3 Tilgang på kunnskap og kompetanse for styrkt verdiskaping

3.1 Tilgang til relevante utdannings- og kompetansetilbod

Tilgang til utdanning nær der ein bur, er viktig for å sikre den arbeidskrafta og kompetansen som det lokale og regionale næringslivet treng. Folk som er i arbeid, som har familie, eller som har andre plikter, har mindre høve til å flytte for å studere eller ta etter- og vidareutdanning.

Fylkeskommunane spelar ei sentral rolle i den regionale kompetansepolitikken, mellom anna i å leggje til rette for at det regionale næringslivet har tilgang til arbeidskraft med rett kompetanse. Fylkeskommunane har eit særleg ansvar for å dimensjonere vidaregåande opplæring og skal planleggje og byggje ut opplæringstilbodet med omsyn til nasjonale mål, ønska til søkjarane, og det samfunnet treng. Fylkeskommunane har også ansvar for at det blir tilbydd fagskuleutdanning i samsvar med etterspurnad for kompetanse lokalt, regionalt og nasjonalt. I samarbeid med det regionale kompetansepartnarskapet kartlegg fylkeskommunen regionale kompetansebehov og utviklar regionale kompetanseplanar/strategiar og tiltak. Slik kan fylkeskommunen leggje til rette for at universitet, høgskular og andre kompetanseaktørar tilbyr utdanning som det regionale arbeidslivet treng. Regjeringa ser positivt på utviklinga i den regionale kompetansepolitikken og ønskjer med Videre vekst og kvalitet - strategi for høyere yrkesfaglig utdanning og strategi for desentralisert og fleksibel utdanning ved fagskoler, høyskoler og universiteter å støtte opp under den kompetansepolitiske rolla til fylkeskommunane.

Det er viktig at dei ulike utdanningsinstitusjonane tilbyr utdanning som næringsliv og offentleg sektor har behov for, og som er relevant og etterspurt i ulike delar av landet. Utdanningsinstitusjonane må ha eit nært samarbeid med arbeidslivet og tilpasse tilbodet til det som vert etterspurt i sin eigen region. Eit døme på ei næringsrelevant utdanning er masterstudiet i bioøkonomi ved NMBU i Ås. Dette er eit nytt studium med oppstart hausten 2021. Studiet handlar om biobasert verdiskaping og forretningsutvikling, i eit tverrfagleg læringsmiljø. Mykje av studiet er prosjektbasert, og studentane skal jobbe i tverrfaglege team i nært samarbeid med leiande biobaserte verksemder. Dette gir ei god kopling mellom næringsliv, studentar og akademia. Regjeringa vil utvikle betre informasjon om nasjonale og regionale kompetansebehov – for studiesøkjarar, universitet og høgskular og styresmakter.

Industrimaster

USN Industriakademi er ei ordning ved Universitetet i Søraust-Noreg som er oppretta for å sikre at arbeidslivet får levert godt kvalifiserte kandidatar. Studentar tek eit masterprogram som blir kalla industri- eller nærignsmaster, og som blir utvikla og gjennomført i nært samarbeid med industrien eller næringa det blir utdanna for. Studenten jobbar og studerer 50/50 og er tilsett i ei treårs mellombels stilling med løn.3

Et bilde som inneholder person, innendørs, enhet

Automatisk generert beskrivelse

Foto: Gjone Sildnes.

3.1.1 Styrkje fleksible og desentraliserte utdanningstilbod

Desentrale og fleksible utdanningstilbod må vere nært knytt til kompetansebehova i arbeids- og samfunnslivet, og etterspurnaden hos dei utdanningssøkande.4 Dette krev at utdanningsinstitusjonane samarbeider tettare med arbeidslivet og med dei regionale kompetansepartnarskapa. DIKU og Kompetanse Norge forvaltar midlar til utvikling av desentralisert og fleksibel utdanning der fagskular, universitet og høgskular står som søkjarar. Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse blir oppretta frå 1. juli 2021, og vil samle alle relevante ordningar og program for fleksible tilbod, som i dag ligg i Diku og Kompetanse Norge. Dette gir gode føresetnader for å tenke heilskapleg rundt innretninga på, og samanhengen mellom, dei ulike søknadsbaserte ordningane i åra framover, samt gjere dei meir brukarvenlege for søkjarane.

