8 Gode og attraktive lokalsamfunn
Urbanisering og sentralisering er globale trendar som påverkar busetjingsmønster over heile verda. Det skal vere mogleg å leve eit godt liv uansett kvar i Noreg ein bur. Regjeringa har mål om regional balanse gjennom vekstkraft, likeverdige levekår og berekraftige regionar i heile landet. Regjeringa vil jobbe aktivt for at gode tenester som gir velferd, sikkerheit og trivsel er tilgjengelege i alle delar av landet. Trygge rammer for familiar, barn, unge og eldre er ein føresetnad for gode og inkluderande lokalsamfunn, og for vidare næringsutvikling og verdiskaping.
Attraktive stader og aktivt næringsliv heng tett saman og påverkar kvarandre. Breidda i den lokale arbeidsmarknaden påverkar tilflytting, medan trivsel og gode tenester får folk til å bli verande. Levande og trivelege småbyar kan tiltrekke seg folk, verksemder og kompetanse som kommunane og regionen treng.
Regjeringa legg denne våren også fram ein strategi for småbyen. Sterke småbyar og større tettstader er ein føresetnad for at det skal vere attraktivt å bu, leve og jobbe i heile landet. Regjeringa meiner at attraktive småbyar som samhandlar godt med omlandet sitt vil vere ei distriktspolitisk styrkje. Kompakte og trivelege småbyar og tettstader med gode fysiske omgivnader, eit levande sentrum, gode og varierte bustader, eit breitt vare- og tenestetilbod og kultur- og fritidstilbod kan gjere heile regionen meir attraktiv. Dette må sjåast i samanheng med kommunane og fylkeskommunane sine lovpålagte oppgåver.
8.1 Gode bustader og bumiljø
Regjeringa vil leggje til rette for gode bustader og bumiljø i distrikta. Tilgang på eigna bustader kan vere avgjerande for om folk etablerer seg eller blir buande på ein stad. Ein liten og einsidig bustadmarknad har vist seg å vere eitt av fleire hinder for rekruttering av arbeidskraft i distrikta. Mange stader er det få bustader til sal eller leige. Prisane på brukte bustader kan vere så låge at det ikkje løner seg å byggje nytt. Dette kan også gjere det vanskeleg for eldre å flytte til meir praktiske og sentrumsnære bustader med kort avstand til viktige servicetilbod, sosiale aktivitetar, og på sikt omsorgstenester.
Husbanken har ordningar som støttar bustadbygginga i distrikta, som lån til utleigebustader og bustadkvalitet. Husbanken kan lempe på krava om belåningsgrad i område der private bankar i liten grad finansierer nybygging. Kommunane kan tildele startlån til privatpersonar som ikkje har langvarige finansieringsproblem, men der bustadsituasjonen gjer det vanskeleg å halde fram i eit arbeidsforhold eller hindrar utviklinga av det lokale arbeidslivet. Desse verkemidla blir best nytta om kommunane har ein aktiv bustadpolitikk, kopla til stadutvikling, planar for omsorgstenester og rekruttering av arbeidskraft. Kommunar med tett samarbeid med næringsliv og utbyggjarar finn ofte fram til gode løysingar og får realisert fleire prosjekt som kan bidra til ein meir variert bustadtilbod også på mindre stader.
Aldersvenlege bustader og bumiljø
Innlandskommunen Iveland i Agder deltek i eit spennande samarbeidsprosjekt mellom Husbanken, Distriktssenteret og 11 kommunar. Aldersvennlege bustader og bumiljø i distrikta er eit treårig prosjekt med mål om å finne ut korleis distriktskommunar kan utvikle aldersvennlege bustader i aldersvennlege bumiljø.
Iveland er ein liten kommune med negativ folketalsutvikling. Gjennom dei siste ti åra har kommunen vore offensiv i å utvikle kommunesenteret Birketveit. Her har det vakse fram eit landsbytun med 26 universelt utforma leilegheiter, saman med viktige sentrumsfunksjonar som daglegvarebutikk, kaffikrok, bibliotek og areal til anna service og handelsverksemd. Dette har gitt eit nødvendig og populært tilskot til butilbodet i kommunen. I tillegg har kommunen i 2020 vedteke å etablere ei kommunal tilskotsordning for bustadetablering, for å stimulere til tilflytting og busetjing.
