterlegare utsetjing på to år for 11 namngitte medlemsland. Regjeringa vil vurdere korleis norsk postpolitikk skal utformast framover, mellom anna i ljos av EUs framtidige vedtak. Endeleg vedtak i EU er venta våren 2008.
I dag kjem nær 90 prosent av Postens inntekter frå konkurranseutsette område. Posten har dei siste åra gjennomført større omleggingar i verksemda som har ført til auka lønsemd og betre kvalitet på dei leveringspliktige posttenestene. Konkurransen i marknaden legg press på verksemda til å effektivisere drifta og vidareutvikle tenestene. Samtidig kan mogleg inntektsbortfall på grunn av nedgang i A- og B-postvolumet bli ei stor utfordring for selskapet. Departementet legg til grunn at Posten fortset å utvikle verksemda som eit moderne og effektivt selskap som tek samfunnsansvar, og gjer dei nødvendige tilpassingane for å sikre at vi óg i framtida vil ha ei lønsam postverksemd som tilbyr gode og rimelege posttenester til alle brukarar i heile landet.
I eigarstyringa av Posten er Samferdselsdepartementet oppteke av at:
Selskapet har fokus på dei samfunnspålagte og distriktspolitiske pliktene og oppfyller desse på ein god og kostnadseffektiv måte over heile landet.
Selskapet tek ansvar for viktige samfunnsoppgåver (miljø, forhold ved arbeidsplassen med meir).
Selskapet gir eit tilbod av posttenester tilpassa behova til dei ulike kundegruppene. Dette bør skje både gjennom vidareutvikling av gjeldande og utvikling av nye tenester som støttar opp under Postens kjerneverksemd.
Selskapet sikrar ei god forvalting av staten sine verdiar og ei god industriell utvikling av selskapet.
Selskapet har fokus på høg kvalitet på tenestene i postsegmentet.
Selskapet tek ut effektane av vedtekne omstillingsprosjekt.
Selskapet er ein god og attraktiv arbeidsplass med dyktige og serviceinnstilte tilsette, der dei tilsette og deira organisasjonar blir trekte inn i prosessar som påverkar arbeidssituasjonen deira.
Selskapet har fokus på å utvikle ein god HMS-policy.
Selskapet opprettheld og etablerer verksemd utanfor sentrale strøk.
Staten si eigarstyring av selskapet er blant anna knytt til fastsetjing av avkastningskrav og utbytepolitikk. Det er òg staten si oppgåve å vurdere eigenkapitalen i selskapet. Samferdselsdepartementets forslag til avkastningskrav og utbytepolitikk går fram av kapittel 7.
1.2 Samandrag
Boks 1.1 Dei nye forslaga som blir omtalte i denne meldinga
Omlegging av postkontorstrukturen; inntil 124 noverande postkontor blir omgjort til nye Post i Butikk
Alle noverande Post i Butikk skal oppgraderast
Alle nye Post i Butikk skal tilby kulturbillettar, og målet er at tilbod av kulturbillettar òg skal innførast ved dei eksistarande PiB’ane ved oppgradering av desse
Postens lovpålagde plikt til å formidle banktenester i sitt ekspedisjonsnett blir oppretthalde
Ordninga med statleg kjøp av ulønsame post- og banktenester blir vidareført
Avkastningskravet til Posten skal setjast ned frå 10,8 prosent for morselskapet til 10 prosent på konsernnivå
Det overordna målet på postområdet er å sikre eit landsdekkjande tilbod om formidling av leveringspliktige posttenester til rimeleg pris og med god kvalitet. Denne målsetjinga blir i dag i all hovudsak sikra gjennom sektorspesifikk regulering og statleg kjøp av ulønsame posttenester. Posten har einerett på formidling av lukka adressert brevpost innanfor ei definert pris- og vektgrense og er gjennom konsesjonen og lov om grunnleggjande banktenester i Postens ekspedisjonsnett pålagt å tilby leveringspliktige posttenester og grunnleggjande banktenester i heile landet (samfunnspålagte tenester). Gjennom Postens einerettsoverskot, og ordninga med statleg kjøp av ulønsame posttenester, kan Posten bli kompensert for dei meirkostnadene som dei leveringspliktige tenestene påfører selskapet. Dei siste åra har einerettsoverskotet i hovudsak dekt meirkostnadene, men frå og med 2009 vil det igjen venteleg vere naudsynt med løyving til kjøp av post- og banktenester over statsbudsjettet. Samferdselsdepartementet vil fremje forslag om slik løyving.
