7 Eit konkurransekraftig og mangfaldig landbruk og ein framtidsretta bioøkonomi

Landbruket er ein berebjelke i distriktskommunane i Fjell- og Innlands-Noreg, og er i mange område svært viktig for sysselsettjing og busetjing. Landbruket har gjennom tida levert mat, drikke, tømmer, tenester og eit kulturlandskap som har lokka til seg reiselystne frå fjern og nær. I dag leverer landbruket framleis desse tenestene og verdiane, men samtidig mykje meir. Ei berekraftig forvaltning av naturressursane, ei medviten satsing på utvikling av godt plante- og dyremateriale, låg medisinbruk, god dyrevelferd og auka effektivisering og produktivitet gjennom bruk av teknologi i primærproduksjonen, er viktige konkurransefaktorar for framtida. I tillegg blir det stimulert til å satse på andre landbruksbaserte næringar som kan bidra til nye produkt og tenester til samfunnet, på tvers av sektorar. Dette set landbruket i ein unik posisjon for framtidig utvikling, verdiskaping og sysselsetjing i lokalsamfunna.

7.1 Landbruket bidreg til verdiskaping, busetnad og nye næringar

Landbruket har ei verdikjede som femner vidt, med mellom anna kystjordbruk, fjell og reindrift. Den jordbruksbaserte verdikjeda er ei av dei få komplette verdikjedene i Noreg, og sysselset nærare 100 000 personar innan primærproduksjon, mat- og drikkevareindustri. Jordbruket med tilhøyrande industriverksemder er derfor viktig for verdiskaping og arbeidsplassar i heile landet, og distrikts- og strukturomsyn er ein viktig del av politikken til regjeringa. I tillegg er det ei rekkje verksemder som tek utgangspunkt i landbrukseigedommen. Dette gjeld særskilt innanfor lokalmat, reiseliv og anna tenesteproduksjon.

7.1.1 Eit mangfaldig jordbruk

Jordbruksproduksjonen i Fjell- og Innlands-Noreg har eit breitt mangfald. Det er derfor viktig at det er god forståing for heilskapen i norsk matproduksjon frå jord til bord, frå småskalaproduksjon til driftseiningar med stort driftsomfang, frå spesialprodukt til volumproduksjon. Det må også vere god forståing for korleis ressursane og fellesgoda blir nytta i andre næringar, som reiseliv og turisme. Det store mangfaldet i jordbruksproduksjonen gir grunnlag for mange verksemder innan foredling av råvarene frå jordbruket. Som i primærjordbruket er det også innanfor næringsmiddelindustrien stor breidde i verksemdene, ut frå driftsomfang, foredlingsgrad m.m.

Regjeringa arbeider for eit sterkt og konkurransedyktig landbruk i heile landet. Det er stor variasjon i dei klimatiske vilkåra, topografi og arealgrunnlag i Fjell- og Innlands-Noreg. Dei naturgitte rammevilkåra gjer at produksjon av mjølk og kjøt frå storfe, sau/lam og svin er dei viktigaste produksjonane. Differensieringa av dei økonomiske verkemidla i landbrukspolitikken, etter driftsomfang og geografisk lokalisering av gardsbruka, er viktige for å sikre jordbruket i regionen. Regjeringa har som mål å leggje til rette for auka verdiskaping frå landbruket, ved produksjon som er tilpassa dei naturgitte vilkåra, og å bidra til aktivt landbruk over heile landet, med variert bruksstruktur.

Et bilde som inneholder person, mann

Automatisk generert beskrivelse

Næringsmiddelindustrien er viktig for å foredle og auke verdien av råvarene våre, og er ein viktig arbeidsgivar i mange distriktskommunar. Her frå Rørosmeieriet. Foto: Tom Gustavsen.

Fjellandbruket bidreg til ressursutnytting, og er ein føresetnad for aktiv seterdrift og pleie av kulturlandskap. Dette bidreg til auka produksjon av lokale fôrressursar, medverkar til biologisk mangfald og landskapskvalitetar, som igjen er viktige for friluftsliv, reiseliv og kulturverdiar. På same måte representerer arktisk landbruk eit potensial for auka verdiskaping, basert på sine særeigne kvalitetar. Regjeringa vil vidareføre den områderetta satsinga på fjellandbruket og arktisk landbruk, og legg opp til ei evaluering av ordninga.