Dei 10 andre kommunane som deltek i prosjektet, er Beiarn, Herøy (Nordland), Grong, Vanylven, Stryn, Ullensvang, Vinje, Våler (Innlandet), Kongsvinger og Engerdal.
Birketveit landsbytun i Iveland kommune. Bygningsmasse i massivtre og underjordisk parkeringshus. Foto: Finn Terje Uberg. Arkitekt: Ola Roald Arkitektur.
Kommunal- og moderniseringsdepartementet vil be Husbanken sørge for at tilgangen til å ta distriktspolitiske omsyn i långivinga blir betre kjend, og styrke kunnskapen om korleis ordningane blir praktiserte.
Husbanken og Distriktssenteret skal støtte opp om arbeidet i kommunane, mellom anna ved å vise til gode døme på korleis ein kan sjå bustadpolitikk, stadutvikling og næringsutvikling i samanheng.
8.2 Digitalisering gir enklare kvardag for verksemder og innbyggjarar
Moglegheitene som ligg i den teknologiske utviklinga må takast i bruk. Digitalisering gir ein enklare kvardag for verksemder og innbyggjarar, med meir tilgjengelege tenester uavhengig av kvar ein bur i landet. Innanfor mange sektorar er det ikkje lenger nødvendig å reise for å møte opp fysisk for offentlege tenester. Tenestene blir levert heim til den einskilde. Den raske digitaliseringa av offentleg sektor kombinert med raskt nett i heile landet har gitt ei stor digitaliseringsreform. Koronapandemien har vist at arbeidet på mange område kan gjerast utanfor arbeidsplassen, overalt i landet. Med digital tilgang til tenester og arbeid, kan det gode livet i distrikta bli verkeleg for stadig fleire.
Regjeringa har som mål at brukarane skal få ei heilskapleg oppleving av offentlege tenester, uavhengig av kva verksemder som tilbyr dei. Kommunar, fylkeskommunar og statlege verksemder må samarbeide på tvers av forvaltningsnivå og sektorar for å lykkast med denne ambisjonen.
Raskt og stabilt mobil- og breibandnett er grunnleggjande infrastruktur for innbyggjarane i distrikta, og ein viktig føresetnad for å redusere ulemper med lange avstandar og spreidd busetnad. Tilgang til breiband er mellom anna avgjerande for at offentlege og private verksemder skal kunne nytte moglegheitene som ligg i det digitale skiftet. Ved utgangen av 2020 hadde 90 prosent av husstandane tilbod om breiband med 100 Mbit/s eller meir. Dekninga for 4G-mobilnett var nær 100 prosent av husstandane. Regjeringa har sett eit mål om at 100 prosent av husstandane og verksemdene i Noreg skal ha tilbod om minst 100 Mbit/s nedlastingsfart og minst 10 Mbit/s opplastingsfart innan utgangen av 2025. Vidare skal det vere mobildekning der folk bur, jobbar og ferdast, og der privat, frivillig og offentleg sektor driv verksemd. Staten har auka tilskota til utbygging av breiband i område utan kommersielt grunnlag dei siste åra. Mange kommunar og fylkeskommunar har også bidrege med omfattande beløp. Dette har bidrege til stor vekst i tilgangen på breiband med høg fart i distrikta. Staten har også stilt krav til, og lagt til rette for, at netta er sikre og robuste. Det er gitt tilskot til sikrings- og beredskapstiltak som går ut over det tilbydarane sjølve dekkjer kostnaden for.
8.2.1 Utbygging av femte generasjons mobilnett
Utbygging av femte generasjons mobilnett (5G) kan bidra til at oppgåver kan løysast på nye måtar, og at produktiviteten aukar i heile samfunnet. Det vil til dømes gjere det mogleg å tilby tenester som støtte for sjølvkøyrande bilar, fjernoperasjon av pasientar og industriell bruk og tilrettelegging for maskin-til-maskin-kommunikasjon (M2M) i mykje større skala enn det som er mogleg i dag. M2M kan brukast til sensornettverk, energiovervaking, smarte heimar, intelligent transportteneste og liknande. Det er derfor viktig at det også blir bygd ut 5G utanfor dei sentrale byområda. Regjeringa har i 2021 lansert ein distriktspakke for breiband med høg fart. Denne kan gi over ein halv milliard kroner i målretta satsing på raskt, trådlaust breiband i område som manglar eit slikt tilbod i dag. Dette skjer gjennom at utbyggjarane av 5G-netta kan få rabatt på prisen dei skal betale for dei attraktive frekvensane som trengst for å byggje ut 5G, dersom dei byggjer ut raskt, trådlaust breidband til husstander og verksemder i område som manglar slikt tilbod. Dei private selskapa som eig mobilnetta har også store ambisjonar. 5G-utrullinga går føre seg for fullt, og halve befolkninga har venteleg 5G-dekning der dei bur i løpet av 2021.
