2 Verdiskaping basert på naturressursar og regionale fortrinn

Næringsutvikling i Fjell- og Innlands-Noreg bør ta utgangspunkt i dei særeigne fortrinna som områda har. Dei framtidige arbeidsplassane ligg i å nytte dei fornybare ressursane til lokal verdiskaping, med utgangspunkt i det grøne og det digitale skiftet. Det finst ingen overordna plan eller oppskrift som fungerer overalt, og for å lykkast med lokal og regional næringsutvikling er skreddarsaum sentralt. Fylkeskommunen kan spele ei viktig rolle, til dømes gjennom ein strategi for smart spesialisering for å tilpasse den næringsretta innsatsen til regionale føresetnader og prioriteringar.

Hovudmålet i regjeringa sin næringspolitikk er å leggje til rette for høgast mogleg verdiskaping i norsk økonomi, innanfor berekraftige rammer, og regjeringa vil halde fram med å leggje til rette for grøn innovasjon, entreprenørskap og nyetableringar i fjell- og innlandsområda. Regjeringa vil føre vidare ordninga med differensiert arbeidsgivaravgift, som eit av dei viktigaste distriktspolitiske verkemidla. Det er viktig at ordninga treff best mogleg der behova for avgiftslette er størst. I nokre av dei kommunane som blei slått saman etter 2014, vil det framleis kunne vere nødvendig med ulike avgiftssatsar også etter 2021. Regjeringa jobbar derfor aktivt for at det skal vere mogleg å oppretthalde fleire avgiftssatsar innanfor samanslåtte kommunar.

Næringslivet i Fjell- og Innlands-Noreg er kjenneteikna av mange små eller mellomstore verksemder, og innsatsen deira er avgjerande for å skape vekstkraftige lokalsamfunn. Regjeringa har som ambisjon å bidra til at små og mellomstore verksemder kan skape vekst, arbeidsplassar, enda betre moglegheiter til å produsere effektive tenester og varer som eit velfungerande lokalsamfunn treng. Med digitalisering og ny teknologi er det nødvendig at kompetansen i slike verksemder blir oppdatert jamleg. I Småbedriftslivet set regjeringa ein tydeleg kurs for innsatsen som er retta mot små og mellomstore verksemder, mellom anna ved å bidra til ein enklare kvardag, auka innovasjonsevne og tilgang til kompetanse og kapital. Samtidig er ein god og velfungerande næringspolitikk også fundamentet for innsatsen for dei små og mellomstore verksemdene.

Et bilde som inneholder himmel, utendørs, blå, båt

Automatisk generert beskrivelse

Industrien i Noreg har tradisjonelt blitt lokalisert i nærleiken til naturressursane. Bergene Holm har ei av landes største og mest avanserte saglinjer på Nidarå i Agder.

Foto: Bergene Holm AS, avdeling Nidarå.

2.1 Industri og grøn energi skapar arbeidsplassar for framtida

Regjeringa vil at Noreg skal vere ein leiande industri- og teknologinasjon. Industrien er viktig for mange kommunar i Fjell- og Innlands-Noreg. Prosessindustrien har sidan starten av 1900-talet hatt mykje å seie for Noreg som industrinasjon, både for arbeidsplassar, kompetanse, teknologiutvikling og eksportinntekter. Industrien er lokalisert over heile området strategien omfattar – til dømes metallindustri, kjemisk råvareindustri og treforedling. Mange av verksemdene er hjørnesteinsverksemder i sine lokalsamfunn.

Gjennom prosessindustrien leverer mange verksemder i Fjell- og Innlands-Noreg høgt spesialiserte produkt, der ein stor del blir eksportert. Næringsmiddelindustrien er spreidd over heile landet, og utgjer nøkkelarbeidsplassar i mange lokalsamfunn. Industriverksemdene har tradisjonelt vore lokaliserte i nærleiken av naturressursane, slik som jordbruksareal, skog og vasskraft. Grenlandsregionen har til dømes den største konsentrasjonen i landet av prosessindustri, primært innanfor petrokjemi, metall og sement. Her har klynga Industrial Green Tech ambisjon om å bli den første klimapositive industriregionen i verda og levere innovative grøne teknologiske løysingar til den globale marknaden.