7.1.2 Berekraftig reindrift

Reindrift blir utøvd i 135 kommunar, på 40 prosent av arealet i Noreg. Dette omfattar både samisk reindrift og reinlag i fjellområda i Sør-Noreg. Reindrifta sitt bidrag til matproduksjon er ein grunnleggjande føresetnad for samisk kultur og samfunnsliv, og ein rasjonell måte å nytte ressursgrunnlaget på. Regjeringa legg til rette for at næringa skal kunne nytte potensialet sitt og auke produksjonen og lønsemda. Dette føreset at reindrifta har tilgang til dei areala som er nødvendige for ei berekraftig reindrift. Hovudprioriteringar i Reindriftsavtalen 2021-2022 er å ta vare på arealet til reindrifta, kriseberedskap, og setje i verk tiltak for å støtte norske reindriftsutøvarar som ikkje kan nytte beiteområda sine i Sverige. I tillegg har mellom anna dei frie midlane til Reindriftens Utviklingsfond auka. Prioriteringane til avtalepartane inneber ei vesentleg styrking av rammevilkåra for næringa. Regjeringa har i vår lagt fram Meld. St. 31 (2020-2021) Samisk språk, kultur og samfunnsliv. Næringsgrunnlag for levende samiske lokalsamfunn. Med denne meldinga ønsker regjeringa å synleggjere behovet og moglegheitene for utvikling av både dei tradisjonelle og nye næringar som kan byggje opp under levande, samiske lokalsamfunn. Næringsutvikling og auka sysselsetjing i lokalt næringsliv er avgjerande.

7.1.3 Matnasjonen Noreg - grunnlag for verdiskaping og omdømmebygging

Regjeringa vil bidra til framleis vekst og utvikling i alle typar næringar basert på ressursane i landbruket. Den nyleg framlagde strategien for Matnasjonen Noreg er ei felles plattform for vidare utvikling av Noreg som matnasjon, fram mot 2030. Strategien legg vekt på samspelet mellom volumproduksjon og småskalaproduksjon, og mellom ivaretaking av tradisjonar og fornying gjennom innovasjon. Strategien femner både landbasert- og sjøbasert matproduksjon, med kopling mot folkehelsepolitikken. Det blir peika på behovet for samarbeid på tvers av sektorar (mellom anna mellom blå og grøn sektor, og mellom matproduksjon og reiseliv). Regjeringa vil arbeide aktivt for å byggje eit heilskapleg omdømme, som bidreg til å styrke, vidareutvikle og profilere Noreg som matnasjon, nasjonalt og internasjonalt.

Ostebygda

Ostebygda er eit heilt spesielt fellesskap mellom åtte mjølk- og osteprodusentar i Hol, i Hallingdal. Osteoppskriftene er nedarva slektsklenodium som er overleverte og perfeksjonerte frå generasjon til generasjon. No har dei ypperste osteprodusentane frå tre generasjonar slått seg saman for å bringe osten ut i verda, og verda inn i osteriket. Dei har på kort tid bygd opp eit nettverk, der delingskultur og framsnakking står i sentrum. Ostebygda blei av daglegvarekjeda MENY og næringsorganisasjonen HANEN kåra til årets lokalmatgründer i 2019.

Foredling av råvarene til lokalmatprodukt kan gi meirinntekter til små gardsbruk med lite driftsomfang. Det har dei siste åra vore auka etterspurnad etter lokalprodusert mat og drikke. Ei ønskeleg utvikling er at ein større del av vidareforedlinga skjer lokalt. Regjeringa legg derfor til rette for styrkt konkurransekraft, gjennom samarbeid og felles omdømmebygging på tvers av tradisjonelle sektorar. Utviklingsprogrammet for landbruks- og reindriftsbasert vekst og verdiskaping har lagt til rette for fleire vekstverksemder, auka kompetanse, samarbeid, nettverk og omdømmearbeid på mat- og reiselivsområdet. Strategien for Matnasjonen Noreg skal medverke til auka samarbeid mellom matprodusentar og reiselivsnæringa, og til å vidareutvikle sterke mat- og reiselivsregionar, mellom anna ved å løfte fram verksemder. Her er til dømes fjellregionen løfta fram som ein særeigen mat- og reiselivsregion. I strategien for landbruks- og reindriftsbasert reiseliv slår regjeringa fast at Noreg skal vere ein internasjonalt anerkjend matnasjon, med tydeleg lokal og regional identitet. Opplevingar og aktivitetar frå landbruk og reindrift skal bidra til å utvikle Noreg til å bli eit attraktivt reisemål. Dette arbeidet er viktig for den vidare utviklinga av nye arbeidsplassar og verdiskaping i Fjell- og Innlands-Noreg