Regjeringa legg no fram Strategi for desentralisert og fleksibel utdanning ved fagskoler, høyskoler og universiteter. Strategien er ein del av det langsiktige arbeidet til regjeringa med å gjere utdanning meir tilgjengeleg for folk, uavhengig av bustad og livsfase. Regjeringa har som mål å auke tilgangen til fleksible og desentraliserte utdanningstilbod av høg kvalitet gjennom universitet- og høgskulesektoren, tilpassa dei ulike behova arbeidslivet og enkeltmenneske har. Med strategien ønskjer regjeringa også å styrkje samarbeidet mellom aktørane i utdanning og arbeidsliv og å knyte tilbod og etterspurnad betre saman.

Pandemien har gjort folk meir digitale. Digitale læringsplattformer gjer utdanningstilbod lettare tilgjengelege uavhengig av kva ein bur og jobbar. Digitale læringssystem og pedagogikk knytt til bruk av ny teknologi er i rask utvikling. Likevel vil fysiske møteplassar framleis vere viktig for mange elevar, unge eller vaksne studentar. Studiesenter og studiesenterliknande aktørar spelar mange stader ei viktig rolle når det gjeld å leggje til rette for fleksible og desentraliserte tilbod lokalt, informere om tilbod og kople dei som etterspør og dei som kan tilby utdanning. Regjeringa ønskjer å opprette ei ny søknadsbasert ordning for finansiering av kvalitativt gode prosjekt og aktivitetar som er utvikla i samarbeid mellom studiesenter (og studiesenterliknande aktørar) og utdanningstilbydarar som fagleg ansvarlege (fagskule, høgskule og universitet), jf. Strategi for desentralisert og fleksibel utdanning ved fagskoler, høyskoler og universiteter.

For å gjere tilgangen til kortare utdanning betre for alle og investere i eiga kompetanseutvikling, må utdanningsfinansieringa bli meir fleksibel og fungere betre som erstatning for inntekt i ein kortare periode. Regjeringa har allereie gjort det enklare for vaksne å finansiere livsopphald når utdanning og arbeid skal kombinerast. Regjeringa vil halde fram utviklinga av fleksible utdanningsstøtteordningar slik at vaksne studentar lettare kan kombinere arbeid og utdanning. Regjeringa føreslår også nye reglar som skal gjere det enklare for arbeidsledige og permitterte å kombinere dagpengar med opplæring og utdanning.5 Særleg legg reglane til rette for å bruke tida på dagpengar til å ta grunn- og vidaregåande opplæring og fagskuleutdanning.

Regjeringa legg no fram Videre vekst og kvalitet - strategi for høyereyrkesfaglig utdanning. Som ein viktig tilbydar av desentralisert utdanning, er fagskulane særleg viktige som leverandørar av kompetanse til distriktsnæringslivet. Regjeringa vil at fagskulane skal halde fram med å utvikle seg som ein viktig leverandør av kompetanse til arbeidslivet i heile landet, gjennom relevante studietilbod av høg kvalitet. Teknologiutviklinga, digitalisering og det grøne skiftet gjer fagskulane meir relevante enn nokon gong – gjennom korte, praktiske utdanningar som arbeidslivet har behov for. Fagskulane skal både bidra til eit kompetanseintensivt arbeidsliv gjennom påfyll for dei som allereie er i arbeid, og tilby tyngre fordjuping og spesialisering for fagskulekandidatar.