8.3 Eit godt tilbod av helse- og omsorgstenester
Velferdsteknologi kan gi eit geografisk meir fleksibelt tenestetilbod på tvers av sektorar. Bruk av velferdsteknologi bidreg til auka livskvalitet, auka tryggleik og betre høve til å klare seg på eigahand. Dette kan for eksempel gje betre tenester til eldre som bur heime og pasientar på sjukeheim og andre institusjonar, og til barn og unge og personar med nedsett funksjonsevne. Erfaringane frå Nasjonalt velferdsteknologiprogram (2014–2021) viser at velferdsteknologi også kan bidra til meir effektiv bruk av ressursar i helse- og omsorgssektoren i kommunane.
Interessa for å ta i bruk velferdsteknologi har auka vesentleg som følgje av koronapandemien. Utprøving av ulik teknologi for å følgje opp pasienten heime har gitt gode resultat. Helse- og omsorgsdepartementet skal i 2021 ta stilling til den vidare nasjonale innsatsen på velferdsteknologiområdet.
Den kommunale helse- og omsorgstenesta er grunnmuren i helse- og omsorgssystemet. Alle kommunar skal yte dei same lovpålagde tenestene til innbyggjarane, uavhengig av innbyggjartal, busetjingsstruktur eller andre kjenneteikn. For å sikre berekraftige helse- og omsorgstenester med god kvalitet i framtida er det nødvendig med fagleg omstilling. Regjeringa følgjer opp dette, mellom anna gjennom kvalitetsreforma Leve heile livet, Kompetanseløft 2025 og Demensplan 2025.
Ein desentralisert sjukehusstruktur gir befolkninga god tilgang til spesialisthelsetenester i nærleiken av der dei bur. Funksjonar skal samlast når det er nødvendig av omsyn til kvalitet, men desentraliserast når det er mogleg, for å gi eit breiast mogleg tilbod med god kvalitet i nærmiljøet. Regjeringa har i Nasjonal helse- og sykehusplan sett eit mål om å skape det utoverretta sjukehuset. Det inneber at pasientar i større grad skal møte spesialisthelsetenesta heime, anten ved hjelp av teknologi eller ambulante tenester, at spesialistar frå sjukehus samarbeider med helsepersonell i kommunen på kommunale arenaer, og at spesialistar på store sjukehus støttar personell på mindre sjukehus som ligg nærare pasienten.
Samarbeid mellom kommunane og helseføretaka kan bidra til meir desentralisert tilgang til spesialisthelsetenester i regionar med store avstandar til sjukehus. Fleire stader er det etablert større helseinstitusjonar utanfor sjukehus som yter spesialisthelsetenester. Desse er ofte samlokaliserte med kommunale helse- og omsorgstenester, og skaper nærleik til nødvendig helse- og omsorgstenester. Noreg har god akuttmedisinsk beredskap. Dei fleste situasjonar som gjeld akutt sjukdom og skade blir handterte av legevakt og ambulanseteneste. Luftambulansetenesta skal bidra til eit likeverdig helsetilbod, og er nødvendig for å sikre at pasientar får eit moderne behandlingstilbod ved tilstandar der tida er avgjerande. Ei godt utbygd ambulanseteneste og jordmordekning lokalt er viktig for ein velfungerande følgjeteneste for gravide med lang reiseveg.
