5 Framtidas reiseliv og morgondagens hytte- og friluftspolitikk
5.1 Ei smartare, grønare og meir inkluderande reiselivsnæring
Før koronautbrotet var reiselivet ei raskt veksande næring i Noreg. No er utviklinga meir usikker. Regjeringa meiner det framleis ligg store moglegheiter for auka verdiskaping innanfor eit berekraftig reiseliv. Fjell- og innlandskommunane har attraktive naturområde med rein luft, reint vatn, dyreliv og naturmangfald, i tillegg til levande lokalsamfunn, kultur- og matressursar. Reiselivsnæringa skil seg frå ei rekkje andre næringar, mellom anna fordi enkeltverksemder ikkje leverer heile reiselivsproduktet aleine, og fordi anna næring og samfunnsutvikling påverkar produktet. Reiselivsprodukt må konsumerast på staden det blir produsert. Dette gir eit særeige utgangspunkt for brei og berekraftig verdiskaping, men kan samtidig gi press på til dømes areal og lokalsamfunn. Produkta til næringa er internasjonale, og blir påverka av både globale og nasjonale endringar, med det grøne og digitale skiftet som dei mest grunnleggjande. Regjeringa meiner at reiseliv er ei framtidsnæring for Distrikts-Noreg, og at næringa skal vere sentral i fjell- og innlandsområda.
5.1.1 Natur- og kulturmiljø som kjelde til aktivitetar og opplevingar
Naturen er framleis hovudattraksjonen for norsk reiseliv, samtidig som kultur og kulturopplevingar som er knytte til reiselivet, er i stadig vekst. Fjordar og fjell har vore ein viktig ressurs heilt frå dei første overklasseturistane kom frå Europa for over hundre år sidan. Dei fleste av dei 40 nasjonalparkane våre ligg i fjell- og innlandsområde. Saman med større landskapsvernområde er dei viktige for friluftsliv og opplevingar. Naturbasert reiseliv gir moglegheiter for verdiskaping gjennom berekraftig bruk av utmarksområda og tilrettelagd naturoppleving. Vern av naturområde er samtidig nødvendig for å ta vare på denne ressursen for naturbaserte aktivitetar på kort og lang sikt. Å få på plass gode strategiar for besøksforvaltning skal auke verdiskapinga i slike område, samtidig som omsynet til fastbuande, natur og miljø blir sikra. Det er sett i gang fleire slike initiativ. Miljødirektoratet har utvikla rettleiing for besøksforvaltning for verneområde, og nasjonalparkstyra utarbeider besøksstrategiar. Regjeringa vil arbeide for at alle besøksstrategiane for nasjonalparkane blir fullførte i år. Nordland fylkeskommune har starta eit regionalt prosjekt for besøksforvaltning i Lofoten, Vega og Svartisen/Meløy. Norske Parker, nettverksorganisasjonen for regionalparkane, jobbar også målretta med slike strategiar. Godt samarbeid med kommunane om oppfølging av strategiane vil leggje gode rammer for vidare arbeid.
Friluftslivet i Noreg har lange tradisjonar, og er venta å auke i kjølvatnet av pandemien. Regjeringa vil leggje betre til rette for både det allmenne friluftslivet og for berekraftig verdiskaping i verneområde, samtidig som verdiane som er knytte til vern og opplevingar blir tekne vare på. Til dømes blei ordninga Nasjonale turiststiar oppretta i 2017. Målet er å ivareta og utvikle nokre av dei mest brukte turstiane i Noreg, der internasjonale turistar utgjer ein stor del av gjestane. Nasjonale turiststiar bidreg til auka verdiskaping gjennom å forbetre tilrettelegginga av attraktive turistmål. Samtidig har friluftslivet blitt meir mangfaldig. Det har kome fleire «nye» aktivitetar, som i større grad ber preg av sport og fart. Opplevingar som «via ferrata», toppturar og isklatring har aukande popularitet. Ei rekkje nye typar aktivitetar bidreg til at skilet mellom friluftsliv, trening og kommersielle tilbod i nokon grad blir utviska. Kombinert med auka individualisering og etterspurnad etter skreddarsydde opplevingar, gir dette gode moglegheiter for å styrkje verdiskapinga, gjennom å tilby opplevingar tilpassa attraktive kundegrupper.
Aktiv bruk av fjell og natur til opplevingar og livsstil blir stadig meir populært. Fleire har til dømes guida toppturar som ein del av reiselivsverksemda.
Foto: Ove Nestvold/Aktiv i Lom.
