NOU 1996: 7

Museum Mangfald, minne, møtestad

Til innholdsfortegnelse

12 Samordning og samarbeid

12.1 Innleiing

Gjennom heile utgreiinga går det ein bodskap som peikar på behovet for samordning og samarbeid mellom ulike forvaltningsnivå, mellom forvaltningsnivå og institusjonar og mellom institusjonar. Dette er naudsynleg for å kunna nytta ut det store potensialet i det desentraliserte mangfaldet som musea i Noreg utgjer.

Mangfaldet og etableringsviljen kan sjåast som uttrykk for ei folkeleg forankra interesse for museum som institusjonstype og ei entusiastisk overtyding om at museum er eit positivt innslag i samfunnslivet. Dette er ein kvalitet som det gjeld å ta vare på. Samordning og stimulering til samarbeid vil vera vesentlege innslag i utforming av rammevilkår som gjer det mogeleg å få utteljing for nyskaping, pågangsmot og lokalt initiativ og engasjement.

Både det store talet på små einingar og ei sterk etableringslyst på museumsfeltet dei seinare åra er samstundes uttrykk for ei førestelling om kontinuerleg vekst i dei økonomiske ressursane, i første rekkje auka tilskot frå det offentlege. Skildringar av økonomiske scenario i det offentlege støttar ikkje framtidsutsikter om stendig meir ressursar til museum. Uavhengig av evt. auke i offentlege tilskot til museumsdrift, vil alle partar tena på ei sterkare samordning av arbeidet mellom musea dersom dei samla sett skal kunna bli betre samfunnsinstitusjonar. På institusjonsnivå vil det i større grad vera naturleg å sjå på andre institusjonar som alliansepartnerar og ikkje som konkurrentar. Godt tilrettelagd samordning vil også gje ei forståing for at det å vera sjølvstendig på alle felt, ikkje alltid gjev det beste resultatet, korkje for einskildmuseet eller for det samfunnet som skal nyta godt av museumsinnsatsen.

På meir overordna forvaltningsnivå må samordning og samarbeid vera to av dei viktigaste byggjesteinane i alt planarbeid. I den samanhengen vil Museumsutvalet framheva det viktige i bruk av ansvarsmuseum i ein generell samordningsmodell, som i prinsippet kan nyttast både på nasjonalt og fylkeskommunalt nivå.

12.2 Ansvarsmuseum i ein samordningsmodell

Hovudtyngda i det desentraliserte mangfaldet utgjer i første rekkje kontaktpunkt for formidlingsarbeid, som oftast utstillingar i ei eller anna form. Svært mange av dei små einingane har aldri hatt andre ambisjonar enn å kunna vera ein stad der eit publikum skal kunna møta utvalde delar av ein materiell kultur- eller naturarv.

Styrken i den desentraliserte strukturen ligg i at musea utgjer mange kontaktpunkt for formidlingstiltak, det er kort veg til eit samansett publikum. Ein kan ta ein positiv konsekvens av dette tilhøvet ved å leggja til rette for at fleirtalet av museumseiningane primært skal vera formidlingsstader også i framtida. I eit samordningsperspektiv betyr dette at formidlingsfunksjonen skal vidareutviklast ved alle einingane. Dei andre funksjonane, innsamling, forsking og bevaringsarbeid, skal koordinerast ved eit mindretal av institusjonane, ansvarsmusea. Dei skal ha samordningsansvaret for innsamlings-, forskings- og bevaringsoppgåvene for dei institusjonane som primært er utstillings- og formidlingsstader. Ansvarsmusea er statlege, med oppgåver på nasjonalt plan, og fylkeskommunale, med regionale oppgåver som er definerte av fylkeskommunane i samarbeid med dei aktuelle institusjonane (jf. avsnitt 10.2.2.1.).

Samling av somme museumsfunksjonar i færre institusjonar vil vera endå meir meiningsfullt etter kvart som ein tek i bruk informasjonsteknologiske hjelpemiddel. Då kan dei mindre institusjonane ha tilgang til og nytte av naudsynleg informasjon i ansvarsmusea. Offensiv bruk av informasjonsteknologi kan bli eit viktig hjelpemiddel i arbeidet med å gjera den desentraliserte norske museumsstrukturen endå meir verknadsfull og fornuftig (jf. avsnitt 7.2.5.).