8.3.1 Folkehelse og psykisk helse er satsingsområde
Regjeringa har starta opp eit omfattande program for folkehelsearbeid. Programmet skal gå over ti år og bidra til å utvikle tiltak som kommunane kan bruke for å fremje god psykisk helse og livskvalitet i befolkninga. Psykisk helse er eit viktig satsingsområde for regjeringa. Ungdommens distriktspanel legg vekt på tilgjengelege lågterskeltilbod for psykisk helsehjelp, til dømes ved å utvikle og styrkje digitale, heilskaplege løysingar. Regjeringa jobbar med utvikling av eit digitalt meistringsverktøy i kommunane for plager som angst, depresjon og søvnvanskar. Dei neste åra skal fleire kommunar prøve ut verktøyet. Folkehelse og livsmeistring er innført som tema i skulen, og regjeringa har auka midlane til helsestasjons- og skulehelsetenesta. Regjeringa har stilt krav om at alle kommunar skal ha psykologkompetanse, og la fram ein opptrappingsplan for den psykiske helsa til barn og unge i 2019.
8.4 Beredskap og tryggleik
Uansett kvar ein bur i Noreg, skal ein oppleve tryggleik i kvardagen. Samfunnssikringsarbeidet i Noreg er organisert som eit samvirke mellom ulike offentlege, frivillige og private aktørar. Kommunane har ein nøkkelrolle i arbeidet med samfunnssikring. Dei har eit generelt ansvar for å ivareta befolkninga si sikkerheit og tryggleik innan sine geografiske område. Kommunane skal utvikle trygge og robuste lokalsamfunn, og har ein viktig rolle når det gjeld førebygging, beredskap og krisehandtering.
Frivillig sektor spelar ei viktig rolle for beredskapen i Noreg, til dømes ved flaum, skogbrann, forlis eller søk etter sakna personar på sjø og land. Både kommunane og politiet skal samordne seg og samhandle med frivillige organisasjonar som kan bidra i beredskapssamanheng. Frivillige organisasjonar har stor kompetanse på beredskapsarbeid. Dei er viktige samarbeidspartnarar når kommunen skal kartlegge risiko og sårbarheit i kommunen, utvikle ei overordna beredskapsplan, øve på den overordna beredskapsplanen og drive krisehandtering.
Det er avgjerande at det finst frivillige rednings- og beredskapsorganisasjonar som kan organisere det lokale engasjementet rundt om i landet. Dei bidreg i lokalsamfunnet med kunnskap, kompetanse og rett utstyr. Dei rykker ut med mannskap og materiell ved små og større ulykker, leiteaksjonar, pasientoppdrag utanfor veg, snøskredulykker og andre hendingar. Frivillige ressursar blir rekrutterte frå lokalbefolkninga. Det sikrar mannskap som har lokal kunnskap om terreng, vêr og føreforhold. I fjellet og innlandet har mellom anna Røde Kors ei sentral rolle.
Meir ekstremvêr aukar flaum- og skredfaren og gjer energiforsyninga og telenettet meir sårbart. Regjeringa har derfor styrkt arbeidet med å førebygge flaum- og skredskadar. Programmet for forsterka e-kom skal sikre at område i utsette kommunar får forsterka mobilnett. I styrkinga av den lokale samfunnstryggleiken må ein sjå ressursar frå kommunane, Heimevernet/Sivilforsvaret, Røde Kors, Norsk Folkehjelp og andre frivillige organisasjonar i samanheng.
Røde Kors
I kriser og katastrofar er dei første minutta og timane avgjerande for å redde liv og minimere skade. Den norske beredskapen har ei unik organisering gjennom samarbeidet mellom offentlege etatar og frivillige organisasjonar. Her stiller Røde Kors hjelpekorps, og dei andre frivillige organisasjonane innan beredskap, med mannskap og ressursar til redningsoppdrag, leiteaksjonar og anna støtte over heile landet. Deltakinga frå Røde Kors i redningsaksjonar i Noreg er nesten dobla frå 2010 til 2020. Medan folk flest har ferie i påska og på sommaren, har Røde Kors eit stort apparat av frivillige i beredskap. Dei støttar styresmaktene i freds- og krigstid, i tråd med ein Kongeleg resolusjon av 1907. Gjennom denne unike rolla er det viktig med eit sterkt nærvær i store og små lokalsamfunn. Dette betyr samarbeid med andre aktørar innan beredskap etter samvirkemodellen. Røde Kors har avtalar om samarbeid om beredskap med 190 kommunar.