Fagskule for verdiskaping av lokalmat på Røros

I 2015 starta eit femårig utviklingsprosjekt for kompetanseløft og auka verdiskaping innan lokalmat og reiseliv i kommunane Røros og Holtålen. Dåverande Sør-Trøndelag fylkeskommune løyvde midlar til prosjektet, som blei leia av Rørosregionen næringshage. Som ein del av kompetanseløftet blei det i 2018 etablert ei desentralisert fagskuleutdanning for verdiskaping i lokalmat. Utdanninga er eit samarbeid mellom Trondheim Fagskole og Røros Ressurs, og skal sikre utvikling av lokalmatbransjen i Noreg gjennom å tilby kompetanseutviklande tiltak til etablerte aktørar. Studietilbodet er samlingsbasert og på deltid ved Røros vgs, i tillegg til nettundervisning. Det lokale matmiljøet og besøk til småskalaprodusentar og verksemder i Rørosregionen er ein sentral del av tilbodet.

3.1.2 Fleire val i vidaregåande opplæring

Regjeringa føreslår å utvide det høvet ungdom har til å få fjernundervisning i fag som ikkje blir tilbydde ved den skulen dei går på, ved å lovfeste at delar av opplæringa i vidaregåande skule kan bli gitt som fjernundervisning, jf. Prop. 145 L (2020–2021). Hovudregelen er framleis at elevane skal få fjernundervisning på skulen, sidan det vil leggje best til rette for at elevane får oppfylt retten til gratis opplæring, trygt og godt fysisk og psykososialt skulemiljø, tilrettelagd arbeidsplass og høve til sosial tilhøyrsel m.m. Fjernundervisning kan gi høve til å gi elevane eit breiare fagtilbod uavhengig av geografi, til dømes der skulen manglar eigna lærarar eller det er for lite elevgrunnlag.

Katapult og læring på Raufoss

Frå august 2021 flyttar ein klasse på Raufoss vidaregåande skule inn i Raufoss industripark, og dette blir den første læringsfabrikken i landet. Elevane frå linja vg2 industriteknologi vil få tilgang til det mest moderne utstyret i verda og kompetente folk for industriell vareproduksjon og tilarbeiding av metall. Fagskolen Innlandet i Gjøvik vil også leggje delar av undervisninga til læringsfabrikken.

Katapulten Manufacturing Technology Norwegian Catapult Centre (MTNC) er ein viktig del av dette. Han skal innehalde fleire minifabrikkar med utstyr og teknologi i ypparste verdsklasse. Det handlar om forsking, testing, simulering, produksjon og læring på innovative produksjonsprosessar. Tema er digitalisering, sensorbasert robotikk, additiv tilverking og multimateriell samanføying og visualisering via virtuell røynd (VR) og auka røynd (AR). Minifabrikkane skal brukast av verksemder landet over som vil ha eit opphald på Raufoss for å utvikle og optimalisere produksjonsprosessane sine. Katapulten skal også brukast av forskarar og studentar ved NTNU og Fagskolen Innlandet.

3.2 Styrkt kompetanse gir utviklingskraft

3.2.1 Mobilisere til å ta tilboda i bruk

Behovet for livslang læring i heile arbeidsstokken blir forsterka av teknologiutviklinga og demografiutviklinga. Samtidig er det låg etterspurnaden etter kompetansehevande tiltak, særleg i små verksemder i distrikta. Små verksemder og enkeltpersonar har ikkje alltid kapasitet og kunnskap til å orientere seg om kompetansetilboda og behova i den lokale arbeidsmarknaden. Det kan også vere at tilboda ikkje alltid er relevante og attraktive for små verksemder i distrikta. Dersom desse verksemdene blir kopla til eit relevant tilbod av etter- og vidareutdanning, kan det gjere det enklare for dei å nytte seg av desse tilboda.

Kompetansepilot Ryfylke

Kompetansepilot Ryfylke er ein av to pilotar i Rogaland der kommunane Strand, Hjelmeland, Suldal og Sauda inngår. Regionen er råvareleverandør innanfor prosess- og bergverksindustri, storprodusent av grøn energi (vasskraftanlegg), havbruksnæring i vekst, aktivt landbruksmiljø og ei veksande reiselivsnæring.

Piloten er eit samarbeid mellom dei regionale kompetansesentera, næringslivet og Rogaland fylkeskommune. Hovudmålet er å styrka det desentrale kompetansearbeidet i Rogaland ved å byggje opp rundt Sauda og Strand Vidaregåande skule, som har eit utvida ansvar for vaksne i Ryfylke.