Dei fylkeskommunane som alt har etablert ei ordning med ansvarsmuseum og/eller fellestenester, arbeider etter ein slik samordningsmodell. Men berre eit fåtal har sett arbeidsdelinga heilt i system i den forstand at dei større musea får samordnande ansvar for dei mindre samlingane. Ofte er det tale om ein rådgjevingsfunksjon utan at den alltid er definert på ein fullgod måte.

I ein fylkeskommune kan samordningsmodellen konkretiserast på følgjande måte:

  • Ansvarsmusea får ansvar for dei grunnleggjande museumsfunksjonane og blir også tilførte ressursar som set dei i stand til å utføra oppgåvene innanfor det geografiske og/eller tematiske området dei har ansvaret for. I tillegg har evt. fellestenester nokre av dei same funksjonane. Styrking av desse funksjonane blir lagt til ansvarsmusea og/eller fellestenestene.

  • Eit hovudpunkt i opplegget er at ingen institusjon skal vera nøydd til å arbeida åleine på noko felt. Samarbeid med eller tenester frå andre institusjonar skal vera hovudregelen.

  • Dei mindre institusjonane er stader der ein lagar og viser utstillingar eller arbeider med andre formidlingstiltak. Oppgåver som er relaterte til innsamling, dokumentasjon, forsking og bevaringsarbeid, blir samordna med ansvarsmusea. Konkret innsamling kan utførast av dei mindre musea i samarbeid med ansvarsmusea.

  • Oppgåvene til ansvarsmusea skal vera nedfelte i avtaler mellom institusjonane og fylkeskommunen (jf. avsnitt 10.9.1..).

  • Det må vera opp til kvar fylkeskommune å bruka samordningsmodellen slik han høver i det aktuelle landskapet som har vakse fram. Fylkeskommunane skal i samarbeid med dei aktuelle musea bestemma kva tematisk og/eller metodisk ansvar musea skal ha. Det må også vera opp til fylkeskommunen å etablera samarbeidsråd o.l. som styrkjer samarbeid og samordning mellom institusjonane. Samordning på tvers av fylkesgrenser kan også vera aktuelt.

Bruk av fylkeskommunale ansvarsmuseum i ein samordningsmodell kan skje på ulike måtar. Ei løysing kan vera å ha eitt ansvarsmuseum som har samordnande ansvar for andre museum i fylket. Akershus er døme på ei slik løysing. I andre fylke kan det vera naturleg å la region- eller distriktsmusea utgjera ansvarsmusea. Dei har i sin tur samordningsansvar for andre, mindre institusjonar, samstundes som dei har tematisk og/eller metodisk ansvar som gjer at dei utfyller kvarandre. Finnmark og Rogaland er døme på ei slik løysing. Ein slik bruk av samordningsmodellen kan også ha eit opplegg for fellestenester for å utfylla kompetansen som er på ansvarsmusea. Eit sentralt punkt vil vera bruk av avtaler mellom ansvarsmuseum og fylkeskommunen, og som er knytte til langtidsplanar for institusjonane.

På nasjonalt nivå vil dei statlege ansvarsmusea ha oppgåver og/eller utvikla spisskompetanse som skal vera ein ressurs i eit nasjonalt perspektiv. Ein viktig funksjon vil vera rådgjeving for andre museum (jf. avsnitt 10.2.2.1.).

Med utgangspunkt i museumsstatistikken for 1994 kan det gjerast eit reknedøme. Ved ca. 300 einingar vart det utført mindre enn tre årsverk. Fleirtalet av desse musea vil vera aktuelle primært som formidlingseiningar i framtida. Det vil ikkje bety dei store endringane i kvardagen, anna enn at dei aktuelle institusjonane skal vera sikra eit nettverk som skal kunna gje dei hjelp.