Noreg har ein kompetansebasert industri med god evne til å utvikle og ta i bruk ny teknologi. Digitalisering og teknologiutvikling gir auka fleksibilitet og nye moglegheiter, også for dei små og mellomstore industriverksemdene som kjenneteiknar distrikta. Det er fleire døme på at verksemder «robotiserer heim» produksjonen, gjennom automatisering og ny teknologi. Effektivisering styrkjer konkurransekrafta, samtidig som det å inkludere tenester i forretningsmodellen kan gi ny verdiskaping og sysselsetjing.

DEFA AS

DEFA AS vil leggje produksjonen av sin nye generasjon ladekablar for el- og hybridbilar til sin fabrikk i Nesbyen. Produksjonen er meint for den europeiske marknaden og vil kunne gi 80–100 arbeidsplassar. Produksjonsstart er hausten 2021.

Hovudargumenta er eit ynsjke om å vidareutvikle eit verdsleiande fagmiljø, å etablere nye og framtidsretta industriarbeidsplassar i Hallingdal og å setje i gang eit utviklingsprosjekt innanfor fornybar energi med lokale aktørar. For Nesbyen og Hallingdal bidreg etableringa til å skape eit større, meir variert og meir framtidsretta næringsliv. Etableringa har i framtida potensial for både vidareutvikling og utvida samarbeid med lokalt næringsliv.

Resultatet er eit tydeleg døme på at ein framleis kan etablere moderne industriproduksjon i Distrikts-Noreg. Erfaringa viser at Fjell- og Innlands-Noreg har viljen, kompetansen og dei konstruktive løysingane ein treng for å lykkast.

2.1.1 Store mineral- og energiressursar

Fjell- og Innlands-Noreg har store mineralressursar i fjella. Fleire miljøteknologiar føreset bruk av ulike metall, og tilgang på einskilde typar mineral er avgjerande for det grøne skiftet. Samtidig fører mineralutvinning ofte til store areal- og naturinngrep. Regjeringa vil leggje til rette for ei berekraftig utvinning, i best mogleg sameksistens med andre interesser. Regjeringa har mellom anna føreslått endringar i minerallova for å sikre at arealspørsmål blir avklarte før saka blir konsesjonsbehandla.

Minerallovutvalet ble oppnemnt i juni 2020 og skal vurdere endringar i minerallova. Utvalet skal vurdere forenklingar og oppdatering av lova. Mellom anna om minerallova legg godt til rette for effektive og gode avklaringar i overgangen til andre lovverk, og om dagens organisering og oppgåvefordeling mellom minerallova, forureiningslova og plan- og bygningslova gir ein føremålstenleg prosess for større mineraluttak. Utvalet vil også vurdere korleis minerallova tek i vare samiske interesser og reindrift ved utvinning, for å sikre at lova fyller norske folkerettslege forpliktingar. Samtidig skal utvalet føreslå minst ei mogleg løysing for urfolksvederlag, som gir samane ein del av nytteverdien av mineralverksemd i dei tradisjonelle samiske områda. Utgreiinga blir lagd fram mot slutten av 2021.

Målet til regjeringa er at utvinning og foredling av energiressursane framleis skal gi nærings- og teknologiutvikling i Noreg, innanfor rammene av regjeringa sin klimapolitikk. Vasskraft er ryggrada i energiproduksjonen, og er viktig for store delar av Fjell- og Innlands-Noreg. Bruk av lokalprodusert vasskraft til industriføremål har lange tradisjonar, og var ein sentral berebjelke tilbake til moderniseringa av Noreg. Det fanst i dei tider ikkje eit nasjonalt utbygd energinett, og kraftverk og industri blei bygde ved sidan av kvarandre. Hydro starta til dømes opp gjødselproduksjon i Glomfjord i 1947, og produksjon av aluminium i Sunndal i 1954. No legg det grøne skiftet grunnlaget for ei mogleg ny satsing i distrikta, tufta på den same energien. Konsesjons- og godkjenningsprosedyra for større industriprosjekt er ofte komplekse og tidkrevjande, og prosessen kan vere utfordrande å rasjonalisere. Ei forenkling og samordning av prosessen vil samtidig kunne bidra til å styrkje Noreg som industrinasjon gjennom å leggje til rette for at fleire utvidar eller etablerer ny industri. Regjeringa vil derfor sjå nærare på moglegheitene for å raskare kunne handsame søknadar om industriprosjekt med stor effekt på sysselsetjing og verdiskaping. Eit slikt hurtigspor skal samtidig ta omsyn til både miljø og til forsvarleg sakshandsaming. Regjeringa har satt ned eit utval som skal vurdere utviklinga av straumnettet, mellom anna grunngitt i at det tar lang tid å etablere nye nettanlegg. Arbeidet med hurtigspor skal derfor avgrensast mot dette.