Piloten som er ein del av ei større satsing i Ryfylket, som legg vekt på kompetanse og teknologiutvikling i industriklyngene. Det skal etablerast eit forum for kompetanse- og karriererveiledning og ein digital møteplass for små og mellomstore verksemder. Piloten er forankra i samarbeidsgruppa der Strand og Sauda vidaregåande skule, Høgskulen på Vestlandet, Tau Autonomy Center, Utdanningsforbundet Rogaland, NAV Rogaland og UIS deltar

Både den enkelte og verksemder må ha informasjon om kva som finst av tilbod og moglegheiter, og tilbydarar må ha oversikt over kva behov for kompetanseutvikling arbeidslivet har. Mykje av utviklinga av fleksible og desentraliserte utdanningar er i dag ikkje driven av etterspurnad. På oppdrag frå regjeringa blir det no utgreidd ei digital kompetanseplattform for livslang læring, jf. Strategi for desentralisert og fleksibel utdanning ved fagskoler, høyskoler og universiteter.

Sjølv om det er avdekt mangel på kompetent arbeidskraft i ein region, hjelper det lite å auke talet på studieplassar innanfor fagområdet dersom rekrutteringa av studentane sviktar. Det å kartleggje og mobilisere etterspurnad er derfor viktig. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har derfor sett i gang programmet «Kompetansepilotar» (2020–2023). Føremålet med pilotane er å identifisere behov for kompetanseutvikling i verksemder og mobilisere dei til å nytte seg av relevante etter- og vidareutdanningstilbod. Ordninga er særleg retta mot små verksemder i Distrikts-Noreg.

Erfaringane frå kompetansepilotane så langt, er at det er behov for aktivt å motivere og stimulere næringslivet, offentleg sektor og innbyggjarar generelt, til å nytte relevante kompetansetilbod. Innsats for å stimulere til kompetanseutvikling er vesentleg for å betre tilgangen på kompetent arbeidskraft i Distrikts-Norge. Men dette skjer ikkje av seg sjølv. Regjeringa vil vurdere korleis innsats for å stimulere til bruk av utdannings- og kompetansetilbod som arbeidslivet lokalt og regionalt etterspør, kan styrkjast. Dette vil mellom anna bli gjort i lys av erfaringane frå kompetansepilotane.

Regjeringa vil opprette eit distriktsprogram for kompetanseutvikling, der regionale aktørar kan søke om støtte til utdanningstilbod i tråd med etterspurnad som er avdekka, jf. Strategi for desentralisert og fleksibel utdanning ved fagskoler, høyskoler og universiteter. Føremålet med ordninga er å styrke det desentraliserte utdanningstilbodet i distrikta i tråd med identifiserte kompetansebehov lokalt og regionalt. Søknadar skal byggje på forpliktande samarbeid mellom arbeidslivet, som etterspørjarar av kompetanse, og universitet, høgskule eller fagskule som leverandør av utdanning.

Karriererettleiing er nøkkelen til å gjere gode val for både ungdom og vaksne. Det skal bidra til gode val for den enkelte og samfunnet, og kan vere eit viktig verkemiddel for omstilling, og for å motverke fråfall og feilval. Karriererettleiing kan også bidra til betre samsvar mellom befolkninga sine val av utdanning og yrke, og behov for kompetanse i arbeidslivet. Dette gjeld også på regionalt nivå.

3.2.2 Treparts bransjeprogram gir kompetanseutvikling i fjell- og innlandsnæringar

Treparts bransjeprogramma for kompetanseutvikling har som mål at tilsette, permitterte og ledige i utvalde bransjar får nødvendig kompetanseutvikling. Bransjeprogrammet er eit trepartssamarbeid, der staten og partane i arbeidslivet samarbeider om å auke deltakinga i kompetanseutvikling. Partane i arbeidslivet har ansvar for å definere kompetansebehovet i bransjen i dei enkelte programma, vurdere det faglege innhaldet i søknadane om opplæringstilbod, og gjere vedtak. Tiltaket er retta inn mot ti sentrale bransjar og budsjettet er kraftig styrkt gjennom koronatiltaka for å bidra til at arbeidskrafta er rusta for framtida. Ei rekkje av bransjeprogramma er relevante for næringslivet i Fjell- og Innlands-Noreg. Det er mellom anna lyst ut tilskot til kompetanseutvikling i industri- og byggenæringa, reiselivsnæringa og mat- og drikkevareindustrien.

