Forord
Berekraft har alltid vore ein del av landbrukspolitikken. Ei sentral dygd innanfor bondestanden har vore «å overlate garden til neste generasjon i betre stand enn når du overtok den». Det same gjeld for reindriftsnæringa, der overføring av kunnskap om berekraftig bruk av naturen mellom generasjonar er grunnlaget for drifta. Dette ber med seg god ressursutnytting, og best mogleg forvaltning av jord og dyr og det totale ressursgrunnlaget som spring ut av landbrukseigedomen eller siidaandelen. Eit berekraftig matsystem omfattar ei meir heilskapleg tilnærming til berekraft på matområdet, og legg vekt på alle ledd: frå produksjon til forbruk, og attende til jorda. Landbruks- og matpolitikken skal bidra med å nå på fleire av FN sine berekraftsmål, med berekraftsmål 2 om matsikkerheit og ernæring som det mest sentrale. Eit velfungerande matsystem er også nødvendig for å oppfylle andre samfunnsmål som beredskap, klima- og miljømål, folkehelse og sysselsetting, næringsutvikling og busetting i heile landet.
Det er behov for å både styrke og synleggjere landbruket sitt bidrag til berekraftige matsystem. Ansvaret ligg både i næringa sjølv, elles i verdikjeda og hos myndigheiter og politikarar. Regjeringa har i Meld. St. 11 (2023–2024) lagt fram ein strategi for auka sjølvforsyning av jordbruksvarer og ein plan for opptrapping av inntektsmoglegheitene i jordbruket. Dette er viktige område for å kunne styrke berekrafta i den landbaserte delen av det norske matsystemet.
Denne rapporten gir ei oversikt over sentrale område Landbruks- og matdepartementet arbeider med, som ein del av regjeringa sitt arbeid med ei heilskapleg tilnærming til berekraftige matsystem.
Geir Pollestad
Landbruks- og matminister