Meld. St. 25 (2023–2024)

Eksport av forsvarsmateriell frå Noreg i 2023, eksportkontroll og internasjonalt ikkje-spreiingssamarbeid

Til innhaldsliste

8 Sanksjonar og restriktive tiltak

Sanksjonar er eit ikkje-militært tryggingspolitisk og utanrikspolitisk verkemiddel som inneber at det vert innført økonomiske og diplomatiske restriksjonar som avgrensar handlefridommen til ein stat, ei gruppe og/eller einskildpersonar og verksemder eller andre einingar.

Tradisjonelt har sanksjonar vorte utforma som breie handelsblokadar mot eit land med tilhøyrande diplomatisk isolasjon og våpenembargo. I dag vert sanksjonar i større grad retta mot einskildpersonar eller einingar, som den styrande eliten i eit land eller andre aktørar som er direkte involverte i handlingane det vert reagert mot.

Sanksjonar kan mellom anna innebere at einskildpersonar, verksemder eller andre einingar som vert rekna ansvarlege for handlingane det vert reagerte mot, vert oppførte på ei liste over personar eller einingar underlagt økonomiske frystiltak og/eller reiserestriksjonar. Fryspliktene inneber frys av den listeførte sine midlar og eit forbod mot å stille til rådvelde eller gjere tilgjengeleg pengar eller formuesgode for vedkommande. Reiserestriksjonane inneber at den listeførte skal nektast å reise inn til og gjennom landet.

Boks 8.1 Skilnaden på eksportkontroll og sanksjonar

  • Sanksjonar er gjerne midlertidige, eksportkontrollen meir varig.

  • To ulike regelverk, men nokre fellestrekk.

  • Einskilde landspesifikke forskrifter viser til varelistene i eksportkontrollforskriften.

  • Sanksjonar og restriktive tiltak er nemnt særskild i eksportkontrollforskriften § 7 bokstav b («catch all»).

I tillegg til økonomiske frystiltak og reiserestriksjonar er dei vanlegaste sanksjonstypane i dag våpenembargoar, som m.a. forbyr sal av våpen og fleirbruksvarer, relaterte tenester, og i nokre tilfelle utstyr som kan nyttast til intern undertrykking og overvaking. Vidare vert sektorielle restriksjonar nytta, til dømes særskilde handelsforbod og transportforbod, og dessutan ulike finansielle restriksjonar.

Tryggingsrådet i FN kan med folkerettsleg bindande verknad vedta sanksjonar mot statar, personar eller einingar. I tillegg vedtek Rådet for Den europeiske unionen restriktive tiltak overfor statar, personar eller einingar. Noreg er folkerettsleg plikta til å gjennomføre Tryggingsrådets bindande vedtak, og etter ei konkret vurdering kan Noreg slutte opp om EU-tiltaka. Fleire av sanksjons- og tiltaksregima inneheld føresegner om våpenembargo.

Stortinget vedtok 8. april 2021 lov om gjennomføring av internasjonale sanksjonar. Loven erstattar to tidlegare lover, herunder lov av 7. juni 1968 nr. 4 om gjennomføring av bindande vedtak av Dei sameinte nasjonanes Sikkerhetsråd og lov av 27. april 2001 nr. 14 om iverksetjing av internasjonale, ikkje-militære tiltak i form av avbrot eller avgrensing av økonomisk eller anna samkvem med tredjetatar eller rørsler. Regjeringas fullmakt til å setje i verk sanksjonar og restriktive tiltak vart samla i den nye loven, uavhengig av om det er tale om FN-sanksjonar eller restriktive tiltak frå EU. Loven styrkjer elles rettstryggleiken gjennom innføring av ein forvaltningsrettsleg klagetilgang for dei listeførte og gjev høve til å få utnemnt advokat dersom vedkommande går til søksmål mot staten for å prøve gyldigheita av listeføringa. I tillegg vert bruksområdet utvida for sanksjonslovgjevinga til å inkludere Svalbard og Jan Mayen. Kongen kan gje forskrift om bruken av loven for dei norske bilanda.

Visse typar tiltak som er omfatta av FN-sanksjonar og/eller EU-tiltak vert gjennomførte med heimel i anna norsk lovgiving. Dette gjeld m.a. reiserestriksjonar som er gjennomførte i utlendingsregelverket, og våpenembargoar som dels er gjennomførte med heimel i eksportkontrollovgjevinga. Når det gjeld gjennomføringa av våpenembargoar vil varene, teknologien og tenestene som vert omfatta av handelsforbodet i dei fleste tilfelle stå på kontrollista til eksportkontrollforskrifta og vere lisenspliktige. Det er difor berre i einskilde av sanksjons- og tiltaksforskriftene at det er innteke uttrykkjelege føresegner om våpenembargoar.