Kapittel 2 Viktige utfordringar for Postens verksemd
Postmarknaden er inne i ein kraftig endringsprosess. Utviklinga er prega av generell nedgang i etterspørselen etter dei tradisjonelle tenestene og store omstillingar i leverandørmarknaden. Dei store kundane ønskjer samla kommunikasjons- og logistikkløysingar som dekkjer heile Norden. Utviklinga krev leverandørar med grenseoverskridande distribusjonsnett og eit breitt tenestespekter. Parallelt med denne utviklinga har styresmaktene i nokre europeiske land vedteke å (del)privatisere dei tidlegare statlege postselskapa og/eller avvikle eineretten i brevmarknaden. I post- og logistikkbransjen styrkar dei store aktørane sin posisjon, blant anna gjennom oppkjøp og samanslåingar. Dei store postselskapa er aktive pådrivarar i denne prosessen. Utviklinga gjer seg òg gjeldande i Noreg og i dei andre nordiske landa.
Postens kjerneverksemd er post-, logistikk og IKT-tenester og anna verksemd som står i direkte samanheng med dette. Fallande etterspørsel etter dei tradisjonelle tenestene (brevpost og grunnleggjande banktenester), auka kundekrav og konsolideringstrenden i bransjen, gjer at Posten ser det som nødvendig å fortsetje å vekse innanfor dei andre segmenta og etablere ein konkurransedyktig posisjon på nordisk nivå. Ein slik nordisk posisjon vil underbyggje lønsemda i Posten på lengre sikt.
Samferdselsdepartementet føreset at Posten løyser dei samfunnspålagte krava på ein god og effektiv måte. Departementet legg til grunn at Posten driv lønsamt, kontinuerleg søkjer effektive løysingar både på inntekts- og kostnadssida, og sikrar ei god lønsemdsutvikling i kjerneverksemda. Departementet legg til grunn at omstillingane i Posten ikkje går utover kvaliteten på dei samfunnspålagte tenestene i nokon del av landet.
Kapittel 3 Posten som viktig samfunnsaktør
Posten legg stor vekt på å ta samfunnsansvar, og ser ikkje nokon motsetnad mellom å utvikle Posten til eit nordisk kommunikasjons- og logistikkselskap, og samtidig sikre dei samfunnspålagte oppgåvene. Posten meiner tvert imot at eit lønsamt, slagkraftig og offensivt Posten på nordisk nivå er den beste garanti for framleis høg kvalitet på den landsdekkjande servicen i Noreg, òg innanfor tradisjonelle tenester. Norsk næringsliv, både i distrikta og i sentrale strøk, vil vere tent med eit konkurransedyktig Posten på nordisk nivå.
Målsetnadene på postområdet blir i dag i all hovudsak sikra gjennom sektorspesifikk regulering ved at det i konsesjonen til Posten er stilt krav til dei leveringspliktige tenestene. I dei årlege rapportane frå Post- og teletilsynet, som fører tilsyn med at Posten etterlever krava i konsesjonen, blir det konkludert med at utviklinga i servicenivået i hovudsak er positiv og at konsesjonsvilkåra er oppfylte. Departementet stiller strenge krav til at vi har eit velfungerande statleg postselskap med fokus på at privatkundar og næringsliv i heile landet blir tilbydd gode, likeverdige og rimelege posttenester. Departementet understrekar at ei sterk stilling i heimemarknaden er avgjerande òg for at Posten skal lukkast med den nordiske satsinga. Departementet føreset at Posten viser samfunnsansvar utover det som følgjer av lover og reguleringar, og står fram som eit godt eksempel for andre aktørar i saker der det er viktige samfunnsinteresser som bør bli varetekne.
Kapittel 4 Gjennomføring dei siste åra og planar dei komande åra
Posten har dei siste sju åra gjennomført ei omfattande omlegging av verksemda. Tiltaka har resultert i betre lønsemd og auka kvalitet på tenestene. Målingar som Posten har fått gjennomført, viser at kundane er godt nøgde med tilbodet på postkontora og i Post i Butikk. Dei eigendrivne postkontora har likevel eit underliggjande lønsemdsproblem på grunn av kraftig nedgang i etterspørsel etter bank- og betalingstenester over skranke. På bakgrunn av dei marknadsmessige endringane i etterspørselen etter tenester ved ekspedisjonsstadene, ser ikkje Posten lenger banktenester som ein del av kjerneverksemda. For å tilpasse verksemda til dei marknadsmessige endringane ønskjer Posten ytterlegare å leggje om eigendrivne postkontor til Post i Butikk. Det blir lagt opp til at inntil 124 kontor skal leggjast om til Post i Butikk innan utgangen av 2010.
