Meld. St. 25 (2023–2024)

Eksport av forsvarsmateriell frå Noreg i 2023, eksportkontroll og internasjonalt ikkje-spreiingssamarbeid

Til innhaldsliste

4 Forskrift om eksport av forsvarsmateriell, fleirbruksvarer, teknologi og tenester

Dette er ei uformell omsetjing av forskriftsteksten til nynorsk.

Dato

FOR20130619718

Departement

Utanriksdepartementet

Avd/dir

Avd. for sikkerheitspolitikk og nordområda

Publisert

I 2013 hefte 9

Iverksetjing

19.06.2013

Sist endra

FOR20200511994

Endrar

FOR1989011051

Gjeld for

Noreg

Heimel

LOV1987121893§1, FOR19871218967

Kunngjort

25.06.2013 kl. 15.30

Retta

18.05.2021 (tegnsetting i lister tilpassa universell utforming)

Korttittel

Forskrift om eksport av forsvarsmateriell osb.

Innhaldliste

  • Kap. 1. Innleiande føresegner

  • Kap. 2. Lisens

  • Kap 3. Eksport av forsvarsrelaterte varer til mottakarar i EØS

  • Kap. 4. Sertifisering av norske føretak som mottakarar i EØS

  • Kap 5. Registrering, rapportering og oppfølging

  • Kap 6. Generelle føresegner

  • Kap 7. Sluttreglar

  • Vedlegg I Liste I – forsvarsrelaterte varer (2024)

  • Vedlegg II Liste II – fleirbruksvarer (2023)

Heimel: Fastset av Utanriksdepartementet 19. juni 2013 med heimel i lov 18. desember 1987 nr. 93 om kontroll med eksport av strategiske varer, tenester og teknologi m.v. § 1, jf. delegeringsvedtak 18. desember 1987 nr. 967.

EØS tilvisingar: EØS avtalen vedlegg II kap. XIX nr. 3q (direktiv 2009/43/EF som endra ved direktiv 2019/514/EU), nr. 18 (rekommandasjon (EU) 2018/2050) og nr. 19 (rekommandasjon (EU) 2018/2051) og nr. 20 (rekommandasjon (EU) 2018/2052).

Endringar: Endra ved forskrifter 30 juni 2014 nr. 898, 9 sep 2014 nr. 1163, 13 feb 2015 nr. 124,

12 jan 2016 nr. 32, 21 des 2016 nr. 1831, 6 juni 2017 nr. 740, 26 jan 2018 nr. 136, 9 april 2019 nr. 494, 9 april 2019 nr. 622, 11 mai 2020 nr. 994, 6 mai 2021 nr. 1501, 27 aug 2021 nr. 2674, 26 jan 2022 nr. 304, 9 mars 2023 nr. 635, 22 jan 2024 nr. 96, 18 april 2024 nr. 686.

Rettingar: 24.09.2013 (EØS tilvisingar og § 2), 18.05.2021 (tegnsetting i lister tilpasset universell utforming).

Kap. 1. Innleiande føresegner

§ 1. Kva forskrifta omfattar

Forskrifta gjeld eksport av nærmare angitte varer, teknologi, herunder immaterielle ytingar, tekniske datapakkar eller produksjonsrettar for varer, og dessutan visse tenester.

Særlege føresegner gjeld for eksport av angitte ytingar frå ein leverandør i ein EØS-stat til ein mottakar i ein annan EØS-stat når det uttrykkjeleg kjem fram av denne forskrifta.

§ 2. Definisjonar

(1) Med forsvarsrelaterte varer siktar ein til dei produkta som til kvar tid er oppførte på liste I som utgjer vedlegg I til denne forskrifta.

(2) Med fleirbruksvarer siktar ein til dei produkta som til kvar tid er oppførte på liste II som utgjer vedlegg II til denne forskrifta.

(3) Med eksport siktar ein til alle utførslar frå norsk tollområde av varer, tenester og teknologi som vert omfatta av denne forskrifta.

