6 Ein arealpolitikk som fremjar bulyst og næringsutvikling

6.1  

Regjeringa meiner godt samspel mellom lokale, regionale og nasjonale styresmakter er avgjerande for god samfunns- og næringsutvikling. Kommunane er primær planstyresmakt, og har eit særleg ansvar for lokal samfunnsutvikling og for å fremje bulyst og gode levekår i eigen kommune. Fylkeskommunen har eit strategisk ansvar som samfunnsutviklar og for å leggje til rette for eit nyskapande og framtidsretta næringsliv i sin region.

Offensive regionale innovasjonsstrategiar, med god forankring i regionale føresetnader og styrkar, gir godt grunnlag for samarbeid mellom regionar, nasjonalt og internasjonalt, og for å hente ut potensialet i framveksande næringar. Smart spesialisering er ein metode for å nytte slike særeigne moglegheiter og føresetnader for næringsutvikling. Utgangspunktet er den næringsstrukturen og kompetansen som allereie finst i regionen. Ut frå dette identifiserer og skaper styresmakter, næringsliv, innbyggjarar og forskarar ei felles forståing for kva område regionen har gode føresetnader for å lykkast med, og legg til rette for utvikling av dei. Fleire fylkeskommunar og kommunar i Fjell- og Innlands-Noreg nyttar denne metoden i arbeidet med næringsutvikling. For å sikre politisk involvering, god medverknad og ein heilskapleg tankegang, bør metoden nyttast i samband med regionale planprosessar.

6.1.1 Aukande konkurranse om areala

Regjeringa vil føre vidare arbeidet med utmarksforvaltninga. For fjell- og innlandskommunane har ressursane i fjell og utmark alltid vore viktige for næringsutvikling og levekår. Dei rike ressursane blir nytta til verdiskaping innanfor til dømes reiseliv, naturbaserte fritidsaktivitetar, bionæringar og utmarksbeite for husdyr og reindrift. Dei er også viktige for å fremje lokal samfunnsutvikling og bulyst.

Samordna areal- og samfunnsplanlegging er ein nøkkel til berekraftig næringsutvikling. Forvaltninga av utmarka skal gjerast på ein langsiktig og heilskapleg måte. I mange område i Fjell- og Innlands-Noreg er det aukande konkurranse om areala mellom ulike interesser, som landbruksverksemd, reindrift, naturvern, fritidsbustader, reiseliv, mineralforvaltning og fornybar energi. Utbygging og anna arealbruk har også konsekvensar for opptak og utslepp av klimagassar. Ei framtidsretta areal- og ressursforvaltning må ta omsyn til eksisterande næringar, kulturmiljø, klima og naturmangfald, og leggje til rette for berekraftig verdiskaping, innanfor ramma av eksisterande brukarinteresser.

Utmarksforvaltning er eit samansett felt, med mange aktørar og ulike omsyn. Regjeringa vil leggje til rette for enklare planlegging i utmark, mellom anna gjennom betre rettleiing. Landbruks- og matdepartementet har mellom anna laga ein rettleiar for reindrift og plan- og bygningslova, som ein reiskap for alle aktørar som er involverte i planleggingsprosessar som omfattar reindriftsområda. Regjeringa vil også opprette eit etatsforum for utmark, der omsynet til næringsutvikling i utmarksområda skal vere sentralt. Forumet skal vere ein møteplass for å dele kunnskap om berekraftig verdiskaping, basert på natur-, landskaps- og kulturressursar.

Spørsmålet om fjellova skal innførast på statseigd grunn i Nordland og Troms har vore diskutert over tid. Regjeringa har denne våren gitt Kommunal- og moderniseringsdepartementet i oppdrag å setje i gang arbeidet med å følgje opp forslaget frå samerettsutvalet II om ny forvaltningsordning for Nordland og tidlegare Troms fylke. Arbeidet skal ta sikte på å sikre lokalsamfunn og samiske interesse større innverknad og involvering i utmarksforvaltninga. I arbeidet skal ein oppretthalde allemannsretten og leggje til rette for at alle kan oppleve natur og friluftsliv. Påverka interesser vil bli involvert i arbeidet.