Etterspørselen etter tradisjonell brevpost har halde fram med å falle. Postens totale brevvolum har likevel vakse som følgje av auka distribusjon av uadressert reklame. Det er likevel lågare fortenestemarginar knytt til desse tenestene. Innanfor pakkeverksemda har Posten hatt ei positiv volumutvikling, og særleg det internasjonale pakkevolumet gjennom dotterselskapet PNL har uvikla seg positivt. For pakkepost er såleis innteninga totalt sett god. For å betre framsendingskvaliteten og styrkje lønsemda i morselskapet, har Posten i føregåande planperiode samordna brev- og pakkeproduksjon på færre og større sorteringsterminalar og implementert ny teknologi for å auke automatiseringa i produksjonen. Posten har vidare konsentrert verksemda om kjerneaktiviteten ved sal av dotterselskap samt ved å ha styrkt marknadsposisjonen til konsernet i logistikk- og ekspressmarknaden. Strategien til konsernet har vore å vekse i definerte nisjemarknader i Norden, med basis i kjerneverksemda i Noreg.
Effektane av Postens vedtekne tiltak er ikkje vurdert som tilstrekkelege for å hindre ei svekking i lønsemda framover. For å unngå ei fallande lønsemdsutvikling, ønskjer Posten difor å styrkje sine marknadsposisjonar gjennom oppkjøp og auka nærvær i den nordiske marknaden. Posten ser det òg som viktig å inngå i internasjonale alliansar for å sikre seg innvolum for vidaredistribusjon i Noreg. Posten vil fortløpande vurdere porteføljen av dotterselskap og avvikle eller selje ut verksemd som ikkje er venta å yte tilstrekkeleg til verdiutviklinga eller ha synergiar med kjerneverksemda.
Samferdselsdepartementet legg til grunn at Posten held fram med å utvikle verksemda som eit moderne og effektivt selskap som tek samfunnsansvar, og at leiinga i Posten har eit langsiktig fokus på kjerneverksemda. Departementet legg til grunn at Posten kan leggje om inntil 124 postkontor til Post i Butikk innan utgangen 2010, under den føresetnad at Posten set i verk tilstrekkeleg med tiltak for å sikre privatkundar og småbedrifter i heile landet tenester med høg kvalitet og eit minst like godt tilbod av dei samfunnspålagte tenestene i ny struktur. Det er òg viktig med god dialog overfor lokale styresmakter før og under gjennomføring av strukturendringa. Posten har òg revidert måten å gjennomføra omstillingar på, i samarbeid med arbeidstakarorganisasjonane, for å vareta interessene til tilsette som blir omfatta av omlegginga.
Samferdselsdepartementet har på bakgrunn av utviklinga i bruken av grunnleggjande banktenester i Postens nett, fått eit eksternt konsulentselskap til å utgreie framtidig behov for banktenester i Postens ekspedisjonsnett. Hovudkonklusjon i rapporten er at det ikkje er fagleg grunnlag for å gje ei klår tilråding om plikta bør førast vidare, avgrensast eller halde opp. Det er departementet si vurdering at konklusjonane i rapporten peikar i retning av at det ikkje er riktig å endre dagens plikt for Posten til å sikre eit grunnleggjande banktilbod i heile landet. Ei omlegging av postkontornettet vil føre til at kostnadene knytte til mellom anna formidling av grunnleggjande banktenester vil bli sterkt reduserte, men det vil likevel framleis vere ulønsamt for Posten å formidle desse tenestene. Så lenge Posten av samfunnsmessige omsyn difor er pålagt å drive både ulønsame post- og banktenester, meiner departementet at ulønsame banktenester bør bli inkluderte i ordninga med statleg kjøp.
Ordninga med statleg kjøp er ikkje avvikla, og det blei i perioden 1993-2005 løyvd tilskot til kjøp av ulønsame posttenester. Dei siste par åra har einerettoverskotet stort sett dekt tapet Posten har hatt ved å formidle både ulønsame post- og banktenester, og det har ikkje vore løyvd tilskot. Dei komande åra ser Posten at det i minkande grad vil vere tilfellet at einerettsoverskotet dekkjer meirkostnadene ved dei ulønsame post- og banktenestene. Av den grunn bør ordninga vidareførast, der ein òg inkluderer dei ulønsame banktenestene. Kostnadene og ulønsemda ved post- og banktenestene må vurderast samla, då Postens konkurranseevne er påverka av ulønsemda ved formidlinga av begge desse tenestekategoriane.
Forslag om løyvingar til Posten vil bli tatt opp i dei årlege statsbudsjettprosessane, og har mykje å seie for kva strategi verksemda legg for framtida. At banktenestene blir inkluderte i prinsippet, gjer at Posten får ein meir stabil planleggingshorisont, og kan fortsetje å vere ei bedrift som kan vareta samfunnsoppgåvene på lang sikt.
Kapittel 5 Personalmessige forhold
Nødvendige omstillingar i Posten har ført til ei kraftig nedbemanning i morselskapet. Det er forventa at nye kostnadseffektiviserande tiltak vil kunne medføre ei ytterlegare nedbemanning i morselskapet i dei komande åra. Elles i konsernet er det venta ein bemanningsauke på grunn av oppkjøp. Sjukefråværet og tal på nye uføretrygda i Posten har gått ned dei seinaste åra. Undersøkingar Posten har gjennomført viser at dei tilsette trivst på jobben.