(4) Med overføring siktar ein til eksport av forsvarsrelaterte varer frå ein leverandør eller tolllager i ein EØS-stat til ein mottakar i ein annan EØS-stat.

(5) Med leverandør siktar ein til alle juridiske eller fysiske personar som er rettsleg ansvarleg for eksport av ytingar etter denne forskrifta.

(6) Med mottaker siktar ein til alle juridiske eller fysiske personar som er rettsleg ansvarleg for mottak av ytingar etter denne forskrifta.

(7) Med lisens siktar ein til løyve frå Utanriksdepartementet til å eksportere nærmare angitte ytingar til ein juridisk eller fysisk person.

(8) Med overføringslisens siktar ein til løyve frå nasjonale styresmakter i ein EØS-stat, som gir leverandøren rett til å overføre forsvarsrelaterte varer til ein mottakar i annan EØS-stat.

(9) Med transitt siktar ein til transport av varer gjennom norsk tollområde utan omlasting, når avsendar og mottakar er utanfor norsk tollområde.

0 Endra ved forskrift 6 mai 2021 nr. 1501.

Kap. 2. Lisens

§ 3. Lisensplikt

Eksport av visse varer, nærmare angitt teknologi, herunder immaterielle ytingar, tekniske datapakkar eller produksjonsrettar for varer eller visse tenester krev lisens frå Utanriksdepartementet om ikkje anna følgjer av denne forskrifta. Departementet avgjer i tvilstilfelle om ei yting er lisenspliktig eller ikkje. Lisensplikta gjeld òg ved eksport av varer frå tolllager.

§ 4. Lisensplikt etter varelister

Eksport av varer og teknologi oppført på liste I og liste II som utgjer vedlegg til denne forskrifta, krev lisens frå Utanriksdepartementet. Lisensplikta knytt til liste I gjeld òg for materiell som har vore særleg konstruert eller modifisert for militært føremål, uavhengig av noverande tilstand.

0 Endra ved forskrift 9 sep 2014 nr. 1163.

§ 5. Lisensplikt for tenester

Tenester knytt til varer og teknologi oppført på liste I og II og dessutan tenester som for øvrig kan tene til å utvikle eit lands militære evne, som vert ytt i utlandet eller her i landet for bruk i utlandet, krev lisens frå Utanriksdepartementet.

§ 6. Lisensplikt for handel og formidling

Handel, formidling eller annan bistand ved sal av varer og teknologi som vert omfatta av liste I frå eit framandt land til eit anna, krev lisens frå Utanriksdepartementet. Tilsvarsande gjeld ved formidling av varer oppførte i liste II og dessutan tilhøyrande teknologi og tenesteyting der det er kjent eller grunn til å forstå at vara, teknologien eller tenesten er eller kan vere meint, heilt eller delvis, for bruk i samband med utvikling, produksjon, handtering, drift, vedlikehald, lagring, deteksjon, identifikasjon eller spreiing av kjemiske, biologiske eller kjernefysiske våpen eller andre kjernefysiske sprenglekamar, og i samband med utvikling, produksjon, vedlikehald eller lagring av missil som kan levere slike våpen.

§ 7. Lisensplikt for andre varer, teknologi og tenester

I tillegg til liste I og II er eksport av følgjande varer, teknologi og tenester lisenspliktige:

  • a) alle varer, teknologiar og tenesteytingar der eksportøren er kjend med eller har grunn til å forstå at vara, teknologien eller tenesten er eller kan vere meint, heilt eller delvis, for bruk i samband med utvikling, produksjon, handtering, drift, vedlikehald, lagring, deteksjon, identifikasjon eller spreiing av kjemiske, biologiske eller kjernefysiske våpen eller andre kjernefysiske sprengelement. Tilsvarsande reglar gjeld for eksport av alle varer, teknologiar eller tenester som kan nyttast til utvikling, produksjon, vedlikehald eller lagring av missil som kan levere slike våpen,

  • b) alle varer, teknologiar eller tenester til militær bruk til område som er underlagd våpenembargo vedteke av Tryggingsrådet i FN med heimel i FN-pakta kapittel VII eller andre tiltaksregime Noreg har slutta seg til,

  • c) alle varer, teknologiar og tenester til militær bruk til område der det er krig, krig truar eller til land der det er borgarkrig.