7.1.4 Digitalisering og teknologiutvikling i landbruket

Noreg er eit land med høge kostnader, med klima og topografi som påverkar økonomien i matproduksjonen. Desse kostnadsulempene fører til at norsk matproduksjon må bli meir effektiv for å vere konkurransedyktig, samtidig som vi tek vare på særpreget i norsk matproduksjon. Mekanisering, digitalisering og teknologiutvikling gjer jordbrukssektoren meir konkurransekraftig, og bidreg med viktige løysingar for auka effektivisering, verdiskaping og reduserte utslepp av klimagassar. Norske bønder er gode til å ta i bruk ny teknologi. Teknologiutviklinga, i form av nye maskiner og automatisering, har fremja produktivitet, vore arbeidsinnsparande, og det har endra måten bøndene driv landbruk på. Presisjonsjordbruk gir auka avlingar og redusert bruk av innsatsfaktorar (til dømes gjødsel og sprøytemiddel), som igjen kan redusere forureining og utslepp til vatn og luft. Det blir løyvd midlar til både forsking, utprøving og investering i landbruksteknologi.

Samordna satsing på presisjonsjordbruk

Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) har oppretta eit eige Senter for presisjonsjordbruk ved Kapp i Østre Toten. Senteret utviklar og testar teknologiske løysingar for presisjonsjordbruk. Senteret samarbeider tett med til dømes Norsk Landbruksrådgiving (NLR), som er til stades i heile landet. Slik kan ny kunnskap om teknologi og digitale løysingar raskt nå ut til bønder i heile landet, med råd som er tilpassa produksjon, geografi og topografi. Gjennom det femårige prosjektet PRESIS (presisjonsjordbruk i praksis), som hadde oppstart i 2020, er målet å utvikle eit heilskapleg system som skal gi bonden tilgang til brukarvenlege, teknologiske tenester innanfor presisjonsjordbruk, som er testa og tilpassa norske tilhøve. Ein viktig del av prosjektet er å skreddarsy brukarstøtte og rådgiving. Dette skjer gjennom eit tett samarbeid mellom NIBIO, NLR og utvalde bønder.

Å hente ut det potensialet som ligg i utvikling og bruk av norsk agritek, krev innsats på tvers av sektorar. I tillegg til forskingsaktivitet i regi av Forskningsrådet, er Innovasjon Noreg ein viktig aktør gjennom risikoavlasting for forretningsidear som gjeld utvikling av landbruksteknologi. Noreg har kompetente forskingsmiljø på området, og det er allereie utvikla ei rekke smarte, landbruksteknologiske løysingar som blir lagde merke til internasjonalt.Norske agritek-løysingar legg med dette ikkje berre grunnlag for eit meir effektivt og berekraftig landbruk i Noreg. Utvikling innanfor landbruksteknologi gir også grunnlag for nye forretningsidear og produkt med eksportpotensial, og kan slik bidra til global mattryggleik.

N2 Applied AS

N2 Applied har som mål å betre verda sin matproduksjon. Verksemda har utvikla ei maskin, ein plasmareaktor, som blandar husdyrgjødsel med nitrogen. Maskina skal kunne installerast på det enkelte husdyrbruk, og resirkulere næringsstoff. Målet er at teknologien skal bidra med store utsleppskutt i jordbrukets klimagassrekneskap, reduksjon av kunstgjødsel og stoppe ammoniakkutslepp, samt auka matproduksjon. Fleire maskiner er installerte på gardsbruk i Norden og Storbritannia.

Løysinga er utvikla i Noreg, og selskapet satsar globalt. Selskapet har i dag om lag 35 tilsette, testsenter i Svene/Flesberg kommune og kontor i Asker, York og Wageningen. Det er gjennomført feltforsøk over fleire år, med anerkjende institusjonar i fleire land. Resultata er gode, og har vakt internasjonal interesse, særskilt i England.

Foto: N2 Applied AS.

