Meld. St. 4 (2024–2025)

Anmodnings- og utredningsvedtak i stortingssesjonen 2023–2024

Til innholdsfortegnelse

2 Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Nedanfor er ei oversikt over oppfølginga av oppmodings- og utgreiingsvedtak under Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Oversikta inkluderer alle vedtak frå stortingssesjonen 2023–2024, og dei vedtaka frå tidlegare stortingssesjonar som kontroll- og konstitusjonskomiteen i lnnst. 239 S (2023–2024) mente ikkje var kvittert ut. Tabellen nedanfor visar også om departementet reknar med at rapporteringa om oppmodingsvedtaket no er avslutta eller om departementet vil rapportere konkret om vedtaket også i budsjettproposisjonen neste år.

Tabell 2.1 Oversikt over oppmodings- og utgreiingsvedtak, ordna etter sesjon og nummer

Sesjon

Vedtak nr.

Stikkord

Rapportering avslutta (Ja/Nei)

2023–2024

15

Legge til rette for at pensjonerte sjukepleiarar har gode insentiv for å jobbe i mindre stillingar i det offentlege

Ja

2023–2024

16

Greie ut medlemskap i pensjonsordning for sjukepleiarar for offentleg godkjente sjukepleiarar tilsett i bemanningsføretak

Nei

2023–2024

50

Bruken av omgrepa «tillitsvald» og «tariffavtale» i arbeidsmiljølova

Ja

2023–2024

52

Strategi for å styrke ideell sektor sin rolle og tilbod på arbeids- og velferdsfeltet

Nei

2023–2024

56

Representantforslag om betre ordningar for sjølvstendige og frilansarar ved svangerskap og sjukdom

Nei

2023–2024

69

Oppdatering av rettleiaren om økonomisk sosialhjelp i lys av SIFO-rapport om grunnlaget for dei statlege rettleiande satsane for økonomisk sosialhjelp

Ja

2023–2024

147

Regelverket for pårørande sine permisjonsmoglegheiter i arbeidslivet

Nei

2023–2024

438

Representantforslag om effektivisering av bilstøtteordninga i Nav – saksbehandlingstid

Ja

2023–2024

439

Representantforslag om effektivisering av bilstøtteordninga i Nav – gjennomgang av regelverk og organisering

Ja

2023–2024

550

Sikre krigsseglarane som får krigspensjon ein verdig alderdom

Ja

2023–2024

643

Utgreiing om å fjerne unntaket for helsesektoren i regelverket for innleige

Nei

2023–2024

660

Representantforslag om konkrete tiltak mot æreskriminalitet – økt kunnskap og kompetanse

Nei

2023–2024

661

Representantforslag om konkrete tiltak mot æreskriminalitet – barn og unge som er i utlandet mot sin vilje

Nei

2023–2024

728

Representantforslag om å greie ut korleis staten kan overta inndrivinga ved dei meir openberre tilfella av lønnstjuveri

Nei

2023–2024

770

Endringar i ekteskapslova (forbod mot ekteskap mellom nære slektningar)

Nei

2023–2024

801

Greie ut forenklingar i regelverket for norske bedrifter som vil rekruttere høykvalifiserte arbeidstakarar frå tredjeland

Nei

2023–2024

842

Vurdering av eit avgrensa unntak frå arbeidsmiljølova for sjølvstendige konsulentar med spesialkompetanse

Nei

2023–2024

843

Oppfølging av arbeidet med oljepionerane i lys av kunnskapen frå NOU 2022: 19 Oljepionerene – en kompensasjonsordning

Nei

2022–2023

37

Endringar i folketrygdlova mv. (synleggjering av folkerettslege forpliktingar til trygdekoordinering)

Nei

2022–2023

61

Oppheve Arbeidstilsynet si øvre gebyrgrense

Ja

2022–2023

491

Utviklingstrekk og tiltak for heimekontor og stedsuavhengige arbeidsplassar

Nei

2022–2023

493

Endringar i arbeidsmiljølova mv. (arbeidstakaromgrepet og arbeidsgivaransvar i konsern)

Nei

2022–2023

530

Utgreiing av heimel for Arbeidstilsynet til å ta beslag i dokument under tilsyn

Nei

2022–2023

531

Greie ut heimel for Arbeidstilsynet til å hente inn informasjon frå «tredjepartar»

Nei

2022–2023

532

Representantforslag om å gjennomgå og vurdere Arbeidstilsynet sine heimlar for tilsyn, informasjonstilgang og sanksjonsmoglegheiter etter arbeidsmiljølova

Nei

2022–2023

533

Representantforslag om å hindre urimeleg tilbakebetaling for uføre som får seg jobb

Ja

2022–2023

604

Menneskerettar for personar med utviklingshemming – regelendringar for å gi personar med utviklingshemming i VTA-O varig oppfølging

Nei

2022–2023

627

Endringar i folketrygdlova (tilgang til å sjukmelde etter e-konsultasjon)

Ja

2022–2023

727

Prioritering av operative kontrollar, sanksjonering og etterforsking frå a-krimsentera

Nei

2022–2023

728

Vurdere bruk av arrest og utlegg frå kriminelle aktørar i a-krimsamarbeidet

Nei

2022–2023

730

Plan for samarbeidet mellom a-krimsentera og ikkje-statlege aktørar

Nei

2022–2023

937

Vurdering av omlegging av fribeløpet i uføretrygda

Ja

2021–2022

456

Utgreie om sjølvstendige næringsdrivande og frilansarar skal opparbeide seg sterkare rettar til inntektssikring

Nei

2021–2022

794

Tilgjengelegheit og kvalitet i økonomisk rådgiving og gjeldsrådgiving

Nei

2021–2022

813

Berekning av uføretrygd når inntektsevna tidlegare har vore nedsett pga. delvis uførleik utan at inngangsvilkåret for uføreytingar i folketrygda har vore oppfylt.

Nei

2021–2022

814

Lovendringar for å styrke tilsette sitt vern mot natt- og alenearbeid

Ja

2020–2021

238

Lovendringar for å redusere kravet til innbetaling av premie frå det tidspunktet den enkelte har kompensert for levealdersjusteringa

Ja

2020–2021

239

Styrke arbeidslinja for offentleg tilsette født i årene 1944 – 1962

Ja

2020–2021

530

Rapportering om barn etterlatne i utlandet

Ja

2020–2021

615

Pensjonsutvalets vurdering

Ja

2020–2021

686

Studentar i utlandet kan ha deltidsjobb utan å miste medlemskap i folketrygda

Ja

2020–2021

911

Forenkling av yrkesskadereglene

Nei

2020–2021

930

NAV-ombod

Ja

2020–2021

1149

Endringar i arbeidsmiljølova, tilfeldig uttrekk av meddommarar frå kvar av dei særskilt arbeidslivskyndige utvala

Ja

2020–2021

1200

Avkorting i uføretrygd for fosterforeldre

Nei

2020–2021

1342

Evaluering av brillestøtteordninga

Ja

2019–2020

626

Juridisk og økonomisk medansvar for transportkjøparar/transporttingarar

Nei

2019–2020

627

Rettshevdinga til å stanse køyretøy

Nei

2017–2018

42

Særaldergrensen for tilsette i staten

Nei

2017–2018

321

Overgangsordning for fosterforeldre

Nei

2.1 Stortingssesjon 2023–2024

Legge til rette for at pensjonerte sjukepleiarar har gode insentiv for å jobbe i mindre stillingar i det offentlege

Vedtak 15, 7. november 2023

«Stortinget ber regjeringen legge til rette for at pensjonerte sykepleiere har gode insentiver for å jobbe i mindre stillinger i det offentlige, herunder vurdere unntak for innmelding i pensjonsordningen for sykepleiere. Dette bør gjøres i samråd med partene, og regjeringen skal komme tilbake til Stortinget før lovendringen trer i kraft.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 120 L (2022–2023), Innst. 37 L (2023–2024), Lovvedtak 1 (2023–2024).

