1 Fjell- og innlandstrategien viser veg
Vi skal ha busetnad i heile landet. Dette er ikkje berre viktig for distrikta, men kan bidra til å skape arbeidsplassar og auke verdiskapinga med utgangspunkt i naturressursane våre. Omgrepet «distrikt» femnar vidt, og blir gjerne brukt for dei busetnadene som finst utanfor dei store byane. Vi har rike naturressursar, både ved kysten, i fjellet og i innlandet, som blir hausta frå hav, fjord, fjell og skog. Føresetnadene og moglegheitene er ulike frå nord til sør. Vi har livskraftige byar og lokalsamfunn i heile landet. Det er ein verdi i seg sjølv at nordmenn lever gode liv der verdiane blir skapt.1
Regjeringa sitt mål med denne strategien er auka berekraftig verdiskaping ved å fremje lønsame arbeidsplassar, konkurransekraft og digitalisering i eksisterande og nye næringar i fjell- og innlandsområda. Næringslivet skapar arbeidsplassar og gode lokalsamfunn i fjell- og innlandsamfunna. Her finst store areal- og naturressursar, som er eit viktig fundament for verdiskaping – både når det gjeld energi, industri, bioøkonomi, matproduksjon og reiseliv. For å møte den aukande interessa og vekstpotensialet for desse ressursane, er planlegging, god arealforvaltning og bruk av ny teknologi viktige føresetnader.
Denne strategien skal fungere som eit vegkart, ved å synleggjere korleis regjeringa legg til rette for at eksisterande og nye verksemder skal kunne auke si verdiskaping og skape fleire arbeidsplassar. Dei lokale ressursane dannar eit unikt utgangspunkt. Oppgåva til nasjonale og lokale styresmakter er å leggje til rette gjennom attraktive rammevilkår, vise korleis kommunen kan bli ein aktiv næringsutviklar, og synleggjere dei lokale moglegheitene for vekst og utvikling.
1.1 Kvifor ein fjell- og innlandsstrategi?
Regjeringa si tilnærming i distriktspolitikken er at nærings- og samfunnsutviklinga heng tett saman. Nyskapinga og skapartrongen i privat sektor er ein viktig del av grunnlaget for levende lokalsamfunn i heile Noreg. Det er derfor nødvendig å leggje til rette for lokalt næringsliv og lokale eldsjeler som vil skape arbeidsplassar og verdiar basert på regionale fortrinn i lokalsamfunnet, med gode rammevilkår for vekst og investeringar.
Denne strategien skal vise kva politikk regjeringa har for sysselsetjing og verdiskaping i Fjell- og Innlands-Noreg, for å leggje til rette for busetnad, aktivitet og gode liv i regionen. Regjeringa har god sektorvis politikk for jobbskaping, vekst og utvikling i distrikta. Det er politikken innanfor område som kunnskap og kompetanse, næringsutvikling, landbruk, samferdsle, kommunikasjon og digitalisering som gjer det mogleg å bu, arbeide og drive eit aktivt næringsliv i fjell- og innlandsområda. Likevel er ein heilskapleg politikk nødvendig, fordi det gjer at ein kan sjå distriktspolitikken på tvers av sektorar og næringar og stake ut kursen for korleis folk og næringsliv i Fjell- og Innlands-Noreg kan utnytte moglegheitene lokalt og regionalt.
Med ein politikk som er tilpassa ressursgrunnlaget og folka som bur der, skal fjell- og innlandsstrategien bidra til at det lokale næringslivet skal kunne skape levande og attraktive lokalsamfunn for framtida. Dette er ein av tre distrikts- og regionalpolitiske strategiar frå regjeringa våren 2021. Dei spring ut frå behovet for å spisse distriktspolitikken basert på regionale fortrinn, for å utløyse potensialet for ressursutnytting og verdiskaping i heile Noreg.