Regjeringa fremjer innovasjon, forenkling og digitalisering i landbruket, gjennom ulike tiltak, noko som støttar opp om ambisjonar og mål i næringa. OPS Landbruk handlar om offentleg-privat sektorutvikling. Føremålet er styrkt konkurransekraft og modernisering av offentleg forvaltning i sektoren, gjennom samhandling innanfor digitalisering. Initiativet er eit breitt samarbeid mellom landbruksnæringa og det offentlege. Fleire tiltak og prosjekt er sette i gang som ein del av initiativet, til dømes «Bondens Dashboard». Prosjektet handlar om tilgjengeleggjering/deling av data og utvikling av infrastruktur, for å gi bonden og samarbeidspartnarar meir effektive og brukarvenlege arbeidsprosessar. Tiltaket inngår i forskingsprogrammet Horisont 2020 frå EU.

7.2 Skog- og trenæringa er ein nøkkel i det grøne skiftet

Skogen er ein viktig ressurs for mange kommunar i fjell- og innlandsområda. Heile 40 prosent av arealet i Noreg er dekt av skog. Tømmervolumet i norske skogar er tredobla dei siste hundre åra. Skogen dekker i dag eit større areal enn tidlegare, og hogstnivået er historisk høgt. Samtidig er skogen leveområde for nær halvparten av dei truga artane i Noreg, og regjeringa legg til grunn at auka avverking skal følgjast av styrkt miljøomsyn i skogbruket. Skogen er også eit viktig karbonlager. Den rolla skogen spelar i klimasamanheng er mellom anna omtalt i Meld. St. 13 (2020–2021), Klimaplan for 2021–2030. Innanfor berekraftige rammer kan auka avverking gi utvikling av industri, kompetanse og tenester, og skape vekst og verdiar for Fjell- og Innlands-Noreg.

Skogpolitikken er forankra i Meld. St. 6 (2016–2017) Verdier i vekst — konkurransedyktig skog- og trenæring. Ambisjonen er at mest mogleg av norsk skogråstoff skal foredlast i Noreg, der dette er lønsamt. Satsing på betre transportinfrastruktur frå skog til marknad er viktig for skog- og trenæringa. Tre er eit fornybart og klimavenleg råstoff som blir stadig meir etterspurt. Skogindustrien meir enn tidoblar verdien av tømmerstokken når han blir foredla. I dag nyttar vi berre ein liten del av ressursane som ligg i trevirket, og det ligg store moglegheiter for verdiskaping i ei vidare utvikling av heile verdikjeda. Auka bruk av biprodukt, sidestraumar og restråstoff kan også gi synergiar mellom fleire næringar. Trevirke kan brukast til å erstatte produkt som i dag blir laga ved hjelp av mindre berekraftige materiale. Frå 2020 blei det derfor innført ei ordning i Innovasjon Noreg, for å premiere investeringsprosjekt innanfor landbruk som vel tre som byggjemateriale.

Moelven ASA

Moelven ASA er eit skandinavisk industrikonsern med produksjon av trebaserte byggjevarer og -system. Med 34 ulike produksjonsselskap i Noreg og Sverige, og med omlag 3350 tilsette (2021), er Moelven ASA det største selskapet innan tremekanisk produksjon i Noreg. Selskapet har ei viktig rolle i utvikling og industrialisering basert på skogressursar i fjell- og innlandsområda. I 2020 leverte selskapet nesten eit dobla resultat frå 2019 (662,2 millionar), basert på ein omsetnad på 11.7 milliardar kroner. I tillegg til kontinuerleg utvikling av dei ulike produksjonsselskapa, legg selskapet vekt på innovasjon i produkt og system, og har levert løysingar til prosjekt som Mjøstårnet (moelven.com), som er det høgaste trebygget i verda (2019), Finansparken (moelven.com) som er BREAM Outstanding sertifisert (2019), og The Plus | Verdens mest miljøvennlige møbelfabrikk (2021).

Norsk skog- og trenæring har spisskompetanse på treforedling og tilgrensande næringar, og ligg langt framme når det gjeld innovasjon og nytenking rundt skogbasert råstoff. Dette gir gode føresetnader for utvikling av ny industri, basert på biologiske råstoff og material. Fjell- og innlandsområda har fleire sentrale klynger som er knytte til næringa. Norwegian Wood Cluster i Innlandet skal utvikle klimavenlege bygge- og bustadsløysingar som er baserte på norske skogressursar. Målet er redusert miljøavtrykk og sirkulære løysingar, gjennom materialgjenvinning av returtre i Noreg.