Regjeringa har saman med partane blitt einige om ei løysing som gjer det mogleg for sjukepleiarar fødd før 1965 å jobbe ved sida av pensjonen utan at pensjonen blir avkorta.

Vedtaket er følgt opp i lovproposisjonen som følger opp forslaga i Prop. 1 S (2024–2025) og som blir lagd fram for Stortinget i november.

Greie ut medlemskap i pensjonsordning for sjukepleiarar for offentleg godkjente sjukepleiarar tilsett i bemanningsføretak

Vedtak 16, 7. november 2023

«Stortinget ber regjeringen utrede om offentlig godkjente sykepleiere ansatt i bemanningsforetak og som leies ut til institusjoner under sykepleierpensjonsloven, også bør være medlemmer i pensjonsordningen for sykepleiere.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 120 L (2022–2023), Innst. 37 L (2023–2024), Lovvedtak 1 (2023–2024).

Oppmodingsvedtaket er til behandling i departementet. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Bruken av omgrepa «tillitsvald» og «tariffavtale» i arbeidsmiljølova

Vedtak 50, 28. november 2023

«Stortinget ber regjeringen i samarbeid med partene i arbeidslivet vurdere behovet for en bred gjennomgang av arbeidsmiljølovens bruk av begrepene «tillitsvalgt» og «tariffavtale». Dersom det i denne sammenheng viser seg å være behov for endringer, presiseringer eller begge deler, ber Stortinget regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag til lovendringer.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:251 S (2022–2023), Innst. 73 S (2023–2024).

I samråd med partane har departementet teke inn ei presisering i Rettleiaren for innleigeregelverket som tydeleggjer at det å inngå avtale om innleige med andre enn fagforeiningstillitsvalde, i mange tilfelle vil vere tariffstridig.

Med dette ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Strategi for å styrke ideell sektor sin rolle og tilbod på arbeids- og velferdsfeltet

Vedtak 52, 28. november 2023

«Stortinget ber regjeringen fremme en strategi for å styrke ideell sektors rolle og tilbud på arbeids- og velferdsfeltet.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:261 S (2022–2023), Innst. 61 S (2023–2024).

Arbeids- og inkluderingsdepartementet er i dialog med Arbeids- og velferdsdirektoratet om korleis arbeidet direktoratet allereie gjer kan inngå i ein slik strategi, og i kor stor grad det vil vere behov for nye element. Det vidare arbeidet med strategien må sjåast i lys av korleis avkommersialeringsutvalet blir følgt opp. Avkommersialiseringsutvalet har levert to rapportar. I delrapporten NOU 2024: 1 Definisjon og registrering av ideelle velferdsaktører foreslo eit samla utval ein juridisk definisjon av ideelle aktørar og å opprette eit register for ideelle velferdsaktørar. Utgreiinga har vore på høyring. Sluttrapporten frå utvalet NOU 2024: 17 Kommersielle og ideelle aktørers rolle i fellesskapets velferdstjenester gir ein gjennomgang av ulike modellar for korleis kommersielle aktørar kan fasast ut av velferdstenestene, også for arbeidsmarknadstiltaka. Utgreiinga er sendt på høyring av Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet.

Representantforslag om betre ordningar for sjølvstendige og frilansarar ved svangerskap og sjukdom

Vedtak 56, 30. november 2023

«Stortinget ber regjeringen foreslå bedre ordninger for gründere og selvstendig næringsdrivende ved svangerskap og sykdom for å gi tryggere rammer og større mulighet til å satse.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:234 S (2022–2023), Innst. 68 S (2023–2024).

Regjeringa arbeider med å vurdere utvalde problemstillingar knytt til sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar sine sosiale rettighetar. Sjå nærmare omtale av det planlagde oppfølgingsarbeidet i del II, punkt 6.6.2 Sosiale ordningar for sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar. Sjå også omtale av oppmodingsvedtak 456 (2021–2022). Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget i samanheng med Prop. 1 S for 2026.

Oppdatering av rettleiaren om økonomisk sosialhjelp i lys av SIFO-rapport om grunnlaget for dei statlege rettleiande satsane for økonomisk sosialhjelp

Vedtak 69, 4. desember 2023

«Stortinget ber regjeringen oppdatere veilederen for økonomisk sosialhjelp innen 1. juli 2024 for å tydeliggjøre hvordan dekningen av utgifter til internett, telefon og moderate utgifter til transport skal inngå ved utmåling av stønadsnivå. Oppdateringen skal ses i lys av den kommende SIFO-rapporten om grunnlaget for de statlige veiledende satsene for økonomisk sosialhjelp.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Meld. St. 1 (2023–2024), Innst. 2 S (2023–2024).

På oppdrag frå departementet har Arbeids- og velferdsdirektoratet oppdatert rettleiaren om økonomisk sosialhjelp. Direktoratet har på relevante stadar i rettleiaren lagt inn tekst som minner saksbehandlarane i NAV-kontora på at dei må vere merksame på utgifter til internett, telefon og transport. Slik gjer rettleiaren det tydelegare at ein skal vurdere slike utgifter ved utmåling av økonomisk sosialhjelp der det er relevant.

For omtale av rapporten frå SIFO, sjå del II, punkt 6.8 Inkludering i samfunnet og gode levekår for dei mest vanskelegstilte. Med dette ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Regelverket for pårørande sine permisjonsmoglegheiter i arbeidslivet

Vedtak 147, 12. desember 2023

«Stortinget ber regjeringa gjennomgå og forbedre regelverket for pårørendes permisjonsmuligheter i arbeidslivet for å sikre likestilling og bedre mulighetene til å kombinere arbeid og omsorg uten å pådra seg økonomiske problemer eller falle ut av arbeidslivet.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Meld. St. 24 (2022–2023), Innst. 112 S (2023–2024).

Oppmodingsvedtaket er til behandling i departementet. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eit seinare tidspunkt.

Representantforslag om effektivisering av bilstøtteordninga i Nav – saksbehandlingstid

Vedtak 438, 4. januar 2024

«Stortinget ber regjeringen senest i forbindelse med statsbudsjettet for 2025 legge frem nødvendige forslag for å kutte den unødvendig lange saksbehandlingstiden for bilstøtte i Nav, eksempelvis forhåndsgodkjenning, forhåndsbestilling og langtidsplanlegging.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:24 S (2023–2024), Innst. 154 S (2023–2024).

Personar som ikkje er i stand til å komme seg inn og ut av bilen på eiga hand, utan å bruke heis eller rampe, kan få rente- og avdragsfritt lån til spesialtilpassa bil frå folketrygda. Dette gjeld òg personar med sterkt avgrensa gangsfunksjon eller personar som er utagerande og som må skjermast frå førarmiljøet i bilen av omsynet til trafikktryggleiken.

Regjeringa foreslår å legge om ordninga med stønad til spesialtilpassa kassebil slik at bilane blir førehandsbestilt. I dag bestiller Arbeids- og velferdsetaten bilar først etter at det er fatta vedtak om stønad til bil. Denne omlegginga kan redusere den totale leveringstida for spesialtilpassa kassebilar med seks til tolv månader.

Sjå nærmare omtale i del II, punkt 6.8.4 Hjelpemiddel og programkategori 09.10.

