4 Vidare satsing på veg, jernbane og gode transportløysingar
4.1
Infrastruktur og samferdsel er sentrale for næringslivet i fjell- og innlandsområda, og kan redusere distriktsulempene og påverke næringsutvikling positivt. Regjeringa har gjennomført ei historisk høg satsing på transport og infrastruktur. Dette har gitt store nytteverknader både for næringsliv og privatpersonar, også i fjell- og innlandsområda. Dynamikken i arbeidsmarknaden tilseier at investeringar som utvidar bu- og arbeidsmarknadsregionar er viktige for å betre konkurransekrafta til næringslivet. Regjeringa vil halde fram med å utvikle bu- og arbeidsmarknadsregionar i heile landet gjennom heilskapleg utvikling av pålitelege korridorar med kortare reisetider.
4.1.1 Næringslivet i Fjell- og Innlands-Noreg treng velfungerande godstransport
Fjell- og Innlands-Noreg er kjenneteikna av store avstandar og spreidd busetnad. God infrastruktur reduserer terskelen for næringsverksemd, både med tanke på transporttid, marknadstilgang og tilgang på arbeidskraft. Råvareprodusentar og foredlingsindustri i fjell- og innlandsregionane må ha eigna infrastruktur for å frakte råvarer for vidareforedling eller ferdigprodukt til marknaden. Skogsvegnettet er til dømes viktig for lønsamt skogbruk og for auka verdiskaping i skog- og trenæringa. I Meld. St. 20 (2020–2021) Nasjonal transportplan 2022–2033 legg regjeringa fram ei rekkje tiltak for godstransport. Regjeringa vil styrkje godstransport på veg ved å fremje framkomsttilhøva, regularitet og transporttid, mellom anna gjennom å vidareføre arbeidet med å leggje riksvegnettet til rette for lange modulvogntog, og gjennom tiltak for å styrkje transport av gods på jernbane.
4.1.2 Jernbane er viktig for transport av store volum
Jernbana skjer gjennom store delar av Fjell- og Innlands-Noreg. Sjølv om infrastrukturen gjerne er knytt til byar og småbyar, påverkar jernbana også distrikta i omlandet. Særleg er jernbana eigna for transport av store volum – til dømes tømmer og malm. Godstiltaka vil i all hovudsak bli retta mot å effektivisere tømmertransporten, å opne nye marknader for jernbanen innanfor kombitransport, og å prioritere kapasitetsaukande tiltak med rask effekt som gjer det mogleg å bruke vogner med større lastevolum slik at godstransporten blri meir effektiv. Dette er tiltak som vil kome fleire kommunar i Fjell- og Innlands-Noreg til gode. Til dømes skal det leggjast til rette for lengre tog på Dovrebanen. Dette vil gi lågare kostnader og auka kapasitet. Effektpakken for godsmarknaden Oslo–Trondheim legg til rette for minimum 600 meter lange tog, som vil auke transportkapasiteten til dei marknadsmessig attraktive tidene på døgnet. Ei anna viktig prioritering er å redusere framføringstida og auke kapasiteten for kombitransport på bane mellom Oslo–Narvik og Trondheim–Bodø.
Regjeringa vil ruste opp og fornye fylkesvegnettet.
Foto: Knut Opeide, Statens vegvesen.
4.1.3 Auka satsing på fylkesveg
I arbeidet med Nasjonal transportplan 2022-2033 har regjeringa opna for auka regional involvering, med vekt på å identifisere og prioritere transportutfordringar over heile landet. Fylkeskommunane har gitt innspel til prioriterte løysingar som gjer at ein tek tak i dei viktigaste utfordringane i deira fylke. Innspela handlar i stor grad om opprusting og fornying av fylkesvegnettet, skredsikring og viktige næringsvegar. Med mange rasutsette vegstrekningar er skredsikring nødvendig. I 2021-budsjettet er løyvinga på over ein milliard kroner i skredsikring på riksvegane, og det blir løyva 800 millionar kroner til fylkeskommunane til skredsikring etter særskild fordeling som ein del av rammetilskotet.
I Nasjonal transportplan 2022-2033 styrkjer regjeringa tilskotet til fylkesvegar gjennom to ordningar. Regjeringa legg opp til at fylkeskommunane skal bli kompenserte ved oppfølging av tunneltryggleiksforskrifta frå 2015, slik at tunnelane på fylkesvegnettet blir utbetra i samsvar med forskrifta. Regjeringa legg vidare opp til ei øyremerkt tilskotsordning til fylkeskommunane. Forstørring av bu- og arbeidsmarknadsregionar og viktige næringsvegar skal vere kriterium for tildelt beløp. Fylkeskommunane vel i neste omgang sjølv kva vegar dei vil prioritere, innanfor prosjekt for vedlikehald, fornying og utbetring. I tilskotsordninga vil det vere eit krav om ein fylkeskommunal del som minst svarar til den statlege delen. Statens vegvesen skal forvalte ordninga.