Det er samtidig nødvendig å investere i kompetanseutvikling, forsking og infrastruktur. Innovasjon Noreg og Forskningsrådet forvaltar ei rekke program som skal stimulere til innovasjon og utvikling. Regjeringa har gjennom strategien Skog- og trenæringa – ein drivar for grøn omstilling (2019) lagt til rette for auka FoU-aktivitet i næringa, med mål om auka bruk av trebaserte produkt. Dialogforumet for skog- og trenæringa, som er oppretta i lys av strategien, legg til rette for ei tettare kopling mellom aktørar i heile verdikjeda, gjennom dialog mellom næring, kunnskapsmiljø, verkemiddelapparat og styresmakter.

Vestre AS

Vestre AS er ein familieeigd produsent av møblar, med om lag 50 tilsette (2019). Selskapet vil byggje den mest miljøvenlege møbelfabrikken i verda i Magnor, og skal ved hjelp av automatisert og digitalt produksjonsutstyr lage produkt basert på kortreist råstoff frå skogen. Selskapet inviterer alle til å oppleve industrien deira ved å gjere produksjonen til ein attraksjon for innbyggjarar og tilreisande, The Plus | Verdens mest miljøvennlige møbelfabrikk. Selskapet har dei siste åra hatt ein sterk vekst, og leiaren av selskapet fekk «EYs vekstskaperpris» i 2019, var vinnar av E24s berekraftspris i 2020, og var i finalen til årets leiartalent i regi av E24 i 2020.

Foto: Vestre.

7.3 Bioøkonomien skaper nye verdiar i eksisterande og nye verksemder

Det grøne skiftet, med utvikling av sirkulær- og bioøkonomien, er ein del av løysinga på korleis framtidig bruk av dei fornybare biologiske ressursane kan gi positive ringverknader for lokalsamfunna. Bioøkonomistrategien til regjeringa frå 2016 legg til grunn at ein nasjonal innsats på området vil fremje auka verdiskaping og sysselsetjing, reduserte klimagassutslepp, og meir effektiv og berekraftig bruk av dei fornybare biologiske ressursane. Bioøkonomien tek utgangspunkt i primærnæringane, og bygger på berekraftig bruk av naturressursane. Samtidig handlar bioøkonomi også om å utvikle nye produkt på tvers av verdikjeder og næringsstrukturar, og om auka sirkularitet i prosessane. Dette krev auka innovasjon og samarbeid på tvers av sektorar. Norsk bioøkonomi har stort potensial for auka omsetnad i framtida. Regjeringa vil arbeide for at fjell- og innlandsområda skal utvikle dette potensialet.

7.3.1 Ein kombinasjon av naturressursar og teknologi

Fjell- og Innlands-Noreg har ein unik posisjon, med tilgang til biologiske ressursar, avansert teknologi og høg fagleg kompetanse. Med nærleik mellom primærproduksjon, teknologimiljø og foredling av ressursane, utgjer området eit tyngdepunkt for vidareutvikling av bioøkonomien. Biomasse frå jord- og skogbruk er grunnlag for mange industrielle produkt. Mat og energi kan i framtida stå for ein viktig del av verdiskaping og sysselsetjing i heile landet. På kort sikt krev dette betre bruk av eksisterande ressursar. På lengre sikt krev det næringsutvikling basert på ny kunnskap og teknologiutvikling. Det er også nødvendig med tett samarbeid med industrielle partnarar for å lykkast med kommersielle løysingar, og for å fremje leverandørindustri og nye tenester som næringane treng, lokalt og regionalt.