Ei sentral kjelde til verdiskaping er kommersialisering av særeigne lokale tradisjonar, kulturmiljø og naturverdiar. Dei kan utgjere eit reisemål i seg sjølv og kan auke attraksjonsverdien til eit reisemål, forsterke opplevingane og gi opphav til næringsverksemd lokalt. Til dømes bidreg kulturmiljøturismen med over ein tredjedel av verdiskapinga i reiselivet i Røros, og 9 prosent av det totale talet på sysselsette.
5.1.2 Reiselivsnæringa som ein del av lokalsamfunnet
Reiselivsnæringa spelar ei viktig rolle for utviklinga av lokalsamfunn, og regjeringa vil derfor leggje til rette for ei heilskapleg tilnærming til reisemål og bygdeutvikling.7 Å nytte andre næringar som ressurs i reiselivsopplevingar kan gi både auka verdiskaping og eit meir berekraftig reiseliv. Regjeringa vil leggje til rette for at opplevingar og aktivitetar som er knytte til slike næringar skal styrkje Noreg som attraktivt reisemål.
I fjell- og innlandsområda er det store og små reiselivsverksemder som byr fram eit mangfald av tilbod. Saman gjer dei lokalsamfunna meir attraktive, også for lokalbefolkninga. Kommunen kan spele ei meir aktiv rolle for å få fram lokale idear, i kraft av å vere både planstyresmakt og tilretteleggjar for næringsutvikling. Regjeringa vil setje ned eit offentleg utval om reisemålsutvikling og besøksforvaltning i kommunane, som skal leggje grunnlaget for utviklinga av denne rolla. Lokalt forankra prosessar som integrerer næringsutvikling, areal- og samfunnsutvikling, kan setje rammer for ei felles langsiktig plan for reiselivet. Eit meir forpliktande samarbeid mellom frivilligheita, den kommersielle aktiviteten og offentleg forvaltning, set gode rammer for verdiskaping. Forvaltninga av reiselivet skal vere godt koordinert, både lokalt, regionalt og nasjonalt.
Kongevegen over Filefjell
Kongevegen over Filefjell blei bygd i 1790-åra, og var den første vegen der folk kunne køyre med hest og kjerre mellom Aust- og Vestlandet. Under bygginga av ny trasé for E16 sette Vegvesenet i stand vegen, og overlét vedlikehald og kommersialisering til involverte kommunar og eit føretaksnettverk. Valdres Natur- og Kulturpark er prosjekteigar. Nettverket har no 34 aktørar på begge sider av fjellet. Koplinga mellom små og store aktørar og lokal forankring og engasjement har gitt gode resultat. I 2017 fekk vegen kulturminneprisen i EU, Europa Nostra. Med nesten 70 000 besøkjande, er vegen eit godt døme på samarbeid om berekraftig kommersialisering av lokale kultur- og naturverdiar.
Foto: Sverre Hjørnevik.
5.1.3 Samisk kultur som grunnlag for reiseliv
Å styrkje samisk reiseliv, og auke verdiskapinga i denne næringa, vil også styrkje samisk kultur, lokal identitet og busetnad. Etterspurnad etter kunst- og kulturopplevingar er ein reiselivstrend som kan nyttast til å skape ei auka interesse for autentiske og unike reiseopplevingar. Sametinget meiner at samisk reiseliv har stort potensial til å bli blant dei viktigaste næringsvegane i dei samiske områda i framtida.
Kulturturisme kan gi lokal og regional utvikling, og bidra til å halde oppe eller utvide det lokale teneste- og kulturtilbodet, særleg på mindre reisemål. Samtidig kan inntektene frå reiselivsverksemd basert på kulturarv bidra til å ta vare på desse verdiane. Samisk reiseliv kan vise til særeigne produkt og unike opplevingar, der den samiske kulturen i seg sjølv kan vere eit konkurransefortrinn. Reindrifta er etterspurd i reiselivssamanheng, men også andre sider ved samisk kultur, slik som duodji, mattradisjonar, kunst og joik, er sentrale i samiske reiselivsprodukt.
5.1.4 Heilårsbaserte tilbod og samarbeid styrkjer kompetansen
For ungdommar i Fjell- og Innlands-Noreg er ofte reiselivsverksemdene det første møtet med arbeidslivet. Verksemdene kan også vere viktige for å rekruttere tilflyttarar. Ei utfordring er at mange av verksemdene er sesongbaserte. Det gir i mange høve varierande inntekter, lite stabile arbeidsplassar og gjer det krevjande å utvikle og halde oppe kompetanse i arbeidsstokken. Å utvikle heilårsbaserte tilbod er derfor eit mål for mange.