Med dette ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Representantforslag om effektivisering av bilstøtteordninga i Nav – gjennomgang av regelverk og organisering

Vedtak 439, 4. januar 2024

«Stortinget ber regjeringen gjennomgå regelverket for og organiseringen av bilstøtten i Nav for å sørge for at saksbehandling, bestillinger og logistikk effektiviseres, slik at folk som er avhengig av bilen som hjelpemiddel i hverdagen, ikke risikerer å stå uten bil.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:24 S (2023–2024), Innst. 154 S (2023–2024).

Departementet viser til omtalen under oppmodingsvedtak nr. 438, 4. januar 2024.

Sjå nærmare omtale i del II, punkt 6.8.4 Hjelpemiddel og programkategori 09.10.

Med dette ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Sikre krigsseglarane som får krigspensjon ein verdig alderdom

Vedtak 550, 9. april 2024

«Stortinget ber regjeringen sørge for at krigsseilere som mottar krigspensjon, og som under andre verdenskrig ble pålagt av den norske stat aktivitet som medførte direkte fare for eget liv og helse, sikres nødvendig bistand for å sikre en verdig alderdom uavhengig av om de i dag er norske statsborgere bosatt i Norge eller har utvandret til andre land.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:72 S (2023–2024), Innst. 246 S (2023–2024).

I Prop. 92 L (2023–2024) blei det foreslått endringar i lov 13. desember 1946 nr. 21 om krigspensjonering for militærpersonar og lov 13. desember 1946 nr. 22 om krigspensjonering for heimestyrkepersonell og sivilpersonar – om refusjon av eigendelar ved varig innlegging i institusjon i utlandet. Ein einstemmig arbeids- og sosialkomité og eit einstemmig Storting slutta seg til forslaget, sjå Innst. L 291 (2023–224) og lovvedtak 58 (2023–2024). Lova blei sanksjonert i statsråd og tredde i kraft 1. juni 2024. Vedtaket er dermed følgt opp.

Utgreiing om å fjerne unntaket for helsesektoren i regelverket for innleige

Vedtak 643, 14. mai 2024

«Stortinget ber regjeringen utrede fjerning av unntaket for helsesektoren i regelverket for innleie, med sikte på å redusere bruken av innleie i helsesektoren, uten å svekke kommunenes og helseforetakenes evne og mulighet til å redusere ventetider og opprettholde en forsvarlig helsetjeneste.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:108 S (2023–2024), Innst. 296 S (2023–2024).

Oppmodingsvedtaket er til behandling i departementet. Departementet vil i samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet utrede fjerning av unntaket med sikte på å redusere bruken av innleige i helsesektoren. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eit seinare tidspunkt.

Representantforslag om konkrete tiltak mot æreskriminalitet – økt kunnskap og kompetanse

Vedtak 660, 23. mai 2024

«Stortinget ber regjeringen sette fokus på og sørge for at ansatte i skolene, barnehagene, barnevernstjenesten, helsetjenesten og politiet får økt kunnskap og kompetanse for tidlig å avdekke og følge opp der barn blir utsatt for negativ sosial kontroll og æresrelatert vold.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:96 S (2023–2024), Innst. 320 S (2023–2024).

Vedtaket vil bli vurdert i arbeidet med ny handlingsplan mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald (2025–2028). Det er lagt opp til at handlingsplanen blir ferdig våren 2025.

Representantforslag om konkrete tiltak mot æreskriminalitet – barn og unge som er i utlandet mot sin vilje

Vedtak 661, 23. mai 2024

«Stortinget ber regjeringen utarbeide, oppdatere og styrke informasjon og veiledere om hvordan barn og unge som befinner seg i utlandet mot sin vilje, skal følges opp og gis hjelp dersom de oppnår kontakt med ambassader, barnevernet eller andre offentlige instanser, for å sikre at barna det gjelder, opplever å bli tatt på alvor»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:96 S (2023–2024), Innst. 320 S (2023–2024).

Vedtaket vil bli vurdert i arbeidet med ny handlingsplan mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald (2025–2028). Det er lagt opp til at handlingsplanen blir ferdig våren 2025.

Representantforslag om å greie ut korleis staten kan overta inndrivinga ved dei meir openberre tilfella av lønnstjuveri

Vedtak 728, 7. juni 2024

«Stortinget ber regjeringen utrede hvordan staten kan overta inndrivingen ved de mer åpenbare tilfellene av lønnstyveri, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte – med sikte på innføring i 2025.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:142 S (2023–2024), Innst. 376 S (2023–2024).

Oppmodingsvedtaket er til behandling i departementet. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eit seinare tidspunkt.

Endringar i ekteskapslova (forbod mot ekteskap mellom nære slektningar)

Vedtak 770, 12. juni 2024

«Stortinget ber regjeringen legge frem en styrket handlingsplan mot tvangsekteskap og orientere Stortinget på egnet måte.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 99 L (2023–2024), Innst. 427 L (2023–2024), Lovvedtak 90 (2023–2024).

Vedtaket vil bli vurdert i arbeidet med ny handlingsplan mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald (2025–2028). Det er lagt opp til at handlingsplanen blir ferdig våren 2025.

Greie ut forenklingar i regelverket for norske bedrifter som vil rekruttere høykvalifiserte arbeidstakarar frå tredjeland

Vedtak 801, 17. juni 2024

«Stortinget ber regjeringen utrede forenklinger i regelverket for norske bedrifter som vil rekruttere høykvalifiserte arbeidstakere fra tredjeland, utrede om regelverket for selvstendig næringsdrivende bør justeres, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Meld. St. 23 (2023–2024), Innst. 360 S (2023–2024).

Oppmodingsvedtaket er til behandling i departementet. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eit seinare tidspunkt.

Vurdering av eit avgrensa unntak frå arbeidsmiljølova for sjølvstendige konsulentar med spesialkompetanse

Vedtak 842, 20. juni 2024

«Stortinget ber regjeringen vurdere et avgrenset unntak fra arbeidsmiljøloven slik at selvstendige IT-rådgivere og konsulenter med spesialkompetanse fortsatt skal kunne levere arbeid og oppdrag.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:154 S (2023–2024), Innst. 449 S (2023–2024).

Oppmodingsvedtaket er til behandling i departementet. Departementet har satt i gang eit utgreiingsarbeid for å vurdere ein særregel for sjølvstendige konsulentar med spesialkompetanse innanfor enkelte bransjar som gjer det mogleg for dem å levere arbeidskraft i tillegg til oppdrag. Etter at saka har vore på høyring vil regjeringa komme tilbake til Stortinget på eit seinare tidspunkt.

Oppfølging av arbeidet med oljepionerane i lys av kunnskapen frå NOU 2022: 19 Oljepionerene – en kompensasjonsordning

Vedtak 843, 20. juni 2024

«Stortinget ber regjeringen, i lys av kunnskapen fra NOU 2022:19 Oljepionerene – en kompensasjonsordning, følge opp arbeidet med oljepionerene og komme raskt tilbake til Stortinget på egnet vis.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:161 S (2023–2024), Innst. 444 S (2023–2024).

Regjeringa har vurdert forslag om etablering av ei særskild kompensasjonsordning for tidlegare oljearbeidarar bl.a. på bakgrunn av kunnskapsgrunnlaget i NOU 2022: 19. Regjeringa vil sikre at det raskt blir etablert bistand i yrkesskadesporet til tidlegare oljearbeidarar. Etter ei nærmare kartlegging av moglegheitene innafor det ordinære yrkesskadesystemet vil regjeringa komme tilbake til Stortinget med ei endeleg vurdering av om det bør etablerast ei eiga kompensasjonsordning for denne gruppa, og ev. korleis ho bør utformast. For ytterlegare omtale, sjå kapittel 6.2 Eit sikkert og seriøst arbeidsliv.