Ny kunnskap og teknologi gjer det mogleg å nytte dei fornybare biologiske ressursane på nye måtar, redusere press på naturverdiar og redusere utslepp til vatn og luft. Dette gir eit stort potensial for framtidig næringsutvikling, med utgangspunkt i bioressursane i heile verdikjeda. Betre bruk av bioressursar vil også kreve auka tverrfagleg samarbeid. I Trøndelagsregionen har klynga WoodWorks! som mål å auke bruken av tre og trefiber innanfor eksisterande og nye marknadsområde. Dette aukar marknaden for skogindustrien, og er med å gjere andre typar industri meir berekraftig. Mellom anna blir det utvikla måtar å omdanne fiber frå treflis til protein, til bruk i fiskefôr. Siva, Innovasjon Noreg og Forskningsrådet tilbyr fleire ulike tenester til eit breitt spekter av aktørar i heile verdikjeda. Verkemiddelaktørane har på oppdrag frå regjeringa utarbeidd ein felles handlingsplan for bioøkonomi (2020), som dannar eit godt grunnlag for ei positiv utvikling og ein samla innsats for å vidareutvikle norsk bioøkonomi. Regjeringa har som mål at Noreg skal vere eit føregangsland i utviklinga av ein sirkulær økonomi, som nyttar ressursane betre, og vil denne våren leggje fram ein strategi for sirkulærøkonomi, for å støtte opp om denne ambisjonen.

Et bilde som inneholder mat, utendørs, måltid

Automatisk generert beskrivelse

WoodWorks arbeider mellom anna for å nytte protein frå treflis til bruk i fiskefôr.

Foto: WoodWorks!

7.3.2 Bioenergi kan gi fleire arbeidsplassar

Fjell- og innlandsområda har naturgitte føresetnader når det gjeld innsatsfaktorar for produksjon av bioenergi. Råstoff frå skogen er fornybar, og kan i nokon grad erstatte petroleumbaserte råstoff. Skogen har ressursar for produksjon av energi, i form av både varme og drivstoff. Det er særleg avfall og restar frå skog som er attraktivt, og som kan nyttast til avansert biodrivstoff. Ei anna kjelde for framtidig energiutvikling er biogass frå husdyrgjødsel, slakteri, vekstrestar og matavfall frå landbruket. Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi og teknologiutvikling i landbruket er eit viktig verkemiddel for auka utbygging av småskala bioenergi. Programmet skal stimulere bønder og skogeigarar til å produsere, bruke og levere meir bioenergi. Rammene for programmet er auka i jordbruksavtalen over fleire år. Regjeringa legg vidare opp til at ein overgang frå fossil- til biodrivstoff skal vere ein sentral del av utsleppskutta i transportsektoren, noko som gir marknadspotensial for norsk produksjon. Omsetnadskravet for biodrivstoff har gradvis auka, og inneheld eit delkrav om avansert biodrivstoff. Ei vidare utvikling av norsk produksjon vil kunne gi grøn verdiskaping basert på ressursane i fjell- og innlandsområda. Ei kopling mellom eksisterande og ny industri vil vere eit viktig grep for å skape nye, lønsame arbeidsplassar.

BioEconomy Region

Gjennom eit grenseoverskridande samarbeid har Interreg-prosjektet The Bioeconomy Region bidrege til å skape dei beste føresetnadene for ein sterk bioøkonomiregion. Regionen har store ressursar innan den skogsbaserte bioøkonomien, som utfyller kvarandre i ei komplett verdikjede. Ved hjelp av prosjektet har næringsliv og offentlege aktørar i regionen forsterka omstillinga av produksjonsprosessar og produktporteføljer som følgje av behovet for nye biomaterialar. Dei samla forretningsmessige styrkene til regionen er med å hjelpe små og mellomstore verksemder til å kommersialisere nye produkt og tenester. Innlandet og Viken fylkeskommune og dei svenske regionane Dalarna og Värmland har delteke i prosjektet, i tillegg til ei rekkje forskingsmiljø, innovasjonsaktørar og verksemder. Prosjektet er vidareført og utvida i eit nytt Interreg-prosjekt Bioeconomy Regions in Scandinavia, som no også inkluderer Västra Götalandregionen og heile Viken.

7.4 Vilt- og fiskeressursane er ei kjelde til lokal verdiskaping

Jakt, fiske og andre haustingbaserte friluftsaktivitetar har lange tradisjonar i Noreg. Fjell- og innlandsområda har store naturområde, som er ynda jaktterreng, der hausting av naturen er ei kjelde til opplevingar, både for lokale og tilreisande. Eit breitt spekter av slike naturbaserte opplevingsprodukt bidreg til lokal sysselsetting og verdiskaping. Sal av rett til jakt, fiske og tilleggstenester har stor økonomisk verdi for mange grunneigarar. Viltressursane omfattar ei breidde av produkt, med ulik grad av tilrettelegging. Norsk institutt for naturforsking (2019) har estimert samla omsetnad til å vere om lag 2 milliardar kroner i jaktåret 2017-2018, med moglegheiter for ei vidare auke til 3 milliardar i neste tiårsperiode.