Regjeringa vil framleis leggje til rette for ei langsiktig utvikling av samfunnsøkonomisk lønsam vindkraft på land i Noreg, i tråd med forslaga i Meld. St. 28 (2019–2020) Vindkraft på land. Regjeringa har mellom anna starta arbeidet med å greie ut korleis endringane i konsesjonsbehandlinga kan gjennomførast på ein best mogleg måte. Regjeringa tek sikte på å innføre ei produksjonsavgift på vindkraftverk frå 2022, med atterhald om at avgifta er i samsvar med EØS-avtala. Inntektene frå avgifta skal fordelast til vertskommunane.

Et bilde som inneholder innendørs

Automatisk generert beskrivelse

Produksjon og omarbeiding av energi har lange tradisjonar i Noreg. Her frå Hydro sitt anlegg Røldal–Suldal. Foto: Hydro

2.1.2 Ressursar som kjem lokalsamfunna til gode

Sal og eksport av kraft er ei god inntektskjelde for mange kraftselskap og kommunar. Samtidig kan kraftressursane også nyttast som eit grunnlag for næringsutvikling. Regjeringa vil at dei fornybare energiressursane skal forvaltast slik at dei kjem lokalsamfunna, nasjonen og komande generasjonar til gode. I Meld. St. 36 (2020–2021) Energi til arbeidLangsiktig verdiskaping fra norske energiressurserviser regjeringa mellom anna korleis det skal leggast til rette for verdiskaping og industriell utvikling basert på energiressursane. Fjell- og Innlands-Noreg har ressursar for vidare vekst innan både vasskraft, vindkraft og bioenergi. Overgangen til lågutsleppsamfunnet vil i Noreg skje dels gjennom auka elektrifisering. Energipolitikken skal bidra til verdiskaping og miljøvenleg forvaltning av energiressursane. Fornybar energi er ein viktig innsatsfaktor i utviklinga av både transportsektoren, industri og anna næringsliv. Utvinning og bruk av samfunnsøkonomisk lønsame energiressursar gir vesentleg nærings- og teknologiutvikling i Noreg, og bidreg til arbeidsplassar og velstand i heile landet.

2.1.3 Energiressursane gir grunnlag for nye næringar

Nye næringar kan gi arbeidsplassar og ei vidareforedling av energiressursane våre. Batterifabrikkar kan skape både verdiar og arbeidsplassar, og samtidig bidra til utsleppsreduksjonar. I dag er det fire store batterifabrikkar på teiknebrettet, kvar av dei med fleire tusen tilsette. Norsk næringsliv er godt posisjonert til å ta del i den aukande marknaden for hydrogen, og regjeringa har som ambisjon at produksjon og bruk av hydrogen i Noreg skal vere vesentleg innan 2050. Regjeringa vil gjennom sin strategi for elektrifisering leggje til rette for ny industri og næringsverksemd som krev tilgang til kraft og nett. Den aukande datamengda har gjort datasenterindustrien til den raskast veksande kraftkrevjande industrien i verda. Noreg har gode føresetnader for å bli ein leiande datasenternasjon, og investeringane i nye datasenter har auka dei siste åra. Mellom anna har Volkswagen flytta simuleringa av sine krasjtestar til Rjukan. Gjennom datasenterstrategien frå 2018 legg regjeringa opp til at Noreg skal vere ein attraktiv nasjon for databasert næringsliv. Regjeringa arbeider no med ein oppdatert datastrategi, som skal fullførast i løpet av 2021.

Hamar er kraftsenter for VR-teknologi

Innlandet har blitt sentrum for innovasjon innan VR- og AR-teknologi – virtuell og auka røynd. Gjennom næringsklynga VRINN Immersive Learning Cluster skal medlemsføretaka utvikle prosjekt som kan konkurrere på internasjonalt nivå. Både private og offentlege verksemder, akademia, gründerar og investorar er representerte i klynga. Hovudsatsinga er nye læringsløysingar ved bruk av VR-, AR- og spelteknologi. Slik «omsluttande» teknologi vil vere noko av det som endrar samfunnet i størst grad i åra som kjem, og Innlandet har her ein viktig posisjon.