2.2 Stortingssesjon 2022–2023

Endringar i folketrygdlova m.m. (synleggjering av folkerettslege forpliktingar til trygdekoordinering)

Vedtak 37, 26. oktober 2022

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en avklaring av forholdet mellom folketrygdlovens bestemmelser og EØS-retten.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 71 L (2021–2022), Innst. 33 L (2022–2023), Lovvedtak 2.

Oppmodingsvedtaket er til behandling i departementet. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eit seinare tidspunkt.

Oppheve Arbeidstilsynet si øvre gebyrgrense

Vedtak 61, 24. november 2022

«Stortinget ber regjeringen betydelig heve den øvre grensen for ileggelse av overtredelsesgebyr samt sørge for at arbeidslivskriminalitet av grov karakter skal rutinemessig politianmeldes.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:278 S (2021–2022), Innst. 51 S (2022–2023).

Vedtaket er følgt opp gjennom Prop. 76 L (2023–2024) som blei lagt fram for Stortinget 5. april 2024. I Prop. 76 L (2023–2024) foreslo departementet å heve Arbeidstilsynet si øvre gebyrgrense fra 15 G til 50 G eller inntil 4 pst. av den årlege omsetninga til ei verksemd.

Departementet sitt forslag i Prop. 76 L (2023–2024) blei vedtatt på Stortinget. Endringane trådte i kraft 1. juli 2021.

Med dette ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Utviklingstrekk og tiltak for heimekontor og stedsuavhengige arbeidsplassar

Vedtak 491, 21. februar 2023

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget, på et egnet tidspunkt, med en oppsummering av kunnskapsinnhentingen og om utviklingstrekk for hjemmekontor og stedsuavhengige arbeidsplasser i arbeidslivet samt en vurdering av behovet for ytterligere tiltak i lys av dette.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:34 S (2022–2023), Innst. 188 S (2022–2023).

Departementet har gjennomført ei større kartlegging av omfang, utviklingstrekk og konsekvensar ved bruk av heimekontor og annet fjernarbeid. Kartlegginga har vore avgrensa til ei tid kor heimekontor i stor grad har vore pålagt, og den blir derfor følgt opp vidare i perioden 2021–2026.

Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget etter at kartlegginga er gjennomførd.

Endringar i arbeidsmiljølova mv. (arbeidstakaromgrepet og arbeidsgivaransvar i konsern)

Vedtak 493, 21. februar 2023

«Stortinget ber regjeringen snarest mulig utrede et lovforslag om å gi Arbeidstilsynet påleggskompetanse med hensyn til arbeidstakerbegrepet definert i § 1-8 og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 14 L (2022–2023), Innst. 181 L (2022–2023), Lovvedtak 41 (2022–2023).

Departementet har satt i gang eit utgreiingsarbeid for å gjennomgå Arbeidstilsynet sitt verkemiddelapparat i breitt. Oppmodingsvedtak 493, 530, 531 og 532 inngår i utgreiingsarbeidet og forslag er på offentleg høyring no. Regjeringa tar sikte på å fremme lovproposisjon for Stortinget for behandling der våren 2025.

Utgreiing av heimel for Arbeidstilsynet til å ta beslag i dokument under tilsyn

Vedtak 530, 14. mars 2023

«Stortinget ber regjeringen utrede forslag om en hjemmel for å ta beslag i relevante dokumenter som firmaer ikke vil vise frem under Arbeidstilsynets kontroller, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:70 S (2022–2023), Innst. 196 S (2022–2023).

Departementet har satt i gang eit utgreiingsarbeid for å gjennomgå Arbeidstilsynet sitt verkemiddelapparat i breitt. Oppmodingsvedtak 493, 530, 531 og 532 inngår i utgreiingsarbeidet og forslag er på offentleg høyring no. Regjeringa tar sikte på å fremme lovproposisjon for Stortinget for behandling der våren 2025.

Greie ut heimel for Arbeidstilsynet til å hente inn informasjon frå «tredjepartar»

Vedtak 531, 14. mars 2023

«Stortinget ber regjeringen utrede forslag som sikrer Arbeidstilsynet adgang til å hente informasjon fra flere aktører, en såkalt tredjepart, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:70 S (2022–2023), Innst. 196 S (2022–2023).

Departementet har satt i gang eit utgreiingsarbeid for å gjennomgå Arbeidstilsynet sitt verkemiddelapparat i breitt. Oppmodingsvedtak 493, 530, 531 og 532 inngår i utgreiingsarbeidet og forslag er på offentleg høyring no. Regjeringa tar sikte på å fremme lovproposisjon for Stortinget for behandling der våren 2025.

Representantforslag om å gjennomgå og vurdere Arbeidstilsynet sine heimlar for tilsyn, informasjonstilgang og sanksjonsmoglegheiter etter arbeidsmiljølova

Vedtak 532, 14. mars 2023

«Stortinget ber regjeringen gjennomgå og vurdere Arbeidstilsynets hjemler for tilsyn, informasjonstilgang og sanksjonsmuligheter etter arbeidsmiljøloven.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:70 S (2022–2023), Innst. 196 S (2022–2023).

Departementet har satt i gang eit utgreiingsarbeid for å gjennomgå Arbeidstilsynet sitt verkemiddelapparat i breitt. Oppmodingsvedtak 493, 530, 531 og 532 inngår i utgreiingsarbeidet og forslag er på offentleg høyring no. Regjeringa tar sikte på å fremme lovproposisjon for Stortinget for behandling der våren 2025.

Representantforslag om å hindre urimeleg tilbakebetaling for uføre som får seg jobb

Vedtak 533, 14. mars 2023

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag som sikrer at uføre som kommer i arbeid, ikke skal få urimelige tilbakebetalingskrav for allerede utbetalt uføretrygd. Endringen må ikke innebære at dagens fribeløp svekkes eller fjernes.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:76 S (2022–2023), Innst. 195 S (2022–2023). Viss etteroppgjeret viser at årsinntekta har vore så høg at mottakaren eigentleg ikkje hadde rett til uføretrygd, kan Arbeids- og velferdsetaten la vere å krevje tilbake utbetalt uføretrygd viss inntektsoverskridinga blir skulda av eit forsøk på å komme seg tilbake i arbeidslivet. Nærmare reglar om dette (såkalla arbeidsforsøk) er fastsett i forskrift. I desember 2023 sendte departementet eit forslag om endringar i forskrifta på høyring. Forslaget opnar for å gjere unnataket for tilbakekrevjing meir fleksibelt slik at uføre kan prøve seg i arbeid fleire gonger, utan fare for å få eit tilbakebetalingskrav. Sjå nærmare omtale i del II, programkategori 29.50, kap. 2655. Høyringsinstansane har vore positive til forslaget, og departementet tek sikte på å fastsette endringane innan årsskiftet. Med det ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Menneskerettar for personar med utviklingshemming – regelendringar for å gi personar med utviklingshemming i VTA-O varig oppfølging

Vedtak 604, 18. april 2023

«Stortinget ber regjeringen sørge for nødvendige regelendringer for å gi personer med utviklingshemming i VTA-O varig oppfølging, uavhengig av hvilket fylke man bor i, og med et omfang tilsvarende det som praktiseres i HELT MED. Oppfølgingen må kunne gis også av andre enn Nav, eksempelvis HELT MED eller vekst- og attføringsbedriftene, gjerne ved at dagens tilskudd erstattes med varig oppfølging av både arbeidstaker og arbeidsgiver. Regjeringen bes komme tilbake med sin oppfølging i forbindelse med statsbudsjettet for 2024.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Meld. St. 8 (2022–2023), Innst. 246 S (2022–2023).