3.2.3 Unge må få arbeidserfaring

Ungdommens distriktspanel etterspør regionale jobbkoordinatorar som kan kople ungdom saman med lokalt næringsliv og offentlege verksemder, og formidle ledige sommarjobbar, praksisplassar, deltids- og heiltidsjobb og traineeordningar. Ungdommane meiner at ordningar for å sikre ungdom arbeidserfaring må samordnast og tilpassast til behova i distrikta. Ansvaret for samordninga bør leggjast til dei regionale jobbkoordinatorane.6

Regjeringa sette i 2017 i verk ein forsterka ungdomsinnsats. Dette inneber auka ressursar til Nav-kontora for raskt å fange opp unge utan arbeid og utdanning, slik at dei kan få eit tilbod om arbeidsretta bistand. Det er det lokale Nav-kontoret som har ansvar for å følgje opp enkeltungdommen. Fire av fem Nav-kontor har eigne ungdomsteam og/eller tverrfaglege team. Nesten alle har eigne tiltak retta mot ungdom, mellom anna eigne jobbklubbar og sosiale møteplassar. Nokre av dei lokale jobbklubbane har også lagt vekt på å invitere lokale arbeidsgivarar eller invitere seg sjølv og brukarane på føretaksbesøk. Nav har stort handlingsrom for korleis dette arbeidet blir organisert. Regjeringa vil vurdere korleis ein kan koordinere tenestene slik at dei i større grad er tilpassa til lokale forhold.

Regjeringa vil i samarbeid med fylkeskommunane og kommunar også vurdere nærare korleis regionale praktikantordningar kan styrkjast som verktøy for å gi unge i distrikta relevant arbeidserfaring, jf. kap. 4.2.7.

Prosentdelen unge som fullfører vidaregåande skule aukar, men samtidig stig prosentdelen unge uføre. Slik hamnar unge menneske utanfor arbeidslivet allereie tidleg i livet. Samtidig har mange av desse unge ein kompetanse som er etterspurd i samfunnet. Dette er unge menneske som har vakse opp i den digitale tidsalderen, og som gjennom digital interaksjon og spel har utvikla ein digital kompetanse som samfunnet bør dra nytte av og vidareutvikle. Små og mellomstore verksemder – særleg i distrikta – treng arbeidskraft med digital kompetanse. Dei unge er også tilpassingsdyktige og kan spele ei rolle i å utvikle SMB-ene for framtida. Dei unge som har vakse opp med gaming og med god digital kompetanse, kan vere ein stor ressurs i arbeidslivet. Regjeringa vil setje i gang eit arbeid for å kople unge gamarar som har falle utanfor arbeidslivet, men som likefullt sit på verdifull digital kompetanse, opp mot verksemder som treng digital kompetanse. Det blir mellom anna vurdert å opprette pilotar ved NAV-kontor i to fylke med sikte på å vidareutvikle og forsterke satsinga.

3.2.4 EU-program som verkemiddel for styrka kompetansetilgang

Kommunar, fylkeskommunar og næringslivet kan dra nytte av deltaking i EU-program i arbeidet med å utvikle tenestetilbodet, skaffe kompetent arbeidskraft, styrkje forskingsinnsatsen og få tilgang til nye marknader. Samarbeid over grensene har lange tradisjonar i Noreg. Mellom anna har Noreg delteke i Interregprogramma sidan 1996. Mange fjell- og innlandskommunar grensar til EU. Gjennom samarbeid over grensene får innbyggjarar i Noreg tilgang til private tenester, som dei elles kanskje må reise langt for å få innanlands. Næringslivet kan søke om å delta i prosjekt som styrker samarbeid med aktørar i andre land ved at dei får tilgang til kompetanse og kan arbeide saman om felles utfordringar. Samarbeid med land i EU, som har kome lenger enn Noreg i arbeidet med grøn omstilling, gjer at norske aktørar kan samarbeid med aktørar som er i front og som har sett av meir ressursar enn Noreg til dette viktige arbeidet.