Sjølv med ei ordning som inneber at samordningsansvaret for mange museumseiningar blir lagt til dei større musea, vil Noreg ha ein svært desentralisert struktur for dei musea som skal ha eit slikt ansvar. Med utgangspunkt i tala for 1994 og eit nivå på 8 årsverk pr. institusjon pr. år, vil det kunna vera tale om ei gruppe på 110 museum. Ser ein på same årsverksnivå knytt til faste stillingar, er det aktuelle talet ca. 60 institusjonar.

Denne modellen tek eigenleg utgangspunkt i røyndomen i museumsverda. Det er tale om å definera arbeidsoppgåver ved institusjonane i samsvar med den faktiske ressurssituasjonen. Både med noverande ressurssituasjon og med ein viss auke dei næraste åra vil det vera best å satsa målmedvite på nokre einingar når det gjeld dei grunnleggjande museumsfunksjonane, og så la det store fleirtalet av museumseiningar vidareutvikla seg som viktige lokale formidlingsinstitusjonar og møtestader.

12.3 Museum, bibliotek og arkiv

I St.meld. nr. 61 (1991-92) Kultur i tiden vart det teke til orde for å sjå på nærare samarbeid og samordning mellom museum, arkiv og bibliotek. Dei tre sektorane har eit felles utgangspunkt i det at dei alle arbeider med innsamling, ordning, bevaring og formidling av kunnskapsmateriale. Fellestrekka vart samanfatta på følgjande måte i kulturmeldinga:

  • Alle sektorane forvaltar samlingar som er kjelde- og informasjonsmateriale for historisk kunnskap. Det er også overlappande samlingstypar mellom sektorane, t.d. fotografisk materiale og privatarkiv.

  • Innanfor alle sektorane blir det arbeidt systematisk med dokumentasjon. Det inneber at det må utviklast medvitne haldningar til det å velja ut materiale som skal gå inn i samlingane. Også sikring av kjelde- og informasjonsmaterialet står sentralt.

  • Informasjonsbehandling er viktig for alle sektorane. Ei rekkje problemstillingar med tilknyting til bruk av informasjonsteknologi er felles. Datastandard og informasjonsarkitektur er viktige stikkord her. Fellesinteressene strekkjer seg frå konvensjonell mikrofilming, via ordinære databasar og informasjonsnettverk til digitalisering av foto, lyd og levande bilete.

  • Bindingane til utdannings- og forskingssektoren er sterke for alle tre sektorane. Universitet og høgskular er den viktigaste brukargruppa for det statlege arkivverket, nasjonale bibliotekinstitusjonar og andre fag- og forskingsbibliotek. Formidlingsaktiviteten ved store og små museum over heile landet er retta mot skuleverket.

  • Formidlingsarbeidet byggjer i stor grad på ein tradisjonell folkeopplysningsideologi. Særleg gjeld dette musea og folkebiblioteka. Sidan alle tre sektorane har kunnskaps- og informasjonsformidling som arbeidsfelt, har dei også eit kontinuerleg behov for å evaluera kva formidlingsformer og -metodar som dei er best tente med.

Førebels har det ikkje vore sett i gang samordnande tiltak anna enn som einskildprosjekt. Ovanfor ( avsnitt 7.2.5.) er det gjort greie for korleis ein samordna innsats frå sentrale aktørar i alle tre sektorane gjorde det mogeleg å utvikla biletdataprogrammet BAUTA for fotografisk materiale. Informasjonsteknologifeltet inneheld så mange felles kontaktpunkt at Kulturdepartementet har sett i gang arbeid med ein strategisk plan for bruk av informasjonsteknologi i dei sektorane som departementet har ansvaret for.

Noko av det viktigaste i tida som kjem, er å sikra at både museum, bibliotek og arkiv får skikkeleg tilknyting til dei offentlege informasjonsnettverka, slik at dei kan spela den rolla dei bør i informasjons- og kunnskapssamfunnet. I eit perspektiv der livslang læring er eit mål, er det viktig å bruka museum, bibliotek og arkiv som medspelarar og supplement til utdanningssektoren.

Ovanfor ( avsnitt 10.8.) blir det gjort framlegg om å setja i gang arbeid med ei museumslov. Eitt av poenga er at museum på den måten blir meir lik arkivsektoren og den delen av biblioteksektoren som er omfatta av eit lovverk. Med realisering av ei slik lov kan det i ein seinare revisjon vurderast ei tilnærming av lovverket for dei tre samfunnssektorane.