Motorisert ferdsel i utmark kan ha nytteverdi både for lokal næringsverksemd og privatpersonar. Samtidig kan det skade terreng og forstyrre fugle- og dyreliv, og kome i konflikt med friluftsliv og andre næringar. Nettopp fordi kommunane kjenner sine eigne område best, er det dei som treff vedtak om motorferdsel, og gir løyver og dispensasjonar der det er grunnlag for det. Kommunane sin kunnskap om dei lokale tilhøva er viktig. Skjønnet som kommunane har ved praktisering av lov- og forskrift om motorferdsel i utmark veg tungt når slike saker blir avklart. Kommunane må samtidig ta omsyn til dei ulempene og skadar slik ferdsel har for natur og dyreliv og tradisjonelt friluftsliv. Regjeringa har gjort ei rekkje endringar i motorferdsellova som har gitt kommunane auka sjølvstyre på dette området. Det har for det første blitt opna for at kommunane kan tillate snøscooterkøyring i tilrettelagde løyper. Regjeringa har òg sett i gang ei prøveordning for sokalla catskiing, som mellom anna gjer det mogleg for skidestinasjonar å nytta utvalde beltekøyretøy til transport for offpist skikøyring. Det har blitt opna for at kommunane kan gi løyve til transport til hytter, sjølv om dei ligg nærare veg enn 2,5 km, og det har blitt opna for at kommunane kan tillate bruk av elektriske båtmotorar på mindre vatn. Det har vidare blitt enklare for kommunane å administrere unntak frå lova. Stortinget har i mai 2021 bede regjeringa fremje forslag om revidering av lov om motorferdsel i utmark og vassdrag, med sikte på auka lokalt sjølvstyre og redusert byråkrati, knytt til praktiseringa av lova, samtidig som omsynet til natur og friluftsliv blir tatt vare på.

Regjeringa har som mål å forenkle planbehandlinga gjennom å harmonisere plan- og bygningslova og relevante sektorlover. Plan- og bygningslova er sektorovergripande, og det er eit mål at vedtak om arealbruk i størst mogleg grad skal skje etter denne lova. Samtidig er det fleire sektorlover som gir ulike styresmakter rett til å ta avgjerder om arealbruk. Det er derfor nødvendig å samordne slik at aktuelle interesser blir sett i samanheng og for å forenkle handsaming av tiltak. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har sett i gang eit arbeid saman med fleire departement for å følgje opp dette. Regjeringa skal mellom anna utarbeide eit forslag til korleis planlegging og bygging av vindkraft på land skal innarbeidast i plan- og bygningslova.

6.1.2 Kommunen er den viktigaste planstyresmakta

Kommunane er den viktigaste planstyresmakta og skal vere ein pådrivar for lokalsamfunnsutviklinga. Kommunane har stor handlefridom i arealplanlegginga. Regjeringa har gjort fleire endringar i plan- og bygningslova som forenklar planprosessane, og har gitt tydelegare føringar for bruk av motsegn. Dette er viktig i dialogen mellom kommunane og statleige styresmakter i arealforvaltninga.

Fleire fjell- og innlandskommunar forvaltar areal- og naturressursar som er del av eit større samanhengande område, på tvers av kommunegrenser. Større kommunar eller interkommunale og regionale planar kan vere nødvendige for betre å kunne planlegge i slike område som heng saman geografisk, næringsmessig og økonomisk. Plan- og bygningslova opnar for interkommunalt plansamarbeid, anten i form av felles planstrategi, kommuneplan eller reguleringsplan. Regionale planar for fjellområde med villrein er eit døme på planar som kombinerer omsynet til næringsutvikling og leveområda til villrein. Desse planane skal leggjast til grunn for kommunal planlegging, og sikre ei berekraftig forvaltning av viktige fjellområde.

Samarbeider om betre arealforvaltning

I 2021 vil åtte distriktskommunar med store landbruks-, natur-, frilufts- og reindriftsområder i Nordland og Trøndelag få tilbod om å delta i eit prøveprosjekt der målet er forenkla og forbetra arealforvaltning, gjennom samarbeid. Høgskolen i Innlandet og Universitetet i Tromsø skal leie prosessen, der kommunane utarbeider ein arealstrategi som del av samfunnsdelen i kommuneplanen, i samskaping med fagpersonar frå Distriktssenteret, dei respektive fylkeskommunane og statsforvaltarane, og Kommunal- og moderniseringsdepartementetet.