3.2.5 Staten legg til rette for stadsuavhengig arbeid

Regjeringa er oppteken av å ta i bruk moglegheitene som ligg i den teknologiske utviklinga. Digitalisering reduserer avstandsulempene i distrikta, og gir moglegheiter for meir fleksible løysingar. Staten opnar opp for at tilsette no i større grad kan arbeide frå heile landet, sjølv om verksemdas hovudkontor har sentral lokalisering. Både private verksemder og offentlege styresmakter kan bidra med å leggje til rette for, og nytte, lokal infrastruktur. Slik kan dei tilby gode løysingar for stadsuavhengig arbeid, mellom anna ved at tilsette kan ta del i eit kontorfellesskap. Regjeringa vil vurdere korleis ulike modellar kan prøvast ut, i statens eigne lokale eller samlokalisert med kommunal verksemd eller lokalt næringsliv, for å sikre ei god organisering av stadsuavhegige arebeidsplasser i staten.

Fleire av aktørane i fjell- og innlandsområda peikar på utfordringar som er knytte til kompetansearbeidsplassar og rekruttering. Tilflyttaren er ofte ein del av ein familie, og partnaren må i dei fleste høve også ha tilgang til arbeid. Ved å leggje til rette for fjernarbeid frå lokale kontorfellesskap vil dette kunne bidra til å auke moglegheita for å ta med arbeidet på flyttelasset og dermed senke terskelen for flytting. Fleire kommunar har også gått saman om å koordinere utlysing av stillingar, og dette gjer det enklare å finne relevant arbeid for fleire.

3.2.6 Regionale trainee-ordningar rekrutterer nyutdanna

I fleire regionar har verksemder og offentlege aktørar gått saman og etablert regionale trainee-ordningar for å gjere seg meir attraktive for unge med høg utdanning og bidra til rekruttering av nyutdanna. Som trainee får nyutdanna høve til å skaffe seg arbeidspraksis i ei relevant verksemd eller i ein offentleg instans og bytte mellom ulike verksemder i ein periode, samtidig som arbeidsgivaren får høve til å møte fleire kvalifiserte arbeidstakarar. Ei nyleg gjennomført kartlegging viser at denne typen ordningar har hatt stor effekt på rekruttering av nyutdanna med høgare utdanning til regionen. Etter traineeperiode fekk åtte av ti tilbod om stilling i ein av verksemdene dei hadde vært tilsett i. Ein høg prosentdel busette seg i eller i nærleiken av trainee-kommunen i etterkant.

Regjeringa vil oppfordre fleire regionar (fylkeskommunar eller kommunar) til å vurdere utvikling av trainee-ordningar eller vidareutvikle eksisterande ordningar, slik at fleire verksemder kan delta. Regjeringa vil i samarbeid med fylkeskommunane og kommunar vurdere nærare korleis ein kan styrke regionale trainee-ordningar som verktøy for økt tilgang på arbeidskraft med høgare utdanning i distriktsnæringslivet og som reiskap for å gi unge relevant arbeidserfaring.

Fjelltrainee-ordninga i Røros-regionen

Fjelltrainee starta opp i 2009 og har i fleire år sikra at ung kompetent arbeidskraft blir ein del av arbeidsmarknaden i regionen. Sidan oppstarten har det vore 37 fjelltraineear, og mange av dei er blitt tilbydde fast arbeid i regionen under eller etter praktikantperioden. Heile fire av dei fem fjelltraineeane frå perioden 2015–2017 er per 1. januar 2018 ordinært tilsette i ei verksemd i regionen. Verksemdene melder inn til Rørosregionen Næringshage aktuelt kompetansebehov som dei treng for å løyse ordinære driftsoppgåver eller bestemte prosjektoppgåver. For å bli fjelltrainee blir det stilt krav om fullført bachelor- eller masterutdanning. Alle nyutdanna studentar som oppfyller desse kriteria, kan søkje, og vil deretter gå gjennom ein ordinær søknadsprosess med Rørosregionen Næringshage og kvar enkelt aktuell arbeidsgivar. Eit ordinært fjelltraineeprogram går over to år, der traineen er tilsett i inntil tre verksemder, med tilpassing til behova og ønska til verksemda og fjelltraineen.