8.4.1 Kompetanseløft for brann- og redningsvesen og rollefordeling mellom naudetatane
Regjeringa legg til rette for at alle kommunane i landet skal ha eit profesjonelt og fagleg dyktig brann- og redningsvesen. Regjeringa vil styrkje brannutdanninga med etablering av ein ny fagskule i Tjeldsund i Troms og Finnmark. Skulen startar etter planen i 2023. Dette vil gi eit viktig kompetanseløft for brann- og redningsvesenet og styrkje brannberedskapen i heile landet. Kommunane vil få tilført viktig kompetanse innan samfunnstryggleik, risikoplanlegging og risikovurdering. Skulen er ein del av arbeidet til regjeringa med å leggje til rette for at alle kommunane i landet skal ha eit profesjonelt og fagleg dyktig brann- og redningsvesen.
Regjeringa legg vekt på godt samarbeid mellom naudetatane. God samhandling mellom brann- og redningsvesenet, politiet og helsetenesta er avgjerande for å kunne løyse oppgåvene på best mogleg måte. Regjeringa vil derfor sjå nærare på samhandlinga mellom dei tre naudetatane, jf Meld. St. 5 (2020-2021) Samfunnssikkerhet i en usikker verden. Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) og Politidirektoratet (POD) har fått i oppdrag sjå nærare på samhandlinga, herunder ansvars- og oppgåvefordelinga, mellom brann- og redningsvesenet og politiet. DSB og Helsedirektoratet (Hdir) skal vurdere samhandlinga mellom brann- og redningsvesenet og helsetenesta, og POD og Hdir har fått i oppdrag å revidere rundskriv om Helsetjenestens og politiets ansvar for psykisk syke – oppgaver og samarbeid.
8.4.2 Eit styrka politi
Politireforma sikrar eit operativt, synleg og tilgjengeleg politi som har kapasitet til å førebygge, etterforske og påtale kriminelle handlingar, og sikre tryggleiken til innbyggarane. Reforma har gitt større fagmiljø og meir robuste politidistrikt og operasjonssentralar. Det gir gode føresetnader for å avdekke og bekjempe kriminalitet. Kriminalitetsbildet har endra seg. Politiet må i dag handtere meir kompleks kriminalitet enn tidlegare. Politiet i dei største byane og tettstadene har også ansvar for dei mindre folkerike kommunane i det geografiske ansvarsområdet sitt. Det lokale politiet i små kommunar skal primært jobbe med førebygging av kriminalitet og sikre lokalt samarbeid med kommunane.
Det har blitt 2500 fleire politiårsverk i politidistrikta dei siste sju åra. Gjennom politireforma er det bygd opp spesialiserte fagmiljø. Regjeringa vil styrkje dei geografiske driftseiningane meir enn dei funksjonelle driftseiningane på politidistriktsnivå i åra som kjem. Regjeringa har tilført politiet i Nord-Noreg helikopterberedskap gjennom sivilt innleige, og lagt til rette for at Bell 412- helikoptera på Bardufoss kan fokusere på militære oppdrag.
8.4.3 Forsvarsektoren er viktig for distrikta
Forsvarssektoren er ein sentral aktør i distrikta. I mange av dei minste kommunane er talet på tilsette i Forsvaret høgt. Fastbuande og næringsaktivitet er i seg sjølv av sikringspolitisk verdi, og særleg i enkelte grenseområde kan dette seiast å vere ein del av samla nasjonal hevding av suverenitet. Sektoren og samfunna rundt har gjensidig interesse av auka attraktivitet, og kan gjennom godt samarbeid bidra til å utvikle distrikta.
Sektoren har stor verdi for fleire samfunn i Fjell- og Innlands-Noreg. Gjennom mellom anna etableringa av ein ny felles rekruttskule for Forsvaret på Terningmoen i Østerdalen, styrkjer Forsvaret sitt fotavtrykk i Innlandet fylke. Forsvarssektoren styrkjer kompetansetilgang, fagmiljø og sysselsetjing, og bidreg til næringsutvikling gjennom kjøp av varer og tenester lokalt. Forsvaret skapar også ringverknader i bygg- og anleggsbransjen. På Evenes lufthavn har til dømes regionale og lokale leverandørar så langt konkurrert seg til 80-90 prosent av utbyggingskontraktane.
For å dekke kompetansebehovet til Forsvaret, er samarbeid mellom forsvarssektoren og andre sektorar nødvendig. Det er eit mål for regjeringa at forsvarssektoren i større grad inngår kompetansepartnarskap med sivile utdanningsinstitusjonar. På Bardufoss er det etablert eit kompetansesamarbeid mellom Luftforsvaret, Kongsberg Defence & Aerospace og Bardufoss vidaregåande skule om utdanning av flyteknikarar. Forsvarsdepartementet har inngått ein toårig samarbeidsavtale med Midt-Troms regionråd om etablering av eit karrieresenter.