Dette er teknologi som har stort framtidspotensial, ikkje minst fordi han er den teknologien som har størst verdi i kombinasjon med annan teknologi. Aktivitetane i klynga går på tvers av sektorar, som utdanning, helse, industri, forsvar/beredskap, media/kommunikasjon og underhaldning. Innlandet fylkeskommune har støtta utviklinga av VRINN sidan oppstarten i 2017. Allereie sidan oppstarten er det skapt over 60 arbeidsplassar i innovasjonssystemet rundt VRINN, og målet er å skape ytterlegare 140 arbeidsplassar dei neste tre til fem åra. Veksten i omsetnaden er venta å bli tredobla dei neste tre åra.

Politikken til regjeringa er å framleis leggje til rette for lønsam produksjon av fornybar kraft. Utbygging av ny kraft skal skje i ein kraftmarknad der kraftproduksjon blir bygd ut etter samfunnsøkonomisk lønsemd. Utbygginga skal skje i eit tempo og omfang som ikkje gir uakseptable verknader for lokalsamfunna og viktige miljø- og samfunnsinteresser. Fjell- og innlandsområda har verdifull og variert natur, landskap og andre miljøverdiar som det er viktig å ta vare på, og desse omsyna må vektast opp mot samfunnsnytta i utbyggingssaker. Digitalisering vil dramatisk auke tilgangen på data i næringa, og kan mellom anna gi meir effektiv og miljøvenleg drift av vasskraftanlegg og betre kunnskapsgrunnlag for nye løyve, knytt til framtidig auka bruk av vind- og vasskraftressursane. Bruk av energiressursar og bygging av nett gir naturinngrep. Derfor er det viktig at straumnettet blir nytta effektivt, at det ikkje blir bygt ut meir nett enn nødvendig, og at det skjer til ein lågast mogleg kostnad. Elektrifisering kan innebere at store forbruksaukar kjem raskt og kan gi behov for forsterkningar i nettet regionalt. Elektrifisering og utvikling av straumnettet er viktige tema i Meld. St. 36 (2020–2021) Energi til arbeid– Langsiktig verdiskapningfra norske energiressurser.

Et bilde som inneholder fjell, dal, canyon, utendørs

Automatisk generert beskrivelse

Kraftproduksjon er ei god inntektskjelde for mange kommunar. Utbygging kan samtidig føre til store endringar i topografi og naturmiljø. Her frå Alta. Foto: Statkraft

2.2 Utvikling fordrar innovasjon, kapital og marknader

Regjeringa legg vekt på eit effektivt og målretta verkemiddelapparat for å løyse samfunnsutfordringane. Det er lagt til rette for eit godt utbygd nasjonalt og regionalt apparat som omfattar heile prosessen frå forsking til marknadsintroduksjon av nye teknologiar og løysingar. Distriktsnæringsutvalet (2020) påpeikar at nasjonal politikk og rammevilkår har stor påverknad for at næringslivet i distrikta skal kunne bidra til grøn omstilling. Regjeringa ynskjer tett dialog med næringslivet for å skape lønsame arbeidsplassar med utgangspunkt i prinsippa om grøn konkurransekraft. Regjeringa har ein klar ambisjon om ei omlegging av verkemiddelapparatet til eit enklare og meir brukarvenleg apparat til gode for næringsliv, gründerar og forskingsmiljø over heile landet. Områdegjennomgangen av det næringsretta verkemiddelapparatet blei sluttført i januar 2020. Eit sentralt mål er at den samla oppfølginga skal stimulere til auka verdiskaping, eksport, grøn omstilling og innovasjon innanfor berekraftige rammer. Regjeringa vil følgje opp dette arbeidet i 2021. Regjeringa har også etablert tverrgåande satsingar som Grøn plattform, som er ein felles arena for omstilling i næringslivet. Målet er reduserte utslepp i kombinasjon med grøn vekst.

Som ein del av regionreforma fekk fylkeskommunane i 2020 eit større ansvar for mobiliserande og kvalifiserande næringspolitiske verkemiddel i regi av Innovasjon Noreg og Siva, mellom anna næringshageprogrammet og ulike typar investeringsstønad. Verkemidla spelar saman med det nasjonale apparatet for å mobilisere og utvikle eit verdiskapande næringsliv i distrikta.