Samferdselsdepartementet føreset at Posten gjennomfører framtidige omstillingar i nært samarbeid med dei tilsette og deira organisasjonar, og at verksemda arbeider aktivt med å leggje til rette for at overtallige kan få anna arbeid i Posten. Posten har fullført prosessar med fagforeiningane om revidert verkemiddelavtale og prosessreglar for å handsama overtalige. Dei avtalte ordningane omfattar mellom anna omskuleringtiltak og samarbeid med NAV for å hindre fråfall frå arbeidslivet. Departementet legg vidare til grunn at Posten fortset å prioritere arbeidet med å få ned sjukefråværet og uføretrygdinga, og har fokus på gode arbeidsforhold for dei tilsette. Det er særs viktig at Postens personalpolitikk i omleggingsfasen frå postkontor til Post i Butikk inneheld tiltak som hindrar at dei som mistar jobben blir utstøytte frå arbeidslivet.
Kapittel 6 Økonomi
Posten har i løpet av perioden 2002-2006 auka omsetnaden med om lag 57 prosent. Det er i hovudsak Postens ekspress- og logistikkverksemd som står for denne veksten. I underkant av 90 prosent av Postens inntekter kom i 2006 frå konkurranseutsett verksemd. Driftsresultata til konsernet viste i løpet av desse åra ei vesentleg betring av lønsemda i underliggjande drift. Resultatforbetringane var særleg knytt til omstillingane og effektiviseringane i morselskapet. Posten hadde ved utgangen av 2006 ein eigenkapitaldel på 35,5 prosent. Posten vurderer den finansielle situasjonen til konsernet som tilfredsstillande.
Postens kjøp av logistikkverksemd og IKT-selskap i 2005/2006 medførte ein auke i omsetninga til konsernet. Det er vidare venta at inntektene frå pakke- og ekspressverksemda vil auke framover, mens inntektene frå tradisjonell brevpost og grunnleggjande banktenester vil halde fram å falle. Effektane av vedtekne effektiviseringstiltak og forventa inntektsvekst i den gjeldande verksemda er ikkje vurderte som tilstrekkelege til å kompensere for effektane av inntektsnedgang knytt til dei tradisjonelle brev- og banktenestene og generell lønns- og kostnadsvekst. Posten vil difor mellom anna framleis styrkje konkurranseposisjonen sin i den nordiske marknaden gjennom oppkjøp.
Posten melde seg ut av Statens Pensjonskasse (SPK) med verknad frå 1. januar 2006 og inngjekk ei avtale om ny pensjonsordning med Vital Forsikring.
Samferdselsdepartementet får som eit ledd i eigaroppfølginga av Posten jamleg utført eksterne verdivurderingar av selskapet. Danske Markets fastsette i februar 2006 verdien av konsernet sin eigenkapital til 12,5 mrd. kroner. Danske Markets framhevar at Posten er eit veldrive selskap, men at utviklinga innanfor den tradisjonelle verksemda vil føre til dårligare resultat i morselskapet i åra som kjem. I 2007 fikk Posten sjølv eit firma, Handelsbanken Capital Markets, til å utføre ei verdivurdering. Her blei verdien av eigenkapitalen til Posten fastsett til 14,4 mrd. kroner.
Samferdselsdepartementet legg til grunn at Posten legg betydeleg vekt på å oppfylle alle dei samfunnspålagte krava på ein god og likeverdig måte i heile landet, driv verksemda effektivt og at Posten i det vesentlege held seg til Posten si kjerneverksemd.
Kapittel 7 Avkastningskrav og utbytepolitikk
Av omsyn til ei effektiv forvaltning av staten sine verdiar, meiner departementet at avkastningskravet for Posten bør bli utforma slik at det blir lagt vekt på dei same prinsipp som for private selskap. Avkastningsnivået må likevel heile tida vurderast opp mot Postens samfunnsansvar som formidlar av landsdekkjande posttenester, og skal ikkje bli prioritert til ulempe for kvaliteten på dei samfunnspålagte tenestene. Med tanke på dei utfordringane verksemda vil ha framover, med å få fram leveringspliktige posttenester av god kvalitet, foreslår departementet at avkastningskravet for Posten blir nedjustert frå 10,8 prosent for morselskapet til 10 prosent for konsernet dei neste åra. Avkastningskravet må vurderast på nytt dersom inntekstføresetnadene til Posten endrar seg.
I St.meld. nr. 11 (2003-2004) blei det fastsett at utbytet frå Posten frå og med rekneskapsåret 2006 skal bli rekna som innlånsrenta til staten multiplisert med eigenkapitalen til Posten, avgrensa oppover til 75 prosent av overskotet etter skatt.