Arbeids- og inkluderingsdepartementet arbeider med å gjere nødvendige endringar i forskrift om arbeidsmarknadstiltak for å gi personar i varig tilrettelagt arbeid i ordinær verksemd forsterka oppfølging. Forslag om nye reglar for ei permanent ordning vil bli sendt på høyring.

Arbeids- og velferdsetaten vil i løpet av hausten 2024 sette i gang eit pilotprosjekt med oppfølging av deltakarar i varig tilrettelagt arbeid i ordinær verksemd på oppdrag frå departementet. Erfaringar frå pilotprosjektet vil bidra inn i arbeidet med den permanente ordninga.

Endringar i folketrygdlova (tilgang til å sjukmelde etter e-konsultasjon)

Vedtak 627, 27. april 2023

«Stortinget ber regjeringen gjennomføre en evaluering av ordningen med sykmelding basert på elektronisk konsultasjon, senest innen fire år.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 42 L (2022–2023), Innst. 283 L (2022–2023), Lovvedtak 51 (2022–2023).

Arbeids- og inkluderingsdepartementet signerte juni 2023 avtale med Nasjonalt Senter for E-helseforskning om evaluering av sjukmelding etter e-konsultasjon. Formålet er å evaluere erfaringar og effektar av lovendringa. Forskarane vil undersøke kva erfaringar og haldningar legane og pasientane har med sjukmelding over e-konsultasjonar, kva som kjenneteiknar sjukmeldingane og kva betydning innføringa har for sjukefråværet. Prosjektperioden for oppdraget er 2023–2026.

Departementet vil komme tilbake til Stortinget med informasjon om funna frå evalueringa på eigna måte. Med det ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Prioritering av operative kontrollar, sanksjonering og etterforsking frå a-krimsentera

Vedtak 727, 1. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen sørge for at a-krimsentrene prioriterer operative kontroller, sanksjonering og etterforskning, samt at kunnskapsinnhentingen innrettes for å understøtte dette.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:198 S (2022–2023), Innst. 388 S (2022–2023)

Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Finansdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet har gitt Arbeidstilsynet, Arbeids- og velferdsetaten, politiet og Skatteetaten eit oppdrag knytt til vidareutvikling av a-krimsamarbeidet. Arbeidet blir følgt opp gjennom fleire tiltak for å målrette innsatsen i det tverretatlege samarbeidet. Etatane har komme med ei foreløpig tilbakemelding i samanheng med årsrapporteringa for 2023.

Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eit seinare tidspunkt.

Vurdere bruk av arrest og utlegg frå kriminelle aktørar i a-krimsamarbeidet

Vedtak 728, 1. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen sørge for at man i a-krimsamarbeidet prioriterer bruk av arrest og utlegg fra kriminelle aktører.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:198 S (2022–2023), Innst. 388 S (2022–2023)

Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Finansdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet har gitt Arbeidstilsynet, Arbeids- og velferdsetaten, politiet og Skatteetaten eit oppdrag knytt til vidareutvikling av a-krimsamarbeidet. Arbeidet blir følgt opp gjennom fleire tiltak for å målrette innsatsen i det tverretatlege samarbeidet. Etatane har komme med ei foreløpig tilbakemelding i samanheng med årsrapporteringa for 2023, og rapportert om betra resultat når det gjeld å ta frå dei useriøse aktørane utbytte frå kriminelle handlingar.

Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eit seinare tidspunkt.

Plan for samarbeidet mellom a-krimsentera og ikkje-statlege aktørar

Vedtak 730, 1. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen sørge for at a-krimsentrene har en plan for samarbeidet med ikke-statlige aktører som er tett på ofrene for arbeidslivskriminalitet, samt at det etableres et kontaktpunkt / en tipsløsning.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:198 S (2022–2023), Innst. 388 S (2022–2023).

Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Finansdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet har gitt Arbeidstilsynet, Arbeids- og velferdsetaten, politiet og Skatteetaten eit oppdrag knytt til vidareutvikling av a-krimsamarbeidet. Arbeidet blir følgt opp gjennom fleire tiltak for å målrette innsatsen i det tverretatlege samarbeidet. Etatane har komme med ei foreløpig tilbakemelding i samanheng med årsrapporteringa for 2023, der det bl.a. blir orientert om kva for samarbeid som er etablert med frivillige organisasjonar, aktørar i næringslivet og partane i arbeidslivet.

Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eit seinare tidspunkt.

Vurdering av omlegging av fribeløpet i uføretrygda

Vedtak 937, 16. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med statsbudsjettet for 2024 komme tilbake med en vurdering av en omlegging av fribeløpet i uføretrygden, herunder en vurdering av en økning av fribeløpet inntil 1 G og andre endringer med mål om at uføre med restarbeidsevne i større grad enn med dagens regelverk kan kombinere arbeidsinntekt med uføretrygd.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Meld. St. 2 (2022–2023), Innst. 490 S (2022–2023).

Regjeringa varsla i Prop. 1 S (2023–2024) utlysing av ei ekstern utgreiing for å få eit tilstrekkeleg kunnskapsgrunnlag for vurderinga. Statistisk sentralbyrå (SSB) publiserte rapporten Utredning av modeller for kombinasjon av arbeidsinntekt og uføretrygd 27.mai 2024. Rapporten konkluderer med at dagens reglar i hovudsak balanserer ulike omsyn på ein god måte, og at det ikkje er hensiktsmessig å gjere endringar i fribeløpet. SSBs analysar viser at eit fribeløp på om lag dagens nivå har positiv effekt på antalet mottakarar av uføretrygd som deltar i arbeidslivet. Rapporten konkluderer vidare med at eit høgare fribeløp truleg vil bidra i relativt liten grad til å få fleire uføretrygda i arbeid, samtidig som at ein auke av fribeløpet vil skape litt større forskjellsbehandling mellom mottakarar av full og gradert uføretrygd i favør dei med full uføretrygd. Sjå nærmare omtale i del II, programkategori 29.50, kap. 2655.

Departementet ser dermed oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Departementet vil likevel sjå nærmare på andre endringar som kan gjere det enklare å kombinere uføretrygd med arbeid. Rapporten frå SSB inneheld forslag til endringar for nokre grupper uføre som i dag har høge kompensasjonsgrader, og derfor tener lite på å arbeide ved sidan av uføretrygda. Regjeringa vil sjå nærmare på dette, og kjem tilbake med ei vurdering i Prop. 1 S for 2026.

2.3 Stortingssesjon 2021–2022

Utgreie om sjølvstendige næringsdrivande og frilansarar skal opparbeide seg sterkare rettar til inntektssikring

Vedtak 456, 31. mars 2022

«Stortinget ber regjeringen utrede om selvstendig næringsdrivende og frilansere skal opparbeide seg sterkere rettigheter til inntektssikring, inkludert forbedring av sykelønnsordningen og sosiale ordninger for selvstendig næringsdrivende.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:92 S (2021–2022), Innst. 215 S (2021–2022).

Regjeringa arbeider med å vurdere utvalde problemstillingar knytt til sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar sine sosiale rettighetar. Sjå nærmare omtale av det planlagde oppfølgingsarbeidet i del II, punkt 6.6.2 Sosiale ordningar for sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget i samanheng med Prop. 1 S for 2026.

Tilgjengelegheit og kvalitet i økonomisk rådgiving og gjeldsrådgiving

Vedtak 794, 15. juni 2022

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget på egnet måte med en rapport om dekningsgrad for gjeldsrådgivere, ventetiden for å få time hos en gjeldsrådgiver og hvilken kompetanse gjeldsrådgiverne har.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:200 S (2021–2022), Innst. 373 S (2021- 2022).