  • d) alle varer, teknologiar og tenester som direkte kan tene til å utvikle ein stats militære evne på ein måte som ikkje er i samsvar med vesentlege norske tryggleiks- og forsvarsinteresser.

§ 8. Unntak frå lisensplikt

Lisensplikta i § 3, jf. § 4 – § 7, gjeld ikkje for:

  • a) varer oppførte på Liste II i utanlandsk eige og som vert returnerte til utlandet etter å ha vore mellombels innførte til Noreg i samband med utstilling og demonstrasjon,

  • b) redningsutstyr og oljevernutstyr som vert utført i samband med hjelpeaksjonar,

  • c) skytevåpen, våpendelar og ammunisjon som vert utført i samsvar med våpenloven, jf. forskrift 7. mai 2021 nr. 1452 om våpen, skytevåpen, våpendelar og ammunisjon, kapittel 10,

  • d) varer som vert utførte til den europeiske romorganisasjonen ESA, eller ein representant for denne, og som er strengt naudsynte for den offisielle verksemda til organisasjonen. Unntaket gjeld berre for leveransar til medlemslanda i ESA,

  • e) varer oppførte på liste II som utelukkande er i transitt gjennom Noreg, når avsendar og mottakar er utanfor Noreg. Det same gjeld varer oppført på liste I dersom både avsendar og mottakar er innanfor EØS,

  • f) varer, teknologi og tenester til bruk på norsk kontinentalsokkel,

  • g) varer, teknologi og tenester til bruk om bord på norskeigde skip under norsk flagg og norskeigde luftfartøy, i utanriksfart,

  • h) forsvarsrelaterte varer og fleirbruksvarer som er eigde eller vert disponerte av norsk forsvars- eller politistyresmakt når varene skal nyttast av norske styrkar i utlandet. Unntaket gjeld òg for slike varer når dei inngår i fleirnasjonal logistikkstøtte som nemnde styresmakter har inngått avtale om, eller som vert sende ut for reparasjon, vedlikehald, oppdatering eller liknande, med retur til Noreg. Forsvars- og politistyresmaktene skal kvart år, innan 15. februar, sende rapport til Utanriksdepartementet om all utførsel av forsvarsrelaterte varer som nemnt ovanfor i det førre kalenderåret,

  • i) forsvarsrelaterte varer og fleirbruksvarer som er eigde eller vert disponerte av eit NATO-lands eller ein EØS-stats forsvars- eller politistyresmakt som er lagra i Noreg eller som vert returnert til utlandet etter å ha vore mellombels innført til Noreg i samband med oppdrag, øving eller trening.

0 Endra ved forskrifter 30 juni 2014 nr. 898, 11 mai 2020 nr. 994, 11 mai 2020 nr. 994, 6 mai 2021 nr. 1501, 27 aug 2021 nr. 2674.

Kap 3. Eksport av forsvarsrelaterte varer til mottakarar i EØS

§ 9. Overføringslisens

Overføring av forsvarsrelaterte varer til mottakarar i EØS kan berre skje på grunnlag av ein generell overføringslisens, ein global overføringslisens eller ein individuell overføringslisens utferda av Utanriksdepartementet. Reglane om overføringslisensar gjeld berre forsvarsrelaterte varer oppførte på liste I som utgjer vedlegg til denne forskrifta.

§ 10. Generell overføringslisens

Generelle overføringslisensar for forsvarsrelaterte varer vert kunngjorde av Utanriksdepartementet. Lisensane kan nyttast av leverandørar i Noreg etter førehandsregistrering hos Utanriksdepartementet. Generelle overføringslisensar gjeld bestemde varekategoriar, til ein kategori eller kategoriar av mottakarar i EØS og det kan setjast særlege vilkår for lisensane.

