3 Geopolitiske utviklingstrekk påverkar eksportkontrollen
Forholdet mellom USA, Kina og Russland ber i aukande grad preg av rivalisering eller ein strategisk konkurranse om tilgang til naturressursar, infrastruktur, teknologi, kunnskap, eigarskap og verdshava. Denne rivaliseringa påverkar Noreg på fleire måtar, noko EOS-tenestene skildrar i sine årlege, ugraderte trussel- og risikovurderingar. Krigen i Ukraina og den geopolitiske utviklinga inneber at kontrollen med eksport av forsvarsmateriell, fleirbruksvarer og annan avansert teknologi aldri har vore viktigare.
Norsk næringsliv har vorte stadig meir globalisert og involvert i fleire og nye marknadar. Den tryggingspolitiske og teknologiske utviklinga påverkar privat næringsliv, samstundes som den viser betydninga norsk næringsliv har for den nasjonale tryggleiken vår og for vår forsvars- og tryggingspolitikk.
Eksportkontroll og sanksjonar vert rekna som ein integrert del av vår forsvars- og tryggingspolitikk. Kven vi eksporterer norsk forsvarsmateriell, fleirbruksvarer, teknologi og kunnskap til, påverkar militære styrkeforhold og kapasitetar.
EUs sanksjonar mot Russland, medrekna eksportrestriksjonar, har vore eit sentralt verktøy for å avgrense Russland sin tilgang på sensitiv teknologi. Sanksjonane bidreg òg til å hindre bruken av sensitiv teknologi i russiske våpensystem. Sanksjonsregimet overfor Russland har gjort det vanskelegare for russiske aktørar å sleppe inn i vestlege verdikjeder og kritisk infrastruktur.
Sanksjonane mot Russland har likevel resultert i at russiske styresmakter i større grad enn tidlegare nyttar seg av tredjeland for å tileigne seg teknologien og varene dei treng for m.a. å halde fram krigføringa si mot Ukraina.
Krava til eksportkontrollen er aukande. Dersom vi skal lukkast med å hindre at norsk forsvarsmateriell, fleirbruksvarer og teknologi kjem på avvegar eller hamnar i feil hender, er det naudsynt med auka sakshandsamingskapasitet, meir rettleiing og informasjon. Det er i tillegg naudsynt med eit tett og godt samarbeid med både nasjonale og internasjonale aktørar.
I arbeidet med eksportkontroll og sanksjonar er internasjonalt samarbeid heilt naudsynt, men også krevjande grunna den tryggingspolitiske situasjonen. Skal vi stå solidarisk med allierte og partnarland må vi òg gjennomføre tiltak innanfor dei omfattande sanksjonsregima. Det internasjonale eksportkontrollsamarbeidet har likevel nokre avgrensingar, gitt at det er basert på semje mellom alle medlemslanda. Det er difor svært viktig at Noreg har eit tett samarbeid med EU på eksportkontrollområdet. Samarbeidet med EU innanfor eksportkontroll vert omtalt nærmare i kapittel 9.
I EU går det no føre seg diskusjonar om korleis finne den rette balansen mellom økonomisk innovasjon i ein open, global økonomi og behovet for å redusere risikoen knytt til økonomiske avhengnadar og andre sårbarheiter som kan utgjere ein trussel mot nasjonal tryggleik. Økonomisk tryggleik har vorte eit nøkkelomgrep. Også Norske styresmakter arbeider også med å finne gode løysingar på korleis oppnå god økonomisk tryggleik. I desember 2023 la eit regjeringsoppnemnt utval til dømes fram utgreiinga si NOU 2023: 28 Investeringskontroll – Ein open økonomi i usikre tider.
3.1 Nytt direktorat for eksportkontroll og sanksjonar
I 2023 vedtok regjeringa å opprette eit eige direktorat for eksportkontroll og sanksjonar underlagt Utanriksdepartementet. Direktoratet skal få ansvar for den utøvande kontrollen med eksport av forsvarsmateriell, fleirbruksvarer, teknologi, tenester og kunnskap. Ein styrka kontroll med eksport av strategiske og sensitive varer, teknologi og kunnskap vil både kunne bidra til å redusere sårbarheitene i norsk næringsliv og til å styrkje den nasjonale tryggleiken vår.
Boks 3.1 Direktoratet for eksportkontroll og sanksjonar (DEKSA)
1. januar 2025 vert det formelle og faglege ansvaret delt for eksportkontroll og sanksjonar i Noreg.
UD vil ha det overordna og konstitusjonelle ansvaret for eksportkontroll og sanksjonar.
Alt eksportkontrollarbeid vert ikkje flytta ut av departementet. UD vil framleis ha ansvaret for politikkutvikling (t.d. avgjere kven som kan motta forsvarsmateriell frå Noreg), Noregs deltaking i det internasjonale samarbeidet om eksportkontroll, regelverksutvikling og klagehandsaming.
Direktoratet vil på si side få ansvaret for den utøvande kontrollen med eksport av forsvarsmateriell, fleirbruksvarer, teknologi, tenester og kunnskap. Dette gjeld til dømes utferding av lisensar, rettleiing av industrien, akademia og andre aktørar som vert ramma.
Direktoratet vil rettleie og handsame einskildsaker i samsvar med sanksjonsregelverket.
Etableringa av DEKSA vil òg bidra til å føre vidare tilrådingane frå Riksrevisjonens gjennomgang av arbeidet med eksportkontroll.
3.2 Kvifor treng Noreg eit eige direktorat for eksportkontroll og sanksjonar?
Arbeidet med eksportkontroll og sanksjonar er i dag omfattande, komplekst og meir krevjande enn nokon gong. Utanriksdepartementet får opp mot 10 000 saker per år. Næringslivet har gjennom fleire år etterspurt både raskare sakshandsaming og meir rettleiing frå styresmaktene om eksportkontroll og sanksjonar. Omfanget av saker frå næringslivet og akademia er høgt. Etableringa av DEKSA gjev høve til å profesjonalisere og styrkje rettleiingsarbeidet.
Norsk næringsliv må i aukande grad forhalde seg til sanksjonar og reguleringa av eksport, særleg som følgje av krigen i Ukraina. Den enorme auken i talet på sanksjonar som har vorte innførte dei siste åra har gjort bilete ytterlegare komplisert for næringslivet å navigere i. Behovet for rettleiing frå styresmaktene er difor stort.
UD har ansvar for rundt 40 sanksjonsregime. Særleg sanksjonane mot Russland har vore svært omfattande og arbeidskrevjande dei siste to åra då dei er i stadig endring og utvikling. Etter Russlands fullskala invasjon av Ukraina har UD motteke ein stor auke i førespurnader knytt til Russlandssanksjonene.
Sakene som UD får til handsaming, både i form av lisenssøknadar, sanksjonssaker og andre førespurnader, vert stadig meir komplekse. I fleire tilfelle ser vi mellom anna at aktørar prøver å få tak i varer og teknologi på fordekte måtar. Leveransekjedene og eigarstrukturane er meir kompliserte enn før, og det er i aukande grad uklart kven som er den reelle sluttbrukaren.
Komplekse eksportkontrollsaker krev grundigare vurderingar av teknologi og bruksområda deira, særleg innanfor framveksande teknologiar og digital overvakingsteknologi. Slike vurderingar krev høg teknologisk ekspertise og kompetanse.