2.2.1 Forsking og innovasjon er ein nøkkel til auka verdiskaping

Forskings- og innovasjonspolitikken til regjeringa utviklar verdsleiande kompetanse- og forskingsmiljø. Samarbeid om forsking og utvikling mellom universitet, høgskular, forskingsinstitusjonar, fagskular og næringslivet i distrikta bør styrkast. Regjeringa vil oppmode om at fagmiljøa utviklar eit godt samarbeid med næringslivet i distrikta. Mindre byar kan her ha ein særleg viktig rolle som innovasjonsarena og lokaliseringsstad for kompetansearbeidsplassar og entreprenørskap i regionen. Der verksemder koplar seg tettare til forskingsmiljø, gir dette auka bruk av FoU, og set næringslivet i stand til å nytte seg av den spisskompetansen som finst i fagmiljøa. Ei utfordring for næringslivet i fjell- og innlandsområda er at fleirtalet av verksemdene er små og mellomstore, har lågare utdanningsnivå og lågare FoU-kompetanse. FoU-sektoren er typisk lokalisert i større byar, og avstand kan også vere eit hinder for å utvikle varige samarbeid.

Regjeringa arbeider for å styrkje bruken av FoU i verksemder i Fjell- og Innlands-Noreg. Forskingsrådet, Siva(Selskapet for industrivekst) og Innovasjon Noreg forvaltar verkemiddel for å knytte kontaktar, bygge nettverk og auke kompetansen. Eit bedriftsnettverk kan hjelpe små og mellomstore verksemder med å etablere kommersielt, strategisk og marknadsretta samarbeid. Evaluering viser at deltakinga i programmet har auka. Verksemdene som deltek etablerer større nettverk og dei rapporterer om at effekt på kompetanse, omsetjing, marknadsarbeid, lønsemd og innovasjon. Klyngeprogrammet bidreg med finansiering og tenester knytt til kompetanse, rådgiving, nettverk og profilering. Heile 39 klynger over heile landet er med i programmet, fleire er sentrale for næringsliv i fjell- og innlandsområda. Her finst ei rekkje ulike næringar og initiativ. Evalueringa av det nasjonale klyngeprogrammet viser at verksemder som vel å samarbeide, og dele kunnskap og ambisjonar, veks raskare og er meir lønsame enn andre. Dei trekkjer til seg meir kompetanse, har vesentleg meir forskings- og innovasjonsaktivitet, og blir ein motor for vekst og utvikling i eigen region. 

Et bilde som inneholder innendørs, vegg, person, kjøkken

Automatisk generert beskrivelse

NCE Heidner Biocluster er den leiande næringsklynga for grøn bioøkonomi og berekraftig matproduksjon i Noreg. Klynga har 50 medlemer, om lag 15 000 tilsette og 66 milliardar kroner i omsetnad, og jobbar med forsking, innovasjon og kommersialisering innanfor avl, bioteknologi, fôrutvikling og restråstoff. Foto: Rakel Berg.

Programmet FORREGION (Forskningsbasert innovasjon i regionene) skal gi auka verdiskaping, konkurransekraft og omstillingsevne i næringslivet. Mobiliseringsdelen av programmet FORREGION blir frå 2022 overført til fylkeskommunane, og fylkeskommunane får dermed eit auka ansvar for mobilisering til FoU. Dette vil vere ei styrking av den moglegheita fylkeskommunane har til å rette satsingane mot spesifikke behov og føresetnader. Det er viktig å sjå dette i samanheng med anna kompetanse- og næringspolitikk.

Forskingsrådet er eit statleg forvaltningsorgan som gir støtte til fleire forskings- og innovasjonsprosjekt, og til bygging av kompetanse og nettverk. På vegner av regjeringa investerer Forskingsrådet 10,3 milliardar kroner årleg. Forskingsrådet har ansvaret for å fremje grunnforsking og bruksretta forsking og innovasjon. Kapasitetsløft er ein del av det nasjonale programmet, som skal støtte langsiktige prosjekt for å byggje forskingskapasitet som er relevant for næringslivet. Eit anna føremål er å styrkje samarbeidet mellom kompetansemiljø og næringslivet, og gi næringslivet tilgang til relevant kompetanse og forsking i den aktuelle regionen. Prosjekta skal gi auka verdiskaping, evne til omstilling og forskingskapasitet i regionen. Regjeringa vil lansere nye kapasitetsløft i regi av Forskingsrådet, retta særleg inn mot å auke forskingskapasiteten hos verksemder i distrikta.