Samarbeid mellom reiselivsverksemder og andre næringar er nødvendig for god destinasjonsutvikling, og kan særleg vere nyttig for mindre føretak. Eit døme på samarbeid er destinasjonselskapa, som tilbyr fellestenester til medlemmene i selskapet, mellom anna felles marknadsføring og destinasjonsutvikling. Små verksemder kan ha stor nytte av samarbeid om både sal- og marknadsføring og kompetansebygging. Samarbeid med kompetanseinstitusjonar er også viktig. Høgskulen i Innlandet har til dømes eit institutt for reiseliv, opplevingsnæringar og marknadsføring. I Hallingdal har samarbeid om reiselivsutdanning ført til at Norsk Reiselivsfagskole har oppretta studiestad på Geilo. Dette kan styrkje tilgangen på kompetent arbeidskraft i regionen, tilpassa behova i næringslivet.
5.1.5 Vegen vidare – Sterke inntrykk med små avtrykk
Regjeringa vil leggje til rette for eit grønare, smartare og meir inkluderande reiseliv. Innovasjon Noreg har på oppdrag frå Nærings- og fiskeridepartementet utvikla reiselivsstrategien Sterke inntrykk med små avtrykk. Fleire leiarar, fagfolk og ressurspersonar frå reiselivet blei inviterte til å bidra med innspel og innsikt. Rundt 400 bidrag frå både store og små aktørar, offentlege og private verksemder, frivillige, verkemiddelapparatet, kompetansemiljø og representantar frå andre bransjar har gitt innspel til strategiarbeidet. Strategien gir eit omfattande kunnskapsbasert grunnlag for vidare utvikling av Noreg som reisemål, og ei felles retning for næringa og det offentlege. Målet er å skape eit konkurransedyktig og berekraftig reiseliv. Strategien listar opp 26 tiltak under områda verdiskapingsevne, omstillingsevne, handteringsevne og samhandlingevne. Regjeringa vil framover vurdere tiltaka i strategien, og mogleg oppfølging.
5.2 Hyttelivet som grunnlag for verdiskaping
Det som meir enn noko anna har endra bruken av og utviklinga i fjella dei siste tiåra, er hytter eller fritidsbustader. I dag er det om lag 470 000 fritidsbustader i Noreg, omkring halvparten av befolkninga har tilgang til ein slik bustad. Den norske hyttekulturen er unik. Mange nordmenn brukar mykje tid på hytta eller fritidsbustaden. Ein fritidsbustad utgjer ofte eit samlingspunkt for familien, både i helga, feriar og høgtider. Det siste året har også hyttekontor blitt eit omgrep, takka vere digitale møte og god tilgang til internett og digitale løysingar.
Hyttelivet, med moglegheit for naturopplevingar og rekreasjon, handlar for mange nordmenn om god helse, livskvalitet og rekreasjon. Samtidig kan fritidsbustader i skogen og på fjellet også ta mykje areal, og i nokre tilfelle truge naturmangfaldet og gi auka klimagassutslepp. Det er viktig at konsekvensane for mellom anna naturmangfald, friluftsliv, klima, landskapsomsyn og eksisterande næringar blir vurderte og tekne omsyn til ved planlegging av nye hytteområde. Regjeringa meiner at løysinga mellom anna ligg i gode avklaringar mellom berekraftig bruk og bevaring av natur. Dette krev langsiktig og heilskapleg planlegging frå kommunane. Mange hyttefelt ligg i skogbeltet nær tregrensa og i randsona til verna fjellområde som dekkjer areal i fleire kommunar. For å balansere ulike interesser i slike samanhengande fjellområde, kan regionale eller interkommunale planar vere ein god reiskap for samordning på tvers av sektorar og forvaltningsnivå. Det finst i dag ingen samla oversikt over utbyggingspotensialet i vedtekne kommunale planar. Regjeringa vil ta initiativ til ei slik kartlegging, for å få heilskapleg kunnskap om den samla påverknaden planlagd utbygging vil kunne få på ulike naturverdiar.