Generelle overføringslisensar kan nyttast dersom:

  • a) mottakaren inngår i ein EØS-stats væpna styrkar eller ein offentleg oppdragsgivar på forsvarsområdet som gjennomfører innkjøp som berre skal nyttast av ein EØS-stats væpna styrkar eller,

  • b) mottakaren er eit føretak som er sertifisert i samsvar med § 13 eller,

  • c) overføringa vert gjord med sikte på demonstrasjon, evaluering eller utstilling eller,

  • d) overføringa vert gjord med sikte på vedlikehald eller reparasjon, dersom mottakaren er den opphavlegen leverandøren av dei forsvarsrelaterte varene.

Slike lisensar kan for tilfella c) og d) òg vert nytta ved retur frå Noreg av forsvarsrelaterte varer motteken ved tilsvarsande lisens frå ein annan EØS-stat.

0 Endra ved forskrifter 30 juni 2014 nr. 898, 11 mai 2020 nr. 994.

§ 11. Global overføringslisens

Ved overføring av forsvarsrelaterte varer som ikkje vert omfatta av ein generell overføringslisens, kan Utanriksdepartementet, etter skriftleg søknad frå leverandør i Noreg, utferde ein global overføringslisens. Lisensane vert gitt for ein periode på tre år med moglegheit for forlenging. Globale overføringslisensar gjeld bestemde forsvarsrelaterte varer eller kategoriar av varer til mottakarar eller kategori av mottakarar i ein eller fleire EØS-statek. Det kan setjast særlege vilkår for lisensane.

§ 12. Individuell overføringslisens

Ved overføring av forsvarsrelaterte varer som ikkje vert omfatta av ein generell overføringslisens og ein global overføringslisens ikkje kan innvilgast, kan Utanriksdepartementet, etter skriftleg søknad frå leverandør i Noreg, utferde ein individuell overføringslisens. Lisensen gjeld ei spesifisert mengd forsvarsrelaterte varer til ein mottakar i ein EØS-stat i ein eller fleire sendingar.

Ein individuell overføringslisens skal nyttast dersom:

  • a) søknaden om overføringslisens er avgrensa til ei overføring,

  • b) det er naudsynt for å verne Noregs grunnleggjande tryggingsinteresser, eller av omsyn til den offentlege ordenen,

  • c) det er naudsynt for å overhalde Noregs internasjonale forpliktingar, eller

  • d) det er tungtvegande grunnar til å tru at leverandøren ikkje vil vere i stand til å oppfylle vilkåra for å få ein global overføringslisens.

Kap. 4. Sertifisering av norske føretak som mottakarar i EØS

§ 13. Sertifisering av føretak i Noreg

Utanriksdepartementet kan, etter skriftleg søknad, sertifisere føretak etablert i Noreg for mottak av forsvarsrelaterte varer under generelle overføringslisensar kunngjord av andre EØS-statar.

Utanriksdepartementet skal gjennom sertifiseringa vurdere det mottaksande føretakets pålitelegheit, særleg med omsyn til evna føretaket har til å overhalde eksportavgrensingane for forsvarsrelaterte produkt motteken i samsvar med ein generell overføringslisens frå ein annan EØS-stat. Ved vurderinga vil det særleg leggjast vekt på følgjande kriterium:

  • a) dokumentert erfaring frå forsvarsverksemd, der det særleg vert teke omsyn til historikken i føretaket med omsyn til overhalding av eksportrestriksjonar, eventuelle rettsavgjerder i denne samanheng, eventuelle løyve til å produsere eller marknadsføre forsvarsrelaterte varer, og om føretaket har erfarent leiarpersonale,

  • b) relevant industriell verksemd i samband med forsvarsrelaterte varer i EØS, særleg evne til system/delsystemintegrasjon,

  • c) særskild utpeiking av ein overordna leiar som skal vere personleg ansvarleg for overføringar og eksport,

  • d) ei skriftleg erklæring frå føretaket, underteikna av den overordna leiaren nemnd i bokstav c), om at føretaket vil setje i verk alle naudsynte tiltak for å overhalde og handheve alle særlege vilkår knytt til sluttbruk og eksport av kvar bestanddel eller kvar vare det har motteke,