12.3.1 Tilråding

Konkrete samarbeidsprosjekt er det beste utgangspunktet for vidareutvikling av samordningstiltak for museums-, bibliotek- og arkivsektoren. Med utgangspunkt i slike prosjekt vil Museumsutvalet tilrå at Kulturdepartementet oppnemner ei samordningsgruppe med representantar frå Riksarkivet, Nasjonalbiblioteket og Norsk museumsutvikling. Dei bør gjera ei systematisk kartlegging av dei arbeidsfelta i dei tre sektorane der ein med samordningstiltak på sentralt nivå kan oppnå betre tenester for samfunnet med meir rasjonell ressursbruk. Bruk av informasjonsteknologi er allereie nemnt. Utviklingsarbeid som går på bevaringstiltak for privatarkiv og fotografisk materiale er eit anna felt. Utvikling av felles strategi som gjeld tenester overfor publikum, vil vera eit tredje felt der det bør vurderast samordningstiltak.

12.4 Museumsorganisasjonar

I mange år har museumsorganisasjonane stått sentralt når det gjeld arbeidsoppgåver som har felles interesse for musea. Norske Museers Landsforbund vart skipa i 1918 som organisasjon for dei kunst- og kulturhistoriske musea. I 1938 danna dei naturhistoriske musea sin eigen organisasjon, Norske Naturhistoriske Museers Landsforbund (NNML). Ei tid seinare skifta det første «Landsforbundet» namn til Norske Kunst- og Kulturhistoriske Museer (NKKM).

NKKM er den største organisasjonen fordi det store fleirtalet av museum høyrer tematisk heime der. Både institusjonar og personar er medlemer, men den sistnemnde gruppa har ikkje røysterett i landsmøtesaker. I 1995 var 283 institusjonar og 157 personlege medlemer registrerte i NKKM. Drifta er basert på statstilskot, medlemskontingent og prosjektmidlar.

Som ein kort karakteristikk kan ein seia at i det desentraliserte mangfaldet har NKKM fungert som ein felles møtestad og eit referansepunkt for dei mange som arbeider med museumsoppgåver med kunst- og kulturhistorisk innhald. NKKM har vore ein viktig pådrivar for å løysa fellesoppgåver og for å fremja ein nasjonal museumspolitikk på sentrale område. Aktiviteten har i stor grad vore retta mot museumsfagleg arbeid, ofte organisert i eigne komitear. Det gjeld utgreiingsarbeid for departementet, dessutan sakkunnig rådgjeving for departement, m.a. i sikringsspørsmål. Styret i NKKM har i mange år fungert som konsulentorgan for Norsk kulturråd når det gjeld tilskot til museumsbygg og kulturvernprosjekt. NKKM har sjølv stått for gjennomføring av utviklings- og forskingsprosjekt med ekstern finansiering frå forskingsråd og/eller Norsk kulturråd. Viktige utviklingsprosjekt har vore standardisering innanfor katalogisering og edb-arbeid, dessutan samtidsdokumentasjon.

På 1980-talet kom NKKM med ei innstilling om korleis musea i Noreg burde organiserast. NKKM gjekk der inn for eit desentralisert mønster i fylkeskommunane, og det synspunktet har i sterk grad prega mange av dei fylkeskommunale museumsplanane. NKKM har i mange år hatt rådgjevande reglar og prosedyrar for tilsetjing av vitskapleg personale ved musea utanfor universiteta. Organisasjonen har vore den viktigaste rådgjevaren for musea når det gjeld spørsmål som går på vedtekter og organisasjon. NKKM har dessutan ein omfattande kurs- og seminaraktivitet og spelar såleis ei viktig rolle for kompetanseutvikling ved musea. NKKM stod også bak innstillinga som var grunnlaget for skipinga av Norsk museumsutvikling.