Landbruks- og matdepartementet har sidan 2018 hatt ansvaret for haustbare viltressursar, og vil legge til rette for at ressursane, saman med dei andre ressursane i landbruket, skal gi auka verdiskaping. Mange grunneigarar har lykkast med å kombinere naturbaserte opplevingstilbod med tradisjonelt skogbruk, kulturarv og matproduksjon. Det krev tett kopling mellom forvaltning av jord, skog og utmarksressursar og relevante verkemiddel for å utvikle tilleggsnæring, produkt og marknader. Landbruksaktørar kan samtidig oftare definere produkta sine innanfor jakt og fiske som ein del av reiselivet, for i større grad å kunne ta del i dei aktivitetane og verkemidla reiselivet tilbyr. Dette skaper næringsutvikling og verdiskaping i utmarka, gjennom ei berekraftig og meir aktiv forvaltning av dei haustbare viltressursane. Regjeringa vil legge til rette for at dei haustbare viltressursane, saman med dei andre ressursane og verkemidla i landbruket, kan gi auka verdiskaping i distrikta. Handlingsplan for næringsutvikling basert på haustbare viltressursar (2019), tek for seg moglegheiter og utfordringar som er knytte til verdiskaping basert på jaktopplevingar. Handlingsplanen blir i hovudsak følgd opp gjennom Utviklingsprogrammet for landbruks- og reindriftsbasert vekst og verdiskaping i Innovasjon Noreg. Å stimulere og legge til rette for berekraftig jakt, fiske og friluftsliv er prioriterte oppgåver for Statskog SF. Forvaltninga av statleg skog og utmark er i tillegg eit viktig verktøy i arbeidet for å fremje livskraftige lokalsamfunn – noko jakt, fiske og friluftsliv medverkar til.

Det er aukande interesse for innanlands oppdrett. I fjell- og innlandsområda skjer dette for det meste i landbaserte anlegg, men det er også døme på oppdrett i merdar i innsjøar og kraftmagasin. Utvikling av denne næringa heng tett saman med utviklinga i den ordinære akvakulturen langs kysten, mellom anna gjennom teknologiutvikling. Regjeringa vil leggje til rette for lønsam oppdrett også i fjell- og innlandsområda, der dette kan skje på ein miljømessig forsvarleg måte. I tillegg kan ei aktiv forvaltning føre til auka turisme gjennom sportsfiskeprodukt av høgare kvalitet. Dette kan gi ny næringsverksemd, verdiskaping og lønsame arbeidsplassar.

7.5 Regjeringa vil:

  • leggje til rette for eit aktivt, berekraftig og lønsamt landbruk over heile landet, med utgangspunkt i lokale jord-, beite-, skog- og utmarksareal
  • vidareføre arbeidet med å bygge sterke mat- og reiselivsregionar, og auke potensialet for verdiskaping, i tråd med regjeringstrategien for Matnasjonen Norge
  • leggje til rette for ein framtidsretta landbruksproduksjon gjennom prioritering av FoUI-verkemidlar til investering og utvikling av ny teknologi i landbruket, med mål om auka verdiskaping, effektivisering og reduksjon av forureining og utslepp til vatn og luft
  • setje i verk praktisk utprøving av korleis distriktskommunane kan nytte instrumenta i plan- og bygningslova for å legge til rette for næringsutvikling som er knytt til garden som ressurs
  • leggje til rette for ei berekraftig reindrift, mellom anna ved å ta vare på beiteareala til reindrifta som grunnlag for auka produksjon og lønsemd i reindriftsnæringa
  • leggje til rette for bruk av potensialet i bioøkonomien, for å bidra til auka verdiskaping, og sirkulære verdikjeder
  • leggje til rette for auka lønsam foredling av råstoff frå norsk skog
  • mobilisere til innovasjon og verdikjedesamarbeid i skog- og trenæringa, mellom anna gjennom dialogforumet for skog- og trenæringa
  • leggje til rette for auka berekraftig næringsutvikling, basert på haustbare viltressursar
  • fremje bruken av klimavenlege byggjematerial, mellom anna frå tre
  • leggje til rette for lønsam fiskeoppdrett i fjell- og innlandsområda, der dette kan skje på ein miljømessig forsvarleg måte
Til forsiden