I samband med søknadar om eksport av varer, tenester eller teknologi på varelistene til land underlagd våpenembargo vert det gjeve avslag på søknaden, med mindre det er aktuelt å gjere einskilde unntak på humanitært grunnlag, til dømes for eksport av militært verneutstyr til bruk av humanitære aktørar. Vidare følgjer det av eksportkontrollforskrifta § 7 bokstav b, jf. § 3, at det er lisensplikt for alle varer, teknologiar eller tenester til militær bruk til område som er underlagde våpenembargo vedteken av Tryggingsrådet i FN, eller som del av andre tiltaksregime Noreg har slutta seg til.

8.1 Særleg om Russland

Forskrift om restriktive tiltak rundt handlingar som undergrev eller truar Ukrainas territoriale integritet, suverenitet, sjølvstende og stabilitet tredde i kraft 15. august 2014. Som følgje av Russlands fullskalainvasjon av Ukraina 24. februar 2022 har EU innført ei rekkje nye og omfattande restriktive tiltak mot Russland. Alle dei restriktive tiltaka er gjennomførte i norsk rett, med nokre få nasjonale tilpassingar. Noreg står saman med EU og andre land for å sikre at sanksjonane treffer sterkt og effektivt, men også for å bidra til størst mogleg føreseielege forhold for næringslivet.

Eit svært stort tal personar og einingar er no listeførte, også fleire finansinstitusjonar. Når det gjeld dei andre finansielle tiltaka, er det mellom anna forbod mot handel med eller investering i finansielle instrument utferda av Russland og den russiske regjeringa eller den russiske sentralbanken, forbod mot transaksjonar med visse statseigde verksemder, og dessutan forbod mot sal av visse omsettelege verdipapir. Ei rekkje russiske bankar er utestengde frå SWIFT. Det er òg forbod mot å få innskot av ein viss storleik frå russiske statsborgarar. Det same gjeld å investere, delta eller på annan måte medverke i prosjekt som vert samfinansierte av det russiske fondet for direkteinvestering. Sal, eksport osb. av pengesetlar i norske kroner eller ein EU-medlemsstats offisielle valuta til Russland er òg forbode.

På eksportkontrollområdet vert forbodet mot eksport av forsvarsrelaterte varer oppført i Liste I til eksportkontrollforskrifta vidareført. Forbod mot eksport av fleirbruksvarer og teknologi oppført i Liste II til eksportkontrollforskrifta står ved lag. Det er elles innført ei rekkje eksportforbod i dei sektorielle tiltaka i kapittelet til forskrifta 4.

Alle norske verksemder har ei sjølvstendig plikt til å følgje regelverket. Oversikt over dei til kvar tid gjeldande restriktive tiltaka er tilgjengeleg på www.lovdata.no. Omfanget av restriksjonar for handel med Russland er no så stort at det inneber ein høg risiko. Sjå difor rettleiar for næringslivet på www.regjeringen.no med råd for aktsemdsvurderingar.

8.2 Vidareutvikling av Noreg som partnarland i EU

I samband med lanseringa av EUs tiande pakke av restriktive tiltak mot Russland vart Noreg gjeve status som partnarland innan eksportkontroll og restriktive tiltak, særleg innan fleirbruksvarer og annan sensitiv teknologi. Resten av landa med tilsvarande partnarlandsstatus er USA, Japan, Storbritannia, Sør-Korea, Australia, New Zealand og Canada. Dette styrkjer det allereie tette samarbeidet mellom Noreg og EU om eksportkontroll og restriktive tiltak. Partnarlandsstatusen er ei anerkjenning av Noregs effektive implementering av EUs restriktive tiltak mot Russland.

Partnarlandsstatusen inneber mellom anna informasjonsdeling for å hindre omgåingar av sanksjonane og styrkjer dialogen for å sikre lik etterleving av regelverket. Omgåingar av sanksjonane er straffbart, og det er ønskjeleg å styrkje arbeidet med å unngå omgåingar på tvers av EU- og partnarland. Det er som ledd i dette arbeidet opna for å listeføre juridiske personar som omgår sanksjonane. Dersom norske aktørar omgår sanksjonane, kan dei i verste fall ende opp på ei slik liste.

Til forsida