NNML er den nest største museumsorganisasjonen med både personlege medlemer og institusjonsmedlemer. Den førstnemnde gruppa er størst, og det er berre personlege medlemer som har røysterett på årsmøta. I 1995 var det 35 institusjonar og 187 personlege medlemer i organisasjonen. NNML har sidan 1947 stått for ei viktig eittårs utdannings- og praksisordning for fire museumsaspirantstillingar i dei naturhistoriske universitetsmusea. Stillingane er fordelte mellom faga botanikk, zoologi, geologi og paleontologi. NNML har sidan 1946 delt ut reisestipend, og i dei seinare åra har organisasjonen skipa til ei rekkje kurs og seminar i tilknyting til årsmøta. NNML får driftsfinansiering gjennom statstilskot og medlemskontingent.

Norsk museumspedagogisk forening (NMF) er sidan 1976 ein interesseorganisasjon med ca. 200 personlege medlemer som arbeider med formidlingsarbeid i museum. Organisasjonen gjev ut tidsskriftet Pedimus. Også i NMF spelar seminar og kurs ei viktig rolle.

NKKM og NNML har nært samarbeid og står saman om å gje ut tidsskriftet Museumsnytt. Begge organisasjonane har i 1995 saman med NMF gjort prinsippvedtak om å forhandla om ei samanslåing til ein museumsorganisasjon. Denne saka skal avgjerast på årsmøta i dei tre organisasjonane i 1996. Dei tre organisasjonane har i dei seinare åra hatt samlokaliserte sekretariatsfunksjonar.

Den nasjonale komiteen av International Council of Museums (ICOM) organiserer arbeid som gjeld museumsspørsmål i internasjonal samanheng (jf. avsnitt 12.6.). Det store løftet dei seinaste åra var organiseringa av generalkonferansen i ICOM, som vart halden i Stavanger sommaren 1995. I 1994 omfatta medlemene 35 institusjonar og 242 personar. Norsk ICOM baserer driftsfinansieringa på tilskot frå staten og på medlemskontingent.

Nordisk konservatorforbund - den norske seksjon samlar dei som arbeider med teknisk konservering, og som har godkjend utdanning anten frå Noreg eller utlandet.

På same måten som tidlegare vil det vera ei sentral oppgåve for museumsorganisasjonane å vera initiativtakarar og pådrivarar i saker om gjeld museum og museumsarbeid i Noreg. Ikkje minst vil kontakt med dei sentrale styresmaktene vera viktig.

12.5 Museum og frivillige organisasjonar

Det er grunn til å understreka den store innsatsen frivillige har utført for verne- og museumstanken opp gjennom åra. Ein kan berre tenkja på innsatsen til Fortidsminneforeningen innanfor bygningsvernet og Norsk forening for fartøyvern og Forbundet Kysten innanfor fartøyvernet.

Ein stor del av musea har frivillige organisasjonar som opphav. Spesielt dei mange kulturhistoriske musea i distrikta har blitt starta av eldsjeler, som gjennom historielag, museumslag eller andre organisatoriske former har arbeidd fram museum. Etter kvart som arbeidsoppgåvene har blitt overtekne av tilsette på musea, har den frivillige innsatsen blitt mindre eller endra karakter.

På institusjonsnivå fungerer samarbeidet godt mellom museum og støtteforeiningar, husflidslag, handverksforeiningar, historielag, pensjonistforeiningar og andre lag som på eit eller anna vis er interesserte i det arbeidet som blir utført ved museum. Hovudinnsatsen vil alltid skje på lokalnivå, mellom einskildmuseum og dei aktuelle organisasjonane. I 1994 vart det rapportert 265 årsverk av frivillige, dvs. i underkant av 8% av dei totale årsverka ved musea. No er det grunn til å tru at det er underrapportering av frivillige årsverk ved mange institusjonar, rett og slett fordi slik arbeidsinnsats ikkje blir registrert like grundig som lønsarbeid.

I 1991 rapporterte 193 museum at dei hadde venneforeiningar o.l. med ein medlemsmasse på over 60 000. Nokre av institusjonane har venneforeiningar med fleire tusen medlemer. Bak dette talet ligg nok også medlemer i foreiningar som eig og driv museum (jf. avsnitt 9.2.). Innsatsen for musea kan variera frå driftsansvar for museet til økonomisk hjelp i samband med ekstraordinære tiltak. I tillegg vil det vera vekslande grad av arbeidsinnsats:

  • hjelp til ordning av samlingar i magasin

  • hjelp til identifisering av gjenstandsmateriale og eldre foto

  • hjelp til edb-registrering av samlingane

  • hjelp i samband med gjennomføring av aktivitetsdagar

  • ansvar for og hjelp i samband med vising av arbeidsprosessar

  • hjelp til rydding av museumsområdet.