Mange kommunar ønskjer å tiltrekkje seg næringsverksemd. Da er det viktig at kommunen har oppdaterte kommune- og reguleringsplanar og effektive planprosessar, slik at dei raskt kan gi aktuelle verksemder tilbod om næringsareal. Effektiv planlegging handlar om gode prosessar med brei involvering av grunneigarar, næringsaktørar, innbyggjarar, organisasjonar og styresmakter. Godt forankra planar gir eit betre grunnlag for effektiv gjennomføring. Det er kommunane som er lokal planstyresmakt, og som kan leggje til rette for næringsutvikling, ved å inkludere næringslivet i planprosessane på ein god måte.

Rauma – «Verdens beste kommune for naturglade mennesker»

Under det kommunalpolitiske toppmøtet i 2021 blei Rauma kommune kåra av KS og NHO til årets vertskapskommune for næringsutvikling. Det er fordi Rauma i lang tid har samarbeidd tett med næringslivet om god samfunns- og næringsutvikling. Samarbeidet har ført til tettstadsutvikling, aktivitetar og selskapsetableringar. Kommunen har hatt solid vekst i talet på arbeidsplassar. Næringslivet er variert, og kommunen har stått i spissen for ei tydeleg og målretta utvikling av reiselivet. Gjennom godt samarbeid har kommunen og næringslivet utvikla ei felles satsing som pregar næringsutviklinga i heile kommunen. Saman har kommune og næringsliv nytta dei særeigne geografiske eigenskapane for å utvikle ein heilskapleg bu- og arbeidsmarknadsregion.

Et bilde som inneholder fjell, utendørs, natur, stein

Automatisk generert beskrivelse

Foto: Mattias Fredriksson

6.1.3 Kommunesamanslåing og samarbeid styrkjer kapasitet og kompetanse

Regjeringa er oppteken av å byggje opp under kommunane som aktive samfunnsutviklarar. Regjeringa meiner samanslåing av kommunar er den beste løysinga for å styrkje heilskaplege perspektiv, tenester, planar og utviklingskapasitet under direkte folkevald styring.

Med alle typar kommunestruktur vil det samtidig kunne vere tenleg med samarbeid mellom kommunar om samfunns- og næringsutvikling, for å leggje til rette for omstilling og vekst. Felles utfordringar og interesser innanfor næringsutvikling, kompetansepolitikk, tenesteutvikling og klima- og miljøpolitikk går ofte på tvers av kommunegrenser. Små og sårbare fagmiljø, og mangel på fagutdanna planleggjarar, kan vere ein planmessig flaskehals som er til hinder for næringsutvikling. Interkommunale plankontor kan vere eit tiltak for å styrkje kompetanse og kapasitet i mindre kommunar. Eit interkommunalt plankontor løyser i hovudsak faglege og administrative oppgåver for kvar enkelt kommune, og førebur saker som blir behandla i kommunestyra og andre folkevalde organ i kommunen. Dette vil kunne redusere behovet for konsulentbruk og gjere det enklare å rekruttere planleggjarar, fordi det blir skapt meir attraktive og robuste fagmiljø. Det er vidare klare stordriftsfordelar ved at kommunane kan dele på erfaringar, utstyr og teknologi. Statsforvaltaren kan rettleie og hjelpe i utviklinga av interkommunalt samarbeid. Eit døme på samarbeid er Distriktskommune 3.0, der fylkeskommunane i Nordland og Trøndelag samarbeider med Distriktssenteret for å styrkje koplinga mellom utviklingsarbeid og planarbeid i kommunane. Eit nettverk av kommunar deltek i samarbeidet, og eit av måla er å forenkle samfunnsplanlegginga i små kommunar.

Det er høge forventningar og krav til kommunane på planområdet. For å styrkje den offentlege plankompetansen har regjeringa utvikla fleire rettleiarar og tilbod om kurs, etter- og vidareutdanning. Kursa er utvikla i samarbeid med KS, statsforvaltarar, fylkeskommunar og utdanningsinstitusjonar. Regjeringa støttar opp under opplæringstiltaka i fylka retta mot kommunane, mellom anna gjennom nettverkssamlingar for kommunal og regional planlegging.