3.3 Regjeringa vil:

  • etablere eit system for fordeling av nye studieplassar for høgare yrkesfagleg utdanning som tek vare på arbeidslivets kompetansebehov, høvet fagskulane har for planlegging, og som bygger på tilgjengeleg kunnskapsgrunnlag og analyser av kompetansebehov
  • etablere en pilot med eit senter for framifrå høgare yrkesfagleg utdanning, der fagskular i samarbeid med arbeidsliv og kompetansemiljø får moglegheit til å utvikle prosjekt som skal fremme fagleg utvikling og nye svar på kompetansebehov i arbeidslivet.
  • fortsette med å gjere ordningar i Lånekassa meir fleksible, slik at dei er betre tilpassa livslang læring
  • innføre nye reglar som skal gjere det enklare for arbeidsledige og permitterte å kombinere dagpengar med opplæring og utdanning
  • opprette ei søknadsbasert ordning der studiesenter og studiesenterliknande aktørar kan søkje om finansiering for prosjekt og aktivitetar i samarbeid med utdanningstilbydarar
  • etablere eit eige distriktsprogram for kompetanseutvikling, for å stimulere etterspurnaden i distrikta
  • foreslå å gi større adgang til fjernundervisning, noko som mellom anna vil leggje til rette for fleire valmoglegheiter i skulen for opplæring og undervisning i distrikta
  • vurdere korleis innsats for å stimulere til bruk av utdannings- og kompetansetilbod som arbeidslivet lokalt og regionalt etterspør, kan styrkjast ytterlegare
  • sette i gang eit arbeid for å vidareutvikle og nytte kompetansen til unge gamarar som står utanfor arbeidslivet, og kople denne opp mot verksemder som treng digital kompetanse. Det blir mellom anna vurdert å opprette pilotar ved NAV-kontor i to fylke med sikte på å vidareutvikle og forsterke statsinga
  • fortsetje å leggje til rette for kompetanseutvikling som er relevant i sentrale næringar i fjell- og innlandsområda gjennom treparts bransjeprogram for kompetanseutvikling
  • leggje til rette for at statlege arbeidsgjevarar kan nytte moglegheitene som ligg i at medarbeidarar i større grad kan arbeide frå heile landet
  • vurdere korleis ulike modellar kan prøvast ut, i statens eigne lokale eller samlokalisert med kommunal verksemd eller lokalt næringsliv, for å sikre ei god organisering av fjernarbeidsplassar i staten
  • vurdere nærare korleis tenestene som i dag finst for å gi ungdom arbeidserfaring, kan koordinerast betre og i større grad bli tilpassa lokale forhold
  • i samarbeid med fylkeskommunane vurdere nærare korleis regionale trainee-ordningar kan styrkjast som verktøy for auka tilgang på arbeidskraft med høgare utdanning i distriktsnæringslivet, og gi unge i distrikta relevant arbeidserfaring

Fotnoter

4.

Fleksible utdanningstilbuder tilbod med fleire alternativ for gjennomføringa av læringsaktivitetane, mellom anna tid, stad, omfang og progresjon. Tilboda kan både være nett- og stadbaserte.

5.

Prop. 170 L (2020-2021) Endringer i folketrygdloven (adgang til å ta opplæring og utdanning med dagpenger). Regelverket kan truleg setjast i verk frå 1. oktober 2021. Det nye regelverket skal erstatte den mellombelse tilgangen til å gjennomføre opplæring og utdanning i dagpengeperioden som blei innført under covid-19-pandemien, og som etter planen går ut 1. oktober 2021.

6.

Ungdommens distriktspanel
Til forsiden