Innsatsen frå frivillige er ein kvalitet ved museumsarbeid i Noreg som bør haldast i hevd. Når samarbeidet fungerer godt, er det eit klart uttrykk for at institusjonane har ein konstruktiv dialog med venne- og støtteforeiningar og andre frivillige organisasjonar. Somme museum har eit potensiale her som kan nyttast betre. Det krevst ein systematisk gjennomgang av dei arbeidsoppgåvene som den einskilde institusjonen kan få hjelp med. Ein må også få til organisatoriske løysingar som gjer arbeidet meiningsfullt både for dei som er hjelparar og for institusjonen.

12.6 Internasjonalt samarbeid

Storparten av det internasjonale samarbeidet skjer gjennom direkte kontakt mellom personar og institusjonar som arbeider med dei same tema. Spesielt skal nemnast det tette internasjonale samarbeidet som kunst- og kunstindustrimuseum har på utstillingsområdet. Kjenneteiknande elles er at samarbeidet i stor grad er personrelatert og mindre basert på samarbeid mellom institusjonar.

Når det gjeld nordisk samarbeid, har Skandinavisk museumsforbund eksistert sidan 1915, og organisasjonen har møte kvart tredje år. Dei gjev ut publikasjonen Nordens Museer. Museumsorganisasjonane i dei nordiske landa har starta med årlege samrådingsmøte for å drøfta felles oppgåver og samarbeidstiltak.

Med verknad frå 1993 har Nordisk Ministerråd som eit treårs prøveprosjekt skipa ei ekspertgruppe for nordisk samarbeid på museumsområdet. Gruppa tek dels eigne initiativ til prosjekt, dels fungerer gruppa som fråsegnspart når det gjeld søknader til Nordisk kulturfond. Ekspertgruppa skal elles etablera eit informasjonsnettverk og arbeida for å gjera musea meir synlege i nordisk kultursamarbeid.

Med 50 års historie er ICOM den samlande internasjonale museumsorganisasjonen og har hovudsete i Paris, samlokalisert med UNESCO-systemet. Medlemskapen er i hovudsak knytt til personlege medlemer, men det har vore ein aukande tendens til at institusjonar går inn i ICOM.

Sekretariatet i Paris er lite og har retta innsatsen mot det reint administrative arbeidet i organisasjonen. Det praktiske museumsarbeidet skjer dels i nasjonale ICOM-organisasjonar (102 i 1995) og i internasjonale fagkomitear. For tida er det 25 slike fagkomitear (sjå boks 12.1). I tillegg finst det eit tital tematiske, internasjonale museumsorganisasjonar som har eit samarbeidsforhold til ICOM. Arbeidet i fagkomiteane er

Boks 12.1 Boks 12.1 Internasjonale fagkomitear i ICOM

  • Applied Art (ICAA)

  • Literary Museum (ICLM)

  • Archaeology & History (ICMAH)

  • Management (INTERCOM)Architecture & Museum Techniques (ICAMT)

  • Marketing & Public Relations (MPR)Audio-visual & New Technologies (AVICOM)

  • Modern Art (CIMAM)Conservation (ICOM-CC)

  • Museology (ICOFOM)Costume

  • Musical Instruments (CIMCIM)Documentation (CIDOC)

  • Natural History (NATHIST)Education & Cultural Action (CECA)

  • Numismatics (ICOMON)Egyptology (CIPEG)

  • Regional Museums (ICR)Ethnography (ICME)

  • Science & Technology (CIMUSET)Exhibition Exchange (ICEE)

  • Security (ICMS)Fine Art (ICFA)

  • Training of Personnel (ICTOP)Glass

knytt til spesielle prosjekt med rapportering på dei årlege møta. ICOMs generalkonferanse blir halden kvart tredje år, seinaste gongen i 1995 i Stavanger.