  • e) ei skriftleg erklæring frå føretaket, underteikna av den overordna leiaren nemnd i bokstav c), om at det med skikkeleg aktsemd, som svar på oppmodingar og førespurnader frå Utanriksdepartementet, vil skaffe detaljerte opplysningar om sluttbrukarar eller sluttbruk av alle eksporterte varer som er overførte eller mottekne i samsvar med ein overføringslisens frå ein annan EØS-stat,

  • f) ei skildring, kontrasignert av den overordna leiaren nemnd i bokstav c), av det interne programmet for sikring av samsvar med krava eller av leiingssystema i føretaket for overføring eller eksport. I den nemnde skildringa skal det gjevast nærmare opplysningar om dei organisasjonsmessige, menneskelege og tekniske ressursane leiinga rår over i samband med overføringar og eksport, ansvarskjedene i føretaket, internkontrollrutinar, haldningsskapande tiltak og opplæring av personalet, fysiske og tekniske tryggingsordningar, journalføring og sporbarheit av overføringar og eksport.

0 Endra ved forskrift 30 juni 2014 nr. 898.

§ 14. Utferding av sertifikat

Utanriksdepartementet utferdar eit sertifikat til godkjente mottakande føretak i Noreg. Sertifikatet skal innehalde informasjon om utferdande styresmakt, namnet og adressa i føretaket, gyldigheitstid og dessutan ei erklæring om at føretaket oppfyller krava til sertifisering. Sertifikatet kan òg innehalde vilkår knytt til innhenting av informasjon som er naudsynt for kontroll av om kriteria i § 13, 2. ledd er oppfylt og dessutan suspensjon eller tilbakekalling av sertifikatet.

Gyldigheitstida av sertifikatet vert fastset av Utanriksdepartementet, men kan ikkje overstige fem år.

Sertifiserte føretak i Noreg vert melde inn til EUs sentrale register som igjen vert publiserte på EU-kommisjonens nettsider.

§ 15. Kontroll med sertifiserte føretak

Utanriksdepartementet vil minst kvart tredje år kontrollere at mottaksande føretak oppfyller krava for sertifisering, jf. § 13, 2. ledd, og dessutan eventuelle vilkår fastsetje i sertifikatet, jf. § 14. Dersom det sertifiserte føretaket ikkje lenger oppfyller krava vil Utanriksdepartementet påleggje føretaket å setje i verk tiltak for å sikre oppfylling av samtlege krav og vilkår. Utanriksdepartementet kan òg suspendere eller kalle tilbake sertifiseringa.

Kap 5. Registrering, rapportering og oppfølging

§ 16. Registrering

Leverandøren skal føre eit detaljert og fullstendig register over eksport av forsvarsrelaterte varer oppført på liste I som utgjer vedlegg til denne forskrifta. Registeret skal innehalde dokument med følgjande opplysningar:

  • a) ei skildring av vara og dens referanse til liste I,

  • b) mengd og verdi,

  • c) overføringsdatoar,

  • d) namnet og adressa til leverandøren og mottakaren,

  • e) dersom det er kjent eller påkrevd etter § 24, sluttbruken og sluttbrukaren av vara,

  • f) dokumentasjon på at opplysningar vedrørande eksportavgrensingar er sendt over til mottakaren,

  • g) tolldeklarasjon med ekspedisjons- og løpenummer.

§ 17. Rapportering

Leverandøren skal rapportere til Utanriksdepartementet kvartalsvis, på fastsett skjema, om all eksport og overføring av forsvarsrelaterte varer oppført på liste I.

§ 18. Arkivering

Leverandøren skal oppbevare register og lisensar i minst ti år frå utløpet av det kalenderåret eksporten fann stad. Utanriksdepartementet kan påleggje leverandøren å leggje fram denne dokumentasjonen for kontroll.

§ 19. Informasjon om vilkår

Leverandøren skal informere mottakarane om vilkår for lisensen, herunder avgrensingar i samband med sluttbruk eller reeksport.