Kapasitetsløft for bygg og anlegg i nord

Kompetansesenter for bygge- og anleggsvirksomhet i nordområdene (BA-nord) har fått stønad gjennom kapasitetsløftprogrammet til regjeringa. Målet er auka verdiskaping, konkurransekraft og omstillingsevne i den største næringa i landsdelen. Dette skal skje gjennom tett integrasjon av aktivitetane til kompetansesenteret. Prosjektet er leia av UiT – Noregs arktiske universitet, og partnarane er SINTEF Nord, SINTEF Narvik, fylkeskommunane Nordland og Troms og Finnmark, bransje- og serviceorganisasjonar, Betongklyngen N3C og Smart Construction Cluster. Betongklynga i Nordland skal sikre heilårlege byggjeprosessar, gjenvinning, gjenbruk og rehabilitering av betongkonstruksjonar. Ambisjonen er å bli eit innovasjons- og kompetansemiljø for bygg- og betongarbeid i kaldt klima.

Noreg vil ikkje greie å møte dei store transformasjonane aleine. Samarbeid også på tvers av landegrensene sikrar norske verksemder tilgang til finansiering, kloke hovud, ny kunnskap, marknader og infrastruktur. Regjeringa har vedteke at Noreg skal delta i EU sitt samarbeidsprogram Interreg (2021–2027). Utgangspunktet for programmet er Green Deal som skal bidra til grøn- og klimavenleg omstilling og smart og innovativ utvikling. Regjeringa har også knytt Noreg til Horisont Europa (2021–2027), som er det niande rammeprogrammet for forsking og innovasjon frå EU. Programmet har fleire innsatsområde som er særleg aktuelle for fjell- og innlandsområda, som mat, bioøkonomi, naturressursar, landbruk og miljø.2 Regjeringa ynskjer også deltaking i Digital Europe Programme (Digital), som går frå 2021 til 2027. Dette er EU-programmet for digital omstilling og bruk av innovativ digital teknologi. Programmet har som mål å etablere EU som eit førebilete i den digitale transformasjonen og byggje kapasitet innanfor framtidsretta digital teknologi som er venta å ha stor innverknad på vekst og sysselsetjing i Europa dei næraste åra.

2.2.2 Omstilling og utvikling treng kapital

Omstilling krev omfattande investeringar i industriell innovasjon. Det er ikkje ein generell mangel på kapital i Noreg, men nokre typar verksemder kan oppleve lågare tilgang på kapital enn andre. Det grøne industriskiftet krev tolmodige investeringar i område med høg risiko. Grøne og sirkulære industrielle satsingar innanfor ressursbaserte næringar i fjell- og innlandsområda er viktige for å auke den berekraftige verdiskapinga basert på naturresursar. Regjeringa vil derfor setje ned eit ekspertutval som skal sjå på dei samla rammevilkåra for å fremje klimavenlege investeringar i Noreg.

Fylkeskommunane har gjennom regionreforma fått ansvaret for fleire kapitalverkemiddel som kan nyttast innanfor det distriktspolitiske verkeområdet. Tilskota skal kompensere for ulemper i distriktsområda. Siva utviklar og investerer i fysisk infrastruktur og har eit særskilt ansvar for næringar og geografiske område med svak tilgang til privat kapital. Eigedomsverksemda til Siva skal bidra til å senke barrierane for etablering av industri og nærings- og kunnskapsmiljø der marknadsmekanismar gjer dette særskilt krevjande. Eigedomsporteføljen til selskapet omfatta i 2020 totalt 102 bygg, og omtrent 65 prosent av eigedommane ligg i distrikta. 42 prosent er industribygg.

Regjeringa fører ein skattepolitikk som fremjar vekst og investeringar i norske arbeidsplassar, både nasjonalt og lokalt. Breie skattegrunnlag, låge skattesatsar og skattemessig likebehandling av næringar medverkar til at ressursane blir nytta best mogleg. Redusert selskapsskatt gjer det meir lønsamt for føretaka å gjennomføre investeringar som skapar arbeidsplassar og rustar dei for framtida. Regjeringa har også prioritert lettar i formuesskatten for å styrkje det private, norske eigarskapet og små verksemder som er avhengige av lokale investorar. Regjeringa sine lettar i skattlegginga er særleg viktige for å leggje til rette for verdiskaping og omstilling, og for å sikre og skape arbeidsplassar i næringslivet i distrikta.