ICOM har hatt stor innverknad på etablering av grunnleggjande, museumsfaglege standardar. ICOMs museumsdefinisjon er akseptert og i bruk i dei fleste landa. Eit anna viktig bidrag frå ICOM er dei yrkesetiske reglane for museumsfolk. Når det gjeld kamp mot kriminalitet som tjuveri av kunstverk eller andre verdifulle museumsgjenstandar og ulovleg kjøp og sal av gjenstandsmateriale, har også ICOM spela ei viktig rolle, ikkje minst gjennom samarbeid med INTERPOL.

Perspektivet dei seinaste åra har elles vore retta mot oppbygging av museum i land i Asia, Afrika og Latin-Amerika. Dette heng klart saman med den symbol- og samlingsfunksjonen museum kan ha når nasjonar skal markera nyvunne sjølvstende eller på annan måte skal styrkja internt samhald.

Det har vore ein klart aukande tendens det siste tiåret at norske museumsfolk er aktive innanfor ICOM. Komiteen for naturhistoriske museum har norsk leiar (1996). Andre komitear har tidlegare hatt norske leiarar. ICOMs generalkonferanse i Stavanger 1995 har representert ein oppsving i det norske engasjementet i internasjonalt museumsarbeid.

For å styrkja denne tendensen har NMU i 1996 saman med museumsorganisasjonane sett i gang eit utviklingsprosjekt for å identifisera dei felta der norsk museumskompetanse kan vera eit tilskot til det internasjonale arbeidet, og for å kartleggja korleis norske museum kan læra frå utviklingstrekk og tendensar i leiande, internasjonale museumsmiljø. Prosjektet skal resultera i ein handlingsplan for eit samordna, norsk engasjement innanfor internasjonalt museumsarbeid. Dette representerer noko nytt, fordi tidlegare har ein ikkje på sentralt nivå engasjert seg i det internasjonale arbeidet. Det har vore overlate til den norske ICOM-organisasjonen, einskildinstitusjonar og -personar.

I Sverige har ein kunna observera ein litt annan tendens ved at ein på statleg hald gjennom den svenske bistandshjelpa har satsa på utvikling av museumsprosjekt. Den nasjonale svenske ICOM-komiteen har sett i gang eit prosjekt (The Swedish-African Museum Project, SAMP) der 14 svenske museum har eit direkte samarbeid med museum i ein del afrikanske land. Norsk bistandshjelp har vore inne i museumsprosjekt i Botswana og Zambia, men elles er slike tiltak sjeldne innslag i norsk bistandsarbeid (jf. avsnitt 10.5.2.).

Riksantikvaren og NORAD har starta eit nærare samarbeid som gjeld integrering av restaureringsarbeid og kulturminneforvaltning i bistandsarbeid. Tilsvarande samarbeid har kome i gang mellom NORAD og Direktoratet for naturforvaltning (DN). På begge felta burde det liggja til rette for å kopla inn delar av norsk museumsmiljø i konkrete prosjekt i framtida. Når slike prosjekt blir sette i gang, må siktemålet vera å skapa levedyktige museumsmiljø i dei landa som får hjelp.

Innanfor Europa er Network of European Museum Organizations (NEMO) ein av dei viktigaste organisasjonane på museumsfeltet. Organisasjonen er berre open for museumsorganisasjonar i EU-land, men EØS-medlemer har observatørstatus. NEMO er ein ny organisasjon med klare ambisjonar om å vera ein viktig aktør når EU-midlar på museumsfeltet skal delast ut til utviklings- og samarbeidsprosjekt.

I den europeiske regionpolitikken vil det i framtida truleg liggja store museumspolitiske og -faglege utfordringar som både vil stilla nye krav til og opna sjansane for internasjonalt samarbeid. Noreg er integrert i eitt slikt regiontiltak, nemleg Barentsregionen. Norske museum er dessutan med i samarbeid som gjeld Baltikumregionen (jf. prosjektet «Ars Baltica»). Innanfor Norden har det alt lenge eksistert institusjonalisert regionalt samarbeid, som t.d. prosjektet Nordkalottmuseet, med hovudvekt på utstillingssamarbeid mellom dei større musea på Nordkalotten. Også for dei samiske musea er det naturleg med regionalt samarbeid på tvers av nasjonalstatsgrensene.