Regjeringa vil vidareutvikle Brigade Nord, som har tyngdepunkt i indre Troms. Oppbygginga av Finnmark Landforsvar skal gi auka kampkraft og styrkt evne til militært nærvær i Finnmark.
8.4.4 Sikre og robuste ekom-nett
I Meld. St. 28 (2020-2021) Vår felles digitale grunnmur presenterer regjeringa ein nasjonal strategi for sikker og robust ekom-infrastruktur. Stadig fleire kritiske samfunnsfunksjonar er avhengige av dei. Mellom 2014 og 2020 er 64 kommunar i Noreg inkluderte i programmet forsterketekom der dei får forsterka mobilberedskapen sin. Tiltaket gir befolkninga og den lokale kriseleiinga eit område der mobildekninga blir halden oppe i tre døgn ved langvarige straumutfall. I 2020 blei 12 kommunar i Finnmark og 11 kommunar i Indre Agder inkluderte i programmet. Heile Finnmark er no med. I 2021 står fleire nye kommunar for tur.
Regjeringa gjennomfører eit prøveprosjekt for alternativt kjernenett/transportnett, og innfører no tiltak i Finnmark fordi området er særleg sårbart. Regjeringa vil nytte erfaringane frå Finnmark og gjennomføre grundige risiko- og sårbarheitsanalysar i minst fem andre, sårbare distriktsområde. Tiltak i desse regionane vil bli vurderte og deretter innførte etter ei årleg vurdering. Det er starta ein analyse for Troms, og regjeringa har i RNB 2021 føreslått ei satsing for å gjennomføre tiltak i denne regionen.
8.5 Regjeringa vil
- tilby desentrale løysingar som bidreg til at politiet kjem tettare på lokalbefolkninga
- fortsetje å bidra til styrka digital beredskap, mellom anna gjennom å sørge for etablering av forsterka mobilberedskap i nye kommunar
- gjennomføre grundige risiko- og sårbarheitsanalyser av den digitale grunnmuren i minst fem nye regionar, vurdere tiltak i desse regionane og fase inn tiltak etter ei årleg vurdering.
- bruke midlar på tiltak for å styrke transportnetta og andre viktige punkt i den digitale grunnmuren i Troms
- sette som mål at 100 prosent av husstandane og verksemdene i Noreg skal ha tilbod om minst 100 Mbit/s nedlastingshastighet og minst 10 Mbit/s opplastingshastighet innan utgangen av 2025
- sette som mål at tilbydarane i løpet av 2025 skal levere nasjonal 5G-deking om lag på nivå med 4G-dekninga i 2020
- sjå nærare på samhandlinga mellom dei tre naudetatane for å utvikle samvirket ytterlegare
- styrkje brannutdanninga ved å etablere ein ny, offentleg toårig fagskule for utdanning av brann- og redningspersonell i Tjeldsund kommune i Troms og Finnmark
- styrkje dei geografiske driftseiningane meir enn dei funksjonelle driftseiningane på politidistriktnivå i åra som kjem
- bidra til å styrkje distriktkommunar sin kompetanse i planlegginga for gode bustader og attraktive bustadmiljø gjennom samarbeidet mellom Husbanken og Distriktssenteret om utvikling og spreiing av kunnskap om god praksis
- bidra til eit meir variert bustadstilbod i distriktskommunar gjennom å fortsette å tilby lån frå Husbanken til finansiering av bustader i distrikta
- sørge for at Husbanken si låneordning når fleire som ynskjer å bygge nye bustader i distrikta
- vurdere verkemiddel som kan støtte kommunane sitt arbeid med å utvikle eit breitt tilbod av bustader sentralt i distriktskommunar
- i samband med frekvensauksjonen av 5G-spektrum i 2021 tilby ei distriktspakke for etablering av raskt trådlaust breiband til folk og næringsliv som manglar eit slikt tilbod
- at Forsvaret i større grad skal inngå kompetansepartnarskap med sivile utdanningsinstitusjonar
- fase inn dei 16 nye redningshelikoptra SAR Queen som vil styrkje redningsberedskapen