1.2 Ein strategi for berekraftig utvikling
Sommaren 2021 legg regjeringa etter planen fram ei stortingsmelding om den norske oppfølginga av berekraftsmåla. Høgt forbruk og store klimaavtrykk er blant hovudutfordringane for ei berekraftig utvikling i Noreg. Ein viktig premiss for å nå berekraftsmåla er å byggje vidare på den norske velferdsmodellen og den ressursbaserte økonomien vår. Regjeringa vil byggje opp under eit grønt og rettferdig skifte, slik at velferda kan haldast oppe over heile landet, utan at kostnadene ved omstilling blir skeivfordelte. Denne strategien er eit bidrag i arbeidet med å nå berekraftsmåla i Noreg. Gjennomgåande er mål 11 om berekraftige byar og lokalsamfunn sentralt. Særleg er det lagt vekt på mål 11.A gjennom ei brei satsing på samfunns- og arealplanlegging (kapittel 5 og 6). Samarbeid er gjennomgåande i strategien, og dette gjer at strategien bidreg til mål 17, og særleg delmål 17.17 om velfungerande partnarskap i det offentlege og mellom det offentlege og det private. Vidare viser strategien fleire framtidige satsingsområde som bidreg til å redusere klimagassutslepp jf. mål 13 (gjennomgåande, men særleg kapittel 3) og legg til rette for ansvarleg forbruk og produksjon jf. mål 12 (kapittel 2 og 7) . Strategien bidreg også til fleire av delmåla under mål 15 om livet på land (fleire kapittel).
Berekraftsmål 9 om å byggje solid infrastruktur og fremje inkluderande og berekraftig industrialisering og innovasjon står sentralt i utviklinga av nye arbeidsplassar. Det grøne skiftet er i gang, både i Noreg og i Europa. Dette skapar ein marknad for grøne og miljøvenlege løysingar. Dette gjer delmål 9.4 om meir effektiv bruk av ressursar og meir utstrekt bruk av reine og miljøvenlege teknologiformer og industriprosessar sentralt (kapittel 2). Med dei fornybare naturressursane spelar fjell- og innlandsområda ei viktig rolle for den grøne omstillinga i Noreg. Digital og teknologisk framgang og innovasjon, og ein ny og meir effektiv ressursbruk, kan skape nye arbeidsplassar gjennom til dømes nye industrietableringar som er bygde på rein energi og lokale naturressursar. Dette er viktige bidrag til mål 8 om anstendig arbeid og økonomisk vekst og mål 7 om rein energi. Strategien bygg særleg opp under delmål 8.3 om å støtte produktive aktivitetar, anstendige arbeidsplassar, entreprenørskap, kreativitet og innovasjon, og vekst i talet på små og mellomstore verksemder, mellom anna ved å gje dei tilgang til finansielle tenester (kapittel 2). Ein viktig del av satsinga på distrikta skjer gjennom ei styrka satsing på påliteleg, berekraftig og solid infrastruktur av høg kvalitet jf. delmål 9.1, og gjennom å auke tilgangen til informasjons- og kommunikasjonsteknologi jf. 9.c. Fjell- og innlandsområda omfattar store delar av norsk landbruksareal, og strategien viser korleis regjeringa legg til rette for utvikling av både eksisterande og nye næringar. Strategien bygg opp om mål 2 om mat, særleg mål 2.3 om mellom anna moglegheiter for verdiauke og for sysselsetjing utanfor landbruket og 2.4 om berekraftige system for matproduksjon (kapittel 8).
Utdanning er eit prioritert område for regjeringa og berekraftsmål 4 om god utdanning er eit sentralt tema for strategien (kapittel 3). Den største ressursen for lokalt næringsliv er folka som veks opp, bur og arbeider i regionen. Å leggje til rette for å kunne lære heile livet, gjennom eit tilbod som gjer det mogleg å bli buande der ein bur, og leve det livet ein lever, legg til rette for auka kompetanse og sysselsetjing i framtidige næringar. Forsking, utvikling og innovasjon gjennom samarbeid mellom næringsliv og sterke fagmiljø er nødvendig for å utvikle metodar for å møte samfunnsutfordringane. Tekniske fag og yrkesfag tilpassa framtidige behov gir nødvendig kompetanse for å ta desse metodane i bruk, og kan redusere fråfall i utdanninga. Strategien bidreg dermed særleg til delmål 4.3 om tilgang til god teknisk og yrkesfagleg opplæring og høgare utdanning, og 4.4 om ei auka kompetanse i tekniske fag og yrkesfag som er relevant for sysselsetjing, anstendig arbeid og entreprenørskap.