På oppdrag av Arbeids- og inkluderingsdepartementet har Arbeids- og velferdsdirektoratet sette ut eit eksternt FoU-oppdrag for å få oppdatert kunnskap om økonomisk rådgiving i NAV-kontora. Rapport frå Oxford Research vil etter planen liggje føre i november 2024. Økonomisk rådgiving er òg tema for landsomfattande tilsyn med sosiale tenester i NAV i 2024 og 2025.

Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget når ny kunnskap ligg føre.

Berekning av uføretrygd når inntektsevna tidlegare har vore nedsett pga. delvis uførleik utan at inngangsvilkåret for uføreytingar i folketrygda har vore oppfylt

Vedtak 813, 16. juni 2022

«Stortinget ber regjeringen foreta en gjennomgang av problemstillingen om at arbeidsfolk som blir syke, men som ønsker å fortsette i inntektsbringende arbeid utover 50 pst., får lavere uføretrygd dersom de på et seinere tidspunkt må søke uføretrygd fordi arbeidskapasiteten blir ytterligere redusert, og komme tilbake på egnet måte til Stortinget.»

Oppmodingsvedtaket er til behandling i departementet. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Lovendringar for å styrke tilsette sitt vern mot natt- og alenearbeid

Vedtak 814, 16. juni 2022

«Stortinget ber regjeringen sette ned et utvalg som skal utrede og legge frem forslag til lovendringer for å styrke ansattes vern mot natt- og alenearbeid. Særlig må det sikres at ansatte i varehandelen er tilstrekkelig beskyttet av arbeidsmiljølovens bestemmelser om kvelds-, helge- og nattarbeid. Partene må være representert i utvalget.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:208 S (2021–2022), Innst. 362 S (2021–2022).

Departementet sette ned eit utval i mars 2023, der partane i varehandelen var representerte. Utvalet har vurdert behovet for endringar i regelverk eller andre tiltak for å vareta omsynet til vernet til arbeidstakarane ved kvelds-, helge- og nattarbeid, og for dei som arbeider aleine. Utvalet la fram sin rapport til Arbeids- og inkluderingsdepartementet i august 2024. Rapporten er send på offentleg høyring. Med det ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.

2.4 Stortingssesjon 2020–2021

Lovendringar for å redusere kravet til innbetaling av premie frå det tidspunktet den enkelte har kompensert for levealdersjusteringa

Vedtak 238, 11. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen utrede lovendringer for å redusere kravet til innbetaling av premie fra medlemmer i SPK, kommunale pensjonskasser og andre offentlige brutto tjenestepensjonsordninger fra det tidspunktet den enkelte har kompensert for levealdersjusteringen.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:141 L (2019–2020), Innst. 71 L (2020–2021).

Arbeids- og inkluderingsdepartementet fremma 15. desember 2023 Prop. 37 L (2023–2024) Endringer i lov om Statens pensjonskasse og enkelte andre lover (styrket insentiv til å jobbe lenger). Lovforslaget inneber ei justering i regelverket for levealdersjustering av alderspensjon (brutto tenestepensjon) som blir samordna med ny folketrygd for personar fødd i åra frå 1954 til og med 1962. Endringane vil styrke insentiva til utsett avgang frå arbeidslivet for personar fødd i desse årskulla. Stortinget vedtok lovendringa 21. mars 2024, sjå Lovvedtak 52 (2023–2024). Lovendringa tredde i kraft 12. april 2024.

I Prop. 37 L (2023–2024) gjer departementet ei vurdering av kravet til innbetaling av premie frå det tidspunktet den enkelte har kompensert for levealdersjusteringa. Innbetalt medlemspremie til offentleg tenestepensjonsordning dekkjer langt meir enn det som bidreg til høgare alderspensjon, bl.a. dekning for uførleik og etterlattedekning. Vidare er det i dag inga differensiering av medlemspremien etter kor stor del av inntekta som bidrar til auka tenestepensjon. Tenestepensjonen gir eit mykje høgare bidrag i årleg opptening for høge inntekter enn for låge inntekter. Det er også mange som har full opptening i bruttoordninga lenge før fylte 67 år. For dei som har full opptening, får ein ingen pensjonsmessig utteljing av å utsette uttaket av pensjon etter fylte 62 år. Endeleg vil dei som ikkje har full opptening likevel ha pensjonsmessig utteljing også etter at dei har kompensert for levealdersjusteringa. Å knyte kravet til premiebetaling til om det er kompensert for levealdersjusteringa eller ikkje, vil altså vere svært lite målretta dersom formålet er at det ikkje skal betalast medlemspremie for tenestetid som ikkje bidreg til auka alderspensjon. Det vil også gjere regelverket meir komplisert. Vurderinga til departementet i Prop. 37 L (2023–2024) var derfor at regelverket for innbetaling av premie ikkje bør endrast. Stortinget slutta seg til vurderingane, sjå Innst. 232 L (2023–2024). Med det ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Styrke arbeidslinja for offentleg tilsette født i årene 1944–1962

Vedtak 239, 11. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med vurderinger av hvordan en ytterligere kan styrke arbeidslinjen for offentlig ansatte født i årene 1944–1962.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:141 L (2019–-2020), Innst. 71 L (2020–2021).

Arbeids- og inkluderingsdepartementet fremma 15. desember 2023 Prop. 37 L (2023–2024) Endringer i lov om Statens pensjonskasse og enkelte andre lover (styrket insentiv til å jobbe lenger). Lovforslaget inneber ei justering i regelverket for levealdersjustering av alderspensjon (brutto tenestepensjon) som blir samordna med ny folketrygd for personar fødd i åra frå 1954 til og med 1962. Endringane vil styrke insentiva til utsett avgang frå arbeidslivet for personar fødd i desse årskulla. Stortinget vedtok lovendringa 21. mars 2024, sjå Lovvedtak 52 (2023–2024). Lovendringa tredde i kraft 12. april 2024. Med det ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Rapportering om barn etterlatne i utlandet

Vedtak 530, 18. januar 2021

«Stortinget ber regjeringen igangsette en utredning med mål om forsterket rapportering om hvor mange barn som er etterlatt i utlandet, og redegjøre for hvordan handlingsrommet for oppfølging kan forsterkes.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Dok. 8:132 S (2019–2020), Innst. 89 S (2020–2021).

Vedtaket er følgd opp gjennom tiltak 28 i handlingsplanen Frihet fra negativ sosial kontroll og æresrelatert vold (2021–2024) og gjennom to forskingsprosjekt om ufrivillige opphald i utlandet: «Barn og unge voksne ufrivillig etterlatt i utlandet» og «Kvinner og deres barn etterlatt i utlandet». Begge rapportane er utarbeidd av Institutt for samfunnsforskning (ISF, april 2024) på oppdrag frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Oppfølging av vedtaket er også omtalt i Prop. 1 S (2023–2024). Under innsatsområde 4 Forebygge frivillige utenlandsopphold i handlingsplanen er det omtalt korleis regjeringa vil styrke innsatsen mot ufrivillige opphald i utlandet. Det står også omtalt under tiltak 26 Heve kompetansen i barnevernstjenestene om ufrivillige utenlandsopphold og 27 Styrke informasjon om rettigheter, hjelpetilbud og handlingsalternativer ved ufrivillige utenlandsopphold.

Med det ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Pensjonsutvalets vurderingar

Vedtak 615, 16. februar 2021

«Stortinget ber regjeringen om å orientere Stortinget på egnet måte om Pensjonsutvalgets vurderinger når det gjelder minstenivåer, samt hvordan Pensjonsutvalgets innstilling vil bli fulgt opp.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:53 S (2020–2021), Innst. 221 S (2020–2021).

Vedtaket er følgt opp gjennom Meld. St. 6 (2023–2024) Et forbedret pensjonssystem med styrket sosial profil som blei lagd fram for Stortinget 15. desember 2023.