§ 20. Oppfølging av eksport

Leverandøren skal sjå til at forsvarsrelaterte varer, fleirbruksvarer, teknologi eller tenester som vert overførte eller eksportert, er i samsvar med innvilga lisens, går til fastsett endemål, ikkje fråvik godkjent skildring eller kvantum angitt i lisensen, og dessutan at eksporten skjer innan den gyldigheitstida og på dei særlege vilkåra som er fastsette i lisensen.

§ 21. Kontroll ved eksport

Leverandøren skal ved eksport av lisenspliktige varer og teknologi leggje fram gyldig lisens for tollstyresmakta seinast ved framlegging av tolldeklarasjon.

Kap 6. Generelle føresegner

§ 22. Lisenssøknad

Lisenssøknad skal fremjast skriftleg og på fastsett skjema underteikna av den som har fullmakt til å handle på vegnene til leverandøren. For overføringslisensar gjeld òg særskilde reglar i kap. 3.

Leverandøren skal leggje fram alle opplysningar og dokumentasjon som Utanriksdepartementet finn naudsynt for handsaming av søknaden.

At bindsande avtalar er inngått eller at betaling er motteke vil ikkje kunne leggjast til grunn for innvilging av løyve til utførsel. Ved avtalar om eksport av lisenspliktige varer bør det alltid takast atterhald om at søknad om lisens vert innvilga.

0 Endra ved forskrift 6 juni 2017 nr. 740.

§ 23. Vilkår for innvilging av lisens

Utanriksdepartementet kan setje vilkår i tråd med føremålet til lov 18. desember 1987 nr. 93 for innvilging av lisens i medhald av denne forskrifta.

§ 24. Sluttbrukarerklæring

Utanriksdepartementet kan krevje at leverandøren legg fram ei sluttbrukarerklæring.

§ 25. Tilbakekalling av lisens

Lisens gjeve i medhald av denne forskrifta kan kalllast tilbake, suspenderast eller avgrensast dersom leverandøren misbruker lisensen eller mislegheld vilkåra i denne. Det same gjeld dersom leverandøren handlar i strid med føresegner gjeve i denne forskrifta. Lisens kan òg kalllast tilbake, suspenderasa eller avgrensast dersom det kjem fram nye opplysningar eller dei politiske eller faktiske forholda i mottakarstaten eller området vert endra, og dette vesentleg endrar grunnlaget for lisensen. Elles gjeld dei alminnelege reglar om omgjering av enkeltvedtak.

§ 26. Endring, forlenging og overdraging av lisens

Leverandøren må søkje Utanriksdepartementet om endring eller forlenging av innvilga lisensar og dessutan for å overdra slike til andre.

§ 27. Retur av lisens

Lisensar som ikkje er nytta eller ikkje kan nyttast som føresett, vert returnerte til Utanriksdepartementet med ei forklaring for årsaka. Det same gjeld om ein innvilga lisens har gått tapt.

Kap 7. Sluttreglar

§ 28. Iverksetjing

Forskrifta trer i kraft straks. Frå same tidspunkt vert forskrift 10. januar 1989 nr. 51 til gjennomføring av utførselsreguleringa for strategiske varer, tenester og teknologi oppheva.

Vedlegg I

Liste I – forsvarsrelaterte varer (2024)

0 Endra ved forskrifter 30 juni 2014 nr. 898, 13 feb 2015 nr. 124, 21 des 2016 nr. 1831, 6 juni 2017 nr. 740, 26 jan 2018 nr. 136, 9 april 2019 nr. 494, 9 april 2019 nr. 622, 11 mai 2020 nr. 994, 26 jan 2022 nr. 304, 9 mars 2023 nr. 635, 18 april 2024 nr. 686.

Vedlegg II

Liste II – fleirbruksvarer (2023)

0 Endra ved forskrifter 13 feb 2015 nr. 124, 12 jan 2016 nr. 32, 21 des 2016 nr. 1831, 26 jan 2018 nr. 136, 9 april 2019 nr. 494, 11 mai 2020 nr. 994, 26 jan 2022 nr. 304, 9 mars 2023 nr. 635, 22 jan 2024 nr. 96.

Til forsida