I Fjell- og Innlands-Noreg er det fleire små og mellomstore verksemder som har utfordringar med å realisere potensialet sitt på grunn av mangel på kapital i den avgjerande mellomfasen før kommersialisering. Regjeringa vil halde fram arbeidet med å styrkje marknaden for tidleg- og mellomfasekapital. Kapitaltilgang er eit av satsingsområda i regjeringsstrategien for små og mellomstore verksemder. Vidare vil regjeringa leggje til rette for at fleire verksemds- og samfunnsøkonomisk lønsame prosjekt blir gjennomført. Regjeringa har derfor fleire verkemiddel som bidreg til auka kapitaltilgang gjennom både direkte stønad, og indirekte ved at stønaden utløyser privat kapital. Dette skjer mellom anna gjennom lågrisikolån frå Innovasjon Noreg, og eigenkapital gjennom såkornfond, Investinorog Argentum. Regjeringa har gjort framlegg om å endre mandatet for Investinor, slik at dei får høve til å samarbeide med private om å investere i skogsektoren. Garantiinstituttet for eksportkreditt (GIEK) forvaltar i tillegg til eksportgarantiar også kraftgarantiordninga som sikrar kraftkrevjande industri langvarige kraftavtalar på forretningsmessige vilkår. Regjeringa er i gang med å etablere eit investeringsfond som skal forvaltast frå Nord-Noreg. Det vil gi enklare tilgang til kapital for små verksemder i desse områda.

Nasjonale og regionale kapitalverkemiddel spelar i dag godt saman med finansiering frå den europeiske investeringsbanken, og Noreg deltek i fleire europeiske ordningar som aukar tilgangen til potensiell kapital. Grøn industriutvikling er sentral i planlegginga av næringsretta program i EU. Regjeringa vurderer no deltaking i InvestEU og Arctic Investment Platform (AIP), som begge vil kunne utløyse omfattande investeringskapital til norske verksemder. Ved innføringa av revidert kapitalkravregelverk frå EU (den sokalla bankpakken), vil kapitalkravsrabatten til bankane ved lån til små og mellomstore verksemder bli utvida slik at også større lån er omfatta. I EU er det sett i gang omfattande regelverksprosessar for å leggje til rette for å vri privat kapital i retning av investeringar i berekraftige aktivitetar. Regjeringa følgjer regelverksutviklinga i EU tett, og gir innspel til Europakommisjonen sitt arbeid, for å ta vare på norske interesser.

2.2.3 Offentlege innkjøp kan stimulere det grøne og digitale skiftet

Tidlegfasemarknader kan vere vel så viktige som tidlegfasekapital. Gjennom innkjøp kan det offentlege påverke marknadane, både direkte og indirekte. Regjeringa ynskjer ein effektiv offentleg sektor, som kan bidra til å utvikle samfunnet i samarbeid med andre aktørar. Kvart år kjøper det offentlege inn varer og tenester for nærare 600 milliardar kroner. Kommunane og fylkeskommunane står samla for ca. 200 milliardar kroner av dette. I mange kommunar i Fjell- og Innlands-Noreg er det offentlege den største innkjøparen, og denne kjøpekrafta kan kommunane nytte for å stimulere til innovasjon, sirkulær økonomi og utvikling også av lokalt næringsliv. Gjennom ein aktiv innkjøpspolitikk kan offentlege innkjøp bidra til det grøne skiftet gjennom å stille krav til leverandørane. For å leggje til rette for dette vil regjeringa leggje fram ein handlingsplan for å auke prosentdelen klima- og miljøvenlege offentlege innkjøp og grøn innovasjon, samt utarbeide ein rettleiar for fylkeskommunar og kommunar sitt arbeid med sirkulær økonomi.

Regjeringa vil bruke offentlege innkjøp for å stimulere til innovasjon og omstilling. Reglane for offentlege innkjøp gir handlingsrom for tilpassing. Ved å til dømes dele opp større kontraktar, kan offentlege aktørar leggje til rette for at mindre lokale firma også kan delta i anboda. På initiativ frå regjeringa blei det hausten 2020 lagt fram køyrereglar for kva partane kan gjere for at innkjøpa skal bli betre, meir effektive og mindre konfliktfylte. Køyrereglane er utarbeidde av representantar frå næringslivet og offentlege oppdragsgivarar. Målet er sunn konkurranse og at fleire skal få høve til å delta i konkurransar om offentlege oppdrag.