Med det ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Studentar i utlandet kan ha deltidsjobb utan å miste medlemskap i folketrygda

Vedtak 686, 25. februar 2021

«Stortinget ber regjeringen utrede og komme tilbake til Stortinget med nødvendige forslag slik at norske studenter i utlandet kan ha deltidsjobb ved siden av studiene uten å miste sitt medlemskap i folketrygden.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Meld. St. 7 (2020–2021), Innst. 247 S (2020–2021).

Frivillig medlemskap i folketrygda for studentar har tidlegare blitt praktisert slik at studiane må vere hovudaktiviteten til studenten under utanlandsopphaldet, og at studenten normalt må studera på heiltid. Studentar som arbeider ved sidan av studiane, har blitt vurdert som arbeidstakarar og ikkje som studentar. Frå juni 2024 er praksisen endra. Dette inneber at det ikkje lenger gjeld noko krav om studiebelastning eller progresjon for å vere omfatta av folketrygdlova, og at deltidsarbeid ikkje lenger automatisk skal medføra at personen ikkje skal reknast som student. Sjå nærmare omtale av oppfølginga av oppmodingsvedtaket under del II, punkt 6.7.4. Departementet legg til grunn at oppmodingsvedtaket er følgt opp.

Forenkling av yrkesskadereglene

Vedtak 911, 11. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen i samråd med partene i arbeidslivet legge frem et forslag til nødvendig forenkling av yrkesskadereglene som er i tråd med utviklingen i samfunnet og arbeidslivet, og som sikrer den enkelte arbeidstaker. Stortinget ber også regjeringen gjennomgå og om nødvendig oppdatere yrkessykdomslisten.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:150 S (2020–2021), Innst. 382 S (2020–2021).

Regjeringa har i Hurdalsplattforma signalisert at ho vil forbetra reglane om yrkesskade og yrkesskadeforsikring. I samanheng med dette blei det 15. mai 2023 halde eit innspelsmøte der partane i arbeidslivet og interesseorganisasjonar gav sitt syn på korleis yrkesskadeordninga fungerer og kom med forslag til forbetringar. Vidare blei det 21. juni 2024 sendt på høyring eit forslag til ei ny og modernisert yrkessjukdomsliste, med høyringsfrist 31. oktober 2024. Det blir også foreslått eit opplegg for jamleg revisjon av lista. I tillegg blir høyringsinstansane bedne vurdera behovet for ein sikringsventil for sjukdommar som ikkje er tekne opp på lista. Arbeidet er forventa sluttført våren 2025.

NAV-ombod

Vedtak 930, 18. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen om snarest mulig å opprette et eget, selvstendig Nav-ombud og avklare en mulig samlokalisering med et av de andre ombudene for å dra nytte av felles faglige og administrative ressurser.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 21 (2020–2021), kapittel 8, Innst. 408 S (2020–2021).

Spørsmålet om innføring av eit NAV-ombod for arbeids- og velferdsforvaltninga bør sjåast i ein brei ressursmessig, forvaltningsmessig og rettstryggingsmessig samanheng. I oppfølginga av NOU 2023: 11 Raskt og riktig er det igangsett eit breitt utviklingsarbeid for å betre kvaliteten i saksbehandlinga. Strategien til Regjeringa er å styrke rettstryggleiken til brukarane gjennom den foreslåtte budsjettmessige styrkinga av Arbeids- og velferdsetaten og utviklingsarbeidet som er sett i gang etter Raskt og riktig. Rettstryggleiken til brukarane blir best vareteken gjennom dei etablerte kanalane og ordningane, som rettleiing frå tilsette i arbeids- og velferdsforvaltninga, NAV Serviceklager, klage- og ankebehandlinga i Arbeids- og velferdsetaten og Trygderetten, Helsetilsynets tilsynsmyndigheit for dei sosiale tenestene i arbeids- og velferdsforvaltninga og Sivilombodet si rolle som ombod på velferdsområdet.

Sjå nærmare omtale av NOU-en i del II, programkategori 09.10 Administrasjon av arbeids- og velferdspolitikken.

Med dette ser departementet oppfølginga av oppmodingsvedtaket som avslutta.

Endringar i arbeidsmiljølova, tilfeldig uttrekk av meddommarar frå kvar av dei særskilt arbeidslivskyndige utvala

Vedtak 1149, 8. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen utrede mulige endringer i arbeidsmiljøloven der dagens ordning med utnevning av særskilt arbeidslivskyndige meddommere i den enkelte sak etter forslag fra partene, erstattes med et tilfeldig uttrekk av meddommere fra hvert av de særskilt arbeidslivskyndige utvalgene.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:228 L (2020–2021), Innst. 586 L (2020–2021).

I oppfølginga av vedtaket har departementet innhenta innspel om korleis meddommarordninga i arbeidsmiljølova fungerer frå hovudorganisasjonane i arbeidslivet, enkelte andre organisasjonar i arbeidslivet, Advokatforeininga, Regjeringsadvokaten, og frå Domstoladministrasjonen som igjen har innhenta synspunkt frå eit utval domstolar. Innspela peikar på at ordninga stort sett fungerer godt, og dekker eit reelt behov for ekspertise i denne type saker. Vidare peikar dei på at habilitetsreglane som gjeld for dommarar, sørger for at den enkelte meddommar ikkje har bindingar til nokon av partane i saka. Samla sett ser det ikkje ut til at spørsmål om inhabilitet hos meddommarar er noko stort problem i praksis, slik dagens reglar er. Departementet finn det derfor ikkje formålstenleg å foreslå endringar i gjeldande reglar.

Med dette ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Avkorting i uføretrygd for fosterforeldre

Vedtak 1200, 10. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen snarest fremme forslag om at uføre fosterforeldre ikke får avkortning i sin uføretrygd som følge av fosterhjemsoppdraget.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 133 L (2020–2021), Innst. 625 L (2020–2021), Lovvedtak 173-174 (2020–2021).

Fosterheimsutvalet (NOU 2018: 18) anbefalte å gjere den skattepliktige delen av fosterheimsgodtgjeringa om til ein skattefri og ikkje pensjonsgivande stønad. Med ei slik løysing ville godtgjeringa ikkje gitt avkorting i trygdeytingar. I Prop. 1 S for 2024 varsla regjeringa at ho ville komme tilbake til Stortinget etter å ha tatt stilling til korleis godtgjeringa bør bli utforma. Regjeringa la våren 2024 fram ei melding om fosterheimsomsorga (Meld. 29 (2023–2024)), og Barne- og familiedepartementet har hatt eit forslag om lovregulering av økonomiske rammevilkår for fosterforeldre på høyring. Det nemnde forslaget frå Fosterheimsutvalet om godtgjeringa er ikkje følgt opp. Regjeringa vil arbeide vidare med saka i lys av dette og komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Evaluering av brillestøtteordninga

Vedtak 1342, 18. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen om å foreta en evalueringen av brillestøtteordningen for å se om endringene som ble foretatt, har hatt utilsiktede konsekvenser. Evalueringen skal også se på om de forskjellige støtteordningene er godt nok kjent for de som er i målgruppen. Evalueringen skal også se på om støtteordningene er riktig innrettet sånn at de som faktisk har behov, reelt sett får det.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Meld. St. 2 (2020–2021), Innst. 600 S (2020–2021).

På oppdrag frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet har Oslo Economics gjennomført ei kartlegging og evaluering av ordningane med brillestøtte til barn. Evalueringa inkluderer den nye ordninga med briller til barn som blei innført i august 2022. Sjå nærmare omtale i del II, punkt 6.8.4 Hjelpemiddel. Med dette ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.