Når det gjeld kulturminneforvaltninga, har Riksantikvaren vore aktiv innanfor Europarådets arbeid i mange år.

Etableringa av eit nordisk World Heritage Office i Oslo frå 1. januar 1996 er også eit døme på auka norsk engasjement innanfor UNESCOs arbeid når det gjeld kultur- og naturarvens plass i det moderne samfunnet.

12.6.1 Tilråding

Museumsutvalet vil understreka kor viktig det er at norske museum og einskildpersonar er aktive innanfor internasjonalt museumsarbeid. Som alltid vil det konkrete arbeidet måtta gjennomførast av museumsmiljøa sjølve. Det viktigaste tiltaket ein kan gjera sentralt, er å leggja tilhøva til rette for at den norske innsatsen på feltet blir best mogeleg. Det vil vera naturleg at NMU tek på seg ei samordnande rolle i den statlege innsatsen.

Nokre konkrete tiltak kan realiserast relativt raskt:

  • kontakt med NORAD og Riksantikvaren/DN for å kartleggja mogelege bistandsprosjekt innanfor museumsetablering og miljøforvaltning i den tredje verda.

  • kontakt med Utanriksdepartementet for å drøfta mogeleg norsk innsats på museumsfeltet i samband med ekstraordinære hjelpeprogram.

  • stipend til norske museumsfolk for å delta på internasjonale etterutdanningskurs.

  • reisetilskot til norske museumsfolk som får leiarposisjonar i internasjonale fagkomitear.

  • ordning med utveksling av museumspersonale mellom institusjonar, evt. gjennom bilaterale og andre avtaler på kulturområdet.

  • ordning med tettare samarbeid mellom samiske museum på tvers av nasjonalstatgrensene.

12.7 Oppsummering

Med den desentraliserte strukturen som museum i Noreg har, vil samordnings- og samarbeidstiltak vera viktige reiskapar for å styrkja arbeidet. Samordning og stimulering til samarbeid vil vera vesentlege innslag i utforming av rammevilkår som gjer det mogeleg å få utteljing for nyskaping, pågangsmot og lokale initiativ. Det sentrale verkemiddelet som Museumsutvalet peikar på, er etablering av ansvarsmuseum som samordningsansvarlege både på nasjonalt og fylkeskommunalt nivå innanfor ei nettverksorganisering.

Det blir peika på at arkiv, bibliotek og museum har ein del felles som gjer det naturleg å få til ei systematisk kartlegging av dei arbeidsfelta i dei tre sektorane der ein med samordningstiltak på sentralt nivå kan oppnå betre tenester for samfunnet med meir rasjonell ressursbruk.

Museumsorganisasjonane er inne i ein viktig prosess med tanke på å samla kreftene i ein felles organisasjon. På same måten som tidlegare vil det vera ei sentral oppgåve for museumsorganisasjonane å vera initiativtakarar og pådrivarar i saker om gjeld museum og museumsarbeid i Noreg.

Mange museum har opphavet sitt i ein frivillig organisasjon. Fleire museum har venne- og støtteforeiningar som årleg hjelper til på ulikt vis for å styrkja arbeidet i institusjonane. Innsatsen frå frivillige er ein kvalitet ved museumsarbeid i Noreg som bør haldast i hevd. Når det fungerer godt, er det eit klart uttrykk for at institusjonane har ein konstruktiv dialog med venne- og støtteforeiningar og andre frivillige organisasjonar.

Når det gjeld norske museum i internasjonalt museumsarbeid, har NMU saman med museumsorganisasjonane sett i gang eit utviklingsprosjekt for å identifisera dei felta der norsk museumskompetanse kan vera eit tilskot til det internasjonale arbeidet, og for å kartleggja korleis norske museum kan læra frå utviklingstrekk og tendensar i leiande, internasjonale museumsmiljø. Prosjektet skal resultera i ein handlingsplan for eit samordna, norsk engasjement innanfor internasjonalt museumsarbeid.

Til forsiden