Samferdselsdepartementet har sett i gang ei prøveordning for tømmervogntog med totalvekt opp til 74 tonn. Prøveordninga er avgrensa til åtte kommunar i Innlandet og vil gjelde i tre til fem år frå sommaren 2021 til seinast sommaren 2026. Prøveordninga skal gi grunnlag for tilråding om delar av det offentlege vegnettet kan opnast for 74 tonn tømmervogntog. Samtidig skal tilskotsordninga til utbetring på fylkesvegar for tømmertransport vidareførast. Frå og med 2020 er det etablert ei tilskotsordning som skal stimulere til utbetring av fylkesvegar som er særleg viktige for næringslivet. Denne ordninga blir no ein del av den nye, øyremerkte ordninga til fylkesveg.
Prøveordninga med tømmervogntog går over 3–5 år, og deltakarane får køyra med inntil 74 tonn totalvekt i utvalde kommunar i Innlandet.
Foto: Guttorm Tysnes, Norsk Lastebileier Forbund.
4.1.4 Smarte transportløysingar
Eit godt transporttilbod er avgjerande for at distrikta skal vere attraktive for næringsliv og folk. Effektive og miljøvenlege transportsystem blir viktige framover. Ny teknologi kan gi eit meir brukartilpassa kollektivtilbod i område med lågt kundegrunnlag, gjennom førespurnadsbaserte tenester, samkøyring, delingsøkonomi og mobilitetssenter.
Kollektivløysingar er viktige for at folk skal ha tilgang til grunnleggjande og likeverdige tenester i heile landet. Kollektiv- og transportløysingar i område med spreidd busetnad har ofte dårleg kostnadseffektivitet, låge passasjertal og lite fleksible reisetider. Regjeringa har invitert fylkeskommunar til å delta i eit tidsavgrensa læringsnettverk om korleis møte desse utfordringane i samarbeid med kommunar og forskingsmiljø.
Ny teknologi kan løyse nokre av utfordringane. Regjeringa vil leggje til rette for smarte transportløysingar som mellom anna kan bidra til auka mobilitet i distrikta. Det finst ulike satsingar for utvikling av nye, smarte transport- og mobilitetsløysingar; til dømes Pilot-T, Grøn plattform og ulike innovasjonsordningar. I eit stort utviklings- og innovasjonsprosjekt i Innlandet, Smart transport i distriktene(STD), samarbeider mange aktørar om å utvikle nye, framtidsretta og berekraftige transportløysingar, med stor vekt på digitale løysingar for å samordne ressursar og behov.
Smart transport i distriktene – effektiv samkøyring av vare- og persontransport
Innovasjonsprosjektet «Smart transport i distriktene», som er leia av SINTEF, skal utvikle reiskap og tenester for Mobility-as-a-Service tilpassa spreiddbygde strøk. Prosjektet er eit samarbeid mellom Innlandet FK/Innlandstrafikk, Entur, Folldal kommune, Sykehuset Innlandet og SINTEF Digital. Hovudtanken er å lage eit felles system for transportplanlegging, der behov for person- og varetransport blir samordna dynamisk for å nytte transportressursar best mogleg. Nye tenester og verktøy for planlegging vil støtte samkøyring av personar, gods og varer, og også omfatte nyare transportformer som samkøyring, bildeling og behovstransport ved bruk av fleksible minibussar/taxi for å oppnå best moglege reiser. Resultata av prosjektet kan bli tilpassa andre delar av Distrikts-Noreg.
Ei klynge som famnar om fleire område og teknologiar, er SustainableAutonomousMobility Systems Norway (SAMS). Klyngja skal utvikle heilt nye system for berekraftig, autonom mobilitet. I klyngja deltek forskingsinstitusjonar som SINTEF og NTNU, og ei rekkje avanserte teknologiverksemder som Kongsberg Innovasjon.
4.2 Regjeringa vil:
- leggje til rette for effektiv godstransport på veg ved å betre framkomsttilhøva, regularitet, tilgjengelegheit og transporttid
- styrkje innsatsen for drift, vedlikehald og fornying av riksvegnettet
- prioritere skredsikring av rasutsette vegar
- auke tilskotet til fylkeskommunane for å ruste opp fylkesvegnettet. Forstørring av bu- og arbeidsmarknadsregioner og viktige næringsvegar er kriterie som ligg til grunn for prioritet
- leggje til rette for effektiv frakt av gods på jernbane, gjennom effektivisering av tømmertransport og tiltak for auka kapasitet på dei viktigaste godsstrekningane
- fremje teknologiutvikling og bidra til at null- og lågutsleppsløysingar blir utvikla og tatt i bruk i transportsektoren
- vidareutvikle skogsvegnettet gjennom målretta bruk av tilskot og skogfond, samtidig som omsynet til naturmangfald og verdiar for friluftslivet blir tatt vare på
- leggje vekt på bruk av ny teknologi som kan gi smarte løysingar for persontransport i distriktsområda, mellom anna gjennom delingsøkonomi