Lett tilgjengeleg og oppdatert geografisk informasjon er viktig for planlegginga. Auka digitalisering legg til rette for nytt og betre kunnskapsgrunnlag, enklare datainnhenting og effektivisering av planprosessane. Regjeringa har gjennomført ei rekkje tiltak for å digitalisere og forbetre plan- og byggesaksprosessane, heve kvaliteten på det offentlege kartgrunnlaget, sørge for ein velfungerande nasjonal geografisk infrastruktur og skape gode arenaer for kunnskapsdeling og rettleiing. Dette er med å gjere planleggingsprosessane både enklare, raskare og betre.

6.1.4 Plikta til å konsultere Sametinget og andre påverka samiske interesse

Den retten urfolk har til å bli konsulterte i spørsmål som kan få direkte innverknad for dei, følgjer av ILO-konvensjon nr. 169 om urfolk og stammefolk i sjølvstendige statar, som Noreg ratifiserte i 1990. Regjeringa er oppteken av at ein finn løysningar som bidreg til å redusere interessekonfliktar og eventuelle etterfølgjande rettsprosessar. Plan- og bygningslova og konsekvensutgreiingsforskrifta inneheld fleire føresegner som skal bidra til å sikre at også samiske interesser blir tekne på alvor, og sørgje for at vesentlege verknader for samisk natur- og kulturgrunnlag blir utgreia. Regjeringa legg vekt på at tiltak og planlagde arealinngrep skal byggje på gode utgreiingar som mellom anna greier ut korleis samiske interesser vil kunne bli påverka. Det er derfor viktig at ansvarlege for utgreiingane, både i konsekvensutgreiingsprosessar (KU) og konseptvalsutgreiingar (KVU) som råkar samiske interesser, har kompetanse om samiske næringar.

Regjeringa fremja i februar 2021 eit lovforslag for Stortinget om å lovfeste reglar om konsultasjonar i samelova, jf. Prop. 86 L (2020–2021) Endringer i sameloven mv. (konsultasjoner). Lovendringane blei vedtekne av Stortinget 3. juni 2021 og skal etter planen tre i kraft 1. juli 2021. Reglane skal leggje til rette for meir effektive og betre konsultasjonar mellom offentlege styresmakter og Sametinget eller andre samiske interesser. Lova forankrar konsultasjonsplikta for alle forvaltningsnivå, også kommunar og fylkeskommunar. Lovfestinga av konsultasjonsplikta endrar ikkje på det kommunale sjølvstyret.

6.2 Regjeringa vil:

  • opprette eit etatsforum for berekraftig næringsutvikling i utmark, for ei meir samordna og brukartilpassa utmarksforvaltning
  • styrkje plan- og bygningslova, gjennom betre samordning med sektorlover
  • oppfordre kommunar som ikkje slår seg saman, til å samarbeide på tvers av kommunegrenser om planlegging og nærings-, samfunns- og tenesteutvikling
  • oppfordre kommunar som ikkje slår seg saman til å samarbeide gjennom interkommunale plankontor og andre former for interkommunalt plansamarbeid, for å styrkje kapasiteten og kompetansen til å drive samfunnsutvikling i heile småbyregionen
  • gjere det tydelegare i retningslinene for bruk av skjønnsmidlane til statsforvaltaren at det er mogleg å gi støtte til interkommunale samarbeid om fornyings- og innovasjonsprosjekt
  • bidra til å styrkje plankapasiteten og -kompetansen til dei små kommunane i Fjell- og Innlands-Noreg, mellom anna gjennom fleksible, desentraliserte og skreddarsydde etter- og vidareutdanningstilbod på planområdet
  • føre vidare arbeidet med digitalisering av planprosessar
  • vidareutvikle nasjonal, geografisk infrastruktur for å styrkje deling og bruk av data, på tvers av offentleg og privat sektor
  • sørgje for at kommunane framleis har stor handlefridom i arealplanlegginga, samtidig som nasjonale og vesentlege regionale omsyn blir teken hand om
  • følgje opp Stortingets vedtak om å fremje forslag om revidering av lov om motorferdsel i utmark og vassdrag, med sikte på auka lokalt sjølvstyre og redusert byråkrati knytt til praktiseringa av lova, samtidig som omsynet til natur og friluftsliv blir teken hand om
Til forsiden