For å løyse store samfunnsutfordringar, nytte potensialet der det finst, og utvikle meir innovative løysingar, må det offentlege søkje nye former for samarbeid. Innovasjonspartnarskap er offentleg–private samarbeid med mål om å utvikle og ta i bruk nye løysingar på samfunnsutfordringar i dag og i framtida. Ordninga tek utgangspunkt i offentlege behov innanfor til dømes klima og miljø, mobilitet, smartare forvaltning og helse/velferd. Leverandørutviklingsprogrammet skal auke innovasjonseffekten av offentlege innkjøp, og har rådgivarar i alle landsdelar. Nyetablerte føretak kan ofte sitte på ein innovativ løysing som svarar på eit offentleg behov. StartOff er eit rammeverk for gjennomføring av innkjøp, der prosessen er tilpassa nystarta verksemder. Offentleg sektor kan dra nytte av innovasjonskrafta, kompetansen og ressursane deira, og samarbeid kan samtidig styrkje lokal kompetanse.

Regjeringa vil leggje til rette for ein betre bruk av det potensialet som ligg i offentleg kjøpekraft. Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) tilbyr generell rettleiing og kompetansearbeid til gjennomføring av innkjøp, og utarbeider rettleiarar innanfor område som har særskilde behov. Som innkjøpar, faginstans og brukar, er staten ein viktig aktør i utviklinga av standardar. Regjeringa vil derfor stimulere til leverandørutvikling og nye forretningsmodellar gjennom innovative innkjøp og dialog.

2.3 Regjeringa vil

  • bidra til auka digitalisering i små og mellomstore verksemder i distriktsområde, for eksempel gjennom Datafabrikken
  • føre vidare ordninga med differensiert arbeidsgivaravgift
  • framleis leggje til rette for lønsam produksjon av fornybar energi, som tek omsyn til lokalsamfunna og viktige miljø- og samfunnsinteresser
  • leggje til rette for etablering av ny industri og framtidsretta næringsutvikling som kan nytte dei fornybare energiressursane og dei gunstige energiprisane i Noreg
  • leggje fram ein strategi for smart og effektiv elektrifisering av Noreg
  • som eit minimum halde på dagens omsetnadsvolum av biodrivstoff og ta sikte på å innføre eit omsetnadskrav for anleggsdiesel frå 2022, som fram mot 2030 blir auka til same nivået som i vegtrafikken
  • sjå nærare på korleis ein kan opprette eit eige hurtigspor for rask handsaming av industriprosjekt med stort potensial for sysselsetjing og verdiskaping, utan at det går utover omsynet til miljø og forsvarleg sakshandsaming
  • leggje fram ein oppdatert datasenterstrategi med føremål om å skape nye jobbar og auke verdiskapinga i Noreg
  • styrkje samarbeidet mellom kraftsektoren og ekomsektoren om sikrings- og beredskapsarbeid for å avverje mot og sikre raskare oppretting ved utfall
  • angi retning og ambisjon for utviklinga i produksjon og bruk av hydrogen i Noreg i eit 5-, 10- og 30-årsperspektiv gjennom vegkartet for hydrogen
  • leggje til rette for ei berekraftig utvikling og brei verdiskaping som tek vare på og byggjer på kultur- og naturarva
  • vurdere tiltak som kan bidra til auka digitalisering i små og mellomstore verksemder i distriktsområde
  • forenkle og tilpasse verkemiddelapparatet for å stimulere til auka verdiskaping, entreprenørskap, grøn omstilling og innovasjon innanfor ein berekraftige ramme
  • innrette «Kapasitetsløft» i regi av Forskingsrådet tydelegare mot å få fleire føretak i distrikta til å ta i bruk forsking
  • føreslå å styrkje satsinga på forsking for det grøne skiftet gjennom Grøn plattform i revidert nasjonalbudsjett
  • styrkje tilgangen på kapital for små verksemder i Nord-Noreg gjennom å etablere eit investeringsfond styrt frå landsdelen
  • setje ned eit ekspertutval for å sjå på dei samla rammevilkåra for å fremje klimavenlege investeringar i Noreg
  • halde fram med å bidra til risikoavlasting og kapital til investeringar i fornybare biobaserte løysingar
  • ta i bruk næringslivet sitt potensial til å skape framtidsretta løysingar, mellom anna gjennom å leggje til rette for meir tidleginvolvering og smart bruk av innkjøps- og kontraktsstrategiar
  • leggje til rette for at det offentlege kan stimulere til ei grøn og sirkulær omstilling ved å utarbeide ein rettleiar for å hjelpe fylkeskommunar og kommunar
Til forsiden