Fritidsbustader, hyttefolket og aktiviteten som er knytt til dei, er eit satsingsområde for lokal verdiskaping i mange kommunar i Fjell- og Innlands-Noreg. Fleire arbeidsplassar, meir liv og aktivitet og ein større marknad for serveringsstader kan skape vekst og optimisme i lokalsamfunna. Det er samtidig viktig at kommunane veg omfanget av ny hyttebygging opp mot andre interesser. Regjeringa meiner at det er eit potensial for å nytte ressursen som hytter og hyttefolk utgjer på ein meir økonomisk, miljømessig og sosialt berekraftig måte innanfor dagens rammer. Omfanget av ringverknader for lokalt næringsliv avheng av at kommunane tek ei aktiv rolle i planlegginga, og tilpassar utbygging og omfang til kapasiteten i det lokale næringslivet. Kommunen bør tenkje langsiktig, og vere i framkant med godt forankra vurderingar av korleis dei skal nytte bruken av fritidsbustadar som grunnlag for utvikling av næringsliv og lokalsamfunn. I arbeidet med samfunnsdelen og arealdelen i kommuneplanen bør ein trekkje opp rammene for utviklinga. Regjeringa skal i år leggje fram ei oppdatert rettleiing for planlegging av fritidsbustader. Denne skal hjelpe kommunar, utbyggjarar og andre til å gjennomføre gode planprosessar for utvikling av område med fritidsbustader. Rettleiinga skal gjere det enklare å nå målet om miljøtilpassa utbygging, og leggje grunnlaget for næringsutvikling som er knytt til bygging og bruk av fritidsbustader.
Digitalisering endrar reiselivsnæringa
Reiselivsnæringa har mange og store moglegheiter i fleire av dei nye digitale teknologiane. Til dømes kan Tinga sitt internett (IoT) gi opplysningar om nærliggande opplevingar i sanntid, smart-teknologi kan mogleggjere betre og meir miljøvenleg mobilitet, og visualiseringsteknologiar kan gi betre marknadsføring og utfyllande opplevingar på reisemålet. Digitalisering vil også vere ein nøkkel for auka berekraft i næringa. Digital samhandling gjer det til dømes mogleg å skreddarsy reiser mellom fleire aktørar. Mindre aktørar kan ha særleg nytte av å delta i større samarbeid for både breiare og meir spissa digital kompetanse. Auka samhandling både mellom små og større verksemder, og mellom næringsliv og forvaltning, er ein nøkkel for å realisere det store potensialet næringa har gjennom digitalisering.
Berekraftig fritid
Prosjektet berekraftig fritid Oppdal og Rennebu arbeider for ei meir berekraftig utvikling av fritidsbustader. Målet er ei berekraftig omstilling av hyttenæringa, eit langsiktig livsgrunnlag i rekreasjonskommunar, og eit tydeleg og truverdig bidrag til det grøne skiftet. Nasjonalparken Næringshage AS i Oppdal leier prosjektet. Hyttenæringa, arkitektar, NTNU og det offentlege samarbeider om å tenkje nytt. Nye utbyggingsstrategiar blir testa og vidareutvikla i ei rekkje prosjekt. Det er etablert fleire bedriftsklynger, og hyttefelt med nye og til dels radikale berekraftsløysingar er lagde ut på marknaden. Dette går no frå å vere eit lokalt prosjekt, til at erfaringar og arbeidsmetodar blir delte i nettverk både regionalt og nasjonalt.
Gjennom prosjektet Berekraftig fritid har selskapet Grønn Fritid AS etablert eit prøveprosjekt der dei lanserer eit nytt hyttekonsept på Nerskogen, med vekt på berekraftige løysingar. Målet er å skape ein meir berekraftig hyttekultur, gjennom å utarbeide eit hyttetun med åtte små hytter og fellesareal.
Åneggagrenda på Nerskogen, i Rennebu kommune kombinerer arealeffektive hytter med fellestenester som verkstad, utstyrsbod, drivhus, sauna, felleshus, gjesterom og bestilling av skyss frå togstasjonen. Illustrasjon: Pir II Arkitekter.
Bruken av, og funksjonen til, hytter og fritidsbustader er i endring. Betre fysisk og digital infrastruktur, auka velstand og større kontroll over eigen arbeidskvardag, gjer at hytta for stadig fleire er ein sekundærbustad, der ein har hyppigare og lengre opphald. Digitaliseringa har forsterka denne trenden. Dette gjer at hyttebebuarane i stadig sterkare grad vil påverke lokalsamfunna der hyttene ligg. Dette skjer til dømes gjennom etterspurnad og kundegrunnlag for handel, service, kulturtilbod og tilrettelagde aktivitetar. Hyttefolk er ein ressurs for lokalt næringsliv, reiseliv og lokalsamfunn, men det er avgjerande å få til eit samarbeid mellom lokale verksemder for å utvikle varer og tenester.