Berekraft har tre dimensjonar: det sosiale, det miljømessige og det økonomiske, og det er nødvendig å prioritere alle tre. Strategien bidreg også til mål 3 (kapittel 8) gjennom å fremje arbeid for god helse. Særleg gjeld dette delmål 3.8 om allmenn tilgang til grunnleggjande og gode helsetenester og delmål 3.4 som mellom anna handlar om å fremje mental helse og livskvalitet. FN legg vekt på at 2/3 av berekraftsmåla berre kan oppfyllast ved lokal innsats. Kommunen er nærast innbyggjarane, verksemdene og organisasjonane og har mykje av ansvaret for den sosiale og fysiske infrastrukturen som påverkar levekåra og utviklingsmoglegheitene til innbyggjarane. Regjeringa forventar at fylkeskommunen og kommunane legg berekraftsmåla til grunn for samfunns- og arealplanlegginga. Samtidig skal staten ta sin del av ansvaret.
1.3 Prioriterte innsatsområde i strategien
Denne strategien omfattar ei rekkje sektorområde, mellom anna kunnskaps-, nærings-, energi- og klimapolitikk. Stortingsmeldingane og strategiane som regjeringa har lagt fram, dannar rammer for arbeidet innanfor ulike politikkområde.
Som ei oppfølging av distriktsmeldinga Meld. St. 5 (2019–2020) Levende lokalsamfunn for fremtiden, tok regjeringa hausten 2020 i mot råd frå Distriktsnæringsutvalet og Distriktsdemografiutvalet, om kva distriktsnæringslivet har å seie for levande lokalsamfunn og demografiutfordringane i distrikta. Regjeringa har også fått overlevert politikkforslag frå Ungdommens distriktspanel denne våren. I sum gir dei tre dokumenta viktige perspektiv på den vidare utviklinga i distrikta.
Noreg er i omstilling. Samfunns- og næringslivet står overfor to store endringsprosessar: den grøne og den digitale. I framtida må næringslivet satse grønare, smartare og meir nyskapande for å gi vekst, arbeidsplassar og skatteinntekter. I endringa ligg det store moglegheiter, gjennom utviklinga av nye produkt, nye verdikjeder og nye forretningsmodellar. Til dømes vil datadriven innovasjon vere ei av dei viktigaste kjeldene til økonomisk vekst framover. Samtidig er det mange faktorar som er spelar inn på i kva grad ein lykkast med å nyttiggjere seg denne samfunnsutviklinga. For å nå målet om auka berekraftig verdiskaping gjennom grøn konkurransekraft og digitalisering i eksisterande og nye næringar, vil regjeringa derfor prioritere følgjande innsatsområde:
- Verdiskaping basert på naturressursar og regionale fortrinn
- Tilgang på kunnskap og kompetanse for styrkt verdiskaping
- Vidareføre satsinga på veg, jernbane og gode transportløysingar
- Framtidas reiseliv og morgondagens hytte- og friluftspolitikk
- Ein arealpolitikk som fremjar bulyst og næringsutvikling
- Eit konkurransekraftig og mangfaldig landbruk og ein framtidsretta bioøkonomi
- Gode og attraktive lokalsamfunn
Innsatsområda byggjer på dei sentrale føresetnadene for å stille om og framtidsrette næringslivet i Fjell- og Innlands-Noreg. Naturressursane dannar utgangspunktet for dei stadbundne verksemdene. Det må skapast verdiar med utgangspunkt i desse ressursane for å utvikle industri og anna vidareforedling lokalt. Dette fordrar rekruttering av relevant kompetanse og at lokale- og regionale styresmakter planlegg langsiktig for ei styrt utvikling. Fjell- og Innlands-Noreg har fleire sterke teknologi- og forskingsmiljø. Koplingar mellom sterke fagmiljø og næringslivet skapar auka FoU-aktivitet og innovasjon og er vesentleg for å leggje til rette for framtidig vekst og utvikling. Vidare vil godt utbygd infrastruktur, både fysisk og digital, redusere avstandsulempene i distrikta og auke konkurransekrafta til verksemdene.