2.5 Stortingssesjon 2019–2020

Juridisk og økonomisk medansvar for transportkjøparar/transporttingarar

Vedtak 626, 28. mai 2020

«Stortinget ber regjeringen utrede innføring av et objektivt juridisk og økonomisk medansvar for transportkjøpere/transportbestillere og komme tilbake til Stortinget på egnet måte. Det objektive ansvaret må inkludere medansvaret for at lønns- og arbeidsvilkårene i sektoren er oppfylt. Utredningen må videre inneholde en vurdering av behovet for et register med virksomheter som oppfyller kravene til å drive med transporttjenester etter modell av for eksempel Renholdsregisteret. Utredningen må også vurdere en avgrensning av oppdragsgivere som skal omfattes av medansvaret.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 60 L (2019–2020), Innst. 293 L (2019–2020), Lovvedtak 105 (2019–2020).

Regjeringa vil, som ledd i arbeidet med å styrke allmenngjeringsordninga, innhente ei evaluering av den solidaransvarordninga og sjå til-plikta for hovedleverandørar og profesjonelle bestillarar som allereie er nedfelle i allmenngjeringslovgivninga, og vil etter dette vurdere endringer i regelverket. Statens vegvesen og Arbeidstilsynet har, som ei oppfølging av regjeringa sin handlingsplan mot sosial dumping i transportsektoren, fått i oppdrag å klargjere det medansvaret for transportkjøparar mv. som i dag følger av forskrift om arbeidstid for sjåførar.

Det er etablert to registreringsordningar for gods- og persontransport på veg. Krav om løyve og registrering i løyveregister gjeld for store delar av gods- og persontransportnæringa i Noreg og andre EØS-land. Høyring av forslag om å innføre slike krav også for nasjonal transport med varebil med totalvekt mellom 2500 og 3500 kg blei avslutta 1. september. Vidare har Noreg, med verknad frå 3. november 2023, slutta seg til den felles registreringsordninga til EU for internasjonal gods- og persontransport som inneber utsending av sjåførar. Dette inneber at bl.a. kabotasjetransport skal meldast til Arbeidstilsynet på førehand. I tillegg vil forslag om innføring av HMS-kort for varebiltransport blir sendt på høyring i løpet av kort tid. Etter regjeringa sitt syn vil dette gi ytterlegare oversikt og effektivisering av tilsynsarbeidet i denne delen av sektoren.

Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eit seinare tidspunkt.

Rettshevdinga til å stanse køyretøy

Vedtak 627, 28. mai 2020

«Stortinget ber regjeringen utarbeide og legge frem for Stortinget forslag om at Statens Vegvesen skal gis håndhevingsrett til å stanse kjøretøyer etter vedtak fra Arbeidstilsynet.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 60 L (2019–2020), Innst. 293 L (2019–2020), Lovvedtak 105 (2019–2020).

Regjeringa varsla i oktober 2022 i handlingsplanen mot sosial dumping i transportsektoren at vi vil legge fram forslag om å gi Statens vegvesen myndigheit til å reagere mot køyring i strid med stansingsvedtak som Arbeidstilsynet har fastsett. Arbeids- og inkluderingsdepartementet og Samferdselsdepartementet har bedd Arbeidstilsynet og Statens vegvesen greie ut og utarbeide utkast til høyringsnotat med forslag til nødvendige regelverksendringar for å innføre ein heimel for Statens vegvesen til å hindre vidare køyring i strid med slike stansingsvedtak. Utgreiinga skal også skissere moglege løysingar til korleis ei slik ordning kan gjennomførast i praksis, på ein måte som tek vare på rettstryggleiken i transportføretaka og utan at ordninga blir unødvendig ressurskrevjande.

Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eit seinare tidspunkt.

2.6 Stortingssesjon 2017–2018

Særaldersgrenser for tilsette i staten

Vedtak nr. 42, 4. desember 2017

«Stortinget ber regjeringen vurdere, i samråd med partene i arbeidslivet, om dagens system med særaldersgrenser for ansatte i staten og statlige virksomheter bør endres, i tråd med utviklingen i samfunns- og yrkesliv.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Meld. St. 1 (2017–2018), Innst. 2 S (2017–2018).

Regjeringa og partane i offentleg sektor blei i juni 2022 einige om ein prosessavtale for det vidare arbeidet med særaldersgrensene for å følge opp pensjonsavtalens punkt om at regelverket for personar med særaldersgrenser som er født i 1963 eller seinare må tilpassas påslagsmodellen. Det følger av pensjonsavtalen frå 3. mars 2018 at arbeidet med særaldersgrensene har to ulike prosessar; først ein prosess om pensjonsreglar og deretter ein prosess om framtidige aldersgrenser. Partane i offentleg sektor blei 25. august 2023 einige om nye pensjonsreglar for personar som har særaldersgrenser som er fødd frå og med 1963. Dei nye reglane inneber at personar med særaldersgrenser får eit særalderspåslag til livsvarig pensjon som kommer på toppen av ordinær pensjon. Avtalen inneber vidare at tidlegpensjonsordninga avviklast frå og med 1965-kullet for dei som har aldersgrense 65 år, samt at moglegheita til å ta ut pensjon før aldersgrensa fasast ut for dei som har aldersgrense 60 og 63 år. Dei nye reglane inneber også at særaldersgrensene og utbetalingsperioden for tidlegpensjon blir flytta oppover i takt med auken av aldersgrensene i folketrygda. 28. juni sendte departementet på høyring forslag om nye pensjonsregler for personar med særaldersgrenser som følger opp avtalen frå august 2023.

Med ei einigheit om pensjonsreglane er partane innforstått med at det no blir sett i gang eit arbeid for å vurdere det framtidige omfanget av særaldersgrenser. Arbeidet har som siktemål at offentleg sektor i større grad får nyttiggjort den kompetansen personar som i dag har særaldersgrenser har. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna tidspunkt og på eigna måte med resultatet av dette arbeidet.

Overgangsordning for fosterforeldre

Vedtak nr. 321, 15. desember 2017

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget på egnet måte, med en ytterligere vurdering av Stortingets anmodningsvedtak 11. mai 2017. Stortinget fastslår at regjeringen i sitt forslag etablerer en overgangsordning for fosterforeldre som mottar dagpenger eller AAP. Stortinget merker seg videre at det ikke er gjennomførbart å utvide ordningen ytterligere innen 1. januar 2018, også fordi det ikke er utredet hvordan ytterligere regelverksendringer knyttet til inntektsbegrepet og dets betydning for avkortning kan utformes.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 1 S (2017–2018), Innst. 15 S (2017–2018).

Regjeringa viser til at frå 1. januar 2018 skal arbeidsavklaringspengar og dagpengar ikkje bli avkorta ved oppdrag som fosterforeldre. Innstillinga frå Fosterheimsutvalet (NOU 2018: 18) blei avgitt 18. desember 2018. Utvalet anbefalte å gjere den skattepliktige delen av fosterheimsgodtgjeringa om til ein skattefri og ikkje pensjonsgjevande stønad. Med ei slik løysing ville godtgjeringa ikkje gitt avkorting i trygdeytingar. Regjeringa la våren 2024 fram ei melding om fosterheimsomsorga (Meld. 29 (2023–2024)), og Barne- og familiedepartementet har hatt eit forslag om lovregulering av økonomiske rammevilkår for fosterforeldre på høyring. Det nemnde forslaget frå Fosterheimsutvalet om godtgjeringa er ikkje følgt opp. Regjeringa vil arbeide vidare med saka i lys av dette og komme tilbake til Stortinget på eigna måte. Sjå også omtale av vedtak 1200, 10. juni 2021.

Til forsiden