Det finnes eksempel på kommunar der hyttebebuarar som flytter permanent bidreg til auka folketal. Dei kan i nokre tilfelle også bidra med utfyllande kompetanse i lokalsamfunna. Hyppigare og lengre opphald på hytta kan også gi auka utfordringar knytt til kommunale tenester og infrastruktur. Opphaldsprinsippet inneber at alle innbyggarar skal få helse- og omsorgstenester der dei oppheld seg. Det kan gi kommunar med mange hyttebebuarar auka utgifter. Samtidig har hyttekommunane også andre typar inntekter som hyttebebuarane bidreg til, som kommunale avgifter, eigedomsskatt og positive ringverknader for lokalsamfunna. Distriktsnæringsutvalet og Demografiutvalet meiner det bør gjerast ei vurdering av korleis brukartal, heller enn folketal, kan vektleggjast meir ved lokalisering, dimensjonering og finansiering av offentleg infrastruktur og offentlege tenester. Demografiutvalet meiner at det vil vere framtidsretta å legge opp til eit system der inntektene i større grad følgjer brukarane, og ikkje berre innbyggjarane. Regjeringa har oppnemnt eit inntektssystemutval. Dei har fått eit breitt mandat om å vurdere heile inntektssystemet. Utvalet er gjort kjent med denne problemstillinga. Regjeringa vil i samband med oppfølginga av utvalet vurdere om, og i kva grad, helsetenester nytta utanfor bustadkommune kan bli belasta kommunen der tenestemottakaren betalar skatt.
Sirkulær mobilitet i hyttekommunar
Øyer kommune har lyst ut eit prosjekt for sirkulær mobilitet i Hafjell. Transport i Hafjell er prega av bruk av eigne bilar, noko som også gjeld i fleire andre hyttekommunar. Fleire prøveprosjekt har vist potensialet for sirkulære transportløysingar, basert på deling av felles ressursar. Ei marknadsundersøking viser at det er vanskeleg å orientere seg i tilboda for å få dekt behova sine.
Målet med prosjektet er å utvikle eit heilskapleg tilbod som er lett tilgjengeleg for tilreisande, og som reduserer behov for eigen transport til, under og frå opphald på Øyer. Ei slik løysing vil og kunne nyttast i mange andre kommunar.
Prosjektet støttar opp under målet i sirkulærøkonomi, om å dreie forbruksmønster frå kjøp av eigne køyretøy, til fellesløysingar baserte på deling. Prosjektet er ein del av programmet Innovative anskaffelser.
Grunnføresetnaden i det norske friluftslivet er retten til fri ferdsel i utmark, gjennom allemannsretten. Denne retten gir også fritidsbustadene bruksverdi gjennom friluftsliv og rekreasjon, og på den måten også økonomisk verdi. Samtidig fører oppføring av fritidsbustader til at denne retten blir omgjord til privat eige. I område med stor tettleik av fritidsbustader er det viktig å ta vare på større og samanhengande område utan utbygging. Regjeringa vil ta vare på friluftsliv som ein levande og sentral del av norsk kulturarv og nasjonal identitet, og som ei viktig kjelde til høgare livskvalitet og betre helse for alle. Friluftsliv som motiv for å eige og nytte fritidsbustader er løfta fram i fleire undersøkingar, og private fritidsbustader er viktige utgangspunkt for friluftsmoglegheitene for eigaren. Utbygging kan føre med seg tilrettelegging som også kjem lokalbefolkninga til gode, som utvikling av løypenett, stinett og aktivitetstilbod. Frivillige lokale ordningar, som folkefinansiering, kan leggje til rette for at deltidsinnbyggaren bidreg økonomisk til vedlikehald og utforming av tilbod.
5.3 Regjeringa vil:
- bidra til ei grønare, smartare og meir inkluderande reiselivsnæring i Fjell- og Innlands-Noreg
- setje ned eit offentleg utval om reisemålsutvikling og besøksforvaltning i norske kommunar
- leggje til rette for samarbeid om reiselivsutvikling mellom private og offentlege aktørar, på tvers av kommunar og regionar, for å skape gode rammer for destinasjonsutvikling
- sørge for å fullføre at alle nasjonalparkar får godkjende besøksstrategiar
- leggje til rette for at kommunane skal kunne nytte fritidsbustader, eigarar og brukarar som ressurs for utvikling og auka verdiskaping i lokalsamfunna
- i løpet av 2021 leggje fram ei oppdatert rettleiing for planlegging av fritidsbustader
- kartleggje det samla planlagde utbyggingspotensialet for fritidsbustader i norske kommunar
- vurdere korleis ein på best mogleg vis kan bidra til ein meir saumlaus tenesteyting frå høvesvis bustadkommunen og kommunen der ein har fritidseigedom